Archive for desember, 2022

Teateråret 2022

fredag, desember 30th, 2022

Gjennom 2022 har dei ulike teatera i Norge gradvis vakna opp etter pandemi og streik, men framleis slit scenekunsten med etterraksten etter det vanskelege fjoråret. Klassekampens teatermeldarar gjer i dagens utgåve opp status. Kor mange produksjonar avisa har meldt i år, har eg ikkje oversikt over, men sjølv har eg sett nærare 100 framsyningar over heile landet, og eg har meldt litt over førti av dei i avisa og ti på bloggen. I dagens oppsummering i avisa fekk vi berre lov å plukke ut ei framsyning kvar. For meg var det eit ganske enkelt val, jamvel om teateråret baud på mange gode og store opplevingar. Påkosta, store produksjonar på Osloscenene, eksperimentelt på Hamar, Shakespeare i meir enn forståeleg språkdrakt i Trondheim, ny norsk dramatikk i Bergen, symbiose av dans og scenografi i Molde, rein underhaldning i Kristiansand, forteljarteater i Haugesund, svart, politisk komedie i Tromsø, solid folkeopplysing frå Beaivváš og sterkt politisk teater i Mo i Rana og Verdal. Her er mange om beinet, og norsk scenekunst er så avgjort mangefasettert. Men det er lite som slår Rogaland Teater når dei får lage ensemblespel på høgt nivå.

ÅRETS FRAMSYNING

«Eks»
Rogaland Teater
Av: Marius von Mayenburg
Regi: Øystein Martinsen

UVENTA BESØK: Kva skjer med den «liberale» kona (Mari Strand Ferstad) når eksen (Mareike Wang) til mannen hennar (Svein Solenes) dukkar opp ein sein kveldstime? FOTO: MARIE VON KROGH

Rogaland Teater fekk i 2014 to Heddaprisar for «Perpleks» av Marius von Mayenburg. Med haustens oppsetjing av «Eks» av same forfattar, er dei nå på same høge nivå. Det er ei intens, attkjenneleg, humoristisk og litt trist historie om kva som skjer når eit tilsynelatande vellukka par får uventa besøk av eksen til den eine. I den overtydande regidebuten til Øystein Martinsen gir han oss eit tett kammerspel utan daudpunkt der dei tre skodespelarane Svein Solenes, Mari Strand Ferstad og Mareike Wang får briljere i tolkinga, og utleveringa, av menneske og karaktertrekk vi kjenner så alt for godt.

Leikent og mollstemd

mandag, desember 5th, 2022

TEATER

HAVARI: Ein julemiddag fleire og fleire nok kan kjenne seg att i. FOTO: KETIL BORN

«Ujul»
Nordland Teater i samarbeid med Moddi og Arktisk Filharmoni
Ide/konsept: Sigrid Strøm Reibo og Pål Moddi Knutsen
Songtekst og musikk: Pål Moddi Knutsen
Tekst og dramatisering: Kristofer Blindheim Grønskag
Regi: Oleg Glushkov
Scenografi og kostyme: Mårten K. Axelsson
Kapellmeister: Sverre Tollefsen Laupstad
Orkester: Arktisk Filharmoni mfl.
Lysdesign: Vegar Angel Nordheim Andreassen
Med: Pål Moddi Knutsen, Reidar Sørensen, Line Heie Hallem, Rune Storsæther Løding, Maiken Vembre og Hannah Schulte Strid

Ei lun og leiken framsyning som ikkje kom heilt i hamn.

Jula er full av tradisjonar, og heilt frå førkristen tid ei av dei viktigaste høgtidene våre. Samstundes er ho ganske ekskluderande for dei som ikkje fell heilt inn i falden. Det er mas, kjøpepress og forventingar, og i dagens samfunn med eksar og bonusfamiliar og eg veit ikkje kva, kan ho vere ei uløyseleg logistikkutfordring. Når alt skal vere perfekt, er det duka for mang ein nedtur.

Om desse skuggesidene ved jula har visekunstnaren Pål Moddi Knutsen skrive ei rekkje nye songar, og saman med Sigrid Strøm Reibo utvikla eit konsept der Kristofer Blindheim Grønskag har laga historier rundt songane og skrive dialogen. Reibos mangeårige samarbeidspartnar, Oleg Glushkov, har hatt regien. På Nordland Teater er dette blitt ei lun, humoristisk, sjølvironisk og litt mollstemd framsyning som ikkje på noko vis er eit oppgjer med jula, men likevel manar til både ettertanke og å stoppe opp litt.

Historia er ganske enkel. Ein familie på tre, Pål (Pål Moddi Knutsen), Maiken (Maiken Vembre) og dottera (Hannah Schulte Strid) bur seg på storinnrykk på julekvelden, og gjer det på eit herleg parodisk og passe overspela vis. Ho har alt for høge ambisjonar, han har resignert, medan dottera representerer fornufta og ettertanken. I ein nydeleg song fortel ho nissen at ho ikkje ønsker seg noko til jul. Samstundes er eit nyskild par som ikkje har fortald slekta om skilsmålet ennå (Rune Storsæther Løding og Line Heie Hallem) på veg heim til familien hans for å halde fasaden og feire som før. Og så er det den pensjonerte og einsame sjømannen (Reidar Sørensen) som lever på minna om henne han aldri fekk.

Moddis nyskrivne, vakre, men ganske blå og mollstemde songar bind det heile saman og presenterer oss for dei ulike lagnadane. Det er nydeleg framført av eit songsterkt ensemble og til dyktig tonefølgje av fem strykarar frå Arktisk Filharmoni og to på slagverk og tangentar. Så langt er dette ei tradisjonell juleframsyning. Men eit uvanleg leikent regigrep i tett samarbeid med scenograf og rekvisitør, gjer at framsyninga blir så mykje meir og langt større enn seg sjølv. Ved at scenearbeidarane blir viktige aktørar med å skape scenografi og situasjonar undervegs får oppsetjinga eit utal metalag. Her er det leik og moro med teaterkonvensjonar, sjølvironi og intelligent humor som toppar seg med ein kvilebenk som nektar å bli bore av scena og meiner han eigentleg har hovudrolla.

Julemiddagen til Maiken og Pål blir ikkje som planlagd, for alle melder avbod i siste liten. Men selskapet blir «redda» ved at dei tre andre av ulike grunnar dukkar opp. Det blir ganske kleint og endar i fullstendig havari. Fram til det punktet har framsyninga vore artig, overraskande og full av humor, men med middagens kollaps, skjer diverre litt av det same med framsyninga. Ho blir føreseieleg, og mistar det leikne og oppfinnsame. Men sjølv om finalen ikkje heilt stod i stil med resten, fekk vi likevel i hovudsak ei velspela, artig, litt trist, og ikkje minst sjølvironisk framsyning med mange lag, også metalag. Moralen er vel at vi kanskje berre bør gløyme alt stresset og jaget mot det perfekte, og heller nytte den mørkaste tida på året til å slappe av og ha det litt hyggjeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. desember 2022.)

Ein smakebit

fredag, desember 2nd, 2022

TEATER

DOTTERA: Den legendariske russiske ubåtkapteinen frå 1978 har ei dotter (Tiril Heide Steen) som er glad i norsk natur, er hobbyfotograf og droneflygar. FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Nye Hjorten Teaters Spektakulære Juleshow»
Nye Hjorten Teater, Trondheim spektrum
Av: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Komponist og arrangør: Kyrre Havdal
Scenografi: Gjermund Andresen
Koreografi: Martha Standal
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Orkester: Kyrre Havdal, Hans Petter Vik Sæther, Elvin Venæs, Stian Lundberg, Christian Aftræth Eriksen og Emil Emilson Holmesland
Med: Mads Bones, Olve Løseth, Markus Bjørlykke, Tiril Heide-Steen, Kathrine Strugstad, Ingvill Siegel, Karl-Vidar Lende og Lasse Johansen

Om halvtanna år er det klårt for opning av «Nye Hjorten Teater» i eigne lokale. Det vi i desse dagar får oppleve i Trondheim spektrum, er forhåpentleg berre ein appetittvekkjande aperitiff og teaser, og ikkje eit bilde på sjølve hovudretten.

Dette er ein forsmak på kva vi kan vente oss i 2024, fortalde Mads Bones oss i finalen på «Nye Hjorten Teaters spektakulære juleshow» i Trondheim spektrum. Og framover mot jul skal denne nyvinninga på Trondheims teaterhimmel fylle byens storstove med førjulsunderhaldning. Medan vi ventar på at teaterets nybygg i bakgarden til det gamle hovudpostkontoret skal stå ferdig hausten 2024, kan vi få ein smakebit av kva vi har i vente. Og det var akkurat det dette juleshowet var, ein smakebit eller aperitiff, men forhåpentleg langt frå den komande hovudretten.

For den som ikkje er lokalkjend, eller har levd særs lenge, var «Hjorten», eller «Hjorten Revy- og Varietéteater» som var det fulle namnet, Trondheims revyscene frå 1867 til 1947. Kråkeslottet som husa revyscena låg i Ila og var teikna av arkitekt Karl Norum, ein av landets fremste jugendarkitektar. Han teikna også både Hovudpostkontoret i Trondheim og Britannia Hotell. Så når Trondheim omsider har fått ein kunstmesen ved at Reitanfamilien går inn og finansierer både eit nytt kunstmuseum i det gamle hovudpostkontoret og eit nytt teater i postkontorets bakgard, samstundes som dei også har pussa opp Britannia Hotell til fordoms prakt og vel så det, ja, – så er ringen på mange vis slutta.

Trioen Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal har gjennom dei siste femten åra gitt oss ei rekkje sjangeroverskridande, spektakulære og elleville musikalframsyningar som «Slaget på Testiklestad» og «Juleevangeliet, the Smash Hit Musical» berre for å nemne to av dei mest kjende. Dei har revitalisert humor- og musikalsjangeren. Det særmerkte er eit oppkome av idear, humor i verste «bad-taste-tradisjon», men som er så intelligent at han blir akseptabel for dei fleste, framifrå musikk og gode tekstar med overraskande vriar. Og dei har fått tusenvis av folk som elles sjeldan går i teater, til å strøyme til framsyningane. Når Reitanfamilien nå har hyra nettopp desse tre til den kunstnarlege leiinga av «Nye Hjorten Teater», så er det duka for at Trondheim etter kvart kan få ei annleis og ganske spennande teaterscene.

Men førebels er teateret og den kreative trioen huslause, og i ventetida held dei folk varme med ulike show i Trondheim spektrum. I fjor var det ei nytapping av «Juleevangeliet» og i år er det med eit førjulsshow meir i tråd med revy- og varietétradisjonen.

Gjermund Andresen har laga ein scenografi med ei stor bua trapp i eit slags vinterlandskap og med nummererte luker og dører som ein julekalender. Trappa er tradisjonell som ei trapp der vi ventar oss store entrear som ein dansande Fred Astaire, ein pelskledd Dag Frøland eller ei festkledd Scarlett O’Hara. Men så blir vi lurt, for her ingen spektakulær entré, men tvert om sortien til ein i dobbel forstand snublande inspisient (Karl-Vidar Lende). Han opnar det heile, vil så gjerne introdusere meir enn det køyreplanen legg opp til, og «øydelegg» framsyninga. Før Mads Bones og Olve Løseth kjem inn, kledde i smoking og overtek det heile.

Med seg har dei eit solid musikalteam av Markus Bjørlykke, Tiril Heide-Steen, Kathrine Strugstad og Ingvill Siegel. Mennene i smoking, og kvinnene i glitter. Gjennom fjorten nummer av særs ulik kvalitet får vi presentert både jule- og Beatles-medleyar, litt forsøk på politisk satire, ellevill parodiering, framifrå song, god koreografi og flotte musikalske arrangement. Det vi stort sett kan kalle god underhaldning, men som likevel ikkje kjem heilt i mål. Framføringa til dei sju på scena er framifrå og sceneskifta er imponerande mange og godt synkroniserte. Song- og danseinnslaga er det heller ikkje noko å setje fingeren på, men ikkje alle tekstane er like gode. Kyrre Havdal briljerer i arrangementa, og starten er ein julemedley der overgangane er saumlause. Men endå betre blir det i ein flott, men kanskje litt umotivert, hyllest til Beatles der arrangement og koring etter kvart går opp i ei høgare eining, og der dei greier å sample i alle fall tre låtar samstundes.

Alt dette er flott, men showet fell likevel litt mellom mange stolar. Trioen bak er kjend for kreativitet, og då er ikkje reprisar frå tidlegare produksjonar det vi forventar. Og sjølv om Karl-Vidar Lende gjer maksimalt ut av den spotlightsøkjande inspisienten, er temaet litt for kjend frå den like mislukka suffløren på «slaget på Testiklestad».

Høgdepunkta i dette juleshowet er tre litt ulike songinnslag frå det reint humoristiske, via det patoshumoristiske til det heilt såre og mollstemde, men likevel lett parodiske. Vi har alle eit forhold til Harald Heide Steen jr. sin sovjetiske ubåtkaptein. Når kapteinens dotter nesten femti år etter syner seg å vere hobbyfotograf, droneflygar og særs glad i norsk natur, i tillegg heiter Tiril Heide Steen, og har fått ein framifrå tekst og ein god melodi, så er det duka for ein verkeleg klassikar. Og snakkar vi om julesongklassikarar, så er vel Jussi Björlings «O Helga Natt» blant dei fremste. Når Markus Bjørlykke med operatenorens stemmeprakt og med gravalvorleg pondus framfører «O’helgafri» til same melodi, sunge med same store innleving, men med ein heilt annan og komisk tekst, så blir det stor humor. Den siste sviska var i utgangspunktet ikkje humoristisk, for det var Karl-Vidar Lendes mollstemde og djupt sørgjelege song om «Gutten med trommestikkene», ein parafrase over H C Andersen, men samstundes så overdriven trist og patosfyld at han skriv seg inn i tradisjonen frå Astow Ericsons «Julekveld i skogen».

Med desse tre numra viser «Nye Hjorten Teater» kva vi kan ha i vente. Bones/Løseth/Havdal har i fleire år synt seg som både kreative og særs nyskapande. Det trur eg dei gjer lurt i å hegne om og dyrke vidare. Det er laga mang ein evergreen både på Hjorten, Chat Noir og Edderkoppen, men der også kunne det vere langt mellom drammane. Og forma desse scenene nytta er vel for lengst passé? Så eg vil rå «Nye Hjorten Teater» til å dyrke seg sjølv og sin eigenart i staden for å leggje seg tett opp til glamourtradisjonen til gamle revyscener.