Author Archive

Eit verdig punktum

søndag, september 4th, 2022

TEATER

FEIRING: Med krigsslutt og bryllaup blei det dobbel feiring på Moan. FOTO: KNUT RØNNING

«Operasjon Oleander – Vargtimen»
Foreningen Operasjon Oleander, Ner-Killingberg, Leksvik
Av Marte Heie Hallem
Regi: Espen Løvås
Musikk: Knut Ola Vang
Kostyme: Bjørg Grønflaten og Helen Monsen
Lysdesign: Trond Walleraunet
Orkester: Knut Ola Vang, Geir Egil Ulvin, Inga Rennemo, Bendik Lund Haanshuus og Gaute Skrove
Med: Evy Kasseth Røsten, Ragnhild Vannebo, Andrea Hallem Langåssve, Pål André Hasselvold og mange fleire.

Med «Vargtimen» er det sett eit verdig og flott punktum for eit imponerande teaterprosjekt om vår ganske nære fortid.

Det vesle, og ganske urøynde produksjonsselskapet, «Foreningen Operasjon Oleander» sette seg for nokre år sia eit nesten umenneskeleg mål. Saman med Scene Midt og dramatikaren Marte Heie Hallem skulle dei lage eit utandørsteater om krigen og motstandskampen slik han arta seg for lokalbefolkninga på Fosen, og spesielt i Leksvika rett over fjorden frå Trondheim. Ikkje nok med det, men det skulle bli ein trilogi. Motstandskampen på Fosen var betydeleg, og i pinsa 1944 sette tyskarane, saman med Rinnanbanden i verk «Operasjon Oleander» som var den største opprullingsaksjonen i Norge under krigen. Tre skip, 170 tyske soldatar og politi og åtte frå Rinnanbanden slo til om natta, og over hundre personar blei arresterte, fleire blei grovt torturert og nokre måtte bøte med livet. Bakgrunnen for aksjonen var at fosningane i lang tid hadde vore aktive med både rapportering til London, losing av jødar til Sverige, og hjelp til jugoslaviske partisanar som greidde å flykte frå fangeleiren på Austrått.

I desse historiene var det meir enn nok å ta tak i, og Marte Heie Hallem har gjort eit formidabelt og imponerande research-arbeid der ho også har intervjua mange av tidsvitna. Trilogi blei det, og i 2018 var det premiere på «Flukten» som omhandla losinga av jødiske flyktningar over til Sverige. Året etter sette dei opp «Muldvarpen» som dreidde seg om dei norske kollaboratørane. Alle kjenner Rinnanbanden, men ein mindre kjend, men rivaliserande angivar var Karl Ludvig Adding. Han heitte opphaveleg Karl Ludvig Isaiewitch, men skifta namn for å skjule sitt halvt jødiske opphav. Frå ungdomen hadde han fått gode kontaktar både blant kommunistane og hjå lokalbefolkninga på Fosen, og han gjorde stor skade før han døydde i 1943, truleg i ein likvidasjon.

I 2020 skulle siste del av trilogien bli sett opp, men pandemi førte til to års utsetjing. Men med premieren på «Vargtimen» laurdag, er nå det meir enn halsbrekkande teaterprosjektet brakt til ende, og det kan eg slå fast med ein gong at det vil bli ståande som eit verdig og solid monument over dei som med fare for eige liv redda mange andre liv og kjempa for nasjonal fridom i desse skilsetjande åra. I «Vargtimen» er vi komne til 1944, opptakta til og gjennomføringa av Operasjon Oleander, og vi følgjer fosningane heilt fram til fredsdagane våren 1945.

MYNDIG: Martha Moan (Ragnhild Vannebo)

Som i dei tidlegare oppsetjingane er scena gardstunet på Ner-Killingberg i Leksvika, ikkje langt frå garden Moan der mykje av handlinga fann stad. Tunet er eit fint lukka rom og egnar seg godt til føremålet, og ettersom det blir spela etter at sola har gått ned, gjer den flotte lysdesignen til Trond Walleraunet at det blir skapt fine og ulike rom og situasjonar. Vi møter att fleire av dei sentrale aktørane frå dei to tidlegare oppsetjingane. I tillegg til familiane Moan og Kruksve frå Leksvika, følgjer vi også Trygve og Margrete Venæs frå Stoksund. Men denne gongen har Marte Heie Hallem i større grad trekt fram kvinnene og deira kamp og liding, ei historie som ofte blir gløymt i dei meir heroiske kampskildringane frå krigen. Det er eit godt grep, og det gir andre innfallsvinklar til å forstå det som skjedde. Tre generasjonar kvinner får representere denne sida av krigshistoria. Det er gardkjerringa på Moan, Martha Moan (Ragnhild Vannebo), 69 år og mor til mange. Alle døtrene er flytta ut, men dei tre sønene er ugifte og bur framleis heime, litt til irritasjon for foreldra. Men sønene er så aktive i motstandskampen at dei ikkje har rom for eige liv. Det vil seie, yngstesonen Jon, (Pål André Hasselvold) har lagt sin elsk på tausa på garden, den nitten år gamle Borghild Kruksve (Andrea Hallem Langåssve). Borghild får slik representere den yngre generasjonen. Og så er det Margrete Venæs frå Stoksund (Evy Kasseth Røsten), midt i livet og gift med Trygve som har radiosendar. Både Borghild og dei to små sønene veit om og er involverte i dette arbeidet med alle dei farar det fører med seg.

FANGENSKAP: Margrete Venæs (Evy Kasseth Røsten) nyttar brodering som terapi medan ho er fange på Falstad

Gjennom ei rekkje ulike scener og tablå følgjer vi desse tre kvinnene og folka rundt dei det siste krigsåret. Angivaren Adding er død, men gjennom opningsscenene der vi får presentert leik og kvardagsliv, slik det også var under krigen, forstår vi at det likevel er stor uvisse, og at noko openbert er på gang. Det dramatiske tar til då storebror på Moan, Johan, (Petter Harald Kimo) blir overraska og arrestert av ein tysk patrulje då han som flyktninglos freista å hjelpe ein Trondheimsgut over til Sverige i februar 1944. Han hamnar i Rinnans bandekloster i Jonsvannsveien i Trondheim der han blir grovt torturert, men som den einaste i historia greier han å rømme, og kjem seg heimatt til Leksvika og Moan. Då Operasjon Oleander blei sett i verk pinsehelga i 1944, rakk Jon Moan og Borghild Kruksve å kome seg unna. Trygve Venæs blei arrestert, men greidde å flykte og låg i dekning i tretten månadar, heile resten av krigen. Attende var kvinnene. På Moan rådde den sterke og myndige Martha, og ho fekk vere i fred, men Margrete Venæs blei tatt til erstatning for mannen, og blei send til Falstad ved Levanger før ho til slutt kom til Grini.

Med små hopp i tid og rom følgjer vi dei tre kvinnene, den eine heime, den andre på flukt til Sverige og den tredje i fangenskap. Gjennom dei får vi eit innblikk i kvardagen, kvinne- og morsblikket, uvissa, redsla, men også håpet. Særleg sterkt er Evy Kasseth Røstens lågmælte, men så inderlege og hjarteskjerande tolking av Margretes lengt etter mannen, og spesielt dei to gutane hennar. Redsla for å miste minnet om dei, og strevet for å smugle ut brev. Og ikkje minst rådet ho fekk om å brodere namna deira på nattkjolen hennar, ei nattkjole som faktisk blei vist fram på ei lita, men særs informativ utstilling på låven på Ner-Killingberg. Og då Margrete etter kvart blei overført frå Falstad til Grini, opplevde ho eit langt mildare regime. Eit flott brot frå alt det traudige er det når eit Grini-kor framfører Otto Nielsens sjølvironiske «Det har vi».

FRIERI: Jon Moan (Pål André Hasselvold) frir til Borghild Kruksve (Andrea Hallem Langåssve)

Det er mange sceneskift, men gjennom den fine lyssettinga går dei synkront og saumlaust. Spelet er overtydande og truverdig. Evy Kasseth Røsten gjer maksimalt ut av ei nesten underspela rolle som Margrete Venæs. Pål André Hasselvold har vore med i alle tre oppsetjingane, og er blitt berre betre og betre i rolla som Jon Moan. Og den unge debutanten Andrea Hallem Langåssve gir truverdig liv til kjærasten hans, Borghild. Oppsetjinga har mange statistar, og nokre av dei er særs unge. Det er difor eit imponerande stykke arbeid regissøren Espen Løvås har gjort med personinstruksjon, for her var det ikkje mykje å setje fingeren på.

Operasjon Oleander var den største opprullingsaksjonen under krigen, og i den historia skulle vere masse dramatikk. Men sjølve aksjonen blir skildra om lag midt i framsyninga og er ikkje gitt alt for mykje plass. Det er for så vidt greitt nok ettersom dette skal handle vel så mykje om kvinnene. Men når det som på mange vis er historias omdreiingspunkt og det dramatiske høgdepunktet kjem så tidleg, får framsyninga eit dramaturgisk problem ettersom det som kjem etterpå ikkje på same måte er spissa, korkje av forfattar eller regissør. Med unnatak av dei sterke tablåa frå Falstad og Grini, blir det litt for mange relativt anonyme scener på vegen gjennom det siste krigsåret. Men så tar framsyninga seg opp at med ein samlande og flott finale. Vi er med på bryllaupet til Jon og Borghild rett etter heimkomsten frå Sverige sommaren 1945, og der flagget foldar seg ut og heile ensemblet syng Nordahl Griegs dikt «17. mai 1940» til nydeleg nyskriven musikk av Knut Ola Vang. Det er mektig, og set eit verdig punktum for eit enormt prosjekt som både produksjonsselskap, dramatikar, komponist, regissør og alle medverkande og involverte skal ha all ære av. Framsyninga blir vist nesten kvar dag heile uka fram til laurdag 10. september.

Leiting på mange plan

onsdag, august 31st, 2022

TEATER

FLYTANDE: Der alt flyt, kan det meste skje, og det gjer det også i dette oppkomet av ei teaterframsyning. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Forbuden Fukt – den lille havfruen Arild»
Teater Innlandet, Hamar.
Av: Ivar Furre Aam
Regi: Ivar Furre Aam
Scenografi og kostyme: Helena Zaïda Schaber
Lyddesign: Michael Dahlen
Lysdesign: Markus Tarasenko Fadum
Med: Julie Bjørnebye, Sofie Huijs, Stian Isaksen, Tom Styve og Anne Guri Tvedt

Ei fabulerande og leiken framsyning om lengt og leiting, og mykje meir, visuell og velspela, men kanskje meir til å oppleve enn å forstå.

Teater Innlandet har eit prosjekt dei kallar TI Lab som i følgje dei sjølve er eit kreativt kokeri der alt kan skje. Ensemble, dramatikar og regissør får relativt fritt spelerom, og ein produksjon under denne «lab»-vignetten er meir ei kunstnarleg utforsking enn ei fiks ferdig framsyning. Her er det lov å floppe, for dette er ikkje akkurat teater med tryggingsnett. Førre veke var det urpremiere på Ivar Furre Aams «Forbuden Fukt», og sjølv om fallhøgda var stor, faktisk heilt til «havsens botn», blei dette etter kvart ei fascinerande, underhaldande og ikkje minst velspela framsyning, – og absolutt til ettertanke.

Etter avslutta skodespelarutdanning for ti år sia, har Ivar Furre Aam arbeidd i mange ulike produksjonar, mellom anna fleire av Lisa Lie sine. Men så tok han i tillegg regiutdanning på KHiO der han var ferdig i fjor, og med «Forbuden Fukt» på Teater Innlandet, debuterer han nå også som dramatikar.

Aam er ein søkjande scenekunstnar, og i «Forbuden fukt» er det slik at både hovudpersonen Arild, og framsyninga leitar etter seg sjølv. For vi snakkar sjølvsagt om den pågåande diskusjonen om identitet og kjønnsforståing, men utan å bli korkje påståeleg eller moralistisk. For dette er først og fremst ei særs leiken framsyning som boltrar seg i heile scenekunstens ulike verkemiddel, metaforar, språklege blomar, brot så det held og ikkje minst så mykje metateater at det tidvis er uråd å vite om dette er spel eller røyndom.

Eg skal halde meg frå å gi noko resymé, for her er ei mengd ulike forteljingar og endå fleire tolkingshøve. Men eg må medgi at eit lite stykke uti framsyninga sat eg og lurte på kva i all verda dette handla om. Men så gradvis blei eg fanga av dei universa eg blei presentert for, og etter nesten to og ein halv time utan pause, skulle eg gjerne ha sett det ein gong til. I botn, og det er bokstaveleg, for vi er på «havsens botn», langt nede i djupet (i hovudsak ein metafor) der ulike skapningar held til. Blant dei er også havfrua Arild (Stian Isaksen) som er full av lengt og uvisse. Han veit ikkje kven ho er, og kva hen er etla til. Der alt berre flyt lengtar han etter noko anna, men ho veit ikkje etter kva.

Med dette som utgangspunkt har Aam, med god hjelp av scenografien og kostyma til Helena Zaïda Schaber, laga ein visuell og fabulerande framsyning full av innfall, brot, ulike scener og leik med teaterkonvensjonar. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Aam tidlegare har arbeidd mykje med Lisa Lie, men han utviklar hennar univers langt vidare. Det er blitt eit oppkome av ei framsyning, eit overflødigheitshorn der du etter kvart neppe forstår mykje, men likevel blir riven med av alt det fascinerande. I TI Lab-prosjektet til Teater Innlandet, er det stort sett det same ensemblet som går att, og eg vil tru at deira røynsle med ei slik teaterform er avgjerande for at dette blei så vellukka. Dei fem på scena, Julie Bjørnebye, Sofie Huijs, Stian Isaksen, Tom Styve og Anne Guri Tvedt, leverer formidabelt ensemblespel, og det er openbert at dette ikkje berre er noko dei er fortrulege med, men også har fullt eigarskap til og står inne for.

(Ei litt amputert utgåve av denne meldinga, og med ei ganske misvisande overskrift, stod i Klassekampen onsdag den 31. august 2022.)

Tråden frå Molde til Dhaka

mandag, august 29th, 2022

TEATER

BRUK OG KAST: Som ein Atacama-ørken i miniatyr er scena der Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal tek oss med frå Molde i 1935 til Bangladesh og Chile. FOTO: TINGH

«Den som henger i en tråd»
Teatret Vårt, Molde
Basert på Nini Roll Ankers roman
Dramatisering og regi: Toril Solvang
Scenografi og kostyme: Marcus Olson
Komponist: Sandra Kolstad
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal

Ei visuell og vakker, men litt for fragmentarisk framsyning som trekk sterke trådar frå gårsdagens Molde til ørkenen i Chile og fabrikkar i Bangladesh.

Teatret Vårt i Molde held fram med 50-årsfeiringa si, og nå med ei oppsetjing basert på bysbarnet Nini Roll Ankers store sosiale roman, «Den som henger i en tråd», frå 1935. Boka handlar om Karna frå Molde som jobbar på ein av dei mange tekstilfabrikkane i området, og om korleis ho gjennom dårlege arbeidsforhold, låg løn og undertrykking både som arbeidar og kvinne går gjennom ei politisk oppvakning og fagorganiserer seg. I dag er det ikkje mykje konfeksjonsindustri att i Norge, men det finst Karna’er overalt i verda, som i Indonesia, Thailand, India og Kina der arbeidstilhøva nok er verre enn dei var i Molde for 90 år sia. Dei billege kleda frå fabrikkar med underbetalte arbeidarar har i tillegg ført til ein bruk-og-kast-mentalitet som gjer at tekstilindustrien er blitt ein av verstingane med tanke på miljø og forureining med rundt 10 % av verdas CO2-utslepp.

Med utgangspunkt i Molde i 1935, Karna, og venninna hennar Rakel, har dramatikar og regissør Toril Solvang laga eit teaterstykke der ho tek oss med til landa eg nemnde, og ikkje minst til Savar utanfor Dhaka i Bangladesh der ein åtte etasjar høg tekstilfabrikk kollapsa for ni år sia og meir enn 1100 døydde. Og vi blir også med til Atacama-ørkenen i det nordlege Chile der 40 000 tonn brukte moteklede årleg blir deponert med alvorlege konsekvensar for miljøet, ikkje berre i Chile men for heile verda.

Scenografien til Marcus Olson er heilt avgjerande for denne oppsetjinga. Scena er fylt av utrangerte klede frå Fretex, og i dette fargerike berget av tekstilar dukkar dei tre skodespelarane Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal opp. Sjølve iført eit hav av klede er dei både forteljarar, ulike versjonar av Karna og ein del andre personar medan dei hoppar ganske saumlaust ut og inn av roller og fram og attende i tid. Med seg har dei eit flott og stemningsskapande lydbilde, nokre gongar nesten suggererande nyskriven musikk av Sandra Kolstad.

Dei tre på scena er fortrulege med stoffet, spelar godt i hop, og med enkle middel gjer dei at vi forstår om dei er ei abortsøkjande jente i Molde for nitti år sia eller offer for storspekulantar i Bangladesh i dag. I løpet av berre 80 minutt greier dei å sveipe innom både det historiske bakteppet frå Nini Roll Ankers roman, situasjonen for dagens syersker, fagorganisering, utbytting, kvinneundertrykking, abort og i tillegg kampen for natur og miljø. Og her ligg to problem som gjer at framsyninga diverre ikkje kjem heilt i land. Ho blir litt anekdotisk ved at det er så mykje ein skal innom på stutt tid utan at ein kjem skikkeleg under huda på situasjonen i dei ulike tablåa. Eit særs godt songnummer mot slutten syner kva dette kunne ha blitt om dei hadde fått like god tid til dvele ved innhaldet i fleire av scenene. Og med så sterkt og klårt innhald som det Toril Solvang her presenterer, treng ho heller ikkje å gni det inn med proklamasjonar og knytte never. Den før nemnde songen, lågmælt og illustrerande, og mange av tablåa, for ikkje å seie heile framsyninga, er ei meir enn sterk nok knyttneve i seg sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. august 2022.)

Ny vri på Olavsmyten

lørdag, august 20th, 2022

TEATER

INGEN UTBURD: Rane (Terje Brevik) sørger for at Olav (Eine Grøtte Fosshaug) ikkje blir sett ut. FOTO: ØYVIND MALUM, CAMERAT AS

«Olav den Heldige – Ranes hemmelighet»
De Heldige og Stygdalsnemnda, Spelamfiet Stiklestad
Av: Patrik Asplund Stenseth og Sjur Marqvardsen
Komponist: Andreas Humlekjær
Regi: Martine Tufvesson Lundberg
Scenografi og lysdesign: Eilif Fjeld Teisbo
Kostyme: Anette Werenskiold
Arrangør/medkomponist: Håvard Gressum Antonsen
Lyddesign: Thomas Hammer
Koreografi: Amalie Eggen
Med: Eine Grøtte Fosshaug, Adelheid Svedjan Hynne, Patrik Asplund Stenseth, Philip Bøckmann, Jan Sælid, Heidi Ruud Ellingsen, Kenneth Engen, Terje Brevik, Benedicte Søreng, Lavrans Haga, Sanne Kvitnes mfl.

Eit respektlaust og kreativt oppkome av ei framsyning trass i nokre problem med sjølve forteljinga.

Olavsmyten om «Norges evige konge», Olav Haraldson eller Olav Digre som han også blei kalla, er i hovudsak knytt til slaget på Stiklestad der han fall. Det var ei hending som er blitt sett på som den endelege stadfestinga av kristninga av Norge, og der ettertida kanoniserte han og ga han tilnamnet «den heilage». Mindre kjent er det at han tidleg i si kongsgjerning grunnla byen Borg, som nå heiter Sarpsborg. Det har ført til at sarpingane også kjenner eigarskap til denne kongen, og produksjonsselskapet De heldige har i fleire år sett opp utandørsframsyninga «Olav den Heldige» i Sarpsborg. Nå har dei laga det eg vil tru er ei ny oppsetjing, «Olav den Heldige – Ranes hemmelighet», som er første del av en trilogi. Urpremieren var i Sarpsborg i juli, men i samarbeid med Stygdalsnemnda og Stiklestad nasjonale kultursenter, er framsyninga nå komen «heim», og fredag var det nypremiere i spelamfiet på Stiklestad.

Med bakgrunn i Snorre, norrøn mytologi og andre historiske kjelder, men med meir enn tilstrekkeleg distanse til dei, har forfattarane Patrik Asplund Stenseth og Sjur Marqvardsen skrive ei historie om Olavs unge år og korleis han etter kvart slo dei gamle æsa. Det er temmeleg fritt etter minnet, og fullt av humoristiske gags, men med klåre parallellar, ikkje berre til historia om Olav Digre, men også, antikken, Bibelen og Jesu yngre år.

Namneseremoni: Eitt av mange velkoreograferte masseopptrinn. FOTO: ØYVIND MALUM, CAMERAT AS

Vi er på slutten av 900-talet, og det skal vere namneseremoni for den nyfødde kongssonen Olav. Far hans, Harald, døydde medan Åsta (Sanne Kvitnes) var gravid, og stefaren Sigurd (Lavrans Haga) og Åsta bur seg på eit skikkeleg lag. Men om natta får den vise Rane (Terje Brevik) eit syn om at Olav skal bli ein leiar for folket sitt inn i ei ny tid. Men ikkje utan motstand, for profetien vil ikkje bli oppfylt om dei gamle gudane greier å ta livet av guten. Her er parallellane til Herodes og Jesus meir enn openberre, og Olav blir ikkje berre den seinare heilage, men nærast som ein Kristus-figur. Odin (Jan Sælid) finn sjølvsagt ut av dette, og saman med Tor (Patrik Asplund Stenseth), Loke (Philip Bøckmann), Frøya (Heidi Ruud Ellingsen) og Heimdal (Kenneth Engen) legg han planar for å få guten drepen. Tor blir send ut for å lage eit ekstremt torevêr under namneseremonien, og det fører til at Sigurd meiner Olav fører med seg ulykke, og vil difor setje han ut for å døy. Og her er parallellen til «Spelet om Heilag Olav» like openberr, eit spel som handlar meir om utburd enn om helgenkongen. Så blir det nok ein mytisk parallell, denne gongen som i Sofokles’ drama om Ødipus, at nokon forbarmar seg. Åsta og Rane konspirerer, og Olav (Eine Grøtte Fosshaug) veks opp i løynd hjå den vise Rane utan omgang med andre, og utan å vite kven han er.

Så langt er dette både spennande og særs kreativt, og med referansar både hit og dit. Men så verkar det som forfattarane har gått litt tom for idear når det gjeld sjølve forteljinga, for resten er diverre blitt noko hoppande der tablåa kjem hulter til bulter, og ikkje alltid like motivert. I den grad det er kreativt, er det fordi det er krydra med artige gags, påfunn, populærkulturelle referansar og ein god porsjon metateater. Det blir sjølvsagt tidvis særs underhaldande, men tablåa blir diverre meir frittståande publikumsfrieri enn ei samanhengande historie. Utan å røpe for mykje følger vi Olav til han 12 år gamal flyktar til Danmark, let seg kristne, og så kjem heim for å slå ned både Midgardsormen, den gamle åsatrua, og for å forsone seg med mor og stefar.

Spelamfiet på Stiklestad egnar seg godt til framsyninga. Amfiet er litt ombygd, og med gode scenografiske element, og ikkje minst den flotte lyssettinga til Eilif Fjeld Teisbo, blir det laga fine rom og situasjonar. Saman med dei mange kreative og synkrone lydeffektane til Thomas Hammer, får vi mange nesten magiske tablå.

SJARMERANDE: Jotnen Loke og gudane Tor, Frøya og Heimdal, er meir sjarmerande enn skumle og vonde. FOTO: ØYVIND MALUM, CAMERAT AS

Dette er ei familieframsyning for alle frå fem år og oppover, og ho er tidvis humoristisk sjølvironisk om det at det også er mindreårige blant publikum. Dei gode figurane er sjølvsagt gode, men dei vonde er ikkje så ille når det kjem til stykket dei heller. Dei gamle gudane er meir komiske enn vondsinna, og Tor med hammaren er eigentleg ein pingle som ikkje greier å gjere slik Odin vil. Rolletolkinga til Patrik Asplund Stenseth er ei lita framsyning i framsyninga, og gjer Tor særs sjarmerande, og faktisk til å kjenne seg att i for mange. Eine Grøtte Fosshaug er berre 12 år gamal, men spelar likevel Olav både overtydande og truverdig. Han er energisk, hundre prosent til stades, og har, trass ung alder, eit overraskande rikt register.

Regissør Martine Tufvesson Lundberg har, saman med regiassistent Vilde Johannessen, gjort eit særs bra arbeid med å instruere dei nærare tretti unge statistane, og slik skapt mange mektige tablå. Og koreografen Amalie Eggen har fått dei til å opptre imponerande synkront. Regien slit litt med at sceneskifta er mange og ikkje alltid like logiske.

Dette er eit musikkspel, og musikken til Andreas Humlekjær er litt ujamn. Nokre songar er vakre og små perler, medan andre ikkje er like melodiøse, og difor vanskelege å synge for dei minst rutinerte. Men Heidi Ruud Ellingsen som Frøya gjer maksimalt ut av sine ganske forrykande songnummer. Eg må også nemne at Ola Wist Holmen har gjort ein dugande jobb med musikalsk innstudering av koringa som både er rein, klokkeklår og mektig.

I snart sytti år har det ekstremt pompøse, og temmeleg innhaldslause «Spelet om Heilag Olav» fått rå grunnen på Stiklestad. Trass i nokre manglar ved sjølve forteljinga, var det difor befriande å sjå denne kontrasten, «Olav den Heldige – Ranes hemmelighet», ei underhaldande framsyning og ein respektlaus og oppfinnsam måte å formidle gamal historie på.

Kampen om fossen

mandag, august 15th, 2022

TEATER

TRUGSMÅL: Lensmannen (Dag Ringstad) les opprørsparagrafen for Tone (Karianna Sommerro) og aksjonistane og trugar med fengsel i fleire år. FOTO: BJØRN MAGNE ØVERÅS

«Spelet om Mardøla»
Mardøla teaterlag, Eikesdal
Tekst: Svein Sæter
Musikk: Lars Ramsøy-Halle
Regi: Nils Golberg Mulvik
Musikalsk leiing: André Gussiås og Øystein Sandbukt
Scenografi: Carsten Andersen
Lysdesign: Agnethe Tellefsen
Koreografi: Hege Lauritzen
Orkester: Øystein Sandbukt, André Gussiås, Britt Elise Skram, Einar K. Fuglerud, Jo Inge Nes og Ivar Sandbukt
Med: Marit Synnøve Berg, Karianna Sommerro, Odd Arne Halaas, Emma Torine Ulateig Austigard, Mathias Melsæter Rydjord, Gunnar Børset mfl.

Kampen for å verne Mardalsfossen i 1970 var skilsetjande for både naturvernet og sivil ulydnad, og har nå endeleg fått eit verdig minne gjennom «Spelet om Mardøla».

Mardalsfossen ved Eikesdalsvatnet i Møre og Romsdal er ein fleirtrinns foss med totalt fall på over 700 meter, og eit spektakulært og ynda turistmål. Men også eit enormt kraftpotensial. I 1947 blei Aursjøbassenget i fjellet mellom Eikesdalen og Lesja demt opp. Ti år seinare vedtok Stortinget «takrenneprosjektet» som ville ta endå meir vatn frå Aura. Samstundes sa Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE) at nå var tolegrensa nådd, og at Mardalsfossen ikkje burde byggast ut. Bygdefolket i Eikesdalen og Eresfjord trudde fossen var berga, men slik blei det ikkje. NVE søkte i 1966 om utbygging, og trass i manglande vedtak, blei det starta bygging av anleggsveg i 1969. Sommaren 1970 vedtok Stortinget (mot berre åtte røyster) å tørrleggje fossen og føre vatnet til Romsdalen.

I slutten av juli 1970 var protestaksjonen i gang. Bygdefolk og tilreisande aksjonistar etablerte ein teltleir i Sandgrovbotn, og hindra anleggsmaskinane i å kome fram. Under klok rettleiing frå økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng (1934 – 2014), vedtok dei ei ikkjevaldsline der dei søkte kommunikasjon og ikkje konfrontasjon. Men folk i nabokommunen Rauma, som ville få kraftverket, ville det annleis. Dei væpna seg, og det gjekk mot det som kunne ha blitt eit valdeleg oppgjer. Aksjonistane valde å avslutte blokaden, men flytta leiren til ein annan plass. I slutten av august 1970 var det heile over, og ikoniske bilde av Kvaløy og andre som blei bore bort av politiet fekk medieoppslag over heile verda.

Mardøla-aksjonen var den første store naturvernkampen i Norge, og sette den etiske standarden for all slags sivil ulydnad. Slaget blei tapt, men krigen blei på mange vis vunne, for to år etter fekk Norge verdas første miljøverndepartement, og i 1986 vedtok Stortinget ein samla plan for forvalting av vassdraga i landet.

I 1972 blei det laga ein dokumentarfilm om denne skilsetjande aksjonen, men det har mangla ei skikkeleg lokal markering. I 2019 blei Mardøla Teaterlag skipa, forfattar og komponist blei engasjert, og torsdag var det urpremiere på musikalen «Spelet om Mardøla».

Med aksjonen som bakteppe har Svein Sæter skrive eit manus som held seg tett til dei faktiske hendingane, men som elles er fiksjon. Med eitt unnatak. Sigmund Kvaløy (Gunnar Børset) er sjølvsagt ein sentral rollefigur. Vi er på garden Mardalsbøen, ved foten av Mardalsfossen. Her bur tre generasjonar, «Bæste» (Marit Synnøve Berg), sonen hennar Peder (Odd Arne Halaas) og dei to døtrene hans, Kari (Emma Torine Ulateig Austigard) og storesystera Tone (Karianna Sommerro). Gjennom denne vesle grunneigarfamilien, og spesielt odelsjenta Tone, får vi på illustrerande vis rulla ut både forhistoria og heile dramaet. Konflikten med folka i Rauma får Sæter fram ved å la Tone bli kjærast med Tore (Mathias Melsæter Rydjord) som er son av maskinentreprenøren for anlegget.

MAGISK: Ballett for to gravemaskinar og ei fosseprinsesse. FOTO: BJØRN MAGNE ØVERÅS

I første akt er vi på garden og får presentert det som skjedde fram til utbyggingsvedtaket, medan vi etter pause er i teltleiren i Sandgrovbotn. Carsten Andersen har stort sett latt småbruket og naturen vere scenografi, og med lyssettinga til Agnethe Tellefsen blir det skapt både fine rom og situasjonar. Særleg vellukka er Fosseprinsessa (Pia Lauritzen), ei slags hulder som skapar stemningar med ekspressiv dans ved foten av fossen. Og starten av andre akt er magisk når vi får ein velkoreografert ballett med to gravemaskinar (!) og ei fosseprinsesse.

Sæters tekst er full av lun humor og får godt fram både historia og konfliktane. Musikken til Lars Ramsøy-Halle er framifrå, melodiøs og til å synge med i. Og med eit dugande orkester og god korsong blir det mange mektige tablå. Spelet til dei sentrale aktørane er solid og truverdig, og Karianna Sommerro syner nok ein gong at ho er ein musikalartist av dei sjeldne.

TO GENERASJONAR: Odelsjenta Tone (Karianna Sommerro) og «Bæste» (Marit Synnøve Berg). FOTO: BJØRN MAGNE ØVERÅS

Det har vore stutt prøvetid, det er mange statistar og eit enormt dugnadsprosjekt for ein plass med få fastbuande. Regien til Nils Golberg Mulvik er nok difor ikkje heilt i mål. Sjølvsagt manglar det ein del på personinstruksjon av dei mange statistane, men det er også litt problem med dramaturgien der det nok er mogeleg å stramme inn ein god del. For det er å håpe at dette spelet blir sett opp att om eit år eller to. Historia er viktig, og kampen for naturen er diverre langt frå over.

(Ei litt amputert utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. august 2022.)

Framifrå folkekomedie

mandag, august 1st, 2022

TEATER

MASKEPI?: Er det hat eller elskov mellom Beatrice (Madeleine B. Nilsen) og Benedick (Jon Vegard Hovdal)? FOTO: KRISS STEMLAND

«Myttjy alo fer itjnå»
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim
Av: William Shakespeare
Omsett av: Hans Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist: Øyvind Jo Heimdal Eik
Orkester: Øyvind Jo Heimdal Eik, Markus Wisth Edvardsen og Gaute Skrove
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Maske og parykk: Leo Thörn
Med: Madeleine B. Nilsen, Jon Vegard Hovdal, Haakon M.A. Smestad, David Stakston, Emma Bones, Marianne Meløy, Kathrine Strugstad, Bendik S. Nordgaard, Kristoffer Hjulstad, Ståle Kvarme Tørring, Terje Ranes, Silje Botten, Stian Hovland Pedersen og Ragnhild Lila Risnes mfl.

Dette er folkekomedie på aller høgste nivå.

Rabarbrateateret i Trondheim har vore aktivt sia 2010, men det var først då dei tok til å setje opp William Shakespeares folkekomediar i ein bakgard på Bakklandet i Trondheim, og i særs kreativ omsetjing til sparbudialekt, at det heile tok av. I år har dei tatt for seg «Much Ado About Nothing», som i Hans Magnus Ystgaards nærast geniale omsetjing heiter «Myttjy alo fer itjnå». Og om dei føregåande produksjonane har vore vellukka, så tek denne prisen.

Vi er i Messina på Sicilia der fyrsten Don Pedro (Haakon M.A. Smestad) er komen heim frå eit ærerikt felttog. Det er duka for bryllaup mellom den unge adelsmannen Claudio (David Stakston) og Hero (Emma Bones), dotter til guvernøren (Terje Ranes). Medan alle ventar på den store festen, freistar fyrsten å kople Claudios ven Benedick (Jon Vegard Hovdal) med Heros kusine Beatrice (Madeleine B. Nilsen), båe innbitne motstandarar av ekteskap, og endå meir av kvarandre. Dei utvekslar utskjellingar med så stor eleganse at vi ganske raskt forstår at det eigentleg dreier seg om kurtise. Men Shakespeare har alltid forviklingar på lur, og fyrstens bror (Ståle Kvarme Tørring), set i scene eit opptrinn som gjer at Claudio trur Hero er utru og har seg med fleire. Så blir det «myttjy alo», og ein intrige som er lettare å forstå enn å forklåre. Men ved hjelp av nokre som har sett kva som eigentleg skjedde, og ein nydikta figur, Buskis (Marianne Meløy), løyser alt seg til slutt.

Det er eit stort persongalleri, og sjølv om det er komplikasjonane rundt bryllaupet til Claudio og Hero som er den viktigaste intrigen, er det likevel Benedick og Beatrice, dei to som flørtar med skjellsord, som er motoren i framsyninga. Invektiva dei serverer kvarandre kjem som frå to mitraljøser, metaforane og dei språklege blomane er mange, og ein skal følgje godt med for å få med seg alt. Madeleine B. Nilsen blei i 2020 høgst fortent Heddanominert, men det ho gjer i Rabarbraparken overgår alt ho tidlegare har gjort. Ho spelar med stort tempo, er høgt og lågt, og syner eit enormt register og ein imponerande nyanserikdom. Motspelaren Jon Vegard Hovdal står ikkje mykje attende, og gjer også den beste framføringa eg har sett av han så langt. Dei andre rolletolkingane er alle overtydande og gode, og det er lite att av den litt sjarmerande amatørismen vi har fått i tidlegare produksjonar.

Hans Magnus Ystgaards omsetjing er full av språkblomar og metaforar, og gjer teksten både forståeleg og hysterisk artig. I den nye rolla «Buskis» (som eg oppfattar som ein halvbror av og vidareutvikling av Shakespeares Dogberry, men som dei sjølve seier er Dogberry, men berre med nytt namn) har Ystgaard gitt språklege lissepasningar til Marianne Meløy som svarar med å lage ein stor komedie i komedien. Øyvind Brandtzægs regi, og ikkje minst personinstruksjon, er imponerande. Rabarbraparken er inga enkel scene, men skifta er presise og raske, tempoet er høgt, og det er framifrå spel frå alle aktørane. Intrigen er klår og tydeleg, og det er ei framsyning til å le seg i hel av, nærast utan daudpunkt. Samstundes ligg Shakespeares milde kritikk av menneskeleg vondskap og dårskap der som ein undertone heile tida.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 1. august 2022. I denne bloggteksten har eg lagt til ei presisering om forholdet mellom figuren «Buskis» og Shakespeares Dogberry.)

Ryktet om min død….

lørdag, juli 23rd, 2022

TEATER

PLOPP: Slik kjem ein «lausunge» til verda. Yaana Borg imponerte som utstøytt mor. FOTO: MARCUS VILLABRILLE

«Slaget på Testiklestad»
Nye Hjorten Teater, Oppdalstunet, Sverresborg Folkemuseum
Av: Mads Bones, Olve Løseth, Ole Christian Gullvåg og Kyrre Havdal
Musikk og kapellmeister: Kyrre Havdal
Songtekstar: Mads Bones
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Koreografi: Martha Standal
Kostyme: Solveig Dahle Stoltz
Orkester: Kyrre Havdal, Øyvind Smidt, Hans Petter Wiik Sæther, Kjetil Sandnes og Tore Thorvaldsen Sandbakken
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Mira Dyrnes Askelund, Emma Caroline Deichmann, Emil Olafsson, Maria Austgulen, Martha Standal, Tor Ivar Hagen, Mikael Rønne, Christine Gaski, Jenny Bulterud, Yaana Borg, Mariama Fatou Kalley Slåttøy, Gard Hjertaas Bjørnson, Markus Bjørlykke mfl..

I seks sesongar har folk i Trøndelag gått mann av huse for å sjå den elleville parodien på mange av sommarens mest kjende spel. Men sjølv om det blir spela for fulle hus og eit entusiastisk publikum, er det varsla at dette er siste sesong. Og høgst truleg er det like greitt.

I seks år, frå 2014 og berre avbrote av ein pandemi, har den fullstendig respektlause, men samstundes intelligente og observante kvartetten Mads Bones, Olve Løseth, Ole Christian Gullvåg og Kyrre Havdal peika nase av spelfenomenet ved å lage ein parodi som i det meste overgår originalane, og som i motsetnad til dei ganske pompøse og sjølvhøgtidelege spela, evner å fornye seg. Grunnhistoria tar utgangspunkt i det kanskje mest vidgjetne spelet av dei alle, men samstundes eitt av dei mest inkjeseiande, nemleg «Spelet om Heilag Olav». I motsetnad til kristninga av Norge, som eigentleg slett ikkje er tema på Stiklestad, handlar det i parodien om kong Sverre, som 150 år etter Olav Digre fall i unåde hjå paven, og som (og her forlèt vi den autoriserte historia) deretter fann det like godt å avkristne kongeriket. Det måtte sjølvsagt skje på Stiklestad. På veg dit kjem han innom garden Ful der det er eit meir enn mangefasettert gardsfolk, og ettersom dei er kristne (i alle fall i namnet) freistar dei å stoppe kongens vidare ferd.

Kong Sverre (Emil Olafsson) på avkristningstokt.

I dette elleville metateateret der det er så mange metalag at det tidvis er nesten uråd å henge med, er vi innom heile tidsaspektet frå midten av 1100-talet til i dag, og med stadige tjuvlån frå, og visittar og sleivspark til dei fleste av dei mest kjende og største spela. Og sjølv om grunnhistoria ligg nokså fast, er det rikeleg med rom for skråblikk og politiske, humoristiske og/eller satiriske kommentarar til aktuelle hendingar. Slik er dei i år innom både abortstriden i USA, Putins maktarroganse, debatten om kjønnsinkongruens, woke-kultur, krenkehysteri og mykje meir. Og avslutninga er i år litt annleis enn før, for nå er det faktisk kvinnfolka som tar over. For den som har sett alle dei seks versjonane (1, 2, 3, 4 og 5), er det nok spenninga rundt kva som er nytt som held oppe nyfikna. I tillegg til kva dei har gjort ut av den stakkars suffløren. For dette er som sagt metateater der alt kan skje, uavhengig av regi, og det gjer det også. Som når bonden på Ful (Mads Bones) på premieren kastar avlaten til bispen rett gjennom vindauget på den freda Detlistugu så det singlar i glas. Jamvel om det kan hende ikkje verkar slik, er nok den uhjelpelege suffløren langt meir planlagd. Det plar vere ein utanfrå, ein rogalending eller ein austlending som aldri har sett «Elden» og som korkje kjenner eller forstår kodene. I år er det Emma Deichmann som står for sufflien. Til vanleg er ho tilsett på Trøndelag Teater der ho snakkar eit uforfalska norsk. Men det er berre spel, for ho er i røynda dansk, og her får ho vere seg sjølv i ei rolle som ho gjer maksimalt ut, og som er med på å redde framsyninga.

Olve Løseth kommenterer det meste.

For sjølv om det er masse humor, gode parodiar, store, flotte danseopptrinn og eigentleg ein særs god musikal, så er det umogeleg at ein etter sjette oppsetjinga ikkje sit att med ei kjensla av å ha sett det før. Det er rett nok mange referansar til aktuelle tema, og til og med den heilt ferske ruteknusinga greidde Olve Løseth å kommentere. Men alt dette blir likevel berre overflateavvik frå den store historia som ikkje har endra seg så dramatisk. Eg trur difor det er rett av dei at dei nå seier at dette er siste gongen. Det er alltid lurt å gi seg på topp, og sjølv om dei også lova det same i 2017, for så å peike nase av oss og seie at dei berre kødda året etter, trur eg at ryktet om denne spelparodiens død nå er (litt) sannare enn for fem år sia.

Jenny Bulterud og Yaana Borg imponerte som tvillingane Dyda og Tyra

For ikkje å gi det negative inntrykket at det er rein déjà vu å sjå Vol. 6 av «Slaget på Testiklestad», må eg ile til og seie at slik var det ikkje. Om ein ser forbi all humoren, halloien, og det komplett absurde, så er «Slaget» i røynda ein særs god musikal der melodiane til Kyrre Havdal med songtekstar av Mads Bones står fjellstøtt på eigne bein. Og mange av songane bør kunne få eit langt liv etter dette. Koringa og songprestasjonane er framifrå, og når koreografen Martha Standal denne gongen ikkje berre har fått drille og koreografere eit talrikt ensemble, men også har fått med seg ein handfull skikkeleg gode dansarar, så har framsyninga også fått ein ny visuell dimensjon. Gard Hjertaas Bjørnson som med dans og rørsle følgde herolden, eller bodbringaren, Olve Løseth, var eit vakkert og godt grep. I tillegg baud framsyninga på ein del nye, og for meg ukjende aktørar som imponerte både med spel og song, spesielt tvillingane Dyda og Tyra (Jenny Bulterud og Yaana Borg).

Ikkje nok med forhud, heile stellet skal av. Og då går også suffløren Emma Deichmann og statisten Maria Austgulen all inn.

Etter dei første sesongane med «Slaget på Testiklestad» skreiv eg at det var ei oppsetjing som leita etter sin eigen moral. I sesong seks ser det ut til at dei har funne den. I alle fall slår dei fast at moralen er: «You may kill the messenger, but never kill your darlings». Det siste er antitesen på godt manusarbeid, og kan fort bli tolka som ein freistnad på å kunne fri seg frå kritikk frå slike som meg. For det kunne nok ha vore nokre darlings å ta livet av her, men då hadde det heller ikkje blitt det absurde, meiningslause, og på same tid vellukka stykket som det faktisk er. Oppsetjinga meiner altså å ha funne sin moral. Viktigare er det at avslutninga ikkje enda med avkristning slik Sverre ønska, men snarare det motsette. Ein må vel tru at avskorne penisar må vere på line med bibelens historie om avskorne filistarforhudar, og då kan det vel vere rett å vise nettopp til Bøkenes bok der det står at «Det er ei tid for alt». Og det gjeld vel også for elleville spelparodiar?

Ulike utanforskap

tirsdag, juli 12th, 2022

TEATER

ANNLEIS: To ulike lagnadar, men eit håplaust utanforskap har dei felles. FOTO: PETTER SKAR

«Bjørnørfolket – Drømmen om Amerika»
Kuringen, Åfjord
Av: Lene Nilssen Viken og Helena Wik
Regi: Lene Nilssen Viken
Komponist: Gunhild Hjertaas
Scenografi: Runa Dahler Sandø
Kostymedesign: Sunniva Hårstad
Kapellmeister: Knut Erik Jensen
Musikarar: Håkon Hammer og Karoline Bredvik
Med: Emilie Mordal, Bjørn Tore Grøntvedt, Lavrans Haga, Barbro Amrud Nilsen, Andreas Tronga, Tove Karoliussen, Stines Langklopp Svenning, Claire Yvonne Haugen, Bengt Arntzen, Nora Monkan, Michael Johan Setså, Vibeke Stjern, Selma Stene, Fredrik Stene mfl.

Ikkje berre armod og eventyrlyst førte folk til Amerika, men også draumen om eit rausare samfunn.

I hundreåret fram til 1920 utvandra rundt 800 000 nordmenn til Nord-Amerika, og i den tidlegare Fosen-kommunen Bjørnør reiste halve befolkninga. Med bakgrunn i ei bygdebok og verkelege hendingar sette regissøren Helena Wik seg føre å lage ein ambulerande trilogi om dette. Første del, som ho skreiv og regisserte sjølv, blei oppført på Bessaker i Roan sommaren 2019. Temaet var han som reiste frå kjærast og unge for å tene seg opp litt pengar, men som aldri kom heim. Etter to års utsetjing på grunn av pandemien, var det fredag premiere på andre del, denne gongen på Kuringen i Åfjord.

Årets framsyning har Wik skrive saman med Lene Nilssen Viken, og det er Viken som har ansvaret for regi. Som i førre episode, målar dei ut eit kystmiljø med brei pensel. Og med eit femtitals aktørar, toppa av ein handfull profesjonelle, blir det mange storslåtte tablå der vi får rike skildringar av samhald, motsetnader, armod, bygdedyr, slarv, gudstru og draumen om noko anna. I tillegg til historiene om dei som fór og dei som blei att, er tema denne gongen dei som fell utanfor og kor tøft det kunne vere i eit lite kystsamfunn på 1880-talet. Konfirmanten Ludvig Sørgaard (Bjørn Tore Grøntvedt) har forstått at han er homofil. I tillegg er han ingen arbeidskar, men langt meir opptatt av bøker og religion. Emelie (Emilie Mordal), besteveninne med storesystera til Ludvig, er stadens «gledespike» og sjølv om ho både er ei god mor og eit godt menneske, er det ingen sosial aksept for det ho gjer for å overleve.

Medan Ludvig og Emelie ventar i det lengste, får vi presentert den eine etter den andre som bryt opp og dreg. Og her ligg oppsetjingas største problem. Forfattarane har så alt for mange historier og nyttar for mykje tid på miljøskildringar og bakteppe. Undervegs får vi rett nok mange flotte tablå, forbausande gode kor- og solistprestasjonar og ei mengd melodiøse songar. Men det er først i andre akt at vi forstår kva det dreier seg om, og korleis to heilt ulike utanforskap kan føre to menneske saman. Når vi endeleg kjem så langt, blir dette sterkt, intenst og framifrå formidla av dei to, og særleg Emilie Mordal imponerer i tolkinga av den prostituerte som etter kvart blir spedalsk i dobbel tyding.

Framsyninga brukar for lang tid på å kome til poenget, men på vegen gjer musikken til Gunhild Hjertaas at dette likevel blir opplevingsrikt. I fleire produksjonar dei siste åra har ho laga vakre og melodiøse songar å gle seg over og nynne med i, og denne framsyninga var ikkje noko unnatak.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 12. juli 2022.)

Kristin med nokre metalag

søndag, juli 3rd, 2022

TEATER

GRØNE HOSER: Erlend (Ravdeep Singh Bajwa) er på friarføter, og Kristin (Madalena Sousa Helly-Hansen) viser tydeleg interesse. FOTO: ERIK BERG-JOHANSEN

«Kristin Lavransdatter»
Kristinspelet, Jørundgard, Sel
Av: Sigrid Undset
Dramatisert av: Marie Nikazm Bakken og Marie Othilie Hundevadt
Regi: Marie Nikazm Bakken
Scenografi og kostyme: Tone Aminda Gøytil Lund
Koreografi: Lone Eivindsdotter
Musikk, komposisjon: Martin Korssletten
Med: Madalena Sousa Helly-Hansen, Ravdeep Singh Bajwa, Håkon Ramstad, Mari Midtli, Daniel Frikstad, Endre Skjåk, Sverre Spjotum, Aud Hove, Reidun Aasgaard, Lina Bjørnstad, Eirik Odde, Synne Løvli Haugen, Ola Klashaugen, Elena Bjørnstadhaugen, Anna Øihusom mfl.

Med humor, nokre metalag og litt naivisme er «Kristin Lavransdatter» på Jørundgard blitt ei underhaldande oppsetjing som likevel i hovudsak er tru mot historie og tematikk.

Eg er blant dei mange som meiner at Sigrid Undset i for stor grad la nittenhundretalets kjensleliv inn i menneska frå mellomalderen då ho skreiv trilogien om Kristin Lavransdatter. Nå har vi fått ei dramatisering av dette verket som på mange vis er eit både godt og sjølvironisk svar på denne kritikken. Gardstunet Jørundgard på Sel i Nord-Gudbrandsdalen blei bygd opp som filmkulisser i samband med innspelinga av Liv Ulmanns film om Kristin Lavransdatter i 1995. I åra etter har det vore sett opp eit spel om Kristin i desse kulissene. I fjor dramatiserte Marie Nikazm Bakken og Marie Othilie Hundevadt dei tre bøkene på nytt, og i regi av Marie Nikazm Bakken er det laga ein ganske annleis versjon av dette mellomalderdramaet.

I gamle filmkulisser, med ein støyande E6 full av ferietrafikk i bakgrunnen, i fullt dagslys utan noka form for kunstig lyssetting, og sikkert med temmeleg avgrensa økonomiske middel, har dei to kvinnene bak framsyninga stukke fingeren i jorda og erkjent kva for rammevilkår som fanst, og laga ei humoristisk, sjølvironisk og tidvis særs naivistisk oppsetjing, som likevel i forbausande grad er tru mot historia og tematikken.

Det seier seg sjølv at det ikkje er enkelt å dramatisere eit omfattande trebands verk til ei tretimars framsyning. Når store delar av publikum i tillegg truleg kjenner høg grad av eigarskap til stoffet, blir fallhøgda endå større. Men Hundevadt og Bakken har gjort nokre avvæpnande grep som er både gode og ikkje minst særs sjarmerande. I staden for å lage ei alvorleg og pompøs framsyning, har dei skapt ei blanding av metateater og mellomalderdrama. Når E6 går i bakgrunnen, er det umogeleg å lage ein 1300-tals fiksjon, så då kan likegodt skodespelarane gå i joggesko, ha colaflaske på baklomma, tidvis bryte på dagens språk og skape artige brot som tydeleg syner oss at dette er teater og ikkje røyndom. Det gjer framsyninga særs underhaldande og ganske humoristisk. Men samstundes har dei, og spesielt i første akt, greidd å få fram tematikk og historie på eit vis som gjer at dei oppfattast å vere tru mot Undset sjølv om det nok er mykje ironisering.

Med mange lokale amatørar som både har fått god personinstruksjon og ikkje minst koreografi, blir det skapt eit utal fine og beskrivande tablå og masseopptrinn. Når det er sjølvsagt for koreografen at amatørane ikkje kan danse som Nasjonalballetten, blir dette kompensert ved å gjere rørslene sjarmerande naivistiske i staden, og stundom til reine publikumsfrieri. Slik kan handlinga og spelet i bakgrunnen stundom vere like viktig eller underhaldande som dialogen til hovudaktørane.

Alvemøen (Mari Midtli) i bakgrunnen

Eit godt dramaturgisk grep er å la Alvemøen (Mari Midtli) ikkje berre vere ei som Kristin møtte i barndomen, men ein stadig tilbakevendande figur som gjennom vakker song gjer dei mange sceneskifta synkrone og saumlause.

Ensemblet er ein fin miks av profesjonelle og amatørar. Sentralt i det heile, og heilt avgjerande for resultatet er Madalena Sousa Helly-Hansens formidable tolking av Kristin. Registeret er enormt når ho greier å formidle, ofte med små fakter, både det religiøse, kjærleiken, det frivole og erotiske, det djupt personlege og i tillegg ein god porsjon stor humor i ei meir enn truverdig blanding. Ho er sta, leiken, inderleg og mykje meir på same tid. Og så må eg få trekkje fram musikaliteten hennar. Første gong eg så henne, var i den Hedda-nominerte «Engelen frå Kobane» på Sogn og Fjordane Teater (nå Teater Vestland), ein sterk, intens og tekstrik monolog der språkføringa hennar var så god at eg var overtydd om at ho var vestlending. Men så er ho frå Son i gamle Akershus. I «Kristin Lavransdatter» har ho lært seg å prate døl, og sjølv eg som har røter frå norddalen, må vedgå at dette var imponerande. Språkbruken hennar, på line med alle dei lokale amatørane, gir framsyninga ein eigen autentisitet.

Lavrans (Håkon Ramstad) og Ragnfrid (Aud Hove)

Ravdeep Singh Bajwa har ikkje fått like mykje å spele på i rolla som Erlend, og blir meir anonym etter kvart, men i dei første og heftigaste møta mellom han og Kristin gnistrar det stundom. Kristin er sin fars dotter, og Håkon Ramstad gir ei solid tolking av Lavrans, riven mellom gudstru, konvensjonar og kjærleiken til dottera og ikkje minst ønsket om at ho må få det godt. Og så er det eit fint lite spel i spelet når alt kjem for ein dag, og det syner seg at «det e no i aill gårdan» som dei seier i Trøndelag. Vi er berre menneske, og har alle våre drifter og lyte, og slik er det med både Lavrans, og ikkje minst kona Ragnfrid. Nokre av tablå der sanninga om dei to kjem for ein dag, er av dei finaste scenene i oppsetjinga. Ramstad er trygg og overtydande som Lavrans, men Aud Hove som Ragnfrid syner her eit spel så ekte og inderleg at det er heilt på høgde med dei profesjonelle.

«Kristin Lavransdatter» er eit voluminøst trebands verk, og mykje må sjølvsagt kuttast ved ei dramatisering. I første akt fekk vi presentert «Kransen», og det blei gjort godt og grundig utan at eg eigentleg sakna så mykje. Men når både «Husfrue» og «Korset» skal bli spela på ein snau time i andre akt, blei det diverre hurtigtog og harelabb. Og både avslutninga der svartedauden gjorde ein ende på det meste, og mange av dei andre scenene i andre akt, var så stiliserte og skjedde så umotivert, at det nok kan vere vanskeleg å forstå og henge med for dei som ikkje har lese bøkene. Personleg trur eg difor at framsyninga hadde stått seg på å berre formidle «Kransen», og ha gitt seg med det.

Men trass i at andre akt blei ein liten nedtur etter ein forrykande førsteakt, var «Kristin Lavransdatter» ein overraskande god produksjon, der det mest imponerande, i tillegg til spelet til Madalena Sousa Helly-Hansen, var grepet forfattarar og regissør hadde gjort med å ta historia litt ut av det opphavelege tidsbildet, tilføre nokre metalag, ein god porsjon naivisme og ikkje minst all den sjølvironiske humoren. Og etter mi oppfatning likevel tru mot Undsets idé og forteljing.

Dronninga av Sunndal

mandag, juni 27th, 2022

MUSIKKTEATER

FALLITT: Brevet som Lars (Jon Lockert Rohde) og Karen (Karianna Sommerro) les for Lady Arbuthnott (Yngvild Støen Grotmol) gir ikkje rom for tvil. Banken hennar er konkurs, og eit aristokratisk liv er nådelaust over. FOTO: NATHAN W. LEDIARD

«Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy»
JazzåTeatret Produksjon AS, Sunndal kulturhus
Libretto: Stig Nilsson
Komponist: Lars Ramsøy-Halle
Regi: Pål Øverland
Musikalsk leiar: Trond Hustad
Scenografi: John Kristian Alsaker
Koreografi: Yngve Horn og Anett Hjelkrem
Kostyme: Mette Welle Jacobsen
Lyddesign: Erik Valderhaug
Orkester: Trond Hustad, Maren Lovise Nygård, Lars Brygelson, Marit Johannsen, Peter Wergeni, Emil Emilson Holmesland, Arild Hillestad og Jo Inge Nes
Med: Yngvild Støen Grotmol, Jon Lockert Rohde, Karianna Sommerro, Erik Wenberg Jacobsen, Anderz Eide, Nils Arne Halle Erstad, Marit Synnøve Berg mfl..

Teaterframsyninga om den styrtrike Lady Arbuthnott og hennar liv i Sunndalen har alt eit godt musikkteater skal ha.

I år er det 25-årsjubileum for JazzåTeatrets årvisse oppsetjing av «Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy». Eg melde framsyninga i 2002, og skreiv at produksjonen kunne forsvare ein plass på kva institusjonsteater som helst. Den påstanden står seg godt, for dette er musikkteater på høgt nivå.

James dør i moras armar.

Historia om Barbara Arbuthnott (1822-1904) er like sann som ho er spektakulær. I 1866 kjem ei steinrik britisk adelsdame, språkmektig og kunnskapsrik, til Sunndalen på Nordmøre. Etter å ha blitt enke to gongar, er ho nå på bryllaupsreise med den nye ektemannen William Arbuthnott og sonen James frå første ekteskap. Dei likar seg i Sunndalen og kjem attende to år på rad. Hausten 1868 blir sonen sjuk og dør på veg til Christiania. Det har lenge vore eit vanskeleg forhold mellom mor, son og ektemann og Barbara skuldar William for å vere årsaka til sonens død. Mot ein klekkeleg sum får ho innvilga skilsmål. Sonen blir gravlagd i Sunndal, og Barbara buset seg på bruket Elverhøy. Ho blir ein mesen i bygda, skriv eit par lærebøker, omset Jonas Lie til engelsk og fører eit ekstravagant selskapsliv. Men ho er også ein «man-eater» og ganske kynisk i jakta på yngre menn. Først lever ho saman med gardsstyraren Oluf Endresen. Når han dør, tilset ho Lars Hoås som ny styrar. Kjærasten hans, Karen Lønseth, blir kammerjomfru. At dei to er par, er ikkje til hinder for at Barbara legg sin elsk på Lars og kjøper ein grevetittel til han. Når Karen blir gravid, tek Barbara henne med på ei lang Europa-reise, og barnet blir sett bort i løynd utan at Lars får vite noko.

Lars blir slått til «greve».

Men alt har ein ende. Eit øydselt liv kombinert med at den skotske banken hennar går konkurs, fører til tvangsauksjon, og dei siste ti åra lever ho i ussel fattigdom saman med Lars og Karen. Men bygdefolket gløymer ikkje og hjelper til med både husvære og mat. I 1904 dør Barbara Arbuthnott, og så kan endeleg Lars og Karen gifte seg.

Med stor lojalitet til historia har Stig Nilsson (libretto) og Lars Ramsøy-Halle (musikk) skrive musikkteateret «Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy». Ettersom om lag alt blir sunge, er det nærast som ein opera å rekne. I Pål Øverlands stramme og oppfinnsame regi, med profesjonelle i berande roller og rundt seksti lokale amatørar, er det blitt ei imponerande framsyning. På ei relativt lita kulturhusscene har John Kristian Alsaker laga ein velfungerande scenografi som saumlaust kan veksle mellom dei ulike tablåa, og med rom for fleire overraskingar. Trass i avgrensa plass, får vi det eine masseopptrinnet meir spektakulært og presist enn det andre der det mellom anna er ballett med både årer, plankar og tallerkenar. Dans, kor og songprestasjonar er utmerka, og i grava sit eit ni-personars orkester under kyndig leiing av Trond Hustad. Med ei fin blanding av messing og strengar får dei fram alt frå det overdådige til det mollstemde.

Spåmannen Torkild

Torkild, ein slags sjåar eller sjaman som stadig kommenterer og spår, er eit godt forteljargrep. Tenoren Erik Wenberg Jacobsen gjer maksimalt ut av rolla, og hans sterke finalenummer sit framleis i øyregangen. Nils Arne Halle Erstad overraskar i den solide tolkinga av sonen James, og scena der han dør i armane til mor si, er av dei sterkaste i framsyninga. Jon Lockert Rohde syner oss klassereisa til Lars Hoås frå lærar til «greve», og får godt fram rivingane mellom kjærleiken til Karen og lojaliteten til husfrua. Karianna Sommerro som Karen har dei same lojalitetsproblema, og den såre tolkinga av at ho må setje bort barnet deira, er blant oppsetjingas mange høgdepunkt. I rundt ti år har Yngvild Støen Grotmol spela Barbara Arbuthnott. Ho er myndig, tydeleg, aristokrat til fingerspissane og tidvis kynisk, men også velgjerande og raus. Ho er redd for kjærleiken, men likevel amorøs så det held. Alle desse kontrastane formidlar Støen Grotmol overtydande og særs truverdig samstundes som ho også glitrar i songnumra. Som når ho i finalen syng klokkeklårt og reint med eit volum som er nærast kviskrande.

Spektakulære og velkoreograferte masseopptrinn

«Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy» vekslar mellom det elleville og det såre. Det blir spela i høgt tempo med imponerande synkrone skift, og dramaturgien byr på stadige overraskingar og høgdepunkt. Og den som trur at Barbaras fall skulle gjere andre akt til ein nedtur, må tenke om att. Frå start til slutt går denne framsyninga berre ein veg, og det er opp.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. juni 2022.)