Archive for juli, 2017

Upretensiøst og spinnvilt

mandag, juli 31st, 2017

TEATER

RARINGAR: Bakklandet var openbert fullt av raringar, mutantar og sjarmerande overspel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

RARINGAR: Bakklandet var openbert fullt av raringar, mutantar og sjarmerande overspel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«RIV SKITEN! Jenta som stod i veien for veien»
Rabarbrateateret, Rabarbraparken, Bakklandet
Av: Stian Hovland Pedersen
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Musikk: Asgeir Skrove
Koreografi: Kine Kvarme Tørring
Med: Vilde Søyland, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Marianne Meløy, Bendik Sjømæling Nordgaard m. fl.

Rabarbrateateret har nok gjort betre produksjonar tidlegare, men «Riv skiten» er trass i mange lyte ein overraskande sjarmerande framsyning, og eit oppkome av spinnville og surrealistiske påfunn.

Rabarbrateateret har etter kvart rukke å bli ein liten institusjon i den Trondheimske scenekunsten, nokre få proffe i kjernen og eit lauseleg samansett ensemble som med bakgardsteateret sitt på Bakklandet kvar sommar har vore eit befriande alternativ til den bisarre helgenkulten som går føre seg i Trøndelag i slutten av juli. Særleg har dei gjort suksess med å herje skikkeleg med Shakespeare og våge å ta han heilt ut.

I år presenterer dei ein fullstendig sjølvlaga produksjon der dei har tatt utgangspunkt i den staden dei spelar og kampen som blei ført mot motorvegplanar og rasering av Bakklandet på 70-talet. Teksten er skriven av Stian Hovland Pedersen, og det heile er regissert av Øyvind Brandtzæg, båe alt for unge til sjølve å ha eiga erfaring med det som skjedde. For oss som stod midt oppe i bustadkampen i Trondheim på 70-talet (denne meldaren var aktiv på Møllenberg, men var også med på Bakklandet frå tid til annan) er det berre å akseptere at dette er akkurat som dei skriv i programheftet, heilt fri fantasi, og ikkje noko anna. Når du, som eg, har så sterke minne frå denne tida, og veit kva ho gjekk ut på, tok det litt tid før eg fekk rista av meg røyndomen og akseptert den heilt frie og til tider fullstendig spinnville diktinga. Men når ein godtek at bustadkampen på Bakklandet berre er eit bakteppe, eller ei orsaking for å få spele teater, gjekk det heile litt greiare.

Historia er syltynn, og i tillegg så mangefasettert og full av digresjonar at det er tilnærma umogeleg å følgje narrativet heilt ut, om det i det heile tatt er noko slikt. Same dag som Trondheim kommune vedtek å rive Bakklandet blir Vibeke (Vilde Søyland) født, ei jente med større evner enn dei fleste, og som på eitt eller anna forunderleg og temmeleg uforklårleg vis reddar Bakklandet sju år etterpå. Kommunen og Bakklandet er befolka med eit menasjeri av likt og ulikt av fargerike raringar, mutantar og eg veit ikkje kva. Og i eit oppkome av påfunn, metateater, gags og surrealistiske tablå har Stian Hovland Pedersen boltra seg i kreativitet og absurd crazyhumor. Det er ikkje så farleg kva som blir fortalt på scena så lenge både skodespelarane og publikum har det artig. Så får vi bere over med at det heile, og spesielt humoren, stundom kan vere litt anstrengt.

Historia er som sagt syltynn, og Rabarbrateateret har gjort langt betre produksjonar tidlegare. Og første akta er nok både meir velspela, strammare dramaturgisk og meir forståeleg enn den andre som renn litt ut i inkje mot slutten. Men «Riv skiten» har likevel ein dimensjon som gjer at han er både underhaldande og ikkje minst ganske sjarmerande. Det skuldast fleire forhald. Øyvind Brandtzæg kan dette formatet, og har ei særs heldig hand med regien, og spesielt med personinstruksjonen. Madeleine Brandtzæg Nilsen og Marianne Meløy er proffe og er dei som i hovudsak driv oppsettinga framover med gode og energiske rolletolkingar. Det gjeld også fire til som er utdanna skodespelarar. Men det store fleirtalet på scena er amatørar, og spelet deira er overraskande bra der det blir spela med eit smittande overskot og speleglede. At framsyninga er så upretensiøs at forteljaren (Bendik Sjømæling Nordgaard) stoppar det heile når det tar til å regne, og tar seg tid til å dele ut regnponchoar før han set i gang att spelet, og det på eit vis som om det skulle vere del av oppsettinga, gjer det heile både meir sjarmerande og forsterkar metadimensjonen. Så når eg innerst inne eigentleg ville ha konkludert med at dette ikkje var all verda, så sit eg likevel att med ei nøgd kjensle av å ha kosa meg.

Og så må eg for eigen rekning legge til at for den som kjenner historia og vil høyre, var her undertekst som det kunne høve seg, men kanskje spesielt for dei innvigde. Då aktivistane på Bakklandet diskuterte kva dei skulle finne på, og eitt av forslaga var ein støttekonsert i Duedalen der Knutsen og Ludvigsen, Åge Aleksandersen og Heimevernslaget kunne spele, og mora til Vibeke seier noko om kor flotte avkomma til Heimevernslaget er, er det ei ytring dei fleste nok ikkje fatta djupna av, men som varma denne meldaren.