Archive for the ‘Teater’ Category

Marionetten Alberte

tirsdag, april 19th, 2016

TEATER

FRIDOM: Alberte er gitt eit liv som ei tvangstrøye, men var livet særleg friare for Sara og Cora? FOTO: ØYSTEIN EUGENE HERMSTAD

FRIDOM: Alberte er gitt eit liv som ei tvangstrøye, men var livet særleg friare for Sara og Cora? FOTO: ØYSTEIN EUGENE HERMSTAD

«Cora og friheten»
Nord-Trøndelag Teater, Festiviteten, Levanger
Av: Jorun Thørring
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Med: Liv Hege Nylund, Wenche Strømdahl og Janne Kokkin

I kor stor grad er vi fri til å skape våre eigne liv?

Sara Fabricius med forfattarpseudonymet Cora Sandel skreiv seg i mellomkrigstida inn i den norske litterære kanon med trilogien om Alberte. Bøkene handlar om ein kvinneleg kunstnars liv frå oppvekst i Tromsø til mange år i Paris og etter kvart heime att i Norge, og er nok sterkt sjølvbiografiske. Nå har Jorun Thørring tatt tak i Alberte-trilogien og skrive inn eit møte mellom dei tre kvinnene Sara, Cora og Alberte der dei konfronterer kvarandre med val og levd liv. Og i Rita Abrahamsens regi var det urpremiere på Nord-Trøndelag Teater i Levanger laurdag.

Jorun Thørring er lege, men har dei siste ti åra også hatt stor suksess som kriminalforfattar der ei av bøkene hennar (Glassdukkene) alt er filmatisert. Men dette er første gong ho skriv for scena. Ho har laga ei historie der vi parallelt følgjer alle dei tre kvinnene frå Tromsø til Paris og vidare gjennom livet. Men først og fremst med vekt på tida i Paris, og dermed den andre boka i trilogien, «Alberte og friheten». Sara (Wenche Strømdahl), Cora (Liv Hege Nylund) og Alberte (Janne Kokkin) går om kvarandre på scena, kommenterer, utdjupar, stiller spørsmål og konfronterer i eit handlingsforløp som går relativt saumlaust fram og attende i tid.

Det blir eit interessant metateater når Alberte alt frå starten gjer opprør mot forfattaren som har latt henne gå femten år og vansmekte i Paris. Det er eit godt grep, og ei lovande opning. Samtalane og møta mellom dei tre kvinnene, som kanskje er sine eigne alter ego meir enn tre ulike personar, dreier seg i stor grad om fridomsomgrepet, og i denne samanhengen blir Alberte den mest interessante fordi ho i motsetnad til dei to andre ikkje har fått nokon fri vilje. Stykket utforskar nok også i kor stor grad omstenda ga Cora og Sara særleg fridom, men dette blir meir uforløyst.

Dei tre på scena er trygge i rollene, men innimellom er det litt uklårt kva som er skilnaden mellom Sara og Cora. Alberte er den tydelegaste, og også den som har fått mest å spele på, men dette blir likevel ikkje nok til å fylle ei forteljing som med fordel kunne ha vore stramma opp dramaturgisk. Thørring har skrive inn mye god dialog, men både den og dei mange viktige omdreiningspunkta blir diverre etter kvart meir repeterande enn klårgjerande.

«Cora og friheten» er  ein samproduksjon med Trøndelag Teater, og skal turnere i Nord-Trøndelag ut april før han blir sett opp i Trondheim til hausten.

 (Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 19. april 2016.)

Hairy tales of Lisa Lie

mandag, april 18th, 2016

TEATER

HÅR: Ei i dobbel og positiv tyding hårete framsyning der Hildegunn Eggen får vise kor mangfaldig ho er som skodespelar. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

TO BLIR EITT: Skilde siamesiske tvillingar freistar å bli eitt att. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

«Det er bedre å kappe det av enn å gå gjennom livet »
Trøndelag Teater, Studioscena
Basert på tekstar av Lisa Lie
Dramatisering: Ole Johan Skjelbred og Elisabeth Egseth Hansen
Regi og scenografi: Ole Johan Skjelbred
Kostyme: Ane Aasheim
Med: Kathrine Thorborg Johansen, Karl-Vidar Lende og Hildegunn Eggen

Ei eventyrleg reise gjennom Lisa Lies mangfaldige univers.

 

Ole Johan Skjelbred hausta stor fagnad då han for to år sia sette opp Herman Melvilles «Moby Dick» og Arne Lygres «Dager under» på studioscena på Trøndelag Teater. Med «Moby Dick» greidde han også å redusere manuset frå 750 til 42 sider utan på noko vis å gå på akkord med innhaldet. Nå er han attende på same scene og i same ærend når han med utgangspunkt i tekstar av Lisa Lie har laga ei oppsetjing med den uhandterlege tittelen «Det er bedre å kappe det av enn å gå gjennom livet». For dei som etter kvart er blitt fortrulege med og glade i Lies univers, er dette blitt eit gjenkjenneleg, men likevel nyskapande teater som er forbausande tru mot opphavet.

Utgangspunktet er ei rekkje tekstar av Lisa Lie. Som ofte elles, hentar ho historier frå folkeeventyra. Den største utfordringa denne gongen er at tekstane i liten grad heng saman, og at det ikkje er noko tydeleg narrativ. Men på eit forunderleg vis har Skjelbred og dramaturg Elisabeth Egseth Hansen greidd å sy tablåa saman til ei slags forteljing, og i tillegg skapt ei rekkje nye situasjonar. I den grad det er noka historie, møter vi Rød, Snø og Dø i ein slags parafrase over Rødhette og Ulven. Rød (Kathrine Thorborg Johansen) og Snø (Karl-Vidar Lende) er siamesiske tvillingar, og ved ei eller anna stor og uforklarleg ulukke blir dei skilt. Rød veks opp med bestemora (Hildegunn Eggen) medan Snø blir sendt vekk og endar som prostituert. Banda er likevel sterke, og etter lang tid møtest dei att for å freiste å vekse saman. Det går sjølvsagt ikkje bra.

Men denne oppsetjinga er så frodig, mangefasettert og oppfinnsam at historia om Rød og Snø  knapt er meir enn eit rammeverk. I dette universet, der det meste blir snudd og vrengd, får vi kanskje mest eit usminka bilde på det kaotiske livet og korleis det kan arte seg for menneska. Slik sett er det djupt eksistensielle saker som blir presentert, men i denne i dobbel tyding særs hårete framsyninga, må du ikkje leite etter meining, men i staden la deg rive med i assosiasjonsrikdomen, metaforane og humoren. Lisa Lie er kunnskapsrik og klassisk skolert, så her er eit utal referansar til alt frå Platons tekstar om det androgyne mennesket til det litterære og populærkulturelle.

HÅR: Ei i dobbel og positiv tyding hårete framsyning der Hildegunn Eggen får vise kor mangfaldig ho er som skodespelar. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

HÅR: Ei i dobbel og positiv tyding hårete framsyning der Hildegunn Eggen får vise kor mangfaldig ho er som skodespelar. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

Ole Johan Skjelbred har sjølv stått for scenografien som i hovudsak er særs mye hår, men som på enkelt og kreativt vis skapar dei naudsynte romma. Personinstruksjonen hans er framifrå, og dei tre på scena er i toppslag. Hildegunn Eggen syner nok ein gong at ho er ein av landets beste skodespelarar, og denne gong i ei rolle som er langt frå det vi er vande med. Når ho deklamerer ein del av lyrikken og onelinerane til Lie, er dei små frodige gåver til publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. april 2016.)

Meløya rundt på 80 minutt

onsdag, april 13th, 2016

TEATER

FOTTUR: Til tonefølgje av Trygve Brøske tar Marianne Meløy oss Meløya rundt og vel så det på åtti minutt. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

FOTTUR: Til tonefølgje av Trygve Brøske tar Marianne Meløy oss Meløya rundt og vel så det på åtti minutt. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

«Bunnlinja»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Marianne Meløy og Trygve Brøske
Regi: Ivar Tindberg
Lysdesign: Tommy Geving
Med: Marianne Meløy og Trygve Brøske

Ein spasertur Meløya rundt handlar eigentleg om refleksjonar rundt livet og trivielle mellommenneskelege forhold.

I samband med røysterettsjubileet for tre år sia, sette Marianne Meløy og Trygve Brøske opp ein fleirstemt monolog dei kalla «Stemt» der Meløy drog til heimplassen sin i Vesterålen og presenterte eit kakofonisk kor av mange ulike røyster der alle song med sitt nebb.

Nå er Brøske og Meløy attende med ein ny kabaret/monolog som dei kallar «Bunnlinja». Nok ein gong blir vi tatt med til Meløya, eit lite øysamfunn med rundt førti menneske som, skal vi tru Marianne Meløy rett, alle er ganske særprega. Bakgrunnen er ein augustdag for eit par år sida då faren til Meløy inviterte henne på ein spasertur øya rundt dagen før han skulle til Tromsø for å ta ein bypass-operasjon. Eller som han på meløysk vis først kalla playoff-operasjon, før han retta det til playboy-operasjon. Det blir ei humoristisk og lettare nostalgisk reiseskildring der assosiasjonane og digresjonane er uendeleg mange, og der dei møter nesten heile persongalleriet på Meløya og nokre til før dei har unnagjort runden.

For alle som kjenner Marianne Meløy frå scena eller som kåsør i «Norgesglasset» på NRK, veit dei at hjå henne er figurane fargerike, komikken stor og forteljingane tidvis ganske burleske. På denne litt kontemplative vandringa dagen før det som kunne bli farens endelikt, fabulerer dei over gamalt og nytt, om verdssituasjonen, krig og miljø, om ærfugl eller mink, om kunnskap og innovasjon, og om alt det nye eigentleg er til det beste. Og i tråd med tittelen kjem det også inn ein samfunnsøkonom som finn Marianne Meløy lite berekraftig og særs ulønnsam. Alt dette framfører ho sjølv i eit stort tempo medan ho hoppar ut og inn av roller, kjønn og dialektar. Mye blir sunge, og Trygve Brøske akkompagnerer det heile, og syng tidvis med.

I løpet av ein dryg time er vi innom det meste og vel så det, og der Meløya nok er ein metafor for den store verda. Det er humor så det held, god underhaldning, og folk i salen ser ut til å more seg. Men i staden for å gå øya rundt over stokk og stein, kunne Meløy kanskje ha freista i større grad å følgje ein sti og ikkje ha riktig så mange sidesprang. Ein time og tjue minutt med presentasjon av komiske figurar, tankespinn og ein god porsjon overspel, kan bli i meste laget.

(Meldinga i litt endra form stod i Klassekampen tysdag den 12. april 2016.)

Innsikt og refleksjon

mandag, april 11th, 2016

TEATER

GRAVFERDSSONGAR: Frå eit typisk narkomøbel framfører Joachim personlege og vakre gravferdsballadar frå han som overlevde. FOTO: DAG JENSSEN

GRAVFERDSSONGAR: Frå eit typisk narkomøbel framfører Joachim personlege og vakre gravferdsballadar frå han som overlevde. FOTO: DAG JENSSEN

 «Fire begravelser og ett bryllup»
Teater Ibsen, Skien
Av: Morten Joachim
Regi: Aslak Moe
Scenografi: Hans Georg Andersen
Med: Morten Joachim

Ei sterk og sjølvbiografisk historie, formidla klokt og med stor innsikt.

Morten Joachim er instruktør og dramatikar. Han er ikkje skodespelar. Likevel står han nå åleine på scena og gjer sitt livs rolle. Han spelar seg sjølv. Joachim tilbrakte dei første vekene av livet i kuvøse på grunn av heroinabstinensar. Han vaks opp hjå mormora, medan den biologiske faren sat i fengsel, og med mor og stefar som narkomane. I vaksen alder, men ennå relativt ung, opplevde han i løpet av få år først at den tre år yngre broren døydde på grunn av ein overdose, for så å miste både dei biologiske foreldra og stefaren. Joachim har hatt ein ganske spesiell oppvekst, og nå har han sjølv skrive og dramatisert si eiga historie, og presenterer ho i eit intenst og gripande forteljarteater. Klokt, reflektert og heldigvis også med mye humor.

Det er mange som har nytta ulike kunstnarlege media som romanar, film eller drama for å arbeide seg ut av eiga sorg eller traume. Men der er ikkje Joachim. Det stadiet har han passert for lengst, og her får vi i staden ein uvanleg reflektert og innsiktsfull rapport om oppvekst og liv saman med tungt rusavhengige familiemedlemmar.

Scena er relativt nake, eit draperi, ein gitar og ein reclinar i svart skinnimitasjon, i følgje Joachim det typiske narkomøbel. Utan noko å stø seg til, fortel han personleg, innlevande og særs nært, men aldri spesielt privat og utan noka form for føleri, om livet sitt. Vi tar til når han anar uråd og bryt seg inn hjå stefaren for å finne han død, før han hoppar fram og attende i sitt eige liv og historie og fortel inngåande, men med både distanse, varme og empati  om bestemora som freista å gi guten eit godt fundament, men som ikkje alltid gjorde rett, om foreldra og stefaren, og om tilhøvet til den yngre broren. Han går nært innpå dei alle, men med unntak av seg sjølv, er han likevel aldri utleverande. Mot seg sjølv er han derimot nådelaust ærleg. Heilt nøkternt fortel han om dei to reaksjonsmønstra han vekslar mellom, det bereknande, og det emosjonelle.

Livet hans har openbert vore motsetnadsfylt, og denne dualismen gjer framsyninga tidvis også ganske humoristisk. Først og fremst greier han å halde ein god balanse ved at presentasjonen på same tid både er særs nær og personlig, men likevel held den naudsynte reflekterande distansen. Men også andre kontrastar står i kø. Her er sinne og kjærleik, styrke og avmakt, sorg og humor i ei blanding dei fleste av oss heldigvis er skåna for.

Joachim er ikkje skodespelar, og freistar heller ikkje å framstå som det. I staden spelar han på autentisitet og å vere nådelaust ærleg. Sceneskifta skjer ved enkel lyssetjing og små forflyttingar på scena, og når det tragiske tar til å bli for sterkt, set han seg med gitaren og framfører nydelege balladar han har laga til dei ulike gravferdene.

«Fire begravelser og ett bryllup» er blitt ei uvanleg sterk forteljing om dei som blei for svake til å overleve. Mantraet er at same kor mye hjelp du får, må du likevel vere sterk nok til å fikse livet ditt sjølv. Framsyninga blir nå vist i Skien i to veker for så å turnere i Telemark ut april. Men, hallo Riksteatret og alle institusjonsteatra våre: Dette er ei teateroppleving som fortener eit langt større publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. april 2016.)

Farleg kunnskap?

tirsdag, mars 15th, 2016

TEATER

LOOKALIKES: Er dette Einstein, eller berre ein som latar som? FOTO: ESPEN STORHAUG

LOOKALIKES: Er dette Einstein, eller berre ein som latar som? FOTO: ESPEN STORHAUG

«Fysikerne»
Nord-Trøndelag Teater, Verdal
Av: Friedrich Dürrenmatt
Regi: Arvid Ones
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Ole Christian Gullvåg, Lars Jacobsen, Daniel Karlsson, Jorunn Kjellsby, Tore B. Granås og Siri Schnell Juvik

Ein overspela komedie med sterke politiske undertonar, men som brukar alt for lang tid på å kome til poenga.

 

Då den tysk-sveitsiske dramatikaren Friedrich Dürrenmatt skreiv «Fysikerne» i 1962, var det med Cubakrise, kald krig og atomtrugsmål som bakteppe. Stykket er ein absurd komedie med særs alvorlege undertonar om moralske imperativ, og om vitskapens, og spesielt fysikaranes, ansvar for bomba og menneskas framtid. Sjølv om vi kanskje er på veg inn att i ein kald krig, og atomtrusselen framleis er til stades, har nok mye av tematikken likevel gått frå denne komedien på dryge femti år, i alle fall slik han blir presentert på Nord-Trøndelag Teater.

Vi er på ein privat psykiatrisk institusjon oppe i den sveitsiske fjellheimen der tre fysikarar er innlagde, Möbius som har direkte kontakt med Kong Salomo, ein som påstår han er Albert Einstein, og ein som hevdar å vere Sir Isac Newton, men som vedgår at han i røynda er Einstein. I denne institusjonen, leia av ein tilsvarande gal psykiater, blir pleiarane myrda ein etter ein, og stykket tar til som ein litt absurd kriminalkomedie. Det er uråd å vite kven som er kven, og kven som er gal og ikkje, og plottet er ganske kaotisk. Det er vanskeleg å forstå kva dette dreier seg om og framføringa er i tillegg temmeleg overspela.

I andre akt syner det seg at ikkje noko er som vi trur, og at dette i realiteten dreier seg om fysikarar som sjølve forstår at dei kan vere livsfarlege menneske med den kunnskapen dei har, og at det difor er tryggast å gå i friviljug eksil, eller asyl. Med andre ord at det er kunnskapen som er farleg, og ikkje bruken av han.

Gjermund Andresen har laga ein velfungerande scenografi som gir rikeleg høve til dei mange sceneskifta. Men regien til Arvid Ones er ikkje like vellukka. Framsyninga brukar alt for lang tid på å kome til poenga, og på vegen dit er ho skjemma av for mye overspel sjølv om Ole Christian Gullvåg er ganske overtydande som Möbius. Oppsettinga er heller ikkje spesielt humoristisk. Ein komedie skal vel vere artig sjølv om han har dystre undertonar?

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 15. mars 2016.)

Undring og fantasi

mandag, mars 14th, 2016

TEATER

FLYG: Klara (Hilde Stensland) tar oss med på ei reise i undring, fantasi og litt redsle. FOTO: TINA DITLEFSEN, NORDLAND TEATER

FLYG: Klara (Hilde Stensland) tar oss med på ei reise i undring, fantasi og litt redsle. FOTO: TINA DITLEFSEN, NORDLAND TEATER

«Kant»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Agneta Elers-Jarleman, basert på Jon Fosses roman
Regi og bearbeiding: Ingvild Marie Lien
Scenografi, lysdesign, video og kostyme: Anastasia Isachsen
Musikk: Gunnar Edander, Sissel Brean Hovind og Frode Fridtjofsen
Med: Hilde Stensland og Brage Bang

Ei vakker og poetisk reise inn i eit undringas landskap.

 

Aldri er vi meir grunnleggjande filosofiske enn som barn. Vi undrar oss, stiller vanskelege og eksistensielle spørsmål, og lar fantasien råde. Slik er det også med Klara (Hilde Stensland). Ho er sju år, bur saman med faren, medan den kreftsjuke mora er på sjukehuset for truleg aldri å kome heimatt. Klara skal leggje seg, men er redd for kjemper, og for at ho sjølv kanskje berre er ein draum i hovudet til kjempa. Samstundes har ho høyrt at verdsrommet er uendeleg, og undrar seg over at universet er slik når alle andre kjente former, som senga og bordet har ein ende, eller ein kant. I naborommet sit faren (Brage Bang) og les filosofiske tekstar av nettopp Kant. Rundt dette vesle ordspelet har Fosse og Elers-Jarleman laga ei lita filosofisk undringsreise, poetisk og særs vakkert framført. Målgruppa er Klaras eigne, frå fem år og oppover, men forholdet til faren, og bakteppet med den døyande mora, gjer dette så universelt at vaksne har like stort utbytte av framsyninga.

Vi er i soverommet til Klara, ho skal leggje seg, men ser både kjemper, mora og ikkje minst universet. Med stor innleving i den barnlege fantasien gir Hilde Stensland oss ei litt redd, men først og fremst undrande lita jente som sjølvsagt gjer alt anna enn å sovne, og som til slutt må få faren på banen for å svare på spørsmåla sine. Det kan han berre delvis, og det gir framsyninga ein ekstra dimensjon at også vaksne er usikre og til og med litt redde av og til.

Scenografien er Klaras soverom, tilsynelatande enkel, men golvet er ein sinnrik stjernehimmel full av galaksar, og nydeleg videobruk gjer veggane til projeksjonar av skumle kjemper, mora og universet. Eit vakkert, litt repeterande lydbilde gir i tillegg inntrykk av det uendelege, og er med på å understreke det poetiske i framsyninga.

I Ingvild Marie Liens regi er det lagt vekk på fantasi, fabulering og spørsmål, og utan dei store dramaturgiske grepa. Dei minste i salen sleit nok litt med konsentrasjonen, men mye humor samt Hilde Stensland særs intense, og sterkt fysiske spel vog i stor grad opp for dette.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. mars 2016.)

Ei tunn historie

onsdag, mars 9th, 2016

TEATER

STORSLÅTT: Flott scenografi og dyktig framføring, men inga historie å fortelje. FOTO: KIM RAMBERGHAUG

STORSLÅTT: Flott scenografi og dyktig framføring, men inga historie å fortelje. FOTO: KIM RAMBERGHAUG

«Vår! en musikalsk fantasi»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Regissør og ensemble
Regi og koreografi: Erlend Samnøen
Scenografi og kostyme: Signe Becker
Videodesign: Marte Vold
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Med: Ingrid Bergstrøm, Tor-Ivar Hagen, Helle Ottesen m. fl.

Påkosta og storslagent, men på kunstnarleg sparebluss

Trøndelag Teater har tradisjon for å spele vår musikal, og det har vore mye likt og ulikt. Men dei siste åra har dette betra seg. Både importerte Broadwaysuksessar og heimelaga produksjonar er presentert så profesjonelt og overtydande at Trøndelag Teater for lengst har utfordra Det Norske Teatret som landets fremste musikalscene. Årets produksjon er i så måte eit stort kunstnarleg kvileskjær. I staden for ein ny musikal, har teatret tatt for seg ulike songnummer frå eit femtentals tidlegare produksjonar. Musikalsk og spelemessig er dette topp, men historia dei har freista å sy det saman med, held ikkje mål. Ein rein konsertversjon hadde vore betre.

Det opnar rett nok særs lovande med Helle Ottesen, teatrets og musikalanes sjuande mor i huset, som roleg, ekstremt roleg, stavrar rundt på scena i openberr undring over kva som har skjedd med teatret. Smakfulle videoprojeksjonar på halvtransparente draperi med flashbacks til musikalnummer dannar bakteppet før det syner seg at settinga ikkje er musikalen, men premierefesten etterpå. Vårmusikalane er ein hyllest til våren, livet, sola, kåtskap, båtpuss og utepils, men her blir det ein premierefest som endar i eit dårleg nachspiel. Historia er rett og slett inga historie, og Helle Ottesens rolle, som kunne ha vore spennande å gjere meir ut av, blir berre små tablå i ei elles ganske intern metaframsyning der korkje humor eller andre poeng er dyrka fullt ut.

Det er synd at teatret ikkje har arbeidd meir med det narrative, for det øvrige er særs godt gjennomført. I ei scenografisk løysing som veks seg meir og meir omfattande har Signe Becker laga ei stil- og smakfull ytre ramme, og under særs kyndig musikalsk leiing av Åsmund Flaten gir det dyktige orkesteret utmerka tonefølgje til dei mange song- og dansenumra som blir framført av kompetente aktørar på alle nivå, men der særleg dei mest komplette musikalartistane, Helle Ottesen, Tor-Ivar Hagen og Ingrid Bergstrøm får briljere.

Om historia var tunn, var her likevel tilløp til fine innslag, som ein artig intern kamp mellom to Annie get your gun-artistar, og ein versjon av «Å, e kjenne en kar» der Bør Børson fekk velje mellom eit utal kvinnelege beilarar. Men tilløp er ikkje nok, og sjølv om dette var både underhaldande og godt framført, burde det ha vore arbeidd meir med det narrative.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. mars 2016.)

Johanna frå kjærleikens armé

mandag, februar 29th, 2016

TEATER

SLAGORD: Det er ikkje berre parolane som er insisterande i denne oppsetjinga. FOTO: ARILD MOEN

SLAGORD: Det er ikkje berre parolane som er insisterande i denne oppsetjinga. FOTO: ARILD MOEN

 «Den hellige Johanna fra slaktehusene»
Teatret Vårt
Av: Bertolt Brecht
Regi: Angelina Stojčevska
Komponist og musikalsk ansvarleg: Alf Lund Godbolt
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Heidi Ruud Ellingsen, Melina Tranulis, Vivi Sunde, Marte Mørland, Petter Winther Gåre og Bjørnar Lisether Teigen

Ei overspela og karikert modernisering som ikkje gir ny innsikt.

Då Bertolt Brecht skreiv «Den hellige Johanna fra slaktehusene» rundt 1930, var det som ein moderne parafrase over den franske fridomsheltinna Jeanne d’Arc. Staden er Chicago der eit mektig kartell har kontroll både over slaktehusa, tilgangen på kveg og arbeidaranes lønsvilkår, og dermed også tilgangen på mat. Pierpoint Mauler er den kyniske leiaren som ser menneska som råvarer på same vis som dyr og korn. Johanna Dark, leiar for «Svartkysene», ein slags frelsesarmé, er Maulers rake motseiing, ei djupt religiøs kvinne som set seg føre å betre tilhøva for dei 70 000 som er blitt arbeidslause, men som også har ei naiv tru på at det går å endre haldninga til Mauler. Som Jeanne d’Arc, blir Johanna ein martyr, og ein naiv og uskuldsrein Mor Theresa blant kyniske fabrikkeigarar og ein arbeidarklasse som heller ikkje er Guds beste barn. Og ho lukkast ikkje i forsettet sitt. Om temaet er dystert, er teksten likevel full av humor. Stykket blei framført som radioteater i 1931, men blei ikkje uroppført på ei scene før i 1959. Her heime er det ikkje spela på eit institusjonsteater på meir enn femti år.

Nå har Teatret Vårt i Molde funne at finanskriser og det stadig meir brutaliserte arbeidslivet gjer at tida er mogen for å setje det opp att, og har fått den nyutdanna regissøren Angelina Stojčevska til å bearbeide teksten og ha ansvaret for regi. Det er blitt ei rå og kraftig modernisering der «Svartkysene» er eit heavyrock-band, ikkje spesielt religiøse, men representantar for kjærleikens armé. Dette er kampen mellom dei grådige og dei gode, og Johanna har framleis klokkartru på at ho skal kunne vinne inn til Maulers hjarte og eventuelle moral. Stojčevska nyttar mange av regigrepa til Brecht ved stadige illusjonsbrot der skodespelarane vender seg til publikum og fortel kva som skal skje. Mye av humoren har ho også tatt vare på. Og ho har fått Alf Lund Godbolt til å skrive ny musikk.

I eit relativt nake scenerom med berre rigg for instrumenta, men der scenografien i staden blir skapt av Ingrid Skanke Høsøiens gode lyssetting, blir det spela i høgt tempo og med tilsvarande volum. Rollelista er skore ned til under halvparten, og med det er også det  verkelege bakteppet, arbeidarklassen, blitt staffasje og i hovudsak berre representert ved ei overspela og sterkt klisjéfylt rolle. Stojčevska har valt å konsentrere seg om forholdet mellom Johanna (Heidi Ruud Ellingsen) og Mauler (Marte Mørland). Men ved å gjere arbeidarane til kulisser, mistar oppsetjinga også truverd. Der Brecht gjennom spel og handling syner oss det politiske bakteppet, blir denne framsyninga i staden berre påståeleg og insisterande fylt av tome slagord og parolar. Det er også vanskeleg å få grep om kven Johanna eigentleg er. Som leiar for kjærleikens armé framstår ho i første akt nærast som ein representant for New age og vekkingsideologi der ho manar publikum til å kjenne krafta frå kjærleiken. Først i finalen får vi innblikk i det verkelege programmet hennar, forsterka med epilogen om at det ikkje held å vere god, – du må freiste å gjere verda god.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. februar 2016.)

 

Akrobatikk og action

mandag, februar 29th, 2016

TEATER

ACTION: Spektakulære kamp- og fektescener som her mellom Peter og kapteinen. FOTO: GISLE BJØRNEBY

ACTION: Spektakulære kamp- og fektescener som her mellom Peter og kapteinen. FOTO: GISLE BJØRNEBY

«Peter Pan»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: James M. Barrie
Omsett av Ine Camilla Bjørnsten og Kristoffer Jørgensen
Regi: Bjørn Ravn Carlsen
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Koreografi: Kristoffer Jørgensen
Komponist: Janove Ottesen
Lysdesign: Thomas Bendiksen
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Med: Sondre Pettersen, Rebekka Nystabakk, Trond Peter Stamsø Munch, Kristian Fr. Figenschow jr, Guri Johnson, Joakim Thrane m. fl.

Ei spektakulær, actionfylt og tidvis ganske skummel framsyning, politisk litt ukorrekt, surrealistisk og spela noko over stokk og stein, men særs sjarmerande og underhaldande.

Historia om Peter Pan skriv seg frå bøkene til den skotske forfattaren J. M. Barrie, og skodespelet hans frå 1904. Peter stakk av frå foreldra då han var nyfødt i redsle for å bli vaksen og bur i draumelandet «Aldriland» saman med attgløymde barn, alvar, indianarar, piratane til Kaptein Krok og ein diger krokodille. Hit hentar han ungjenta Wendy og dei to syskena hennar for å vere mor og fortelje eventyr. Historia har mange lag, og for ungane er det ei magisk draumeverd med mye skummel spenning. For oss vaksne handlar det om menn som ikkje vil bli vaksne og ødipale morsbindingar. Historia er dramatisert og filmatisert mange gongar, og diverre er det Disneyversjonen frå 1953 som i alt for stor grad har fått eigarskap til Peter Pan og universet hans.

Hålogaland Teater har vore tru mot alle aspekta i den originale historia, og vel så det. Teatret har gjort det til varemerke å lage politisk ukorrekt teater for dei yngste, og slik også her, for dette er barneteater på syre. Ine Camilla Bjørnsten og Kristoffer Jørgensen har omsett teksten til eit leikent språk fullt av ordspel og gags, og der dei mange erotiske undertonane er godt tatt vare på. Even Børsum har saman med lysdesignar Thomas Bendiksen skapt eit fantasifullt scenerom med mye saumlaus veksling og utsøkt bruk av både rekvisittar og dreiescene. Og med akrobatisk draghjelp av stuntgruppa «Arctic Action» blir det store spektakulære slagscener mellom Kaptein Kroks piratar og alle dei andre. Ny musikk av Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra er også med på å skape dei rette stemningane.

I Bjørn Ravn Carlsens regi er det skapt eit mangefasettert univers med fleire historier og hovudroller. Peter (Sondre Pettersen) er både helt og litt stusseleg, og denne dualiteten tar han godt vare på. Wendy (Rebekka Nystabakk) er ei jente på terskelen til å bli vaksen, representerer fornufta, og får godt fram også dei underliggjande kjenslene i forholdet til Peter. Men sjølv om piratane er dei verkelege skurkane, er dei likevel så sjarmerande, og i røynda ufarlege, at dei stel mye av showet. Trond Peter Stamsø Munch som Kaptein Krok eig scena, er gjennomgåande vond, men likevel ikkje utan sjarm og humor, og i finalen viser han seg som ein mann av ære. Og så er Bill, er den ynkelege assistenten hans (Kristian Fr. Figenschow jr.) ei lita komisk framsyning i seg sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. februar 2016.)

Fiksjon eller fantasi?

mandag, februar 8th, 2016

TEATER

DUELL: Møtet mellom Eichmann og dommaren blir meir ein duell enn ein samtale. FOTO: MAGNUS SKREDE

DUELL: Møtet mellom Eichmann og dommaren blir meir ein duell enn ein samtale. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Samtale før døden»
Den Nationale Scene, Store scene
Av: Adam Price
Omsett og bearbeidd av: Lasse Kolsrud og Solrun Toft Iversen
Regi: Lasse Kolsrud
Scenografi: Siri Langdalen
Kostyme: Ingrid Nylander
Lysdesign: Morten Reinan
Med: Øystein Røger, Sverre Røssummoen, Jonatan Filip, Ragnhild Gudbrandsen, m. fl.

Ei oppsetjing som utgir seg for å vere faktabasert fiksjon, men som tenderar meir mot historielaus fantasi.

Adolph Eichmann var hovudansvarleg for jødedeportasjonane under andre verdskrigen. Han slapp unna i 1945, kom seg etter kvart til Argentina, men blei spora opp på 50-talet. I 1960 blei han kidnappa av Mossad og frakta til Israel der han i 1961 blei stilt for retten og dømt til døden.

Rettssaka blei direkteoverført på TV, og er elles særs godt dokumentert av Hannah Arendt som følgde saka for The New Yorker og skreiv boka «Eichmann in Jerusalem. A Report on the Banality of Evil». I staden for ein brutal bøddel eller fanatisk jødehatar, fekk vi sjå ein formell og pliktoppfyllande byråkrat, fullstendig utan empati, som hugsa forbausande lite og som «berre» gjorde jobben sin. Med utgangspunkt i tilfellet Eichmann, er problemstillinga blitt om det faktisk er slik at kven som helst kan gjere dei mest grusame ting berre autoritetstrua er sterk nok.

På grunnlag av denne historia har den danske forfattaren Adam Price laga ei fiktiv forteljing der ein av dommarane frå rettssaka (Sverre Røssummoen) oppsøkjer Eichmann (Øystein Røger) i fengselet og får ein samtale med han dei to siste timane før avrettinga. I tillegg får vi dramatiserte flashbacks frå livet hans, om kona, om dei mange møta med Reinhard Heydrich, Eichmanns sjef, og til slutt ei parodisk og overspela scene frå Wannseekonferansen i 1942. Desse tablåa er forstyrrande og unødvendige, for i den grad denne oppsetjinga har noko å melde, er det i dommarens forsøk på å forstå, og helst få ei tilståing frå Eichmann. Men sjølv om vi rett nok møter ein mann utan moral, med eufemistisk omskriving av handlingane sine, og mantraet om at han berre følgde ordre, så manglar likevel truverdet. Forteljingas Eichmann er både oppfarande, hugsar godt og slik sett heilt annleis enn det som finst dokumentert frå rettssaka.

Dommaren vil utfordre Eichmanns moral og få han til å innsjå kva han har gjort, men får i staden kraftige motåtak som nok er forfattarens ønske om å lage drama og ein verbal og relativt likeverdig duell, meir enn Eichmanns ord. Staten Israel har mye på samvitet, men det står likevel ikkje til truande når Eichmann i 1962, etter mange års avsondra eksil, stadig konfronterer dommaren med Israels illgjerningar. Litt meir truverdig, men neppe sant, er det når han til slutt påstår at dommaren eigentleg berre tryglar om ei tilståing for å døyve sitt eige samvit og rettferdiggjere at han har avsagt ein dødsdom.

I «Samtale før døden» har Adam Price tatt på seg ei alt for stor oppgåve. Og i Lasse Kolsruds regi greier heller ikkje Den Nationale Scene å løfte denne teksten.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 8. februar 2016.)