Johanna frå kjærleikens armé

TEATER

SLAGORD: Det er ikkje berre parolane som er insisterande i denne oppsetjinga. FOTO: ARILD MOEN

SLAGORD: Det er ikkje berre parolane som er insisterande i denne oppsetjinga. FOTO: ARILD MOEN

 «Den hellige Johanna fra slaktehusene»
Teatret Vårt
Av: Bertolt Brecht
Regi: Angelina Stojčevska
Komponist og musikalsk ansvarleg: Alf Lund Godbolt
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Heidi Ruud Ellingsen, Melina Tranulis, Vivi Sunde, Marte Mørland, Petter Winther Gåre og Bjørnar Lisether Teigen

Ei overspela og karikert modernisering som ikkje gir ny innsikt.

Då Bertolt Brecht skreiv «Den hellige Johanna fra slaktehusene» rundt 1930, var det som ein moderne parafrase over den franske fridomsheltinna Jeanne d’Arc. Staden er Chicago der eit mektig kartell har kontroll både over slaktehusa, tilgangen på kveg og arbeidaranes lønsvilkår, og dermed også tilgangen på mat. Pierpoint Mauler er den kyniske leiaren som ser menneska som råvarer på same vis som dyr og korn. Johanna Dark, leiar for «Svartkysene», ein slags frelsesarmé, er Maulers rake motseiing, ei djupt religiøs kvinne som set seg føre å betre tilhøva for dei 70 000 som er blitt arbeidslause, men som også har ei naiv tru på at det går å endre haldninga til Mauler. Som Jeanne d’Arc, blir Johanna ein martyr, og ein naiv og uskuldsrein Mor Theresa blant kyniske fabrikkeigarar og ein arbeidarklasse som heller ikkje er Guds beste barn. Og ho lukkast ikkje i forsettet sitt. Om temaet er dystert, er teksten likevel full av humor. Stykket blei framført som radioteater i 1931, men blei ikkje uroppført på ei scene før i 1959. Her heime er det ikkje spela på eit institusjonsteater på meir enn femti år.

Nå har Teatret Vårt i Molde funne at finanskriser og det stadig meir brutaliserte arbeidslivet gjer at tida er mogen for å setje det opp att, og har fått den nyutdanna regissøren Angelina Stojčevska til å bearbeide teksten og ha ansvaret for regi. Det er blitt ei rå og kraftig modernisering der «Svartkysene» er eit heavyrock-band, ikkje spesielt religiøse, men representantar for kjærleikens armé. Dette er kampen mellom dei grådige og dei gode, og Johanna har framleis klokkartru på at ho skal kunne vinne inn til Maulers hjarte og eventuelle moral. Stojčevska nyttar mange av regigrepa til Brecht ved stadige illusjonsbrot der skodespelarane vender seg til publikum og fortel kva som skal skje. Mye av humoren har ho også tatt vare på. Og ho har fått Alf Lund Godbolt til å skrive ny musikk.

I eit relativt nake scenerom med berre rigg for instrumenta, men der scenografien i staden blir skapt av Ingrid Skanke Høsøiens gode lyssetting, blir det spela i høgt tempo og med tilsvarande volum. Rollelista er skore ned til under halvparten, og med det er også det  verkelege bakteppet, arbeidarklassen, blitt staffasje og i hovudsak berre representert ved ei overspela og sterkt klisjéfylt rolle. Stojčevska har valt å konsentrere seg om forholdet mellom Johanna (Heidi Ruud Ellingsen) og Mauler (Marte Mørland). Men ved å gjere arbeidarane til kulisser, mistar oppsetjinga også truverd. Der Brecht gjennom spel og handling syner oss det politiske bakteppet, blir denne framsyninga i staden berre påståeleg og insisterande fylt av tome slagord og parolar. Det er også vanskeleg å få grep om kven Johanna eigentleg er. Som leiar for kjærleikens armé framstår ho i første akt nærast som ein representant for New age og vekkingsideologi der ho manar publikum til å kjenne krafta frå kjærleiken. Først i finalen får vi innblikk i det verkelege programmet hennar, forsterka med epilogen om at det ikkje held å vere god, – du må freiste å gjere verda god.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. februar 2016.)

 

Leave a Reply