Archive for oktober, 2022

Feiring av teateret

mandag, oktober 17th, 2022

TEATER

PÅ LEIT: To halve tvillingpar (Nils Vogt og Kim Haugen) på leiting etter den andre halvdelen, eller eigentleg seg sjølv? FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Tvillingene»
Teatret Vårt, Molde
Fritt etter William Shakespeare
Tekst og regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Rørsleinstruksjon: André Moi Danielsen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Pianist og arrangør: Per Christian Revholt
Med: Nils Vogt, Kim Haugen, Kirsten Hofseth, Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik, Kristoffer Egset, Eline Øverby og Sverre Røssummoen

Teateret Vårt er 50 år, og gjer det med både å feire seg sjølv og teateret som institusjon.

Laurdag var det på dagen 50 år sia det nystarta regionteateret i Møre og Romsdal, Teatret Vårt, hadde si opningsframsyning i Ørsta. Det var med William Shakespeares forvekslingskomedie «Tvillingene» i regi av Kjetil Bang-Hansen. Då teateret nå skulle feire sine første femti år, fekk dei like godt Kjetil Bang-Hansen til å skrive og regissere ein ny versjon av den same komedien. Og i to av dei berande rollene var Nils Vogt og Kirsten Hofseth, som båe var med for femti år sia. Det er blitt ein lun, lågmælt og sjarmerande komedie, ei verdig markering av jubileet, og i tematikk også ei feiring av teateret som institusjon.

EPILOG: Kirsten Hofseth, kanskje Thalia, eller kanhende «den som draumar blir vovne av» oppsummerer når erkjenningas time er komen. FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Tvillingene» er berre sett opp tre gongar her i landet dei siste femti åra, trass i at Shakespeare kalla det «The Comedy of Errors», altså sjølvaste Forvekslingskomedien i bestemt form. I ytre handling dreier det seg om to einegga tvillingpar som kjem frå kvarandre ved eit skipbrot. To av dei hamnar på ei øy i nord, og dei to andre langt sør i verda. Antifolus (Nils Vogt) og Dromio (Kim Haugen) frå sør er eit sjarmerande gjøglarpar som reiser rundt med underhaldninga si, samstundes som dei også brukar reisene til å leite etter tvillingbrørne sine. Eller djupast sett er dei på leiting etter seg sjølve. Så kjem dei ein dag til øya i nord, og møter spegelbilda sine, lenge utan å forstå at det er det dei gjer. Slikt blir det sjølvsagt mykje forvekslingar og humor av. Før erkjenninga kjem, og Kirsten Hofseth, kanskje som Thalia, komediens muse, eller kanskje som ei personifisering av det draumar blir vovne av, held ein oppsummerande epilog.

Even Børsums scenografi er eit illustrerande og effektivt lite urbant miljø på ei dreiescene. Her går aktørane ut og inn av dører, og dei to tvillingpara blir lett attkjennelege ved at Vogt og Haugen berre skiftar farge på sko og brystlommetørkle. Synleg på sidescena sit pianisten Per Christian Revholt som akkompagnerer med nye arrangement av gamal populærmusikk. I slike komediar er det ofte høgt tempo og mange og presise skift. Kjetil Bang-Hansen har vald ei nesten mollstemd tilnærming, mykje rolegare og med ei meir kontemplativ spelestil. Når han i tillegg har lagt inn ei leiken metaform der skodespelarane ofte går ut av rollene, kommenterer seg sjølve og leikar seg med Shakespeare-referansar, blir det ein langt lunare humor som både kler framsyninga og understrekar dei mange laga i underteksten.

Nils Vogt og Kim Haugen har båe dei finslipte detaljane som kan gi humor utan geberdar og halloi, og i den lågmælte spelestilen er dei tydelege og står godt til kvarandre. Kirsten Hofseth er den myndige kommentatoren som summerer opp det heile. Dei andre blir meir eller mindre naudsynte statistar, og nokre av dei har fått alt for lite å spele på og kompenserer med skjemmande overspel.

I Kjetil Bang-Hansens modernisering kunne nok mykje ha vore tydelegare eller stroke, og historia hans blir tidvis litt fragmentarisk. Men når ensemblet får lov å lage metateater, herje med både seg sjølv og konvensjonane, og ikkje minst «stele litt frå Shakespeare», blir dette ganske fornøyeleg. Og i tillegg ei verdig feiring av både scenekunsten og Teatret Vårt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 17. oktober 2022.)

Spel for galleriet

mandag, oktober 10th, 2022

TEATER

SJARMTROLL?: Don Juan (Jo Saberniak) har skjelett i skapet, og går ikkje av vegen for litt nekrofili. FOTO: JOHANNES L. F. SUNDE

«Don Juan»
Trøndelag Teater, Studioscena
Etter Molière med fleire
Regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Scenografi og kostyme: Ane Ledang Aasheim
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Anders Schille
Med: Jo Saberniak, Joachim Joachimsen, Emma Caroline Deichmann, Per Bogstad Gulliksen, Christian Eidem og Synnøve Fossum Eriksen

Ei framsyning som er blitt sprikande og lite samanhengande.

Sia 2014 har regissøren Ole Johan Skjelbred nesten årleg fått setje opp framsyningar på Trøndelag Teater der han har hatt ganske frie taumar. Det har resultert i ei rekkje framifrå og delvis grensesprengjande produksjonar, frå «Moby Dick» i 2014, via «Brødrene Karamasov», og til «Bjertnæs, Lygre» i 2020. Nå er Skjelbred attende på Studioscena til Trøndelag Teater med «Don Juan».

Historia om verdas største forførar, den skruppellause Don Juan, blei først skriven av den spanske forfattaren Tirso de Molina i 1630. Men den som i større grad gjorde historia kjend, var nok den franske komedieforfattaren, Molière i 1665, for ikkje å snakke om Wolfgang Amadeus Mozart med operaen «Don Giovanni» frå 1787. Etter kvart har langt fleire kome til, og på Wikipedia er det i alt 65 komponistar og forfattarar som er krediterte for å ha skrive om Don Juan.

I år er det 400 år sia Frankrikes største komedieforfattar, Jean-Baptiste Poquelin Molière, blei født, og Trøndelag Teater og Ole Johan Skjelbred tenkte at det kunne vere rett å markere dette med ei oppsetjing av «Don Juan». Men etter kvart som arbeidet skreid fram, blei resultatet meir ei forteljing om mytane og historia, enn Molières komedie. Og med dei siste års #metoo-rørsle, var det også naturleg å bringe inn dagsaktuelle forhold. Laurdag var det premiere på ei framsyning fristilt frå tid og rom, og med lån, sitat og referansar til så ulike kjelder som Molière, de Molina, Bertolt Brecht, Elfriede Jelinek og Trond Giske, for å nemne nokre.

HARMONI?: På same vis som Don Juans liv er denne musikalske idyllen berre eit spel for galleriet. FOTO: JOHANNES L. F. SUNDE

Studioscena er ein nesten naken black box der golvet er måla i eit sinnrikt mosaikkmønster som kan gi assosiasjonar til tidlegare tiders fyrstepalass. På bakveggen er det eit lite loftsrom dit skodespelarane stundom går, og på golvet står ei flyttbar kasse. Etter kvart kjem også ein stor stein, gravsteinen til kommandanten som Don Juan drep for å kome unna etter å ha valdteke dottera hans. Kostyma er overdrivne, relativt tidlause, burleske og gir fort erotiske assosiasjonar. I denne settinga opnar det særs lovande med ein monolog av Sganarelle (Per Bogstad Gulliksen). Han er hovudpersonens følgjesvenn og hjelpar, og presenterer oss for Don Juan som jordas største slyngel, ein trulaus kjettar som har seg med alt og alle utan omsyn til alder, kjønn eller utsjånad. Ja han opnar endatil for dyresex. Om du trur Don Juan berre var ein sjarmerande fyr som forførte saklause ungjenter, må du openbert tru om att. Med denne godt framførte opningsmonologen er lista lagt, og vi går rett på sak der vi får ein langtfrå sjarmerande Don Juan som valdtek Anna (Synnøve Fossum Eriksen). I myrkret trur ho at han er forloveden Octavio, og når sanninga går opp for henne, og far hennar freistar å fange overgriparen, blir faren drepen. Desse to opningsscenene er tydeleg og godt formidla og klårt definerande for både innhald og vidare handling.

INNSMIGRANDE: Bak Don Juans (Jo Saberniak) forførande smil skjuler det seg ein skruppellaus hedonist.
FOTO: JOHANNES L. F. SUNDE

Don Juan (Jo Saberniak) er ein halvnaken adonis, med ei tidvis feminin framtoning. Han er på same tid både innsmigrande og motbydeleg. Gjennom ei rekkje tablå følgjer vi hans erobringar, falskspel, lygner og bedrag. Vi er i Spania, i Lisboa, i Trondheim, på havet og blant fiskarar ved kysten. Vi hoppar i tid og rom på eit vis der det diverre er vanskeleg å henge heilt med, og dessutan tidvis uklårt kva Skjelbred eigentleg ønsker å fortelje oss. Gjennom mykje fysisk overspel, som for så vidt kler framsyninga, får vi ei burlesk og mørk historie, krydra med ordkløyveri og svart humor, og ein ikkje alltid like vellukka freistnad på språkleg leik og blødmer med referansar i aust og vest.

Og det er nettopp det eg trur er hovudproblemet til denne produksjonen. «Don Juan» blir etter kvart ei framsyning som sprikar i alle retningar der dei ulike tablåa er springande og lite samanhengande. Mot slutten kjem hovudpersonen til ei slags erkjenning der han bed om orsaking, – ikkje for det han har gjort, men for korleis folk har opplevd han. Alt, heile livet hans, og også erkjenninga, er altså berre eit stort spel for galleriet. Det kunne ha vore ei fin avrunding om ein hadde hatt litt meir tillit til publikum og ikkje gjort det så overtydeleg. Orsakinga er eit direktesitat frå Trond Giske, framført på trøndersk.

Sams for alle dei åtte framsyningane Ole Johan Skjelbred har sett opp på Trøndelag Teater, er særs høge ambisjonar, og difor også tilsvarande stor fallhøgde. Det er prisverdig, og då får vi bere over med at ikkje alle lukkast.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. oktober 2022.)

Det endelege valet

mandag, oktober 3rd, 2022

TEATER

VALET: Skal Ellida (Kirsti Torhaug) kaste dødskappa eller velje å bli med Døden (Linda Brean Mathisen)? FOTO: LOUISE HERRCHE SERUP

«Fruen fra havet»
Nordland Teater i samarbeid med Convoi Exceptionnel
Fritt etter Henrik Ibsen mfl.
Manus: Astrid Hansen Holm og Jon R. Skulberg
Regi og lysdesign: Jon R. Skulberg
Scenografi og kostyme: Maja Ziska
Komponist og lyddesign: Julie Østengaard
Med: Kirsti Torhaug, Anne Kokkinn, Linda Brean Mathisen, Anne Wiig og Sven Johannessønn Henriksen

Ein kreativ og nyskapande vri på Henrik Ibsens drama om verkeleg valfridom.

Ein del av den konkrete tematikken i Henrik Ibsens nåtidsdrama er i dag utdatert. I «Fruen fra havet» er det store spørsmålet om Ellida Wangel har fridom til sjølv å velje å gå ut av ekteskapet med Dr. Wangel. I dag er slikt ikkje spesielt kontroversielt. Ei modernisering av Ibsen vil difor ofte møte på problem når gårsdagens tema blir kledde i moderne drakt. På Nordland Teater har regissøren Jon R. Skulberg løyst dette på eit nesten genialt vis.

Ellida Wangel er gift med Dr. Wangel som er enkemann og har barn frå det tidlegare ekteskapet. Saman fekk han og Ellida ein son som døydde etter få månader. Ellida slit med psyken, og det er ikkje lenger noko ekteskap å snakke om for dei to. Når Ellidas gamle flamme, som Ibsen har gitt den kryptiske nemninga «en fremmed mann», dukkar opp, blir det eksistensielle spørsmålet for Ellida om ho har eit val, og om ho i så fall skal velje å gå.

I Ibsens drama er det åtte personar og ein del sommargjestar og lokale folk. Saman med dramaturgen Astrid Hansen Holm, har Jon R. Skulberg skrive eit nytt manus, nokså fritt etter Ibsen, og med islett av sitat og scener frå så ulike forfattarar som Inger Christensen, Virginia Woolf og Michel Houellebecq. Det er blitt eit nedskalert og reinskore drama der berre fire av dei opphavlege aktørane er att. Og vi er så avgjort i dag. Ellida Wangel (Kirsti Torhaug) er gift med legen Wera Wangel (Anne Kokkinn). Dei fekk ein son som døydde etter berre fire månader, og Ellida er ikkje den same etter det. Dei bur saman med Hilde (Anne Wiig) som er Weras dotter frå første ekteskap. Lyngstrand (Sven Johannessønn Henriksen), som hjå Ibsen er ein viktig person som vitne om den framande, er her blitt ein slags husvenn som er både forteljar og katalysator for handlinga. Men det verkeleg kreative og spennande grepet, er at den framande, Ellidas gamle flamme, er gjort om til Døden (Linda Brean Mathisen). Slik er kjærleiken endra til dødslengt. Ellida har openbert vore suicidal, og nå har Døden kome for å hente henne. Det store og djupt eksistensielle spørsmålet blir då om Ellida har eit val, og om ho i så fall skal velje døden.

Regissøren Jon R. Skulberg er norsk, men bur i København der han til dagleg er leiar for produksjonsselskapet Convoi Exceptionnel. Saman med scenografen Maja Ziska har han laga ei tett og minimalistisk framsyning der det er lite scenografi og få rekvisittar. Då får også det vesle som er, mykje sterkare tyding. Det er lite fysisk spel, og handlinga skjer i særs sakte tempo der replikkane får henge lenge i lufta. Julie Østengaards lydkulisser og dvelande musikk bidreg ytterlegare til den ganske dystre stemninga. Alt dette kler framsyninga. Dei fem på scena er tydelege i sine tolkingar der det verkar som ei kvar rørsle er bestemt ned til minste detalj. Men når det er så lite fysisk å spele på, blir replikkane desto viktigare. Og med dei lange ettertenksame pausane bør orda vere som hogde i stein. Men her buttar det litt, for det er for mange ord, for lite substans i replikkane, og dermed blir ikkje dramaturgien stram nok.

Trass i denne innvendinga, er denne oppsetjinga av «Fruen fra havet» eit særs godt døme på korleis Ibsen kan tolkast på eit nytt og kreativt vis samstundes som ein er tru mot den grunnleggjande tematikken om menneskas valfridom.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. oktober 2022.)