Heile verda er ei scene

september 10th, 2012

TEATER

ELEGANSE: Alle seier at Jeppe drikk, men ikkje at det er med slik stil. FOTO: GT NERGAARD


Jeppe på Bjerget
Av Ludvig Holberg
Bearbeidd av: Øyvind Osmo Eriksen, Ingrid Weme Nielsen og Matilde Holdhus
Regi og koreografi: Øyvind Osmo Eriksen og Ida Wigdel
Musikk: Øyvind Osmo Eriksen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Med: Jan Sælid, Silje Lundblad, Espen Klouman Høiner, Hans Petter Nilsen m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Det hjelper ikkje med godt spel når komedien korkje har brodd eller er morosam.

Ein god komedie bør ha brodd og vere full av humor. Trøndelag Teaters oppsetting av «Jeppe på Bjerget» har ingen av delane. Då hjelper det lite med god koreografi, fin musikk og særs bra spel av Jan Sælid i hovudrolla. I tillegg til Jeppe, er det publikum som denne gongen vaknar i baronens seng utan å forstå kva som går føre seg, og vi kjenner oss nok meir i slekt med Obstfelder enn Holberg der vi undrar oss på kva for klode vi har hamna på.

Jeppe på Bjerget var ein av Trøndelag Teaters første produksjonar då det blei skipa for 75 år sia. I jubileumssesongen har teatret ønska å modernisere den 290 år gamle, nærast ikoniske komedien om den drikkfeldige og litt ynkelege Jeppe som lar seg tyrannisere av kona, Nille. I originalen til Holberg blir Jeppe spela eit puss ved at han i fylla blir lagt i baronens seng. Når han vaknar, blir han etter kvart overtydd om at han er baron. Deretter syner Holberg oss korleis makta korrumperer og stig til hovudet på stakkars Jeppe før det blir maskefall og attende til kvardagen. Alt dette er for så vidt med også denne gongen, men nå blir Jeppe lurt inn i ein såpeaktig realityserie som har skrantande sjåartal, og som treng litt action.

I ein merkeleg og dels uforståeleg miks av ulike settingar frå ein mellomkrigspub til Paradise Hotel og vidare til ein parodi på eit tribunal, følgjer vi Jeppe medan scenografiske einskildelement blir trilla fram og attende på ei elles fullstendig ope og nake scene. Ideen med å plassere Jeppe i eit realityshow er kanskje god, og sikkert meint som eit kritisk skråblikk på samtida, men resultatet er eit tilnærma kaos utan særleg mål og meining. Ideen er vel heller ikkje heilt ny. Shakespeare var sjølv inne på temaet då han i «As you like it» sa at heile verda er ei scene. Og filmen «The Truman Show» frå 1998 dyrkar ideen til fulle og gjer heile tilveret til ei konstruert verd. Denne produksjonen av Jeppe er i slekt med båe, men fell mellom alt for mange stolar avdi han ikkje greier å samle trådane og bestemme seg for kva han vil. I staden blir det ei lite morosam vareopptelling av likt og ulikt der vi vekslar mellom syttenhundretalets mektige adel, mellomkrigstidas brune kneiper og ei nåtid der alt er fiksjon og ingenting er ekte.

Dagny Drage Kleiva har dei siste åra levert mye framifrå scenografi på Trøndelag Teater, men denne gongen fungerer det ikkje. Når den enorme hovudscena er heilt ope, det er forstyrrande aktivitet av skodespelarar og scenearbeidarar som ventar på entré, og det berre er eitt og anna element som blir trilla fram og attende på scena, er det vanskeleg å vite kva ein skal konsentrere seg om.

Hadde det ikkje vore for tre viktige og forsonande trekk, ville dette diverre ha vore totalt havari. Regien til Øyvind Osmo Eriksen og Ida Wigdel er sprikande og dels uforståeleg, men koreografien deira desto betre. Ein del stiliserte danseopptrinn gir framsyninga ein estetisk dimensjon, og det same kan ein også seie om den nykomponerte musikken til Øyvind Osmo Eriksen. Og så er den sosialt fullstendig dysfunksjonelle Jeppe ganske vakkert og vart framstilt av Jan Sælid i ei nydeleg blanding av diskret mimikk og akkurat passe overspela faktar på grensa til det akrobatiske, og med ikkje så reint lite eleganse.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. september 2012)

Mytar og røyndom

september 2nd, 2012

TEATER

SEXISME: Torneroses prins syner seg å vere ein gra og valdeleg kanin. FOTO: LENA KNUTLI

Prinsessedrama
Av Elfriede Jelinek
Omsett av Torgeir Skorgen og Matilde Holdhus
Regi og bearbeiding: Hilde Brinchmann
Scenografi og kostyme: Ingrid Tønder
Med: Cici Henriksen, Olve Løseth, Ingrid Bergstrøm, Mads Bones og Kine Bendixen Trøndelag Teater, Studioscena

Underhaldande om mytar og kjønnsroller, men ikkje spesielt provoserande.

Heile tida omgir vi oss med mytar, og det er ikkje alltid lett å sjå røyndomen og sanninga bak alle dei sminka historiene. Både i eventyra og i vekeblada blir vi fortalde om prinsesser og prinsar, om hundreårssøvn, froskar og evig lykke. Røyndomen er langt mindre glamorøs, og dette har den austerrikske forfattaren og dramatikaren Elfriede Jelinek tatt tak i. «Prinsessedrama»  er opphavleg fem monologar skrive for omlag ti år sia. Det er eitt av Jelineks mest spela drama, men er ikkje blitt sett opp i Norge før nå. Onsdag var det norgespremiere på Trøndelag Teater der dei fem monologane er kappa ned til tre: «Snøkvit, Tornerose og Jackie». Dei tar opp ikkje fullt så kjende sider ved historiene om og bak Snøkvit, Tornerose og Jackie Kennedy Onassis.

Elfriede Jelinek fekk nobelprisen i litteratur i 2004, og er ein kontroversiell og radikal forfattar som tar opp politiske saker utan å skjele til kva som sel og er populært. Kjønnsroller er ofte tema, og i «Prinsessedrama» freistar ho å syne korleis vi skapar roller og posisjonar ut frå nettopp det mytiske. Som illustrasjon nyttar ho to kjende eventyr og ei like godt kjend historie frå røyndomen. For å understreke kjønnsperspektivet, har teatret vald å skilje publikum slik at kvinnene sit på eine sida av salen og mennene på den andre. I tillegg til at vi heile tida har det andre kjønnet og deira reaksjonar som bakteppe, spelar skodespelarane også medvite på dei to leirane.

Vi tar til med Snøkvit (Cici Henriksen) som møter Døden i form av ein jeger (Olve Løseth). Mellom dei to utspelar det seg ein tidvis absurd, men likevel leiken og ganske humoristisk samtale om relativt eksistensielle spørsmål, særleg knytt til kva som er sanning. I møte med Døden går det sjølvsagt til helvete, og dvergane som vi berre anar som ei svak lydkulisse, kan gjere lite frå eller til.

Deretter entrar ein parodisk prins (Mads Bones) scena utkledd som ei flyvertinne frå sekstitalet. Med stor patos, og eit endå større sjølvbilde høgg han seg veg til han finn Tornerose (Ingrid Bergstrøm) som han vil vekke til live med eit kyss trass i snorking og dårleg ande. Nok ein gong er det duka for eksistensielle spørsmål der prinsen trur han er Gud, og Tornerose er uviss på kven ho er nå når ho er vaken. Her er framsyninga på sitt beste og mest intense fordi godt spel er kombinert med mye både intelligent og surrealistisk tekst. Det som skulle bli ei livslang lykke, blir i staden ein sexistisk maktkamp der prinsen syner seg å vere valdeleg, og langt frå heroisk og riddarleg. I dei spektakulære og fantasifulle kostyma til Ingrid Tønder, blir han dessutan ganske ynkeleg.

Det siste tablået er historia til Jackie Kennedy (Kine Bendixen). Det er fortellinga om drap, utruskap, Marilyn Monroe, piller og kjønnssjukdommar, og i motsetnad til dei to første, er dette ein verkeleg monolog.

Mathilde Holdhus og Torgeir Skorgen har omsett teksten til eit konservativt, men relativt munnleg bokmål med mange språklege sidesprang. I Ingrid Tønders minimalistiske scenografi blir dei fantasifulle kostyma hennar effektfulle kontrastar som understrekar det tidvis absurde i teksten. Hilde Brinchmanns regi er ambisiøs, og lukkast i hovudsak i dei to første scenene der dramaturgien blir tatt godt vare på ved at det er to personar som kontrasterer og utfordrar kvarandre. Men siste akt med Jackie Kennedy er blitt ein lang monolog der Kine Bendixen har fått alt for lite å spele på.

Elfriede Jelinek er ein omstridd og radikal forfattar. Det er mogeleg at «Prinsessedrama» kan vere kontroversielt i det konservative Austerrike, men – med det atterhaldet at denne meldaren er mann, og såleis sat på feil side av salen – er det lite i denne produksjonen som er eigna til å provosere i Norge i dag. God og intelligent tekst, og ein bra porsjon litt surrealistisk humor, men mye var ganske føreseieleg.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 1. september 2012)

Shakespeare på sjeikspirsk

august 9th, 2012

TEATER

LUFTIG: Oberon vil gjerne ha styring, men Pukk får det ikkje alltid til. Akrobatisk spel og luftige sprang derimot... FOTO: MARTHA STANDAL

En medtsåmmårnattsdrøm
Av William Shakespeare
Omsett og gjendikta av Hans-Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist: Erlend Jentoft
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Koreografi: Martha Standal
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Ståle Tørring, Stian Hovland Pedersen. Cengiz Magnus Nereid, Petter Winther Gåre Søraunet, Madeleine Nilsen, Kathrine Strugstad, Rickard Skjong, Martha Standal, Gunnar Eiriksson m. fl.
Produsert av Rabarbrateatret og framført i ein bakgard på Bakklandet i Trondheim

Absurd, litt inntrøndersk, og akkurat slik ekte folkekomedie skal vere.

Den som trur Shakespeare er vanskeleg tilgjengeleg og uforståeleg teater bør snarast ta seg ein tur til Brubakken 12 på Bakklandet i Trondheim. I den ikkje heilt velstelte bakgarden får du sjå ei oppsetting av Ein midtsommarnattsdraum slik du aldri har sett han, – velspela, særs underhaldande, og i tillegg klårt og forståeleg så det held.

Denne tidlege Shakespeareteksten er noko av det mest fornøyelege han har skrive, og har eigentleg korkje mye moral eller særleg djupare botn. Vi får tre-fire parallelle fortellingar som på eit vis dreg seg saman til ei sams historie mot slutten, mye humor, ein god porsjon meta, og nokre plot som den gamle meister har stole ideen til både her og der. Stykket blei truleg skrive som underhaldning til eit bryllaup, og tema og innhald er godt samanraska tjuvgods frå antikkens Hellas til 1500-talets London. Midtsommarnattsdraumen er mye spela, men jamvel om dette er folkekomedie av beste slag, ber dei fleste omsettingane preg av litt for stor respekt for gamal, oppstylta engelsk. All ære til både André Bjerke og Halldis Moren Vesaas for gode omsettingar, men det er den inntrønderske varianten til Hans-Magnus Ystgaard som verkeleg set skapet på plass.

Under Catrine Telle si leiing på Trøndelag Teater laga Ystgaard ei gjendikting på Sparbudialekt. Ho fekk tittelen En Medtsåmmårnattsdrøm, og blei framført på hovudscena på teatret i 2002. Det var ei frodig og framifrå oppsetting. Men sjølvsagt innafor dei rammene som blir sette av ei hovudscene på eit større institusjonsteater. Nå har skodespelaren Øyvind Brandtzæg, sjølv tilsett ved Trøndelag Teater, tatt han heilt ut, – det vil seie, tatt oppsettinga rett ut i naturen og folkedjupet der ho høyrer heime, og med ei respektløyse som det verkeleg står, – ja nettopp, – respekt av.

I eit for meg hittil ukjend strok bortafor Snåsa og vekkenfor Sparbu ligg dalen Athen der folk lever som dei gjorde for fleire hundre år sia sjølv om eitt og anna meir moderne remedium av og til på uforklårleg vis finn vegen dit. Ein draum for antropologar med andre ord, men staden er beskytta av diverse over- (eller var det under-)jordiske vesen som held han fri frå alskens modernitet, og i pakt med naturen. Her har Brandtzæg plassert heile menasjeriet frå Shakespeare, og i samfulle to og ein halv time får vi rulla ut dei parallelle historiene på folkeleg mål, og ikkje minst med burlesk, surrealistisk, men likevel særs forståeleg spel.

Ystgaard har verkeleg boltra seg i gjendiktinga, leika seg med ord og vendingar, og fått fram ei mengd med humoristisk undertekst. Han har kvitta seg med fleire hundreårs distanse, og gjort teksten levande, nær, og kanskje meir opp til det opphavlege enn ein skulle tru. Skikkeleg og ekte folkekomedie må jo vere på eit folkeleg og forståeleg språk.

Øyvind Brandtzæg har etter kvart solid røynsle som skodespelar, og for snaue to år sia fekk han sitt definitive gjennombrot som Mattis i Fuglane av Vesaas. Eg har følgt han i mange år, men kan ikkje hugse å ha sett han som instruktør før. Det er i så fall ein formidabel debut! Fullstendig respektlaust set han opp Shakespeare som ei heilaftans oppsetting i to akter i eit villnis av ein uflidd bakgard, og med eit ensemble han har raska saman frå høgt og lågt. Her er somme frå Trøndelag Teater, ein del musikalartistar, nokre frå skodespelarutdanninga på HiNT, litt BUL, og kanskje også SIT for alt eg veit. Og kor han har funne resten, må gudane vete. Men med stram regi og framifrå personinstruksjon har han fått dei til å dra det heile i lag, og til ei oppsetting publikum vil tenke attende på i glede i lang tid framover. Heile 22 roller fordelt på 17 aktørar, mange sceneskift, mye vanskeleg logistikk på ei uhandterleg scene, og der tekniske nyvinningar som mygg og lyssetting er komplett fråverande. Og likevel så vellukka! Det blir i snauaste laget å seie at dette var imponerande.

Det er som sagt mange ulike historier som blir fortalt i Medtsåmmårnattsdrømmen, og det er eigentleg ingen hovudperson eller helt. Men Pukk er likevel ein gjennomgangsfigur som på ulike, og ikkje alltid like vellukka vis, freistar å sy det heile saman. Ståle Tørring er høgt og lågt i denne småjævelrolla, og framfører ho tidvis nesten akrobatisk. I samspelet med Stian Hovland Pedersen som Oberon får vi stadige prov for at det kan gå like ille når gudane (og jævlane) tuklar med naturen, som når vi andre freistar å fikse på skaparverket. Det øvrige ensemblet leverer imponerande truverdige og frodige rolletolkingar. Madeleine Nilsen og Kathrine Strugstad er direkte, tydelege, infame og ganske aggressive som dei gamle venninnene Helena og Hermia, Rickard Skjong er myndig som Thesevs, og ikkje minst sjarmerar Gunnar Eiriksson dei fleste med si langt frå smålåtne tolking av amatørskodespelaren Rennbom som har eit sjølvbilde så stort som heile scena.

Erlend Jentoft har skrive ny musikk til oppsettinga, og det er blitt ei herleg sjangerblanding som står godt til det surrealistiske som skjer på scena. Songprestasjonane er òg forbausande bra, og lyden ber godt jamvel om dette er verkeleg «unplugged». Scenografien til Marie Steen Löwendahl består stort sett av fornuftig og naturleg bruk av det som finst av topografi, bygningar og vegetasjon i denne bakgarden, og syner at det er godt mogeleg å lage bra teater utan alt for mange rekvisittar og tekniske hjelpemiddel.

Når vi får teater fullstendig utan daudpunkt, går to og ein halv time som ein draum, sjølv om vi sit i ein kald bakgard og på ikkje alt for gode sete. En Medtsåmmårnattsdrøm er i Øyvind Brandtzægs regi blitt ein særs underhaldande, burlesk, frodig, absurd, humoristisk og velspela folkekomedie i ordets rette tyding.

Valets kval

juli 30th, 2012

TEATER

Foto: Stiklestadspelet

 

Spelet om Heilag Olav
Av Olav Gullvåg
Musikk: Paul Okkenhaug
Regi: Marit Moum Aune
Dirigent: Ole Kristian Ruud
Koreografi: Arne Fagerholt
Med: Henrik Mestad, Trond-Ove Skrødal, Ingunn Beate Øyen, Heidi Gjermundsen Broch, Sverre Bentzen, Hildegunn Eggen, Hanne Skille Reitan, Tom Erik Lie m. fl.
Stiklestad Nasjonale Kultursenter

Når teksten ikkje held mål, hjelper det diverre ikkje med allverdas gode musikk, regissørar, skodespelarar og spektakulære opptrinn.

I snart 60 år har «Spelet om Heilag Olav» vore vist på historisk grunn på Stiklestad. Trekvart million menneske har sett spelet opp gjennom åra og landets fremste regissørar, koreografar, dirigentar og skodespelarar har nesten stått i kø for å delta i det som utan særleg atterhald blir kalla «Alle spels mor». Sjølv har eg meld spelet her i avisa for nitten år sia, og undra meg den gongen over kva det er ved denne historia som fengsla så mange. Nå har eg sett det att, og sjølv om oppsettinga i Marit Moum Aunes regi er så tydeleg og forståeleg som det vel er mogeleg å få til, må eg vedgå at det framleis er vanskeleg å bli gripe av historie, handling eller framføring.

Utgangspunktet er rett nok heilt unikt, og «Spelet om Heilag Olav» har nesten alt som skal til, men berre nesten. Vi er på historisk grunn og handlinga er sett til ei skjebnestund for nasjonen, den endelege stadfestinga av kristninga av landet, og dermed grunnlaget for ein tusenår lang kulturtradisjon. Det var her på Stiklestad at kong Olav Digre fall i slaget mot bondehæren i 1030. I særs vakre omgivnadar, i det som framstår som eit nesten perfekt naturleg amfi, og til den monumentale musikken til Paul Okkenhaug skal vi få presentert det dei fleste vil tru er historia om Heilag Olav og slaget på Stiklestad. Men så er det ikkje det vi får. I staden er det ei fortelling om kva som skjer på nabogarden Sul hjå bonden Torgeir Flekk (Trond-Ove Skrødal) dagen og kvelden før slaget. Det er eit ganske vanleg litterært grep å presentere store hendingar gjennom parallelle og meir private historier, og det er truleg det forfattaren Olav Gullvåg i si tid freista, men det er diverre ei oppgåve han ikkje meistra.

Det ligg ei forbanning over garden Sul. Fem år tidlegare fødde Gudrid (Ingunn Beate Øyen) ein vanskapt son som blei sett ut, såkalla utburd. Denne skikken er ikkje i tråd med dei nye kristne nestekjærleiksprinsippa, og hendinga rir gardsfolket som ei mare. Særleg er det dottera Gudrun (Heidi Gjermundsen Broch) som slit med vonde tankar rundt utburden. Ho søker trøyst hjå bestefaren, den blinde Gamal-Jostein (Sverre Bentzen), og i den gamle og milde guden Balder. Gamal og ny tru lev side om side på Sul utan at det ser ut til å skape særleg store konfliktar. Inn i denne settinga kjem Olav Digre (Henrik Mestad) og kongshæren for å overnatte kvelden før dei skal møte den over dobbelt så store bondehæren. I staden for eit spel om kongen og slaget på Stiklestad, blir det i første rekke ei fortelling om tvil og tru, og ikkje minst om å velje side. Samt om ein utburd som blir tværa ut i det keisame. Gullvåg målar ut eit stort og mangefasettert bilde med ei rekke ulike historier, men greier aldri å samle trådane, og det blir ei fortelling som først og fremst saknar dramaturgi og ein bærande idé. Når teksten ikkje held mål, hjelper det diverre ikkje med allverdas gode musikk, regissørar, skodespelarar og spektakulære opptrinn.

For det er verkeleg ei spektakulær oppsetting. Fleire hundre statistar, imponerande koreografi, nydeleg scenografi, eit stort og dyktig orkester og eit like stort og godt mannskor, velregissert spel, storslagne ryttarscener, og ikkje minst vissa om å vere på historisk grunn. Men så lenge tekstgrunnlaget er så sviktande, blir alt det andre berre utvendig staffasje. Gullvåg har alt for mange historier å fortelle, og Marit Moum Aune skal ha ros for å ha greidd å få fortellinga forståeleg, men meir er neppe heller mogeleg.

«Spelet om Heilag Olav» formeleg skrik etter ein meir dugande forfattar. Men ein tuklar vel ikkje med gamle tradisjonar, for etter nærare seksti år er produksjonen blitt eit ikon og langt større enn seg sjølv, snarare eit kulturelt ritual meir enn ei teateroppsetting.
(Meldinga er skriven på grunnlag av generalprøva 24. juli.)

(Ei forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen fredag den 26. juli 2012.)

Fantasi og undring

juni 10th, 2012

Kari Trestakk    

RÅSTOFF: Kan dette etter kvart bli eit slott? FOTO: AMUND GRIMSTAD

Fritt etter Asbjørnsen og Moe
Konsept: Anne Helga Henning og Barbro Djupvik
Regi: Barbro Djupvik
Installasjon: Anne Helga Henning
Komposisjon, musikk og skodespelar: Siri Gjære
Dansar: Ingeborg Dugstad Sanders
Verkstadhallen, Svartlamon


Ei multikunstnarleg oppsetting som freistar å få fram undringa og skaparemna hjå publikum.

Det er ReMida-festival på Svartlamon i Trondheim med utstilling, konsert, servering, byttemarknad og teater. Fire kvinner med ulik bakgrunn, men med eit sams mål om å skape undring og fantasi, har laga ei multikunstnarleg oppsetting med utgangspunkt i folkeeventyret om Kari Trestakk, og sundag var det premiere i Verkstadhallen på Svartlamon. Barbro Djupvik har teatererfaring både som skodespelar og instruktør, Anne Helga Henning er utdanna biletkunstnar og har jobba mye med og for barn, Siri Gjære er singer/songwriter med bakgrunn frå jazz, men til tider ganske sjangeroverskridande, og Ingeborg Dugstad Sanders er dansar og for tida aktiv i både DansiT og Danselaboratoriet i tillegg til eigne produksjonar. Med desse ulike kunstfelta i bagasjen, har dei  fire laga eit interaktivt og visuelt fortellarteater med mye innslag av dans og musikk, og med rikeleg råstoff for fantasien.

Eventyret om Kari Trestakk og den blå stuten er opphavleg presentert i Asbjørnsen og Moes samling av folkeeventyr, og er ei ganske langdryg og repeterande fortelling som på mange vis liknar historia om Askepott. I ei tid då ungane kan ha fleire stesysken enn sysken, og stemor er nesten like vanleg som mor, er det neppe heilt politisk korrekt med desse eventyra der stemora og stesyskena utan unnatak er både stygge og vonde. I denne produksjonen har dei difor kutta ut den stygge systera, men til gjengjeld gjort stemora heilt umenneskeleg vond. Og dei har også fjerna siste halvparten der kampen står om å få prinsen slik at historia naturleg sluttar når Kari og stuten kjem fram til slottet. Det er gode val.

I ein scenografi som er meir ein installasjon av likt og ulikt henta ut frå ReMidasenteret, er det lite som i utgangspunktet minnar om skog, slott eller beitemark for oksar. Men slik kong Midas (som har gjeve namn til ReMida) kan få gull av alt han rører ved, er det utruleg kva Anne Helga Henning greier å få ut av dei underlegaste rekvisittar. Eventyret tar til med at Gjære fortel, og Henning og Sanders står som saltstøtter og illuderer trær. Men så går dei tre ut av framføringa, vender seg til publikum og får dei unge i salen til å fortelle korleis prinsessa og oksen skal framførast. Og Sanders tek meldingane og gir masse liv til dei båe. Deretter blir vi med på ei visuell reise gjennom tre skogar og mye slåssing med troll før stuten og prinsessa omsider kjem fram til slottet. Det får vi først ei aning om som eit fjernt Soria Moria som er videoprojisert, men når det skal illuderast, tek dette verkeleg av som eit kreativt prosjekt. Henning innser at oppgåva blir for stor, og inviterer i staden alle dei små byggmeistrane og arkitektane i salen opp på dugnad, og om du har god nok fantasi, så vil du sjå at det etter kvart veks fram eit magisk byggverk som publikum blir invitert inn i.

Denne oppsettinga av Kari Trestakk er ei verkeleg mangefasettert framsyning som i hovudsak vender seg til dei mellom fem og ti, men som nok kan pirre fantasien også til andre aldersgrupper. Den opphavlege historia er nesten halvert, men fortellinga kan nok likevel bli noko lang fordi det er parti som blir litt for dvelande. Produksjonen verkar ikkje heilt ferdig, og kan nok framleis fortettast og raffinerast, men grunnlaget er der så absolutt. Ettersom oppsettinga er interaktiv, er ho avhengig av publikum, og vil endre karakter frå gong til gong. Det set krav til dei tre på scena, og det vi fekk sjå på premieren, synte at dette tok dei på strak arm. Men premierepublikum er diverre premierepublikum sjølv på Svartlamon, og eg trur at ei setting med færre vaksne, og fleire barn i salen vil kunne bli langt meir spennande. Førebels blei oppsettinga berre vist to gongar under ReMida-festivalen, men ho bør absolutt få eit større publikum.

Surrealisme og ironi

juni 8th, 2012

PEPPAR: Reven får peppar i dobbel tyding av bakarane. FOTO: NINA HEDVIG ERIKSEN

HAKKEBAKKESKOGEN
(Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen)
Av Thorbjørn Egner
Regi: Hallvard Lydvo
Scenografi: Elin Stangnes
Lysdesign: Trond Dybfest
Musikk: Øyvind Jo Heimdal Eik
Produsert og framført av Teaterlaget i BUL Nidaros
Tårnet på Munkholmen, Trondheim

Ei litt surrealistisk, uvanleg morosam, og ganske velspela oppsetting som først og fremst er særs sjarmerande.

Trondheim midt i juni plar vere regn og temperaturar som får deg til å ønske deg til mildare plassar. Men så har vi eit årvisst arrangement som gjer at vi får varmen i oss lell. I år er det 29. gongen teaterlaget i BUL, Nidaros set opp sommarteater i tårnet på Munkholmen, og under over alle under hadde vêrgudane denne gongen sjekka kalenderen før dei gjekk på arbeid, så ventinga i Ravnkloa, båtturen ut og heile settinga var akkurat slik det burde vere på denne tida av året. I det kalde tårnet lèt vi ullpledd vere ullpledd, og lèt oss i staden forføre av eit sjarmerande menasjeri.

Det er  hundre år sia Thorbjørn Egner blei født, og teaterlaget i BUL markerer jubileet ved å sette opp Hakkebakkeskogen. Mye kan seiast om dette høgst tvilsame, utopiske, sosialdemokratiske universet til Egner der antagonismane blir løyste utan større problem, og i strid med både naturen sjølv, biologi og kva som måtte vere berekraftig. Det er ei moralistisk historie utan rot i røyndomen, og ho tar etter kvart til å bli ganske utdatert. Men så er det samstundes ein så viktig del av fellesarven og kulturgrunnlaget vårt, og i tillegg så fullt av humor, sjarm, gode songar og artige figurar, at vi likevel stadig lèt oss forføre. Slik også denne gongen.

Hallvard Lydvo har regissert fleire oppsettingar for BUL, og kjenner både det menneskelege materiellet han har til rådvelde, og dei fysiske rammevilkåra godt. Sommarteatret er vanlegvis av og for dei unge, og dette var ikkje noko unnatak. Berre nokre få vaksne, og resten pur unge, urøynde, men spelevillige aktørar. Og for ei casting! Etter ein ouverture der vi får presentert heile menasjeriet i denne vesle skogen, går vi rett inn i handlinga med ei pangopning med reven. Nadia Kummeneje set standarden frå første strofe, songsikker, scenevand, trygg og hundre prosent tilstades heile tida. – BUL har kosta på seg mygg, var det første eg tenkte, før eg oppdaga at nei da, ho berre song høgt, godt, tydeleg og med god diksjon. Reven er frå Egners hand skurken i historia, men Kummenejes rev er definitivt helten i denne produksjonen. Ho eig framsyninga og har ein mimikk og eit kroppsspråk som kunne ha passert på kva scene som helst. Med eit spel som er prega av rølp og ramp, set ho ein surrealistisk standard som dreg inn i oppsettinga ein ironi Egner ikkje hadde, men som er naudsynt for at denne historia skal ha eit framtidig liv. Om jenta er eit naturtalent, eller om Lydvo har ei ekstremt god hand om personinstruksjonen, eller om det er ein kombinasjon av båe, veit eg ikkje, men reven i denne skogen er ei framsyning i seg sjølv.

Men Lydvo hadde meir i ermet. Det er mange songnummer i oppsettinga, og utan mygg skal det ei trygg og god røyst til for å bere i dei vanskelege akustiske forholda i tårnet. Musikken var denne gongen skore ned til berre Øyvind Jo Heimdal Eik på tangentar. Det fungerte utmerka for då fekk vi tonefølgje i staden for eit orkester som drukna dei unge solistane i lyd. Songnumra var utan unnatak gode og tydelege, og meir kan ein neppe forlange av purunge amatørar.

Tårnet på Munkholmen er korkje fleksibelt eller spesielt eigna til å spele teater. Med ei vanskeleg scenografisk løysing, og med mange unge amatørar blir det sjølvsagt transportscener og tidvis haltande dramaturgi. Men eg lèt det passere for her er så mye anna å gle seg over. Reven er ein fuling, men klatremusa står ikkje mye attende. Gjermund Bungum Gorset er berre elleve år, men er trygg og ikkje minst sjarmerande til tusen i ein tekst- og songtung rolle som den livsnytande hedonisten som står i skarp kontrast til Egners alter ego, den særs moralistiske, og eigentleg litt ufordragelege Morten Skogmus (Sigrid Farstad).

Reven bringer inn mye sjølvironi og god humor, men det som verkeleg ber bod om at dette stykket kanskje likevel kan ha livets rett, er at Lydvo har brakt inn eit kraftig surrealistisk element, som særleg blir tydeleg med elgen. I elgrolla (og rolla som mannen på nabogarden) tar Tor Einar Bekken, til vanleg kjend som ein dyktig musikar med kunstnarnamnet Dr. Bekken, han heilt ut og vel så det, og syner at han har eit komisk talent av det heilt sjeldne. Med eit sirupstreigt underspel som fungerer absurd og særs humoristisk, gir han oppsettinga ein dimensjon som syner at den ironiske dimensjonen kan gi Hakkebakkeskogen eit nytt løft.

Nok ein gong har teaterlaget i BUL, Nidaros laga ei sjarmerande, varm og velspela framsyning som er eigna til å underhalde og more både vaksen og ung. Kanskje er eg lettrørt, men eg lèt meg stadig forføre i det scenografisk umogelege tårnet på Munkholmen.

Trivielt og viktig

mai 10th, 2012

TEATER

PROFFT: Ei meir regissert og mindre naivistisk framføring gjer at noko av heilskapen frå dei tidlegare produksjonane til kompaniet ikkje blir like synleg. FOTO: RAINER WERNER, BURGTHEATER

Life and times – episode 1
Av: Nature Theater of Oklahoma
Regissert og skrive av Pavol Liska og Kelly Cooper
Basert på ein telefonsamtale med Kristin Warrall
Komponist: Robert M. Johanson
Framført av Ilan Bachrach, Gabel Eiben, Anne Gridley, Matthew Karahais, Julie Lamendola og Alison Weisgall
Musikk: Daniel Gower, Robert M. Johanson og Kristin Warrall
Teaterhuset Avant Garden, Rockheim, Trondheim

Eit kvart levd liv representerer minst ein roman, men presentasjonsforma set grenser for kor mye ein kan legge fram.

Det er tredje gong Nature Theater of Oklahoma gjestar Trondheim. I 2008 var dei her med No Dice, ei særs tekstrik framsyning på nærare fire timar som på eit naivistisk vis boltra seg i teatermetaforar på grunnlag av meir enn hundre timars telefonopptak med kvardagsleg smalltalk om alt og inkje. Året etter var dei attende med Romeo & Juliet, ein produksjon der dei på bakgrunn av rundt femti telefonsamtalar med forskjellige folk som blir bedne om å attfortelle Romeo og Julie, og med tilfeldige utdrag av desse samtalane på øyret, spelar det dei høyrer. Båe oppsettingane var så konkrete og kvardagslege som berre absurd teater kan bli.

Denne gongen er dei her med første episode av ein serie på ti, der dei framleis ikkje er komne halvvegs i produksjonen, og heller ikkje veit heilt kor dette vil ende. Det er såleis eit langt meir ambisiøst prosjekt enn det dei hittil har gjort. Men framleis har dei telefonsamtalen som bakgrunn og kvardagen som dramaturgi. Kristin Warrall, som sjølv spelar i orkesteret, blei ringt opp av Pavol Liska og bede om å fortelle alt ho hugsar frå dei første åra av livet sitt. Frå eit to timars opptak er dette redigert og skrive ut med kunst- og tenkepausar fylde med innhaldslause ord som «like» og «um», og deretter sett ny musikk til av Robert M. Johanson. Det er blitt ei tre og ei halv times oppsetting, ei enormt tekstrik maratonframføring. Denne gongen er for så vidt teksten redigert, regissert og innøvd, men framføringa blir framleis noko randomisert ved at suffløren held opp tilfeldige scenetilvisingskort som fortel dei seks på scena kva dei fysisk skal gjere. Dermed blir ikkje alltid det fysiske uttrykket heilt synkront med det verbale, men når teksten til gjengjeld tidvis er ganske absurd, blir dette likevel meir ei understreking av det innhaldsmessige enn ein rein kontrast.

Nature Theater of Oklahoma er eit kompani med velskolerte skodespelarar, og som har reindyrka eit konsept der dei tek skodespelarkunsten heilt attende til utgangspunktet. Alle levde liv representerer minst ein roman, og det kvardagslege og grå som kan mangle både dramatikk, spenning og særleg innhald, er likevel særs spennande om du berre tar deg tid til å lytte. Slik gjer dei Shakespeares ord «All the world’s a stage» til sine, og når du etter kvart finn rytmen, blir Warralls fortelling om lærarar, familie, skulebuss, forelsking, overnatting hjå venner og andre trivialitetar slett ikkje så inkjeseiande som ein skulle tru. Det er tvert om slik at det vanlege kan bli viktig.

Litterært er dette eigentleg slett ikkje så spesielt. Ivar Lo er kjend for utsegna Alt det spennande finst  i arbeidarklassen, og då Dag Solstad for snart førti år sia skreiv 25. septemberplassen, sa han at han alltid hadde hatt lyst til å skrive ei bok om det heilt kvardagslege, blotta for det feiande og flotte og utan dramatikk. Dei siste åra har ulike realitypåfunn banalisert sjangeren, men med romanprosjektet om sin eigen kamp, tok Knausgård realityromanen heilt ut og synte at det trivielle framleis kan fenge eit stort publikum.

I dei to tidlegare produksjonane eg har sett, har Nature Theater of Oklahoma dyrka den naivistiske framføringa, og dette er ei presentasjonsform som har stått særs godt til innhaldet. Denne gongen verkar det heile langt meir regissert. Teksten ligg fast, og når han både er særs omfattande, og samstundes består av meir enn tre timar utan særleg logikk eller indre samanheng, blir framføringa ganske imponerande reint speleteknisk. Så godt som alt blir sunge, og også på dette området er ensemblet proffe sjølv om eg merkar at det fysisk tar på mot slutten. Og kanskje er det nettopp det så openbert profesjonelle, og brotet med naivismen, som gjer at eg sit att med eit lite men.

For det er noko som manglar, og som gjer at Life and times – episode 1 ikkje heilt kan måle seg med No Dice og Romeo & Juliet. Der dei før var leikne og la seg flate for det heilt tilfeldige, blir framføringa denne gongen langt meir regissert og med det fastlåst. Dei små randomiserte scenetilvisingane blir ikkje noko vesentleg innslag, og tilbake står vi med eit regiteater der det meste er planlagt, og der det viktigaste er at det er uviktige ting som blir fortald. Det er greitt nok i seg sjølv, men når forma ikkje blir like laussloppen som i tidlegare produksjonar, blir det spørsmål om ikkje nokre av kompaniets «darlings» med fordel kunne ha vore avliva?

Gud forby

mai 10th, 2012

TEATER

UT!: Gud er nådelaus, og det hjelp ikkje med milde gåver når guden med det unemnelege namnet vil gjere sine hoser grøne for dei andre i G7. FOTO: MORTEN SKIPENES SMEDSRUD

G7
Av Ingrid Weme Nilsen og Eivind Salen
Regi: Ingrid Weme Nilsen
Scenografi: Milja Salovaara
Med: Syver Åmli Vestmo, Harald Brenna, Arne Reitan, Kingsford Siayor, Kristofer Hivju, Kristine Welde Tranås, Ole Christian Gullvåg, Mona Synnøve Solhaug, Gunnar Eirikson og Kai Kenneth Hanson
Produsert av: Pontenegrinerne med hjelp av Teaterhuset Avant Garden og Trøndelag Teater
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Ein genial idé, mye god humor, men ei oppsetting som ikkje greier å stå løpet ut.

Sju av dei mektigaste landa i verda har laga rikmannsklubben G7 der dei møtest og skaltar og valtar med lagnaden til verdas milliardar heilt utanfor all demokratisk rekkevidde. Dette er vel kjend og stillteiande akseptert jamvel om det ikkje er særleg akseptabelt. Men makta rår, og slik er verda. Mindre kjend er det at den andelege pendanten til økonomi og storpolitikk, dei sju største verdsreligionane, har skipa si eiga G7-gruppe. Gjennom titteskåpet teaterselskapet Pontenegrinerne har laga, og som hadde urpremiere laurdag, får vi nå eit innblikk i kva som skjer når dei gamle gudar, som det både går fram og attende med, møtest for å dele det religiøse verdsherredømet mellom seg og lage langsiktige planar mot den omseggripande sekulariseringa.

Ideen er like enkel som genial, og det er eigentleg merkeleg at ingen har kome på dette før. I ei opphøgd og tilbaketrekt atmosfære, langt frå profane idear, krig, fattigdom og elende, møtest dei sju største gudane og fører ein danna samtale med klåre reglar for kva ein kan og ikkje kan ta opp. Det vil seie, heilt problemfritt er det ikkje. Han guden du veit, som du ikkje kan seie namnet på, er kasta ut av det gode selskap tilsynelatande fordi det ikkje var rom for to på same instrument i gudeorkesteret, men i røynda fordi dei andre ikkje aksepterte alle aksjonane som blei utførde i namnet hans (sjølv om det altså helst ikkje skal uttalast). På møtet vi tar del i, blir Gud (ja han med stor G, du veit) konfrontert med at det skjedde noko tilsvarande i hans namn i fjor sommar, men avfeiar det med at dette var ei einskildhending. Slik, og i tillegg med fullt av ordspel og aforismar, leikar dei to forfattarane seg gjennom eit utal religiøse metaforar i ei tidvis særs humoristisk framsyning der dei seks gudane står fram som pompøse og temmeleg retthaverske, og der Gud (den kristne altså) er ein ganske arrogant jævel i kraft av at han er størst og i tillegg veks raskast. I G7 er det likevel eit tilsynelatande demokrati, men ettersom den nest største er ekskludert, blir det stadig uavgjort i avrøystingane. Det fører til eit handlingslamma forum, heilt til gamle Zevs ramlar inn og krev å få seie noko på vegner av alle dei små og gløymde gudane.

Dei to forfattarane, den eine av dei også som regissør, har  boltra seg i underfundig humor, stundom i beste Monty Python-stil, absurd, og med massevis av openberre gudgitte (!) metaforar og eigentleg ganske sjølvsagte ordspel. Det er ei uvanleg leiken oppsetting. Spelet er godt, dialogen går naturleg og låtten sit laust. Regimessig er det i tillegg mye metateater som står godt til framsyninga. Men etter ei stund tar ho til å gå litt på tomgang. Dramaturgien blir slappara, det blir lenger mellom poenga, og etter kvart endar det heile relativt uforløyst. Det er synd, for med litt meir dyrking av poenga i teksten, samt noko strammare regi mot slutten, hadde denne produksjonen i seg potensial til å kunne bli noko langt meir.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 9. mai 2012)

Når unge får vere unge

april 26th, 2012

TEATER

FOTO: GT NERGAARD

Å bli forlatt med stillheten
Av Andrea Strømmen Engum
Framført av Ingvild Meland, Ibrahim Fazlik og Kine Bendixen
I mørket er vi alle like
Av Erlend Glasø Faltinsen
Framført av Wenche Strømdahl og Jan Frostad
Koder
Av Elise Sjøgren
Framført av Erlend Glasø Faltinsen og Eirin Gåre Aase
Fantastisk
Av Ibrahim Fazlik
Framført av Kine Bendixen, Wenche Strømdahl og Ingvild Meland

Regi: Rita Abrahamsen
Dramaturg: Matilde Holdhus
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Trøndelag teater, Teaterkjellaren

Unge dramatikarar er best når dei skriv om og for seg sjølve.

I oktober i fjor inviterte Kjernehuset (produksjonsselskapet til Rita Abrahamsen) og Trøndelag teater ungdom mellom 13 og 19 år med skrivekløe til å sende inn ulike former for scenetekst. Akkurat kor stor responsen var, veit eg ikkje, men det skal ha kome inn likt og ulikt frå komplette manus til stuttare tekstar og reine idéskisser. Åtte av tekstane blei plukka ut til å vere med i prosjektet ”Unge dramatikere”. Under leiing av Rita Abrahamsen har dei åtte ungdomane i vinter vore med på workshops, fått rettleiing og hjelp, og vidareutvikla tekstane sine, mellom anna i møte med både dramaturg og profesjonelle skodespelarar. Fire av dei åtte tekstane vil bli presentert som lesestykke denne og neste helg, medan dei fire andre er blitt sett opp i Teaterkjellaren med urpremiere onsdag denne veka.

Både i form og i innhald var det mye forskjellig vi fekk sjå. Jamvel om det sjølvsagt framleis er ein del uferdig, er det openbert at det er mange flinke ungdomar der ute. Dei fire forfattarane vi fekk møte, er mellom 15 og 18 år, og dette er ein alder då ein ofte kan vere ganske søkjande, og opptatt av store spørsmål. Dei to første framsyningane var relativt typiske eksponentar for dette, og båe hadde mye god og treffsikker dialog. ”I mørket er vi alle like” blei nok litt uforløyst og vanskeleg å få heilt grep om, medan ”Å bli forlatt med stillheten” baud på eit utal aforismar og mye klokskap, men også her var det ikkje berre enkelt å fatte heilt kva det dreidde seg om. Slik sett var båe produksjonane observante og intelligente skisser, men idear som treng noko meir bearbeiding.  Og båe framsyningane bar nok litt preg av at tema blei i største laget.

Den siste oppsettinga, ”Fantastisk”, var ei særs leiken og artig  sak som gav oss mye surrealisme og absurd humor. Men dette var ei temmeleg fysisk framsyning der både regi og koreografi var så vesentleg at det er vanskeleg å vite kor mye som var forfattarens idé, og kor mye som var regi.

Symptomatisk er det at den produksjonen som for meg var absolutt best, var den som i tillegg til å handle om ungdom og kvardagen deira, også blei framført av ungdom, to amatørar frå Charlottenlund vgs som var så ekte at det var berre å gi seg over. Ein litt nerdete gut som har lese seg til det meste, men forstått lite, altså med store hol i den sosiale intelligensen, møter ei heilt vanleg jente som først lar seg irritere, men som etter kvart blir nysgjerrig. Og midt oppi masse komisk, særs observant og tidvis litt absurd dialog, oppstår det søt musikk. «Koder» er ein vakker, klok, varm og innsiktsfull tekst, skrive av den femten (ja, du les rett!) år gamle ungdomsskuleeleven Elise Sjøgren, og glitrande og til fingerspissane ekte framført av Erlend Glasø Faltinsen og Eirin Gåre Aase.

Eg har ofte etterlyst både ny norsk dramatikk, og barne- og ungdomsdramatikk på Trøndelag teater. Dette prosjektet er delvis svar på båe etterlysingane. Trøndelag teater, og kanskje særleg Rita Abrahamsen og Kjernehuset, skal ha stor ros for arbeidet med ”Unge dramatikere”. Eg vil tru at eit slikt prosjekt ikkje er av dei dyraste og mest ressurskrevjande produksjonane til teatret. Etter å ha sett desse fire små oppsettingane, vil eg så sterkt som råd oppmode teatret til å gjere dette prosjektet til ein årviss seanse. Det vil kunne vere god fødselshjelp for mange skrivelystne, og ikkje minst trur eg det vil trekke nye og yngre publikumsgrupper til teatret.

Opplysande og eksistensielt

april 22nd, 2012

DANS

OPPLYST: Både dansarane og industriarmaturane er koreograferte. FOTO: CARL NILSSEN-LOVE

Frihet, likhet, brorskap eller døden
Av Siljeholm/Christophersen
Konsept, regi, koreografi: Sara Christophersen og Helle Siljeholm
Scenografi: Carl Nilssen-Love
Komponist: Andreas Mjøs
Lys: Tilo Hahn
Framført av Bibbi Winberg, Hilde Rustad, Sara Christophersen og Helle Siljeholm
MultiPlié Dansefestival, Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Store eksistensielle spørsmål som syner at det, etter meir enn to hundre år, framleis er langt fram til ideala frå den franske revolusjonen.

For tre år sia hadde dansekunstnarduoen Siljeholm/Christophersen urpremiere på framsyninga ”Norma Jeane” på Teaterhuset Avant Garden. Den gongen var det med eit litt sjangeroverskridande og humoristisk skråblikk på kvinna i eit kvasisosiologisk perspektiv. Det var ei framsyning som framleis sit godt festa i minnet. I samband med MultiPlié Dansefestival er duoen nå attende med ei ny urpremiere, og denne gongen med langt høgare ambisjonar. Tittelen ”Frihet, likhet, brorskap eller døden” er ganske pretensiøs og femnar om alt som vi i røynda reknar som fundamentet for den vestlege sivilisasjonen dei siste to hundre åra. Ganske eksistensielle greier, med andre ord.

Salen er nake, og rekvisittane er berre ein del industriarmaturar, nokre opphengde og andre lause. Det tar til med lyset rett på publikum og ein verbal intro der vi får vite at det meste er lov, og vi må gjerne ta ein mobilsamtale, gå på do eller forlate salen om vi skulle kjenne for det. Så er framsyninga i gang, og ettersom denne dansefestivalen har merksemda retta mot ”den uventa dansaren”, forstår vi at koreografi også kan vere sin eigen antitese der all rørsle blir frose. Fire dansarar står som saltstøtter, og så lenge, og vel så det, at det utfordrar salen og vi kjenner ubehaget. Men så, gradvis, bryt ei av dei ut, og vi er straks inne på dei eksistensielle tema som blir utforska i denne produksjonen. Her er gruppedynamikk, utanforskap, vi og dei andre og mange ulike maktforhold. Gjennom at dei fire syner oss eit utal forskjellige gruppekonstellasjonar, blir vi vitne til alt frå drap til aldersutstøyting og dyrisk framferd, altså menneskeleg aktivitet som tyder på at ideala frå den franske revolusjonen framleis er lysår unna.

Dette blir synt oss gjennom ulike dansetablå frå eksplosiv rørsle til det meir kontemplative, og der framsyninga nok for dei fleste vil minne meir om teater enn tradisjonell dans. Så får vi med det også utfordra fordommane våre. Ikkje alle tablåa er like forståelege, og midtvegs buttar det tidvis litt i mot for meg og noko blir litt uforløyst. Men ensemblet får sett lys, i dobbel tyding, på at det vi tar som eit grunnleggande fundament for vår eigen eksistens, ikkje alltid er så sjølvsagt. Den nesten geniale bruken av industriarmaturar til å ”belyse” problema, er særs effektiv, og med enkle snortrekk blir armaturane også del av koreografien samstundes som dei like enkelt kan vere stengsel, møbel, opplysande/formørkande, ubehagelege og you name it. Rekvisitt- og lysbruken i denne produksjonen lærte meg at dans ikkje berre er menneske i rørsle.