Archive for the ‘Teater’ Category

Varm, inderleg og overtydande

lørdag, august 29th, 2020

TEATER

LISTER: Det finst tallause fantastiske ting som gjer livet verd å leve. FOTO: TINGH

«Alle fantastiske ting»
Teatret Vårt, Molde
Av Duncan Macmillan
Tilrettelagt av Jonny Donahoe
Omsett av Hans Morten Hansen
Regi: Kjersti Botn Sandal
Lysdesign: Finn Landsperg
Med: Johanna Mørck

Ei varm og inderleg framsyning som fortel oss at livet absolutt er verd å leve, same kva.

Den britiske dramatikaren Duncan Macmillan er eit namn du bør merke deg jo før jo heller. Han har førebels ikkje så stor produksjon, men kvaliteten er særs høg. I eit intervju fortel han at han gjerne vil seie noko som ikkje er sagt før. Det er kanskje vel ambisiøst, for etter Sofokles og dei greske tragediane, og i alle fall etter Shakespeare, er det meste sagt. Nå gjeld det først og fremst å seie det på ein ny og annan måte. Og det gjer Duncan Macmillan. Han løftar fram heilt kvardagslege tema som vedgår oss alle, og gjer det ofte i eit skjær av humor, der han lener seg godt på standup-komikkens formidlingsmåte. I haust og vinter kan heile landet gle seg til å sjå «Pust» (Lungs) på Riksteateret. Det hadde opphaveleg norgespremiere på Teatret Vårt i Molde i 2015 og blei to år seinare sett opp på Rogaland Teater i ei betre omsetjing. Eg såg og melde båe framsyningane, og blei gripen av teksten. Så hadde Barneteatret Vårt i Ålesund norgespremiere på «Romkadettene – klar for landing» i 2016, ei interaktiv framsyning for barn. Den var forboden for vaksne, og sjølv måtte eg lure meg inn etter start for å melde henne. Nok ein strålande tekst, og ei framifrå oppsetjing. Etter dette har eg vore nysgjerrig på Duncan Macmillan.

I 2016 hadde Hålogaland Teater norgespremiere på «Det fineste i livet» (Every Brilliant Thing), ein interaktiv monolog framført av Ketil Høegh. Den gjekk diverre under radaren for meg. Tre år seinare sette Rogaland Teater opp same stykke, men i ei ny omsetjing. «Alle fantastiske ting» blei framført av Espen Hana, og blei Heddanominert. Eg fekk diverre aldri høve til sjå den heller, men framsyninga er så populær at ho går framleis. I vinter var det Teatret Vårt i Molde sin tur, men eg fekk ikkje med meg premieren, og ei stund etter var alt teater stengd. Men nå er vi i gong att, og fredag var det nypremiere for «Alle fantastiske ting» på Teatret Vårt i Molde i regi av Kjersti Botn Sandal og med Johanna Mørck på scena. Endeleg fekk eg høve til å sjå stykket sjølv. Og det er ikkje til å undrast over at dette er ein tekst og ein formidlingsmåte som tek tak i folk og som har gjort dei tre norske produksjonane så populære. Den lesaren som framleis heng med, vil kanskje undre seg over all denne kontekstualiseringa frå mi side, men som du vel forstår, er det fordi dette er ein dramatikar som har imponert meg og som eg har stor tru på.

Det er sjølvmord og depresjonar det handlar om i «Alle fantastiske ting». I før nemnde intervju fortel Macmillan at sjølvmord ofte blir omtala på ein av to måtar, anten ved stigmatisering eller forteiing, eller ved dyrking som den såkalla «Club 27», fetisjeringa av alle rockestjernene som døyr eller tar livet sitt i ein alder av 27, der det oppstår myter om at dei var for gode til å leve. I staden for desse to lite konstruktive tilnærmingsmåtane, seier Macmillan at vi har ei plikt til å snakke om sjølvmord på eit ansvarleg vis. For depresjonar og det suicidale verkar inn på oss alle uakta om vi er der sjølve. Og til å formidle dette, har han i «Alle fantastiske ting», meir enn i nokon av dei andre produksjonane, reindyrka det interaktive konseptet og standup-komikken. Det gjorde han ved at tilrettelegginga og urframføringa av teksten blei gjort av den britiske standup-komikaren Jonny Donahoe. Det er blitt ei interaktiv framsyning med lyset på i salen heile tida og utstrekt bruk av publikum. Og det er det same konseptet som blir nytta på Teatret Vårt.

Hovudpersonen i Macmillans monolog er eit barn som sju år gamal opplever at mora (i farens ord) «har gjort noko skikkeleg dumt». Ho har freista å ta livet av seg, og som ein slags terapi både for seg sjølv og ikkje minst for mora, tek barnet til å lage lister over alt som gjer livet verd å leve. I originalen og i produksjonane på HT og Rogaland Teater, er hovudpersonen ein gut, medan Teatret Vårt har gjort jente av han. Det kjem på heilt eitt ut, for det dette handlar om, er ikkje kjønn, men først og fremst korleis det er å vere menneske. På hovudscena til Teatret Vårt er vi benka i et amfi med trygg korona-avstand, men likevel nær nok til det som skjer. På førehand er vi utstyrte med lappar der det står eit nummer og eitt eller anna førebels ganske kryptisk. Og med beskjed om å lese det som står på lappen høgt og tydeleg når det aktuelle nummeret blir sagt. På golvet er det ein vinylparkett der det er ein platespelar og nokre stolar. Og med fullt lys på heile tida, er dette openbert ikkje ei vanleg teaterframsyning med eit klårt skilje mellom scene og sal, aktør og tilskodar. Her er det aktiv deltaking og ei framsyning meir som standup enn som vanleg teater. Eg må vedgå, som dei fleste andre, at eg hatar å måtte delta på scena eller på anna vis under ei framsyning, men ikkje denne gongen. For dette var gjort med slik varme og innleving frå Johanna Mørck at vi ganske raskt forstod at her var det også opp til oss å gjere framsyninga god, og livet verd å leve. Og i staden for å freiste å gøyme oss vekk, fekk Mørck den eine etter den andre av oss til verkeleg å by på seg sjølv.

Lenge før Erlend Loe gjorde fenomenet populært, skreiv altså den sju år gamle jenta lister. Og når Mørck viste til eit nummer på lista, svara straks ein publikummar kva nummeret refererte til. Det blei i alt 314 fantastiske ting som gjorde livet verd å leve før sjuåringen gav seg med listeføringa. Eit varmt møte med far hennar, fekk vi, men ikkje særleg prov på at listene hadde ført til noko. I alle fall ikkje for mora.

Så går det ti år, og mora gjer ein ny freistnad. Ein syttenåring reagerer sjølvsagt heilt annleis enn ein sjuåring, og dette er innsiktsfullt og godt formidla. Listene blir tatt fram att og utvida med nye moment, eller fantastiske ting som alle skal oppfylle tre viktige kriterium. Korleis det går vidare, skal eg halde meg frå å fortelje, men Johanna Mørck tek oss med på ein fleire års tur gjennom livet til jenta, der det er både oppturar og nedturar, men der arven frå mora heile tida ligg som ein skugge over livet hennar. Eit naturleg spørsmål er om depresjonar og det suicidale er arveleg. Vi veit at sjølvmord kan vere smittsamt, og for å setje lys på det, er ho innom både «Unge Werthers lidingar» og sjølvmordet til Marilyn Monroe. Men er sjølvmord arveleg? Nærast noko lagnadsfylt? Dette er eitt av mange spørsmål jenta stiller seg, medan ho held fram med å skrive ned ting som gjer livet verd å leve. Det blir uendeleg mange etter kvart, faktisk ein million, men det er vel meir forfattarens metafor for at livet er ei gåve vi skal ta vare på, og som er verd det.

I Kjersti Botn Sandals regi, og gjennom bruken av publikum og normene frå standup-komikken, blir det skapt ein distanse som gjer at den vanskelege problematikken ikkje blir så dyster, tung og lagnadsfylt. Johanna Mørck er truverdig og særs trygg i rolla, fortel og formidlar, stoppar opp, ler av seg sjølv, og ved stadige brot der ho går ut av det heile og vender seg til og nyttar publikum, greier ho å halde den same avstanden som gjer at dette aldri blir for vondt. Utstrekt bruk av platespelaren og amerikansk populærmusikk med særleg vekt på jazz, er eit viktig element i framsyninga, og mjukar opp det heile. Og når jentas forteljing, på same tid som ho er sår, og ikkje så reint lite trist, også er humoristisk og har denne distansen, så gjer det at vi som publikum både får ei varm og inderleg framsyning, og på same tid ei intelligent og innsiktsfull formidling av kva depresjonar kan gjere og føre til. Den underliggjande humoren, den aktive bruken av oss i salen, og alle dei fantastiske tinga som gjer livet meir enn verd å leve, gjer at dette blir ei framsyning som gjer noko med oss, seier noko til oss som menneske og medmenneske, og som kanskje vil gjere at vi ser litt annleis på kva som er viktig og ikkje i livet.

Sjuåringen hadde «iskrem» som nummer ein på lista si. Sjølv har eg «teater» særs høgt oppe på mi liste. Etter å ha sett denne framsyninga, er det mogeleg at «teater» rykkjer eit hakk opp. Og som ein liten funfact til slutt kan eg fortelje at meininga var at Ketil Høegh frå HT, Espen Hana frå Rogaland Teater og Johanna Mørck frå Teatret Vårt alle skulle framføre sin versjon av dette stykket under Hedda-dagane i år, og med påfølgjande samtale og diskusjon. Koronaen gjorde at det ikkje blei slik, men kanskje er det mogeleg til neste år?

Seksten mål jord

søndag, august 16th, 2020

TEATER

TROLLKVINNA?: Gjertine (Sara Fellman) kan så mangt, også å stemme blod, som når ho reddar systera Serianna (Kjersti Botn Sandal) frå å blø i hel i barsel. Medan Nesje (Jon Bleiklie Devik) berre kan sjå på. FOTO: DET NORSKE TEATRET

«Slåttekar i himmelen»
Teatret Vårt, Bjørnsonsalen i samarbeid med Det Norske Teatret
Av Edvard Hoem
Dramatisert av Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Bentein Baardson
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Ingrid Nylander
Lysdesign: Torkel Skjærven
Videodesign: Nils Wingerei
Med: Jon Bleiklie Devik, Kjersti Botn Sandal, Sara Fellman, Svein Roger Karlsen, Andreas Koschinski Kvisgaard, Julie Støp Husby, Bjørnar Lisether Teigen og Unn Vibeke Hol.

Eit portrett av ein arbeidets og slitets heidersmann, eller tankar om tvil og tru.

Edvard Hoems store romansyklus om oldefaren Knut Nesje og etterkomarane hans har høgst fortent vunne seg ein stor lesarskare. Frå siste halvpart av 1800-talet og fram til rundt 1920 utvandra i alt meir enn 800 000 nordmenn til Amerika, dei fleste til USA. Sjølv om dette er ei skilsetjande periode i nyare norsk historie, er den lite omskrive i litteraturen. Rett nok har vi bøkene etter Cleng Peerson og Ole Edvart Rølvaag, men om vi skal lese verkeleg god litteratur om utvandringa, har vi til nå måtta gå over grensa til svenskanes Vilhelm Moberg. Med Edvard Hoems firebands verk har vi fått eit velskrive norsk epos som med grunnlag i det personlege og nesten private, skildrar livet for dei som drog, men også korleis det gjekk med dei som valde å bli heime. På dette viset har Hoem fylt eit stort litterært hol, og med skildringane gitt innsikt og forståing for alle oss som har meir slekt i Amerika enn i gamlelandet.

Slik situasjonen er i norsk dramatikk for tida med dramatisering av romanar som nærast hovudtendensen, sa det seg difor sjølv at romanane måtte dramatiserast, og i eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Teatret Vårt var det urpremiere på «Slåttekar i himmelen» i Oslo den 7. mars i år. Framsyninga rokk ikkje meir enn premieren før landet og alle teaterscener blei stengt, men med gode smitteverntiltak var det laurdag duka for Moldepremiere i lånte lokale i den store Bjørnsonsalen.

I romansyklusen, og for så vidt også i første bandet, teiknar Edvard Hoem mangslungne og innhaldsrike personportrett av ei rekkje personar der vi i den store episke forteljinga kjem tett innpå dei fleste i det store persongalleriet. Det seier seg sjølv at den same breidda er vanskeleg å få til i ein to timars teaterframsyning, og Kristian Lykkeslet Strømskag har ikkje hatt noka lett oppgåve med å dramatisere romanen. Han har vore nøydd til å forenkle og kutte. Stort sett har han lukkast, men nokre gongar går det ut over forteljing og dramaturgi. Eg har lese romanane, og fann nok den første, den som her er dramatisert, som den beste. Og det eg først og fremst sit att med etter lesinga av den, er Hoems kjærleiksfulle skildring av oldefaren, Knut Hansen Reknes, men som kalla seg berre Nesje, eller Knut Nesje. Han var førsteslåar i slåttegjengen på hovudbruket, og ein stolt og rettskaffen arbeidskar som stod solid planta i tradisjonen av norsk nøysemd, og i arven frå Luther og haugianismen. Med andre ord noko av det beste, og kanskje mest typiske i norsk bondetradisjon. Dette har Hoem skildra kjærleiksfylt og innlevingsrikt, og ein av dei vakraste passasjane i romanen, er møtet mellom enkjemannen Nesje og den unge Serianna, som ganske raskt skal bli kona hans.

I dramatiseringa blir dette møtet mellom Nesje (Jon Bleiklie Devik) og Serianna (Kjersti Botn Sandal) formidla nesten skjematisk, og meir som ein ouverture til det som seinare skal skje. I Bentein Baardsons særs stramme regi, tek det nok litt lang tid før dei fleste rollene er presentert og vi kan kome noko meir under huda på dei ulike personane. Men etter kvart losnar det, og vi møter den vesle familien på Kringsjå i Molde der Nesje har sett seg føre å rydde seksten mål jord på fritida, for ein dag å kjøpe ut jorda og bli ein sjølveigande bonde. Det er den store draumen han held fast ved. Men verda er i endring, både kona, og resten av familien har andre visjonar, og det er først og fremst Amerika som lokkar. Vi tar til i 1874 når den 36 år gamle Nesje møter Serianna, og vi følgjer familien ut hundreåret. Då sit dei to att åleine, ingen av sønene vil ta over, og både svigerinne og ein av gutane har emigrert. Nesje held heile tida fast på draumen sin, sjølv om det nok har vore mykje tvil undervegs, og han til slutt må erkjenne at det gjekk ikkje som han ønska.

Jon Bleiklie Devik leverer eit truverdig portrett av Nesje, men i Baardsons regi er tankane om tvil og tru langt meir dominerande enn skildringa av den stolte arbeidsmannen. Slik blir Nesje i denne tolkinga meir stusseleg enn han framstår i romanen. Og når han vel å setje bort sonen Anton Edvart til barnlause slektningar på Hoem, så blir det presentert stutt og brutalt, nesten som om Nesje ikkje har kjensler for sonen. Men i finalen møter vi att den stolte slåttekaren som vel skal vite å te seg slik at ungane vil kjenne han att når dei kjem til hinnelen. Kjersti Botn Sandal leverer ei særs neddempa, men likevel inderleg tolking av Serianna, ei framfus og direkte kvinne som ganske raskt innordnar seg, og som like raskt lyt leggje lokk på draumane sine.

Annleis er det då med Gjertine, syster til Serianna. I romansyklusen er ho av dei mest spennande og fargerike personane, sjølvstendig og tøff og ofte ganske kontrær. Ho stemmer blod, vel seg sjølv ein mann og veit å setje solide krav til han. Og det er ho som får overtydd mannen om at det er rett å emigrere. Slik er ho også i sceneversjonen der Sara Fellman leverer ei tolking som åleine er verd framsyninga. Men eg er litt forundra over at Bentein Baardson har gitt Gjertine så stor plass, for med det formidable spelet til Sara Fellman, er det nesten som dette i like stor grad handlar om henne som om slåttekaren.

Bentein Baardson har vald ein regi med mange små tablå som grip inn i og går nesten saumlaust over i kvarandre. Slik vekslar han friksjonsfritt mellom Dakota og Molde, medan Nesje godt kan sitje att på scena som ein observatør til det heile. Dette fungerer godt, også fordi Baardson nyttar heile scenerommet, men med uvanleg få rekvisittar. Tre benkar som kan illudere det meste, gjer jobben. Men dette hadde nok vore i snauaste laget, var det ikkje for fine og tidsriktige kostyme av Ingrid Nylander, og først og fremst den diskrete, men likevel utsøkte scenografien til Arne Nøst. Opninga var som ein vakker parafrase over det ikoniske sceneteppet i Det Norske Teatret, men som etter kvart viste seg å vere noko heilt anna, og vel så spennande. Saman med Nils Wingereis kreative videodesign og Torkels Skjærvens lyssetting, blir det skapt landskap, horisontar, rom og stemningar. Og mot finalen får vi presentert eit kornaks i ein doggvåt åker på eit vis som er eit lite kunstverk i seg sjølv.

«Slåttekar i himmelen» greier nok ikkje heilt å få med seg alle nyansane og stemningane i romanen. Men dramatiseringa er likevel blitt eit fullgodt kunstverk som står solid på eigne bein.

Blot(t) til lyst

torsdag, august 6th, 2020

TEATER

SØPPEL: I ein scenografi av moderne slagghaugar får vi den korte og usminka versjonen av «Elden». FOTO: MARCO VILLABRILLE

«På Veg TeStiklestad»
Det Nye Teateret, Ladebekken
Konsept: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal
Manus: Mads Bones og Olve Løseth
Musikk: Kyrre Havdal
Songtekstar: Mads Bones
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Koreografi: Martha Standal
Bilderegi: Halvor Hoem
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: : Christina Lovery
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Maskedesign: Maria Abelsen
Rekvisittdesign: Espen Høyem
Med: Emil Olafsson, Karl-Vidar Lende, Lisa Tønne, Silje Lundblad, Josefine Frida, Olve Løseth, Maria Omarsdottir Austgulen, Ida Göransson, Mads Bones, Daniel Maurizo, Sigrid Husjord, Martha Standal, Snorre Ryen Tøndel, Tor Ivar Hagen, Randin Kummeneje, m.fl.

Det blir vanskeleg å setje opp spel i kongeriket etter dette.

Trioen Kyrre Havdal, Olve Løseth og Mads Bones er på stutt tid blitt ein institusjon i norsk teater. Dei er produktive som få, og for eit par år sia oppheva dei nærast tyngdekrafta då dei laga ein song som både blei ein kjempehit og greidde det kunststykket å spreie entusiasme for ei fylkessamanslåing. På Trøndelag Teater har dei laga fleire musikalar, men det som verkeleg fekk dei til å skrive seg inn i hjartet til publikum i Trøndelag, var då dei for seks år sia sette opp «Slaget på Testiklestad», ein heilt ellevill parodi på spelfenomenet. Den blei så populær at dei skreiv ein ny versjon kvart år i fem år. I fjor var det slutt, eller pause er vel rettare å seie, for etter kvart fann dei ut at dei måtte lage ny spelparodi i år. Midt oppi det heile leigde dei også ein gamal lagerhall på Lade og skipa «Det Nye Teateret», men så kom koronaen og kasta om på alt. I staden for å slikke sår og vente på at alt skulle gå over, heiv dei seg rundt på rekordtid, skreiv ein ny musikal «Nede med flagget til topps», og streama han live 17. mai, og berre då. Rundt 20 000 menneske fekk med seg framsyninga, det er om lag like mange som publikumsrekorden til Rosenborg på Lerkendal. Kombinasjonen av utsøkt bilderegi og stuntet med å ha berre ei framsyning, gjorde at dei alt har skapt sin eigen sjanger, og på rekordtid synt at scenekunsten faktisk også kan leve digitalt.

Ettersom det ikkje kunne bli nokon sesong seks av «Slaget på Testiklestad», måtte dei nok ein gong finne på noko nytt. Og i tida etter 17. mai har dei tre skrive og komponert endå ein musikal, også den for live streaming-formatet, og som ein parafrase over sitt eige spel som det ikkje blei noko av. Denne gongen blir det spela tre kveldar på rad, og torsdag var det premiere.

Etter denne noko omstendeleg innleiinga skal eg omsider kome til saka, men som lesaren vil forstå, er eg imponert over kreativiteten og kapasiteten til desse tre, og ikkje minst med kva for dødsforakt dei går til oppgåvene. Medan «Slaget på Testiklestad» handlar om kong Sverre som er lyst i bann, og som difor vil avkristne landet og finn det rett å gjere det på Stiklestad, handlar årets framsyning, «På Veg TeStiklestad» om kva som var opptakta til det heile. Spelkongen (Emil Olafsson), saman med væpnaren Karl-Vidar (Karl-Vidar Lende), vil også avkristne landet, men har fått trua på nokre nye gudar, nemleg vêrgudane. Sjølv om vi er i «gamle dagar», er tida litt flytande, så når det gjeld vêr og klima er det ikkje unaturleg at Greta Thunberg (Josefine Frida) dukkar opp, og også profetane, eller vêrprofetane om du vil, Kristen frå Gislefoss og sonen hans Kristian (Mads Bones). For å få skikk på dette med vêret må spelkongen innom det viktigaste spelet i kongeriket og blote ein hovudperson. Og så er vi i gong. Og på det viset har dei ei orsaking for å kunne besøke og herje med eit utal av spel og høg- og lågkulturelle festivalfenomen i sommarnorge.

Det blir ei ellevill reise der alt ikkje er like artig, der humoren vekslar frå det heilt plumpe til det like elegante, og der opplevingane står i kø for både spelkonge og oss ved skjermane. På vegen blir vi servert ei rekkje nye og flotte songar med melodiar av Kyrre Havdal og tekstar av Mads Bones, spektakulære danseopptrinn godt koreografert av Martha Standal, og eit menasjeri som kan ta pusten frå ein. Alt blir spela live i lagerhallen, sceneskifta er mange og kjappe, videokulissane og synkroniseringa med dei verkelege kulissane er imponerande, og bilderegien til Halvor Hoem er det berre å ta av seg hatten for.

På vegen til ein slutt som er både overraskande og eigentleg symptomatisk for diksjonen til ein av vêrprofetane, er vi innom eit utal spel og events, der første rast er Bolleland på Lespa der vi møter tre heftige lesber og «Gutta frå Gayranger». Dei siste framfører ein forrykande song nærast som ein parafrase over Village Peoples YMCA, og etter dette skal ein følgje godt med for å få med seg alle dei populærkulturelle fenomena som blir herja med. Av dei viktigaste stoppa i denne spelturneen, er Gålå der Tor Ivar Hagen leverer ein fantastisk parodi på regissøren sjølv, den «autodidakte og sjølvsikre» Marit Moum Aune. Og denne hysteriske parodien greier dei å kople med musikk av Grieg og vakker dans i Snøhettas plaskedam. Frå Ibsen og høgkultur dreg dei vidare til lågkulturens mekka, Vømmølfestivalen, der Lisa Tønne leverer ei tolking av festivalkongen som åleine er verd billetten til framsyninga. Og så endar spelkongen og væpnaren til slutt på Røros der «Elden» blir spela i det som dagens slagghaugar, og der det er mogeleg å kjenne att både den eine og andre for den som har sett spelet. «Elden» er om lag like innhaldslaust som «Spelet om heilag Olav», og er på same vis pumpa opp med staffasje, song, spektakulære opptrinn og effektiv bruk av naturlege kulissar. Og så har dei også skrive inn ein kjærleikssoge, like ekte og truverdig som i eit kva for helst slags vekeblad. Det er såleis ei takknemleg oppgåve å harselere med og parodiere «Elden», og det var på høg tid. Det er ein intelligent, humoristisk og velregissert harselas som gjer at eg vil tru det er vanskeleg for Catrine Telle og andre framtidige regissørar å halde fram som før etter dette. Flotte songnummer, og fin bruk av scenografi var det også her.

Emil Olafsson kjem rett frå Teaterhøgskolen, men syner seg som ein trygg, myndig og røynd spelkonge der han rir sin fallos. Karl-Vidar Lende er den ubehjelpelege assistenten som ufriviljug stadig lagar stor humor. Saman med skalden, eller forteljaren (Olve Løseth) guidar desse tre oss trygt gjennom eit villniss av historier og opplevingar.

Eg har tidlegare skrive at historiene til Løseth og Bones ikkje alltid er like gode, stundom litt tunne, og at humoren kan bli vel plump. Trass i at dei denne gongen har hatt alt for stutt tid, er dei likevel på rett veg. Framleis er det ganske mykje bad taste i humoren, men noko skal vere slik, og samstundes blir det gjort så sjarmerande og sjølvironisk at eg godtek det. Og framleis hadde nok litt meir finsliping på tekst og handling vore greitt. Men denne gongen er det likevel så fullt av referansar, parallellar, godt metateater, parodiar og visittar både hit og dit at det er nesten uråd å få med seg alt. Det formeleg boblar over av påfunn og gags, og dei mange populærkulturelle referansane sit særs laust, og er både elegante og akkurat passe vondskapsfulle. Eller eigentleg kjærleiksfulle.

For det som først og fremst er særmerket ved trioen Kyrre Havdal, Olve Løseth og Mads Bones, er kjærleiken til det dei held på med. Så glad er dei i scenekunsten at dei kan tillate seg å herje ganske hemningslaust med han, for alt er gjort med smil, humor og ikkje minst masse sjølvironi. Uakta om vi som publikum sit i eit utandørs amfi, i ein teatersal eller åleine ved ein dataskjerm er det uråd å ikkje la seg rive med.

Vondskap varar ikkje evig

lørdag, august 1st, 2020

TEATER

SYNDEFALLET?: Som ein urgamal metafor er eplet framleis ei skummel frukt. Og Snøkvit let seg freiste. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Snøkvit»
Rabarbraparken, Bakklandet i Trondheim
Av Holmen Hjertaas Produksjoner
Manus: Kari Wist Holmen
Musikk: Gunhild Hjertaas
Regi: Kari Wist Holmen og Gunhild Hjertaas
Scenografi: Jenny Hilmo Teig
Kostyme: Berit Helen Haukaas
Med: Kari Wist Holmen, Gunhild Hjertaas, Sindre Karlsholm, Ingrid Øygaard Steinkopf og Sveinung Johan Ohrem

Ein ny og ganske oppfinnsam vri på den gamle historia om Snøkvit.

I samband med tiårsjubileet til Rabarbrateateret ønska dei også å få sett opp ei barneframsyning i Rabarbraparken på dagtid. Slik blei det eit samarbeid med Holmen Hjertaas Produksjoner, og etter å ha sett premieren på «Snøkvit» i ettermiddag er det openbert at det var eit vellukka val.

Det vesle produksjonsselskapet Holmen Hjertaas skreiv «Snøkvit» for seks år sia, og dei har både spela det sjølve, og det er blitt oppført av andre i løpet av åra som er gått. Til framsyninga i Rabarbraparken har dei skrive litt ny musikk, og så vidt eg forstår også gjort nokre endringar, så det framstår som ein nypremiere. Opphaveleg er historia skrive for 25 roller, så med berre fem aktørar der det meste blir spela av tre av dei, var det sjølvsagt mykje i regi, sceneskift og logistikk som skulle gå opp, men dei kom i hovudsak godt frå det, og ein hovudgrunn til det er den fine musikken til Gunhild Hjertaas som vi godt kan tole å høyre meir av under dei mange sceneskifta.

Historia om Snøkvit er kjend for dei fleste og finst i eit utal versjonar. Skjelettet har dei halde seg til, men her er mange nye, artige og fikse vriar, og også små svisker for dei vaksne om vi følgjer godt nok med. I Landet Her (i motsetnad til Landet Der, Bakklandet, Trønderlandet og Utlandet) regjerer ein snill konge og ei vakker dronning. Den store kjærleiken deira resulterer i dottera Snøkvit (Gunhild Hjertaas), men lukka er ikkje evig, og mora hennar døyr etter kort tid. Den snille kongen giftar seg att etter seks år med det som blir Snøkvits vonde stemor (Kari Wist Holmen). Ho har ein tilsynelatande minst like vond hjelpar (Sindre Karlsholm), og dei gjer livet surt for Snøkvit. Så går det ikkje betre enn at hennar einaste trøyst i verda, den snille kongen, også døyr, og så er vi i gong.

I ein situasjon der ein stor del av ungane opplever å ha ei stemor eller ein stefar, er det kanskje ikkje heilt politisk korrekt å halde fram med mytane om den vonde stemora, men framstillinga her er så outrert og sjarmerande overspela at eg vil tru det er få som kjenner seg att. Eit fiffig lite grep (blant mange andre) er at spegelen som stemora nyttar for å få stadfesta at ho er den vakraste i landet, er ein kombinert spegel, musikar og skodespelar. Ingrid Øygaard Steinkopf sit stort sett bak eit forheng og spelar fløyte og tangentar, men er også ei blanding av spegel og orakel, som mellom anna kan fortelje oss at det er lågt blodsukker og andre heilt handgripelege årsaker til at stemora er som ho er.

Snøkvit flyktar ut i skogen der ho møter ein bakarson som gir seg ut for å vere prins utan å vere det. Det skapar sjølvsagt forviklingar, så sjølv om det openbert oppstår søt musikk, er ikkje kjærleiken så grei å handtere. I skogen treffer Snøkvit også ei rekkje andre prinsar og prinsesser som har rømt frå vonde stemødrer og eit overvakingssamfunn som går Google og Facebook ein høg gong. Og så møter ho dei sju små dvergar som ikkje alle er like små, men som forbarmar seg over henne og gir henne huslyd.

Eg skal ikkje gå i detalj om handlinga og øydeleggje opplevinga, men som alle gode eventyr går det godt til slutt jamvel om ikkje alt går slik vi trur. For her er lagt inn mange små gags og avstikkarar både hit og dit for den som greier å få med seg alt. Og om det er nokon moral, så må det vere at også vondskap kan vendast.

Som sagt er det i hovudsak berre tre aktørar for den fjerde er for det meste musikar og spegel, og den femte, Sveinung Johan Ohrem, har berre ei rolle, men til gjengjeld er den både omfangsrik og spektakulær. Å spele over tjue roller for berre tre aktørar krev sitt, og i lånt scenografi frå kveldsframsyninga «En Medtsåmmårnattsdrøm» er det ikkje alle sceneskifta som er like enkle å få til, men det går overraskande bra. Og det er openbert eit teikn på det same, og ikkje minst på spelet hans, at det tok meg minst halve framsyninga før eg fatta at Sindre Karlsholm hadde så mange roller. Eg trudde faktisk lenge at det var ein mannleg aktør til der.

Dramaturgisk haltar historia litt, og kompaniet kunne nok hatt fordel av å ha fått litt ekstern regihjelp, men det skjer så mykje, og det er alt så sjarmerande, at det går heilt greitt. Og målgruppa, alle ungane i amfiet, kosa seg, lo, kommenterte og hyla, så då er den verkelege lakmustesten bestått.

Men utan det musikalske tonefølgjet til Gunhild Hjertaas kunne dette likevel ha blitt atskilleg meir langhalm. Musikken batt alle dei ulike tablåa saman, og den baud på fine og melodiøse songnummer. Dette er den tredje produksjonen eg har sett på like mange år der Hjertaas har skrive musikken. Det er på høg tid at musikalprodusentar eller teatersjefar får auga opp for kva for musikalsk talent ho er.

«Snøkvit» blir spela som føremiddagsframsyning i Rabarbraparken fram til 7. august, og i motsetnad til «En Medtsåmmårnattsdrøm» er det framleis ledige billettar.

Folkekomedie på sitt beste

lørdag, august 1st, 2020

TEATER

AMATØRAR: Ei teatergruppe av handverkarar leia av ein strålande Gunnar Eiriksson gir oss eit særs profesjonelt framført døme på sjølvhøgtideleg og pompøs amatørisme. FOTO: MARIA CORDELIA SKAGEN

«En Medtsåmmårnattsdrøm»
Rabarbrateateret, Rabarbraparken, Trondheim
Av William Shakespeare
Omsett og gjendikta av Hans-Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist: Erlend Jentoft/Øyvind Jo Heimdal Eik
Musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Koreografi: Kine Kvarme Tørring
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Maskedesign: Leo Thörn
Med: Madeleine B. Nilsen, Katja Lindeberg, Kristoffer Hjulstad, Jon Vegard Hovdal, Gunnar Eiriksson, Hans Petter Nilsen, Ståle Kvarme Tørring, Stian Hovland Pedersen, Kathrine Strugstad m. fl.

Rabarbrateateret syner nok ein gong korleis ein kan spele Shakespeares komediar slik at dei blir både forståelege og underhaldande, også for eit urøynd publikum.

I ti år har Rabarbrateateret spela bakgardsteater på Bakklandet i Trondheim. Rundt halvparten av produksjonane har dei fått skrive sjølve, og ein del av desse har nok vore meir sjarmerande enn kunstnarleg vellukka. Men som tolkar av William Shakespeares komediar har Rabarbrateateret sett ein standard som få andre kan måle seg med. I 2002 sette Trøndelag Teater opp ei gjendikting av Shakespeares «En midtsommernattsdrøm» som Hans-Magnus Ystgaard opphaveleg hadde skrive for Sparbu Teaterlag, – på Sparbudialekt, og med tittelen «En Medtsåmmårnattsdrøm». (Sparbu er ei bygd rett sør for Steinkjer). Framsyninga på Trøndelag Teaters hovudscene var rett nok både frodig og velspela, men bar likevel noko preg av dei rammene som naturleg følgjer ei hovudsceneoppsetjing på eit institusjonsteater. Øyvind Brandtzæg, som sjølv er tilsett på Trøndelag Teater, men som i alle år har vore ein primus motor for Rabarbrateateret, tok framsyninga ut i naturen der ho høyrer heime, og sette ho opp i Rabarbraparken på Bakklandet i 2012. Inneklemt mellom gamle trehus i noko som er meir ein ustelt bakgard enn ein park, er det bygd eit amfi, og med ei herleg blanding av respekt og respektløyse blei framsyninga ein formidabel suksess. Folk gjekk mann av huse, og Shakespeare blei folkeeige. Blandinga av den leikne og munnlege omsetjinga og den ganske lausslopne og sjølvironiske spelestilen gjorde oppsetjinga både særs forståeleg og til stor underhaldning.

I åra etter har Rabarbrateateret sett opp to til av Ystgaards gjendiktingar, «Som di synes» i 2015 og «Trettendagskvelden eller Ka di vil» i fjor. Og båe produksjonane var like vellukka. I samband med at det nå er 10-årsjubileum for teaterkompaniet, har dei tatt fram att «En Medtsåmmårnattsdrøm» i ein ny og langt meir profesjonell versjon, og torsdag var det premiere der det diverre ikkje var høve til å ha meir enn ein tredels fullt amfi. Det er sjølvsagt tyngre å spele for glissen sal, men lattersalvene og applausen sat likevel laust og høyrdest godt.

«En Medtsåmmårnattsdrøm» er av Shakespeares tidlegaste komediar. Den er i hovudsak rein underhaldning utan spesiell moral eller nokon djupare meining sjølv om ein kan lese inn både kor tilfeldig kjærleiken kan vere, litt menneskeleg dårskap og endåtil dyresex. Det er innfløkte intrigar og i alle fall tre parallelle historier der bakgrunnen er eit fyrstebryllaup i Aten. To unge elskande, Hermia (Madeleine B. Nilsen) og Lysander (Kristoffer Hjulstad) får ikkje kvarandre for Hermia er lova bort til Demetrius (Jon Vegard Hovdal) som på si side er Helenas (Katja Lindeberg) ulukkelege kjærleik. Hermia og Lysander rømmer til skogs der alvekongen Oberon (Stian H. Pedersen) og hans intrigant og hoffnarr Pukk (Ståle Kvarme Tørring) held til. Med trolldomsdråper vil dei løyse kjærleiksflokane, men Pukk rotar det til. Oppe i det heile kjem ei amatørteatergruppe av handverkarar som bur seg på å spele ein komisk tragedie for fyrstebryllaupet. Det er ei gruppe som tek omgrepet amatørisme til heilt nye høgder.

Hans-Magnus Ystgaard har i gjendiktinga leika seg med ord og vendingar, gjort teksten levande, forståeleg og nær, og fått fram ei mengd med humoristisk undertekst. I denne produksjonen er det sjølvsagt også lagt inn mykje koronahumor og mange andre metalag. Øyvind Brandtzæg har ei imponerande hand om regien der den naturlege, men ikkje heilt enkle scenografien i parken likevel har saumlause sceneskift, og der den tre timar lange framsyninga byr på god dramaturgisk stigning. Ein del fine songopptrinn og musikk med tema frå alle prestegjeld, saman med overraskande koreografiske brot, bidreg også til at dette blir stor underhaldning. Og spelet til dei i alt sytten på scena er langt meir profesjonelt enn i tidlegare produksjonar. Gunnar Eiriksson gir oss ein skikkeleg konfekt i formidlinga av amatørskodespelaren og handverkaren Rennbom, ei lita framsyning i framsyninga. Og Katja Lindeberg fekk fram nye dimensjonar ved Helena i ei forrykande, inderleg og fandenivaldsk tolking der ho også greidde å få fram kjønnsperspektivet.

«En Medtsåmmårnattsdrøm» blir spela fram til 9. august, men i desse koronatider er det diverre alt for få plassar, for dette hadde fortent eit langt større publikum. Det er folkekomedie på sitt aller beste.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 1. august 2020 i ein forkorta og litt amputert versjon. Etter at meldinga stod på trykk er eg gjort merksam på at Hans-Magnus Ystgaard opphaveleg skreiv gjendiktinga for Sparbu Teaterlag på midten av 90-talet, og ikkje for Trøndelag Teater i 2002. Den korrigeringa er tatt med i bloggteksten over.)

No bli det vår

lørdag, juni 20th, 2020

TEATERKONSERT

RÅTT OG SÅRT: Med nye arrangement kom det også fram andre fasettar ved Hans Hyldbakks lyrikk.
FOTO: TEATRET VÅRT

«Vårsøg 75 år»
Teatret Vårt, Molde
Tekstar av Hans Hyldbakk
Musikk: Henning Sommerro
Tekstutval: Svein Sæter
Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Med: Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Julie Støp Husby og Sara Fellman

Nye arrangement gjorde «Vårsøg 75 år» til meir enn ein vanleg teaterkonsert.

Forfattaren og lokalhistorikaren Hans Hyldbakk (1898-2001) gav ut ei rekkje diktsamlingar, prosatekstar og lokalhistoriske verk gjennom heile 70 år. Men før Henning Sommerro tonesette mange av dikta hans, og med gruppa Vårsøg i 1977 gjorde han til ein folkekjær nasjonalskald, var nok Hyldbakk berre kjend for dei mest innvigde på Nordmøre. Nå vil Teatret Vårt markere at det er 75 år sia Hyldbakk i april 1945 skreiv det ikoniske diktet «Vårsøg». Saman med den vakre melodien til Sommerro, har diktet funne ein plass i nordmenns hjarte på line med dei fremste nasjonalsongane våre. «Vårsøg» er rett nok ei glede over våren, men har også ein klår og eintydig undertekst om den frigjeringa som kom nokre veker etterpå.

Teaterkonserten er blitt ein hyllest til fridomen og til ein smålåten og noko underkjent forfattar. Henning Sommerro, som vaks opp i Surnadal, ikkje langt unna garden Kleiva der Hyldbakk budde, har skrive all musikken, og var ein sjølvsagt kapellmeister. Han trakterte klaver og trekkspel i tillegg til song og nokre «uregisserte» monologar. Med seg har han John Pål Inderberg på saksofon, skodespelarane Julie Støp Husby og Sara Fellman på vokal, og i tillegg ein varsam, men effektfull bruk av unike lydopptak med forfattaren sjølv. Særleg mektig var Hyldbakks resitering av «Vårsøg» til John Pål Inderbergs ekstremt såre akkompagnement.

Frå heimplassen skreiv Hyldbakk ei rekkje «Kleiva-brev» som dagsaktuelle kommentarar. Utdrag frå desse breva dannar eit fundament som konserten er bygd opp om. Det bergar ein elles litt vanskeleg dramaturgi. Gjennom Sommerros humoristiske anekdotar om ein einstøing, kranglefant, og ein ganske motsetnadsfylt og tvisynt lokal kosmopolitt, får vi komplettert bildet av mennesket bak forfattaren. Og så er det sjølvsagt dikta hans, som i følgje den alt for smålåtne Henning Sommerro var så gode at melodiane kom av seg sjølv(!). Det trur eg det eg vil om. Mange av melodiane er minst like lyriske som dikta, men Sommerro og ensemblet har unngått å lage ein sviskekonsert. Nye arrangement får i større grad fram ein del av råskapen og det litt viltre i både undertekst og klårtekst. Det, kombinert med solid musikalsk og songleg framføring, gjorde «Vårsøg 75 år» til noko langt meir enn ein lyrisk og melodiøs nostalgitripp.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 20. juni 2020.)

Endring og undring

onsdag, juni 17th, 2020

TEATER

MOLLSTEMD: Mykje humor og skjemt, men med ein djupt alvorleg undertone. FOTO: OLE EKKER

«Bunnlinjan»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Tekst: Marianne Meløy
Musikk: Trygve Brøske
Regi: Ivar Tindberg
Lys- og videodesign: Tommy Geving
Lyddesign: Anders Schille og Siril Gaare
Med: Marianne Meløy og Trygve Brøske

Refleksjonar over det meste, men med særleg vekt på den uvanlege kombinasjonen miljøvern og framtidsoptimisme.

Skodespelaren Marianne Meløy og musikaren Trygve Brøske har samarbeidd med ujamne mellomrom heilt sia 1993, og duoen er blitt så innarbeidd at dei til og med har tatt kunstnarnamnet Brøløy. I samband med stemmerettsjubileet for sju år sia laga dei ein kabaret dei kalla «Stemt» der Marianne Meløy tok oss med til heimplassen sin i Vesterålen, ei øy med rundt 40 innbyggjarar, men alle med så spesielle trekk at dei kunne fortene ein roman. For fire år sia, blei det i framsyninga «Bunnlinja» ein ny visitt til Meløya. Denne gongen var det pappa Meløy som baud dottera på ein spasertur øya rundt i samband med at han skulle ha ein bypassoperasjon og ikkje var viss på om han ville overleve. Når Brøske og Meløy nok ein gong inviterer til Meløya, denne gong med fleirtalstittelen «Bunnlinjan», er det med utgangspunkt i den same spaserturen, men med nye assosiasjonar, digresjonar, refleksjonar og små anekdotar der undring over alt som endrast er ein fellesnemnar.

Når Meløy nå opererer med fleire botnliner, er det fordi ho har utvida omgrepet frå ikkje berre å gjelde den økonomiske, men også den økologiske og menneskelege, samt ei fjerde som ho nyttar framsyninga til å leite etter. Og jamvel om far hennar er hjartepasient, blir det ein dryg spasertur der sidespranga og digresjonane er langt meir omfattande enn sjølve turen. Som ein Espen Oskeladd møter dei folk, dyr, fenomen og eit utal anna som kan vere verd å ta vare på og som kan gi assosiasjonar og refleksjonar over livet, både som det var og kva det skal bli til. Trygve Brøske gir tonefølgje til dei ulike anekdotane og forteljingane som Marianne Meløy presenterer, og nokre songar blir det også, dei fleste ganske mollstemde.

Marianne Meløy er ein folkekjær skodespelar med eit spesielt komisk talent og med eit oppkome av historier. Trygg på det ho fortel, auser ho her av det meste. Men under skjemtinga og den nordnorske humoren ligg det denne gongen ein langt alvorlegare undertone. På vandringa med faren er dei innom mange og så ulike fenomen som bruk og kast, venninnemangel, plastsøppel, tukling med naturlege biotopar, og humoristiske vurderingar av kvifor dei dresskledde som ser heilt likeins ut, er dei som ropar høgast om innovasjon. Marianne Meløy har så mange historier ho vil fortelje, og stundom blir det i meste laget. Men finalen, med ein vakker hyllest til foreldregenerasjonens framtidsoptimisme kombinert med trua på at det framleis skal gå bra, blei eit mektig punktum.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 17. juni 2020.)

Leikent og sjarmerande

mandag, juni 15th, 2020

TEATER

KONKURRANSE: Berre miming, men alle ser at dette er kappskyting med pil og boge. FOTO: TEATRET VÅRT

«Robin Hood»
Teatret Vårt, Reknesparken i Molde
Fritt etter legendene om Robin Hood
Regi og tilarbeiding: Bjørnar Lisether Teigen
Med: Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Johanna Mørck, Amalie Sofie Ibsen Jensen og Lars Halvor Andreassen

Så upretensiøst at det i starten verkar uferdig, berre for ganske raskt å sjarmere denne meldaren i senk.

Teatera tar til å opne att, og nokre er raskare enn andre. På Teatret Vårt i Molde har dei tatt tak i dei mange ulike legendene om Robin Hood, dikta ganske fritt, og på kort tid laga ei utandørs barneframsyning med koronaavstand både på scene og i sal. Bjørnar Lisether Teigen, ein av veteranane i ensemblet, har tilarbeidd dei gamle forteljingane om den kjekke og bolde Robin Hood. Saman med broder Tuck, Lille John og ei rekkje andre fredlause har Robin svore truskap til eksilkongen Richard Løvehjarte. For konge og fattigfolk kjempar dei mot prinsregenten Johan utan land og sheriffen hans og deira tyranniserande skattlegging. Frå basen sin i Sherwoodskogen, stel Robin frå dei rike for å gi til dei fattige. Slik har legendene gjort han til representant for eit folkeleg opprør. I denne framsyninga stel han rett nok for å skaffe løysepengar for å betale fri kong Richard frå fangenskapet hans i Austerrike. Det er ein naudsynt vri for å få til happy ending med at kongen kjem heim, og at ein overraskande vakkert formidla romanse mellom Robin og Lady Marion endar i giftarmål.

På ei lita utandørs scene i Reknesparken, og utan annan scenografi enn nokre små trær, rullar ensemblet ut ei historie som i starten kanskje verkar vel provisorisk og samanraska. Men sveltefôra som vi er, etter tre månaders pandemi, godtek vi det meste. Personinstruksjon, sceneskift og spel er ikkje heilt på høgda, men etter kvart blir eg likevel tvers igjennom forført av det sjarmerande metaspelet der mykje av framsyninga i røynda er ein kommentar til seg sjølv og situasjonen vi står i. På berre snaue timen greier dei på eit pedagogisk, leikent, humoristisk og fullstendig upretensiøst vis å fortelje det meste. Utan rekvisittar og med god korona-avstand, må dei mime og indikere der dei elles kunne ha spela i fri dressur. Det har dei løyst ved at det kryr av oppfinnsame og artige små gags, og dei seks på scena leikar seg med metaforar, dagsaktuelle og litt absurde referansar og ikkje minst teatrale verkemiddel som fleire nydelege handlingsbrot. Ungane i parken fekk openbert sitt, men alle dei ulike metalaga, og ei rekkje godt inkorporerte brot, gjorde at dette blei ei framsyning til å gle seg over for oss alle.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. juni 2020.)

Kritikkens Grand Old Lady

tirsdag, mai 19th, 2020

IdaLou Larsen er 85 år den 19. mai 2020.

IdaLou Larsen
(Foto: Anniken C. Mohr)

IdaLou Larsen, ein institusjon i norsk kulturliv, fyller 85 år tysdag 19. mai. Trass i alderen gir ho oss stadig skarpe og innsiktsfulle meldingar og kommentarar om norsk scenekunst både i avisspaltene og på eigen blogg.

Ida Louise Larsen (som er det fulle namnet hennar) er født i Cannes i 1935, oppvaksen i Frankrike, og flytta til Norge i 1957. Då ho tre år seinare tok til med studiar, hadde ho alt vore gift og skilt, husmor på heiltid og fått to barn. Seinare er det blitt eit nytt meir enn femtiårig ekteskap, to barn til og ei rekkje barnebarn og oldebarn.

Etter ein cand.mag. med faga engelsk, fransk og litteraturhistorie, har IdaLou hatt ein mangslungen arbeidskarriere frå forlagsarbeid i Pax på 60-talet, omsetjing av eit tjuetals bøker, arbeid som lærar, og til journalistikken. Frå 1974 til 1983 var ho redaksjonssekretær i det feministiske månadsmagasinet Sirene. Saman med andre markante feministar var ho der med på å setje ein ny dagsorden. På 80-talet var ho nokre år kulturredaktør i Ny Tid før ho gjekk til Nationen der ho blei til oppnådd pensjonsalder. Nærast som ein heil kulturredaksjon åleine, fekk ho på denne tida Nationens kultursider til å bli av dei mest relevante i landet, og det var då vi andre forstod kva for enorm kapasitet denne dama hadde og har. Og frå pensjonsalder har ho vore ein særs produktiv teatermeldar i Klassekampen.

For det er som teatermeldar IdaLou verkeleg har skrive seg inn i historia. Gjennom rundt førti år har ho sett nærare 4000 teaterframsyningar. På det meste såg ho tre-fire oppsetjingar i veka. I tillegg er ho eit aktivt og politisk menneske som les budsjett og offentlege innstillingar, og som meiner noko om det meste. Kapasitet, innsikt og kunnskap, eit skarpt blikk og ei god penn har gjort henne til landets mest respekterte teaterkritikar. Opptatt av kontekst, set ho alltid framsyninga i ein samanheng, – kulturelt, politisk eller samfunnsmessig, og får slik sagt mykje om stykkets relevans. Ho skriv forståeleg norsk, pyntar seg ikkje med fagtermar, og er aldri redd for å seie rett ut kva ho meiner. Og så har ho eit stort og bankande hjarte for barneteateret, og særleg det nyskapande og utfordrande. IdaLou har høgst fortent vunne det som er av prisar, og høgast heng vel Heddakomiteens ærespris frå 2012. Det seier ikkje så reint lite om kva ho har betydd for norsk scenekunst når det offisielle Teater-Norge gir si høgste utmerking til ein kritikar.

(Omtalen stod i Klassekampen fredag den 15. mai 2019.)

Ei gåve til oss alle

søndag, mai 17th, 2020

TEATER

ANTIBAC OG SKRIVESPERRE: Ordførar Rita har gått tom for ord og greier ikkje skrive 17. maitale. Men søskenbarnet Tom-Kjetil veit råd. FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Nede med flagget til topps»
Det Nye Teateret, Ladebekken, Trondheim
Konsept og historie: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal
Manus: Mads Bones og Olve Løseth
Musikk: Kyrre Havdal
Songtekstar: Mads Bones
Regi: Mads Bones
Bilderegi: Halvor Hoem
Scenografi: Gjermund Andresen
Koreografi: Martha Standal
Kostyme: Christina Lovery
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Maskedesign: Maria Abelsen
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Musikarar: Morten Berger Stai, Hans Petter Vik Sæther, Tore Thorvaldsen Sandbakken og Bispehaugen skolekorps.
Med: Karl-Vidar Lende, Silje Lundblad, Mads Bones, Olve Løseth, Christian Ruud Kallum, Ida Göransson, Anne Krigsvoll, Martha Standal, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Josefine Frida, Kjersti Elvik, Snorre Ryen Tøndel, Daniel Mauricio, Samantha Gurah, Natalie Roland Bjerke, Gjermund Andresen og fem barn

På rekordtid og med umogeleg, eller i alle fall heilt uvanlege produksjonsforhold, har Det Nye Teateret laga ein musikalkomedie som er ein formidabel gåve til alle oss som i meir enn to månader har lengta etter å sjå noko anna enn streama reproduksjonar.

Den utan tvil mest kreative trioen i norsk teater for tida, Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal har tatt seg fri frå institusjonsteateret for ei stund, leigd den gamle hallen til Viking Gummivarefabrikk i Ladebekken i Trondheim, og starta Det Nye Teateret. Det blir stadig oppretta nye frie teater i kongeriket, men det er langt mellom produksjonsselskap med eiga scene, så dette er ikkje kvardagskost. Men så kom koronakrisa, og alt måtte kastast om. Skulle dei legge seg på vêret og vente på at det heile gjekk over? Eller skulle dei tenkje nytt? For dei som har den minste kjennskap til denne trioen, var svaret gitt. Dette er ikkje folk som ligg på vêret, så dei kasta seg rundt og med berre snaue tre vekers prøvetid var det eksklusiv urpremiere og grand opening på sjølvaste nasjonaldagen med første og einaste framsyning. Og til det som må seiast å vere «fullsett sal». Eg trur ikkje det er seld fleire billettar til ei teaterpremiere i Norge nokon gong tidlegare.

Med premiere på sjølvaste 17. mai, var det også sjølvsagt at temaet måtte stå i nasjonaldagens teikn. Ideen til historia har dei tre saman, men medan Kyrre Havdal har skrive, lånt og organisert musikken, har Olve Løseth og Mads Bones skrive manus, og Mads Bones er åleine ansvarleg for songtekstane. Dei tre er kjende for å lage både metateater, bad taste, vere sjølvironiske og låne frå alle teaterets og underhaldningsindustriens prestegjeld, og slik er det også her. Dei har tidlegare skrive musikalar for Trøndelag Teater, men også laga sin årlege elleville og ekstremt populære spelparodi, «Slaget på Testiklestad». I humor og tilnærming er «Nede med flagget til topps» ein langt nærare slektning av den siste, laussloppen som han er, og tidvis ganske dristig i humoren. Historia er at Rita Ottervik, ordføraren i Trondheim, nok ein gong glitrande parodiert av Silje Lundblad, sit og bur seg på 17. maitale, men i koronatid då alt er annleis, har ho fått skrivesperre. Ho er heilt tom, og meiner at orda for lengst er brukt opp. Rita bur saman med søskenbarnet sitt, Tom-Kjetil (Mads Bones). Han har ei ganske anna tilnærming til livet for å seie det forsiktig, og for dei som kjenner familieforholda til Ottervik, er her masse intern humor som kanskje ikkje alltid er like vellukka og morosam. Tom-Kjetil kjenner forståeleg nok nettets mørkare sider, og får kusina til å surfe seg innover for å finne ut kva nasjonaldagen tyder for folk flest. Og surfinga tek til som ein parafrase på Tidemand og Gudes «Brudeferden i Hardanger» til Kjetil Bjørnstads «Sommernatt ved fjorden». Dermed er tonen og nivået sett, for her er det lånt utan blygsel frå alt og alle, frå Mozart via Grieg og Ole Bull til Åge Alexandersen og Lady Gaga, og det er referansar i alle retningar for den som greier å henge med.

Og reisa deira tek oss først til champagnefrukost for dagens versjon av det ein på 80-talet kalla dinkies, double income, no kids, dei barnlause vaksne der vi får ei innføring i produktplassering, overflateliv og alt som ikkje er ekte, overtydande presentert av mellom andre Christian Ruud Kallum og Josefine Frida før alt går i svart. Framsyninga er, og spesielt med så stutt prøvetid, eit teknologisk hasardspel der alt kan gå gale, og då er det like greitt å leggje inn litt metateater med kontrollerte feil der teknisk ansvarleg Karl-Vidar Lende dukkar opp alle stader han ikkje skal. Som i «Slaget på Testiklestad» er Olve Løseth ein slags herold eller forteljar. Han er nasjonaldagens magiske fe, Alve Løseth, som tek oss frå historie til historie, og er like fortvila og hjelpelaus kvar gong det tekniske eller anna skjer seg. Frå blackouten blir vi tatt vidare til ein institusjon der Rita møter ei gamal dame (Anne Krigsvoll) som først blir snakka til som om ho var ein unge, og som deretter blir forsøkt påverka politisk. Anne Krigsvoll er nydeleg og infam som den gamle som betakkar seg for valkamp for ho skal ikkje leve så lenge som til valet, før ho kvitterer med ein sår og særs vakker versjon av «Kom mai du skjønne milde» som endar opp i ein hysterisk potpurri på Mozart og Vikingarna før ho avsluttar med ein mor Åse utan solnedgang. Når det igjen blir metateater, vaknar ho til liv, og tek eit rasande oppgjer med det heile. Ho er ein seriøs skodespelar og dette er ikkje anna enn rein og skjær russerevy! Kvaliteten på sjølve historia er innimellom så varierande at eg av og til må gi henne litt rett.

Men Rita hastar vidare på nettet, møter nokre ungar som i mjuke tonar frå Egil Monn Iversens Bør Børson fortel ei heilt anna sanning om det å vere søte, små. Deretter er det rett på russetreff der stemninga heller ikkje er heilt på topp. Dette er «generasjon depresjon» som ikkje ser særleg lyst på noko, og som spør om kva som er vitsen. Med bakgrunn i nokre av vitsane, sjølv om sjangeren rett nok er bad taste, må eg nok ein gong seie meg litt samd. Men berre litt.

Rita er framleis ikkje nøgd med dykkinga ned i folkedjupet, og Tom-Kjetil får lov til å ta henne til dei mørkaste sidene av nettet (så sant det ikkje er pornografisk). Der møter vi ein høgreekstremistisk rasist som får Rita til å eksplodere og halde ein forrykande tale, før ho innser at ho med eitt ser alt klårt, og at det er slutt på skrivesperra. Og om eg undervegs har ytra noko om at vitsane ikkje var like morosame og historia ikkje alltid like god, så forsvinn alle slike tankar når det nå dreg seg til ein grand finale som i framføring, pompøsitet og innhald kan måle seg med det meste av musikalfinalar, og som faktisk oppi all galskapen var både alvorleg og ikkje så reint lite rørande.

Produksjonen er blitt til på ekstremt stutt tid, og samstundes er teknologien ganske ny for dei fleste, så dette har ikkje vore enkelt. På grunn av lite aktivitet på teatera for tida, har dei fått velje eit cast på øvste hylle. Men med rundt 20 skodespelarar og smittevernreglar om å halde ein meter avstand, er det ikkje enkelt å få dette til å gå i hop uakta kor gode og røynde skodespelarane er. Mange og store skift både i scenografi og kostyme i løpet av berre ein times framsyning er også krevjande, for å seie det forsiktig. Gjermund Andresen har skapt uendeleg mange rom og situasjonar i den gamle fabrikkhallen, og i bilderegien til Halvor Hoem skjer skifta og forflyttingane saumlaust og forbausande tilforlateleg. Og Christina Lovery har på rekordtid trylla fram eit utal flotte og typiske kostyme. I ein liten fabrikkhall med masse scenografi og teknisk utstyr har Martha Standal likevel, og med god smittevernsavstand, greidd å lage koreograferte opptrinn der det ikkje er mogeleg å sjå at dette er gjort under spesielle omstende og tilhøve. Mads Bones har hatt ei umogeleg oppgåve med å regissere det heile, men personinstruksjonen er god, og logistikken på scena, entrear og sortiar er som om det skulle vere på ei hovudscene etter normal prøvetid. Og så er det Kyrre Havdal som denne gongen har skrive særs god, melodiøs og songbar musikk, samstundes som han på humoristisk og kreativt vis har lånt, parafrasert og skrive om alt frå klassisk til populærmusikk.

Dette har vore Bones’, Løseths og Havdals bursdagsgåve til folket på nasjonaldagen, ei gigantisk oppmuntring i ei kulturell tørketid, der dei ikkje har spart på noko. I finalen dukkar til og med Småbispan og drillkorpset deira opp, og undervegs får vi også ein liten konfekt av ei moderleg helsing frå Kjersti Elvik på skjerm. Som vanleg med Bones, Løseth og Havdal, er det eit boblande overskotsfenomen, men denne gongen var rammevilkåra så vanskelege og produksjonstida så stutt at eg var langt frå trygg på at dette ville bli heilt vellukka. Det interessante er at i den grad det var noko å kritisere, så var det ikkje teknologi, framføring, spel, songprestasjonar eller koreografi, men faktisk sjølve historia som stundom gjekk litt på tomgang dramaturgisk. Men med den storslagne finalen og den fantastiske gåva til oss alle dette var, så er det for bagatellar å rekne i samanhengen. Vi er ganske mange som nå gler oss til desse tre karane kan lage vanleg fysisk teater i Det Nye Teateret i Ladebekken.