Archive for the ‘Teater’ Category

Leik med klisjear

mandag, februar 13th, 2017

MUSIKAL

SHERWOODSTOCK: Ein forrykande bistandskonsert skal erstatte stelinga frå dei rike. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

SHERWOODSTOCK: Ein forrykande bistandskonsert skal erstatte stelinga frå dei rike. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

«Robin Hood – Rai Rai i Sherwoodskogen»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Mads Bones og Olve Løseth
Regi: Mads Bones
Scenografi: Olav Myrtvedt
Kostyme: Christina Lovery
Lysdesign: Eivind Myren
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Orkester: Åsmund Flaten/Kyrre Havdal, Skjalg M. Raaen/Hans Petter Vik Sæther, Morten Skaget/Kjetil Sandnes, Stian Lundberg/Magnus Forsberg, Kåre Kolve/Erlend Jentoft og Øyvind F. Smidt
Koreografi: Martha Standal
Med: Gunnar Eiriksson, Mari Hauge Einbu, Olve Løseth, Hans Petter Nilsen, Anne Krigsvoll, Frode Rasmussen, Ingrid Bergstrøm, Klaus Sonstad, Karl-Vidar Lende, Jon Lockert Rohde, Ole Christian Gullvåg, Josefine Frida Pettersen, Jan Frostad, Mari Haugen Smistad. Malin Skjolde, Amalie Eggen, Knut Erik Engemoen, Per-Theodor Paulsen og Jonas Fuglevik Urstad.

Ein hemningslaus og underhaldande leik med melodramatiske klisjear.

I staden for å hente råstoff til årets vårmusikal frå London eller New York, har Trøndelag Teater latt det særs kreative radarparet Mads Bones og Olve Løseth hauste frå den lokale populærmusikken. Med utgangspunkt i segna om Robin Hood har dei laga ei historie som meir og meir tar form av ein parafrase over Romeo og Julie med happy ending, ausa av den uendelege songskatten frå dei siste femti års populærmusikk frå Midt-Norge, og laga ein musikal som er sin eigen sjanger og som difor legg ein del premiss du berre må akseptere. Gjer du det, får du til gjengjeld strålande underhaldning i høgt tempo, mye lys og varme og ei rekkje overraskingar.

Rickard Løvehjerte (Frode Rasmussen) er på Lesbos på vegner av «Kongar utan grenser», og Lady Marion (Mari Hauge Einbu) tar utdanning hjå Paul McCartney i Liverpool. I mellomtida styrer den infame og pedofile sheriffen av Nottingham (Hans Petter Nilsen) på den affekterte fjollen prins Johans (Olve Løseth) nåde. I Sherwoodskogen har «løvetennene» forskansa seg med peace & love og si særeigne form for bistandsarbeid under leiing av Robin Hood (Gunnar Eiriksson). Forteljinga gir rom for konfliktar, fredsmekling, bistandskonserten «Sherwoodstock», action og mye romantikk, og trass i ei tullete handling, mye ganske klein humor og ein god del dårleg smak, er det likevel ei fornøyeleg historie med god dramaturgisk stigning.

Løseth og Bones har gjort djupdykk i midtnorsk populærmusikk frå 60-talets Difference via  trønder-rocken, og til Gåte og Ary, og lånt heile 37 låtar frå eit nærare tjuetals artistar. Sjølv om songane er kjent stoff, verkar det likevel innhaldsmessig som om alt er skrive for denne musikalen. Det skuldast i stor grad Åsmund Flatens eminente arrangement og solide musikalske leiing der mange av songane får nytt liv og overgår originalen. Dyktige songarar i dei fleste ledd gjer også sitt.

Olav Myrtvedts scenografi er kreativ og stemningsskapande og gir gode rom for fine skift, og dei fantasifulle kostyma til Christina Lovery var eit maskeradeball i seg sjølv. Ensemblet spelar i høgt tempo med ein enorm speleglede, velkoreografert, og solid leia av Gunnar Eiriksson og Mari Hauge Einbu der dei boltrar seg i overspel, klisjear, gags, bannskap, bad taste og framifrå songnummer. Ein ekstra sviske var det å få sjå Anne Krigsvoll heime att på Trøndelag Teater der ho som amme (Amme Krigsvoll, ha ha) synte kor dyktig ei birolle kan gjerast.

Årets vårmusikal er eit velregissert oppkomme av gjøglarglede, eit publikumsfrieri av dei sjeldne, og eit overtydande prov på kor rik den midtnorske songskatten er.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. februar 2017.)

 

Det uendeleg havet

lørdag, februar 11th, 2017

TEATER

KONSERTRIGG: Blått hav og fine videoprojeksjonar, men lite rom for spel. FOTO: MARIUS FISKUM

KONSERTRIGG: Blått hav og fine videoprojeksjonar, men lite rom for spel. FOTO: MARIUS FISKUM

«Havboka»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: Morten Strøksnes
Dramatisering, regi, scenografi og kostyme: Anders T. Andersen
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Videodesign: Kim S. Falck-Jørgensen
Komponist: Adrien Munden
Musikalsk ansvarleg: Espen Elverum Jakobsen
Med: Kristian Fr. Figenschow, Trond Peter Stamsø Munch, Torstein Bjørklund, Trude Øines, Marius Lien, Thea Borring Lande, Espen Elverum Jakobsen og Inge Kolsvik.

Eit forrykande forteljarteater der det blir lite rom for refleksjon og ettertanke.

 

Med «Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider» greidde Morten A. Strøksnes i 2015 å skrive ei sakprosabok som ein spenningsroman, spekka med informativ og underhaldande kunnskap, og samstundes med ein klår politisk bodskap. Boka blei ein prisvinnande kjempesuksess. Berre dryge året etter tek Hålogaland Teater på seg den tilsynelatande umogelege oppgåva å dramatisere dette innhaldsrike dramaet frå Vestfjorden.

I «Havboka» fortel Morten Strøksnes om korleis han og kameraten Hugo Aasjord frå Steigen set seg føre å fange eit eksemplar av den myteomspunne håkjerringa, ein kjempehai som lever i nordlege havområde. Fire forsøk gjer dei gjennom fire ulike årstider før dei ein maidag omsider får napp og vel så det. Resultatet blir etter kvart uviktig. Det er vegen fram, alle opplevingane undervegs, og ikkje minst all den kunnskapen om havet Strøksnes gir oss som er den verkelege forteljinga.

Anders T. Andersen har ansvar for både dramatisering, regi og scenografi. Ettersom dette er spektakulære saker som er vanskelege å skape att på ei scene, har han vald forteljarteateret som form. Scena er rigga som til rockekonsert, og dei einaste havrelaterte kulissene er to skjermar med ulike videoprojeksjonar. Seks skodespelarar fortel i ei blanding av doku- og forteljarteater, og løyser det heile opp med heftige, og godt framførte musikalske avbrot. Alle seks spelar instrument og syng, saman med to musikarar på tangent og gitar.

Det opnar særs lovande og ganske forrykande der du verkeleg kjenner suget mot havet. Men etter kvart får framsyninga openberre problem. Dei mange fine og beskrivande videoprojeksjonane druknar litt i konsertriggen som kjem i vegen for historia. Regigrepet er heller ikkje uproblematisk. Andersen har nok stroke mye, men ikkje nok. Å lese slike mengder fakta i ei bok med høve til fordøyande avbrot, er noko anna enn å få det presentert utan særleg dramatisering, i høgt tempo og med ein entusiasme som i liten grad gir rom for pause og refleksjon. Kristian Fr. Figenschows stille underfundige humor og litt metateater, var ein god kontrast vi fekk for lite av. Og Thea Borring Lande synte korleis dette kunne ha vore framført. Ho var forrykande som felespelar og songar, medan ho samstundes greidde å vere lågmælt og inderleg der det var påkravd. «Havboka» er, som romanen, eit oppkomme av kunnskap og forteljarglede. På scena blei det både framsyningas styrke og problem.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 11. februar 2017.)

Tretten år i tukthus

tirsdag, februar 7th, 2017

MUSIKKTEATER

FRI: Ei stolt kvinne forlèt Tugthuset på Kalvskinnet etter tretten lange år. FOTO: ÅGE HOJEM

FRI: Ei stolt kvinne forlèt Tugthuset på Kalvskinnet etter tretten lange år. FOTO: ÅGE HOJEM

«Fra Kautokeino til Kalvskinnet»
Gamle lagrettssal, Kalvskinnet, Trondheim
Av: Marit Selfjord
Komponist: Terje Bjørklund
Regi: Marit Selfjord
Scenografi og kostyme: Toril Skipnes
Musikarar: Trio Luna; Annika Nordström, Jan Petter Hilstad og Ruth Potter
Med: Anna Sundström Otervik og Per Vollestad
Produsert av: NTNU Vitenskapsmuseet

Eit kammerspel om ein lite påakta del av historia.

 

I samband med samefolkets hundreårsjubileum er det samisk kulturveke i Trondheim. Sundag var det urpremiere på «Fra Kautokeino til Kalvskinnet», ein miniopera om ein viktig del av norsk og samisk historie. Kautokeino-opprøret i 1852, der både kjøpmannen og lensmannen blei drepne, resulterte i eit omfattande rettsoppgjer. To av opprørarane, Mons Somby og Aslak Hætta, blei halshogde hausten 1854, medan 22 andre fekk lange  fengselsstraffer. Dette er godt kjend, men kva skjedde etterpå? Nå har Marit Selfjord laga eit lite kammerspel om historia til Elen Aslaksdatter Skum som også blei dømd til døden,.

Minioperaen dreier seg om tretten lange år i Tugthuset på Kalvskinnet i datidas Trondhjem. Men historia tar til lenge før det. Rundt 1850 var det stor sosial uro blant samane i Finnmark. Grensestenging og uhemma brennevinssal var to viktige årsaker. Samstundes førte forkynninga til den karismatiske presten Lars Levi Laestadius til ei religiøs og politisk oppreist. Elen Skum, 24 år gamal, men alt mor til fem der berre yngstesonen var i live, og med ein alkoholisert mann, var ein av følgjarane. Under konfirmasjonen i Skjervøy kyrkje i juli 1851 kalla ho presten for Satan og saman med 21 andre samar blei ho tiltalt, men greidde å rømme. I eit års tid levde ho og sonen i skjul som fredlause, og det gav henne oppnamnet «Jomfru Marja». Enorme ressursar blei sette inn for å fange henne, og etter Kautokeino-opprøret, der ho også var med, blei ho tatt. Høgsterett dømde ho til døden, men dommen blei omgjort til livsvarig straffarbeid, og berre få dagar før halshogginga av Mons Somby og Aslak Hætta (svogeren hennar), kom ho til Tugthuset på Kalvskinnet. Der møtte ho presten Frederik Storm som blei hennar sjelesørgjar og fortrulege. Gjennom Storms kortfatta notat og hans mange søknadar om nåde har Marit Selfjord freista å rekonstruere møta mellom dei to.

Det er blitt eit lite kammerspel i fem tablå. Form og omfang gjer sjølvsagt at det må bli fragmentarisk, men det er likevel blitt ei truverdig og gripande historie om ein stolt, men angrande opprørar, om ei mor som lengtar etter sonen, og om tretten års utvikling frå ei inneslutta, depressiv Elen full av kvalar, til ei rakrygga kvinne som omsider får reise heimatt til sine eigne. At dette er blitt så vellukka skuldast sjølvsagt at Selfjord har skrive ei gripande historie som kjem tett på både Elen og presten, men også at ho har henta utøvarar på øvste hylle. Terje Bjørklund har skrive musikk som står godt til innhaldet, og som er delvis kommenterande. Musikken blir framført av Trio Luna (Annika Nordström, Jan Petter Hilstad og Ruth Potter) der alle er røynde medlemmar av Trondheim Symfoniorkester. Mezzosopranen Anna Sundström Otervik spelar Elen med stor autoritet. I tillegg til songen får ho også godt fram dei ulike kjenslemessige sidene hennar. Barytonen Per Vollestad er like overtydande som den milde, men likevel myndige presten som gradvis får hol på Elen og som til slutt greier å få henne fri.

«Fra Kautokeino til Kalvskinnet» er eit relativt upretensiøst lite kammerspel som fortel ei viktig historie, på same tid lågmælt og særs gripande.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 7. februar 2017.)

 

I eit lukka rom

mandag, februar 6th, 2017

TEATER

UTRYGT: Fysisk kontakt og omsorg kan vere skummelt for den som fornektar kjenslene sine. FOTO: ARILD MOEN

UTRYGT: Fysisk kontakt og omsorg kan vere skummelt for den som fornektar kjenslene sine. FOTO: ARILD MOEN

«Edderkoppkvinnens kyss»
Teatret Vårt, Storyville, Molde
Av: Manuel Puig
Omsett av Svein Selvig
Regi og scenografi: Thomas Bjørnager
Lys- og videodesign: Jonas P. A. Fuglseth
Med: Hugo Mikal Skår og Sigmund Njøs Hovind

Eit tett kammerspel som diverre manglar den siste naudsynte intensiteten. 

Sett to heilt ulike personar i eit lukka rom, og sjå kva som skjer. Det er kva den argentinske forfattaren Manuel Puig (1932 – 1990) gjer i «Edderkoppkvinnens kyss». Frå sitt eksil i Mexico skreiv han berre månadar etter at general Videla gjorde statskupp i Argentina våren  1976 ein roman som gjekk rett inn i røyndomen i heimlandet. Med kuppet som bakteppe fortel han ei ålmenn historie om idear og ideal, draumar og lengt, om tillit og om mellommenneskelege relasjonar. Boka blei filmatisert i 1985, og er også dramatisert for teater. Fredag var det premiere på biscena til Teatret Vårt i Molde.

I ei fengselscelle i Buenos Aires sit to personar. Den revolusjonære Valentin (Sigmund Njøs Hovind) er fengsla for motstandsarbeid mot militærjuntaen. Og den homofile Molina (Hugo Mikal Skår) sonar for seksuelt overgrep mot ein mindreårig. Valentin er marxist og kjempar for ei større sak som gjer at han freistar å nekta seg slikt som nyting og kjærleik når dei står i strid med saka, medan Molina er ein kjenslevar og tilsynelatande heilt apolitisk drøymar. Det er lange dagar på cella, og dei to får tida til å gå ved at Molina fortel frå ein film som er langt meir melodramatisk enn Valentin likar, men som likevel fengslar han. Parallelt med det trivielle, og på same tid dramatiske livet på cella, får vi forteljinga om filmen, og gradvis glir dei to litt saman. Men det er ei tredje historie Puig eigentleg fortel oss, ei om menneskelege dilemma, om kva for val vi gjer i det store spennet mellom hedonisme og askese, og kva som skjer når vi blir konfrontert med vala. Møtet på cella blir skilsetjande for båe på heilt ulike vis.

Thomas Bjørnagers scenografi er omrisset av ei trong celle og lite anna. På intimscena Storyville kjem vi så nær på spelet at det blir nesten ubehageleg, og det er nok meininga, for her skal vi under huda, og nådelaust tett på dei inste kjenslene til dei to. Eit fint grep er bruken av videoprojeksjonar når Molina blir henta ut til fengselsdirektøren (Lars Melsæter Rydjord) for å bli tystar på Valentin. Det gir rom for både sceneskift og illusjonsbrot.

Bjørnagers regi og personinstruksjon er ikkje like vellukka. Hugo Mikal Skår er særs truverdig som Molina, ein apolitisk homse med ein ganske uklår kjønnsidentitet. Han spelar med eit lågmælt, men likevel stort kjensleregister, og er også den som både frå forfattar og regissør har fått mest å spele på. Vanskelegare er det for Sigmund Njøs Hovind som den revolusjonære Valentin. Han blir fort litt karikert og overspela. Men gradvis, og spesielt mot slutten, får Hovind fram fleire sider ved Valentin, og syner oss kor sårbar også han er når han skal gjere opp rekneskap med kjenslene sine. Framsyninga er blitt eit tett kammerspel som har mange fine tablå, men både i dramaturgi og spel manglar ho den siste intensiteten og nerven som eit så nært og personleg drama krev.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. februar 2017.)

 

Ser du det du ser?

tirsdag, januar 24th, 2017

TEATER

EKTE: Innpakka i plast er det vanskeleg å vite kva som er ekte. FOTO: TROND-ATLE FARESTVEIT

EKTE: Innpakka i plast er det vanskeleg å vite kva som er ekte. FOTO: TROND-ATLE FARESTVEIT

«Korrigeringer»
Teaterhuset Avant Garden
Av: Kristofer Blindheim Grønskag
Produsent: Konstellasjonen
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig, Teateratelier
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Siri Schnell Juvik, Kristina Kiberg og Elizabeth Piro Volan

Ein leiken sivilisasjonskritikk med masse underhaldande populærkulturelle referansar.

 

Det Trondheimsbaserte teaterkompaniet Konstellasjonen har sia starten i 2010 laga ikkje-verbale og særs fysiske produksjonar for barn. Nå har dei søkt nye utfordringar. I samarbeid med den for tida svært produktive dramatikaren Kristofer Blindheim Grønskag, har dei laga ei oppsetjing som både er verbal og som samstundes vender seg til eit vakse publikum. Men det fysiske scenespråket til Konstellasjonen er framleis med så det held. I helga var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden.

Tre skodespelarar entrar ei scene med eit landskap bygd opp av plastflasker. Kledd i kvitt med hovuda innpakka i folie brukar dei god tid på sakte, omstendelege fysiske rørsler før vi får ei forsiktig demaskering, og der står til slutt ein cowboy, ein dinosaur og ein sjørøvar. Til slutt blir ei feil nemning, for snart fyller dei også ei rekkje andre figurar, og Susan Sontag får etter kvart ein dominerande rolle utan at eg skal røpe så mye meir om kva som elles skjer i dette surrealistiske universet.

Dei tre på scena leikar seg med eit utal populærkulturelle referansar, og tar det heilt ut på ei parodisk framføring av Michael Jacksons «Heal the World». Som publikummar sit eg og lurar på kva dette handlar om, men dei svara eg finn, må eg stadig forkaste, for her er det heile tida korrigeringar, akkurat slik tittelen peikar på. Men i botn ligg det ein dyktig laga sivilisasjonskritikk om alt det falske, kunstige og uviktige vi omgir oss med, slik også plastikkscenografien til Jenny Hilmo Teig viser til. Spørsmålet er «kva er ekte?». Og ser vi verkeleg det vi ser, eller berre illusjonar og bilde? Ein humoristisk Hamlet-kritikk der ein av aktørane meiner at «To be or not to be» blir for introvert, og at det skulle ha vore «To see or not to see», kan vere eit typisk bilde på tematikken.

«Korrigeringer» er ei leiken framsyning der Konstellasjonen syner at dei også kan lage teater for vaksne, og at det er meir enn mogeleg å kombinere deira spesielle fysiske uttrykk med verbalt spel. At Grønskags intelligente tekstgrunnlag har mange botnar, gjer at det også er mogeleg med mange ulike tolkingar.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 24. januar 2017.)

 

Vart og vanskeleg

mandag, januar 23rd, 2017

TEATER

EKSPONERT: Linnéa er nådelaust til stades, ikkje berre i sitt eige liv. FOTO: OLE EKKER

EKSPONERT: Linnéa er nådelaust til stades, ikkje berre i sitt eige liv. FOTO: OLE EKKER

«Evig søndag»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Linnéa Myhre
Regi og bearbeiding: Trine Wiggen
Scenografi og kostyme: Ingrid Tønder
Videodesign: Ingrid Tønder, Trine Wiggen og Stein Jørgen Øien
Lysdesign: Steffen Telstad
Lyddesign/komponist: Siril Gaare
Med: Lina Hindrum og Øyvind Brandtzæg

Eit usminka innblikk i ein person som spelar den ho trur ho er på internett.

Allereie som 21-åring i 2011 blei Linnéa Myhre kåra til årets beste bloggar. Ho hadde tusenvis av følgjarar og var eit namn i vekeblada og på TV. Året etter debuterte ho med den sterkt sjølvbiografiske romanen «Evig søndag» der ho fortalde om eit liv med spiseforstyrringar og depresjonar. Boka blei ein bestseljar, og i ettertid har Myhre gitt ut to romanar til. Nå har skodespelaren og regissøren Trine Wiggen bearbeidd og dramatisert «Evig søndag», og laurdag var det urpremiere på Trøndelag Teater.

Ingrid Tønders scenografi er like enkel som han er symboltung. På eit opphøgd podium nærast som ein manesje, har Linnéa (Lina Hindrum) ikkje noko å gøyme seg bak. Publikum, som sit på alle fire sider, er nådelaust til stades, og i bakgrunnen er det videoprojeksjonar av det som skjer. Her er ei sårbar og særs eksponert ungjente utan tryggingsnett. Linnéa fortel at ho sender ei melding til alle vennene sine om eit nervøst samanbrot, slik det ofte skjer på sundagar. Ein venn tilbyr henne å overta psykiateren hans, og gjennom fragmentariske dagboknotat følgjer vi deretter både kvardagen hennar og samtalane med psykiateren Finn (Øyvind Brandtzæg).

Dette kunne sjølvsagt ha blitt ganske privat, men gjennom det personlege og nære får vi i staden ei ærleg og autentisk forteljing om ein heil generasjonsproblematikk. Det er fortald lågmælt, usminka, og trass i tunge tema, ikkje utan humor, sjølv om den tidvis er ganske svart. Framsyninga kan nok verke litt monoton, for handlinga går på det jamne utan den store dramaturgien, men Myhres tekst og Wiggens regi tar så godt vare på den kontrastfylte dualiteten i Linnéa at det likevel blir ei oppsetjing som held publikum fast. Linnéa søker det offentlege samstundes som ho skyr det. Ho vil slette livet sitt på nett, men legg det på same tid ut. Ho vil bli sett, men ikkje eksponert. Gjennom blogginga byggjer ho opp eit image som ikkje er rett, og som ho stadig møter i døra, glitrande eksemplifisert gjennom spørsmålet om ho skulle gi Anne Lindmo ein klem eller ikkje.

Lina Hindrum har ei tekstrik og krevjande rolle som ho fyller godt. Den lågmælte framføringa, nærast som forteljarteater, står bra til innhaldet. Øyvind Brandtzæg er berre forsiktig til stades, nærast som ein kulisse eller sparring partnar, og spelar i tillegg til psykiateren også ei rekkje andre personar som diverre ikkje alltid er like enkelt å skilje frå kvarandre.

«Evig søndag» er ei mollstemd framsyning, ein situasjonsrapport utan svar, framført vart og lågmælt.

(Meldings stod i Klassekampen måndag den 23. januar 2017.)

 

Menneska undervegs

lørdag, januar 21st, 2017

TEATER

HOPP: Når ein ikkje veit betre, kan ein hoppe dit ein vil. FOTO: GISLE BJØRNEBY

HOPP: Når ein ikkje veit betre, kan ein hoppe dit ein vil. FOTO: GISLE BJØRNEBY

«Apene i Himalaya»
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av: Kim Davies, Sombel Gaffarova, Mike van Graan, Liv Heløe, Gu Lei, Letizia Russo, Zhu Yi og Hanne Ørstavik
Omsett av Ragnar Olsen
Bearbeiding: Yngvar Julin, Vilma Štritof og Jon Tombre
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Yngvar Julin
Lysdesign: Jon H. Paulsen
Lyddesign: Kolbjørn Lyslo
Med: Guri Johnson, Huy Le Vo, Maria Grazia Di Meo, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Ma Zhuojun, Li Jialong, Wang Yao og Karl Flyman

Poetisk og ekspressivt, men ikkje alltid like forståeleg.

Menneskas historie er ei einaste lang forteljing om folkevandringar. Årsakene har vore ulike, men uår, relativ overbefolkning, dårlege levekår, klimaendringar og krigar er nokre av dei. Det siste hundreåret har krigane i hovudsak fått skulda, men det er viktig å hugse at då folketalet i Norge berre var litt over to millionar, utvandra meir enn 800 000 til USA. Og det var ikkje på grunn av krig. Migrasjon er samleomgrepet for folk på vandring, og det omfattar mykje meir enn flyktningar. I dag står vi midt oppe i ei av dei største folkevandringane i historia, og dette har Hålogaland Teater nå tatt tak i.

Inger Buresund er nytilsett sjef ved teateret. Før det var ho mellom anna leiar for Ibsen International i Kina, og for to år sia starta ho der eit prosjekt for å utvikle tekstar om migrasjonstemaet. Etter kvart forstod ho at dette kunne bli ei framsyning. På bakgrunn av workshops i Kina med åtte dramatikarar frå så ulike land som Kina, Russland, Norge, Sør-Afrika, Italia og USA er dette blitt vidareutvikla og tatt med til Tromsø. I regi av Jon Tombre, og med skodespelarar frå Norge og Kina, var det onsdag urpremiere på «Apene i Himalaya».

Framsyninga opnar leikent med ein parafrase over stykkets tittel frå ein gamal fabel om to apeflokkar som budde nær Himalaya. Den eine var i stand til hoppe. Men utan evne til å kjenne si eiga avgrensing, trudde apane at dei kunne hoppe over heile fjellkjeda, noko som sjølvsagt er umogeleg. Men då dei ikkje visste betre, gjorde dei det berre likevel. Med denne fabelen om ein umogeleg migrasjon som bakteppe, tar Hålogaland Teater oss med til åtte ulike historier som gradvis grip over i og inn i kvarandre. Her forstår vi raskt at migrasjon ikkje er eit eintydig omgrep, og at også flukt kan vere så mangt. Alt frå ønsket om å kome seg frå terror og krig til flukt frå konvensjonar og foreldre.

Framføringa er på norsk, engelsk og kinesisk, og noko av teksten blir projisert på vegg som del av scenografien. Yngvar Julin har laga ei enkel og stilisert sceneløysing med effektfull bruk av tre svingbare skjermar og diskret bruk av dreiescene. Eit nærast suggererande lydbilde følgjer heile framsyninga, og lyssettinga, kombinert med forsiktige videoprojeksjonar, gir fine effektar.

Jon Tombre er særs god til å lage fysisk og poetisk teater. Ettersom framsyninga ikkje er så tekstrik, nyttar han i staden eit stilisert fysisk språk med koreografert rørsle. Og så gir han det heile ei poetisk innpakking som gjer framsyninga til også ei sanseleg oppleving. Men for den som vil forstå innhaldet i dei åtte forteljingane, er det langt verre. Det er ei vesentleg innvending at tematikken, det å seie noko viktig om migrasjon, ikkje blir tydeleg nok, men forsvinn litt i ei lyrisk og ekspressiv framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 21. januar 2017.)

 

Avkledd all staffasje

lørdag, januar 14th, 2017

TEATER

AVKLEDDE: Ikkje mye akademisk eleganse att når den verbale kampen blir på det vondaste. FOTO: BENGT WANSELIUS

AVKLEDDE: Ikkje mye akademisk eleganse att når den verbale kampen blir på det vondaste. FOTO: BENGT WANSELIUS

«Hvem er redd for Virginia Woolf?»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Edward Albee
Omsett av: Svein Sturla Hungnes
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Musikk: Nils Petter Molvær
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Janne Kokkin, Trond-Ove Skrødal, Mira Dyrnes Askelund og Andreas Stoltenberg Granerud

Nyskapande tolking i stram regi og med særs godt spel på alle nivå.

 

«Hvem er redd for Virginia Woolf?» av den amerikanske dramatikaren Edward Albee (1928-2016), er eitt av dei mest spela drama frå 1900-talet. Det særs direkte språket var revolusjonerande då stykket blei skrive i 1962, og oppsetjinga på Trøndelag Teater syner at det framleis har ein enorm sprengkraft både tematisk og språkleg.

I eit tidsriktig stoveinteriør kjem vi ein svært sein laurdagskveld heim til George (Trond-Ove Skrødal) og Martha (Janne Kokkin) som nett er komne heim frå fest på universitetet. Han er ein historieprofessor karrieren ikkje akkurat har tatt av for, og ho er hans desillusjonerte kone, og samstundes den ambisiøse dottera til rektor på det same universitetet. Martha har invitert den langt yngre biologen Nick (Andreas Stoltenberg Granerud) og kona Honey (Mira Dyrnes Askelund) på nachspiel. Og frå første stund er vi i ein verbal krigssone.

I vantru blir Nick og Honey vitne til ein munnleg duell mellom Martha og George der dei opnar med akademiske eleganteriar før dei går over til grøvre fornærmingar for å ende opp i direkte vondskap. Og ettersom alkoholinntaket aukar, blir også dei yngre dregne med i den verbale kampen som i starten har mye preg både av intellektuell leik og ikkje så reint lite humor, men som etter kvart blir meir og meir destruktiv. Albee kler nådelaust av dei fire all akademisk ferniss og eleganse, og attende står avkledde og ynkelege menneske med uhandterlege løyndomar. Her er livsløgner og uklåre skilje mellom løgn og sanning, eit tema med ny aktualitet med det postfaktuelle vi nå står midt oppe i.

Marit Moum Aune har laga eit intenst og velspela kammerdrama absolutt utan daudpunkt og der replikkane sit som hogde i stein. Dei fire på scena leverer presist ensemblespel av særs høg klasse og handterer kontrastane i dei store kjenslemessige spranga med stort truverd. Samspelet mellom Trond-Ove Skrødal og Janne Kokkin er nærast elektrisk, og er av det beste eg har sett frå dei to. Det seier ikkje lite.

Albees stykke er mye spela, og særs strenge rammer frå dei som sit på rettane, gjer at det er lite rom for nytolking. Men saman med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen gjer Aune overraskande nye og gode grep. Sceneskifta blir sydde saman med nyskriven musikk av Nils Petter Molvær, noko som også gir rom for distanserande brot. Mange tidlegare oppsetjingar har, som dei fleste nachspiel, mista mye intensitet mot slutten. Men i andre akt let Aune og Thorbjørnsen det motsette skje når dei skapar ein total dekonstruksjon der siste rest av ytre ferniss og trygge fundament forsvinn. Marit Moum Aune har, trass strenge rammer, greidd å skape ei ny og vitaliserande tolking av «Hvem er redd for Virginia Woolf?», ei framsyning som held publikum i ei skrustikke og der dramaturgien blir halden oppe til siste replikk.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 14. januar 2017.)

 

 

Teateråret 2016

tirsdag, desember 27th, 2016

Klassekampen har bede meg og dei to andre teatermeldarane i avisa om å liste opp årets topp tre blant dei rundt 150 produksjonane som har hatt premiere i løpet av 2016. Eg har sett nærare 60 av dei på 17 ulike teater over heile landet frå Rogaland Teater i sør til Beaivváš i Finnmark i nord, og eg har skrive melding av 33 av dei, derav 29 i avisa og 4 berre på blogg. Her er mi topp-tre-kåring. Landet vårt er stort og mangslungent, og slik er det også med scenekunsten.

1.

Orlando. Foto: Stig Håvard Dirdal

Orlando.
Foto: Stig Håvard Dirdal

Orlando
Rogaland Teater

Virginia Woolfes ikoniske roman om meininga med livet, identitetsproblematikk, kjønnsroller, konvensjonar og seksualitet presentert som 500 års europeisk kulturhistorie i eit strålande ensemblespel slik berre Rogaland Teater kan det. Ei leiken og sjølvironisk framsyning som har alt. Absolutt alt.


2.

Tvillingenes dagbok Foto: GT Nergaard

Tvillingenes dagbok
Foto: GT Nergaard


Tvillingenes dagbok

Trøndelag Teater

Eit usminka krigsdrama der krigens gruvsame handlingar og kvardag blir sett gjennom augo til to 13 år gamle gutar som lagar seg forbløffande overlevingsstrategiar. Den nøkterne og naivistiske presentasjonen med ein kjøleg distanse til handlingane gjorde det heile ubehageleg nært og påtrengande aktuelt.

3.

Vår ære/vår makt Foto: Ane Bysheim

Vår ære/vår makt
Foto: Ane Bysheim

Vår ære/vår makt
Den Nationale Scene

Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid har nyskrive Nordahl Griegs bitande mellomkrigsoppgjer med norsk reiarkapital og saman med scenograf Olav Myrtvedt laga ei multimediaframsyning der skiljet mellom scene og sal er borte og publikum fysisk får kjenne på klasseskilnadane. Underhaldande og velspela politisk teater.

(Oppsummeringa av teateråret 2016 stod i Klassekampen tysdag den 27. desember 2016.)

Meir humor og optimisme

lørdag, desember 10th, 2016

TEATER

OPPGJER: Dei tre kreftene Orden, Nøytral og Kaos utkjempar ein durabeleg verbal kamp om hegemoniet. FOTO: SEBASTIAN BJERKEVIK

OPPGJER: Dei tre kreftene Orden, Nøytral og Kaos utkjempar ein durabeleg verbal kamp om hegemoniet. FOTO: SEBASTIAN BJERKEVIK

Unge dramatikere 2016
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Regi: Rita Abrahamsen
Dramaturgar: Elisabeth Egseth Hansen og Kristofer Blindheim Grønskag
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig

Dagdrømmer
Av Anna Renolen, 16 år
Med: Christian Ruud Kallum og Jon Lockert Rohde

Ingen riper i lakken, eller?
Av: Elena Boglis, 17 år
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen, Mari Hauge Einbu og Wenche Strømdahl

Heimen
Av: Nora Synnøve Oma, 18 år
Med: Christian Ruud Kallum, Jon Lockert Rohde, Mari Hauge Einbu og Hallbjørn Rønning

På venterommet
Av: Maja Sæternes, 19 år
Med: Jon Lockert Rohde og Hallbjørn Rønning

Jeg er
Av: Kristin Raanes Vassdal, 18 år
Med: Christian Ruud Kallum, Wenche Strømdahl og Mari Hauge Einbu

Problem – løsning
Av: Martine Hattestad Kveli, 20 år
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen, Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning

Humor og absurd dialog med masse undertekst.

For femte år på rad har Trøndelag Teater i samarbeid med Kjernehuset og Rita Abrahamsen invitert unge skrivelystne mellom 13 og 19 år til å sende inn dramatekstar eller skisser eller idear. Rundt tjuefem kom inn, og blant dei er seks valde ut til, gjennom samarbeid med dramaturgar og regissør, å arbeide fram seks små einaktarar på rundt 15 minutt. Laurdag var det urpremiere i teaterkjellaren, og som vanleg framført av skodespelarar frå Trøndelag Teaters ensemble.

Om ein skal ta innhald og tematikk frå desse tekstane som eit årleg barometer for kva ungdomen er oppteken av, har det dei siste åra vore temmeleg eksistensielt og dystopisk. Det har vore Havet, Døden og Kjærleiken, og dei store spørsmåla i livet. Men samstundes har det vore dei tekstane som har hatt litt humor som har fungert best. Årets seks framsyningar syner eit langt meir optimistisk og humoristisk syn på verda og tilværet, og om eg skulle trekkje fram ein raud tråd i årets produksjonar, må det vere absurd humor, og god og leiken dialog med mye undertekst.

Den første teksten, «Dagdrømmer», var ein særs leiken og litt småabsurd dialog mellom to personar, ein munter leik omkring kva som er røyndom og ikkje der to personar på eit litt  Beckettsk vis ikkje ventar på Godot, men på ein tsunami medan dei boltrar seg i surrealisme og metateater.

«Ingen riper i lakken, eller» var den einaste teksten med eit skikkeleg narrativ. I tolv små tablå møtte vi to skuleveninnar og deira samvit eller indre røyst. Det handla om at det som er tilsynelatande ikkje alltid er slik du trur, og at bak fasadane kan røyndomen vere ganske annleis. Det var ungdomens kvardag tatt heilt på kornet, og skildra med den innsikta og kunnskapen berre ungdomen sjølv har, men kanskje litt føreseieleg.

«Heimen» var eit stykke om å stille opp og vere til stades. Teksten, som var på eit godt og munnleg nynorsk, låg både språkleg og tematisk i spennet mellom Vesaas og Fosse der det meste av innhaldet til den litt gåtefulle dialogen låg i ein undertekst som ikkje alltid var like lett å fatte, men som utfordra meg og gjorde at eg fekk lyst til å sjå meir.

«Problem – løsning» var ein humoristisk og litt pedagogisk parafrase over både det eine og andre, med spesielt skråblikk på eittbarnspolitikken i Kina, men også på mindre konfliktar i det heimlege. Her blei det spel på mange parallelle plan, og ein god porsjon metateater. For dei som kjenner litt til to av skodespelaranes familiære status, blei metanivået tatt ufriviljug (?) endå eit hakk opp.

Nivået i årets «Unge dramatikere» var like gledeleg høgt som det har vore tidlegare år, men det nye i år, var at det var særs jamt. Likevel var det to av tekstane som eg må få framheve som spesielt vellukka. Det var «På venterommet» av Maja Sæternes og «Jeg er» av Kristin Raanes Vassdal. Dei særmerka seg med å vere litt meir fullstendige og komplette enn dei fire andre.

«På venterommet» var ei absurd og særs humoristisk historie om Ola Nordmann som kolliderer og hamnar på venterommet til Perleporten der ein temmeleg byråkratisk engel skal handtere og sortere han. Utan å ha nokon moralistisk peikefinger får vi gjennom surrealistisk intervju og handsaming av den innkomne heilt klåre og humoristiske parallellar til norske asylmottak og flyktningpolitikk. Det er ein underfundig, leiken og særs intelligent tekst som på same tid er ikkje så reint lite politisk og religionskritisk.

I stykket «Jeg er» får vi bli med på eit durabeleg frukostoppgjer mellom dei tre skapnadene (eller kreftene i oss, om du vil) Orden, Kaos og Nøytral. Det er eit verbalt bikkjeslagsmål mellom dei tre om kven av desse essensane, som vi alle er utstyrt med gode porsjonar av, som er best for både personen sjølv og for omgivnadene. Det er høg temperatur, og ein innsiktsfull, sjølvironisk og humoristisk dialog der dei tre verkeleg kjempar om hegemoniet, og der eg sjølv (men det kan vere av høgst personlege grunnar) følte at Kaos vann ein knusande, overlegen og heilt fortent siger.

Etter fem år med så mange gode produksjonar, kan vi vel vere ganske trygge på at prosjektet «Unge dramatikere» er kome for å bli. All ære til Rita Abrahamsen og Trøndelag Teater for at dei brukar tid, krefter og kapital på å dyrke fram denne underskogen. Og så lenge det som blir presentert er av så høg kvalitet, er ikkje dette berre god pedagogikk og framtidssatsing frå teaterets side, men også rett og slett både interessant og spennande scenekunst.