Archive for oktober, 2005

Påfunn med Ibsen

fredag, oktober 28th, 2005

TEATER

Ibsen goes Brazil
Fritt etter Fruen fra Havet
Konsept og regi: Catherine Kahn og Anne Regine Klovholt
Teaterhuset Avant Garden – Trondheim

Det er på høg tid å gjere utradisjonelle oppsettingar av Ibsen, men dette var ikkje måten.

Med eit ensemble beståande av seks aktørar frå Brasil, Australia og Norge, har Catherine Kahn og Anne Regine Klovholt leika seg med Fruen fra Havet av Henrik Ibsen. Det blir spela vekselvis på portugisisk, engelsk og norsk med ikkje heilt synkron norsk tekst på bakskjerm. At ikkje aktørane meistrar alle tre språka, blir både sjarmerande og komisk, og humoren ligg også heile tida på lur i ei oppføring som er spekka med påfunn og gags, der scena er ein stor grasplen, der rekvisita og scenografi er leikeutstyr, og der alt blir på liksom og annleis. I botnen, eller bakom, ligg Fruen fra Havet av Henrik Ibsen. Rollegalleriet er om lag det same, men teksten er modernisert og alle er atskillig meir utagerande enn hjå Ibsen – for å seie det mildt. Det er crazy, surrealistisk, lett erotisk og ganske meta. At Bolette blir spela av ein gut med skjegg, berre understrekar at her er det meste snudd opp ned.

Som publikum freistar vi å henge med som best vi kan. Vi ler litt i starten, men etterkvart som påfunna tar overhand, blir det heile berre overlessa og utvendig. Å spele Ibsen på vranga, å harselere med han, eller på anna vis å presentere stykka hans med andre vinklingar, er slett ikkje framandt for denne meldaren. Men prosjektet bør ha ei meining og ei retning. Det hadde ikkje Kahn og Klovholt. Dei serverer oss berre ei vareopptelling av påfunn som i lengda blir både påtrengande og slitsam.
Ibsen goes Brazil blir spela på Black Box i Oslo førstkomande helg.

Amund Grimstad

(meldinga stod i Klassekampen torsdag 27. oktober 2005)

Hysterisk morosamt

torsdag, oktober 13th, 2005

TEATER

SirkusSkatten
Av Forfattarkollegiet
Instruktør: Christina Smeby
Framført av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 05 Studentersamfundet i Trondhjem

Barneteater som er artig, velspela, sjarmerande og med masse undertekst.

I over tjue år har det vore tradisjon å sette opp barneteater på UKA i tillegg til revyen. For to år sia braut studentane tradisjonen, men det førde til store protestar og nå er barneteatret på plass att med ei oppsetting som berre riv deg med og overende, og som er vel så artig som revyen i Storsalen.

Historia er enkel og klassisk. Ein by blir regjert av ein slem (men akk så sjarmerande) greve. Vår mann er ein ung tjuv som eigentleg er ganske ærleg og på leiting etter ein skatt bestefaren gøymde unna då han gav seg som verdas siste sjørøvar. Til byen kjem ein temmeleg avdanka sirkustrupp. Og så er vi gang. I eit sirkustelt rett utom Studentersamfundet får vi presentert denne relativt tunne historia av eit ensemble som struttar av energi, speleglede og komisk talent. Etter ei litt famlande opning, får vi servert ei stram og særs velregissert oppsetting full av gode detaljar. Det er rølpeteater, ganske interaktivt, litt meta, og hysterisk morosamt. Ungane i salen kosar seg. Det gjer vi andre og, for her formeleg boblar det over av undertekst og humor for den vaksnare del av publikum. Dette er ei oppsetting i beste Knudsen og Ludvigsen-tradisjon. Det er sjølvironi, snert, publikumsfrieri, masse sjarm og you name it. Songane er også gode, og ein blues for dei svake fortener definitivt eit liv etter dette. All ære til SIT for å ta ungane på alvor att, og for å lage så godt teater at både ungar og vaksne får full valuta og vel så det! Om du skal sjå berre ei framsyning under UKA 05, er barneteatret definitivt førstevalet!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag 12. oktober 2005)

Quisseling quisselang

tirsdag, oktober 11th, 2005

REVY

ORIGO
Av Forfattarkollegiet
Instruktør: Erik Schøyen
Koreograf: Tine Erica Aspaas
Scenografi: Martin Skallerud og Siv Haukebø
Framført av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 05 – Studentersamfundet i Trondhjem

ORIGO er proft framført, flott koreografert og godt sunge, men likevel temmeleg uforløyst.

Det er student-UKE i Trondheim, ein gammal tradisjon som sikrar studentane økonomisk drift av eige hus i to år framover, men som er så uendeleg mye meir enn berre ei pengemaskin. Frå å vere ein revy med litt fest rundt i 1917, er det blitt verdas lengste veke (ho varar i 25 dagar), og det er landets største kulturfestival og dugnad. Rundt 1400 studentar jobbar meir eller mindre heiltid med eit prosjekt som for mange gir atskillig meir cred på cv’en enn eit semester eller to på NTNU. Motoren i UKA er sjølvsagt framleis revyen. Mange udøydelege songar stammar frå desse revyane, og eit utal norske skodespelarar har bakgrunn frå scena i det raude, runde huset ved Elgeseter bru.

I år heiter revyen ORIGO, og som vanleg kan ein legge mye tolking i UKE-namnet. Det er utgangspunktet, nullpunktet eller det geometriske skjeringspunktet. Allereie i den sceniske løysinga har ein tatt tak i dette der to flyttbare aksar er om lag einaste scenografiske element. Det er fikst tenkt, men fungerer ikkje alltid like godt. Slik er det og med mange av numra i revyen. Gode idear, men ganske uforløyst.

Det startar sjølvironisk med ei vise om den vanskelege opninga. Det er fart, trøkk og ein lovande start. Sceneskifta er raske, koreografien framifrå, spelet godt, og dei songlege prestasjonane utmerka. Slik held det fram i stort tempo der studentane er innom trivialitetar og daglege bagatellar samt det som er på TV. Det er media, trendar, kjendisar og mye intelligent leik med metaforar og ordspel. Men problemet er ofte at dramaturgien buttar, og at punchline kjem midt i sketsjen, som til dømes i eit ellevilt ordspel om dører. Slik renn mange elles gode innslag meir eller mindre ut i inkje.

Ein god revy skal ha brodd og ironisere over og harselere med alt og alle. Etter å ha sett ORIGO kan ein spørre seg om verda er TV og alt berre overflatefenomen. Ei anna sjølvironisk vise om at ein alltid må meine noko, er inne på det same. Studentane blir ofte kritiserte for å ha si eiga vesle verd, og ORIGO stadfestar diverre denne myta. Det er mange gode lågmælte tekstar og kvardagsobservasjonar, men lite frå den meir og meir globaliserte røynda. Det får vere studentane sitt val at krig, forureining, miljø- og naturkatastrofer er ikkje-eksisterande, men då får dei halde seg frå å skryte av at dei ikkje nøyer seg med å skrape i overflata. I det stofftilfanget dei har valt, er dei best når dei tar det heilt ut og blir skikkeleg hemningslause. Å parodiere Gåte er eit overmodent prosjekt, og det er framifrå gjort og med intelligent tekst. Det desiderte høgdepunktet er ein Quisselingopera som er ei absurd, ellevill, heilt respektlaus og ustyrteleg artig sak om Broadway-Larsen som smugla gode nordmenn til Junaiten for å sjå musikalar, og om Rinnan, Quisling og Hitler. Hadde det vore fleire innslag som desse, kunne vi ha bore over med det navleskodande. ORIGO er blitt ein sjølvopptatt revy der det nok er litt for langt mellom drammane til at han vil gå over i historia blant dei aller beste.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 10. oktober 2005)

Teatral leik

mandag, oktober 10th, 2005

TEATER

En annen manns død
Regi:Håvard Paulsen
Framført av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 05 – Studentersamfundet i Trondhjem

I ein film-noir-setting freistar studentane å leike seg med ulike dramatiske uttrykk.

Då Studentersamfundets Interne Teater gjorde ei nattframsyning første gong for ti år sia, var det ein liten teatersensasjon. Det var særs nyskapande, og utruleg godt. I åra etter har nattframsyninga vore SIT sin eksperimentelle leikegrind under UKA, men med ganske vekslande resultat. I år har forfattarane laga ei oppsetting i kryssinga mellom Dashiell Hammett og Samuel Beckett. Som bakteppe for å leike seg med teatrale ytringar og dramatiske effektar har dei lagt ein hardkokt krim der det meste er usagt, men der vi etter kvart får innblikk i kompliserte intriger, trekantar og skjelsettande forhistorier. Vi går rett inn i handlinga mot slutten, og får etter det rulla opp historia lag for lag som ein Ibsensk lauk. Replikkane er korthogde, scenografien naken og handlinga blir stykka opp i eit utal scener eller tablå. Historia er ikkje spesielt god, og eigentleg heilt uinteressant. For meg var dette i staden ein parafrase over ulike dramatiske verkemiddel og uttrykk. Leikent utforskar dei fem på scena forskjellige dramaturgiske og sceniske teknikkar og knep.

Men produksjonen har og alvorlege problem. Han er skjemma av ujamt spel, og av at sceneskifta var for mange og usynkrone. Litt strammare regi og noko betre personinstruksjon hadde gjort seg. Medan eg sat i salen, tenkte eg at dette ikkje var så veldig bra, men nokre teateroppsettingar har meir ettersmak enn andre. Dette er ei slik ei som blir betre di meir eg ser attende på ho. Ho utfordra publikum og sette assosiasjonane i sving. Kanskje skal ein ikkje krevje meir?

Amund Grimstad