Vennskapets kunst

september 10th, 2017
TEATER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

«Kunst»
Turnéteatret i Trøndelag, Hovudscena
Av: Yasmina Reza
Omsett av: Christine Amadou
Regi og bearbeiding: Maren E. Bjørseth
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Musikk: Torgny Amdam
Med: Tore B. Granås, Terje Ranes og Hans Petter Nilsen

Små handlingar kan av og til verke meir provoserande enn ein skulle tru.

«Kunst» av den franske dramatikaren Yasmina Reza er ein uvanleg tett og intelligent tekst om kor lite som skal til for å setje gamalt vennskap på stor prøve. Frå det blei skrive i 1994 har det blitt sett opp over heile verda, og hausta stor fagnad og vunne mange prisar. Med utgangspunkt i fransk middelklassesnobberi er det eit humoristisk lite kammerspel som har langt fleire botnar enn den fysiske handlinga skulle tyde på.

I eit relativt lukka rom, minimalistisk utsyrt av Olav Myrtvedt, der alle aktørane er til stades heile tida, og der vi ved hjelp av lys- og lyddesign vekslar mellom dei ulike tablåa, får tre gamle kompisar sett vennskapet sitt på stor prøve av ei tilsynelatande liten og ubetydeleg handling. Simen (Terje Ranes) er hudlege, fråskilt, har både kulturell og økonomisk kapital og har omsider kjøpt eit måleri han i lang tid har hatt lyst på. Det er eit stort kvitt lerret med nokre nesten usynlege kvite striper på, og det kosta ein halv million. Forventningsfull som ein unge på julaftan vil han vise fram bildet til kameratane. Men Magnus (Tore B. Granås), ein langt meir nytteorientert ingeniør, let seg ikkje blende. Tvert om. Han kallar bildet noko drit, blir provosert over at hans beste venn har ein så stor personlegdomsbrest at han kan gjere noko så idiotisk, og så er vi i gong. Yngve (Hans Petter Nilsen), den tredje av vennane, opphaveleg ein speloppmakar, men i dag langt meir tragisk, er meir forsonande, og trass i at han sjølv har ein kunstsmak som tenderar mest mot elg i solnedgang, freistar han å sjå kvalitetar i bildet, og det verkar endå meir provoserande på Magnus.

Det som i utgangspunktet er ein diskusjon mellom tre ganske ulike mennesketypar om kunst, kvalitet og keisarens nye klede, tar etter kvart heilt av og blir ein eksistensiell prøve på vennskapen deira gjennom vondsinna åtak der alt gamalt slagg og usemje etter kvart kjem opp i dagen. Yasmina Reza har skrive ein tekst som bør vere gjenkjenneleg for dei fleste og med eit utal dramaturgiske vendingar som gjer at intensiteten blir halden oppe heile tida. At ho som kvinne har greidd å skildre mannleg vennskap og dialog så autentisk og ekte, er imponerande.

«Kunst» er først og fremst ein strålande tekst, og ein uvanleg god dialog, eit stykke som ikkje inviterer til dei store scenografiske eller regimessige grepa. Kor vellukka oppsetjingane blir, er for det meste avhengig av ensemblespelet til dei tre på scena. Olav Myrtvedt har vore tru mot dette konseptet og laga ein minimalistisk scenografi der det er openbert at dette er teater og ikkje røyndom, og saman med lysdesignen til Erik Brenne Torsethaugen og musikken til Torgny Amdam har han laga lett fattelege sceneskift utan å måtte ommøblere.

Jamvel om både tekst og tematikk er ganske ålmenn, er det ikkje til å kome frå at stykket er henta frå eit fransk middelklassemiljø. Regissør (og stjørdaling) Maren E. Bjørseth har gjort denne produksjonen noko meir inant med referansar til Trøndelag og lokale fenomen, samt nokre diskrete, men utsøkte metagrep. Det har vore gode val som gjer framsyninga langt meir tilpassa turneliv i nordfylket. Og med tre aktørar som alle får nytte sin uforfalska trønderdialekt, blir handlinga tettare på og meir autentisk enn det litt meir intellektuelle, franske titteskapet teksten kan invitere til. Og der finalen i tekstgrunnlaget blir eit lite antiklimaks med ein nesten moralistisk epilog, har Bjørseth laga ei poetisk og vakker avslutning som gir framsyninga ein ekstra dimensjon.

Dei tre på scena kosar seg tydeleg, er fortrulege med teksten og typane og leverer eit tett og solid kammer- og ensemblespel. Det er mye tekst, og ein verbal pingpong som set store krav til timing og presisjon, og alt dette fungerer til fulle. Og om eg skal få framheve noko i eit generelt velspela og godt framført stykke, må det vere monologane til Hans Petter Nilsen der han får synt at den tidlegare suksessen han hadde med monologane til Dario Fo ikkje var ei tilfeldigheit. Dei munnrappe einetalane hans var små konfektar som sette både kameratane og oss i salen heilt ut.

«Kunst» er den første eigenproduserte framsyninga til Turnéteatret i Trøndelag etter namneskiftet og opninga av nytt teaterhus. Oppsetjinga er ei gåve til publikum, og eit lovande frampeik om kva Turnéteatret kan bli for scenekunsten i det nye storfylket.

Leikent og kreativt

september 8th, 2017
TEATER

ALTER EGO: Aurora eller Don Quijote? Vivi Sunde gir liv til dei båe. FOTO: TINGH KOMMUNIKASJON AS

ALTER EGO: Aurora eller Don Quijote? Vivi Sunde gir liv til dei båe. FOTO: TINGH KOMMUNIKASJON AS

«Radio Don Quijote»
Teatret Vårt, Molde, Hovudscena
Av: Tormod Carlsen og ensemblet (fritt etter Cervantes)
Regi: Tormod Carlsen
Scenografi: Thomas Bjørnager
Med: Vivi Sunde, Bjørnar Lisether Teigen. Lars Melsæter Rydjord, Johanna Mørck, Sara Fellman og Hugo Mikal Skår

Ein oppfinnsam og humoristisk hyllest til litteraturen og «verdas beste roman».

I samband med Bjørnsonfestivalen i Molde set Teatret Vårt opp ein hyllest til romankunsten, fantasien og kjærleiken, ein artig og intelligent parafrase over Miguel de Cervantes’ «Don Quijote». I eit særs provisorisk studio har nokre entusiastar gjenopna FM-bandet med radiostasjonen «Kulturprogrammet dypdykk». Som publikum får vi utlevert hovudtelefonar og kvar vår FM-mottakar, vi set oss på bakscena og blir etter kvart vitne til ei radiosending av dei sjeldne. Programleiaren Aurora (Vivi Sunde) er ei kvinne som elskar litteraturen og fascinasjonen ved å skape seg indre bilde gjennom lesinga. Slik Don Quijote har forlese seg på riddarromanar, har Aurora nok forlese seg på Cervantes. Ho er ei idealistisk og litt naiv kvinne i godt vaksen alder, og saman med den langt meir jordnære og pragmatiske teknikaren hennar, Jan Tore (Bjørnar Lisether Teigen), blir ho etter kvart meir og meir ein moderne Don Quijote, medan han blir hennar væpnar, Sancho Pansa.

Dei to har sett seg føre å lage radioteater av den gamle romanen, og som dei moderne og liberale menneska dei er, har dei også med seg ei ungdomsavdeling (Lars Melsæter Rydjord og Johanna Mørck) som har ei langt meir rocka tilnærming til litteraturen. Dei er heller ikkje alltid dei representantar for ungdomen som den idealistiske Aurora ser for seg. Med ganske stor patos, enorm entusiasme og litt hjelpelaus amatørisme freistar Aurora å gjere Cervantes’ verk tilgjengeleg for lyttarane. Vi på vår side får ikkje berre høyre radiosendinga, men også sjå produksjon av lydkulisser og alt anna som skjer i og rundt eit studio der radioteateret på kaotisk vis blir avbrote av songinnslag, intervju og innringarar, og der etter kvart alt fell heilt frå kvarandre i Thomas Bjørnagers velfungerande scenografi.

Oppi det heile står Aurora fjellstøtt som ein Don Quijote med klokkartru på det edle prosjektet sitt. Det er blitt ei metaframsyning med uendeleg mange lag, der instruktør og ensemble har leika seg fram til eit utal komiske og gode tablå. Som ein lesar av romanen får både medynk og kjærleik til Don Quijote, får vi same haldning til den entusiastiske, men så hjelpelause Aurora i hennar kamp mot dagens vindmøller. Det skuldast i stor grad Vivi Sunde som på imponerande vis fyller denne rolla ned til minste detalj.

«Radio Don Quijote» er velspela, eksperimentelt og nyskapande, leikent og kreativt, og sjølv om dramaturgien tidvis haltar litt, og ein nok kunne ha vore litt meir kresen på kva som skulle med, er det blitt ei både underhaldande og intelligent framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 8. september 2017.)

Bak kulissane

september 4th, 2017
TEATER

NEI!: Ein fortvila instruktør med eit ensemble der alt går gale. FOTO: OLE EKKER Premiere på Hovedscenen 2. september 2017 Regi: Øyvind Osmo Eriksen / Øyvind Brandtzæg  Scenografi og kostymer: Katrin Bombe Lysdesign: Eivind Myren Medvirkende:  Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Karl-Vidar Lende, Ida Cecilie Klem, Kenneth Homstad / Øyvind Brandtzæg, Stine Fevik, Olve Løseth, Vetle Bergan / Ole Christian Gullvåg og Janne Kokkin

NEI, NEI, NEI!: Ein fortvila instruktør med eit ensemble der alt går gale. FOTO: OLE EKKER

«Panikk i kulissene»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Michael Frayn
Omsett av Svein Sturla Hungnes
Regi: Øyvind Osmo Eriksen og Øyvind Brandtzæg
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Karl-Vidar Lende, Ida Cecilie Klem, Kenneth Homstad, Stine Fevik, Olve Løseth, Vetle Bergan og Janne Kokkin.

Strålande og presist ensemblespel, men ingen god tekst.

 

Då den britiske dramatikaren Michael Frayn på 70-talet såg ein farse frå bakscena, fekk han ideen til å skrive om livet bak kulissane og alt som kan gå gale. Metakomedien «Noises Off» hadde urpremiere i 1982 og har hausta prisar og kritikarros. I helga var det premiere på «Panikk i kulissene» på Trøndelag Teater. Stykket må ikkje forvekslast med Riksteatrets «Kollaps i kulissene» sjølv om både tittel og tematikk liknar.

Gjennom tre akter blir vi vitne til eit lite teaterkompanis freistnad på å setje opp ein komedie. Det tar til med generalprøve natta før premieren, og vi får sjå ein regissør utan kontroll, og eit ensemble med drikkfeldige aktørar og problem med å hugse tekst, og der intrigar, sjalusi og indre motseiingar er langt heftigare enn i den oppsettinga dei skal framføre. Ein komedie om ein komedie, og ei historie der alt ikkje berre kan gå gale, men faktisk gjer det. I andre akt er vi på bakscena under premieren, og i epilogen i tredje akt får vi sjå at stykket tre månader seinare slett ikkje har gått seg til, – tvert om.

Oppsettinga er sjølvsagt full av situasjonskomikk, og for teaterfolk er nok det meste ganske kjend stoff sjølv om det til vanleg heldigvis ikkje oppstår så mange problem på ein gong. Men humor er ei alvorleg sak, og ikkje alltid lett å få til. For denne typen komedie handlar det særs mye om timing der folk går ut og inn av dører i eit forrykande tempo. Alt dette meistrar ensemblet til fulle. Men trass i den internasjonale suksessen «Noises Off» har hatt, er det ikkje nokon spesielt god tekst, og det blir tydeleg i denne framsyninga. Det er så openbert at alle dei kleine og komiske situasjonane er konstruerte at dei mistar spontanitet og dermed overraskinga og den siste ekstra brodden.

Når dette likevel tidvis blir ganske underhaldande, er det fordi det er eit strålande og imponerande presist ensemblespel i alle ledd. Det er krevjande roller, høgt tempo, presise skift og framifrå spel. Etter ei litt langdryg første akt, tar det meir av, og det var særleg underhaldande då vi i andre akt fekk oppleve framsyninga frå den kaotiske bakscena. Her var det også tilløp til nydeleg koreografert slapstickhumor som vi gjerne kunne ha sett meir av.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. september 2017)

Å gi seg på topp

august 1st, 2017

TEATER

GI SEG PÅ TOPP: Hora frå Kvam tar det litt for bokstaveleg at ein bør gi seg på topp. FOTO: AMUND GRIMSTAD

GI SEG PÅ TOPP: Hora frå Kvam tar det litt for bokstaveleg at ein bør gi seg på topp. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Slaget på Testiklestad»
Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg
Av Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist/musikalsk ansvarleg: Kyrre Havdal
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Kristine Welde Tranås, Karl Vidar Lende, Ole Christian Gullvåg, Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Jon Lockert Rohde, Per-Theodor Paulsen, Martha Standal, Ida Göransson, Josefine Frida Pettersen, Arnulf Haga m. fl.

 

Etter fire sesongar med ein parodi som er langt betre enn originalane, gir entusiastane bak produksjonen seg. Og på line med mye av tematikk og innhald denne gongen, gir dei seg verkeleg på topp. For bakom lurar døden.

For tre år sia sette fire galne folk, Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth, saman med eit femtitals entusiastiske skodespelarar i ei god blanding av proffe og amatørar, opp eit halsbrekkande prosjekt på Sverresborg i Trondheim. Midt i tjukkaste spel-land, og også midt i spelsesongen i starten av august, utfordra dei heile speltradisjonen ved å  presentere ein ellevill harselas over temaet. Det kunne ha blitt totalt havari, men  lukkast på grunn av uvanleg god og intelligent tekst, uhøgtideleg og sjølvironisk humor, til tider så vulgær at det halve kunne vere nok, men likevel gjort med ei slik fingertippkjensle at sjølv dei mest pripne blant oss måtte gi seg over. Flott musikk, gode songtekstar, og ein dramaturgi der du ikkje får mye høve til å ta deg inn mellom kvar latterkule og eit utal overraskande vendingar.

Normalt, og spesielt fordi dette var ein parodi på heile spelkulturen der ein set opp det same år etter år, burde dei ha gitt seg med den eine produksjonen i 2014. Men med fare for at dei etter kvart kunne bli ein parodi på parodien, heldt dei fram. Og dei har lukkast. Det skuldast i hovudsak at dei fire bakmennene aldri har kvild på laurbæra, men laga nye produksjonar kvart år. Rammeverket er det same. Kong Sverre er lyst i bann av paven, har sett seg lei på heile kristendomen og har difor sett seg føre å avkristne landet. Det endelege slaget må sjølvsagt stå på historisk grunn på Stiklestad, og på vegen «Te Stiklestad» kjem han til garden Ful, nabogarden til Innful, der gardsfolket freistar å stoppe kongen. Men ein veit aldri kven andre som kjem til gards, og i alle dei nyskrivne og dagsaktuelle sakene som blir skrivne inn i handlinga, ligg mye av årsaka til at suksessen har vore formidabel og publikumstilstrøyminga utan grenser.

Som i tidlegare meldingar skal eg ikkje trøytte lesarane med meir omfattande resymé, men i staden lenke til meldinga av den første oppsettinga i 2014 https://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/, den andre i 2015 https://amund.info/2015/08/slaget-pa-testiklestad2/, og den tredje i 2016 https://amund.info/2016/08/slaget-pa-testiklestad3/. Det eg har skrive i desse tre meldingane står seg framleis. Her skal eg i staden seie litt om kva som er nytt i år.

Det er alltid spennande kven som er suffløren, og denne gongen er det Christian Ruud Kallum som ikkje står attende for dei tidlegare med omsyn til sjølvhevding og manglande forståing for kva han held på med. I programmet fortel dei at alle spel må bli meir heidensk med åra, og inviterer til noko meir dunkelt og dystert når det dreg seg til finale. Og i dette ligg også dei største endringane. Oppi all den lausslopne og hysterisk morosame humoren har dei denne gongen invitert inn både skamkjensla og døden, personifisert med Hora frå Kvam (eller Noora frå Skam om du vil) spela av Josefine Frida Pettersen og Døden sjølv spela av den alltid like opplagte Karl-Vidar Lende. Ettersom dette er metateater på eit nivå andre teater berre kan drøyme om, er det uråd å vite om det er Hora, Noora eller Josefine vi møter, og når ho, kven ho nå måtte vere, vil gi seg på topp, og gjer det på eit vis Døden berre kan applaudere, får vi midt oppi all humoren inn ein undertekst og ein dimensjon som blir sjølvforklarande for dei som vil sjå litt alvor bak alt det lausslopne. Det er dyktig gjort, og syner at bak all den elleville humoren og ablegøyene ligg det ei djupne og kanskje eit teaterpolitisk credo.

Sommaren har gitt oss ein agurkdebatt om spelkulturen og den kunstnarlege kvaliteten på nokre av spela. Teatervitaren og kritikaren Julie Rongved Amundsen held på med ein grundig kritisk  gjennomgang av spelkulturen, og har i eit par medieoppslag ytra at det er mye som er pompøst og sjølvhøgtideleg i ein del av spela. For den som har sett ein god del spel, er ikkje denne utsegna særleg kontroversiell. Amundsen har også sagt mye anna, men i agurkdebattar vil ein gjerne dyrke konfliktane, og slik har det vore i sommar. Dette er sjølvsagt midt i blinken for denne produksjonen, og både tittelen på framsyninga, og mye av innhaldet er jo ein harselas både med «Spelet om heilag Olav» og ikkje minst Arnulf Haga som for mange står som ein av dei fremste museumsvaktarane av speltradisjonen generelt, og Stiklestadspelet spesielt. Bytingen, eller utburden som han blir kalla på Stiklestad, får på Sverresborg namnet Barnulf Haga, og i ein av dei vakraste songane i oppsettinga der Tyra Trillrunddotter (Mari Hauge Einbu) syng om sonen som blei sett ut, dansar ungane med masker med andletet til Arnulf Haga. Slik sett var det eit scoop at produksjonen i år fekk nettopp Arnulf Haga til å spele seg sjølv som den verkelege kongen i strid med både kong Sverre og innhaldet i oppsettinga. Særs sporty av Haga var det også å stille opp, men akkurat denne seansen kunne dei nok ha gjort meir ut av.

Eg har tidlegare skrive at så lenge forfattarane er like flinke til å vere tidsaktuelle, er det mogeleg å halde på i det uendelege. Det tener dei likevel til ære at dei, i ein tydeleg, men venleg kritikk av speltradisjonen, gir seg på topp. Men om det ikkje blir fleire Testiklestadslag, vil eg tru at dei fire bak produksjonen har mye anna i ermet. Det er tusenvis av blodfans der ute som vil ha meir. Det må ikkje vere Testiklestad, og det må ikkje vere spel. Det held lenge at det er godt, folkeleg kvalitetsteater, og med desse fire produksjonane har Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth. synt at det er akkurat det dei er i stand til.

Upretensiøst og spinnvilt

juli 31st, 2017

TEATER

RARINGAR: Bakklandet var openbert fullt av raringar, mutantar og sjarmerande overspel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

RARINGAR: Bakklandet var openbert fullt av raringar, mutantar og sjarmerande overspel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«RIV SKITEN! Jenta som stod i veien for veien»
Rabarbrateateret, Rabarbraparken, Bakklandet
Av: Stian Hovland Pedersen
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Musikk: Asgeir Skrove
Koreografi: Kine Kvarme Tørring
Med: Vilde Søyland, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Marianne Meløy, Bendik Sjømæling Nordgaard m. fl.

Rabarbrateateret har nok gjort betre produksjonar tidlegare, men «Riv skiten» er trass i mange lyte ein overraskande sjarmerande framsyning, og eit oppkome av spinnville og surrealistiske påfunn.

Rabarbrateateret har etter kvart rukke å bli ein liten institusjon i den Trondheimske scenekunsten, nokre få proffe i kjernen og eit lauseleg samansett ensemble som med bakgardsteateret sitt på Bakklandet kvar sommar har vore eit befriande alternativ til den bisarre helgenkulten som går føre seg i Trøndelag i slutten av juli. Særleg har dei gjort suksess med å herje skikkeleg med Shakespeare og våge å ta han heilt ut.

I år presenterer dei ein fullstendig sjølvlaga produksjon der dei har tatt utgangspunkt i den staden dei spelar og kampen som blei ført mot motorvegplanar og rasering av Bakklandet på 70-talet. Teksten er skriven av Stian Hovland Pedersen, og det heile er regissert av Øyvind Brandtzæg, båe alt for unge til sjølve å ha eiga erfaring med det som skjedde. For oss som stod midt oppe i bustadkampen i Trondheim på 70-talet (denne meldaren var aktiv på Møllenberg, men var også med på Bakklandet frå tid til annan) er det berre å akseptere at dette er akkurat som dei skriv i programheftet, heilt fri fantasi, og ikkje noko anna. Når du, som eg, har så sterke minne frå denne tida, og veit kva ho gjekk ut på, tok det litt tid før eg fekk rista av meg røyndomen og akseptert den heilt frie og til tider fullstendig spinnville diktinga. Men når ein godtek at bustadkampen på Bakklandet berre er eit bakteppe, eller ei orsaking for å få spele teater, gjekk det heile litt greiare.

Historia er syltynn, og i tillegg så mangefasettert og full av digresjonar at det er tilnærma umogeleg å følgje narrativet heilt ut, om det i det heile tatt er noko slikt. Same dag som Trondheim kommune vedtek å rive Bakklandet blir Vibeke (Vilde Søyland) født, ei jente med større evner enn dei fleste, og som på eitt eller anna forunderleg og temmeleg uforklårleg vis reddar Bakklandet sju år etterpå. Kommunen og Bakklandet er befolka med eit menasjeri av likt og ulikt av fargerike raringar, mutantar og eg veit ikkje kva. Og i eit oppkome av påfunn, metateater, gags og surrealistiske tablå har Stian Hovland Pedersen boltra seg i kreativitet og absurd crazyhumor. Det er ikkje så farleg kva som blir fortalt på scena så lenge både skodespelarane og publikum har det artig. Så får vi bere over med at det heile, og spesielt humoren, stundom kan vere litt anstrengt.

Historia er som sagt syltynn, og Rabarbrateateret har gjort langt betre produksjonar tidlegare. Og første akta er nok både meir velspela, strammare dramaturgisk og meir forståeleg enn den andre som renn litt ut i inkje mot slutten. Men «Riv skiten» har likevel ein dimensjon som gjer at han er både underhaldande og ikkje minst ganske sjarmerande. Det skuldast fleire forhald. Øyvind Brandtzæg kan dette formatet, og har ei særs heldig hand med regien, og spesielt med personinstruksjonen. Madeleine Brandtzæg Nilsen og Marianne Meløy er proffe og er dei som i hovudsak driv oppsettinga framover med gode og energiske rolletolkingar. Det gjeld også fire til som er utdanna skodespelarar. Men det store fleirtalet på scena er amatørar, og spelet deira er overraskande bra der det blir spela med eit smittande overskot og speleglede. At framsyninga er så upretensiøs at forteljaren (Bendik Sjømæling Nordgaard) stoppar det heile når det tar til å regne, og tar seg tid til å dele ut regnponchoar før han set i gang att spelet, og det på eit vis som om det skulle vere del av oppsettinga, gjer det heile både meir sjarmerande og forsterkar metadimensjonen. Så når eg innerst inne eigentleg ville ha konkludert med at dette ikkje var all verda, så sit eg likevel att med ei nøgd kjensle av å ha kosa meg.

Og så må eg for eigen rekning legge til at for den som kjenner historia og vil høyre, var her undertekst som det kunne høve seg, men kanskje spesielt for dei innvigde. Då aktivistane på Bakklandet diskuterte kva dei skulle finne på, og eitt av forslaga var ein støttekonsert i Duedalen der Knutsen og Ludvigsen, Åge Aleksandersen og Heimevernslaget kunne spele, og mora til Vibeke seier noko om kor flotte avkomma til Heimevernslaget er, er det ei ytring dei fleste nok ikkje fatta djupna av, men som varma denne meldaren.

 

Ei framsyning som har alt

juni 19th, 2017

KOMMENTAR

ÅRETS BESTE: "Orlando" på Rogaland Teater fekk tre av dei gjævaste Hedda-prisane, og var nominert i sju av elleve kategoriar. Alt høgst fortent. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

ÅRETS BESTE: «Orlando» på Rogaland Teater fekk tre av dei gjævaste Hedda-prisane, og var nominert i sju av elleve kategoriar. Alt høgst fortent. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Tre hedda-prisar og sju nominasjonar til «Orlando» var høgst fortent.

Hedda-prisane er norsk teaters mest prestisjefylte utmerking, og blei delte ut ved ei høgtideleg markering på Oslo Nye Teater i går. I år var ikkje spenninga så mye knytt til kven som ville bli vinnarar, men i større grad til kor mange prisar produksjonen «Orlando» på Rogaland Teater ville ta heim. Framsyninga aspirerte til å gjere nærast reint bord ved å vere nominert i heile sju av dei elleve priskategoriane. Uakta kor mange prisar ho ville få, er det openbert at dette har vore årets framsyning. Og for meg som i si tid både såg og melde henne, var korkje dei mange nominasjonane, eller det faktum at ho til slutt fekk tre av dei gjævaste prisane noka stor overrasking. Tvert om.

«Orlando» byggjer på Virginia Woolfs roman frå 1928 om den unge adelsmannen og forfattarspira Orlando som var dronning Elisabeth den fyrstes yndling Han hadde to litt annleis eigenskapar enn folk flest ved at han for det første aldri blei gamal, og dessutan at han ein dag vakna opp som kvinne. Ved desse to grepa greidde Woolf både å seie mye om kjønnsidentitet og seksualitet, samstundes som ho ved å følgje Orlando gjennom nærare 500 år, fekk presentert historia mot eit bakteppe av eit utal ulike politiske retningar, moralnormer og kulturhistorie. Boka er blitt ein kultroman, og ho blei filmatisert av Sally Potter i 1992, ein film som fekk to oscar-nominasjonar. Men medan filmen først og fremst er vakker, tar Rogaland Teaters dramatisering oss i langt større grad attende til Virginia Woolfs opphavlege tematikk, det politisk-moralske, feminismen, det seksuelle. Teatret dyrkar og vidareutviklar dette, samstundes som dei også har greidd å gjere det særs underhaldande.

I Sigrid Strøm Reibos og Njål Helge Mjøs’ nyskriving, og i Reibos regi er «Orlando» ein kronologisk biografi der livet hans/hennar blir sett i relieff mot fleire hundreårs ulike kulturar. Sceneløysinga gir rom for og understrekar det omskiftelege, og den multimediale presentasjonsforma er ei saumlaus blanding av spel, musikk, koreografi og videoprojeksjonar. I kombinasjon med ei leiken og fullstendig uhøgtideleg haldning til seg sjølv har Reibo og Rogaland Teater skapt ei fengslande oppsetjing som likevel aldri går på akkord med det politiske og samfunnskritiske som heile tida får liggje i botn. Og med eit strålande ensemblespel leia av ei umåteleg overtydande og imponerande Nina Ellen Ødegård i tittelrolla, var det høgst fortent at «Orlando» fekk så mange prisar og nominasjonar.

(Kommentaren stod i Klassekampen måndag den 19. juni 2017)

 

Opning eller stengsel

juni 16th, 2017

TEATER

STENGSEL: Uakta kor transparent eit vindauge er, kan det likevel vere eit stengsel. FOTO: KRISTIN AAFLØY OPDAN

STENGSEL: Uakta kor transparent eit vindauge er, kan det likevel vere eit stengsel. FOTO: KRISTIN AAFLØY OPDAN

«Vinduer»
Det samiske nasjonalteatret Beaivváš i samarbeid med Hålogaland Teater
Premiere på Det Norske Teatret, scene 3
Av Veronica Salinas
Regi: Jon Tombre
Scenografi: Even Børsum
Med: Sarakka Gaup, Amalie Hyen Ju Eggen, Mariama Fatou Kalley Slåttøy, Beatur, Taro Vestøl Cooper og Felipe Orellana

Eit vindauge kan både vere ei opning mot verda og eit stengsel.

Det samiske nasjonalteateret Beaivváš ga publikum hakeslepp med oppsetjinga «Vidas Extremas» for eit drygt år sia, ei framsyning med tekstar av mellom andre Veronica Salinas, og som fekk ei høgst fortent Heddapris for «særleg kunstnarleg innsats» i 2016. I samband med Heddadagane (og for seint til å kome med i vurderinga for årets prisar) presenterer Beaivváš i samarbeid med Hålogaland Teater nok ei framsyning med tekstar av Salinas. Grunntemaet er migrasjon, eller meir prosaisk; forflytting, for dette kan vere så mangt, og i eit titals små, og ofte komiske tablå tar ho oss med til  Argentina, Karasjok, Japan, Island og Afrika.

Framsyninga heiter «Vinduer», og Even Børsums enkle, stilsikre, men likevel særs effektfulle scenografi er ikkje til å ta feil av. Fem vindauge i ein grid med open sceneløysing bak, og der vi ganske raskt forstår at eit vindauge ikkje berre er ei opning mot verda, eller eit høve til å få lufta ut, men også eit stengsel, og ei utstilling, og stundom kombinasjonar av alt dette. Bak desse vindauga, og stundom framom, møter vi ei rekkje ulike unge menneske som har det sams at dei vil vekk og til noko anna. Gjennom gode observasjonar og tidvis særs humoristisk og språkleg sikker tekst syner Salinas oss at både det trivielle og det særs alvorlege kan bli eksistensielt for den som står midt oppe i det. Ei scene med ei ungjente som ønskjer seg til Paradise Hotel og five minutes of fame står som ein sjølvironisk kontrast på kva einskilde i overflodssamfunnet opplever som viktig i ei verd der folk rett utanfor stuedøra forsvinn og blir drepne. I den tette og særs visuelle regien til Jon Tombre blir alt dette godt tatt vare på utan likevel aldri meir enn å indikere. Og ikkje mange er i stand til å lage så lyrisk og poetisk teater som Tombre når han er på det beste. Og det er han her.

Tekstane til Salinas går frå poesi via rap til slam-poesi, bloggtekstar og meir til, og er eit oppkome av litterær leikenheit, fulle av humor og undertekst. Jamvel om det er mye fysisk spel, greier dei seks på scena å ta godt vare på orda og poesien. «Vinduer» er blitt ei framsyning som på dyktig, kontrastfylt og lyrisk vis seier vesentlege ting om både ungdom og den verda vi lever i, og det er på same tid eit sterkt politisk teater og ei visuell og vakker oppleving.

 

Fiskepudding i sjokoladesaus

mai 17th, 2017

TEATERKONSERT

BURSDAG: Med desse tre musikalske skøyarane blir det eit selskap det verkeleg svingar av på Gamle scene. FOTO: ERIK BØRSETH, SYNLIG DESIGN

BURSDAG: Med desse tre musikalske skøyarane blir det eit selskap det verkeleg svingar av på Gamle scene. FOTO: ERIK BØRSETH, SYNLIG DESIGN

Rasmus og verdens beste bursdag
Trøndelag Teater, Gamle scene
Opplegg og regi: Ane Aass og Rasmus Rohde
Scenografi: Monica Nestvold
Med: Rasmus Rohde, Erlend Smalås, Kriss Stemland og Sissel Vera Pettersen saman med elevar frå Trondheim kommunale kulturskole.

Ein teaterkonsert til å bli i verkeleg godt humør av, og aldri har eg opplevd at det har svinga meir på Gamle scene.

Eg har vore i barneselskap og feira tiårsdag. Det skjedde på Gamle scene på Trøndelag Teater, og jubilanten var «Rasmus og Verdens Beste Band» som nå inviterte til «verdens beste bursdag», med teaterkonsert, plateslepp og salen stappfull av forventingsfulle og oppspilte ungar. Medan vaksne i finare åremålslag får kanapear og fancy forrettar, fekk vi, medan vi venta på å kome inn i salen, servert ein ganske uvanleg appetittvekkjar; – fiskepudding i sjokoladesaus. Det smakte litt annleis, og var kanskje typisk for Rasmus og det han står for, for her hadde han sett saman to heilt vanlege ting som vi ikkje er like fortrulege med å få på same asjett.

Rasmus Rohde, og verdas beste band, saman med Aass & Rohde Produksjoner har gjennom ti år, fire plater, to spelemannsprisar og mye meir gjort det til sitt varemerke å ta opp kvardagen til ungane, men ikkje alltid det vi snakkar mest om, lage ein varm og kanskje humoristisk vri, og gjere at også det vanskelege kan bli overkommeleg eller ufarleg. På slutten av fjoråret sette Rohde & Aass Produksjoner opp «Snøhula», ei juleframsyning som tok opp korleis det er å feire første jula som skilsmissebarn med berre ein av foreldra, ein produksjon som blir sett opp att under Heddadagane i Oslo i juni, og som her har mi varmaste tilråding.

Men fram til 9. juni inviterer Rasmus og bandet altså til bursdagsfeiring på Gamle scene, og til promotering av den nye plata deira; «Banjo på badet». Det er blitt ein triveleg, humoristisk og relativt upretensiøs teaterkonsert, men i tekstane til Rohde ligg alvoret aldri langt unna det skøyaraktige.  Her opnar han med ein nydeleg song om då mor og far møtte kvarandre første gong, før han går vidare og syng om gamle folk, om kyr og klegg, kva som skjer når cowboyar får baby, ein undrande song om kor ballongane blir av når dei flyg til værs og den elleville tittellåta om i kor godt humør folk blir av å høyre banjo. Og i salen blir vi alle i særs godt humør av å bli underhalde av desse musikalske speloppmakarane som trakterer eit utal instrument, og nokre av dei nokså aparte, og som gjer det med ei smittande speleglede. Med seg har dei også dyktige ungdomar frå Trondheim kommunale kulturskole på alt frå rytme- til strengeinstrument.

Men bursdagskonserten er ikkje berre feiring og skjemt, for bak dei fornøyelege tekstane og den fengande musikken, bak humoren og det lausslopne, ligg alvoret. I ein vakker, roleg ballade syng dei om den vesle guten  som ligg på stranda og som aldri kom dit han ønska seg. Utan noka form for moralisering eller freistnad på å vere korrekt eller pedagogisk, hentar  Rasmus Rohde tips og tilbakemeldingar frå ungane i salen, og pratar avslappa om likt og ulikt medan han greier å flette det saman med dei forskjellige songane. Og i salen kokar det etter kvart. Når Rasmus og bandet mot slutten dreg opp superhiten «Puppan te pappa», er heile salen med. For dette er openbert ein song dei er fortrulege med og kan på rams. Det er nesten surrealistisk når fullt av ungar står, dansar og veivar med armane medan dei syng så høgt dei kan om puppan te pappa. Eg har gjennom mange år sett meir enn hundre produksjonar på Gamle scene, men aldri noko som det har svinga meir av enn dette.

 

Indianaren i rommet

mai 13th, 2017

TEATER

FEST?: Henriette gjer alt for å lage ein fin fest, men kva er det CH har i tankane?. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

FEST?: Henriette gjer alt for å lage ein fin fest, men kva er det CH har i tankane?. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Indianeren»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Tore Renberg
Regi: Tore Renberg
Scenografi: Bjarne Frank Wathne
Kostyme: Ragnhild Anda Tengesdal
Lysdesign: Haakon Espeland
Musikalsk ansvarleg: Nils Henrik Aasheim
Med: Kjærsti Odden Skjeldal, Marko Kanic, Espen Hana, Mareike Wang, Gretelill Tangen og Filip J. H. Kilter/Lui S. Drabløs

Varmt og humoristisk om sakn, skuld og det ein ikkje snakkar om.

Tore Renberg har sia debuten i 1995 skrive eit titals romanar, og om lag like mange barnebøker. For to år sia debuterte han både som dramatikar og regissør på Rogaland Teater med komedien «Femti flotte år med Frode Kommedal». Nå er han attende med eit langt mørkare stykke der han ser til klassikarane både i oppbygging, tematikk, setting og meir til. Og nok ein gong har han sjølv regien. Det er blitt eit velspela og humoristisk drama om elefanten i rommet, eller i denne samanhengen indianaren i rommet; – den alle ser, men ingen snakkar om.

Vi er i den store hagen til familien Brede, eit gamalt og velståande, lite forretningsdynasti, for tida leia av Carl Henrik (Marko Kanic) eller CH som han kallar seg. Storebroren Johs (Espen Hana), er litt for enkel til å kunne drive forretning, slik han sjølv med stor eigeninnsikt seier det. Det er ein varm haustdag og eit piano blir trilla ut på plenen i høve feiringa av niårsdagen til Daniel, sonen i huset. Mora hans, Henriette, (Kjærsti Odden Skjeldal) gjer saman med Mabel (Gretelill Tangen), ei myndig hushalderske av det gamle slaget, dei siste førebuingane til festen, medan faren, CH, er travelt opptatt med litt kryptiske mobilsamtalar. Feirast skal det også at Johs har fått seg kjærast, den minst like enkle Irene (Mareike Wang). Renberg rullar ut ein toaktars cliffhanger der vi heile tida forstår at noko skal skje eller har skjedd, men ikkje kva. Historia tar stadig overraskande vendingar, og ikkje alt er slik vi trur. Eit lite minus er at finalen blir noko uforløyst, men det er absolutt  til å tole.

Tore Renberg er ingen røynd dramatikar eller regissør, men resultatet er likevel overtydande bra. Kanskje ikkje så rart, for han har lang fartstid i Barne- og Ungdomsteateret til  Rogaland Teater, og er meir enn klassisk skolert. Så er det også det klassiske drama han lener seg til denne gongen. I den velfungerande scenografiske løysinga til Bjarne Frank Wathne kan vi fort få assosiasjonar til Anton Tsjekhov. I denne settinga presenterer Renberg eit familiedrama som tematisk kan minne om både Edward Albees «Hvem er redd for Virginia Woolf» og Henrik Ibsens «Lille Eyolf», men utan på noko vis å kopiere. Hagen er eit lukka rom der vi har ein familie som ikkje er i stand til å prate saman, og der få vågar nemne det alle ser. Det er store løyndomar og såre sakn. Det meste er godt observert og attkjenneleg for dei fleste. Spelet er fullt av humor, varme og menneskeleg innsikt.

Varme og innsikt er det derimot ikkje mye av mellom CH og Henriette. Dei kommuniserer ikkje lenger medan dei andre i hovudsak er stillteiande lojale. Renbergs bruk av dei litt «enklare» Johs og Irene er gjort nennsamt og pietetsfullt og får fram ein varm og ikkje minst humoristisk dimensjon, eit lite stykke i stykket, samstundes som dei to lettare kan seie ting som dei er. At Espen Hana og Mareike Wang gjer formidable og velbalanserte rolletolkingar forsterkar dette. Wangs framføring av «The fool on the hill» var for øvrig til å grine av. Multitalentet Renberg er også tidlegare musikar, og her nyttar han med stort hell fleire pianostykke av Harald Sæverud for å setje den rette stemninga. Ensemblespelet, som er Rogaland Teaters særmerke, er som vanleg særs godt, og nyanse- og detaljrikdomen i rollene er stor. Dette gjeld særleg Kjærsti Odden Skjeldal i hovudrolla som Henriette, ei omfattande og tekstrik rolle ho blei kasta inn i berre ei dryg veke før premiere, og som ho tolkar overtydande og sikkert.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 13. mai 2017.)

Desperasjonens poesi

mai 9th, 2017

TEATER

 SKJØR: Laura legg seg på ei hylle under alle dei andre glasfigurane. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL


SKJØR: Laura legg seg på ei hylle under alle dei andre glasfigurane. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Glassmenasjeriet»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Tennessee Williams
Omsett av Inger Hagerup
Regi: Victoria Meirik
Scenografi og kostyme: Susanne Münzner
Lysdesign: Trygve Andersen
Med: Mette Arnstad, Svein Solenes, Ingrid Rusten og Hadle Lavold Reisæter

Vakkert, men litt sprikande om menneske bundne til kvarandre og sin eigen lagnad.

Den amerikanske draumen er i dag berre ein fjern illusjon for dei aller fleste i USA. Slik var det også i 1930-åra. Det er denne røyndomen Tennessee Williams tek oss attende til i «Glassmenasjeriet», eitt av verdas mest spela drama, der vi møter ein liten dysfunksjonell familie, ei mor og to heimebuande vaksne barn, låste fast til kvarandre, og i desperat lengt etter noko betre. Det er ei vond og vakker historie som også er sterkt sjølvbiografisk, skriven av han som til slutt kom seg ut og opp.

Eigentleg er dette ei retrospektiv forteljing der sonen i huset, Tom Wingfield (Svein Solenes) i særs poetiske vendingar ser attende på tida då han arbeidde på eit skolager, hata jobben og skreiv dikt i løynd. Forholdet til den litt funksjonshemma og særs sky systera, Laura (Ingrid Rusten) gjer at han let vere å bryte ut. Inntil vidare. Laura får dagane til å gå ved å samle på glasfigurar som er like skjøre som ho sjølv. I heimen regjerer den særs monomane mora (Mette Arnstad), ein bitter livsløgnar, og i eigne auge ein fallert diva. Løysinga for dei alle er å få Laura gift, og ein dag dukkar endeleg «den unge mannen» Jim (Hadle Lavold Reisæter) opp.

I dette tette kammerspelet får vi eit innsiktsfullt, nært, poetisk og sårt bilde av desillusjonerte og desperate menneske, bundne til sin eigen lagnad. Victoria Meirik har saman med  scenograf Susanne Münzner omskapt Teaterhallen til eit heilt alminneleg forsamlingslokale der vi stundom får kjensla av at vi er deltakarar på prøvene og ikkje sjølve oppsetjinga. Miksebordet står midt i rommet, og det er stor avstand frå publikum til den litt opphøgde scena. Og heile tida blir framsyninga avbroten av scenetilvisingar. Det skapar rett nok brot frå illusjonen, men samstundes også ein ganske øydeleggjande distanse til dei særs nære forholda som stykket omhandlar.

Alle dei fire på scena gir gode rolletolkingar, og særleg er Mette Arnstad overtydande som mora. Sjølvopptatt og dominerande lever ho i ein draum om noko som var. Arnstad er intens og infam, og syner kor øydeleggjande manglande sjølvinnsikt kan vere. Den menneskelege detaljrikdomen som Tennessee Williams er ein meister på, blir godt ivaretatt både av regi og dei fire på scena, særleg i det vakre møtet mellom Jim og Laura. Men Meiriks hovudgrep er vanskelegare å fatte, for tidvis er det slik at dei fire aktørane nesten spelar i kvart sitt stykke. Og med dagens situasjon i USA finn eg det litt merkeleg at ein ikkje eingong indikerer likskapen med Tennessee Williams’ 30-tal.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 9. mai 2017.)