Archive for april, 2012

Når unge får vere unge

torsdag, april 26th, 2012

TEATER

FOTO: GT NERGAARD

Å bli forlatt med stillheten
Av Andrea Strømmen Engum
Framført av Ingvild Meland, Ibrahim Fazlik og Kine Bendixen
I mørket er vi alle like
Av Erlend Glasø Faltinsen
Framført av Wenche Strømdahl og Jan Frostad
Koder
Av Elise Sjøgren
Framført av Erlend Glasø Faltinsen og Eirin Gåre Aase
Fantastisk
Av Ibrahim Fazlik
Framført av Kine Bendixen, Wenche Strømdahl og Ingvild Meland

Regi: Rita Abrahamsen
Dramaturg: Matilde Holdhus
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Trøndelag teater, Teaterkjellaren

Unge dramatikarar er best når dei skriv om og for seg sjølve.

I oktober i fjor inviterte Kjernehuset (produksjonsselskapet til Rita Abrahamsen) og Trøndelag teater ungdom mellom 13 og 19 år med skrivekløe til å sende inn ulike former for scenetekst. Akkurat kor stor responsen var, veit eg ikkje, men det skal ha kome inn likt og ulikt frå komplette manus til stuttare tekstar og reine idéskisser. Åtte av tekstane blei plukka ut til å vere med i prosjektet ”Unge dramatikere”. Under leiing av Rita Abrahamsen har dei åtte ungdomane i vinter vore med på workshops, fått rettleiing og hjelp, og vidareutvikla tekstane sine, mellom anna i møte med både dramaturg og profesjonelle skodespelarar. Fire av dei åtte tekstane vil bli presentert som lesestykke denne og neste helg, medan dei fire andre er blitt sett opp i Teaterkjellaren med urpremiere onsdag denne veka.

Både i form og i innhald var det mye forskjellig vi fekk sjå. Jamvel om det sjølvsagt framleis er ein del uferdig, er det openbert at det er mange flinke ungdomar der ute. Dei fire forfattarane vi fekk møte, er mellom 15 og 18 år, og dette er ein alder då ein ofte kan vere ganske søkjande, og opptatt av store spørsmål. Dei to første framsyningane var relativt typiske eksponentar for dette, og båe hadde mye god og treffsikker dialog. ”I mørket er vi alle like” blei nok litt uforløyst og vanskeleg å få heilt grep om, medan ”Å bli forlatt med stillheten” baud på eit utal aforismar og mye klokskap, men også her var det ikkje berre enkelt å fatte heilt kva det dreidde seg om. Slik sett var båe produksjonane observante og intelligente skisser, men idear som treng noko meir bearbeiding.  Og båe framsyningane bar nok litt preg av at tema blei i største laget.

Den siste oppsettinga, ”Fantastisk”, var ei særs leiken og artig  sak som gav oss mye surrealisme og absurd humor. Men dette var ei temmeleg fysisk framsyning der både regi og koreografi var så vesentleg at det er vanskeleg å vite kor mye som var forfattarens idé, og kor mye som var regi.

Symptomatisk er det at den produksjonen som for meg var absolutt best, var den som i tillegg til å handle om ungdom og kvardagen deira, også blei framført av ungdom, to amatørar frå Charlottenlund vgs som var så ekte at det var berre å gi seg over. Ein litt nerdete gut som har lese seg til det meste, men forstått lite, altså med store hol i den sosiale intelligensen, møter ei heilt vanleg jente som først lar seg irritere, men som etter kvart blir nysgjerrig. Og midt oppi masse komisk, særs observant og tidvis litt absurd dialog, oppstår det søt musikk. «Koder» er ein vakker, klok, varm og innsiktsfull tekst, skrive av den femten (ja, du les rett!) år gamle ungdomsskuleeleven Elise Sjøgren, og glitrande og til fingerspissane ekte framført av Erlend Glasø Faltinsen og Eirin Gåre Aase.

Eg har ofte etterlyst både ny norsk dramatikk, og barne- og ungdomsdramatikk på Trøndelag teater. Dette prosjektet er delvis svar på båe etterlysingane. Trøndelag teater, og kanskje særleg Rita Abrahamsen og Kjernehuset, skal ha stor ros for arbeidet med ”Unge dramatikere”. Eg vil tru at eit slikt prosjekt ikkje er av dei dyraste og mest ressurskrevjande produksjonane til teatret. Etter å ha sett desse fire små oppsettingane, vil eg så sterkt som råd oppmode teatret til å gjere dette prosjektet til ein årviss seanse. Det vil kunne vere god fødselshjelp for mange skrivelystne, og ikkje minst trur eg det vil trekke nye og yngre publikumsgrupper til teatret.

Opplysande og eksistensielt

søndag, april 22nd, 2012

DANS

OPPLYST: Både dansarane og industriarmaturane er koreograferte. FOTO: CARL NILSSEN-LOVE

Frihet, likhet, brorskap eller døden
Av Siljeholm/Christophersen
Konsept, regi, koreografi: Sara Christophersen og Helle Siljeholm
Scenografi: Carl Nilssen-Love
Komponist: Andreas Mjøs
Lys: Tilo Hahn
Framført av Bibbi Winberg, Hilde Rustad, Sara Christophersen og Helle Siljeholm
MultiPlié Dansefestival, Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Store eksistensielle spørsmål som syner at det, etter meir enn to hundre år, framleis er langt fram til ideala frå den franske revolusjonen.

For tre år sia hadde dansekunstnarduoen Siljeholm/Christophersen urpremiere på framsyninga ”Norma Jeane” på Teaterhuset Avant Garden. Den gongen var det med eit litt sjangeroverskridande og humoristisk skråblikk på kvinna i eit kvasisosiologisk perspektiv. Det var ei framsyning som framleis sit godt festa i minnet. I samband med MultiPlié Dansefestival er duoen nå attende med ei ny urpremiere, og denne gongen med langt høgare ambisjonar. Tittelen ”Frihet, likhet, brorskap eller døden” er ganske pretensiøs og femnar om alt som vi i røynda reknar som fundamentet for den vestlege sivilisasjonen dei siste to hundre åra. Ganske eksistensielle greier, med andre ord.

Salen er nake, og rekvisittane er berre ein del industriarmaturar, nokre opphengde og andre lause. Det tar til med lyset rett på publikum og ein verbal intro der vi får vite at det meste er lov, og vi må gjerne ta ein mobilsamtale, gå på do eller forlate salen om vi skulle kjenne for det. Så er framsyninga i gang, og ettersom denne dansefestivalen har merksemda retta mot ”den uventa dansaren”, forstår vi at koreografi også kan vere sin eigen antitese der all rørsle blir frose. Fire dansarar står som saltstøtter, og så lenge, og vel så det, at det utfordrar salen og vi kjenner ubehaget. Men så, gradvis, bryt ei av dei ut, og vi er straks inne på dei eksistensielle tema som blir utforska i denne produksjonen. Her er gruppedynamikk, utanforskap, vi og dei andre og mange ulike maktforhold. Gjennom at dei fire syner oss eit utal forskjellige gruppekonstellasjonar, blir vi vitne til alt frå drap til aldersutstøyting og dyrisk framferd, altså menneskeleg aktivitet som tyder på at ideala frå den franske revolusjonen framleis er lysår unna.

Dette blir synt oss gjennom ulike dansetablå frå eksplosiv rørsle til det meir kontemplative, og der framsyninga nok for dei fleste vil minne meir om teater enn tradisjonell dans. Så får vi med det også utfordra fordommane våre. Ikkje alle tablåa er like forståelege, og midtvegs buttar det tidvis litt i mot for meg og noko blir litt uforløyst. Men ensemblet får sett lys, i dobbel tyding, på at det vi tar som eit grunnleggande fundament for vår eigen eksistens, ikkje alltid er så sjølvsagt. Den nesten geniale bruken av industriarmaturar til å ”belyse” problema, er særs effektiv, og med enkle snortrekk blir armaturane også del av koreografien samstundes som dei like enkelt kan vere stengsel, møbel, opplysande/formørkande, ubehagelege og you name it. Rekvisitt- og lysbruken i denne produksjonen lærte meg at dans ikkje berre er menneske i rørsle.

Deltaking på mange nivå

søndag, april 22nd, 2012

DANS

KOR: Eit kor som kryp, går og spring i tillegg til å synge. FOTO: MARI FLØNES

Say something
Av: h2dance
Konsept, regi og koreografi: Hanna Gillgren og Heidi Rustgaard
Musikk: Sylvia Hallett
Med: Laura Doehler, Peter Jansson, Gareth Green, Anne Gaelle Thiriot og Svartlamon Hardkor
MultiPlié Dansefestival, Verkstadhallen, Svartlamon, Trondheim

Ei framsyning som totalt viskar ut skiljet mellom scene og sal, og der publikum blir ein integrert del av oppsettinga.

Som publikum kjem vi inn i verkstadhallen på Svartlamon der det for ein gongs skuld ikkje er ein stol, og ikkje ein rekvisitt. Vi ruslar litt spørjande rundt på golvet, uvisse på kor vi skal plassere oss, før Gareth Green gir oss ein avslappande intro om at vi stort sett kan gjere akkurat som vi vil, og i tillegg gjerne ta ordet og kome med bifall eller mishagsytringar om vi skulle føle for det. Men han har også med nokre litt meir urovekkande opplysingar om kva som kan skje og ikkje. Så skal det heile ta til, og vi oppdagar at det har det eigentleg gjort for lengst. Godt blanda med resten av publikum er det eit kor som tar til å nynne, synge, og ikkje minst røre på seg. Det er Svartlamon Hardkor, eit ganske spesielt mannskor som kanskje ikkje først og fremst er kjend for klokkeklår røyst og perfekte harmoniar, men meir for ganske røffe og rølpete framføringar, tidvis ganske pubertale, og under mottoet ”Alt kan dirigerast”. Nå har koret også lete seg koreografere, og dei marsjerer, kryp, går og spring over golvet medan dei syng, og vi må stadig flytte oss for ikkje å stå i vegen, – eller omvendt.

Etter ei stund trer også fire dansarar og ein songar fram frå anonymiteten blant publikum, og vi veit vel eigentleg aldri heilt kven som er utøvar og kven som er tilskodar. Også fordi alle etter kvart blir utøvarar. Publikum må heile tida delta, først og fremst av di vi er så fysisk til stades der det skjer, men også fordi Green rett som det er tar mic’en og stiller spørsmål til tilfeldig utvalde. Eg må vedgå at det er ikkje noko som gjer meg så lite komfortabel som når det er forventa at eg skal delta i framsyninga, og i slike situasjonar plar eg sjå ned og trekke meg attende. Det seier ganske mye om denne produksjonen at eg her valde å stå nokså midt på golvet, godt synleg, at eg song og dansa med, og innerst inne eigentleg håpa at Green også skulle spørre meg om noko. Kompaniet h2dance greidde med andre ord å gjere oss avslappa midt i det som til vanleg er ei intimsone. Og då var vel mye av hensikta oppnådd?

Framsyninga, som er like mye ein performance som ei danseoppsetting, var særs leiken, humoristisk, interaktiv og mangefasettert. Sjølv om dei fire frå h2dance hadde ein del mindre dansenummer, var det i dansesamanheng vel så interessant å sjå korleis koret let seg koreografere, og etter kvart faktisk også publikum der vi blei drivne fram og attende på golvet. I utgangspunktet kan ein nok sjå dette som ei upretensiøs utforsking av kva som skjer i møte mellom dansarar, eit lokalt kor og publikum. Men her låg også mye anna bak, som spørsmål om ytringsfridom, grenser, korleis folk ter seg i grupper osb. Det var ei laussloppen og livsbejaande stemning som gjennomsyra oppsettinga, men  brått kunne ho bli kontrastert  av at vi som dyr eller fangar blei drivne saman, innestengde utan høve til å kome ut. Dette kontinuerlege spelet på kontrastar låg som eit bakteppe over heile framsyninga, og gjorde at ho blei langt meir enn berre ei artig utforsking av møte mellom profesjonelle dansarar og keitete publikummarar. Og ikkje minst gjorde det at dette blei ei oppsetting ein ikkje så lett får ut av hovudet.

Produksjonen ”Say something” har vore spela nokre år, i mange forskjellige land, og med ulike lokale kor. Eg tenkte med meg sjølv at det måtte vere ei optimal løysing å nytte Svartlamon Hardkor ettersom det kunne by på mye av dei ønska kontrastane. Heilt til eg i samtalen som blei arrangert etter framsyninga, fekk vite at kompaniet kunne nytte alt frå kyrkje- til guttekor. Då forstod eg at dette er ei framsyning som verkeleg kan ha kameleonens trekk.

Den vanskelege forsoninga

søndag, april 15th, 2012

TEATER

KVAR SIN VEG: Tre generasjonar, og ein liten familie, men med blikket retta i heilt ulike retningar. FOTO: ANDREA HAUGERUD HOVIK

Et annet sted
Av: Martin Lyngbo, Vivian Nielsen og Parminder Singh
Regi:  Marit Sofie Todal og Hanne Høgholen Kvaal
Produsert og framført av elevar ved Charlottenlund videregående skole


Kulturskilnadar stikk djupare enn det meste, og forsoning er ikkje alltid like lett.

I haust skulle Gizem Dogan ta til på dramalina på den splitter nye Charlottenlund videregående skole i Trondheim. Slik gjekk det ikkje. Ein snau månad før skulestart blei ho drepen på Utøya. Gizem var politisk aktiv, og såg det som viktig å definere seg både som tyrkisk og norsk. Det var difor naturleg for dramalina at den første teaterproduksjonen på den nye skulen ikkje berre skulle settast opp til minne om Gizem, men også omhandle noko som hadde med henne å gjere. Etter nitid leiting i tilgjengelege drama, falt valet på det heilt ferske stykket «Et annet sted» av Martin Lyngbo, Vivian Nielsen og Parminder Singh tilknytte den danske teatergruppa Mungo Park.

Til minne om Gizem blei det i fjor oppretta eit Gizem Dogan Centre i Gaziantep i Tyrkia, ein skule for ressurssvake barn og unge. Inntektene frå teateroppsettinga går uavkorta til denne skulen, og det har ikkje vanta velvilje frå korkje sponsorar, Charlottenlund vgs eller publikum, men det er likevel høgst uvanleg at ein teaterproduksjon på ein vidaregåande skule spelar inn 90 000 kroner som ein kan gi vidare til ei god sak.

Med denne ganske spesielle bakgrunnen kan det raskt bli slik at omstenda overskygger sjølve oppsettinga, og det er med ganske sterke kjensler eg sette meg til for å sjå kva desse 17-årige amatørane kunne få til. Men det gjekk ikkje mange minutta før eg gløymde det uvanlege bakteppet, og i staden levde meg inn i ei sterk teaterframsyning som i høgste grad stod på eigne bein. «Et annet sted» handlar om tre generasjonar tyrkarar, og tar til i 1968 då Ayhan kjem frå Tyrkia til Trondheim som gjestearbeidar. Etter kvart flyttar kona, Selma, og dottera, Songül, etter. Den vesle familien lever på tyrkisk vis i det nye heimlandet, og tilpassar seg berre delvis norske skikkar. Kollisjon blir det når Songül i 1986 skal giftast bort til ein tyrkisk gut, medan ho sjølv har vald ein nordmann. Her handlar det om ære, kodeksar og mye meir, og det blir fullt brot i familien.

Framsyninga tar til i dag. Selma er død, og Songüls son, Daniel, freistar å få til forsoning mellom mor og morfar. Det syner seg å vere vanskelegare enn ein skulle tru, og meir skal eg ikkje røpe av handlinga. Men eg må likevel legge til at tematikk og innhald er omsynslaust ærleg. Her blir alle, både dei tre ulike generasjonane med tyrkisk bakgrunn, og dei etnisk norske, møtte med særs kritiske blikk, og forhold som ein ofte har glatta over eller fortrengd, blir nå henta opp til overflata som den delen av røyndomen dei også er. Her finst ikkje heltar, men masse folk med høgst menneskelege trekk.

Stykket blir spela i historiske tablå der vi ganske saumlaust hoppar fram og attende i tid. Desse vekslingane har produksjonen løyst ved å ha to sett skodespelarar. Dette er for så vidt eit vanleg grep, men det elegante i denne oppsettinga er at overgangen frå gamal til ung og attende blir gjort ved eit fysisk skifte som ei overrekking av stafettpinne, eller vaktskifte om du vil. Det gjer det særs enkelt å henge med i alle spranga både i tid og rom. Når du set opp eit teaterstykke med utgangspunkt i ei dramaklasse på vidaregåande skule der det ikkje er opptaksprøve for å kome inn, må du ta det du får. Med dette som bakgrunn er eg ganske imponert over castinga. For så unge og urøynde skodespelarar finn eg det feil å framheve nokon med namn, og sjølvsagt er ikkje alle like gode, men her er eit flott typegalleri og mye godt spel. Ensemblet var flinke til å ta pausar og la scenene få søkke, medan dei nok kan arbeide langt meir med å nytte heile den kjenslemessige skalaen og ikkje berre ytterpunkta. Det vekslar litt for raskt frå normal tale til voldsamt sinne, og dette resulterer i overspel for nokre av aktørane. Men alt i alt er eg imponert over personinstruksjonen.

«Et annet sted» er opphavleg ei tre timars oppsetting. Når det i denne framsyninga er kutta ned til berre ein dryg time, er det sjølvsagt at noko blir borte, og at ein ikkje får same høve til å dvele ved og utvikle personar og situasjonar. Einskilde av scenene blir såleis meir som plakatar enn teater, og særleg gjeld det det karikerte bildet vi får av eit bukollektiv på syttitalet, og utviklinga Songüls mann gjennomgår frå sjarmør til dritsekk.

«Et annet sted» syner på eit ærleg, men likevel empatisk vis mange sider av dei kulturelle problema og motsetningane som har oppstått i kjølvatnet av arbeidsinnvandringa vi har hatt dei siste førti åra. Produksjonen til Charlottenlund vgs var ei varm, velregissert og ganske godt spela oppsetting som lover godt for underskogen og etterveksten i norsk scenekunst.