Archive for oktober, 2019

Ein vanleg dag i butikken?

lørdag, oktober 19th, 2019

TEATER

HEFTIG: Scener frå ein daglegvarebutikk. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Feilvare»
Rema 1000, Bakklandet, Trondheim
Av Liavaag/Lindberg
Manus og regi: Ingrid Liavaag
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Lyddesign: Yvonne Stenberg
Teknikar: Leik Raknes Finne
Med: Petra Casale, Oda Aunan, Cecilie Solberg og Silje Lindberg

Ei heilt annleis og krevjande teaterframsyning som verkeleg lukkast med det ho sette seg føre.

Verda er ei scene, og du ser spel og teater same kor du er. Ikkje alt er like regissert og fortetta, men om du nyttar augo, kan du oppleve dramatikk der du minst ventar det. Dette har det vesle teaterkompaniet Liavaag/Lindberg tatt utgangspunkt i, og i noko så prosaisk som ein heilt vanleg daglegvareforretning set dei nå opp eit teaterstykke medan butikken går som om inkje var skjedd, tilsette jobbar i kasser og reolar og kundane kjem og går. Det er blitt ei særs spennande teateroppleving der du som publikum fort kjenner ubehaget som ufriviljug kikkar.

Prosjektet heiter «Feilvare», og alle som handlar, om det er daglegvare eller anna, veit at slikt førekjem i varierande grad. I matbutikkane er det stadig spørsmål om utgått dato, og som kundar er det ofte vi granskar varene meir inngåande enn godt er, som når vi klemmer på frukt og grønt. Men feilvare kan vere så mangt. Kva med oss sjølve, og menneskeleg «feilvare», folk som ikkje passar heilt inn, er utgått på dato, ikkje ser like freshe ut som andre eller som har meir løynde lyte og skavankar? Er vi like tøffe med slik «feilvare» som med det vi skal ha med heim til matbordet? Er det rom for menneskeleg feilvare i eit kresent sorteringssamfunn som vårt? Greier vi å akseptere både eigne og andre sine lyte? Slike spørsmål er det Liavaag/Lindberg utforskar i denne produksjonen, og i stor grad må eg seie dei lukkast.

I butikklokala til Rema 1000 på Bakklandet i Trondheim, ein vanleg fredagskveld i åttetida, er vi tjue litt uvanlege kundar som blir utstyrte med høyretelefonar. Så godt vi kan (og det er ganske dårleg) freistar vi å mingle og gå i eitt med butikkens vanlege kundar og tilsette. Silje Lindberg (eine halvparten av kompaniet) er vår guide. Kledd i Rema-klede ter ho seg som ein vanleg tilsett, fortel om butikkjedas filosofi og verdigrunnlag, ryddar i reolane og flyttar på pallar. Det er mye bakgrunnsstøy, voice over og forskjellig å høyre i starten. Men så, gradvis oppdagar vi at tre av kundane ikkje er heilt som andre. Ei (Oda Aunan) tastar til sonen sin, pratar høgt, og blir etter kvart den pratsame litt kleine personen som absolutt skal fortelje deg om korleis ho har det som alkoholikar og narkoman. Medan dei to andre (Petra Casale og Cecilie Solberg) er eit par som er langt meir lågmælte, men som likevel har vanskar med å skjule at dei i røynda ikkje har det så godt, at dei går i terapi og at forholdet er på brestepunktet. Alt skjer gradvis, forsiktig og byggjer seg opp dramaturgisk til det til slutt går hardt ut over både gele, corn flakes og tørkerullar. Den stakkars butikktilsette freistar å rydde opp og roe dei tre. Sjølve høyrer vi dialog og tankar på høyretelefonane, medan butikkens vanlege kundar forstår lite av det heile, og nokre blir ufriviljug med på spelet nettopp ved å late som dei ikkje ser kva som går føre seg. Eit ekstra gjestespel fekk vi på premieren då ein uinnvigd Securitas-vakt fekk det for seg at ho burde gripe inn.

For oss som publikum blir dette ei heilt spesiell type framsyning fordi vi er tilskodarar, og ikkje minst kikkarar, på same tid som vi, om vi vil eller ikkje, blir del av framsyninga. Det ubehagelege ved å bli tilskodar til slikt ein helst ikkje vil bli del av, samstundes som vi blir kikkarar, for det er jo nettopp det som er meininga, gjer at det stundom er godt å ta ein tur bortom nokre mindre dramatiske reolar. På mange vis minner denne framsyninga meg om ein del av produksjonane til Goksøyr & Martens både ved bruk av høyretelefonar, men også kikkardimensjonen som gjer at teateropplevinga også blir fylt av ubehag, til tider ganske sterkt. Og det er flott at det gjer noko med deg når du ser teater. Det er vel i grunnen meininga.

Det er sjølvsagt vanskeleg å instruere ei slik framsyning. Det er mykje teknikk som skal klaffe, og du veit aldri kva publikum, vanlege kundar eller eventuelt ivrige Securitas-vakter kan finne på. Difor må det vere rom for improvisasjon. Eg var imponert over kor synkront Ingrid Liavaag har fått det til å gå, og kor god personinstruksjonen var. Dei fire på «scena» var forbausande truverdige og tilforlatelege fram til maskene tok til å falle, og sjølv då gjekk metamorfosen på eit vis der handlinga gradvis bygde seg opp dramaturgisk, og der dei avdekka seg sjølve lag for lag. Det vi var vitne til skjer sjølvsagt ikkje kvar dag i ein vanleg daglegvarebutikk, men det kunne ha gjort det, og eg trudde på det eg så.

Eg skal halde meg frå å seie korleis det gjekk, og kva dei tre kundane som ikkje hadde det så godt etter kvart fann på. Eg skal i staden konkludere med at dette var ei ganske annleis teateroppleving, tidvis langt meir krevjande enn å sitje framfor eit titteskap, men at kompaniet med denne måten å lage ei stadsspesifikk framsyning i høg grad har lukkast med det dei sette seg føre. Fram til måndag skal framsyninga visast på Rema Bakklandet før ho etter det skal til Rema-butikkar i Verdal, Inderøy og Steinkjer.

Minne frå krigen

mandag, oktober 14th, 2019

TEATER

DRAUMEN: Krigens draumar blir sjeldan røyndom, same kor nær ein kjem. FOTO: ERIKA HEBBERT

«Narvik»
Nordland Teater, Stormen kulturhus, Bodø
Av Lizzie Nunnery
Omsett av Ragnar Olsen
Musikk: Vidar Norheim og Martin Heslop
Regi: Kim Sørensen
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Christine Guldbrandsen, Sondre Krogtoft Larsen, Kristian Winther og musikarane Johannes Winther Farstad og Kari Nesdal Sandnes

Ei vakker og poetisk framsyning om korleis krigen og omstenda rundt han kan øydeleggje det meste.

Frå oppveksten av hadde den britiske dramatikaren og musikaren Lizzie Nunnery høyrd bestefaren fortelje fragment av historier frå si tid som radiotelegrafist i den britiske flåten under andre verdskrigen. Og stadig kom han attende til Narvik. For lenger sør i Europa er Narvik framleis eit omgrep, og langt meir enn ein by i Norge. Dette var den første staden Hitler gjekk på eit nederlag i andre verdskrigen, og mange allierte soldatar har sterke minne frå kampane i Ofoten.

Med dette som bakgrunn, men elles ganske fritt, skreiv Nunnery musikkteateret «Narvik» i 2015, og for ei dryg veke sia hadde Nordland Teater norgespremiere i Narvik. Det er blitt ei sterk, visuell og vakker historie om kjærleik, overleving og kva krigen gjer med menneska. I Gjermund Andresens symboltunge og spektakulære scenografi, eit rammeverk som minner om spanta til eit skipsskrog, men som også gir rom for mykje meir, rullar Kim Sørensen ut historia til fiskaren og sjømannen Jim frå Liverpool. I livets siste fase fell han, slår hovudet og kallar fram dei løynde minna frå krigsåra. Vi tek til ein førkrigssommar då Jim (Sondre Krogtoft Larsen) er i Oslo og forelskar seg i norske Else (Christine Guldbrandsen), og vi får del i brevvekslinga og dei fiktive samtalane som følgjer. Så kjem krigen, og Jim er på veg til Narvik som radiotelegrafist saman med Kenny (Kristian Winther). Narvik blir berre eit bakteppe, for i det vidare følgjer vi dei to i konvoiar mellom England og Murmansk, torpedering, frykta, draumane og diskusjonane om meininga med det heile. To særs ulike personar utviklar eit underleg og motsetnadsfylt kameratskap slik det må bli i eit så tett lagnadsfellesskap, vakkert portrettert av dei to. Når krigen omsider er over, er Jim med i flotiljen som bringer den norske kronprinsen heim til Oslo, og draumen om å treffe att Else endar i det motsette.

Nunnery har fått ektemannen Vidar Norheim og Martin Heslop til å skrive musikk til stykket. Med solid framføring av dei tre aktørane på scena, og med hjelp av dei to musikarane Johannes Winter Farstad og Kari Nesdal Sandnes, gir songane ein ekstra lyrisk dimensjon til innhaldet. Spelet er framifrå, og sjølv om historia er litt vanskeleg å kome inn i, og avslutninga er vel melodramatisk, er Kim Sørensens «Narvik» blitt ei visuell og poetisk framsyning om krigens innestengde redsler, ei overtydande historie om overleving, kjærleik, kameratskap, draumar og korleis omstenda kan øydeleggje alt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. oktober 2019.)

Eit magisk kunstverk

mandag, oktober 7th, 2019

TEATER

LØYNDOM: Kva kan skjule seg bak lukka og forbodne dører? FOTO: TERJE VISNES

«Den hemmelige hagen»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Frances Hodgson Burnett
Omsett av Hege Mehren
Dramatisering og regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist og lyddesignar: Magnus Børmark
Koreografi: Svetlana Stokke
Lysdesign: Eivind Myren
Videodesign: Stein Jørgen Øien
Med: Maria Omarsdottir Austgulen, Silje Lundblad, Olve Løseth, Marianne Meløy, Jon Lockert Rohde, Trond Peter Stamsø Munch og Natalie Bjerke Roland

Ei lågmælt og uvanleg vakker framsyning.

Ein trur gjerne at barn skal ha fart og action, og at dei ikkje har tolmod til lågmælt og litt saktegåande teater som krev konsentrasjon og undring. Godt då at det finst regissørar som Kjersti Haugen som stoler på både forteljinga og publikum, og som lag for lag lèt oss bli med inn i ei verd full av magi, men også av både død og humor.

Den britiske barnebokforfattaren Frances Hodgson Burnett skreiv «Den hemmelige hagen» i 1911. Boka handlar om den ti år gamle Mary (Maria Omarsdottir Austgulen) som er vakse opp i britisk overklasse i India. Etter å ha mista båe foreldra i kolera blir ho send til sin ukjende og rike onkel Archibald Craven (Trond Peter Stamsø Munch) i England. Der blir ho tatt hand om av den tilsynelatande vonde hushaldaren Mrs. Medlock (Marianne Meløy) og den langt meir folkelege og hyggelege tenestejenta Martha (Silje Lundblad). Det herskar ei forbanning og ein tagnad over herresetet etter at Mrs. Craven døydde for ti år sia, og her er løynde rom og hagar som ingen får kome inn i. Som alle barn er Mary nyfiken, det ulovlege er alltid litt lokkande, så her opnar det seg både rom og hagar etter kvart.

Mary er ein bortskjemt og arrogant snobb når ho kjem til England, men i møtet med Martha, og litlebroren hennar Dickon (Jon Lockert Rohde), blir det litt om litt folk av henne. I lag med Dickon og Colin (Olve Løseth), den endå meir eksentriske fetteren hennar, utforskar Mary det løynde og ulovlege, og det syner seg etter kvart at naturen kan gjere underverk med menneskesinnet.

Saman med scenograf Katrin Bombe, komponist Magnus Børmark, lysdesignar Eivind Myren, koreograf Svetlana Stokke og videodesignar Stein Jørgen Øien har Kjersti Haugen skapt eit kunstverk av ei framsyning, ei audiovisuell openberring. Til fuglekvitter og den nydelege musikken til Børmark leier Haugen oss inn i ei magisk verd der alle teaterets ingrediensar går opp i ei samstemt og høgare eining. Roleg lèt ho oss få del i historia, og like forsiktig blir endringane hjå desse menneska formidla. Eit vakkert og godt grep er å late Natalie Bjerke Roland vere ein dansande og syngande raudstrupe som kanskje også er Mrs. Cravens reinkarnasjon, og som leier menneska på rett veg. Katrin Bombes stilreine og enkle scenografi kombinert med utsøkt og forsiktig videobruk gir fantasien vår akkurat det han treng. Spelet er framifrå og stort sett neddempa med unnatak for nokre særs komiske scener, og Maria Omarsdottir Austgulen syner eit imponerande register i presentasjonen av Marys utvikling som menneske. Kjersti Haugen har både dramatisert romanen og vore regissør, og her har ho skapt eit magisk lite kunstverk.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. oktober 2019.)

Tog til siste stasjon

søndag, oktober 6th, 2019

TEATER

FAMILIEIDYLL?: Tilsynelatande fordrageleg i kupeen. Men ikkje lenge. FOTO: foto.samfundet.no

«Nor»
Nattframsyninga, UKA 2019, Cicusteltet på fengselstomta
Av Minna Andrea Loe og Anders Hauge Aurland
Regi: Eirin G. Wågan
Scenografi: Emma Løyland Vassanyi
Kostyme: Ingvild Svela Øglænd
Komponist: Eirik Jacobsen Lauvås
Med: Elise Hegstad, Tord Stavrum, Julie Paulsen, Emilie Birkelund, Katrine Wisth, Nora Bjørvig Henriksen og Jacob Nordin Andresen

Ein einaktars cliffhangar om oppbrot, sakn og nære menneskelege relasjonar.

Då UKA 95, «Skjer-mer-@», sette opp ei nattframsyning, var vi mange som fekk hakeslepp, og framleis er det ei av dei beste teaterframsyningane eg har sett. Så det måtte sjølvsagt bli tradisjon, og slik er det blitt. Nattframsyninga er leikegrinda til Studentersamfundets Interne Teater der dei med stor fallhøgde kan være eksperimentelle og våge å ta sjansar utan at det er alt for stor risiko om dei floppar. Og floppar har det blitt. Men skal du bli god, må du feile av og til, og teater er ikkje noko ein gjer med tryggingsnett. Etter å ha sett og meld alle nattframsyningane til nå, kan eg seie at det har vore nokre framsyningar så utilgjengelege at eg trur dei medverkande sjølve ikkje har forstått kva dei har halde på med, men samstundes nokre som har vore særs spennande og innovativt teater. Årets produksjon, «Nor» høyrer så absolutt til i siste kategori.

Scenografien er enkel men illustrerande og settinga like så. Vi er i ein togkupé der ekteparet Hallvard og Martine saman med dottera Nor kjem inn og finn seg ein plass. Det gjer også ein litt tagal kvinneleg medpassasjer. Ein konduktør med langt større ambisjonar og ansvarsområde enn dei vi er vande med, kjem og sjekkar billettar og passar på at alle sit der dei skal og har det bra. Før den siste reisande kjem inn, passasjeren frå helvete, ei påtrengjande og taletrengt dame som gjer det heile ganske kleint. Vår vesle familie er i utgangspunktet temmeleg stressa, spesielt mora Martine, og det gjer ikkje situasjonen betre at den siste passasjeren, ei vindrikkande enke, gjer reisa utriveleg med uønskt small talk og alt for nærgåande spørsmål. Og så er vi i gang med ein situasjon dei fleste vil kjenne seg att i. Eit lukka rom med framande folk i fleire timar. Og her er det openbert at dei alle har med seg langt meir bagasje av ulikt slag enn det dei har fått plass til i koffertane.

Eg skal ikkje lage noko resymé for det er for det første ikkje så interessant, og samstundes vil det kunne øydeleggje opplevinga. For allereie på eit tidleg tidspunkt forstår vi at alt ikkje er slik det ser ut, og at eitt eller anna har skjedd. Heile framsyninga, som er ein relativt tett einaktar er ein einaste stor cliffhangar og eit frampeik om noko vi ikkje veit kva er.

Men det er for så vidt ikkje viktig, for historia er i hovudsak berre eit stillas for å kunne utforske mellommenneskelege handlingar og relasjonar. Korleis ter vi oss i tette situasjonar i lukka rom? Kva er sakn, og kva plass har minna i liva våre? Dette er det som med ein relativt god og truverdig tekst blir utforska i denne togturen som er eit temmeleg tett og intenst kammerspel, berre avbrote av ein ufriviljug stopp på grunn av nokre grevlingar som hadde forvilla seg ut på lina, og som på underhaldande vis kom i tale (!) med passasjerane våre.

I denne framsyninga er det ein klår idé, ein har følgd konseptet heilt ut, forfattarane har vore observante og tatt mange situasjonar heilt på kornet. Regien er relativt stram og ein tek seg stundom god tid og lange pausar, slik det ofte blir i kleine situasjonar. Det gjer at scenene får ekstra tyngd, men slikt krev mot og regissørar og skodespelarar som veit kva dei vil. Framføringa er tidvis litt for overspela, men berre tidvis, for i hovudsak er dette neddempa og truverdige rolletolkingar.

Med så dristig satsing og så stor fallhøgde, er det sjølvsagt mye som kunne ha vore fiksa på, forbetra og polert, men det blir bagatellmessig i ei framsyning som denne som greier både å underhalde med god og gjenkjenneleg situasjonskomikk, og samstundes halde publikum nyfikne og interesserte frå start til slutt.

Godt å ha ein venn

søndag, oktober 6th, 2019

TEATER

VENNER: Om han er aldri så ufordrageleg, er Karlsson likevel ein god venn å ha. FOTO: foto.samfundet.no

«Karlsson på taket»
UKA 19, Cirkus, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Astrid Lindgren
Regi: Daniel Amundsen Damvall
Scenografi: Aksel Adrian Langum Øien
Kostyme: Marit Thorseth Grevskott
Koreograf: Helle Iveland
Kapellmeister: Sondre A. Yggeseth
Med: Ane Norum Kvistad, Ine Ingrid Vargset, Sofie Madeleine Solbø, Sivert Selnes, Sofie Sende Iversen, Frida Solberg Hanna B. Gravem

Høgrøysta overspel og ikkje heilt treffsikker orientering mot målgruppa gjer at «Karlsson på taket» ikkje kjem opp mot det beste UKA har vist av barneteater i tidlegare år.

Astrid Lindgren skreiv fire bøker om Karlsson på taket mellom 1955 og 1972. Tidlegare var Karlsson minst like populær som Pippi, Mio, Emil og dei andre kjende Lindgren-figurane, men ein film frå 1974 der han framstod som fullstendig ufordrageleg, har øydelagt mye for populariteten. Trøndelag Teater henta han fram att for tre år sia i ei god og underhaldande framsyning, og nå er det Studentersamfundets Interne Teater som børstar støv av propellen og set han opp som barneteater i Cirkusteltet på fengselstomta bak Studentersamfundet.

Litlebror er i denne framsyninga 10 år, snart 11, bur saman med foreldre og ei storesyster i toppetasjen av ein blokk og ønsker seg desperat ein hund, slik kameraten hans har. Så kjem ein dag Karlsson flygande inn vindauget til litlebror. Karlsson er ein passe tjukk mann i sin beste alder, og ved sia av at han kan fly, er han ein løgnhals og ein skrytepave. Og han øydelegg ting. Altså ein dritsekk, men ein særs sjarmerande dritsekk med sin eigen overtydande logikk. Og litlebror blir glad i Karlsson, men slit med at ingen trur han når han fortel om den nye kameraten sin. Og det er det nok mange små som kan kjenne seg att i

UKAs oppsetjing er relativt fritt etter Lindgren. Nokre moderniseringar dei har tillate seg er heilt ok, medan andre avstikkarar nok meir er mynta på intern humor for studentane enn for ungane. Vi følgjer stort sett narrativet frå bøkene, men når både foreldre og søstera er bortreist, og naboen, fru Buch, skal passe litlebror, blir det pøst på med fjernsynsreferansar som eg har vondt for å tru at ungane heng med i. Og så er det eit overspel som blir alt for valdsamt. Og då er vi ved denne produksjonens største problem. Dei trur openbert at for å få ungar i tale må ein skrike med utestemme og overspele til det absurde. Når ein nyttar mygg, treng ein ikkje rope. På premieren fall myggen ut ei lita stund, og då høyrde vi kor fint dette kunne ha blitt med normalt stemmeleie. Litlebror, Karlsson og mora er rett nok også litt for høgrøysta, men dei har spelet sitt på eit nivå der nyansar og sjarm kan få kome til rette, medan personinstruksjonen eller spelet til dei øvrige er så karikert at det diverre kjem i vegen for framsyninga. Eg får håpe det skuldast premierenervar og at dei vil roe både spel og roping etter kvart.

Eit anna problem som også var ganske forstyrrande for denne framsyninga var at regissør og scenograf ikkje har samarbeidd betre om alle sceneskifta. I første akt var det alt for mange av dei, og kvar gong kom det ein gjeng scenearbeidarar og rigga om heile scena. Det blei heldigvis betre i 2. akt.

Sia «Laugalaga» i 1977 har ein med eitt unnatak under «Glasur» i 2003 spela barneteater i kvar UKE sjølv om dei kalla det noko anna for to år sia. Det har vore likt og ulikt, men nokre gongar ganske spennande og nyskapande. Og aller best faktisk når studentane har skrive og laga det sjølve.

Årets produksjon held ikkje standarden til dei beste, men han har likevel kvalitetar det er verd å nemne. Ane Norum Kvistad er overtydande som litlebror, og særleg i detaljar og mimikk er ho god. Og samspelet med Karlsson (Ine Ingrid Vargset) er godt og leikent. Og så er mora (Sofie Madeleine Solbø) absolutt til å tru på som ei god og oppofrande mor.

Noko av det beste ved denne framsyninga var koreografien til Helle Iveland. Særleg gjeld det dei kattemjuke rørslene til dei tre tjuvane som korkje var spesielt lure eller kloke. Men også andre danseinnslag var fine og synkrone, og her, i motsetnad til mange av verbalinnslaga, fekk aktørane vist at med god personinstruksjon har dei absolutt noko å gjere på ei scene.

Den alvorsame leiken

lørdag, oktober 5th, 2019

TEATER

LEIK: Gjøgling, magi og akrobatikk er viktige ingrediensar for å få traumatiserte ungar til å bli med i leiken. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Lek for livet»
Turnéteatret i Trøndelag i samarbeid med Teater Ibsen og The Flying Seagull Project
Av Aslak Moe og The Flying Seagull Project
Regi: Aslak Moe
Scenografi: Mari Hesjedal
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Film: Megaphone Films Ltd
Med: Ash Perrin, Bendik S. Nordgaard, Bobby Beaumont, Antigoni Papathanasiou og Emma Puddy

Om retten til ein barndom fylt av leik, latter og kjærleik.

Over heile verda er folk på desperat flukt frå krig, naud, og ulike former for undertrykking. I institusjonar og overfylte leirar, og under dei mest forferdelege tilhøve bur for tida hundretusenvis av menneske. Dei aller største taparane er ungane. I deira kvardag er det ikkje mykje rom for leik eller optimisme. I 2007 fann Ash Perrin at han ville gjere noko med det, og med inspirasjon frå Richard Bachs roman «Jonathan Livingston Seagull» («Måken Jonathan»), og med visjonen om at alle eigentleg kan fly, skipa han «The Flying Seagull Project». Saman med skodespelarar, klovnar, tryllekunstnarar, musikarar og akrobatar, og i fargerike kostyme og store hattar, har han greidd å få innpass i flyktningeleirar og barneheimar over heile verda. Oppgåva er å få ungar til å leike, snakke, danse, synge og le. Finansiert i hovudsak av friviljuge donasjonar, har prosjektet på få år blitt verdsomfemnande, og resultata har vore formidable.

Saman med regissør Aslak Moe har Ash Perrin, norske Bendik S. Nordgaard og tre andre frå The Flying Seagulls laga ei teaterframsyning som hadde urpremiere i Verdal denne veka. Det er blitt ei både rørande og tankevekkjande oppsetjing. Aslak Moe har gjennom ei rekkje produksjonar dei siste åra vist seg som ein svært dyktig regissør for dokumentar- og forteljarteater. Eit særmerke er at han har stor lojalitet til og forståing for historiene som blir fortalde, og til dei som fortel. Slik også her. For dette er ei ganske mangesidig framsyning. Ho rullar ut historia om The Flying Seagulls og syner døme på kva dei held på med, samstundes som det er eit metateater som er nådelaust ærleg på kva for utfordringar og problem eit slikt prosjekt medfører. For dei er også mange og ikkje alltid etisk like enkle.

Dei opnar i beste klovne- og gjøglestil med å varme opp publikum, og vi blir villig med på scena. Det kunne fort ha blitt kleint, men energien og spelegleda deira er så smittande at hemningane våre fort forsvinn. Vi dansar, ropar, syng, men ikkje minst opnar vi opp, og det er skapt eit fortruleg lite fellesskap.

Så roar det seg, vi set oss og får historia om korleis prosjektet blei til og fortellingar om metodane gruppa nyttar. Når du skal få ein fullstendig taus sjuåring med eit sekstiårig ytre til å opne seg, trengst det kløkt. Mantraet er gjøgling, leik, magi og akrobatikk, og berre få og enkle ord. I staden for å fortelje kva dei gjer, syner dei oss det. Og før vi veit ordet av det, blir vi nok ein gong dregne ut på scena, mellom anna for å lære symbolikken i ein sirkel. Når gruppa kjem til ein flyktningeleir, kastar dei ut eit reip som dannar ein sirkel, ei form utan start og slutt og der du symbolsk nok er anten inni eller utanfor.

Etter berre to visningar denne veka er aktørane nå attende i felten der dei trengst mest. Så blir det turnering i Trøndelag i februar og ved Teater Ibsen i Skien i mars. «Lek for livet» var ei ganske annleis teateroppleving, og etter dette må eg vedgå at mykje av den øvrige dramatikken eg ser nok kan verke ganske uvesentleg.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 5. oktober 2019.)

Sjølvironisk og velspela

lørdag, oktober 5th, 2019

REVY

HAR ALT: Ein forrykande Britannia-opera hadde alt som skal til for å lage eit godt revynummer. FOTO: foto.samfundet.no

«Vivillé»
UKA-19, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet og komponistkollegiet
Regi: Andreas Gaustad og Brynjar Larssen Bakken
Kapellmeister: Erik Bjørnerem
Songpedagog: Karen Francke
Scenografi: Ingvild Stokke, Ulrikke Schønfeldt og kulissegjengen
Koreografi: Sigrid Johansen og Ingrid Støen
Kostyme: Rebekka Aarskog og kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Ein revy med ein formidabel første akt, men som ikkje held same nivået etter pause.

I meir enn hundre år, berre avbrote av krigen, har Trondheimsstudentane annakvart år laga UKA, ein kulturfestival som manglar sidestykke i norsk historie. Nærare 2000 friviljuge studentar arbeidar natt og dag, (delvis) ved sia av studia for å få til dette dryge tre vekers arrangementet som nokså trygt kan seiast å vere landets største kulturdugnad. I nitti år har studentane arrangert dette i hus dei eig sjølve, det rare, raude, runde huset ved Elgeseter bru, som dei eig nettopp fordi UKA gir det økonomiske fundamentet for drifta av huset. Og motoren i det heile er UKE-revyen som trass i at han også er ein dugnad laga av amatørar, i alle desse åra har levert numre og songar som kan måle seg med det beste i norsk revyhistorie. I tillegg har revyane også vore både nyskapande og trendsetjande, og ikkje minst vore særs gode til å fange opp strømmingar og tendensar i samfunnet. Mest treffsikre er studentane sjølvsagt på det dei kjenner best, som dei relativt nære ting, men revyane har i alle år vore ein god miks av alvor og skjemt, politisk satire og berre tull og tøys. I år er det eit lite jubileum ettersom det er femtiande gongen det blir spela UKE-revy. Sjølv har eg sett 23 og meld 22 av dei, og kan med ein gong seie at årets revy er blant dei betre eg har sett.

UKA er tradisjon, og slik også med revyen. Han skal ha den før nemnde miksen av satirisk brodd og tull og tøys. Men han skal også ha ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Og får dei til ein raud råd, er det heller ikkje å forakte. UKE-namnet er også ein tradisjon ein ikkje tuklar med. Det skal helst ha tre stavingar, omhandle eitt eller anna i tida, og i tillegg ha fleire tolkingar. Årets namn, «Vivillé» føyer seg pent inn i denne malen, og om du ikkje fattar kva det mellom anna kan tyde, er det etter opningsnummeret ikkje tvil. Studentar har si eiga litle verd, og dette er både opplese og vedtatt samt tema for ei av dei mest ikoniske gamle revysongane. I sjølvironiens lys startar det heile med ein jordklode som går til helvete, men det gjer vi eigentleg fan i, for vi vil leve bekymringsfritt, – vi vil le! Nummeret er ei av dei beste opningane eg har sett, framifrå sunge og godt koreografert, og det sette kjapt standarden for resten av revyen. I alle fall første akt.

TULL OG TØYS: Når berre framføringa er god nok, kan det relativt innhaldslause bli god underhaldning. FOTO: foto.samfundet.no

For i første akta kom det eine innslaget betre enn det andre, nære ting og kvardagsfenomen som blei vridd og vrengt på slik som redsla for ikkje å ha jobb før du er ferdig med studiet, restaurantane på Solsiden, og at her er plast (ja, det er ikkje trykkfeil) til alle. To av numra synte at det er ikkje så farleg med innhaldet så lenge framføringa er bra nok. Ein audition til tryggingsvakt på Trondheim kino var framført så godt og på kornet, at han blei nesten hysterisk utan at det eigentleg var nokon historie å fortelje. Og då det kom eit Foodora-bod syklande ned fjerde kvadrant, trudde eg kanskje det ville bli noko om streiken og nye tilsetjingstilhøve i arbeidslivet. Det var det ikkje, men før eg rakk å bli skuffa, hadde skodespelaren sjarmert meg i senk med fantastisk godt spel og berre intelligent vås. I tillegg til at han våga å ta seg lange pausar og late humoren søkke inn. Ei lita perle og på line med moskus-sketsjen frå UKA 17 for dei som hugsar den.

Det er openbert ikkje så lenge sia studentane har vore førskulebarn, for det er ofte ein tendens til å lage parodi på barneunderhaldning. Denne gongen var det ein intelligent tekst om forsøk på pedagogisk barne-TV om omgrep som ironi og satire.

I dag blir alle krenka, og det er vel ikkje så lenge før det blir håplaust å lage god humor i anna enn lukka grupper. Ein sketsj som eg har venta på i mange år, tok opp dette fenomenet ganske underhaldande og treffsikkert. Visa «Nu klinger» frå UKE-revyen «Cassa Rossa» i 1929 er dei siste femten, tjue åra opphøgd til eit nesten religiøst nivå og blir for tida avsunge ståande som om det var ein nasjonalsong. Men teksten er altså frå 1929, og her blir vi mellom anna minna på at «jenter, øl og dram, var kjæmpernes meny». Det er sjølvsagt ikkje gangbart i dag, men så er det altså slik at det politisk og kunstnarleg korrekte ikkje alltid er det same.

Revyen skal ha ei Trondheimsvise, og mange gode er det blitt etter kvart, men derfor sjølvsagt også vanskeleg å finne ein ny vri. Det gjorde forfattarkollegiet i år. Songen er framført av ei jente frå Bergen som diverre må til Trondheim for å studere ønska fag, og som med stor skepsis likevel forlét Stiftsstaden etter fem år med eit kjærleiksforhold til byen. Dette er ei vise som eg trur vil få eit liv etter dette, som var både litt sår, humoristisk, og kjenslefylt, samstundes som ho blei framført inderleg og særs truverdig.

Men det var finalen i første akt som tok prisen. Ei av byens storstuer, Britannia hotell er pussa opp for milliardbeløp, og dette gav bakgrunn for ein formidabel og velframført opera i ikkje mindre enn 30 aktar(!), eit innslag som hadde alt. Her var historia om hotellrestaureringa og eigaren, Odd Reitan, om Åge Aleksandersen og trønder-rockens forbanning, og det var ein herleg operaparodi, ei pompøs og overspela historie om Rosalita og Tagliatelle. Det var overskot, gjøglarglede, og alt eit godt revynummer skal ha, eit innslag som kan måle seg med den ikoniske Erichsen-operaen frå «Ræggeti» i 1979.

Det var ein formidabel første akt, og aldri kan eg hugse at eg har vore like nøgd til pause. Og som oftast tek det seg opp i siste akta. Det gjorde det ikkje denne gongen. Her var mange innslag som hadde gode poeng, men som, i alle fall førebels, var uforløyste. Som til dømes drikkevisa, sal i Midtbyen, ein ode til kaffien og den trønderske iveren etter å sløse bort pengar på store idrettsarrangement. Men akta baud også på god underhaldning. Ein sketsj om skjeggkreas arbeid for å bli betre likt, var nok eit døme på at flotte kostyme, godt spel og overraskande vriar kan gi strålande innslag utan at det eigentleg er så mykje å fortelje. Slik var det også med ein sketsj om toll, eller toill og tull, som har potensial til å bli god om han berre blir stramma litt.

Det einaste forsøket på politisk satire, var eit takknemleg innslag frå bakrommet til Bompengepartiet, deira håplause arbeid for ikkje å framstå som eit ei-saksparti, og der mange poeng var tatt godt på kornet. Det same galdt dei som stod i kø for å kome seg på Mount Everest, og der skodespelarane nok ein gong våga å ta lange pausar og i staden la mimikk gjere jobben. Eit lyrisk lite innslag om fenomenet dickpics var eit takknemleg brot, heilt annleis enn alt det andre, hadde eit overraskande poeng, og i tillegg ein god tekst, og blei slik eit høgdepunkt etter pause.

Men det var finalen som berga andre akta. Ringen er slutta, og vi er attende til opningsnummeret og ukenamnet. Så lenge vi opptrer som det Nordahl Grieg kalla «gumanistar», personar som ser og erkjenner verdas elende, men ikkje gjer noko med det, får det vere nok. Vi sender gode tankar dit det trengst, men helst vil vi berre le.

Det er mykje som skal klaffe for å få til ein heilstøypt revy. I eit produksjonsapparat på nesten 200 studentar, og alle amatørar, kan ein ikkje vente at absolutt alt skal vere perfekt. Men det meste held mål og vel så det. Spelet til dei åtte på scena er overtydande og godt, og songprestasjonane deira er imponerande. Det er mange danseopptrinn som er synkrone og velkoreograferte. Orkesteret gjer ein kjempejobb for å sy det heile samen. Dei sit på dreiescena, og er tidvis synlege. Lydkøyringa i storsalen i Samfundet er ei utfordring, men der eg sat, var det aldri problem med at musikken og lydnivået kom i vegen for song eller tekst. Kostyma var fantasifulle og avgjerande for nokre av numra, spesielt innslaget om skjeggkre. Scenografien var ganske omfattande og tok i bruk både scene, galleri, eine kvadranten og delar av salen, men kanskje var han litt for komplisert. For sjølv om revyen blei framført med fart og masse energi, stussar eg på at sceneskifta ikkje var betre regissert. Dei var langt frå saumlause, og jamvel om orkesteret freista å fylle skifta, var det litt amatørmessig med alle scenearbeidarane som i stummande mørke freista å rigge om mellom nesten kvart einaste nummer.

«Vivillé» er ein UKE-revy som har ein formidabel start og første akt, men som fell litt saman etter pause. Mykje av dette kan nok gå seg til med litt skjerping av poeng og punchlines. Personleg kunne eg nok ha tenkt meg litt meir og skarpare politisk satire, for om revyen mangla noko, så var det vel først og fremst det. «Vivillé» er velspela og underhaldande, ikkje den beste revyen eg har sett, men absolutt av dei betre.