Archive for september, 2022

Hjelp eller bortstuving

fredag, september 30th, 2022

TEATER

BLIR SÅ BRA: Foreldra (Tore B. Granås og Marte Mortensdatter Steinholt) veit dei lyg når dei fortel Agnes (Ingunn Beate Strige Øyen) kor fint ho vil få det på Røstad. FOTO: ØYVIND MALUM/WOW MEDIALAB

«Idiot!»
Turnéteatret i Trøndelag
Av: Nina Wester
Regi: Nina Wester
Scenografi og kostyme: Ingvild Rømo Grande/Sir Grand Lear
Koreografi: Live Strugstad
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Ingunn Beate Strige Øyen, Marte Mortensdatter Steinholt, Mats Gukild og Tore B. Granås

Lågmælt og gripande, men litt for episodisk.

Til alle tider har det vore ungar som av ulike grunnar har falle utanfor det fleirtalet oppfattar som normalen. I dag sit diagnosane laust samstundes som det knapt er att nokon av dei gamle institusjonane dit ungar med tilpassings- eller læringsproblem blei sende. Nokon for å få hjelp, men alt for mange for å bli stuva bort. Ein slik skule var Røstad ved Levanger. Då han blei etablert i 1903 heitte han «Statens Abnormskole», og det seier vel det meste. Før skulen blei lagt ned i 1992 hadde nærare 3000 elevar vore innom. Blant dei er det mange vonde og tunge lagnadar, feilplasseringar og ulike overgrep.

Dramatikar og regissør Nina Wester, som i fjor stod bak det prisvinnande dokumentarteateret «Utvik senior», har nok ein gong dukka ned i ei historie det er freista å leggje lokk på, intervjua elevar og andre tidsvitne og gjort grundig research. Det har resultert i ei gripande framsyning på Turnéteatret i Trøndelag. Fire skodespelarar presenterer oss for ei rekkje ulike lagnadar, dei fleste frå etterkrigsåra, men ein av nyare dato. Sentralt står Agnes frå Grong (Ingunn Beate Strige Øyen) som hadde lærevanskar, og som blei send til Røstad på slutten av 50-talet. Ho er til stades på scena heile tida nærast som ein observatør. Dei tre andre aktørane spelar ei mengd ulike personar som dei skiftar mellom berre ved endra kroppsspråk, dialekt eller eit klesplagg. Men blant dei mange trør nokre tydelegare fram. Peder, vennen til Agnes, blir flytta fordi skuleleiinga er redde for at vennskapet deira skal bli seksuelt. Torbjørn, som ikkje er ein fiktiv person, var feilplassert på Røstad i mange år utan å få noka oppreising. Og så er det Adrian frå vår tid, med ein ADHD-diagnose.

Scenografien til Ingvild Rømo Grande er både symboltung, enkel og effektfull. Store leikeklossar og bankebrettelement fortel tydeleg om dei som ikkje greier dei enklaste øvingar, samstundes som klossane blir flytta og manøvrerte så dei skapar nye og illustrerande situasjonar. I dette landskapet får vi presentert dei ulike historiene frå unganes og foreldras synsvinkel, om draumar som går i knas, om manglande budsjett og firkanta byråkratar, og om ei rekkje overgrep. Det er hjarteskjerande og vondt, men gjennom spelet greier likevel dei fire å formidle ein varme og ei innleving som kontrasterer alt det svarte. Det er kjappe og saumlause skift, og det er godt ensemblespel med mange rørande tablå. Og fremst i det heile er Ingunn Beate Strige Øyens neddempa og sobre tolking av Agnes, der ho med diskré mimikk og varsamt spel får fram vakre nyansar og stemningar, og blir eit menneske til verkeleg å bli glad i.

Når framsyninga likevel ikkje kjem heilt i hamn, skuldast det at der vi får høve til å bli kjende med og kome under huda på Agnes, blir resten for episodisk og fragmentarisk der handlinga vekslar litt for raskt, både i tid og mellom dei mange ulike lagnadane.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 30. september 2022.)

Bonden i ei brytingstid

mandag, september 26th, 2022

TEATER

STANDHAFTIG: Isak Sellanraa (Håkon Mathias Vassvik) ryddar jord og lever i pakt med naturen, men forstår seg ikkje på endringane som skjer rundt han. FOTO: KRISTOFFER WITTRUP

«Markens grøde»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Knut Hamsun
Dramatisering: Verk Produksjoner ved Fredrik Hannestad og Saila Hyttinen
Regi: Fredrik Hannestad
Scenografi og kostyme: Jakob Oredsson og Signe Becker
Musikk og lyddesign: Per Platou
Lysdesign: Jakob Oredsson
Med: Håkon Mathias Vassvik, Madalena Sousa Helly-Hansen, Marianne Meløy, Isak Holmen Sørensen og Marina Popović.

Ei dramatisering som på overraskande godt vis greier å formidle Hamsuns forteljarstemme.

Om snaue to veker er det 80 år sia Trøndelag Teaters første sjef, Henry Gleditsch, blei avretta som sonoffer av den tyske okkupasjonsmakta. Det er difor forståeleg at den nazi-sympatiserande Knut Hamsun ikkje har vore på repertoarliste til seinare teatersjefar. Men sjølv om alt ikkje er gløymd, og det slett ikkje er gått hundre år, set teateret nå opp Markens grøde. Romanen frå 1917, som gav Hamsun nobelprisen i 1920, er berre dramatisert og sett opp tre gongar tidlegare i Norge, alle i løpet av dei siste tjue åra.

Til dette vesle tidsskiljet har Trøndelag teater gått i samarbeid med Verk produksjonar som sjølv har dramatisert romanen. Gjennom dette kompaniets særeige teaterspråk har dei på forbausande godt vis fått fram det episke i Hamsuns roman. På teaterets Gamle scene har scenografane Jakob Oredsson og Signe Becker skapt eit rom med ein symboltung elektronisk biletvev, og med draperi som gir assosiasjonar til tett skog og urørt natur. Kostyma er spektakulære og openberre brot med forteljinga. Fem skodespelarar som både fortel og spelar, presenterer oss på eit repeterande vis for heile romanens historie. Frå mennesket som går opp dei første stiane og om den standhaftige bonden Isak Sellanraa som ryddar eigen gard i øydemarka. Om Inger som kjem til, og om det arbeidsame paret som lever i eitt med naturen med gamalt naturalhushald medan teknologi, pengehushald og kapitalisme gradvis vinn fram rundt dei. Og om den skilsetjande fødselen der Inger drep barnet som på det viset skal sleppe å leve opp med hareskar slik Inger har gjort.

Ensemblet på fem startar det heile nærast som forteljarteater, men etter kvart vekslar dei på å fortelje og spele. Håkon Mathias Vassvik er overtydande som den fåmælte, arbeidsame og enkle Isak, medan Madalena Sousa Helly-Hansen gir oss ein langt meir samansett og konfliktfylt Inger. Dei ulike menneska rundt Isak og Inger blir spela av dei tre andre aktørane som gir oss gode og stundom humoristiske tolkingar, ofte med synlege skift.

I heile første akt følgjer vi Hamsuns forteljing tett. Til og med bokas nedlatande haldning til samane blir framstilt ganske usminka. Historia om Isak og Inger blir fortald repeterande, med mange brot, kontrastfylt, med tidvis overtydeleg spel, med ulike forteljarteknikkar, og i eit integrert samspel med scenografi og lyssetjing. Men trass i alle kontrastane, slår det meg i kor sterk grad eg likevel sit att med Hamsuns forteljing, og ikkje minst hans forteljarstemme.

I andre akt, når Inger kjem att frå fengsel, blir haldninga til romanens innhald langt friare. Sentralt står sjølvsagt brytinga mellom det gamle livet i pakt med naturen og den nye teknologien og jakta på ressursane. Symbolikken er openberr når senografien blir dekonstruert og vi får ei ope og nake bakscene. Men der det episke på særs vellukka vis har fått rå i første akt, blir andre akt nærast ei rekkje politiske manifest, – som Ingers oppgjer med mannssamfunnet, og lensmannens sjølverkjennande tale om profittjakt og rovdrift. Her er flust av parallellar til dagens natur- og miljøvern og til kvinnekamp. Vi forstår sjølvsagt kva teateret vil, men det er presentert så tydeleg og direkte at det diverre blir politiske påstandar meir enn teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. september 2022.)

Undringas tid er ikkje forbi

fredag, september 23rd, 2022

TEATER

FLYGANDE: Karoline Ellingsen Wheeler blir nærast vektlaus i møte med denne skrotkuben. FOTO: KRISTIAN WANVIK

«Puls»
Teatret Vårt og Cirka Teater, Surnadal kulturhus,
Av: Espen Dekko og Gilles Berger
Regi: Espen Dekko
Scenografi: Gilles Berger
Kostyme: Berit Haltvik With
Lyddesign: Martin Smidt
Lysdesign: Eirik Torsethaugen
Med: Gilles Berger og Karoline Ellingsen Wheeler

Stundom er det godt å få vekt den barnlege og undrande fantasien og berre la seg drive med.

Nokre av menneskas beste eigenskapar er fantasien og evna til å undre seg. Ein hektisk kvardag gir ofte lite rom for slikt, men framleis er teateret ein oase for den som er nysgjerrig eller vil la tanken fare. Få om noko teaterkompani er flinkare til å setje i gang slike prosessar enn Cirka Teater. I nærare førti år, og gjennom like mange produksjonar, har Gilles Berger skapt magiske og fantastiske univers gjennom sin særs kreative scenografi. Framsyninga «Puls», eit samarbeid med Teatret Vårt i samband med femtiårsjubileet deira, skriv seg til fulle inn i denne tradisjonen.

På ei mørk scene leitar ein person (Gilles Berger) seg fram med lommelykt. Og ut av inkje dukkar ein stor og innhaldsrik kube opp. Brun, og tilsynelatande sett saman av søppel og skrot, ein sykkel, ein gamal skrivemaskin, ein vask med tappekran og uendeleg mykje meir. Men når vår mann undrande nærmar seg kuben, oppstår det elektromagnetiske spenningsfelt som ikkje er gode, og han kjenner seg fanga. Men han gir seg ikkje og held fram med å utforske denne underlege klossen. Etter kvart tek kuben til å leve sitt eige liv, og det skjer merkelege og uventa ting. Element dett av, røyr kjem ut, og med eitt også ei hand, eit andlet, – og til slutt ein heil kvinnekropp (Karoline Ellingsen Wheeler). Ho er i starten som ei uformeleg plastilindokke, og Berger slit med å få henne på beina, før ho, utan at eg skal fortelje korleis, blir eit vanleg sjølvgåande menneske.

Resten av framsyninga er ei fantasifull oppdagarferd der dei to leitar seg fram og inn i det som ikkje berre er ein skrotkube, men eit heilt lite univers. Det oppstår stadig overraskande vendingar og nærast magiske situasjonar, og saman med den meir enn stemningsskapande musikken til Martin Smidt blir vi førte frå den eine merkelege opplevinga til den neste.

Framsyninga blir spela utan ord, og i mangt er ho å sjå som ein velkoreografert danseframsyning. Karoline Ellingsen Wheeler er både skodespelar og dansar, og spesielt i sekvensane der Berger freistar å få eit menneske av henne, leverer ho kreativ og særs illustrerande dans. Men også i den etterfølgjande utforskinga av kuben er dansen eit vesentleg element. Sjølv om Berger ikkje er nokon dansar, fungerer han godt nærast som skuggen hennar. Og dei følgjer kvarandre synkront i ein koreografi dei saman har utvikla undervegs.

Espen Dekko har saman med Gilles Berger hatt ideen og manus til framsyninga, og Dekko har også regien. Det er blitt ei opplevingsrik reise utan dramaturgiske daudpunkt, men med stadige overraskingar på lur.

Gilles Bergers magiske og opplevingsrike kube skal i følgje programmet seie oss litt om det avtrykket menneskeleg aktivitet og produksjon set på jorda. Kva skjer når vi blir konfronterte med det som er blitt avleggs og skrot? Ein kan sikkert lese slikt inn i denne framsyninga, men for meg var ho først og fremst ei undrande og magisk reise inn i eit fantasiland der assosiasjonane sat laust og opplevingane var både mange, store og overraskande.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 23. september 2022.)

Ei tann i suppa

tirsdag, september 20th, 2022

TEATER

FASADE: Pastellfarger og smilande aktørar. Men det er utanpå. FOTO: MARIUS FISKUM

«Den gylne drage»
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av: Roland Schimmelpfennig
Omsett av Marianne Fischer
Regi: Maria Drangeid
Scenografi og kostyme: Kaja Haven
Komponist: Fredrik Storsveen
Lysdesign: Ruben Westerli Johnsen
Med: Frederic Molund, Christina Sleipnes, Iver Innset, Espen Mauno og Andrea Vik

Manglande kommunikasjon og menneskeleg nærleik presentert i ein velregissert svart komedie.

Menneska bur tettare på kvarandre, medan avstanden mellom oss blir større. Dette paradokset, og meir til, er tema i den vesle, svarte komedien «Den gylne drage» på Hålogaland Teater. Stykket er skrive av den tyske dramatikaren Roland Schimmelpfennig (f. 1967). Trass i at han er rekna blant dei fremste dramatikarane i heimlandet, er han lite spela i Norge.

«Den gylne drage» er namnet på ein thai-kina-vietnam-restaurant ein stad i Europa. På kjøkenet jobbar fem asiatar som alle truleg er papirlause. Vegg i vegg er det ein matvareforretning, og i etasjane over bur det eit titals personar samt ein maur og ei grashoppe(!). I dette vesle universet der alle bur tett på kvarandre, men der kontakt og kommunikasjon er mangelvare, rullar Schimmelpfennig ut ein liten sosial roman i eit femtitals tablå, fragmentarisk og særs episodisk, men der det etter kvart syner seg at det meste likevel heng saman.

Scena er ei lita øy som på ganske stilisert vis kan illudere ei eng der det er både vekstar og insekt. Dei fem aktørane, som spelar 17 ulike roller, er alle på scena heile tida. Scenograf og kostymedesignar Kaja Haven har gitt dei pastellfarga kostyme, og nærast Barbieliknande uttrykk. Og når det opnar med at dei fem smilar innbydande til publikum, kan scenografiens glasuraktige overflate også gi inntrykk av ferniss og at dette handlar om å halde fasaden.

Vi får presentert eit ungt par og ein uønskt graviditet, ein bestefar opptatt av sitt, eit par i oppbrot, ein kolonialhandlar og to flyvertinner. Alle har sine historier, men sams er einsame liv i eigne bobler. Dei fem på kjøkenet har det likeins, men må i tillegg leve i løynd ettersom dei er papirlause. Vi hoppar frå historie til historie, med ei mengd brot og der skodespelarane både spelar, fortel kva som skjer og seier fram scenetilvisingar. Navet i historiene er Lillegutt, ein kinesar som er i Europa for å leite etter syster si. Han har også tannverk, men som papirlaus er det uråd å oppsøkje tannlege. Kollegaene hans finn difor ei tang og trekkjer tanna som så diverre hamnar i suppa som blir servert den eine flyvertinna. Meir skal eg ikkje røpe anna enn at her også er islett av magisk realisme ettersom hòlet etter tanna er så stort at ein ser heilt ned til Kina og familien til Lillegutt.

Parallelt får vi også Æsops fabel om mauren og grashoppa som med luthersk moralisme fortel at du må arbeide for føda. Men så syner det seg at bak ligg ei langt meir alvorleg historie om menneskehandel og prostitusjon, og der vi også får ein indikasjon på kva som kan ha skjedd med systera til Lillegutt.

Regissør Maria Drangeid (f. 1989) var ferdigutdanna på regilina på Teaterhøgskolen i fjor, men har alt ein omfattande cv ettersom ho debuterte som skodespelar i Barne- og ungdomsteateret til Rogaland teater før ho var ti år, og sia har gått gradane. Men som profesjonell er dette berre hennar tredje produksjon. Den førre var «Sanger for bortkomne dager – og grønn tusj» på Trøndelag teater i mars i år, ei særs leiken framsyning som også handla om einsame menneske. Men meir enn å fortelje ei historie, skapte Drangeid eit fantasifullt univers som på sitt eige vis ga oss historia. Slik også med «Den gylne drage» der vi får innblikk i eit lite mikrokosmos og ei etter kvart brutal forteljing om globalisering, utbytting og dehumanisering, men fortald på eit kontrasterande, humoristisk og innsmigrande vis.

Dei fem på scena er særs fortrulege med innhaldet og leverer overtydande ensemblespel. Trass i alle dei ulike historiene, er det aldri vanskeleg å forstå kven som er kven. Fredrik Storsveen har skrive musikk som er minst like episodisk som oppsetjinga, og som på illustrerande vis er med på å skildre situasjonane og dei mange brota.

«Den gylne drage» er ein gjennomarbeidd svart komedie og oppsetjinga stadfestar til fulle at Maria Drangeid er ein regissør vi bør følgje nøye i åra som kjem.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 20. september 2022.)

Å kome heim

tirsdag, september 13th, 2022

TEATER

SMÅ GREP: Ei varsam avteikning av ein nase som kanskje liknar på hennar eigen. FOTO: MAJA KRISTENSEN FASTING

«Hjemkomst»
Synagogen i Trondheim
Av: Kari Melhuus Jenssen
Rettleiing og regiassistanse: Tore Vagn Lid
Musikk og lyddesign: Aksel Adrian Langum Øien
Teknikar: Bjørnar Hestem Braastad
Med: Kari Melhuus Jenssen

Ei tett, lågmælt og intens lita framsyning som kjem til å sitje i meg lenge. Særs lenge.

Litt flåsete plar eg ofte seie at i eit samfunn der alle ropar, er det den som kviskrar som blir høyrt. At dette faktisk syner seg å vere rett, fekk eg verkeleg stadfesta i synagogen i Trondheim i kveld der Kari Melhuus Jenssen i tre dagar framover viser framsyninga «Hjemkomst». Basert på intervju med tidsvitne og andre, har ho som masteroppgåve ved NTNU laga ei lita og lågmælt, men overraskande sterk framsyning om korleis det var å kome heimatt for dei jødane som overlevde krigen. Framsyninga hadde premiere i vinter, men er nå sett opp att i samband med Jødisk kulturfestival i Trondheim, og ho blir spela 13. til 15. september. Dei som har høve til det, bør absolutt freiste å få med seg denne utsøkte og gripande vesle oppsetjinga.

Berre rundt halvparten av jødane i Trondheim overlevde krigen. Dei 65 som anten blei drepne her heime eller i gasskammer eller konsentrasjonsleirar, har nå alle fått sine snublesteinar, og dagleg blir vi som bur i denne byen minte på vår nære fortid. Historia om holocaust og krigen er godt kjend for dei fleste. Men mindre kjend er kva som skjedde i det som ofte kallast tagnaden etterpå. Vel var nazistane i landet eit mindretal, men korleis var det med antisemittismen? Vi vil så gjerne tru at han blei utrydda med Tysklands kapitulasjon, men så enkelt er det ikkje. Han blei rett nok ikkje så open og plump, men haldningane levde, og lever diverre godt også i dag. Å kome heim frå eksil eller fangenskap sommaren 1945 var difor ikkje så enkelt som ein kunne tru. For jødane som overlevde, var det i tillegg til å møte den meir subtile antisemittismen, saknet av alle dei kjære som var drepne, problema med deira eigne traume, også det å kome heim til noko som ikkje lenger var ein heim. Hus og eigedom var stolne, og det tok årevis før ei viss form for erstatning kom på plass. Dette er ein skamplett på norsk etterkrigshistorie, og det er først dei siste åra at vi har fått ei litt meir balansert historieforteljing.

Kari Melhuus Jenssen har i samband med masteroppgåva si ved drama og teater på NTNU freista å dykke ned i dette stoffet. Ho har intervjua tidsvitne og slektningane deira, og basert på dette, ja faktisk bygd opp om og på berre reine sitat frå desse intervjua, har ho laga framsyninga «Hjemkomst». I eit lite og intimt rom, med plass til eit tjuetals publikum, og med eit minimum av rekvisittar presenterer ho oss for ei jødisk Trondheimsjente som kjem heim frå tre års eksil i Sverige i juli 1945. Jenta, som ikkje har noko namn, og slik kan representere alle, og kven som helst, var gymnasiast då krigen kom, og var så heldig å vere på potetsanking i Steinkjer hausten 1942 då arrestasjonane og deportasjonane tok til. Der fekk ho hjelp av ein grenselos og kom seg over til Sverige.

Nå er ho heime att og går gjennom byen ho kjenner så godt, andar inn alt av gater, bruer, kyrkjer, den blå synagogen og heilt til heimen i Arilds gate i Ila. Der er far og mor som tek seg ein dans til musikk frå radioen, småbrørne som les Knoll og Tott, og kvardagens trivialitetar. Den kvardagen ho kjenner så godt og verdset så høgt. Og familien hennar er så vanleg, eller integrert eller kall det kva du vil, at faren til og med kjøper juletre, men det syner seg raskt ikkje å vere nok. Dei er annleis. Punktum. For dei er jødar. Og vår unge kvinne slit med å få seg arbeid både på grunn av etnisitet og namn, men endar til slutt opp som ekspeditrise i moteforretninga til Marie Komissar, «Paris Wien» i Nordre gate der ho sel designarhattar til dei kondisjonerte.

Men alt dette er berre tilsynelatande, for sanninga er at medan hovudpersonen kjem seg til Sverige i 1942, blir alle dei andre i familien arresterte og drepne. Og det ho kjem heim til, er ikkje som det var, men eit inkje, eit fullstendig tomrom. I framsyninga kjem dette fram gjennom eit dramatisk brot eller vendepunkt som er noko av det sterkaste eg har opplevd på teater i år.

Kari Melhuus Jenssen har gjennom studietida vore aktiv i Studentersamfundets Interne Teater (SIT), og sist såg eg henne i ei framifrå rolletolking i Jo Strømgrens «Sidespringerne» i Studentersamfundet i mars i år. Ho er ein god skodespelar, men i «Hjemkomst» overgår ho seg sjølv, kanskje fordi det er hennar eige stoff og det er så sterkt. Heilt oppi publikum, og med lite å stø seg på anna enn ein autentisk og særs god tekst, gir ho oss ei gripande og innlevingsrik forteljing fortald med ei fingerspisskjensle som er imponerande. Med unnatak av det store brotet i framsyninga då vi forstår kva dette i røynda handlar om, er alt fortald så lågmælt og varsamt at det blir ekstra sterkt. Dette er verkeleg eit prov på at Mies van der Rohes devise, «less is more», er korrekt. Små, forsiktige grep som ei avteikning av omrisset av ei av dei avlidne med ein parallell på hennar eigen nase, fortel meir enn tusen ord. Det er så raffinert, og det ligg så mykje smerte i forteljing og formidling der Kari Melhuus Jenssen held oss i eit jarngrep den vesle halvtimen som framsyninga tar. Eg trur ikkje at eg hadde greidd meir, og eg må vedgå at eg kjempa med tårene medan eg skreiv denne meldinga. Dette er noko av det sterkaste eg har sett på lenge. Så enkelt, men samstundes så inderleg.

Det mytiske havet

mandag, september 12th, 2022

TEATER

HAVETS LØYNDOM: Langt der nede bur havfruene Melusine (Ingrid Bergstrøm) og Undine (Sunniva Du Mond Nordal) saman med sjømonsteret Hafgufa (Tor Ivar Hagen). FOTO: OLE EKKER

«Havfruen»
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Tyra Tønnessen og Gjermund Larsen
Regi: Tyra Tønnessen
Komponist og arrangør: Gjermund Larsen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Koreograf: Kristin Hjort Inao
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Orkester: Åsmund Flaten, Gjermund Larsen/Torfinn Hofstad, Skjalg M. Raaen/Torbjørn Netland, Tore Sandbakken/Stian Lundberg og Morten Berger Stai
Med: Sunniva Du Mond Nordal, Ingrid Bergstrøm, Snorre Ryen Tøndel, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Tor Ivar Hagen, Karl Bekele Steinland, Martha Standal, Ståle Kvarme Tørring, Daniel Nauricio og Ronald Belaza

Ei uvanleg poetisk og sanseleg oppleving, trass i ei haltande historie.

Havet har til alle tider vore gjenstand for menneskas fabulering og fantasi, og ingen av elementa er rikare på metaforar. Det er den delen av kloden vi veit minst om, og samstundes som det er eitt av dei største spiskammera våre, pumpar vi det fullt av avfall og gift. Det er i dette spennet at dramatikar og regissør Tyra Tønnessen har dikta sitt eige fabulerande eventyr, «Havfruen», ein familiemusikal som hadde premiere på Trøndelag teater laurdag. Saman med komponisten og felespelaren Gjermund Larsen har ho laga ei forteljing som meir enn noko handlar om havet, døden og kjærleiken, eksistensielt så det held, og iblanda ikkje så reint lite miljøvern og berekraftsproblematikk.

I havet lever det mange skapningar, og truleg veit vi enno ikkje av meir enn brøkdelen av dei. Blant kråkebollar, sjøstjerner, fisk og maneter, er det kanskje også ei og anna havfrue? Det er det i alle fall i denne historia. Undine (Sunniva Du Mond Nordal) er ei ung og nysgjerrig havfrue, medan Melusine (Ingrid Bergstrøm) er eldre og meir røynd. Og som eit orakel der nede, er sjømonsteret Hafgufa (Tor Ivar Hagen). Alle har namn frå mytologien. Oppe på bølgetoppane finn vi Kjell Rune (Snorre Ryen Tøndel), ein unggut på surfebrett og son av kystkongen som eig alt som finst av trålarar og havbruk. Kjell Rune, som heller ikkje har eit tilfeldig namn, blir tatt av bølgene og er i ferd med å drukne. Men så får Undine auge på han, forelskar seg ved første blikk, og får han opp på land. Der blir han funne livlaus av marinbiologen Silje (Madeleine B. Nilsen) som får liv i han. Då forelskar Kjell Rune seg i Silje.

Kjærleik gjer blind, og trass i protestar frå dei andre, kappar Undine av seg halen, tar seg til land og freistar å bli menneske og finne att Kjell Rune. Så får vi ein trekant full av artige kulturkollisjonar med rikmannssonen, som lever av å øydeleggje havet, Silje som freistar å redde det, og Undine som er av ei anna verd og som har vondt for å forstå alle metaforane. Det går omlag som det må gå, kontrastane blir for store, og Undine fell for sin eigen hybris. Men så syner det seg at ho på mirakuløst vis bergar seg likevel, og ved hjelp av Luftånden (Karl Bekele Steinland) får ho eit nytt liv i det tredje av dei fire elementa.

Historia er ganske konstruert, og ikkje spesielt god. På eine sida er det ein fantasirik og opplevingsrik poetisk fabel, og på den andre rein politisk realisme. Kontrasten mellom fantasi og røyndom er dårleg løyst, særleg når Silje i klårtekst held ein insisterande og politisk tale om miljøet, som om publikum ikkje greier å lese undertekst.

HAVETS LØYNDOM: I havet bur det mangt vi enno knapt veit om. Men i «Havfruen» gir scenografi, kostyme, koreografi og lyssetjing oss eit vakkert innblikk i ein del av det løynde. FOTO: OLE EKKER

Men la manglane ved historia ligge. For sjeldan har eg sett ei vakrare og meir heilskapleg framført oppsetjing, eit audiovisuelt kunstverk, og ei opplevingsrik nyting. I tillegg til at Tyra Tønnessen har eit langt betre grep om regien enn forteljinga, har ho med seg eit kunstnarleg lag som gjer dette til ei stor sanseleg oppleving. Scenografien til Leiko Fuseya er rein, tydeleg, funksjonell og ikkje minst vakker. Scena er ei trapp som kan illudere der nede og her oppe. Mellom scene og orkester er det ein delvis gjennomsiktig spegel som skapar djupne samstundes som det dyktige orkesteret under kyndig leiing av Åsmund Flaten framstår som eit silhuettbilde. Og Fuseyas fantasifulle og flotte kostyme skapar ei draumeverd og ei oppleving i seg sjølv. Gjermund Larsen har skrive og arrangert musikk, mykje i ein folkemeloditradisjon, og songprestasjonane til aktørane er framifrå. Lysdesignen til Ingrid Skanke Høsøien er både diskré og spektakulær, og understrekar og utdjupar scenografien. Og så har Kristin Hjort Inao laga ein poetisk koreografi som gjer den synkrone og vakre dansen til det særs samspela ensemblet til ein integrert del av poesien, og ei sanseleg oppleving i seg sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. september 2022.)

Ei hårete historie

lørdag, september 10th, 2022

TEATER

HÅRETE: I Stavanger kvilar som vanleg alt på berre ei næring. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Hårfagre – en skrønike»
Rogaland Teater, Stavanger konserthus
Av: Matilde Holdhus og Mathias Luppichini
Basert på ein tekst av Matilde Holdhus, Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve Løseth
Regi: Jostein Kirkeby-Garstad
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Komponist: Mathias Luppichini
Kapellmeister: Tove Kragset
Lysdesign: Trygve Andersen
Koreografi: Jane Victoria Harley
Orkester: Tove Kragset, Kurt Lisø, Tor Yttredal, Benedicte Aastveit Årsland, Mikaell Olsson, Frank Roger Haukås Eikeland og Alexander Flotve
Med: Glenn André Kaada, Mareike Wang, Kim Fairchild, Even Stormoen, Nina Ellen Ødegård, Mari Strand Ferstad, Svein Solenes, Helga Guren, Ragnhild Arnestad Mønness, Matias Kuoppala, Jonas Fuglevik Urstad, Ragnhild Jørgensen Tysse, Bhkie Male, Penda Faal mfl.

Humoristisk leik med metaforar og populærkulturelle referansar og ein fullstendig surrealistisk versjon av historia.

Rogaland Teater feirar 75 årsjubileum, og gjer det med eit skråblikk på at det kan vere 1150 år sia Harald Hårfagre samla landet til eitt rike. Matilde Holdhus og komponisten Mathias Luppichini har skrive sin eigen versjon av historia om nasjonssamlinga, «Hårfagre – en skrønike». Dette er teaterets største satsing til nå, og i lånte lokale i Stavanger konserthus, byens storstove, rullar dei ut ein musikal som truleg vil få rogalendingane til å gå mann av huse.

Trass i det lokale tilsnittet, kviler faktisk produksjonen på ei trønderskrøne. For ti år sia var Matilde Holdhus dramaturg på Trøndelag Teater der ho arbeidde saman med det ekstremt kreative trekløveret Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal. I 2013 skreiv dei «Nøtteknekkeren» som korkje er Tsjajkovskij eller Hoffmann, men hemningslaus surrealisme, og etter kvart blei det meir i same gate før dei i 2021 skreiv skrøniken om Hårfagre. Medan dei tre andre har vidareutvikla denne nye teatersjangeren med produksjonar som mellom anna spelparodien «Slaget på Testiklestad», tok Holdhus med seg skrøniken til Stavanger. Der raffinerte ho teksten, og med komposisjonar av Mathias Luppichini og med songtekstar av dei båe, er det blitt ein forrykande, velspela, urkomisk og surrealistisk musikal.

Det er mange sprikande historier om Harald Hårfagre. Den mest vanlege er at han var son av Halvdan Svarte og Ragnhild, at han la under seg mange småkongerike, og at han ikkje ville klippe hår eller skjegg før heile landet var samla til eitt rike. Det siste skjedde i slaget ved Hafrsfjord ein gong på slutten av 800-talet.

DÅ SOM NÅ: Kva skal det bli av Stavanger når alle let hår og skjegg gro? Ikkje eingong Gyda (Mareike Wang), kjærasten til kongen (Glenn André Kaada), får gjere jobben sin. FOTO: GRETHE NYGAARD

I teaterversjonen er dette også grunnlaget. Harald (Glenn André Kaada) har lagt under seg alt utanom sørvestlandet. Stavanger er (som nå) basert på ei einaste stor næring. Der lever folk av å klippe håret på kvarandre slik også Haralds kjærast, Gyda, (Mareike Wang) gjer. Men kongens popularitet gjer at fleire let hår og skjegg gro, og dermed turkar hovudnæringa inn. Eit opprør er i emning, og den lokale rivalen, kong Sulke (Even Stormoen) og hans intrigante assistent, Therese (Nina Ellen Ødegård) nyttar protestane til å fremje si eiga sak. Therese er hår-analytikar, dåtidas svar på DNA og algoritmar, for ved å kjenne på håret til folk, veit ho alt om dei. Og medan Harald vil drepe og valdta, har han spinn-doktorar som legg smartare strategiar. Når kongen også har identitetsproblem, forstår vi at her er det flust med parallellar til vår tid. Meir skal eg ikkje røpe bortsett frå at vi nå ser kor Ibsen fekk ideen til andre akt av Peer Gynt!

I Dagny Drage Kleivas scenografi er det ei herleg blanding av element frå både nå og då. Kostyma er flotte, og relativt tidsriktige, medan skoa er frå i dag. Det understrekar både det historiske kaoset som blir framført, og ikkje minst alle metalaga denne framsyninga har. På imponerande synkront vis får vi ei mengd sceneskift og ulike settingar, og også i scenografien ligg det mykje humor. Det dyktige orkesteret har Kleiva plassert godt synleg på bakscena.

Jostein Kirkeby-Garstad har eit stort ensemble, mange statistar frå barne- og ungdomsteateret og ei rekkje scene- og kostymeskift å handtere. Trass i både dette og det omfangsrike materialet, har regien hans greidd å skape ei i hovudsak einskapleg framsyning. Men ho kunne ha vore stramma inn litt, for noko er litt omstendeleg, og alt er ikkje like artig.

FORRYKANDE: Kim Fairchild som kongsmora Ragnhild. FOTO: GRETHE NYGAARD

Det er eit formidabelt ensemblespel med ei mengd gode einskildprestasjonar. Kim Fairchild er forrykande som dronning Ragnhild og Mari Strand Ferstad er urkomisk som sørlending i scener som sikkert er endå artigare for dei som kjenner dei lokale kodane. Nina Ellen Ødegård er infam som hår-analytikar og Glenn André Kaada gir ein Harald med eit spennande og etter kvart forståeleg tvisyn. Mareike Wang er overtydande i rolla som Gyda, og stemmeprakta hennar gir i tillegg dei fine melodiane til Mathias Luppichini eit ekstra løft.

Det er imponerande å sjå kor mykje fornuftig ein kan seie om det meste ved å lage ein heilt surrealistisk versjon av historia og å boltre seg i metaforar og populærkulturelle referansar.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 10. september 2022. Ein feil i meldingas forteljing om når denne skrøniken blei til, er retta opp i denne bloggteksten.)

Eit verdig punktum

søndag, september 4th, 2022

TEATER

FEIRING: Med krigsslutt og bryllaup blei det dobbel feiring på Moan. FOTO: KNUT RØNNING

«Operasjon Oleander – Vargtimen»
Foreningen Operasjon Oleander, Ner-Killingberg, Leksvik
Av Marte Heie Hallem
Regi: Espen Løvås
Musikk: Knut Ola Vang
Kostyme: Bjørg Grønflaten og Helen Monsen
Lysdesign: Trond Walleraunet
Orkester: Knut Ola Vang, Geir Egil Ulvin, Inga Rennemo, Bendik Lund Haanshuus og Gaute Skrove
Med: Evy Kasseth Røsten, Ragnhild Vannebo, Andrea Hallem Langåssve, Pål André Hasselvold og mange fleire.

Med «Vargtimen» er det sett eit verdig og flott punktum for eit imponerande teaterprosjekt om vår ganske nære fortid.

Det vesle, og ganske urøynde produksjonsselskapet, «Foreningen Operasjon Oleander» sette seg for nokre år sia eit nesten umenneskeleg mål. Saman med Scene Midt og dramatikaren Marte Heie Hallem skulle dei lage eit utandørsteater om krigen og motstandskampen slik han arta seg for lokalbefolkninga på Fosen, og spesielt i Leksvika rett over fjorden frå Trondheim. Ikkje nok med det, men det skulle bli ein trilogi. Motstandskampen på Fosen var betydeleg, og i pinsa 1944 sette tyskarane, saman med Rinnanbanden i verk «Operasjon Oleander» som var den største opprullingsaksjonen i Norge under krigen. Tre skip, 170 tyske soldatar og politi og åtte frå Rinnanbanden slo til om natta, og over hundre personar blei arresterte, fleire blei grovt torturert og nokre måtte bøte med livet. Bakgrunnen for aksjonen var at fosningane i lang tid hadde vore aktive med både rapportering til London, losing av jødar til Sverige, og hjelp til jugoslaviske partisanar som greidde å flykte frå fangeleiren på Austrått.

I desse historiene var det meir enn nok å ta tak i, og Marte Heie Hallem har gjort eit formidabelt og imponerande research-arbeid der ho også har intervjua mange av tidsvitna. Trilogi blei det, og i 2018 var det premiere på «Flukten» som omhandla losinga av jødiske flyktningar over til Sverige. Året etter sette dei opp «Muldvarpen» som dreidde seg om dei norske kollaboratørane. Alle kjenner Rinnanbanden, men ein mindre kjend, men rivaliserande angivar var Karl Ludvig Adding. Han heitte opphaveleg Karl Ludvig Isaiewitch, men skifta namn for å skjule sitt halvt jødiske opphav. Frå ungdomen hadde han fått gode kontaktar både blant kommunistane og hjå lokalbefolkninga på Fosen, og han gjorde stor skade før han døydde i 1943, truleg i ein likvidasjon.

I 2020 skulle siste del av trilogien bli sett opp, men pandemi førte til to års utsetjing. Men med premieren på «Vargtimen» laurdag, er nå det meir enn halsbrekkande teaterprosjektet brakt til ende, og det kan eg slå fast med ein gong at det vil bli ståande som eit verdig og solid monument over dei som med fare for eige liv redda mange andre liv og kjempa for nasjonal fridom i desse skilsetjande åra. I «Vargtimen» er vi komne til 1944, opptakta til og gjennomføringa av Operasjon Oleander, og vi følgjer fosningane heilt fram til fredsdagane våren 1945.

MYNDIG: Martha Moan (Ragnhild Vannebo)

Som i dei tidlegare oppsetjingane er scena gardstunet på Ner-Killingberg i Leksvika, ikkje langt frå garden Moan der mykje av handlinga fann stad. Tunet er eit fint lukka rom og egnar seg godt til føremålet, og ettersom det blir spela etter at sola har gått ned, gjer den flotte lysdesignen til Trond Walleraunet at det blir skapt fine og ulike rom og situasjonar. Vi møter att fleire av dei sentrale aktørane frå dei to tidlegare oppsetjingane. I tillegg til familiane Moan og Kruksve frå Leksvika, følgjer vi også Trygve og Margrete Venæs frå Stoksund. Men denne gongen har Marte Heie Hallem i større grad trekt fram kvinnene og deira kamp og liding, ei historie som ofte blir gløymt i dei meir heroiske kampskildringane frå krigen. Det er eit godt grep, og det gir andre innfallsvinklar til å forstå det som skjedde. Tre generasjonar kvinner får representere denne sida av krigshistoria. Det er gardkjerringa på Moan, Martha Moan (Ragnhild Vannebo), 69 år og mor til mange. Alle døtrene er flytta ut, men dei tre sønene er ugifte og bur framleis heime, litt til irritasjon for foreldra. Men sønene er så aktive i motstandskampen at dei ikkje har rom for eige liv. Det vil seie, yngstesonen Jon, (Pål André Hasselvold) har lagt sin elsk på tausa på garden, den nitten år gamle Borghild Kruksve (Andrea Hallem Langåssve). Borghild får slik representere den yngre generasjonen. Og så er det Margrete Venæs frå Stoksund (Evy Kasseth Røsten), midt i livet og gift med Trygve som har radiosendar. Både Borghild og dei to små sønene veit om og er involverte i dette arbeidet med alle dei farar det fører med seg.

FANGENSKAP: Margrete Venæs (Evy Kasseth Røsten) nyttar brodering som terapi medan ho er fange på Falstad

Gjennom ei rekkje ulike scener og tablå følgjer vi desse tre kvinnene og folka rundt dei det siste krigsåret. Angivaren Adding er død, men gjennom opningsscenene der vi får presentert leik og kvardagsliv, slik det også var under krigen, forstår vi at det likevel er stor uvisse, og at noko openbert er på gang. Det dramatiske tar til då storebror på Moan, Johan, (Petter Harald Kimo) blir overraska og arrestert av ein tysk patrulje då han som flyktninglos freista å hjelpe ein Trondheimsgut over til Sverige i februar 1944. Han hamnar i Rinnans bandekloster i Jonsvannsveien i Trondheim der han blir grovt torturert, men som den einaste i historia greier han å rømme, og kjem seg heimatt til Leksvika og Moan. Då Operasjon Oleander blei sett i verk pinsehelga i 1944, rakk Jon Moan og Borghild Kruksve å kome seg unna. Trygve Venæs blei arrestert, men greidde å flykte og låg i dekning i tretten månadar, heile resten av krigen. Attende var kvinnene. På Moan rådde den sterke og myndige Martha, og ho fekk vere i fred, men Margrete Venæs blei tatt til erstatning for mannen, og blei send til Falstad ved Levanger før ho til slutt kom til Grini.

Med små hopp i tid og rom følgjer vi dei tre kvinnene, den eine heime, den andre på flukt til Sverige og den tredje i fangenskap. Gjennom dei får vi eit innblikk i kvardagen, kvinne- og morsblikket, uvissa, redsla, men også håpet. Særleg sterkt er Evy Kasseth Røstens lågmælte, men så inderlege og hjarteskjerande tolking av Margretes lengt etter mannen, og spesielt dei to gutane hennar. Redsla for å miste minnet om dei, og strevet for å smugle ut brev. Og ikkje minst rådet ho fekk om å brodere namna deira på nattkjolen hennar, ei nattkjole som faktisk blei vist fram på ei lita, men særs informativ utstilling på låven på Ner-Killingberg. Og då Margrete etter kvart blei overført frå Falstad til Grini, opplevde ho eit langt mildare regime. Eit flott brot frå alt det traudige er det når eit Grini-kor framfører Otto Nielsens sjølvironiske «Det har vi».

FRIERI: Jon Moan (Pål André Hasselvold) frir til Borghild Kruksve (Andrea Hallem Langåssve)

Det er mange sceneskift, men gjennom den fine lyssettinga går dei synkront og saumlaust. Spelet er overtydande og truverdig. Evy Kasseth Røsten gjer maksimalt ut av ei nesten underspela rolle som Margrete Venæs. Pål André Hasselvold har vore med i alle tre oppsetjingane, og er blitt berre betre og betre i rolla som Jon Moan. Og den unge debutanten Andrea Hallem Langåssve gir truverdig liv til kjærasten hans, Borghild. Oppsetjinga har mange statistar, og nokre av dei er særs unge. Det er difor eit imponerande stykke arbeid regissøren Espen Løvås har gjort med personinstruksjon, for her var det ikkje mykje å setje fingeren på.

Operasjon Oleander var den største opprullingsaksjonen under krigen, og i den historia skulle vere masse dramatikk. Men sjølve aksjonen blir skildra om lag midt i framsyninga og er ikkje gitt alt for mykje plass. Det er for så vidt greitt nok ettersom dette skal handle vel så mykje om kvinnene. Men når det som på mange vis er historias omdreiingspunkt og det dramatiske høgdepunktet kjem så tidleg, får framsyninga eit dramaturgisk problem ettersom det som kjem etterpå ikkje på same måte er spissa, korkje av forfattar eller regissør. Med unnatak av dei sterke tablåa frå Falstad og Grini, blir det litt for mange relativt anonyme scener på vegen gjennom det siste krigsåret. Men så tar framsyninga seg opp at med ein samlande og flott finale. Vi er med på bryllaupet til Jon og Borghild rett etter heimkomsten frå Sverige sommaren 1945, og der flagget foldar seg ut og heile ensemblet syng Nordahl Griegs dikt «17. mai 1940» til nydeleg nyskriven musikk av Knut Ola Vang. Det er mektig, og set eit verdig punktum for eit enormt prosjekt som både produksjonsselskap, dramatikar, komponist, regissør og alle medverkande og involverte skal ha all ære av. Framsyninga blir vist nesten kvar dag heile uka fram til laurdag 10. september.