Archive for september, 2015

Parallelle tekstar

tirsdag, september 29th, 2015

KOMMENTATOR: Henriette Marøs særeigne komiske talent med kommenterande innspel er ikkje nok til å sy framsyninga saman. FOTO:SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

Petra von Kants bitre tårer
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Rainer Werner Fassbinder
Omsett av Kjell Askildsen
Supplerande tekst: Eirik Fauske
Regi og visuell design: Erlend Samnøen
Lysdesign: Sivert Lundstrøm
Med: Silje Lundblad, Mira Dyrnes Askelund, Henriette Marø og Kathrine Thorborg Johansen

Eit godt og leikent forsøk på å kontrastere og utfordre ein eksisterande tekst, men det blir meir leik enn drama.

Rainer Werner Fassbinder skreiv opphavleg «Petra von Kants bitre tårer» for scena, men det er filmatiseringa hans frå 1972 dei fleste hugsar. Historia om den vellukka, men manipulerande og sjølvopptekne Petra von Kant er eit kammerspel i fem aktar der alt skjer i det kombinerte husværet og studioet hennar. Nå har Trøndelag Teater fått Eirik Fauske til å skrive supplerande tekstar som kommenterer og grip inn i handlinga. Fauske er ein ung dramatikar som gjorde braksuksess med framsyninga «Gullalðurir» i 2009 der han tok for seg verdshistoria i rekordfart før han følgde opp med den nesten like gode og oljekritiske «Lindås» i 2012. I Erlend Samnøens regi er denne nytolkinga av Fassbinder blitt eit ganske tett kammerspel med eit utal metagrep, full av humor og sjølvironi, men dramaturgisk ikkje heilt vellukka.

Petra von Kant (Silje Lundblad) er ein klesdesignar som har gjort stor profesjonell suksess, men som ikkje har like stort hell med kjærleikslivet sitt. Ho bur saman med Marlene (Mira Dyrnes Askelund) som er ein kombinert hushjelp og designassistent, men som blir behandla som ein slave. Så dukkar venninna Sidonie  (Henriette Marø) opp. Ho har med seg den unge og vakre Karin (Kathrine Thorborg Johansen) som den langt eldre Petra fell pladask for. Petra let umiddelbart Karin flytte inn i husværet som kjærast og modell. Det er eit ganske asynkront forhold både med tanke på alder, kulturell kapital og ikkje minst haldningar. Den eine maktsjuk og manipulerande, og den andre ivrig på å ta til seg av det som livet byr på, i starten kanskje litt naiv, men etter kvart i røynda like manipulerande. Det blir eit ganske intenst kammerspel om folk som er fanga i maktsjuke, kjærleik, begjær og svik.

Erlend Samnøen har vald eit relativt nake scenerom der studioscena berre er møblert med nokre klesrack. I staden nyttar han verbal scenografi, og det opnar så elegant og lovande med at Henriette Marø tar oss med inn i leigegarden og med brei pensel målar ut rom, husvære og bebuarar slik at alt blir heilt tydeleg og ålmenngjort. For kanskje er det tilfeldig at vi hamnar hos Petra og ikkje hos naboen? Med sitt særeigne komiske talent byr Marø på Fauskes kommentarar til og inngrep i Fassbinders tekst. Det er gjort humoristisk og overtydande med fullt av digresjonar og ei mengd metalag. Men etter kvart, og særleg når også to av dei andre skodespelarane går ut av rollene sine og blir forteljarar, blir det vanskelegare. Samnøens regi blir sprikande, det manglar dramaturgi og oppsetjinga blir tidvis litt uklår og forvirrande. Freistnaden på å få Fauskes tekstar til å kontrastere, utfordre og supplere Fassbinder var eit leikent og godt forsøk, men i staden for å utfylle, blei det like ofte to parallelle univers og forteljingar som i for liten grad møtte kvarandre.

(Ei litt forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen tysdag den 29. september 2015.)

Tid er eit relativt omgrep

mandag, september 28th, 2015

VATN: Reint vatn kan vere ei lise for både kropp og sjel. FOTO: KETIL BORN

TEATER

Vannposten
Nordland Teater, Mo i Rana
Av Ota Shogo
Omsett av Mari Boyd
Regi: Phillip Zarrilli
Scenografi: Serge von Arx
Kostyme: Nina von Arx
Med: Jeungsook Yoo, Jing Hong Okorn-Kuo, Navtej Johar, Florencia Cordeu, Leammuid Biret Rávndná, Bjørn Ole Ødegård, Ivar Furre Aam, Hilde Stensland, Stein Hiller Elvestad og Rune S. Løding.

Fysisk og detaljrikt teater formidla i eit tempo som gir rikeleg høve til ettertanke.

 

«Vannposten» av den japanske dramatikaren Ota Shogo (1939-2006) er ei teateroppsetjing langt frå det vi er vande med. Shogo var ein av Japans viktigaste dramatikarar og utvikla eit scenespråk der alt unødvendig blei fjerna, og der ein samstundes skrudde ned både volum og tempo. «Vannposten» frå 1981 er eit godt døme på det. Stykket kviler på to viktige premiss. I framsyninga blir det ikkje sagt eit einaste ord, og alt går føre seg i eit uvanleg sakte tempo. Shogo tek oss attende til ein postapokalyptisk situasjon rundt ein utandørs vasskran der vi møter mange ulike menneske, særs sårbare og avkledd det meste. I den saktegåande tagnaden blir alt nådelaust synleg.

Teatersjefen ved Nordland Teater, Birgitte Strid, såg denne oppsetjinga i Singapore i 2004, og freista etterpå å selje ho inn til norske teater, men utan hell. Då ho sjølv blei teatersjef, og kunne gjere litt meir som ho ville, fekk ho like godt den amerikanske dramatikaren og instruktøren Phillip Zarrilli, som sjølv hadde regi på framsyninga i Singapore, til å setje henne opp på Nordland Teater. Med seg har han tre skodespelarar frå Korea, Singapore og India som kjenner det særeigne teaterspråket, og saman med eit særs internasjonalt lag, og tre frå Nordland Teaters eige ensemble, var det duka for skandinaviapremiere torsdag. Resultatet blei ei framsyning som overgår det meste av det eg har sett.

Vi er ein plass i ingenmannsland der menneske kjem og går, møtast og stoppar opp ved ein vasspost. Ingen seier noko, men vi forstår likevel kven dei er, kva dei gjer og kvifor dei er der. Serge von Arx har laga ein velfungerande scenografi som også skal eigne seg for turné. Ei gangbru av tre fører til og forbi ein vasspost. Lyden av det rennande vatnet er lenge det einaste vi høyrer før musikk av mellom andre Albinoni og Satie bryt stilla. Bak vassposten er det nærast som eit søppelberg av gjenstandar folk har sett att. Det er det heile.

I denne litt mørke og dystre scenografien, kontrastert av det livgjevande vatnet, får vi presentert ni tablå med heilt saumlause overgangar. Femten roller formidla av ti skodespelarar der det opnar og avsluttar med same scene. Sakte, særs sakte, skritt for skritt kjem Hilde Stensland inn mot vassposten, ei ung jente som held krampaktig fast i dokka si. I denne opningsscena etablerer ho ein slags kontrakt med publikum om tempo og dramaturgi og set gjennom framifrå og uttrykksfullt spel samstundes standarden for heile oppsetjinga med tagnad, men likevel eit særs tydeleg og leseleg språk der ei ørlita rørsle med ei hand eller eit svakt drag over andletet seier meir enn lange monologar. Vi aksepterer settinga, lener oss attende og lar tida gå inn i ein annan modus. For også tida er relativ, og når det heile er over etter snaue to timar, kjennest det som det berre har gått ein times tid.

Manuset til denne oppsetjinga er berre 20 sider med enkle scenetilvisingar, musikkval osb. Og likevel er det blitt ei framsyning så full av innhald og høve til tolkingar. Då stykket blei uroppført i Japan i 1981, var det nok nærliggjande å sjå det i samanheng med situasjonen etter atombombene for 70 år sia då ord blei innhaldslause. I framføringa på Nordland Teater er dette meir ålmenngjort til å dreie seg om det språklause og nesten apatiske som oppstår etter alle katastrofar. Men i tillegg er det mange andre tolkingar. I ei oppsetjing der detaljane blir så viktige, sit vi og leitar etter metaforar, og finn dei stadig, også der dei kanskje ikkje finst. Men det er nettopp det dei gjer. Ved ein utsøkt personinstruksjon med merksemd på dei minste detaljar, har Zarrilli greidd å gjere dette til ei opplevingsreise av dei heilt sjeldne. Og sjølv om folk må få tolke som dei vil, er det for meg to openberre og særs aktuelle forståingar. Dette handlar om migrasjon, om folk på flukt, om folk som dreg med seg heile historia si, men som etter kvart må frigjere seg frå meir og meir, derav søppelberget bak vassposten. Den presserande flyktningsituasjonen i Europa, og lagnadane bak blir særs synleg. Og så er det miljøperspektivet med kontrasten mellom den katastrofen vi berre anar og det livgjevande rennande vatnet, samlingspunktet og håpet,  der dei drikk, vaskar seg og endåtil badar.

«Vannposten» er blitt ei særs sanseleg, vakker, velspela og opplevingsrik framsyning. All ære til Nordland Teater som vågar å satse så dristig, som har så høge kunstnarlege ambisjonar, – og som i tillegg får det til.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. september 2015.) 

 

Alt er tilfeldig

lørdag, september 26th, 2015

LESE FRÅ MANUS: Bildet lyg, for det var atskillig meir staffasje enn som så under framføringa. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

Rosenkrantz og Gyldenstern er døde
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Tom Stoppard
Omsett av André Bjerke
Regi og ilesesetjing: Espen Klouman Høiner
Scenografi og kostyme: Serge von Arx
Med: Kenneth Homstad, Kristian Seltun, Espen Klouman Høiner, Hallbjørn Rønning, Trond-Ove Skrødal, Renate Reinsve, Christian Ruud Kallum, John Yngvar Fearnley m.fl.

Ein leiken parafrase over ein parafrase.


Trøndelag Teater held fram med sitt eige prosjekt, «ilesesetjing», som er ei form for dogmeteater der åtte reglar eller dogme skal følgjast, som at ein nyttar manus, er tru mot teksten, kommenterer han, det meste skal finnast og skapast der og då osb. Tidlegare har dei sett opp «Andevariasjoner», «Geografi og Kiærlighed» og «Kiærlighed uden Strømper» med særs vekslande resultat, og der «Andevariasjoner» nok er den beste.

Med bakgrunn i at «Hamlet» for tida blir spela på hovudscena, har teatret nå sett opp Tom Stoppards «Rosenkrantz og Gyldenstern er døde», ein leiken parafrase over Shakespeare der Stoppard held fram to av bipersonane i «Hamlet», prinsens gamle venner Rosenkrantz og Gyldestern som blir aktørar i eit større spel dei ikkje anar konsekvensane av, og som etter kvart set i scene sin eigen undergang. Det er ein absurd og kvasifilosofisk tekst, glitrande omsett av André Bjerke. Eg har aldri sett det oppsett som vanleg teater, og må difor ta nokre atterhald ettersom det er openbert at dette er ein parafrase over parafrasen, og ikkje Stoppard rett fram.

Espen Klouman Høiner, som sjølv spelar Hamlet, har instruert det heile, og det er blitt ein fornøyeleg seanse, velspela, absurd, artig og leikent, og også litt sjølvironisk. Dei ulike rollene blir spela av dei same som i «Hamlet», og i Serge von Arx’ flotte scenografi og kostyme. Berre Rosenkrantz (Kenneth Homstad) er i sivil. Med brokkar frå handlinga i «Hamlet» som bakteppe, møter vi Rosenkrantz og Gyldenstern i surrealistisk samtale om dei store spørsmåla, samt forholdet til Hamlet. Men alt her møter teateret sitt første problem. I Runar Hodnes særs stramme regi av «Hamlet» er det gjort mange strykingar. Mellom anna er Gyldenstern borte, og Rosenkrantz spelar dermed på eit vis båe rollene. Kva gjer ein då? Ein ropar sjølvsagt på teatersjefen som trår til og les rolla til Gyldenstern, openbert som teatersjef og ikkje som nokon freistnad på å framstå som noko anna. Det gir nye artige metapoeng, som når han fortel at han i samband med vitjinga av teatertruppen har ein «viss innflytelse». Når Seltun ikkje har høve til å vere Gyldenstern, hentar dei berre ut andre frå «Hamlet», gir dei ein tekstperm, og så er Gyldenstern skapt på ny.

Gjennom absurde samtalar og stadige referansar til det som går føre seg bak på scena, får vi innblikk i kor tilfeldig alt er, og korleis folk ikkje berre er bipersonar i det verkelege livet, men også i sitt eige. Det er gjort humoristisk og intelligent, og det er eit særs opplagt ensemble som openbert kosar seg i situasjonen. Espen Klouman Høiner syner med denne produksjonen at han ikkje berre er ein framifrå skodespelar, men også ein dyktig instruktør. Av dei fire ilesetjingane teatret har presentert, er nok denne den mest ambisiøse og omfattande, og på nokre av felta gjekk han vel også litt på akkord med dei åtte reglane for ilesesetjing. Det toler vi særs godt. Men det er synd det berre blei med denne eine framsyninga for dette stuntet hadde fortent eit større publikum. 

Ikkje som du trur

mandag, september 21st, 2015

MOR OG SON: Tilsynelatande dysfunksjonelle, men det er utanpå. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

Konfirmasjonen
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Jo Strømgren
Regi og scenografi: Jo Strømgren
Kostyme: Bregje van Balen
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Karl-Vidar Lende, Marianne Meløy, Wenche Strømdahl, Jon Lockert Rohde, Jan Frostad, Ingrid Bergstrøm og Hans Petter Nilsen

Umiskjenneleg Strømgren, men likevel ikkje på hans vande nivå.

I Jo Strømgrens univers er ikkje noko slik ein trur det er. Sjølv om det ofte er kjende settingar, og skodespelarane nyttar eigne namn, er alt berre tilsynelatande, og produksjonane hans er fulle av overraskande vendingar. Slik er det også i «Konfirmasjonen» som hadde urpremiere på Trøndelag Teater fredag, og med den særeigne og litt absurde humoren, er dette umiskjenneleg Strømgren. Samstundes braut han med sin eigen tradisjon med mye spenstig koreografi, og oppsettinga hadde ein langt svartare undertone enn det vi er vande med.

I denne produksjonen tar Strømgren oss med til ein konfirmasjon, og som mange andre har gjort før han, syner han oss ein ganske dysfunksjonell familie der det som skulle bli ein triveleg fest, endar i fullt havari. Eller kanskje ikkje, likevel? Karl-Vidar (Lende) ein relativt oppegåande, men tilsynelatande litt keitut konfirmant (kven er ikkje det?) som bur saman med mora si, Marianne (Meløy) i eit husvære som ikkje har vore pussa opp på mange år. Ho er også, i alle fall tilsynelatande, ganske sosialt utilpass. Vi er i 1978, med stadige retrospektive flashbacks til sommaren 1963 då Karl-Vidar blei til, og med dei ganske tidsriktige detaljane, og ikkje minst framtidskommentarane (som vi i 2015 sjølvsagt veit svara på), er dette åleine ein god porsjon artig Strømgrenhumor. I selskapet kjem Mariannes storesyster, Wenche (Strømdahl) og hennar yngre flamme, Jon (Lockert Rohde). Dei er vellukka, men også det berre tilsynelatande. Og så er det morfar Jan (Frostad), med dårleg nyre og eit gamalt alkoholproblem. Presentasjonen av folka, situasjonen og relasjonane er like klein som sjølve settinga, og det er lite Strømgrensk over denne ganske langdryge introen.

Men så dukkar den sjette gjesten opp, «Bente» (Ingrid Bergstrøm), som kjem frå barnevernet, – for å observere! Og då tar det til å svinge litt meir. I Strømgrens univers er mye ulogisk og absurd, og vendingane hyppige, men vi godtek og trur likevel på det meste. Akkurat det er litt meir problematisk denne gongen. Eg skal ikkje fortelje korleis dette familiedramaet endar, men som alle vil forstå, går det langt frå slik vi trur, og personane blir etter kvart i stor grad sine eigne negasjonar. Men vegen dit er i lengste laget, og langt frå så artig som i tidlegare produksjonar.

Scenografien er ei effektiv veksling mellom 1978 og 1963 der det er fysisk og særs tydelege sceneskift utført av «Den underlige mannen» (Hans Petter Nilsen) som er ein slags forteljar og usynleg, men likevel alltid nærverande grå eminense som syr det heile saman. Det ligg mye lagnadstungt i historia til Marianne, og denne forteljaren lettar på sløra for oss. Det er eit godt grep, men blir likevel noko uforløyst . Spelet er gjennomgåande godt, og særleg Karl-Vidar Lende er dyktig i den vanskelege rolla som konfirmanten. Strømgrens regi er alltid prega av det absurde overspelet, og som oftast balanserer han det meisterleg, men denne gongen blei det i meste laget.

«Konfirmasjonen» er Strømgrens produksjon nummer 100, eit imponerande lite jubileum. Og sjølv om det er ei god historie han fortel, og ho som vanleg er full av humor og uventa vriar og såleis er god underhaldning, har han nok levert langt betre før. 

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. september 2015.)

Ærleg, sårt og sjølvironisk

søndag, september 20th, 2015

SIGARFØRING: Lågmælt og sjølvironisk, og langt frå noka høg sigarføring. FOTO: ANNE REISCH

HIPHOPTEATER 

The Trond Wiger Fucking Life Show SPKRBX Hiphopteaterfestival, Teaterhuset Avant Garden
Av Trond Wiger, Kristofer Blindheim Grønskag  og Kjersti Haugen
Regi: Kjersti Haugen
Co-produsert av SPKRBOX, Teaterhuset Avant Garden og Nord-Trøndelag Teater
Med: Trond Wiger

Dette er ei framsyning som syner kor konstruktivt det kan vere når to ulike sjangrar møter kvarandre i gjensidig respekt.

Det er SPKRBOX hiphopteaterfestival i Trondheim, og den opna med urpremiere på ein særs lovande lokal teaterproduksjon. Trond Wiger, også kjend som «Tfuzz», den eine halvparten av rap- og hihopgruppa «Gode Ord Dør Sist», har takka ja til invitasjonen frå festivalsjef og primus motor Cici Henriksen, og saman med Kristoffer Blindheim Grønskag og regissør Kjersti Haugen har han laga ei ærleg, inderleg, underhaldande og litt sår framsyning der han utan tryggjingsnett byr på seg sjølv. For denne meldaren er hiphopteater ein ganske ny sjanger sjølv om hiphopen oppstod alt på 70-talet og for lengst er blitt ein etablert og integrert del av ungdomskulturen også her i landet. Men på norske teaterscener har det ikkje vore så mye hiphop sjølv om mange instruktørar har nytta seg av element frå sjangeren. Litt hadde eg lese meg opp før framsyninga torsdag, men visste ikkje anna enn at hiphopteater er eit slags dogmeteater der eitt eller fleire av fire element skal vere med; rap, breakdance, dj-ing og graffiti. Undertittelen til heile teaterfestivalen er kva som skjer når hiphop møter teater. Og det var akkurat det som gjorde dette så spennande. I etterkant ser eg at eg neppe var heilt fordomsfri i mitt møte. Eg trur eg kanskje hadde venta meg ein sint, opprørsk ung mann. I staden fekk eg ei lågmælt historie om draumar og lengt, og om levd liv. Akkurat slik godt teater kan og skal vere.

Trond Wiger er, og det har han også synt gjennom dei mange raptekstane sine, ein uvanleg god historieforteljar. Her baud han på seg sjølv og fortalde usminka frå barndom og ungdom, om ungguten og RBK-tilhengjaren som kunne heile Mini Jakobsens Rosenborg-rap, og framleis kan han! Og lyrisk og med stor innleving greidde han å formidle kva for fantastiske opplevingar det kunne by på å vere bussjåfør. Utan blygsel gav han oss innblikk i dei tre store draumane sine og korleis dei på sine vis alle blei realiserte. Og uendeleg vart om kva som skjedde då den eine draumen brått fall i grus. Det er formidla dønn ærleg med stor fallhøgde, men så inderleg og ekte som berre den som har opplevd det sjølv kan klare. Framsyninga er samstundes varm og full av humor, for Wiger er ikkje så reint lite sjølvironisk, særleg når han syner oss si eiga utvikling både som tekstforfattar og formidlar.

Temaet for festivalen er kva som skjer i møtet mellom hiphop og teater, og Cici Henriksen kunne ikkje ha vald ein betre  produksjon til å belyse dette. For Trond Wiger har arbeidd fram denne framsyninga i eit uvanleg konstruktivt møte med Trøndelag Teaters husregissør Kjersti Haugen. I det som må ha vore stor gjensidig respekt, har dette blitt eit særs godt møte. For Haugen har vore lydhør, og latt framsyninga bli den relativt nakne og personlege forteljinga ho fortente å vere. Fingeravtrykka hennar er nesten usynlege, men nettopp derfor så presise og tydelege. Og dei to har ikkje på noko punkt falle for freistinga å la Wiger spele seg sjølv. Han er seg sjølv, og det er denne framsyningas store styrke.

«The Trond Wiger Fucking Life Show» er ein samproduksjon mellom SPKRBOX, Teaterhuset Avant Garden og Nord-Trøndelag Teater. Nå skal framsyninga på turne i nordfylket, men det er å håpe at Wiger får høve til å vise dette til eit langt større publikum etter kvart. For her er det berre å gløyme alle sjangernamn som kan gjere nedslagsfeltet mindre, – dette er rett og slett særs godt teater.

I regi av Døden

fredag, september 11th, 2015

UNGE DØDE: Amy Winehouse, Janis Joplin og Jim Morrison. FOTO: KJETIL MOSLÅTTEN

TEATERKONSERT

27 The Club
Brageteatret, Trelasthallen, Drammen
Konsept og regi: Moqi Simon Trolin
Norsk gjendikting: Tom Roger Aadland
Scenografi og lysdesign: Edward Lloyd Pierce
Koreografi: Esa Alanne
Kostymedesign: Lea Højmark Burrows og Sir Grand Lear
Musikkarrangement: Anders Ortman
Orkester: Anders Ortman, Joseph Angyal, Katrine Schiøtt, Mikael Gökinen og Nils Törnqvist
Med: Jenny Langlo, Kirsti Sørlie Hansen, Mari Haugen Smistad, Espen Grjotheim, Knut Marius Djupvik, Kash King og Erik Wenberg Jacobsen

I denne teaterkonserten er det Døden som har full regi.

I den moderne populærmusikkens historie er det fleire unge døde, og spesielt mange som har døydd 27 år gamle. Dette har ført til omgrepet «27 The Club», noko den svenske regissøren Moqi Simon Trolin tok fatt i, og i 2013 sette han opp ein teaterkonsert med same namn på Malmø Stadsteater. Onsdag sytte Brageteatret for norgespremiere i ein lagerhall i Drammen, framleis i regi av Trolin, med mye svensk hjelp, men i norsk språkdrakt og med norske songarar.

I dei siste 45 åra er det spesielt seks ikoniske musikarar som har gjort «27 The Club» til eit omgrep, Brian Jones (1969), Jimi Hendrix (1970), Janis Joplin (1970), Jim Morrison (1971), Kurt Cobain (1994) og sist Amy Winehouse (2011). Trolin har tatt utgangspunkt i eit førtital av songane deira, og laga ei forteljing om lagnadstunge liv der lyset er brent i båe endar og der fyll og dop var ein vesentleg ingrediens. For å få til ei historie, har han introdusert rollefiguren Døden (Erik Wenberg Jacobsen) som følgjer dei seks alt frå fødselen til han omsider får gjort det av med dei ein etter ein. Dette grepet, samt Jacobsens store autoritet både som songar og skodespelar, gjer at dette blir meir enn berre ein konsert, sjølv om det narrative haltar litt, og til tider kan bli like kaotisk som liva til dei seks.

Lagerhallen er rigga som ei rockescene der sjølve scena er ein enorm platespelar, og dermed også dreiescene. Det er symboltungt, flott og effektivt, og finalen byr på ei fiks scenografisk overrasking. Aktørane er alle framifrå songarar, medan dei er litt meir ujamne som skodespelarar. Og castinga byr på overraskingar då det både er kvinner som spelar menn, og omvendt. Dette gav faktisk uventa og gode effektar, og særleg tilførte Espen Grjotheim nye aspektar i ei framifrå tolking av Amy Winehouse. Dei musikalske arrangementa baud også på fine overraskingar, særleg i Kirsti Sørlie Hansens (Brian Jones) vakre tolkingar av fleire Stonessongar, og kanskje spesielt «Paint it black». For dette var ingen presentasjon av coverlåtar, men mange gode og sjølvstendige låttolkingar. Det starta kanskje litt famlande, men med Mari Haugen Smistads trønderske tolking av «Mercedes Benz», var nivået sett.

Alle tekstane er gitt norsk språkdrakt, og her har Tom Roger Aadland verkeleg gjort ein kjempejobb som gjendiktar meir enn omsetjar. Språket er blitt naturleg og har god rytme, og det er imponerande med tanke på at dette er eit utal songar som er ikoniske og som vi alle har eit eigedomsforhold til. Særleg blei «Rehab» (Amy Winehouse) ein spesielt sterk tekst.

Brageteatret er eit lite teater som er særs ambisiøst, som satsar stort og tungt, og tidvis går nye vegar. «27 The Club» er ei slik satsing, og sjølv om det narrative ikkje er heilt på plass, og spel og personinstruksjon ikkje alltid er like bra, var dette ei framsyning teatret har all ære av. Mye god musikk i framifrå nytolking, desperasjon og håplaust stutte liv.

(Ein litt forkorta versjon av denne meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. september 2015.)

 

 

Stilisert og tydeleg

mandag, september 7th, 2015

 

 

STILISERT: Like stilisert som scenografien er denne oppsetjinga av "Hamlet". FOTO: BENGT WANSELIUS

TEATER

Hamlet
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av William Shakespeare
Omsett av André Bjerke
Regi: Runar Hodne
Scenografi og kostyme: Serge von Arx
Komponist: Lars Petter Hagen
Med: Espen Klouman Høiner, Trond-Ove Skrødal, Janne Kokkin, Renate Reinsve, Mads Bones, Christian Ruud Kallum, Øyvind Brandtzæg, Kenneth Homstad, Hallbjørn Rønning m. fl.

Ei minimalistisk oppsetjing der all staffasje er skore bort og ordet får rå.

Allereie den særs stiliserte, vakre og reinskorne scenografien til Serge von Arx, tidlause søyler som ålmenngjer dramaet på Kronborg slott, syner at her vil regissør Runar Hodne vise oss ein tydeleg «Hamlet» der ordet står i sentrum og all unødig staffasje er skore bort.

Prins Hamlet (Espen Klouman Høiner) har kome heim for å delta i gravferda til far sin, kongen, berre for å finne seg sjølv i bryllaupet til onkelen Claudius (Trond-Ove Skrødal) og mora (Janne Kokkin). Når den avdøde faren (Hallbjørn Rønning) syner seg i ei openberring og fortel at han blei myrda av Claudius, legg Hamlet planar for å avsløre onkelen og etterkvart drapet. Og så er vi i gang med verdsdramatikkens mest spela drama der fortolkingane framleis er uendeleg mange og ulike.

Den politiske situasjonen er eit Danmark truga av ytre fiendar, medan kongen er mest opptatt av intrigar og intern makt. Og stykket handlar om eksistensiell krise med ødipale undertonar, håplaus kjærleik, tvil og sanningssøking, og ikkje minst trongen til hemn. I tillegg til mye anna. I Runar Hodnes relativt minimalistiske oppsetjing, blir mye av dette i beste fall utydelege bakteppe, medan det eksistensielle, Hamlets galskap og hemnmotivet er det vesentlege. Det gjer alt så mye tydelegare, men faren er at viktige element blir ofra. Rollelista er skore ned til ni (pluss dei tre i teatertruppen), Gyldenstern er borte, men på meisterleg vis kompensert gjennom ein velopplagt Rosenkrantz (Kenneth Homstad) som tar framifrå vare på den burleske humoren som ofte er underliggjande i Shakespeares drama. Vanskelegare å fatte er at gravescena med den ikoniske hovudskallen er skore bort. Men det største problemet i ei slik minimalisering er at ein del av rollene får for lite å spele på, og det gjeld spesielt syskenparet Ophelia (Renate Reinsve) og Laertes (Mads Bones). Ophelia blir på mange vis ei umælande Ibsensk Solveig, medan det er vanskeleg å forstå kva som skjer med Laertes med tanke på hemn og forsoning ettersom endringane skjer så raskt.

Det som likevel står att etter desse innvendingane, er ein særs tydeleg og forståeleg «Hamlet» ei oppsetjing som først og fremst handlar nettopp om han, og der Espen Klouman Høiner får bruke heile registeret sitt, og nesten vel så det. Særleg overtydande er den galskapen han går inn i etter at det gradvis går opp for han at faren er myrda, ein galskap som tilsynelatande er rasjonell og planlagt, men der han stadig gjer oss usikre på om han berre trur han spelar gal, eller om han i røynda er det. Det er meisterleg gjort. Og så har Hodne og Høiner herja litt med den berømte monologen «Å vere eller ikkje vere», og det var både fikst, frigjerande og ga faktisk også rom for ny tolking.

Runar Hodnes «Hamlet» er, trass mine innvendingar mot at kanskje litt vel mye er skore bort, likevel blitt ei særs god oppsetjing der Hamlets eksistensielle krise og galskap står i sentrum, og der dette både blir lett forståeleg og ikkje minst framifrå formidla.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. september 2015.)

 

Familiar på randa

mandag, september 7th, 2015

ROM: Ein scenografi som gir rom for det meste. FOTO: GISLE BJØRNEBY

TEATER

2 x Ibsen
Fruen fra havet møter Lille Eyolf
Hålogaland Teater, Scene vest
Av Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Anders T. Andersen
Omsett til nordnorsk av Ragnar Olsen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Musikk: Fläskkvartetten
Med: Silje Storstein, Ketil Høegh, Trond Peter Stamsø Munch, Marius Lien, Marte Germaine Christensen, Rebekka Nystabakk m.fl.

To familiar med eksistensielle problem, og båe martra av saknet av eit barn.

Det er ei i dobbelt tyding breitt tilrettelagt framsyning Hålogaland Teater opnar haustsesongen med. To av Ibsens nåtidsdrama, «Fruen fra havet» (1888) og «Lille Eyolf» (1894) blir spela ut parallelt i eit scenerom der Dagny Drage Kleivas scenografi verkeleg utnyttar breiddeformatet på teatrets hovudscene. Scena er som eit enormt veggmåleri, eller som ein oppblåst versjon av barndomens dokkehus der du ser inn i heile seksten ulike rom. Her tar regissør Anders T. Andersen oss med inn i to parallelle univers der vi saumlaust blir leidd fram og attende mellom dei to familiane Wangel og Allmers. Alle rollene er med, og teatret er relativt tru mot teksten i dei båe. Lenge er det difor litt vanskeleg å henge med i kva for familiedrama vi er med i, men gradvis møtest historiene, rett nok berre ein gong fysisk og faktisk, men heile tida i tematikk og innhald.

Ekteskapet til Elida (Silje Storstein) og Wangel (Ketil Høegh) har skranta etter at sonen deira døydde som spedbarn, og Elidas tidlegare kjærleikshistorie til ein mystisk sjømann (Trond Peter Stamsø Munch) heimsøkjer dei når mannen plutseleg dukkar opp etter ti år. Alfred (Marius Lien) og Rita Allmers (Marte Germaine Christensen) opplever først at sonen Eyolf, som blei ufør då han ramla ned frå stellebordet medan dei hadde ein hyrdestund, kjem mellom dei. Når han så druknar, blir krisa verkeleg eksistensiell. Og betre blir det ikkje av at Alfreds tette forhold til halvsystera, Asta (Rebekka Nystabakk), endrar karakter når det syner seg at dei to ikkje er sysken. I båe historiene er det martringa frå saknet av ein død son kombinert med utfordringa frå ein skummel ytre flamme som ligg i botn. I tillegg til mange andre Ibsen-tema som utluftinga av den falske borgarlege idyllen, fornuftsekteskap, livsløgner og sanning, ideale fordringar osb. Dette er for så vidt godt kjend for dei fleste, men Andersen har makta å kombinere dei to historiene og halde alle dei ulike treffpunkta opp for oss.

For å greie dette, har han sjølvsagt måtta kutte ein del. Både Ballested og Rottejomfruen er minimalisert til statistar, og slik mistar i alle fall «Lille Eyolf» ein vesentleg dimensjon. Men i det enorme scenerommet lar Andersen likevel det meste få plass. Det er saumlaust og imponerande synkront, det er god personinstruksjon, og relativt godt spel. Og som så ofte før,  har den språklege trollmannen Ragnar Olsen omsett det heile til eit frodig og levande nordnorsk. Der Ibsen berre indikerer, presenterer Andersen oss også for dampande erotikk og saftige kjærleiksscener. Og i Dagny Drage Kleivas storslagne scenografi og Øystein Heitmanns lekre lysdesign, er oppsetjinga først og fremst blitt særs vakker.

Anders T. Andersen har vist oss at det er forbausande mange likskapstrekk i to av Ibsens drama. Det er gjort lekkert og synkront, men så er spørsmålet om regissøren med dette greier å seie noko nytt eller gi oss ei ny forståing, og det har eg vanskeleg for å sjå at han gjer.  

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. september 2015.)