Kreativt og grensesprengjande

januar 27th, 2025

TEATER

ÅND I FLASKA?: Det er ikkje godt å vite kva som dukkar opp når Rose (Carina Furseth) og Torn (Peder Lauvås) skal redde Eventyrland. FOTO: JAN VON HOLLEBEN

«Torn & Rose i eventyrland»
Teatret Vårt, Molde i samproduksjon med Teater Vestland og Nordland Teater
Av: Cecilie Grydeland Lundsholt
Regi: Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenografi: Birgitte Strid
Komponist: Johann Prell
Videodesign: David Lejard-Rugget
Animatør: Cenk Koksal
AR-utviklarar: Onat Döker og Hasan Ulaş Sarikaya
Lysdesign: Vegar Angel Andreassen
Med: Carina Furseth, Peder Lauvås og Johanna Mørck

Ei framsyning som viser kva ny teknologi kan gjere med scenekunsten berre han blir nytta så kreativt og kresent som her.

Det du nå les, er meldinga av ein produksjon som hadde premiere alt i august 2023, og som nå berre blir spela eit par veker til. Men den er så spesiell og god at eg likevel må fortelje ålmenta om kva dei har gått glipp av. Og kanskje kan eg få nokre etternølarar til å finne vegen til eit teaterlokale i Møre og Romsdal fram til 9. februar når teppet går ned for siste gong.

«Torn & Rose i eventyrland» er eit nyskapande stykke teater, laga av tre av dei mest kreative teatersjefane på norske regionteater. Manusforfattar og regissør er Cecilie Grydeland Lundsholt, fram til for få dagar sia sjef ved Teater Vestland. Dramaturg er Kristian Lykkeslet Strømskag, sjef ved Teatret Vårt. Og scenograf er Birgitte Strid som fram til årsskiftet var sjef ved Nordland Teater, og som er langt meir kjend som Shakespearetolkar enn scenograf.

Som mange dramatikarar har gjort før dei, har dei gått attende til vår felles eventyrskatt, og laga ei historie, ikkje om eitt av eventyra, men om dei som forvaltar historiene i Eventyrland. Der møter vi syskena Torn & Rose (Peder Lauvås og Carina Furseth), tronarvingar som risikerer at landet deira går under eller i gløymeboka. For underlege ting tar til å skje, og med avstikkarar til kjende eventyrfenomen som drakar, feer, alvedronningar og vesen frå havets botn, tek dei publikum med på ei reise for å redde eventyrlandet.

Forteljinga er ganske tradisjonell med unge, gode krefter som vil så gjerne, som ikkje får det heilt til, men som lukkast til slutt. Og sjølv om det er mange ulike skapnadar frå eventyruniverset, blir det heller aldri skikkeleg skummelt. Om dette hadde vore heile historia, hadde det neppe vore mykje å presentere. Men nokre heilt særeigne grep gjer at framsyninga blir ganske så spesiell, og ei stor, – og tidvis interaktiv- oppleving. Også for meg som så avgjort ikkje er i målgruppa.

I forteljinga har Cecilie Grydeland Lundsholt lagt inn fullt av små overraskingar, ein god porsjon magi, og i samarbeid med den uvanleg kreative scenografien til Birgitte Strid blir framsyninga ei reise i finurlege små påfunn og overraskande hendingar, og med ei bokhylle som nesten tar til å leve sitt eige liv. Det er både underhaldande og opplevingsrikt. Og så er det teknologien. For her er denne produksjonen verkeleg nyskapande, – ja vi snakkar faktisk om i verdsklasse nyskapande. Framsyninga nyttar seg av det vi på norsk kan kalle «utvida røyndom» eller «augmented reality», forkorta til AR. Delar av framsyninga er tradisjonelt teater med skodespelarar, scenografi, handling og tale. Men så blir vi alle utstyrte med briller som vi kan ta av og på ettersom framsyninga skrid fram. Der er det lagt inn ulike animasjonar og effektar som gjer at vi kan sjå eldsprutande drakar, vi kan skyte med pilar mot mål på scena og vi kan vere på havbotnen i lag med Havets herskarinne. Desse bilda legg seg oppå scenografien, men kan ikkje sjåast for skodespelarane som må spele etter nøye instruert mønster for å bli synkrone med animasjonane. Teknikken fungerer fabelaktig godt. Og det er her dei tre regionteatera nyttar innovativ teknologi som knapt nokon har nytta før dei. Norsk-tyrkiske Glitch Studios med ei rekkje dyktige folk står for mykje av det virtuelle. Og eg ser at videodesignen er ved David Lejard-Rugget. Han hadde også videodesignen for Plexus Polaires «Moby Dick» frå 2020, ei av dei beste teaterframsyningar eg nokon gong har sett, så her er det henta ekspertise på øvste hylle.

Til å spele alvedronning og dei andre skapnadene Torn og Rose møter, har dei tre teatera nytta lokale skodespelarar, og i Molde er det Johanna Mørck, røynd og solid som akslar desse rollene. Carina Furseth og Peder Lauvås har spela Rose og Torn i meir enn halvtanna år, og ein skulle tru det blei rein rutine og autopilot etter kvart, men slik var det ikkje. Dei er samkøyrde, tydelege og ikkje så reint lite sjarmerande. Presisjonen og timinga med tanke på det teknologiske var imponerande. Og så er dei samstundes høgt og lågt, spelar med mykje energi, og ikkje minst ei smittande speleglede.

«Torn & Rose i eventyrland» er ei heilt annleis barne- og ungdomsframsyning og syner kva vi kan stå framfor når det gjeld teknologiske nyvinningar og nyskapande scenekunst. Ikkje uventa har framsyninga vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar. Og i desember vann ho den særs gjeve «European XR Awards» i kategorien «Location Based Entertainment of the Year». I tillegg til ein nyoppretta akkolade for tverrfagleg samarbeid.
«Torn & Rose i eventyrland» hadde premiere i Mo i Rana i august 2023, er sia spela på Teater Vestland, i Oslo, og nå står det att berre sju framsyningar i Møre og Romsdal.

Eit fyrverkeri av ei framsyning

januar 20th, 2025

TEATER

FLYR HØGT: Peter Pan (Sverre Breivik) og resten av ensemblet er med på å gi «Nye Hjorten Teater» ein formidabel flying start.
FOTO: ANTERO HEIN/HEIN STUDIOS AS

«Peter Pan – Stargate to Neverland»
Nye Hjorten Teater
Av: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal fritt etter J.M. Barrie
Musikk: Stargate og Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Christina Lovery
Koreografi: Josephine Gracia
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Lyddesign: Erlend Solli Aune
Orkester: Kyrre Havdal, Kari Nesdal Sandnes, Eli Hatlehol, Christian Aftret Eriksen, Vegard Lien Bjerkan, Rasmus Rohde, Morten Berger Stai og Tore Thorvaldsen Sandbakken
Med: Sverre Breivik, Ida Waldine Solstad, Benedicte Søreng, Emil Olafsson, Olve Løseth, Mathias Luppichini, Julie Dahle Aagård, Mathias Angelhus, Sindre Sten Vik, Martha Standal, Ida Göransson, Ole Kristian Tangen, Gard Hjertaas Bjørnson, Knut Kippersund, Kirsti Lucena, Mikael Rønne, Karl Bekele Steinland, Kristian Vindenes, Malin Skjolde, Ingvill Siegel, Sara Enger Larsen, Sigyn Åsa Sætereng, Kajsa Jacobsen og Thomas Kvamme Urnes

Med premieren på «Peter Pan – Stargate to Neverland har «Nye Hjorten Teater» i Trondheim fått ein pangstart som lovar godt for framtida.

FOTO: NYE HJORTEN TEATER

«Hjorten Revy- og Varietéteater» i Trondheim var i åra 1867 til 1947 ein kulturinstitusjon som sette spor etter seg, og ei mengd av revyvisene til husdiktaren Alv Schieflo er framleis del av vår felles songskatt. Teateret blei diverre rive i 1961, men har nå fått ein verdig arvtakar. Ved å drøyme stort og satse tilsvarande, har Remasjefen Ole Robert Reitan og Reitanfamilien fått reist «Nye Hjorten Teater», eit flunkande nytt teaterbygg. Midt i Trondheim sentrum ligg det gamle, og nedlagte hovudpostkontoret, eit freda og vakkert jugendbygg (teikna av Karl Norum i 1911) som om kort tid vil opne som det nye kunstmuseet Posten Moderne (PoMo). Men i bakgarden til postkontoret, i ei trong veit der varemottaket låg, er det nå klemt inn eit heilt nytt og uvanleg opplevingsrikt teaterbygg (teikna av Skibnes Arkitekter og interiørdesign av Anemone Studios) i ei blanding av modernisme og art deco, med to scener og plass til høvesvis 600 og 100 personar. Onsdag var det storslått innviing av teateret og urpremiere på opningsframsyninga «Peter Pan – Stargate to Neverland».

For å styre det kunstnarlege i «Nye Hjorten Teater» har eigarane hyra inn trioen Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal. Desse tre har gjennom dei siste åra revitalisert norsk musikaltradisjon, særleg ved å herje og leike seg med klassikarane, gi dei ny aktualitet, samtidspolitiske referansar og eit vell av humor, ordspel og respektløyse. Det tok til alt i 2007 då nyutdanna Bones og Løseth sette opp Lewis Carrolls «Alice i Eventyrland» på Munkholmen, ei framsyning dei deretter vidareutvikla og tok med seg til Nationaltheatret. Seinare har det blitt nyskriving av alt frå «Derrick» til «Robin Hood», «Nøtteknekkaren» og meir til. Denne gongen er det ein særs laus parafrase over J.M. Barries bøker og skodespel om den evigunge Peter Pan, fea Tingeling og drøymelandet Neverland.

Framsyninga er bygd på to skjelett; – historia om Peter Pan, og den mangslungne musikkatalogen til låtskrivar- og produksjonsselskapet «Stargate» (Mikkel Eriksen og Tor Erik Hermansen). På eit finurleg vis har dei greidd å sy dette saman til eit fyrverkeri av ein musikal. Syskena Wendy (Benedicte Søreng), John (Emil Olafsson) og Michael (Olve Løseth) møtest etter gravferda til faren, går litt i barndomen, får besøk av Peter Pan (Sverre «Metteson» Breivik) og Tingeling (Ida Waldine Solstad), og reiser med dei til Neverland der dei blir tjue år yngre. Der rår den kyniske, men også sjarmerande naive Hook (Olve Løseth) og fildelingspiratane Pirate Bay som bokstaveleg talt syg talent og låtar ut av artistar. Peter Pan vil ordne opp, og historia vidare er komplisert og ikkje alltid like grei å orientere seg i. Og det er langt frå Barries opphavelege Peter Pan, for her handlar det om opphavsrett, sjalusi og ulykkeleg kjærleik, men også om dagsaktuelle og meir politiske tema som forsoning og tilgiving.

SPEKTAKULÆRT: Danse- og songnummer til å ta pusten frå ein. FOTO: ANTERO HEIN/HEIN STUDIOS AS

Teksten til Bones og Løseth er som vanleg full av påfunn, ordspel, kultur- og samtidspolitiske referansar og litt underbuksehumor, men i langt meir kresen og nøktern bruk enn tidlegare. Bones har sjølv regissert det heile, og det er blitt ei framsyning som flyr høgt i dobbel tyding. Scena på «Nye Hjorten» er ikkje spesielt stor, men har ei dreie- og heve/senkescene som scenografen Gjermund Andresen har nytta til fulle. På trolldomsvis møblerer og ommøblerer han scena saumlaust. Og med eit imponerande snorloft flyr Peter Pan, Tingeling og Wendy akrobatisk over både scene og sal. Saman med Ingrid Skanke Høsøiens utsøkte og omfattande lysdesign og Christina Loverys fantasirike kostyme, blir framsyninga også ei visuell nyting av det heilt sjeldne. Og på den relativt vesle scena har koreografen Josephine Gracia greidd å få plass til ei rekkje forrykande dansenummer.

STJERNESKOT: Den til nå ukjende Ida Waldine Solstad imponerer i rolla som Tingeling.
FOTO: ANTERO HEIN/HEIN STUDIOS AS

Eit drygt trettitals låtar frå Stargatekatalogen, alt frå Rihanna via Ylvis og til fotballsongen «Verdens Beste Damer», følger historia forbausande godt og verkar i liten grad som naudval. Songprestasjonane, både frå solistar og kor, er gjennomgåande framifrå, med ein trygg Sverre Breivik i hovudrolla som Peter Pan. Og den til nå relativt ukjende Ida Waldine Solstad imponerer stort i rolla som Tingeling og syner eit uvanleg omfattande register. Eit åtte personar stort orkester, dyktig leia av kapellmeister, og arrangementsansvarleg Kyrre Havdal, sørger for skikkeleg trøkk, og eit formidabelt lydbilde. Orkesteret sit under scena, så vi får dessverre ikkje sjå dei før under applausen.

Ensemblet på drygt tjue aktørar er samkøyrde så det held og leverer solid spel og framifrå song. Sverre Breivik er overtydande både som songar og skodespelar, og som ein flygande Peter Pan får han også vist akrobatisk talent. Olve Løseth får nytta sitt store komiske register i rolla som ein meir sjarmerande enn skummel Hook. Og Emil Olafsson og Benedicte Sørengs meir nøkterne spel er heilt naudsynt for å drive framsyninga framover. Eg har sett dei fleste av produksjonane til trioen Bones/Løseth/Havdal, og dette er utan tvil det beste dei har laga. Til nå. Det lovar godt for framtida til «Nye Hjorten Teater».

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. januar 2025.)
(Som teatermeldar gjer eg merksam på at eg er pensjonert arkitekt, og fram til for ti år sia hadde eg fleire restaureringsoppdrag for Reitanfamilien.)

Motsette retningar

januar 13th, 2025

TEATER

BRUSTNE AMBISJONAR: Cathy (Sunniva Du Mond Nordal) slit med eigen karriere og må jenke seg etter Jamies (Snorre Ryen Tøndel) forfattarsuksess. FOTO: VEGARD EGGEN

«The Last Five Years»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Tekst og musikk: Jason Robert Brown
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Øyvind Brandtzæg
Musikals ansvarleg: Åsmund Flaten
Scenografi: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Sunniva Du Mond Nordal og Snorre Ryen Tøndel
Orkester: Åsmund Flaten, Rannveig Ryeng, Karoline Brevik, Live Sunniva Smidt, Kjetil Sandnes og Torbjørn Netland

Det hjelper diverre ikkje med framifrå skodespelarar og eit dyktig orkester når historia er føreseieleg og ganske uforløyst.

Cathy og Jamie, båe med store kunstnarlege ambisjonar, møtast og forelskar seg. Etter ei stund giftar dei seg også. Cathy er skodespelar og songar som slit med å få jobbar, medan Jamie raskt blir ein suksessrik forfattar. Karrierane deira er fullstendig asynkrone, og etter fem års forhold ryk det heile. Dette er stuttversjonen av «The Last Five Years», ein musikal som den amerikanske dramatikaren og komponisten Jason Robert Brown (f. 1970) skreiv i 2001, delvis sjølvbiografisk etter hans eige samlivsbrot. Musikalen hadde premiere i Chicago same år, blei filmatisert i 2015, og her heime er den spela på Edderkoppen i 2014. Nå har Trøndelag Teater sett han opp på teaterets gamle scene.

Historia om forelsking og samlivsbrot er til å kjenne seg att i for dei fleste. Det mest spesielle med denne musikalen er forteljarperspektivet. Framsyninga består av fjorten tablå, eller songar, der Cathy og Jamie framfører halvparten kvar, og utan særleg interaksjon. Medan Jamie fortel historia kronologisk frå dei møtast til det går over ende, startar Cathy med slutten og fortel historia motsett veg. Det meste av handlinga blir sunge. Medan den eine syng, er den andre til stades på scena, og kan kommentere eller illustrere handlinga med små verbale innslag. Men i hovudsak er dette to separate presentasjonar av same historie, fortald på ulikt vis. Berre midtvegs, når dei giftar seg, er det ei samhandling mellom dei to.

Å fortelje i retrospekt er eit grep som ofte er nytta i dramatikken, men det er ikkje så vanleg å blande kronologien slik det blir gjort i «The Last Five Years». Dette kunne ha vore eit interessant grep om det hadde gitt andre perspektiv på forståinga eller større innsikt, men her framstår det berre som ein fiks idé og blir eigentleg meir forvirrande enn oppklårande.

Historia dreier seg om kjende situasjonar som forelsking og brot, om to med felles ambisjonar, men der resultatet blir heilt ulikt. Og om kva som skjer med eit forhold der den eine opplever suksess og blir høg på seg sjølv, medan den andre må gi avkall på det meste og jenke seg. Dette er eksistensielle problemstillingar mange kan oppleve, og som er vel verd både eit drama og ein musikal. Men då må vi kome under huda på dei to og forstå kva og kvifor. Det gjer ein ikkje i denne framsyninga som blir alt for episodisk, og der dei fjorten songane, eller tablåa, i liten grad byggjer på kvarandre. Teksten er overflatisk, og dermed får også dei to på scena alt for lite å spele på.

Jason Robert Brown har vore både forfattar og komponist. Musikken hans er ei herleg sjangerblanding, men utan spesielle høgdepunkt eller noko som du vil nynne på etter framsyninga. Det seks personar store orkesteret, under kyndig leiing av Åsmund Flaten, gir særs godt tonefølgje, men nokre gongar er musikken så høg at det er vanskeleg å høyre songtekstane.

Musikalen blir framført på Trøndelag Teaters gamle scene, ei intimscene som passar godt til formatet. Olav Myrtvedt har laga ein enkel scenografi der det meste av handlinga skjer på framscena utan for mange rekvisittar. Orkesteret sit synleg på bakscena, bak ein transparent, og delvis open vegg som gjer det mogeleg med eit tidvis fikst samspel mellom skodespelarane og musikarane. Saman med Eivind Myrens diskrete lyssetting gir scenografien ei fin ramme for ei framsyning der songane, orda og spelet skal vere det sentrale.

Rollene som Cathy og Jamie blir framført av Sunniva Du Mond Nordal og Snorre Ryen Tøndel, to av teaterets beste musikalartistar. Dei leverer framifrå songprestasjonar og syner båe stort register. Men det ganske overflatiske tekstgrunnlaget gir dei alt for lite å spele på for å gi verkeleg liv og innhald til dei to. Likevel greier dei å få til fine små glimt av noko større, som når Du Mond Nordal viser oss det tragikomiske i alle hennar mislukka auditions, eller når Ryen Tøndel i ein augneblink av sjølvinnsikt fortel om korleis suksess, – og giftering, gjer han meir ettertrakta.

Øyvind Brandtzæg har hatt ei vanskeleg oppgåve, men kunne nok ha gjort meir for å gi liv og innhald til dei to rollene. I staden er regien hans ei varsam tilnærming til stoffet der han let songane vere det sentrale, men der han likevel greier å løyse opp handlinga og skape litt humoristiske situasjonar som ved å la orkesteret tidvis bli ein levande kulisse som tek del i handlinga.

«The Last Five Years» framstår som alt for føreseieleg og innhaldsmessig litt passé. Då hjelper det diverre lite at Trøndelag Teaters versjon har ei god innpakking og er framifrå presentert.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. januar 2025.)

Teateråret 2024

desember 27th, 2024

Kulturen, og dermed også scenekunsten, er under hardt økonomisk press, og politikarar kuttar over ei låg sko. Samstundes er teaterkritikken ein sakte døyande disiplin. Då er det spesielt viktig at det er nokon som tar ansvar, og ikkje berre for sentrale scener i Oslo-området. Sjølv har eg reist og meldt teater frå Kautokeino og Tromsø i nord til Stavanger og Kristiansand i sør, og totalt har eg truleg sett rundt 125 produksjonar i løpet av året. Det har resultert i 40 meldingar og artiklar i Klassekampen, og 18 på bloggen min. Og ettersom eg i år har fått høve til å vitje ein del festivalar, omfattar nokre av meldingane fleire produksjonar vist på same festival.

Ved årets slutt er det vanleg at vi meldarane i Klassekampen gjer opp status og peikar på dei tre produksjonane som vi meiner særleg har merka seg ut. Dei to første vala mine var båe store hovudsceneproduksjonar som eg melde i avisa. Men for den tredje er det litt annleis, og det er godt ved årets slutt å kunne løfte ei framsyning som diverre har gått under radaren til dei fleste. «Hvorfor barnet koker i polentaen» var ein produksjon på Nordland Teater, som eg diverre ikkje fekk sett medan han blei spela i Mo og på turné i Nordland. Men framsyninga blei også vist to gongar på Vega scene under Heddadagane i juni. Då fekk eg sett henne, og det resulterte i ei spontan og entusiastisk melding på bloggen min. Det er faktisk, og diverre ganske symptomatisk for situasjonen, den einaste kritikken «Hvorfor barnet koker i polentaen» har fått, og så vidt eg veit, har heller ikkje nokon i Heddajuryen sett framsyninga. Det er ikkje berre trist, men ein liten skandale. Framsyninga er ein monolog, heilt eksepsjonelt godt formidla av Julie Sofie Reite, og etter det eg har fått opplyst, er både ho og regissøren Simone Thiis interesserte i å få vist framsyninga for fleire.

Her er mine tre beste frå teateråret 2024 slik det blei presentert i Klassekampen fredag 27. desember 2024:

1
«KONGSEMNENE»
Trøndelag Teater
Av: Henrik Ibsen
Regi: Yuri Butusov

Yuri Butusovs regigrep er å presentere store spektakulære bilde. I ei respektlaus, men likevel kompromisslaus og perfeksjonistisk sjangerblanding har han gitt «Kongsemnene» ny vitalitet og skapt ei uvanleg mangesidig og dagsaktuell framsyning der hovudtema er tvil og tru og psykologien bak maktkamp og krig.

2
«KRISTIANIA MAGISKE TIVOLITHEATER»
Hålogaland Teater
Av: Kjetil Indregard og Mads Løken
Regi: Hilde Brinchmann

«Kristiania magiske tivolitheater» er ei oppsetjing som med magi og nærast profesjonelle barneskodespelarar leikar seg med eit utal av teaterets verkemiddel. I botn av det heile ligg ein gedigen hyllest til scenekunsten og teaterets evne til å skape glede, undring og magiske augneblikk. Det vi kallar kunst.

3
«HVORFOR BARNET KOKER I POLENTAEN»
Nordland Teater
Av: Aglaja Veteranyi
Regi: Simone Thiis

Ei sår, vakker og vemodig historie om ei tretten år gamal jentes rotlause oppvekst i ein sirkusfamilie, eit barn som aldri får vere barn, men som likevel har sine draumar og lengt. I Julie Sofie Reites mangefasetterte, djuptborande og heilt eksepsjonelt innlevande tolking får vi historia sett frå barnets perspektiv.

Klassikarar i tvangstrøye

desember 4th, 2024
MYKJE TALE: I «Heksejakt» er det mange aktørar, og etter meldaranes syn for omstendeleg dialog. Men kva skal ein gjere når det ikkje er lov å kutte i teksten? FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

KOMMENTAR

Er arvingane etter nokre av dei største dramatikarane frå 1900-talet i ferd med å bli sin eigen verste fiende?

For tida spelar Den Nationale Scene i Bergen «Heksejakt» av Arthur Miller og «Glade dager», av Samuel Beckett. Presentasjonen av både desse dramaa reiser ein viktig diskusjon om opphavsrett og i kor stor grad ein regissør og ein scenograf kan tolke den opphavlege teksten.

Med bakgrunn i hekseprosessane i Salem Massachusetts på 1600-talet skreiv Miller «Heksejakt» i 1953, ein krass kritikk av kommunistjakta i USA på 50-talet. Med det som skjer i verda i dag, der det blir jakta på både den eine og andre, er problematikken igjen blitt særs relevant. Det er difor eit godt val av DNS å setje opp akkurat «Heksejakt» nå.

Trass i stort sett rosande ord av framsyninga har alle kritikarane påpeika at dialogen er for omstendeleg og at regissøren burde ha kutta meir. Problemet er berre at dei som sit på rettane etter Arthur Miller, har lagt ned totalt forbod mot å kutte.

Endå verre er det med «Glade dager» som Samuel Beckett skreiv i 1961. Her er det ikkje berre teksten ein ikkje kan kappe eller endre, rammene for scenografien er minst like strenge. For 60 år sia var dramaet ein surrealistisk kommentar til korleis tilværet kan fortone seg. Men gjennom åra har røyndomen innhenta Beckett, og det som kunne sjåast som absurd i 1961, er meir som sosialrealisme i dag. Difor ville ei litt friare tolking som tok utgangspunkt i vår eiga samtid, ha gjort dramaet langt meir relevant.

I eldre dramatikk var det ganske vanleg med tydelege scenetilvisingar i manuset. Men med framveksten av dei siste femti åras regiteater blir det meir opp til regissørane, i samarbeid med dramaturg og scenograf, å tolke og vidareutvikle sceneteksten. Ved å tvihalde på originalens genialitet risikerer mange av arvingane etter dei store dramatikarane å bli sin eigen verste fiende. Om ikkje slike drama i større grad kan bli grunnlag for nytolking og variasjon, vil det til slutt ende med at delar av nyare verdsdramatikk kan bli irrelevant. Inntil vidare. For om 70 år er allting gløymt, for å omskrive Hamsun litt. Sytti år etter opphavspersonens død er det litt meir fritt fram.

Verda utviklar seg, og dramatikken med den. Då Ola B. Johannessen som nytilsett sjef på Trøndelag Teater hevda at verdsdramatikken ikkje er skriven for mellomaldrande kvinner og sa opp fire kvinnelege skodespelarar, fekk han den store skodespelarstreiken i 1979 rett i fanget. Kjønn, legning, etnisitet og miljøvern er berre nokre av dei sidene ved samfunnsdebatten som har eksplodert dei siste femti åra, og som sjølvsagt ikkje kunne ha blitt fanga opp i tekstane til femtitalets dramatikarar. Men dei som freistar å få desse temaa inn i klassikarane, møter heilt meiningslaus motstand. Mange vil hugse Ine Jansen og Linn Skåbers forsøk på å spele «Mens vi venter på Godot» (også den av Beckett) med to kvinner i staden for to menn. Det var blankt nei. I staden skreiv dei parafrasen «Mens vi venter på no’ Godt», ein tittel med meir enn dobbel botn. Trøndelag Teater måtte i 2009 ta Godot av plakaten rett før premiere av same grunn. Fire år seinare ville dei setje opp Arthur Millers «En handelsreisendes død» med to døtrer i staden for to søner. Det kunne ha vore ei interessant vinkling. Men blankt nei. Som med Skåber og Jansen enda det med ein fornøyeleg sjølvskriven parafrase over Miller i staden. Slik kan ein sjølvsagt halde på i 70 år, men det hadde vore meir interessant å nytolke originalen.

Her heime er det spesielt Thorbjørn Egners drama som det er vanskeleg å gjere noko med. Eg har forståing for at scenografien i Kardemomme By bør henge nøye saman med teikningane til Egner, men det burde vere mogeleg å sjå litt nærare på byens kjønnsroller og kriminalomsorg.

I mange drama er rammevilkåra like ille for scenografen som for regissøren. Eg har opplevd at teatera ikkje har lagt ut pressebilde frå spesielle tablå fordi dei nok er litt på kant med opphavsretten. Og eg er ved fleire høve beden om ikkje å vere for spesifikk i omtalen av einskilde scener. Slik skal det sjølvsagt ikkje vere. Og det treng det heller ikkje. Eg oppfattar at ein del av dei fremste norske samtidsdramatikarane, som Jon Fosse, Arne Lygre og Monica Isakstuen er langt rausare. Og sjølv om det kan føre til så mangt, gir det stort sett rom for spennande nye vinklingar.

Norske teater er sjølvsagt alt for små til å gjere noko med arven etter Miller, Beckett eller Edvard Albee. Men det er likevel på høg tid at nokre oppegåande journalistar spør forlag og dei som sit på rettane om kvifor det er slik, og om dei ikkje ser at dei i det lange løp gjer seg sjølve ein bjørneteneste.

(Kommentarartikkelen stod i Klassekampen onsdag den 4.desember 2024.)

Drama utan spelerom

november 30th, 2024
TOSEMD: Winnie (Marianne Nielsen) held praten i gong medan mannen hennar (Gerald Pettersen) er nærast som ein kulisse. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

TEATER

«Glade dager»
Den Nationale Scene, Lille scene
Av: Samuel Beckett
Omsett av: Øyvind Berg
Regi: Ida Høy
Scenografi og kostyme: Simen Mustvedt
Lys og videodesign: Arne Kambestad
Med: Marianne Nielsen og Gerald Pettersen

«Glade dager» hadde fortent ei langt friare tolking enn det regissøren har fått lov til.

I «Glade dager» av Samuel Beckett (1906-1989), som nå blir spela på Den Nationale Scenes Lille scene, er alt sett på spissen. Det er eit drama som ytre sett er ganske surrealistisk, men som eigentleg handlar om kvardagen til kvar einskild av oss. Nedgrave i ein jordhaug i steikande sol sit Winnie på om lag 50, opptatt av innhaldet i handveska si. Tilværet ser ikkje særleg lysteleg ut, men likevel tar ho stadig opp att mantraet om kor herleg alt er. Mannen hennar, Willie, som truleg er nokre år eldre, er stort sett skjult bak haugen. Han er mest opptatt av avisa og svarar knappast når han blir tilsnakka. Stykket er difor nesten som ein monolog frå Winnies side. Ho er ei kvinne som klamrar seg til optimismen jamvel om livet ser heilt annleis ut. Og verre blir det, for medan ho i første akt har armane fri, er det berre hovudet som stikk opp av jorda i andre akt.

Trass Becketts strenge føringar har scenograf Simen Mustvedt likevel fått til litt nytenking. Haugen der Winnie sit nedgrave er sjølvsagt sentral, men i tillegg har han funne rom for ein bakskjerm med lys- og videoprojeksjonar til å skape gode brot og lyseffektar. Og i opninga veks det blomar opp av haugen som Winnie kan spegle seg i, for ho er kledd opp nærast som ein blome sjølv. Ida Høy har heller ikkje hatt store spelerommet i regien av dette dramaet. Men ho opnar med at Willie (Gerald Pettersen) som ein gamal mann og på litt komisk vis, stavrar seg inn på scena og sjølv dreg opp sceneteppet, som for å understreke at dette er teater. Så forsvinn han bak haugen, og attende er Winnie (Marianne Nielsen). Ho tar til å legge ut om kor bra alt er samstundes som vi alle ser at det er det slett ikkje. Ho kommuniserer, stort sett einvegs, med Willie, og nesten like mykje med sitt vesle kosmos som i hovudsak er veska hennar og innhaldet i den.

Winnies rolle er enormt tekstrik. I tillegg er den særs krevjande fordi det er så lite fysisk å spele på, og særleg i andre akt då berre hovudet hennar er synleg. Sjølv om registeret ho nyttar kunne ha vore litt større, greier Marianne Nielsen likevel å fylle rolla. Det gjer ho med små variasjonar i intonasjon og stemmebruk, med pausar, og ikkje minst den stadige vendinga mot ein kulisse av ein mann. Og utan at Winnie sjølv skjønar at det er slik, får Nielsen likevel fram både komikken og det tragiske i tilværet hennar.

For tida spelar DNS også «Heksejakt» av Arthur Miller der fleire av meldarane meinte at det burde ha vore stroke meir. Men problemet med både Miller og Beckett er at dei som sit på opphavsrettane set forbod mot å stryke eller endre tekst. Og for Becketts vedkomande er også scenetilvisingane særs strenge. Det som kunne verke absurd då Beckett skreiv «Glade dager» i 1961, er i dag nærast som sosialrealisme, og dette dramaet hadde fortent ei langt friare tolking enn det Høy og DNS har fått lov til. Gitt dei strenge rammene, har Ida Høy likevel greidd å skape ei framsyning til å kjenne seg att i og der ho får godt fram at uansett korleis livet er, freistar menneska alltid å skape meining i det meiningslause.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 30. november 2024.)

Den skjøre lina

november 25th, 2024
AVSTAND: Ho forsøker, men det er vanskeleg for Den andre (Ingrid Unnur Giæver) å kome innpå og forstå Den eine (Kim Fairchild). FOTO: GRETHE NYGAARD

TEATER

«Eg er vinden»
Rogaland Teater, Intimscena
Av: Jon Fosse
Regi: Victoria Meirik
Scenografi og kostyme: Anette Werenskiold
Komponist: Ingvild Langgård
Lysdesign: Agnethe Tellefsen
Med: Kim Fairchild og Ingrid Unnur Giæver

Ei teksttru og lågmælt framsyning som reiser langt fleire spørsmål enn svar.

Dei fleste har tenkt tanken. Du står der på ein perrong når toget kjem, eller du går over ei bru, og tenkjer: Kva om eg hoppar? Men du gjer det ikkje. Kva er det som får nokre til likevel å krysse denne skjøre lina og gjere slutt på livet? Om dette handlar Jon Fosses drama «Eg er vinden» frå 2006 som nå blir spela på Rogaland Teaters intimscene. Det er ein sterk og eksistensiell tekst som stiller store og vesentlege spørsmål.

«Eg er vinden» handlar om to personar i ein båt, «Den eine» (Kim Fairchild) og «Den andre» (Ingrid Unnur Giæver). Framsyninga tar til med at Den eine tar livet av seg ved å hoppe på sjøen, eller som ho seier: «Eg ville det ikkje. Eg berre gjorde det». Så held det fram som ein fiktiv samtale mellom dei to der Den andre i ettertid freistar å finne ut kva som skjedde, og kvifor det gjekk som det gjorde. Gjennom denne tenkte samtalen forsøker Den andre å nøste opp bakgrunnen for å forstå der ho sit att ganske fortvila med ei rekkje spørsmål, og ikkje så reint lite skuldkjensle.

I tilvisinga frå Fosse skriv han at «Eg er vinden speler seg ut i ein tenkt og så vidt illudert båt, og handlingane er også tenkte, og skal ikkje utførast, men illuderast.» I teksten hans er det også openbert at Den eine er ein mann, men det går ikkje fram kven Den andre er. Og jamvel om det er ein eller annan relasjon mellom dei to, er det likevel tydeleg at det ikkje er noko tett forhold.

På intimscena til Rogaland Teater har Anette Werenskiold laga ein scenografi som er som ei hylle over ein vasspegel, ein situasjon som kan illudere eit skipsdekk, men også så mykje meir. Og ho nyttar forsiktig og diskré videoprojisering av horisonten i bakgrunnen. Det er blitt ein enkel og stilisert, men likevel illustrerande scenografi som ikkje legg for sterke føringar på tolkinga. For i dette dramaet har Fosse gitt eit stort rom for å assosiere og tenke sjølv. Victoria Meiriks regi er særs tru mot Fosses tekst, med eitt lite unnatak. I denne oppsetjinga er båe aktørane kvinner. Då er det nokre tolkingshøve av mogelege relasjonar mellom dei to som forsvinn, men eg merkar raskt at det eigentleg går heilt greitt, og at det likevel framleis er meir enn nok å ta tak i for publikum.

Regien er også tru mot Fosses tilvisingar der det først og fremst er dialogen mellom dei to og forsiktig mimikk, som driv handlinga framover, og i særs liten grad aktivt spel eller fysisk interaksjon. Det blir spela i stort breiddeformat på den vesle intimscena, og for det meste med god fysisk avstand mellom dei to. Slik understrekar Meirik kor langt dei står frå kvarandre i å forstå det som skal skje, eller det som i røynda nettopp har skjedd.

Kim Fairchild har til nå først og fremst vore ein musikalartist, men her syner ho seg også som ein god karakterskodespelar. Spelet hennar er neddempa og med rom for gode pausar der teksten kan søkke inn. Som Den eine, ho som hoppar på sjøen, greier ho på lågmælt vis å syne sider ved personen som kan forklåre handlinga og valet ho gjer. Og samstundes tvisynet ved at ho både er glad i livet, men også ønsker å avslutte det. Ho er den røynde båtføraren som tek med seg den langt mindre sjøvande Den andre, og som trass i dårlegare ver, etter kvart legg ut mot ope hav. Ho gjer Den andre meir og meir nervøs, og når ho også hoppar på sjøen, er det ei både desperat, fortvila og livredd Den andre som sit att i båten.

Ingrid Unnur Giæver speglar fint både undringa til Den andre og utforskinga hennar for å finne ut og forstå kva som skjedde og kvifor. Samstundes er spelet hennar langt meir aktivt og direkte, og det gjer at kontrasten mellom dei to tidvis blir litt i største laget. Men når det dreg seg til i finalen, og ho sit att åleine i båten, blir fortvilinga og skuldkjensla hennar verkeleg til å ta og føle på. Og både for henne og for oss i salen reiser det som har skjedd, langt fleire spørsmål enn svar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. november 2024.)

Trivialitetar og gullkorn

november 18th, 2024
FRAMAND: Alt ved denne karen, både klesdrakt og framtoning, er litt annleis. Vil han kunne gli inn? FOTO: KRISTIN BENGTSON

TEATER

«Den fræmende»
Teater Innlandet, Grimshallen, Folldal
Av: Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyer
Regi: Mattis Herman Nyquist
Komponist: Nils Martin Larsen
Scenografi og lysdesign: Øyvind Wangensteen
Kostyme: Lise Søraune
Med: Fredrik Høyer

Ei lågmælt og tekstrik framsyning med skråblikk på ulike former for munnleg kommunikasjon.

Vi har alle vore der. I eit lag med berre kjende der det med eitt dukkar opp ein utanfrå, ein framand, som ikkje berre dukkar opp, men som også gir seg til å prate. Og kva pratar han om? Jo, inkjeseiande småprat, såkalla «small talk» om alt og inkje, gjerne om veret, kven vi er, kor vi kjem frå, kva vi gjer osb. Ofte blir slikt kleint, men andre gongar endar det opp i det motsette. Som når du til dømes sit på toget og kjem i forsiktig og fullstendig nøytral samtale med sidepersonen om dette og hint. Og det så utviklar seg til ein spennande prat som gjer at du gjerne skulle ha vore med til endestasjonen sjølv om du berre skal halvvegs. Men så er det andre gongar at du leitar etter ein utveg, håpar at telefonen din ringer, eller seier du må på do sjølv om blæra er tom Alt dette er så attkjenneleg, og vi er der stadig vekk, – truleg kvar dag.

Dette fenomenet, og etter kvart mykje meir, har Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyer tatt tak i og skrive om, og i Nyquists regi og med Høyer åleine på scena, er framsyninga «Den fræmende» blitt ein times monolog som Teater Innlandet nå turnerer med. Men ikkje til kulturhusa og dei vanlege scenene, men til små, gamle grendehus og forsamlingslokale. Hus som i årevis har vore møteplass og staden for viktige hendingar i folks liv, som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. For ikkje å snakke om dansefestane og pubertal kjærleik. Desse husa representerer limet i småsamfunna, og her sit uendeleg mange historier i veggane.

For meg som er busett i Trondheim, er det enklaste å sjå produksjonane til Teater Innlandet når dei er lengst nord i regionen, og då eg såg at dei skulle spele i Grimshallen i Folldal ein sundagskveld, var det eit enkelt val. Om enn litt spesielt. For situasjonen er at eg hadde oppveksten min i Folldal, og har mange minne frå Grimshallen. Samtidig er det 55 år sia sist eg var der, så då eg nærma meg, kjende eg meg med eitt som «den fræmende» sjølv. Skulle denne framsyninga kanskje også handle om meg? Måtte eg gi meg til kjenne, og korleis ville drøset gå? Men angsten blei gjort til skamme, for den første eg møtte var bestekameraten til bror min frå meir enn femti år attende, og vi fann tonen så raskt at det ikkje var naudsynt med tomprat for å kome i gang.

Etter dette omstendelege forsøket på å setje framsyningas tema, og meg sjølv, i ein kontekst som vi alle nesten dagleg er del av, skal eg omsider kome til poenget og seie litt om det vi var komne for å sjå, og ikkje berre min eigen interaksjon i publikum.

I eit lite lokale som sikkert har sett sine beste dagar, men som framleis er i god drift, benkar vi oss. Og medan vi ventar på at noko skal skje, høyrer vi enkel gitarklimpring og ser at rommet er fylt av eit titals stålampar av den gamle typen med silkeskjerm. Og så er det eit lite rundt podium framom scenekanten. Det er det heile. Så kjem «den fræmende» (Fredrik Høyer) inn. Ikkje frå scena, men frå vestibylen som ein forsinka publikummar. Allereie i klesdrakta skil han seg noko ut, og med litt sjenerte gestar er det openbert at dette er ein som ikkje høyrer til her, og som i tillegg er synleg klår over det sjølv. Men han vil så gjerne, og tek til å prate. Og opninga er ikkje eingong småprat, men slikt som «Ja, ja. Yes, yes.» Og «Her står eg.» Det kunne ha blitt skikkeleg kleint, og vi kjenner alle litt på ubehaget. Men så tar han til å prate om det han pratar om. Som i eit metateater legg han ut om small talk, og korleis vi nyttar det i det daglege både overfor kjende og ukjende. Og der vi etter kvart forstår ar småpraten også er fundamentet for verkeleg prat.

Fredrik Høyer har bakgrunn frå slam-poesi og spoken word, og det kjem tydeleg fram i denne produksjonen. Praten hans er særs munnleg og naturleg, ja i starten så munnleg at det tok ei god stund før eg oppdaga at han ytra seg i bunden form. I røynda er framsyninga eit timelangt dikt beståande av ei herleg blanding av trivialitetar og kloke gullkorn. Det er tekstrikt så det held, og stundom går det så fort at det er vanskeleg å få med seg alt. Det er truleg også meininga. Høyer nyttar heile salen, spelar på og med publikum utan at vi kjenner det som invaderande eller vanskeleg, og han greier å halde oss i age, og merksemda vår på topp i ein heil time. Med småprat! Forstå det den som vil, men slik var det. Sjølvsagt har Mattis Herman Nyquist i sin regi lagt inn eitt og anna dramaturgisk brot for å stykke opp, og musikken til Nils Martin Larsen er også til god hjelp der den ligg som eit tydeleg lydbilde over framsyninga heile tida. Men det er først og fremst med blandinga av det inkjeseiande og djup klokskap, presentert så nedpå og lågmælt som det er mogeleg, at Høyer greier å unngå at dette blir keisamt. Jamvel om det sjølvsagt er litt kleint av og til. Det skal det jo vere. Eg skal ikkje røpe alt denne framandkaren er innom i den timen han held på. Men indirekte fekk han sett tankane og assosiasjonane våre i sving, og det gjorde han gjennom stor forteljarkunst. Med ei herleg blanding av trivia og klokskap, greidde Fredrik Høyer å seie oss vesentlege ting om å vere sosiale vesen.

Mystikk og undring

november 18th, 2024
MYSTISK: Malin (Vilde Biserød Vengnes) lurer på kvifor i all verda naboen Jørgen får eit nytt juletre kvar dag. FOTO: ANDREAS ROKSVÅG

TEATER

«God dag, herr Jul»
Det Vestnorske Teateret, Hovudscena
Av: Laura Djupvik
Dramatisering: Thomas Bye
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Komponist: Torbjørn Berglund Eriksen
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Vilde Biserød Vengnes, Anders Vårdal Gjerde, Johanne Fossheim, Sigmund Njøs Hovind og Piero Issa

Ei juleforteljing som byggjer opp om undring og spørsmål utan svar.

«God dag, herr Jul», som for tida blir spela på Det Vestnorske Teateret, er basert på Laura Djupviks roman med same namn. Det er ei ganske annleis juleforteljing med mange lag og ein god porsjon mystikk.

Malin (Vilde Biserød Vengnes) er ti år, og saman med mora (Johanne Fossheim) har ho flytta til ein ny stad der ho ikkje kjenner nokon, Faren er på Sydentur med «ho der nye», og mora er også litt fråverande. Det nærmar seg jul, og Malin vil at jula skal vere som ho alltid har vore. Men mora er ikkje like opptatt av slikt, og har «gløymt» å lage julekalender. Malin er overlate til seg sjølv, men når ho tar til på ny skule, får ho kameraten Henrik (Anders Vårdal Gjerde). Han bur i same gata og kan fortelje at i nabohuset bur det ei heks. Der bur også Jørgen som av merkelege grunnar får levert eit nytt juletre kvar dag. I forteljinga dukkar også Malins onkel Thor opp, ein som er meir i det religiøse, og ein lærar som er varm og forståingsfull.

Så er det ikkje slik at alt er slik det ser ut, for alle har sine løynde sider. Forteljinga har fleire lag og tema. Viktigast er nok spørsmålet om innhaldet i jula og kvifor vi feirar henne. Men her er samstundes tema som einsemd og Malins lengt etter faren, og også psykisk helse, for heksa er sjølvsagt ikkje heks. Og her er litt mystikk og merkelege ting som desse juletrea som kjem på døra til Jørgen kvar dag.

Jon Tombre har laga ein poetisk regi som reiser fleire spørsmål enn svar. Fire gode grep understrekar det poetiske. Torbjørn Berglund Eriksen har skrive nydeleg og stemningsskapande musikk som smyg seg om framsyninga. Even Børsums scenografi er stilistisk, enkel og gjennomført juletregrøn, men gir likevel rom for mange ulike situasjonar. Silje Grimstads lysdesign og særleg bruken av skuggeteater med dobbeleksponering, er særs effektfull. Og så er framsyninga krydra med små lyriske brot der Piero Issa dansar, klatrar, og gjer noko så uvanleg som å breakdanse. Alle desse elementa gjer framsyninga til noko langt meir magisk enn den meir prosaiske forteljinga, og løfter fram undringa og det både mystiske og mytiske.

Vilde Biserød Vengnes er trygg og truverdig i rolla som Malin, og får godt fram tiåringens ulike sider som både nyfikna, det triste og lengten etter faren. Anders Vårdal Gjerde er den varme og gode vennen Henrik, men syner også tydeleg at han har ei heilt anna tilnærming til røyndomen enn Malin. Johanne Fossheim, Sigmund Njøs Hovind og Piero Issa spelar alle fleire roller, men gjer det tydeleg og med lett attkjennelege karaktertrekk.

«God dag, herr Jul» er inga enkel eller typisk juleforteljing, og kan vere litt krevjande å kome inn i. Men ungane i salen sat som tende ljos, så det var openbert at dei fint greidde å leve seg inn i all mystikken.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. november 2024.)

Magisk er ordet!

november 18th, 2024
MAGI: Luka (Falk Nigar Aarskog Johannessen) kan trylle, og den eigentlege tryllekunstnaren Napoleon (Mats Holm) let seg imponere, men det er før han forstår at han er utkonkurrert. FOTO: KNUT ÅSERUD

TEATER

«Kristiania magiske tivolitheater»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Idé: Atle Knutsen
Av: Kjetil Indregard og Mads Løken
Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann
Barneregissør: Katrine Strøm
Musikk: Sindre Hotvedt og Sebastian Zalo
Scenografi: Signe Gerda Landfald
Kostyme- og maskedesign: Helena Andersson
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Lysdesign: Elisabeth K. Nilsson
Koreografi: Gerd Kaisa Vorren
Musikarar: Ole Morten Indigo Lekang (musikalsk leiar), Lene Buvik Larsen, Joakim Kristiansen og Alexander Aarøen Pedersen
Med: Ellen Andreassen, Julia Bache-Wiig, Mats Holm, Ingrid Mikalsen Deinboll, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Kristine Henriksen, Anna Karoline Løseth Bjelvin, Sindre Arder Skildheim, Hanne Mathisen Haga og 35 aktørar frå Lille HT.

«Kristiania magiske tivolitheater» er ein gedigen hyllest til scenekunstens evne til å skape glede, undring og rein magi.

EI ANNA VERD: Luka let seg fascinere av det som skjer på teateret. FOTO: KNUT ÅSERUD

NRK sin førjulsserie «Kristiania magiske tivolitheater» tok sjåarane med storm for tre år sia. I fjor sette serieskaparane opp ein to timars versjon på Oslo Nye Teater. Nå har Hålogaland Teater fått Hilde Brinchmann til å dramatisere historia på ny, og sette henne i scene. Gjennom åtte år har ho vore primus motor for det oppsøkjande gratistilbodet «Tigerstadsteatret» som har fått nye grupper barn i teateret. På same tid har Brinchmann dramatisert og regissert fleire skilsetjande, og Heddavinnande produksjonar på andre scener. Det var difor ikkje utan forventingar eg såg Hålogaland Teaters versjon av «Kristiania magiske tivolitheater». Og ho innfrir til fulle. Ikkje sia «Mio, min Mio» på Barneteatret Vårt i Ålesund for seks år sia, også den i regi av Brinchmann, har eg sett betre teater for barn.

IKKJE NOK: Teatersjefen (Julia Bache-Wiig) les høgt frå Aftenpostens gode melding, men det må meir til for å redde teateret. FOTO: KNUT ÅSERUD

Til liks med Rogaland Teater har Hålogaland Teater ei avdeling for barneskodespelarar, – «Lille HT». Og for teateret og regissørar er det ei Sareptas krukke å ause av. I oppsetjinga i Tromsø er det barn i alle barnerollene, heile 35 som ambulerer anna- og tredjekvar dag. Og under Katrine Strøms enormt dyktige leiing er desse ungane så flinke at dei ikkje blir statistar, men fullgode skodespelarar som gir framsyninga ein eigen autentisitet.

MAGISK SCENOGRAFI 1: Som ved magi blir Signe Gerda Langfalds scenografi endra frå slummen i Vika, og FOTO: KNUT ÅSERUD
MAGISK SCENOGRAFI 2: til ein overdådig patrisiarheim. FOTO: KNUT ÅSERUD

Signe Gerda Langfald har laga ein scenografi som skapt til framsyninga. Ein kreativ bruk av dreiescena og ei rekkje store element som blir flytta rundt på scena skapar teatermagi i seg sjølv. Elementa kan opne seg som forundringsboksar og på eit blunk endre seg frå slummen i bakgardane i Vika og til ein overdådig patrisiarheim. Og med Helena Anderssons utsøkte kostyme blir framsyninga også ei visuell oppleving av det heilt sjeldne. Hilde Brinchmanns regi er full av lag og overraskingar. Luka både spelar og er ein forteljar som på metavis, eller kanskje magisk vis, kan stoppe og fryse framsyninga og kommentere den før han set henne i gang att. Og både han og heile ensemblet spelar hemningslaust på publikum som villig let seg forføre. Den første trampeklappen kom etter berre eit kvarter. Eit firepersonars orkester spelar nyskriven musikk av Sindre Hotvedt i ei herleg sjangerblanding slik omreisande vaudevilleartistar gjerne gjorde. Og ikkje berre dei vaksne profesjonelle, men også ungane har songstemme så det held.

INFAM: Erle Butenschøn (Ellen Andreassen) er den personifiserte vondskapen. FOTO: KNUT ÅSERUD

Historia er godt kjend, men vi er i Vika i Kristiania for 115 år sia. Den polioråka tiåringen Luka bur saman med faren, Hugo, som blei enkemann og gjennomgåande trist, to år tidlegare. Hugo jobbar på krutverket, og vil ha Luka til også å arbeide der. Men Luka er fascinert av det noko rufsete Kristiania tivolitheater, og med sjarm og litt kunnskap om trylling får han jobb på teateret. Da som nå ligg det mørke skyer over hovudstadsscenene. Teaterbygget er eigd av den snørrhovne aristokraten Erle Butenschøn. Mannen hennar er truga av konkurs, og i monoman redsle for å bli fattig, gjer ho alt ho kan for å kunne kaste ut teateret og selje bygget. I denne skitne konspirasjonen mobiliserer ho både Aftenposten, politiet og sunnheitskommisjonen, der ho sjølv sit. Mot denne overmakta står scenekunsten, fattigfolk, kreativitet og litt flaks. Det går sjølvsagt godt til slutt, og vi forstår til og med Erles personlege bakgrunn for å vere så vond. Når det nærmar seg jul, er vel dei fleste gode.

LILLE HT: Tre dusin imponerande dyktige ungar frå Lille HT, anført av premieredagens Luka (Falk Nigar Aarskog Johannessen). FOTO: KNUT ÅSERUD

Personinstruksjon og spel er framifrå. Ellen Andreassens tolking av oppkomlingsfrua Erle er infernalsk og akkurat passe karikert. Og Julia Bache-Wiig er myndig og klår som teatersjefen og unganes mest fortrulege. Men i denne oppsetjinga er det ungane som rår, og dei vaksne skodespelarane blir nærast statistar. Katrine Strøm har gjort ein heilt imponerande jobb med instruksjon av desse 35 aktørane, nokre av dei i store berande og ufatteleg tekstrike roller. Diksjon, mimikk, spel, skifte, – alt er på plass!

«Kristiania magiske tivolitheater» er ei oppsetjing som leikar seg med eit utal av teaterets verkemiddel. På botn av det heile ligg ein gedigen hyllest til scenekunsten og teaterets evne til å skape glede, undring og magiske augneblikk. Det vi kallar kunst.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. november 2024.)