TEATER
Å bli forlatt med stillheten
Av Andrea Strømmen Engum
Framført av Ingvild Meland, Ibrahim Fazlik og Kine Bendixen
I mørket er vi alle like
Av Erlend Glasø Faltinsen
Framført av Wenche Strømdahl og Jan Frostad
Koder
Av Elise Sjøgren
Framført av Erlend Glasø Faltinsen og Eirin Gåre Aase
Fantastisk
Av Ibrahim Fazlik
Framført av Kine Bendixen, Wenche Strømdahl og Ingvild Meland
Regi: Rita Abrahamsen
Dramaturg: Matilde Holdhus
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Trøndelag teater, Teaterkjellaren
Unge dramatikarar er best når dei skriv om og for seg sjølve.
I oktober i fjor inviterte Kjernehuset (produksjonsselskapet til Rita Abrahamsen) og Trøndelag teater ungdom mellom 13 og 19 år med skrivekløe til å sende inn ulike former for scenetekst. Akkurat kor stor responsen var, veit eg ikkje, men det skal ha kome inn likt og ulikt frå komplette manus til stuttare tekstar og reine idéskisser. Åtte av tekstane blei plukka ut til å vere med i prosjektet ”Unge dramatikere”. Under leiing av Rita Abrahamsen har dei åtte ungdomane i vinter vore med på workshops, fått rettleiing og hjelp, og vidareutvikla tekstane sine, mellom anna i møte med både dramaturg og profesjonelle skodespelarar. Fire av dei åtte tekstane vil bli presentert som lesestykke denne og neste helg, medan dei fire andre er blitt sett opp i Teaterkjellaren med urpremiere onsdag denne veka.
Både i form og i innhald var det mye forskjellig vi fekk sjå. Jamvel om det sjølvsagt framleis er ein del uferdig, er det openbert at det er mange flinke ungdomar der ute. Dei fire forfattarane vi fekk møte, er mellom 15 og 18 år, og dette er ein alder då ein ofte kan vere ganske søkjande, og opptatt av store spørsmål. Dei to første framsyningane var relativt typiske eksponentar for dette, og båe hadde mye god og treffsikker dialog. ”I mørket er vi alle like” blei nok litt uforløyst og vanskeleg å få heilt grep om, medan ”Å bli forlatt med stillheten” baud på eit utal aforismar og mye klokskap, men også her var det ikkje berre enkelt å fatte heilt kva det dreidde seg om. Slik sett var båe produksjonane observante og intelligente skisser, men idear som treng noko meir bearbeiding. Og båe framsyningane bar nok litt preg av at tema blei i største laget.
Den siste oppsettinga, ”Fantastisk”, var ei særs leiken og artig sak som gav oss mye surrealisme og absurd humor. Men dette var ei temmeleg fysisk framsyning der både regi og koreografi var så vesentleg at det er vanskeleg å vite kor mye som var forfattarens idé, og kor mye som var regi.
Symptomatisk er det at den produksjonen som for meg var absolutt best, var den som i tillegg til å handle om ungdom og kvardagen deira, også blei framført av ungdom, to amatørar frå Charlottenlund vgs som var så ekte at det var berre å gi seg over. Ein litt nerdete gut som har lese seg til det meste, men forstått lite, altså med store hol i den sosiale intelligensen, møter ei heilt vanleg jente som først lar seg irritere, men som etter kvart blir nysgjerrig. Og midt oppi masse komisk, særs observant og tidvis litt absurd dialog, oppstår det søt musikk. «Koder» er ein vakker, klok, varm og innsiktsfull tekst, skrive av den femten (ja, du les rett!) år gamle ungdomsskuleeleven Elise Sjøgren, og glitrande og til fingerspissane ekte framført av Erlend Glasø Faltinsen og Eirin Gåre Aase.
Eg har ofte etterlyst både ny norsk dramatikk, og barne- og ungdomsdramatikk på Trøndelag teater. Dette prosjektet er delvis svar på båe etterlysingane. Trøndelag teater, og kanskje særleg Rita Abrahamsen og Kjernehuset, skal ha stor ros for arbeidet med ”Unge dramatikere”. Eg vil tru at eit slikt prosjekt ikkje er av dei dyraste og mest ressurskrevjande produksjonane til teatret. Etter å ha sett desse fire små oppsettingane, vil eg så sterkt som råd oppmode teatret til å gjere dette prosjektet til ein årviss seanse. Det vil kunne vere god fødselshjelp for mange skrivelystne, og ikkje minst trur eg det vil trekke nye og yngre publikumsgrupper til teatret.