Archive for the ‘Teater’ Category

Leik med kontrastar

onsdag, november 19th, 2008

TEATER

Songs of the Dragons Flying to Heaven
Skrive og regissert av Young Jean Lee
Scenografi: Eric Dyer
Koreografi: Dean Moss
Med Becky Yamamoto, Brian Bickerstaff, Juliana Francis Kelly, Haerry Kim, Jun Sky Kim og Jennifer Lim
Teaterhuset Avant Garden, Ubåtbunkeren Dora i Trondheim

Bildet: GLADVALD? Vald og undertrykking pakka inn i ein smilande presentasjon. FOTO: CARL SKUTSCH

Ein intelligent og humoristisk leik med kontrastar, tabu, kjønn og rase.

Den berre trettifire år gamle regissøren og manusforfattaren Young Jean Lee er fødd i Korea, men vaks opp i USA. Desse to ganske ulike kulturelle bakgrunnane er det ho utforskar, set opp mot kvarandre, leikar seg med og freistar å utfordre publikum med i produksjonen ”Songs of the Dragons Flying to Heaven”. Han har vore vist i USA og mange stadar i Europa dei siste to åra, og har både vunne prisar og hausta gode kritikkar. Nå er det gjestespel i Norge i samband med Nettverk for scenekunst.

”Songs of the Dragons Flying to Heaven” er ei kontrapunktisk framsyning der Lee bygger opp forventingar, gjer kontrasterande sprang eller gir publikum det motsette av det vi hadde trudd, leikar seg med fordommar, tabu og kulturelle skilnadar. Alt opninga, som du trur er dårleg planlegging, er akkurat det motsette. Publikum blir leidd inn i det vi reknar med er teateret, men under kinesiske rislamper må vi vente i nærast det uendelege før vi på lange steinsenger får vandre inn i den verkelege salen der scena er ein parafrase over eit buddhist-tempel bygd i kryssfiner! Slik held det fram med ei historie som ikkje er ei historie, men ei rekke tablå, tilsynelatande utan samanheng og med store uventa sprang i form og innhald. Hovudpersonen er ei jeanskledd koreansk jente med særs amerikansk framtoning (Becky Yamamoto). Det er ikkje vanskeleg å skjøne at ho er Young Jean Lees alter ego i ei oppsetting som nok er temmeleg sjølvbiografisk. Ho held lange monologar om kva som er viktigast av etnisk opphav eller personleg identitet, om å vere minoritet, og kva som skjer når folk som i utgangspunktet tilhøyrer ein majoritet opplever å kome i mindretal. Det er koreansk kulturarv, amerikansk oppvekst, globalisering, rasisme, kulturelle kollisjonar og eigne kompleks presentert humoristisk og intelligent. Så blir det heile kontrastert av tre atskillig meir koreanske jenter kledd i chima jeogori, ein koreansk nasjonaldrakt. Dei er yndige, velkoreograferte og grasiøse, og dei spelar på ei smilande overflate, men det er meir enn tydeleg at her er atskillig mørkare botnar. Desse motsetnadane får vi tydeleg illustrert når dei like smilande syner oss ulike dramatiske former for rituelle sjølvmord medan amerikansk julesong fyller lydbildet! For å gjere den koreansk-amerikanske kulturkollisjonen fullkomen, kommer etter kvart eit kvitt par fram og spelar ut sine overflatiske og heilt absurde samlivsproblem.

Med intelligente tekstar, raske kontrastfylde skift og ein presentasjon der det stygge blir kledd i vakker innpakking og våre forventingar og fordommar blir utfordra, alt i særs humoristiske vendingar, får Young Jean Lee oss til å sjå motsetnader, tenke over eigne haldningar og ikkje minst le av eigne fordommar. Ho nyttar ulike presentasjonsformer som video, skuggespel, voiceover, dans, velkoreograferte opptrinn og meir tradisjonelt teater, og sjølv om det nok er mye undertekst, er likevel alt spela i store og særs tydelege bokstavar.

”Songs of the Dragons Flying to Heaven” er politisk ukorrekt, underhaldande og velspela teater. Produksjonen blir hevda å vere representant for det beste som skjer i amerikansk dramatikk for tida, særleg av di han skal vere så dristig. Eit relativt blasert norsk teaterpublikum vil neppe finne noko særleg sjokkerande ved denne oppsettinga, og dermed blir ho også eit ufrivillig bilde på dei kulturskilnadane ho freistar å presentere. Norge er ikkje USA, og slik tapar nok produksjonen ei viktig side. Men han greier likevel å rive litt i fordommane til sjølv dei mest liberale av oss, og det gjer godt. Oppsettinga blir vist på Black Box i Oslo tysdag og onsdag denne veka, og på Teatergarasjen i Bergen laurdag og sundag.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 18. november 2008)

Gi barna ei saks!

fredag, november 14th, 2008

PERFORMANCE

Haircuts by Children
Av Mammalian Diving Reflex
Med skuleelevar frå Lilleby Skule
Teaterhuset Avant Garden og H2 frisørsalong, Trondheim

Bildet: MAKT: Det er stor makt i handtering av ei saks. FOTO: AMUND GRIMSTAD
 
Gi ungane makt, – og sjå kva som skjer!

I ein frisørsalong i Trondheim fekk vaksne gratis hårklipp av 10-12 år gamle ungar frå Lilleby Skule sist laurdag. Tiltaket er ikkje nokon forsinka operasjon dagsverk, men tvert om eit kunstprosjekt av det kanadiske teaterkompaniet ”Mammalian Diving Reflex”. Gruppa har reist verda rundt med denne produksjonen, og nå er turen komen til Norge.

Kompaniet ”Mammalian Diving Reflex” blei starta i Toronto i 1993, og har arbeidd med sjangeroverskridande oppsettingar der dei både ønsker å utvide teateromgrepet og å lage produksjonar som erkjenner og inkluderer publikum. Sjølve kallar dei det dei held på med for sosial akupunktur, og prosjekta er både interaktive og i høgste grad politiske. Dei ønsker å få folk saman i uvanlege settingar for å skape nye sosiale situasjonar og sjå kva som då skjer. Det gjer dei mellom anna gjennom produksjonen ”Haircuts by Children” som etter kvart har turnert over store delar av verda. Han er akkurat det som namnet seier; – ungar som klipper hår. Det syner seg at vaksne er meir villige til å gi ungar og ungdom røysterett, enn å la dei klippe håret sitt. Med dette prosjektet utforskar og utfordrar teatergruppa det forfengelege, og i staden for berre å lage noko OM å gi ungar makt, GIR dei ungane makt.

Produksjonen går over eit par veker, og tar til med fleire workshops der ungane får basalinnføring i hårklipp, men også i dei underliggande ideane i prosjektet. Det publikum får sjå, og ikkje minst ta del i, er sjølve klippinga. Ein føremiddag er det gratis hårklipp, og tru det eller ei, – salongen var fullbooka! Her får ein sjå kva som skjer når barn får makt til å gi eigen kreativitet og estetisk sans litt mindre forgjengelege uttrykk enn berre teikningar som kan kastast om dei ikkje blir vellukka. Det gir ansvar, heilt andre haldningar, og gjer sikkert noko med ungane. For ikkje å seie kva det gjer med dei vaksne! Det var kosteleg å vere fluge på veggen (eg blei ikkje klipt), og sjå korleis mye endrar seg berre ved å snu opp ned på så banale maktforhold som dei mellom kunde og frisør. Det gir assosiasjonar og føringar til mange andre settingar som vi tar for gitt, men som også sikkert kunne ha vore røska litt opp i.

Presentasjonen var ikkje ferdig med klippinga laurdag. For nokre av kundane vil resultatet vere synleg i fleire dagar, men den delen av produksjonen får leve sitt eige uregisserte liv. Den programmerte finalen skjer i samband med scenekunstfestivalen Showbox 2008 i Oslo denne veka. Der blir prosjektet dokumentert og presentert på seminaret ”Kunst i dei vaksnes sjølvbilde”. Då vil også Oslopublikummet kunne få del i røynslene, men denne gongen berre som tilskodar.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 13. november 2008)

Når nettene blir lange

søndag, november 9th, 2008

TEATER

Jul i Prøysenland
Av Hilde Olausson
Basert på Alf Prøysen sine songar og fortellingar
Regi og koreografi: Erlend Samnøen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Arrangør og musikalsk ansvarleg: Ivar Gafseth
Med: Mads Bones, Gunhild Sundli, Arne O. Reitan m.fl.
Trøndelag teater, hovudscena

Bildet: SAMSPEL: Nydeleg og barnleg undrande samspel mellom musa (Gunhild Sundli) og Jo (Mads Bones). FOTO: VEGARD EGGEN
 
Upretensiøst og underhaldande, men historia var vel i tunnaste laget?

Hilde Olausson, skodespelar ved Trøndelag teater, har tatt for seg nokre av dei julerelaterte fortellingane og songane til Alf Prøysen, og som eit teatrets svar på filmen ”Short cuts” freista å lage ein familiemusikal ut av dette materialet. Med kjende viser frå den mest folkekjære av alle norske artistar, er det sjølvsagt blitt ei hyggeleg framsyning, upretensiøs og relativt underhaldande, men heller ikkje så veldig mye meir. Så spørs det om ambisjonsnivået burde ha vore høgare, eller om dette er tilstrekkeleg som førjulsunderhaldning på hovudscena?

I ein særs god scenografi der Dagny Drage Kleiva med enkle middel har greidd å skape både eit verkeleg Prøysenland, og eit barneland med naivistiske kulisser, møter vi ei lita mus (Gunhild Sundli), og ein familie med fire barn der Jo (Mads Bones) er lillebror. Det er dagen før jul, og førebuingane er ikkje kome spesielt langt i denne huslyden som ut frå dialektbruk og påkleding både geografisk og tidsmessig definitivt høyrer heime i Prøysenland. Historia som blir fortald er knapt noka historie, og meir ei orsaking for å presentere gamle Prøysenviser. Dette er greitt nok om visene hadde vore hovudsaka, men det er blitt i lengste laget mellom dei, og nokre av dei blir i tillegg berre resitert. Teatret kallar produksjonen ein familiemusikal, og personleg kunne eg godt ha tenkt meg fleire songar. Men dei visene vi får, er til gjengjeld tatt særs godt hand om. Med så kjende og kjære songar kunne det ha vore freistande for teatret å berre resirkulere Prøysen, men Ivar Gafseth har halde seg langt frå det, og presenterer nye og gode arrangement. Dramatiseringa av ”Julekveldsvisa”, som blei både resitert og sunge, var passe surrealistisk, og fortellinga om juleførebuingane til den sjarmerande familien er krydra med ei mengd Prøysenreferansar for den som vil høyre etter. Ein del artige ordspel fekk vi og.

Men gode songar og nokre humoristiske gags er ikkje åleine nok til å forsvare ei oppsetting i så stort format. Dei tre som løftar framsyninga og gir ho det vesle ekstra er Jo, musa og nissen. Gunhild Sundli (tidlegare vokalist i Gåte) har lenge lent seg tungt på si uvanleg gode songstemme. Denne gongen slår ho ut i full blomst i ei unnseleg, men desto viktigare rolle, – som mus! Nettopp ved underspel, god mimikk og at ho er så hundre prosent til stades heile tida, syner ho at her er atskillig meir enn berre god røyst. Når ho i tillegg syng ”Julekveldsvisa” med ekte innleving, er den vesle rolla hennar komplett. I nydeleg og barnleg undrande samspel med Mads Bones som Jo, får ho fram mange gode og rette stemningar. Og sjølv om Bones ikkje først og fremst er ein songar, var hans versjon av ”Romjulsdrøm” til å få ståpels av. Dei andre familiemedlemma har fått atskillig mindre å spele på, og kvitterer med litt for mye overspel etter mi meining. Gunhild Sundli syner tydeleg at ein ikkje treng å spele i store bokstavar for å nå barna i salen, og instruktør Erlend Samnøen kunne nok ha dempa spelet ein smule. Ein som så avgjort ikkje treng demping, er Arne O. Reitan som nissen. Ein lun, smålåten, lågmælt og litt sjenert nisse til verkeleg å bli glad i. Og til å tru på! Finalen julekvelden med kompetansestrid mellom ekte og uekte nissar var artig og passe surrealistisk, – og først og fremst på ungane sine premiss som slikt teater sjølvsagt skal vere.

Amund Grimstad

Eg fann, eg fann!

søndag, november 9th, 2008

INSTALLASJON

Fortellerorkesteret
Av og med Verdensteatret
Produsert av Asle Nilsen, Håkon Lindbäck, Lisbeth J. Bodd, Piotr Pajchel og Christian Blom
Teaterhuset Avant Garden, Ubåtbunkeren Dora i Trondheim

Bildet: SKROT: Sinnrike figurar laga på grunnlag av skrot og skrammel dannar opplevingsrike projeksjonar på skjerm og vegg. FOTO:VERDENSTEATRET

I ein særs kompleks multimedial produksjon har Verdensteatret skapt sitt eige opplevingsrike og sanselege univers av velsynkronisert skrot og skrammel.

I den gamle tyske ubåtbunkeren Dora på Nyhamna i Trondheim presenterer Verdensteatret i samarbeid med Teaterhuset Avant Garden ”Fortellerorkesteret”. Produksjonen, om eg skal nytte eit nøytralt omgrep, er så sjangeroverskridande at han kan etterlate ein kvar teatermeldar eller kritikar relativt språklaus. I grenseområda mellom installasjon, bildekunst og mekanisk figurteater, for ikkje å nemne ei rekke andre kunstartar, har kompaniet skapt sin eigen sjanger. Kva han er og korleis ein skal rubrisere han, får vere opp til kunsthistorikarar og teatervitarar å dømme. Sjølv vil eg fortelle om opplevinga der og då. For dette er flyktig og forgjengeleg kunst og ei særs individuell sanseoppleving.

I eit stort nake rom er det montert opp eit sinnrikt og datastyrt figurteater som synkronisert med lyd og lys framstår både på eigne bein og som skuggeprojeksjon på bakvegg og skjerm, for ikkje å seie på fram- og sidevegger. Verdensteatret tar i bruk heile rommet, og i ein imponerande syntese av datateknologi, rask og rot, lyd, musikk, lys og sikkert meir til blir vi leidd inn i ei kaleidoskopisk verd. Det er inga historie som blir fortald, og den som vil finne ei tolking eller forstå produksjonen, vil i beste fall ende opp med ei særs privat forståing. Her er det opplevinga som står i sentrum. Ho er der og då, og kan skape stemningar, assosiasjonar og gode kjensler, men sikkert også det motsette.

For meg personleg, og eg understrekar at dette er personleg, var opplevinga som barndomens første møte med Teknisk museum, som å kome attende til Tekno og Mekano, det vil seie verda før Lego, samstundes som Verdensteatret også tok meg med til så ulike stadar som isfjella i Arktis og rismarkene i Indokina. Dei robotstyrte gjenstandane som utgjer figurteateret, er lett attkjenneleg skrot, drivved og ulike ting dei fann på Grønland for fem år sia. Som ein moderne Espen Askeladd har dei samla rot og rask i fall dei skulle få bruk for det, gitt det nytt liv, synt det fram i ei heilt anna setting i ei estetisering av det banale, trivielle og kvardagslege. Denne sida av produksjonen er nok mest som bildekunst å rekne, men projeksjonane og det mekaniske figurteateret har eit meir scenisk språk. Og trass i at det ikkje blir fortalt noka eintydig historie, har produksjonen likevel sin eigen, tydelege dramaturgi.

Framsyninga tar om lag tre kvarter og går i loop slik at ein kan hoppe ut og inn av ho når ein vil. Men også innafor dei tre kvartera opplever eg mindre loopar og tilfelle av déjà vu når lysbilde, film, skuggeprojeksjon og figurar truleg har større slektskap enn det som er tilfeldig. Produksjonen er særs kompleks, og det ligg eit imponerande teknisk arbeid bak synkroniseringa av alle dei ulike presentasjonsformene. Å freiste å oppsummere ”Fortellerorkesteret” i få ord er uråd, men ei polyfon maskin som kan gjere trolldom med rommet ho står i, får vere denne meldarens noko ufullkomne konklusjon.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 8. november 2008)

Å lengte heim

lørdag, oktober 25th, 2008

TEATER

En palestinsk reise
Av Tale Næss
Regi: Maryon Eilertsen
Scenografi: Hatem el Imam
Musikk: Jovan Pavlovic
Koreografi: Ella Fiskum
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jovan Pavlovic, Kine Bendixen, Buzhan Baban, Anne Fossen, Idd Aziz, Ingrid Aune Brosveet og Thomas Aune Brosveet
Av Noor Produksjoner i samarbeid med Trøndelag teater og Hålogaland teater
Trøndelag teater, Studioscena

Bildet: MANGE HISTORIER: Ensemblet syng, dansar og fortel entusiastisk både eigne og andre sine historier. Foto: Bjørn-Erik Langvand

Ein ambisiøs produksjon som vil så alt for mye, og som har for mange prosjekt på ein gong.

Forfattar Tale Næss og skodespelar Trond Peter Stamsø Munch har gjort fleire reiser til Midtausten dei siste åra, og der har dei treft folk og fått høyre historier som dei etter kvart har meint burde få ei scenisk framføring. Gjennom desse fortellingane vil dei freiste å ta publikum med på ei reise, ikkje berre til Palestina, men også til Kenya, Irak og det som etter kvart er att av Jugoslavia. Og for så vidt også til Tromsø, Stjørdal og Hommelvik. Stikkordet er heimlengt, – ønsket om å vende heim, og gjennom fortellingane til ulike folk dei møtte, samt ensemblets eigne private historier, forsøker dei å gi eit bilde av korleis heimlengten kan arte seg i ulike situasjonar. Når du er ung og ønskar deg vekk frå Hommelvik, er ikkje suget mot heimen og det opphavlege like stort som for ein som med makt er jaga frå jord og land, det vere seg jødar i hundrevis av år, eller palestinarane dei siste femti.

Ensemblet på åtte har ganske ulik bakgrunn; – frå Tromsø via Trøndelag til Kenya, kurdisk Irak, og Jugoslavia. Og komponist og musikar Jovan Pavlovic har med seg musikalsk ballast ikkje berre frå Balkan, men også frå jiddisk. Med denne naturgitte og ganske mangefasetterte bagasjen legg ensemblet ut på ei reise der dei både presenterer ulike folk og lagnadar i Palestina og i flyktningleirane i Libanon, – og seg sjølve. Dokumentarisk og relativt pedagogisk blir vi fortalt om flukt i 1948, om massakre i 1976 og i 82, og om kvardagen i flyktningleirane, men rett som det er avbrote og kontrastert av ensemblets eigne historier.

Slik blir ”En palestinsk reise” i form ei sjangerblanding som er vanskeleg å kategorisere. I hovudsak er han det ein kan kalle doku-teater, ein slags regissert dokumentar, men likevel med sterke islett av metateater sidan skodespelarane på same tid både spelar seg sjølve og ulike palestinarar. Ettersom dei åtte går relativt saumlaust fram og attende mellom å vere seg sjølve og palestinarar, blir dette i utgangspunktet eit brukbart grep, men likevel ikkje utan problem. Når Stamsø Munch mot slutten vendar seg mot publikum og seier: – Hei, – eg heiter TP. Eg freistar å fortelle eit heilt folks historie på under to timar, så presenterer han kva som er denne produksjonens store dilemma. Det som har skjedd i Midtausten dei siste femti åra er inga enkel historie. Ho er meir enn mangslungen, og det er ikkje lett å halde greie på kven som er ansvarleg for kva, – Israel, Syria, falangistar, for ikkje å seie både USA og verdssamfunnet. Når produksjonens teknikar to gongar grip inn og fortel at han ikkje heng med, er ikkje det berre eit metagrep i oppsettinga, men også eit uttrykk for at det ser ut til å vere ganske umogeleg å lage eit pedagogisk/historisk dokumentarteater, ei utforsking av kva det vil seie å lengte heim, og ei reiseskildring av ulike lagnadar i flyktningleirane i eitt og same stykke. I alle fall har ikkje denne oppsettinga greidd det. Ho har for mye å fortelle og for mange prosjekt på ein gong.

I metapresentasjonen syner oppsettinga stadig vekk sjølvinnsikt som det diverre ikkje blir gjort nok med. Eg har alt nemnd teknikaren som ikkje greidde å henge med, og i andre akt er det eit par tablå som syner korleis dette kunne ha vore gjort. I staden for å gi oss den palestinske historia kronologisk og komplisert, tar produksjonen det kjende journalistiske grepet å presentere ei personleg historie som kan illustrere det heile. Vi får ei lettfatteleg og vakker fortelling om opphavet til flyktningleiren Chatilla. Det er til å forstå, og ikkje minst til å få kjensler av. Og når Buzhan Baban frå Tønsberg opponerer mot ideen om kor viktig det er kor du er frå, får framsyninga ein dramaturgisk vending ho sårt treng meir av.

Maryon Eilertsen har ansvaret for regien, men signaturen hennar kunne med fordel ha vore tydelegare. Her er absolutt behov for innstramming og ein betre balanse mellom pedagogisk historieleksjon og gode fortellingar. Det er eit ensemble med ganske ulik scenisk røynsle, men personinstruksjonen er relativt god, og det er tydeleg at dei åtte på scena er fortruleg med stoffet gjennom at dei sjølve har vore med på utarbeidinga av stykket. Koreografien er ved Ella Fiskum, og danseopptrinna er av dei absolutt meir vellukka i denne produksjonen. Dei heng uløyseleg saman med musikken som vel er det som bergar framsyninga. Ensemblet både syng særs godt og akkompagnerer seg sjølv, og Jovan Pavlovic har skrive musikk som kler oppsettinga og som gir rette stemningar. Midtausten er ikkje så ofte tema på norske scener, og det er på høg tid at nokon freistar å seie noko om verdssamfunnets desidert dårlegaste samvit. Mange av historiene som Tale Næss fortel har i seg innhald og element som kan vere med på å illustrere og gi innsikt i ein konflikt det er uråd for dei fleste å forstå. Men produksjonen vil så alt for mye, og i iveren etter å presentere heile konflikten og historia, druknar diverre dei gode fortellingane som skulle ha gitt oss litt meir forståing.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 24. oktober 2008.)

Krigens usminka andlet

lørdag, oktober 18th, 2008

TEATER

Bite the Dust
Teatr Provisorium og Kompania Teatr
Basert på ”Dead and Buried” av Tadeusz Ró?ewicz
Regi: Janusz Opry?ski og Witold Mazurkiewicz
Scenografi: Tomasz Bu?hak og Jerzy Rudzki
Lys og lyd: Jan Piotr Szamryk og Jaros?aw Rudnicki
Musikk: Tradisjonsmusikk til tekst av Rainer Maria Rilke
Med: Jacek Brzezi?ski, Witold Mazurkiewicz, Jaros?aw Tomica, Micha? Zgiet og Borys Somerschaf
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:I skogen: Bokstaveleg talt bunde til skogen og eigen kross blir soldatane dehumaniserte robotar. FOTO: PRZEMEK SZYSZKA

Fysisk, rått, usminka og kontrastfylt om krigens verkelege røyndom.

I samband med ei polsk kulturveke i Trondheim for to år sia, fekk byen oppleve eit gjestespel av ekstraordinær klasse då dei to teatergruppene Teatr Provisorium og Kompania Teatr frå Lublin i Polen presenterte ”Ferdydurke” av Witold Gombrowicz. Det var så vellukka at Teaterhuset Avant Garden har greidd å få dei to kompania til å kome attende til Trondheim, denne gongen med produksjonen ”Bite the Dust” som er basert på dramaet ”Dead and Buried” av Tadeusz Ró?ewicz, ein av etterkrigstidas fremste polske lyrikarar og dramatikarar. Det er eit særs kontroversielt stykke frå seint syttital som er freista sett opp to gongar før, men som båe gongane måtte takast av plakaten. Det er eit uvanleg sterkt antikrigsspel i slekt med både ”Im Westen nichts Neues” av Remarque og Hellers ”Catch 22”, men mye meir usminka. Det er andre verdskrig, og ei lita polsk heimefronteining held stand i skogen, der dei har vore i månadsvis og kanskje år. Dette er inga heltehistorie, tvert om. Dei fire soldatane er livredde, forfylla og dehumaniserte, og Ró?ewicz, som sjølv var med i Heimefronten under krigen, fortel den usminka historia om kva krigen gjer, eller i alle fall kan gjere, med menneska. Ikkje uventa blei dette for sterk kost for hans eigen generasjon då stykket først blei freista sett opp for rundt 30 og 20 år sia. Nå har avstanden til andre verdskrigen blitt større, og i produksjonen ”Bite the Dust” er det heile abstrahert til eit meir generelt nivå sjølv om det uomtvisteleg er den polske motstandskampen mot tyskarane det dreier seg om. Oppsettinga hadde premiere for fire år sia, og har etter det eg får opplyst, vore spela på ein del teaterfestivalar, men er ikkje vist i Norge før nå.

Vi er i skogen, bokstaveleg talt. Det er sjeldan å sjå ei oppsetting der syntesen av spel, scenografi, effektar, rekvisittbruk, lyd og lys er meir komplett enn i denne produksjonen. Dei fire soldatane ber på kvar sin furulegg som stridspakning, og i ein effektfull bruk av desse trea, ei handkjerre og med framifrå lyssetting får dei fram både bivuakken, krigsskodeplassen og sterke religiøse metaforar. Den yngste av dei, Walus, truleg berre ein unggut, blir tatt for valdtekt, væpna ran og drap, og i ei setting der dette eigentleg, og i krigens logikk, er kvardagen, forstår han ikkje kva gale han har gjort. Handlingane hans er jo ikkje anna enn det dei alle blir kommanderte til dagleg. Gjennom ni scener, eller tablå, blir vi presentert for korleis Walus, grenselaust naiv og truleg eigentleg eit godt menneske, blir brote ned og øydelagt. Og treet han ber på, kan ein fort sjå som ein metafor på krossen han er dømd til å bere. Her er lite menneskeleg og forsonande, men samstundes presentert så forståeleg at vi umiddelbart skjønar at alle dei fire kunne ha vore kven som helst av oss i den same situasjonen.

Produksjonen spelar også effektfullt på kontrastar og – tru det eller ei – masse humor. Det gjer det umenneskelege meir menneskeleg, og distansen til handlinga mye stuttare. Her er uendeleg mange religiøse overtonar, og det er ein slåande kontrast mellom bøn og bannskap. Som eit uvanleg kontrasterande bakteppe i dette møkkete og forjævlege skogslandskapet, får vi utdrag frå Rainer Maria Rilkes ”Die Weise von Liebe und Tod des Cornet Christopher Rilke” der Rilke romantiserar krigen og ein tohundre år eldre slektning. Her får vi den riddarlege, romantiske krigaren som ein ekstrem kontrast til den fornedrande røyndomen vi møter i skogen.

Ensemblet har sjølv utvikla produksjonen, og det er eit tett og sterkt samspel som greier å gi både liv og truverd til ein røyndom som høgst sannsynleg er vanlegare enn vi likar å tru. Framsyninga eg såg blei spela på polsk med engelsk undertekst, og dagen etter blei ho framført på engelsk med polsk tekst. Men dette var så fysisk og ekspressivt teater at språket ikkje var nokon særleg barriere.

Amund Grimstad

(Ein sterkt amputert versjon av denne meldinga stod i Klassekampen laurdag 18. oktober 2008)

Gravid med Gud

fredag, september 12th, 2008
TEATER

Endless Medication
Av Buelens Paulina
Konsept: Marijs Boulogne og Manah Depauw
Framført av Marijs Boulogne og Sara De Bosschere
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim  

Bildet:
Oppblåst: Eit svangerskap med Guds barnebarn skal snart ende med abort. FOTO: NADA ZGANK
Leiken religions- og sivilisasjonskritikk, – og så avgjort ikkje regiteater.

Den vesle belgiske teatergruppa Buelens Paulina serverer i ”Endless Medication” ei frodig og burlesk framsyning som uhøgtideleg harselerer med relativt heilage tema som graviditet, jomfrufødsel og religion, og gjer det på grensa til det blasfemiske. Men bak den humoristiske og temmeleg useriøse forma ligg det intelligent sivilisasjonskritikk så det held. Den ytre historia er om Rosa som ved hjelp av ”the JesusChristMachine” blir gravid, men som etter to-tre månader aborterer på eit like grotesk som humoristisk vis. Men Rosa gir seg ikkje med det. Ho berre VIL ha barn, og påstår etter kvart at ho er gravid på nytt, denne gong med Gud, og med barnet i leggen. Det viser seg å vere rett. Barnet kjem og blir født til evig liv, ikkje fordi det er guddommeleg, men fordi det ikkje er av kjøt og blod, men av plastikk og plastikk! Tittelen på produksjonen syner til at Rosa, etter å ha påstått å vere mor til Guds barn, blir dømd til tvangstrøye og endelaus medisinering.

I form er dette sjølvsagt heilt surrealistisk, særs humoristisk og i høgste grad trash. Det blir abortert, menstruert og avgitt kroppsvæsker og anna avfall i stor monn. Men bak den temmeleg barokke forma, ligg det lag på lag med kritisk blikk på såkalla vestleg sivilisasjon. Det er ein krass kritikk av eit samfunn der det ultimate ved å vere kvinne er å bli gravid. Det er ei openberr harselering med ideen om jomfrufødsel, men i vel så stor grad er det ei utforsking av og leik med kontrastar. Kor går skilnaden mellom religion og gudsspotting? Kan den outrerte religiøsitet ta form som blasfemi? Og for å ta det meir basale, leikar dei to seg også med kontrasten mellom reine og ureine kroppsvæsker på eit område der harselasen med pornografiens klisjear ligg snublande nær. Heile tida blir det nytta eit utal religiøse og andre metaforar som gir oppsettinga både dobbel og trippel botn.  

Dei to skodespelarane Marijs Boulogne og Sara De Bosschere nyttar eit scenespråk som i alle fall tilsynelatande verkar å vere langt frå regiteater. Med trekkspel og song, enkle rekvisittar, og særs lettfatteleg og tydeleg overspel leikar dei seg hemningslaust med kvinne- og morsrolla og med religiøse metaforar i ei både hysterisk morosam og på same tid djupt alvorleg oppsetting.
Amund Grimstad  

(Meldinga stod i Klassekampen fredag 12. september 2008)

Når alt skal med

fredag, september 12th, 2008

TEATER 

LIGGE I GRØNNE ENGER
Av Anne B. Ragde
Dramatisert og instruert av Otto Homlung
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Med: Tone Mostraum, Jakob Margido Esp, Trond-Ove Skrødal, Øyvind Brandtzæg, Jan Erik Berntsen med fleire.
Trøndelag teater – hovudscena 

Bildet: Skal, skal ikkje. Torunn (Tone Mostraum) blir riven mellom stavnsband og ønsket om eit betre liv. FOTO: GT NERGÅRD
Ei endelaus rekke tablå der alt er like viktig, og der ein aldri tar seg tid til å dvele ved noko.

Eit skeivt hus heng over scena som ei påminning om ein skakkøyrd gard, om fedrane (eller rettare mora) sine synder, om stavnsband og odelsbinding. Den scenografiske løysinga til Milja Salovaara fortel oss tydeleg at det meste har gått gale på garden Neshov på Byneset. Og der Berlinerpoplene hadde ei god blanding av tragedie og humor, er oppfølgaren Ligge i grønne enger definitivt langt svartare i innhald.

Vi tar til med sjølvmordet til Tor, far til Torunn (Tone Mostraum), og jamvel om vi både titt og ofte er innom situasjonskomikk med homseparet frå København, er det Torunn si baling med valet mellom stavnsband og skuldkjensla til faren på eine sida, og eit anna og betre liv på den andre som er den grunnleggande fortellinga. Om Otto Homlung hadde konsentrert seg om denne problematikken, kunne dette kanskje ha blitt ei interessant historie. Første bod for både forfattarar og dramatikarar er ”kill your darlings” og å konsentrere seg om det som er viktig. Det har så avgjort ikkje skjedd i denne oppsettinga. Ho er i staden blitt ei endelaus opphoping av uforløyste tablå der alt skal med, og der kvar einskild scene blir avslutta så raskt at ein ikkje heilt forstår kva som var meininga. Historiene om ei lita jente, om offerlam i kyrkja og om den tyske soldaten er tre scener som eg vil tru eigentleg er ganske viktige både dramaturgisk og for forståinga av fortellinga. Men her blir dei så stutte at dei blir fullstendig meiningslause. 

Det er mang ei odelsjente som har lidd same kvalar som Torunn, men jamvel om Tone Mostraum gjer ein god jobb for å freiste å gi liv til gardjenta på Byneset, blir ho diverre statist i alle dei ulike tablåa. Homseparet frå Danmark, som i Berlinerpoplene blei ei artig kontrastering, tar nå heilt over, og bringer i tillegg med seg fire andre danskar. Når halve ensemblet skal snakke dansk på ei norsk scene, blir det tidvis både uforståeleg og litt i overkant. 

Med eit utal sceneskift og minst like mange tablå, er for så vidt sceneløysinga logisk, men ikkje særleg spennande. Bord, seng og liktrille blir rulla ut og inn medan det skeive våningshuset heng dystert over scena. Ensemblet gjer mange gode einskildprestasjonar, men ettersom alle opptrinna blir så korte og uforløyste, får aktørane lite å spele på, og mange av dei blir difor litt for sjablongaktige. 

Oppsettinga av Berlinerpoplene blei ein formidabel publikums- og kassasuksess. Om ho ikkje var stor dramatikk, så var det i alle fall ei god historie og framifrå underhaldning, og med ein dramaturgi som nådde eit absolutt klimaks i finalen. Slik er det diverre ikkje denne gongen. Det som kan vere ei god historie i Ligge i grønne enger druknar i eit utal sprikande tablå. Og etter eit antiklimaks av ein finale, spør eg meg sjølv kva det eigentleg var teatret freista å fortelle.
Amund Grimstad
 

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 11. september 2008)

Så mye aggresjon!

lørdag, september 6th, 2008

TEATER

KULDE
Av Lars Norén
Omsett av Martine Løkholm
Regi: Marit Moum Aune
Med: Torgeir Reiten, Ole Martin Aune Nilsen, Mads Bones og Hermann Sabado
Trøndelag teater, Gamle scene

Bildet: Ikkje vakkert: Når Kalle kjem, får dei tre nynazistane ein å ta ut aggresjonen på. Foto: GT Nergård
 
Kulde er ein usminka situasjonsrapport frå eit miljø som kan vere nærare deg enn du trur.

Trøndelag teater opnar haustsesongen med ei sterk og særs kontrastfylt oppsetting, ein produksjon som for nokon kan vere ein vekkar om ein røyndom dei helst ikkje vil vite av, og for andre ei inspirasjonskjelde til rasisme og grov vald. Her er rom for mange tolkingar, og det tener instruktøren Marit Moum Aune til stor ære at ho har halde seg frå ei kvar form for moralisering eller anna politisk vinkling, jamvel om ho sikkert har kjend lysta både titt og ofte. For Kulde av Lars Norén handlar om nynazisme, rasisme og rå vald, presentert som ein usminka situasjonsrapport frå eit miljø som kan vere nærare deg enn du trur.

Tre kameratar skal feire at skulen er slutt. Dei er Keith (Torgeir Reiten), leiaren som er dropout, men likevel intelligent og relativt kunnskapsrik, og ideologen av dei tre. Tøff, muskuløs, aggressiv, verbal, men også mjuk når det kjem til det nære. Keith rular, og gjer det ved å skape ei blanding av frykt og tilbeding frå dei to andre. Anders (Ole Martin Aune Nilsen) er også macho, nesten sjukeleg opptatt av å bli akseptert av Keith, men ufrivillig komisk fordi han ikkje strekk til intellektuelt. Ismael (Mads Bones) er den mest samansette av dei, med muslimsk bakgrunn, ein far i fengsel, og når det kjem til stykket eigentleg mest opptatt av maten. Dei tre er ute i skogen der dei drikk ein masse øl medan dei pratar om alt og inkje, daglegdagse ting, stadig kontrastert av litt uskuldig valdeleg leik, mye aggresjon mot makt, system og ”alle dei andre”, og nazihelsingar og kamp om kven som er størst i kjeften. Denne presentasjonen av det nynazistiske miljøet er ein tidvis humoristisk introduksjon til ei subgruppe som kan verke relativt ufarleg og ganske stakkarsleg sjølv om meiningane deira er groteske nok.

Men så kjem Kalle (Hermann Sabado) på veg til sin eigen eksamensfest. Han blei adoptert frå Korea då han var to år, er vakse opp i Norge, men sjølv om han ikkje kjenner annen kultur enn den norske, har han likevel litt annan utsjånad. I tillegg er han nok atskillig meir vellukka intellektuelt og økonomisk enn dei tre. Både etnisk og på andre vis blir han difor representant for ”dei andre”, – alt som aggresjonen kan vende seg mot. Når Kalle kjem, blir det brått alvor, ikkje med ein gong, men gradvis, og vi får både det ideologiske fundamentet til Keith i klårtekst, eit resonnement som sjølvsagt er fullt av hol, men som blir framført så verbalt forførande at det bør skremme dei fleste. Og vi får valden! For Keith nøyer seg ikkje med prat. Det blir valdeleg, rått og vondt. Meir skal eg ikkje røpe, og korleis det går, er heller ikkje det viktige, men kva for mekanismar som blir utløyst undervegs, og korleis den eine handlinga kan ta den neste.

Som eit dramaturgisk grep for både å skape framdrift og synleggjere kva og korleis dette miljøet er, spelar Marit Moum Aune på kontrastar i alle fasettar frå val av scene til dei små detaljane i dialogen. Trøndelag teaters gamle scene med fløyelsmjuke sete og gullmåla dekorasjonar skapar ein scenografisk motsetnad til den brutale nynazismen. I full tillit til tekst, skodespelarar og publikum, har Moum Aune valt ei så godt som naken scene der dialog og spel rår grunnen åleine. Det er ei tekstrik framsyning, og Martine Løkholms omsetting er god og særs truverdig. Dei fire på scena meistrar både dialog og den stadige vekslinga mellom det brutale og det meir kjenslevare på eit utmerka vis. Dei står så godt til kvarandre, og det heile verkar så ekte at Moum Aune har gjort det uvanlege å ta regigrep også for det som skjer etter framsyninga for å understreke at dette er teater, dette er illusjon og ikkje røyndom, sjølv om det kunne ha vore det.

For å understreke det samansette i desse personane, kontrastane mellom det valdelege og det menneskelege, vekslar oppsettinga mellom brutal action og rask dialog på eine sida, og langt meir kontemplative og dvelande parti på den andre. Dette er eit naudsynt regigrep for å få fram det motsetnadsfylte, men også eit ørlite dramaturgisk problem fordi det gjer at framsyninga tidvis stoppar litt opp og mistar noko av framdrifta.

Kulde er ei framsyning om nettopp mangel på varme, kjærleik, medkjensle, empati og alt det som gjer oss medmenneskelege. Det er ein stygg presentasjon av kva som kan skje når behovet for street cred og ønsket om å bli sett tar outrerte former, når kjensla av å vere utafor blir så sterk at vanlege moralske sperrer ikkje lenger gjeld. Men det er samstundes ein produksjon som ikkje på noko vis freistar å demonisere nynazistane, kanskje tvert om. Framsyninga gir innsikt og reiser eit utal spørsmål, men ikkje noko svar. Dei må vi gi sjølve. Om vi kan.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 5. september 2008)

Demokratisk landing

lørdag, juni 21st, 2008

DANS

Landing 08 – dansekunst i nye rom
St.Olavs Hospital, Trondheim

Tiden det tar
Idé, regi og koreografi: Mari Matre Larsen i samarbeid med Lisbeth Sonne Andersen
Med: Lisbeth Sonne Andersen

Pustepatruljen
Av og med Ingeborg Dugstad Sanders og Bjarne Iestra
Scenografi: Gilles Berger

Bildet:
Pustemaskin. Her blir det forska på luft, rørsle og lyd. Foto: Amund Grimstad

Landing er eit prosjekt som bringer scenekunsten ut til nye rom, arenaer og publikumsgrupper.

Eit snautt dusin entusiastiske scenekunstnarar arrangerte for to år sia Landing 2006 Frogner som var ei veke med dansekunst på Frogner i Oslo. Dette ga såpass meirsmak at dei nå har skipa til kjempeprosjektet Landing 08 St. Olavs Hospital. I samarbeid med sjukehuset i Trondheim og Teaterhuset Avant Garden, og med rekordstor støtte frå Kulturrådet blir det sett opp ulike former for scenekunst på sjukehusområdet i ti heile dagar. Det er eit imponerande prosjekt, eit forsøk på å få kunsten ut til folket, og å etablere scenekunst på nye arenaer og i andre rom. Programmet byr på ni framsyningar, fire installasjonar og ei rekke andre tiltak som dansestunts, morgontrening og eigen pasientmeny der pasientane kan tinge ei lita framsyning på avdelinga. Alt skjer i nært samarbeid med sjukehuset og på hospitalets premiss. Eg har sjølv sett nokre av framsyningane og installasjonane. Her skal eg seie litt om Tiden det tar og Pustepatruljen, to ganske ulike oppsettingar.

I eit pasientrom i den gamle nedslitne høgblokka som snart skal rivast, blir publikum plassert bak ein glasvegg. På trygg avstand får vi sjå inn i kvardagen til ein pasient som kan vere kven som helst. Alle handlingar er trivielle, tid er det meir enn nok av, og det fører som dei fleste veit, til at ein ikkje får gjort noko. Dette er meir teater enn dans, og Lisbeth Sonne Andersen gir oss ein taus pasient som fyller tida med uvesentlege gjeremål. Det er presist og godt observert, og truverdig formidla som ein parafrase over pasientlivet. Men ein tar seg fort i å lure på kva dette er anna enn eit tidsbilde og eit lite kikkeskap inn i kjeisemda og meiningsløysa. Men så tar framsyninga brått ei uventa og langt meir dramatisk vending, og vi får innblikk i heilt andre sider ved pasientlivet, eller kva det kan føre til. Om introen blei lang, var vrien fiffig, og finalen sterk. Å nytte Lee Hazlewoods My Autumn’s Done Come til avslutning sette framsyninga i rette perspektiv. Tiden det tar fortalde ei enkel historie som kanskje brukte litt lang tid før ho kom til poenget, men som i den spesielle settinga, med den naturlege scenografien, og med godt spel, til slutt blei ei sterk fortelling.

I atskillig nyare omgivnadar, ved brua mellom nevrosenteret og kvinne-barnsenteret, fekk vi sjå ei heilt annleis oppsetting. Her var vi for det første i eit trafikkareal der både tilsette og pasientar passerte medan framsyninga blei vist. Det gav ein dimensjon ei vanleg teaterscene aldri kan skape. Pustepatruljen var i motsetnad til Tiden det tar meir dans, og i mindre grad ei historie. Med lånt respirator har Gilles Berger frå Cirka Teater laga ein mobil maskin, eller installasjon, eller kall det kva du vil, der moderne datateknologi er sydd saman med sykkelhjul, drivreimer og rullestillas. Bjarne Iestra er den som styrer teknologien, medan Ingeborg Dugstad Sanders visualiserer det heile gjennom særs velkoreograferte rørsler. Framsyninga er ei utforsking av grensene mellom luft, lyd og musikk, og mellom det organiske, mekaniske og det menneskelege. Med rolege, velsynkroniserte rørsler viklar Sanders seg ut av luftslangane, og sjølv opplevde eg det heile som ein enorm frigjeringsprosess. Dei fleste er klår over kor livgjevande sol og lys er, men gjennom denne framsyninga fekk vi sjå at det same også gjeld for lufta. Sanders blei formeleg pumpa opp og vitalisert, og alle lydane og musikken som blei skapt, kom også frå den same lufta. Som eit effektfullt bakgrunnskomp og ei sterk påminning om kor vi var, låg den tunge pustelyden der meir eller mindre heile tida. Pustepatruljen er ei komplett lita framsyning som lettfatteleg og pedagogisk utforskar grenser og leikar seg med lufta. På same tid er ho visuell, opplevingsrik og framifrå presentert av Sanders og Iestra. Og inga scene kunne ha skapt den same illusjonen som settinga på sjukehuset!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 19. juni 2008)