Author Archive

Refleksjon og repetisjon

mandag, desember 2nd, 2019

TEATER

MEINING: For den som ikkje kan kodane, er språk berre meiningslause lydar. Det kan det bli mykje moro av. FOTO: ARNE HAUGE

«Things in my mouth»
Rosendal Teater
Konsept, tekst og regi: Iggy Lond Malmborg
Lyd og tekniske løysingar: Kalle Tikas
Videodesign: Gloria Hao
Med: Rea Lest og Iggy Lond Malmborg

Intelligent, underhaldande og utforskande om stemmen vår, noko av det mest flyktige hjå menneska.

Den svenske skodespelaren og teatermannen Iggy Lond Malmborg har, trass i at han berre er 32 år, alt markert seg som ein nyskapande scenekunstnar. Trondheim og Teaterhuset Avant Garden har han gjesta heile ti gongar og med sju ulike produksjonar. Sjølv har eg med denne sett og meld tre av dei, den første alt i 2009 då han var med i det svenske kompaniet Institutet med framsyninga «Triptych on essence». Den andre var den eigenproduserte «Physics and Phantasma» i 2018. I båe desse framsyningane var det knapt noko narrativ, det handla mest om utforsking av ulike tema. Slik er det også denne gongen, når han har vald å ha verdspremiere på produksjonen «Things in my mouth» på Rosendal Teater (tidlegare Avant Garden), eit teaterhus han openbert har eit særleg nært forhold til.

Når vi kjem inn og set oss på teaterets hovudscene, er det i eit nake rom med berre ei lys gardin som eit slags sceneteppe midt på scenegolvet. Så kjem Malmborg fram, ønsker oss velkomne, klårgjer premissa for det som skal skje, og kva som er kontrakten med publikum. Han gjer det heilt klårt at oppsetjinga ikkje har noka forteljing, men at det blir mange repetisjonar, femten sonettar, og at fornuft og meining ikkje er hans greie. Salen stiller nokre spørsmål, godtek premissa, og vi er i gong.

Saman med den estiske skodespelaren Rea Lest tek Malmborg oss med på ei reise i lydar, fonem, og alle dei ulike kodane som gjer at vi menneske har språk og kan kommunisere verbalt. Framsyninga går i hovudsak på engelsk, og er særs mykje tekst og lite spel. Så godt som all tekst blir projisert på sceneteppet, og i tråd med kontrakten med publikum, er det inga handling eller forteljing, men som i «Physics and Phantasma» meir ei forteljing om den forteljinga som ikkje er. Vi blir del i ein språkleg teaterleik der dei to på scena utforskar alt som kan kome ut av munnen vår i form av lydar, babbel, kåte utbrot og klår tale. Lydane som dei lagar er overalt rundt oss, under oss og inni oss. Språk er sjølvsagt berre ulike lydkodar som menneska gjennom årtusenar er blitt samde om, og for dei som ikkje kan kodane, det vil seie det konkrete språket som blir nytta, kan sjølv den mest intelligente tale framstå som meiningslaus babbel. Dette syner dei med ei scene der Rea Lest, som ingen vil mistenke for å kunne norsk, får norske setningar på øyra og bringer dei vidare til publikum som ein papegøye. Vi forstår kva ho seier, men avsendaren gjer det ikkje sjølv. Slik leikar dei seg med intelligente refleksjonar rundt språk og kommunikasjon, der dei postulerer at alt vi seier er berre sitat som går i ein evinneleg loop som endelause repetisjonar.

Repetisjonane blir gjort synlege gjennom sonettane som er ein slags ryggrad i framsyninga. Sonettar er, for dei som ikkje veit det, ein gamal versesjanger frå mellomalderen. Han er prega av særs streng metrikk og nærast bygd opp etter matematiske formlar. Innafor sjangeren er det fleire ulike typar, og ein av dei er sonettkransen. Ein sonettkrans er femten sonettar der den siste er sett saman av den første lina i kvar av dei fjorten første. Slik syner dei oss nærast heile spennet i lyd- og språkbruk frå grynting, erotisk stønning, lokking, hosting, forføring, meiningslaust babbel, nynning, latter, og til intelligent tale og komplisert metrikk. Det vil seie alt som kan kome ut av ein munn. For ikkje å snakke om det som ikkje kjem ut når ein blir råka av afasien.

Dei to nyttar masker som gjer at snakkinga blir meir overdriven og outrert, men også slik at vi ikkje ser kven som eigentleg snakkar. Slik kan dei framstå som kvarandre sin buktalar, som når dei på humoristisk og fullstendig synkronisert vis bytter stemmer, kjønn og identitet. Gjennom fem kvarter tek dei oss med på ei leiken og utforskande reise i lyd og språk, ei reise som stundom kan bli både ordrik og litt monoton, men der eg likevel aldri missar konsentrasjonen og fell av. Dei mange små overraskingane, og ikkje minst humoren er med på å halde oppe intensiteten, og når dei tek til å fortelje kvarandre ganske turre vitsar, stort sett bygd på leik med språklege dobbeltydingar, er det berre å gi seg over.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. desember 2019.)

Fargerik fauna

mandag, desember 2nd, 2019

TEATER

VENNER: Ingen er åleine når ein har så sjarmerande lemenvenner. FOTO: DAVID ZADIG

«Jostedalsrypa»
Sogn og Fjordane Teater, Knarvik
Tekst: Maria Tryti Vennerød
Musikk: Julian Skar
Regi: Torkil Sandsund
Musikalsk leiar: Kåre Sandvik
Scenografi og dokkedesign: Tormod Lindgren
Kostyme og dokkedesign: Dordi Strøm
Koreograf: Jon Werede Hope
Lysdesign: Krystian Myska
Lyd: Robert Tomkiewicz
Med: Reidun Melvær Berge, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Oda Kirkebø Nyfløtt, Eirik Risholm Velle og Per Arne Løset

Ein litt ujamn, men fantasirik og fabulerande eventyrmusikal.

Svartedauden er utan tvil den største ulukka som har råka Norge i historisk tid. I løpet av åra 1349 til 1350 døydde meir enn halvparten av befolkninga, og mytane er mange om denne pandemien. Den best kjende er segna om Jostedalsrypa, ei jente som skulle vere einaste overlevande i Jostedalen. Segna er neppe heilt sann, men historia er god og har overlevd og gitt identitet til Jostedalen. Kva er då meir naturleg enn at Sogn og Fjordane Teater dramatiserer det heile. Og ein sjarmerande og fantasifull eventyrmusikal er det blitt.

Dramatikaren Maria Tryti Vennerød har dikta ganske fritt med bakgrunn i segna. Hovudpersonen (Reidun Melvær Berge) og familien hennar bur langt nede i dalen når pesten kjem, og saman med tippolde (Idun Losnegård) blir ho send til slektningar øvst i dalen for å kome unna pesten. På vegen dør tippolde, og det gjer også slektningane etter kvart. Så er den vesle jenta åleine i heile verda. Men det syner seg raskt at slik er det ikkje. Med sterke parallellar til «Jungelboka» av Rudyard Kipling, finn ho vennskap og støtte i dyra. Eit særs sjarmerande menasjeri med ei rekkje lemen, ein hare og ein ulv blir redninga hennar, og her er det mange varme og gode tablå.

Musikalen startar litt famlande når situasjonen skal forklarast, og der møtet med slekta øvst i dalen blir noko outrert. Skummelt er det også når fingrar blir svarte, dett av, og alle rundt jenta dør. Men når ho er blitt åleine, tippolde kjem til henne i minnet, og ho blir venn med og lever i eit symbiotisk forhold med dyra, går framsyninga over til å bli ein humoristisk og varm sjarmbombe. Det skuldast først og fremst dei fargerike dyra og fantasirik dokkedesign, scenografi og kostyme av Tormod Lindgren og Dordi Strøm. Ulven er rett nok litt vanskeleg å forstå seg på, men haren og ikkje minst alle lemena er til å bli verkeleg glad i. Og dokkeføringa er imponerande slik at når dyra syng, er det gjort så synkront at ein trur songen kjem frå dokkene.

Julian Skar har skrive melodiøs og stemningsskapande musikk, orkesteret gir fint tonefølgje og songprestasjonane til ensemblet er gode. Reidun Melvær Berge er trygg og overtydande i rolla som rypa, og nokre av scenene mellom henne og tippolde er små lyriske perler. Også fordi både Berge og Losnegård er så gode songarar. «Jostedalsrypa» er blitt eit vakkert lite eventyr, til tider litt ujamn, men opplevingsrik og med masse mat for fantasien.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. desember 2019.)

Ei lenke av assosiasjonar

tirsdag, november 26th, 2019

TEATER

KUNNSKAP: Det er viktig å vete korleis ein avlivar ein hest. FOTO: HANNA FAUSKE

«A moment of silence»
Rosendal Teater, Trondheim
Konsept og regi: Hestnes/Popović
Produsent: Andrea Skotland
Musikalsk ansvarleg: Lasse Aagaard
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Freya Sif Hestnes, Marina Popović, Maja Skånøy, Helle Adolfsen.

Ein lågmælt presentasjon av korleis det er dei små forteljingane som byggjer opp om den store felles historia vår.

Kunstnarduoen Hestnes/Popović består av danske Freya Sif Hestnes, og av Marina Popović, som er vakse opp i Trondheim, men som kom frå Jugoslavia som lita jente. Dei har gjort det til eit førebels varemerke å ta utgangspunkt i små historier dei sjølve har tilknyting til for å byggje dei vidare til store og langt meir eksistensielle forteljingar. Slik også denne gongen.

Vi er i Rosendal Teater, den tidlegare westernkinoen i Trondheim, som nå er bygd om til eit velfungerande teaterhus. Tenk deg, seier Marina Popović i opninga, at du er i nabosalen for å sjå film, det er andre verdskrig, og det er truleg tysk propaganda. Så spinn dei vidare på «tenk deg» og ei lang rekkje assosiasjonar om både første og andre verdskrig, om krigen i Bosnia og om korleis det gjekk då den danske kong Christian X etter første verdskrigen markerte at Danmark fekk att Sønder-Jylland (der familien til Hestnes har bakgrunnen sin frå). Til stades på scenen er også dei to unge jentene Maja Skånøy og Helle Adolfson som lenge leikar stille, brettar serviettar og dukar, og gjer ting som småjenter gjer, før dei etter kvart blir meir og meir del av forteljingane på eit imponerande velregissert vis..

Som mange små bekkar som til saman blir historias elv, er framsyninga bygd opp lag for lag av anekdotar, tilforlatelege trivialitetar, kvardagslege hendingar men ofte med eit dramatisk bakteppe. På dette viset får dei lågmælt, særs gradvis, forbausande saumlaust og utruleg elegant bygd opp dei små elementa som til saman blir den store forteljinga, vår felles historie. Det er både lærerikt, særs underhaldande og litt skremmande.

HEST? Dette er ikkje ein kvit hest, men ein «songskjular». FOTO: AMUND GRIMSTAD

Framsyninga er full av overraskingar, også musikalske og kulinariske, og ho er ein skule i korleis ein skal byggje god dramaturgi. Nettopp difor skal eg halde meg vel frå å seie så mykje om innhaldet i historiene anna at her er mykje fakta du ikkje visste du trong vete, som kva ein «songskjular» er, korleis ein lagar kalk, for ikkje å seie kva som er rette måten å avlive ein hest.

Publikum sit på båe sider av ei scene som etter kvart løyser seg opp slik framsyninga også gjer det. Og som nok ei overrasking, er avslutninga ganske annleis enn det vi er vande med, for historia er sjølvsagt ein endelaus prosess som ikkje sluttar ved teppefall. Og slik er også finalen. Han er utan ende, fortrøystingsfull, velsmakande, og solid forankra i tradisjonar for korleis sosialt samvære skal vere.

«A moment of silence» er ei uvanleg sjarmerande framsyning der Hestnes/Popović med enkle middel og ikkje minst med eit utal overraskingar etter kvart greier å seie oss noko heilt vesentleg om det å vere menneske.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 26. november 2019.)

Kjærleik på kvitt papir

tirsdag, november 19th, 2019

TEATER

GIFTEMÅL: Pynta i papir blir det gjort klårt til bryllaup. FOTO: BENGT WANSELIUS

«Stor ståhei for ingenting»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av William Shakespeare
Omsett av André Bjerke
Regi: Runar Hodne
Scenografi: Serge von Arx
Kostyme: Maria Gyllenhoff
Lysdesign: Andreas Fuchs
Med: Kenneth Homstad, Mari Hauge Einbu, Hildegunn Eggen, Kai Remlov, Ragne Grande, Isak Holmen Sørensen, Andreas Tønnesland, Ingrid Unnur Giæver, Mira Dyrnes Askelund og Mats Moe.

Mange kreative påfunn og særs godt spel, men framsyninga kjem aldri heilt i mål.

William Shakespeares komediar var folkelege lystspel, fulle av enkel og lettfatteleg humor, språklege gags, og forviklingar og forvekslingar ut i det absurde. Når Trøndelag Teater i Runar Hodnes regi nå set opp «Stor ståhei for ingenting», er det openbert at det er denne settinga ein vil følgje, og det eine påfunnet meir surrealistisk enn det neste blir presentert, men trass i framifrå spel manglar det heilskap, og det blir diverre i hovudsak nettopp påfunn.

Vi er i Messina på Sicilia dit fyrsten Don Pedro (Kai Remlov) nettopp har kome etter eit sigerrikt felttog. I følgjet hans er også den unge grev Claudio (Isak Holmen Sørensen) som forelskar seg botnlaust i Hero (Ragne Grande), dotter av Leonato, byens guvernør (Hildegunn Eggen). Alt dette utspelar seg i foajeen på Trøndelag Teater medan vi ventar på å bli slopne inn i salen. Slik blir vi i løpet av dryge tjue minutt på eit effektivt vis del av mylderet i Messina før vi blir inviterte inn på maskeball. Ei lovande opning som blir noko forstyrra av lang venting og mykje logistikk før vi finn plassane våre.

På ei scene som først er ein black box, men der Serge von Arx’ scenografi og rekvisittar, alt laga av kvitt papir, etter kvart fyller scenerommet, blir vi ikkje lenger deltakarar, men vitne til eit maskeball. Etter nokre mindre forviklingar blir det annonsert giftemål for Hero og Claudio, men kva gjer ein i keisemd ei heil veke medan ein ventar på bryllaupet? Don Pedro finn ut at han vil kople saman også Claudios venn Benedict (Kenneth Homstad) med Heros kusine Beatrice (Mari Hauge Einbu), båe ganske svorne motstandarar av kjærleik og ekteskap. Og så er vi i gong. Intrigen er lettare å forstå på teateret enn å formidle for ein teatermeldar, så eg skal halde meg frå vidare forklaring. Men på vegen fram mot dobbelbryllaup og lykkeleg slutt, er det eit hav av forviklingar både til rein underhaldning, og som Shakespeare nyttar for å vise menneskeleg dårskap og vondskap.

I Runar Hodnes regi er det eit spel på kontrastar, det absurde og tidvis heilt surrealistiske. I starten fungerer dette særs godt, men etter kvart blir det for mange påfunn og for lite innhald, og framsyninga mistar energi og framdrift. Kutt og ein del regigrep gjer også handlinga vanskelegare å forstå. I historia er det intrigar og falskspel så det held, og avsløringa av den viktigaste av dei blir ganske ulogisk når dei to vaktene som står for avsløringa, er strokne av manus. I tråd med mykje androgynt hjå Shakespeare, har to av rollene bytta kjønn. At guvernøren Leonato er blitt kvinne, gir ein ekstra gevinst med eit mogeleg trippelbryllaup i finalen. Men ei kvinne i rolla som Don Juan, gjer at motiva for alt taskenspelet hans blir litt uklårt. Er det berre vondskap, eller også sjalusi?

Spel og personinstruksjon er derimot framifrå. Det er eit opplagt og energisk ensemble med presis timing, godt og humoristisk koreografert, og med tydelege rolletolkingar frå alle. Om det kanskje ikkje var slik frå Shakespeares hand, er dei eigentlege hovudrollene Benedict og Beatrice. Kenneth Homstad er både ein viktig aktør og nærast som ein forteljar, og i båe desse rollene får han verkeleg synt registeret sitt. Og når han og Mari Hauge Einbu kastar infame replikkar til kvarandre om kor håplaus den andre er og kor utenkjeleg det er at dei to skal ha hug for kvarandre, er det eit artig, subtilt og nydeleg lite kammerspel i det heile.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 19. november 2019.)

Ein mann i mørk dress

mandag, november 18th, 2019

TEATER

TRU: Trass i både forbanninga og vekslande forhold til kyrkja, har Strømdahl aldri vendt ryggen til gudstrua. FOTO: TERJE VISNES

«Dømt til evig fortapelse»
Trøndelag Teater i samarbeid med Nidaros Domkirke og Vår Frue menighet, Nidarosdomen
Av Wenche Strømdahl og Petra Bjørkhaug
Komponist og organist: Petra Bjørkhaug
Regi: Aslak Moe
Med: Wenche Strømdahl

Ei sterk og personleg beretning om ei fordømming som skulle syne seg å koste fleire tiårs kamp.

Då atten år gamle Wenche Strømdahl kom heim frå eit år som utvekslingsstudent i USA, hadde ho tatt fag ho tidlegare ikkje ana eksisterte. Eitt av dei var drama, og det hadde vore skilsetjande for den unge jenta som i eit intervju med lokalavisa fortalde at nå skulle ho bli skodespelar. Nokre dagar seinare fekk ho eit brev frå forstandaren i frikyrkja ho var medlem av. I målande ordelag la han ut om kor skuffa han var, om at teateret var djevelens verk, at ho nå var fanga i den vondes garn og dømt til evig fortaping. Slik skreiv ein forstandar utan forstand i eit brev som har følgd og forfølgd Strømdahl i alle år etter.

Wenche Strømdahl er i dag ein veletablert og folkekjær skodespelar ved Trøndelag Teater. Etter godt over 40 år, mykje motgang, og stadige gjensyn med «ein mann i mørk dress», har ho etter kvart fått mot og overskot til å fortelje historia si. Den er både vond og dramatisk, men er diverre neppe noko ho er åleine om å ha opplevd. Saman med domkantor Petra Bjørkhaug, og med god og respektfull regihjelp frå Aslak Moe, har ho laga monologen «Dømt til evig fortapelse» som hadde premiere i Nidarosdomen fredag. Det er blitt eit sterkt og personleg vitnemål om ein einsam kamp, ikkje mot Vårherre, men mot dei uforstandige løytnantane hans. Og den symboltunge og naturlege scenografien som Nidarosdomen baud på, og den mektige musikken frå Steinmeyerorgelet, ga framsyninga nokre ekstra og særs forsterkande dimensjonar.

Oppvaksen på ein liten plass i Nord-Norge, måtte Wenche Strømdahl alt som sjuåring flytte heimanfrå for å gå på skule. Ho fortel om ein trygg og god oppvekst, men med tidleg heimlengt for den alt for unge internatjenta. Gudstrua og kyrkjelivet var ein viktig del av kvardagen, og ho hadde ingen grunn til å tvile på det som dei religiøse autoritetane sa og stod for, sjølv om ho heile tida omtalar forstandaren som ein mann i mørk dress. Difor blei også sjokket og verknaden desto større då ho, i gleda over å ha funne sin veg i livet, fekk eit så fordømmande og øydeleggjande brev frå han som skulle vere ein av hennar viktigaste mentorar. I framsyninga fortel ho tidleg om det skilsetjande brevet, medan ho vidare i monologen hoppar fritt og ukronologisk mellom ulike epokar i livet. Ein skulle kanskje tru at det gjekk an å leggje bak seg ei slik oppleving frå attenårsalderen, men så enkelt er det ikkje. Kvar gong ho møter motstand, både som skodespelar og i privatlivet, dukkar mannen i mørk dress opp att i minnet, og Strømdahl kjempar mot.

Gjennom halvannan time, og med akkompagnement frå Bjørkhaugs mektige orgelmusikk, fortel Strømdahl overtydande og intenst om eit liv med tvil og skuldkjensle, og i kamp for det ho har trudd på. Særleg vellukka er dei mange passasjane der ho nærast sparrar med ulike roller ho har spela på teateret. Overraskande nok har ho behalde gudstrua, sjølv om ho har gått ut og inn av statskyrkja. Men frå forstandarens uforstand, fortel ho etter kvart om møtet med langt meir empatiske og tolerante kyrkjeleiarar.

Aslak Moe har dei siste åra vore instruktør for ei rekkje særs vellukka monologar og personlege beretningar, som mellom andre Morten Joachims «Fire begravelser og ett bryllup» og Ole Christian Gullvågs «Rotsekk» som båe etter kvart fekk eit langt liv med Riksteateret. Sams for dei alle er at Moe er så lydhøyr og samstundes lojal mot forteljingane. Slik er det også denne gongen der ørsmå regigrep i det enorme kyrkjerommet er med og forsterkar historia. Ei historie full av små sigrar, og som nå blir krona med denne modige skodespelarprestasjonen.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. november 2019.)

Ja, det gjer vondt

mandag, november 11th, 2019

TEATER

IDYLL?: Forholdet mellom mor og son kan tidvis vere meir vondt enn idyllisk. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Se på meg når jeg snakker til deg!»
Rogaland Teater, Intimscena
Av Monica Isakstuen
Regi og komponist: Øyvind Osmo Eriksen
Scenografi: Kjersti Alm Eriksen
Kostyme: Ingjerd Meland
Lysdesign: Karl Oskar Sørdal
Med: Svein Solenes og Mari Strand Ferstad

Godt teater skal stundom gjere vondt. Skikkeleg vondt, som i dramatikardebuten til Monica Isakstuen.

Monica Isakstuen har sia debuten for dryge ti år sia skrive både lyrikk og romanar, og i 2016 vann ho Brageprisen for romanen «Vær snill med dyrene». Nå debuterer ho som dramatikar med «Se på meg når jeg snakker til deg!» på Rogaland Teater, og det var ein imponerande debut.

I to akter møter vi to eg-personar og deira barn. I første akt er det kvinna (Mari Strand Ferstad) og son hennar (Svein Solenes), og i andre akt er det mannen og dottera hans. I Kjersti Alm Eriksens duse og teppekledde scenografi, og i Ingjerd Melands like nøytrale kostyme, tek Isakstuen og regissør Øyvind Osmo Eriksen oss bak fasaden til to personar, eller familiar om du vil, og til det både problematiske og stundom vonde ved å ha barn. Det er ei nøytralisert setting ute av både tid og rom som kunne vere kven som helst og kor som helst. Og trass i at det er mykje vondt som blir skildra, vil eg tru dei fleste foreldre, kanskje litt motviljug, vil kjenne seg att.

Første akt startar med kvinna som har lagt sonen sin, og som kjenner på kor godt ho har det. Men sonen har slett ikkje sovna, og når han kjem inn, reagerer mora etter kvart ganske annleis enn det idylliske bildet ho først mana fram. Det er dei stadige konfliktane mellom røyndomen og det som er forventa, mellom krav og avmakt. Og det er presist og observant skildra. I andre akt er rollene snudde, men situasjonen i prinsippet den same. Her møter vi ein helgepappa som er livredd for å trø feil, og kanskje nettopp difor stadig gjer det. Og i begge aktene er det sterke seksualiserte undertonar som når faren tar til å sjå, og kjenne på, at dottera er i ferd med å bli kvinne, og når mora får kjensler ho helst ikkje vil vere ved når ho ammar sonen. Sjølv om det også er mykje god situasjonskomikk i dette, er det meste ganske vondt, og Isakstuen gjer verkeleg noko med oss i denne framsyninga. Godt er det at ho avsluttar med eit vakkert og rørande tablå. For foreldreskap er ikkje berre vondt.

«Se på meg når jeg snakker til deg!» er en formidabel dramatikardebut. Første akt er kanskje litt omstendeleg, men situasjonane er tatt på kornet og dramaturgien er stram. Dialogen er god og lett, og språket fell naturleg. I Øyvind Osmo Eriksens sikre og særs presise regi er det blitt eit stykke gripande teater der vi formeleg vrir oss i stolane, men likevel ønsker meir. At både Svein Solenes og Mari Strand Ferstad leverer dei beste og mest intense rolletolkingane eg har sett av dei, gjer denne teateropplevinga ganske komplett.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. november 2019.)

Bak kvardagspraten

lørdag, november 9th, 2019

TEATER

PROPORSJONAR: Attkjenneleg familiedrama i ein absurd scenografi der alt er ute av proporsjonar. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Sørsiden»
Den Nationale Scene, Lille Scene
Av Fredrik Brattberg
Regi: Tyra Tønnesen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Komponist og lyddesignar: Alf Lund Godbolt
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Sverre Røssummoen, Knut Erik Engemoen, Sunniva Du Mond Nordal og Embla Oledottir/Evelina Rygg

Observant og symboltungt om det heilt trivielle.

Som havets dønningar som rullar fram og attende, eller som eit musikkverk med variasjonar. Slik er komposisjonen til «Sørsiden» av Fredrik Brattberg som hadde urpremiere på Den Nationale Scene onsdag. Og det er nettopp til havet og bølgjene Brattberg og regissør Tyra Tønnesen tek oss når det heile opnar med ei tildekt scene som ved hjelp av vindmaskin og gode lydeffektar etter kvart illuderer eit hav i opprør. Og som slik gir eit frampeik om kva vi har i vente.

Tre generasjonar skal ha ferie i lag på hytta ved sjøen. Dei skal vere saman, bade og kose seg. Dette er ei setting dei fleste vil kjenne seg att i. Men mykje er fasade, og bak den skjuler det seg grums og konfliktar, faktisk ganske ofte om det heilt trivielle. Dette er det Fredrik Brattberg med klårsyn og treffsikker observasjonsevne formidlar i «Sørsiden». Besteforeldra (Sissel Ingri Tank-Nielsen og Sverre Røssummoen) har invitert sonen og svigerdottera (Knut Erik Engemoen og Sunniva Du Mond Nordal) og barnebarnet Frida (Embla Oledottir) til avslappande dagar. I Leiko Fuseyas scenografi, der alle utanom barnebarnet er grå og fulle av sand og støv, og der alle rekvisittar er ute av proporsjonar, vaknar dei fem opp til den første feriedagen. Alt er tilsynelatande idyll. Men så skjer det stadige brot ved at Frida skrik som ein måke, og alle går attende til utgangspunktet. Og i fem-seks repetisjonar av den same situasjonen, men med små variasjonar og tillegg for kvar gong, avdekkjer Brattberg og Tønnesen at det er mykje anna bak fasaden.

«Sørsiden» er eit symboltungt drama der både rekvisittar og repetisjonane gir rom for mange tolkingar. Sakte, gradvis, og også med ganske mykje humor blir vi presenterte for den same scena slik ho utviklar seg frå det idylliske til det særs dramatiske. Og alt er gjort med ein imponerande observasjonsevne som gjer at vi kjenner oss att. Personinstruksjonen er solid, og dei fem meistrar dei små nyanseskilnadane frå scene til scene godt. Tidvis er det litt for mye overspel, men det står samstundes godt til den noko absurde, og ganske humoristiske scenografien og rekvisittbruken til Leiko Fuseya. I både scenografi og regi er dette uvanleg symboltungt, og nokre gongar kan det bli for tydeleg og ferdigtogge.

Fredrik Brattberg og Tyra Tønnesen har med «Sørsiden» laga eit humoristisk og observant drama om det heilt kvardagslege og kva som skjuler seg under den familiære overflata. Det er ein underhaldande og innsiktsfull situasjonsrapport, men eg er uviss på om dei ønska å seie noko meir?

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 9. november 2019.)

Scener frå eit fangenskap

mandag, november 4th, 2019

TEATER

OMSORG?: Sjølv om det meste har gått skeis, er det likevel stundom små glimt av omsorg og empati mellom Edgar og Alice. FOTO: OLE EKKER

«Dødsdansen»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av August Strindberg
Omsett av Kjell Askildsen
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Med: Øyvind Brandtzæg, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Ole Christian Gullvåg

Svart, innsiktsfullt og humoristisk om eit ekteskap som har enda i gjensidig fangenskap.

Det er godt over hundre år sia August Strindberg skreiv «Dødsdansen», eit tett og intenst drama om det ekstremt dysfunksjonelle ekteparet Alice og Edgar. Sjølv om det har skjedd enormt mykje med kjønnsrollene sia den gongen, slår det meg kor forbløffande moderne Strindbergs tekst framleis er. Og i Fredrik Longvas særs vellukka regidebut på Studioscena på Trøndelag Teater, er det vanskeleg å ikkje bli gripen.

Edgar (Øyvind Brandtzæg) og Alice (Madeleine Brandtzæg Nilsen) har vore gifte i nærare 25 år. Han er ein mislukka kaptein som aldri greidde å bli major, og ho sa farvel til ei skodespelarkarriere då ho gifta seg. Dei bur på ei øy utanfor Stockholm, ungane er for lengst ute, paret er forgjelda og tenarane har forsvunne. Edgar og Alice er gått i sosial isolasjon og indre eksil, dei er blitt uforlikte med dei fleste, også seg sjølve. At dei ikkje for lengst er gått frå kvarandre, skuldast mellom anna at dei båe er blitt den andre sin fangevaktar.

Vi kjem inn i livet deira i tre dramatiske haustdøgn. I Katrin Bombes scenografi, som er eit slags ovalt podium som også kan fungere som eit langbord, kjem vi som publikum ubehageleg tett på det konfliktfylte samlivet. Samstundes fungerer scena på mange fleire plan slik at ho alt frå starten tydeleg syner avstanden mellom dei to der dei kastar vondskapsfulle replikkar til kvarandre over eit langt bord. Og scenografien understrekar også at dette heilt openbert er ei scene der det aldri er tvil om at det vi ser, er spela teater. Etter ei stund dukkar Kurt (Ole Christian Gullvåg) opp. Han er ungdomsvenn av Edgar og fetteren til Alice, og blir skulda for i si tid å ha ført dei to saman. Kurt har budd i Amerika det meste av tida, og jamvel om han ganske naiv og inkjeanande ramlar rett inn i ekteskapsdramaet, syner det seg etter kvart at også han har mykje løynd bagasje.

Fredrik Longva har vald eit etter kvart ganske fysisk spel som understrekar konfliktane og gjer det både meir ubehageleg og vondare for oss i salen, særleg fordi vi kjem så tett på. Frå ein start med ekteskapleg utveksling av vondsinna invektiv og særs spydige kommentarar, byggjer han opp dramaturgien lag for lag, samstundes som han like lagvis avdekkjer historia til dei tre. I eit nesten to timar langt kammerdrama der teksten er det viktigaste, kan det fort bli vanskeleg å halde oppe intensitet og dramaturgisk stigning. Men her fører Longva inn eit knippe særs effektive brot som dreg oss ut av ein eventuell illusjon og minner oss på at dette er teater. Og brota blir også elegante og litt humoristiske metagrep som når Alice grip mikrofonen og ber tenaren om meir ljos, og det like gjerne kunne ha vore ei melding til inspisienten.

Sjølv om «Dødsdansen» er eit djupdykk i menneskesinnet, og ein slags konkurranse i kven som kan vere mest spydig og sårande, er dramaet likevel fullt av underliggjande humor som både regissør og aktørar har tatt godt vare på. Her er galgenhumor så det held, og trass i at dette er ganske avstumpa menneske, er sjølvinnsikta tidvis forbausande god. Som når Edgar fortel at han eigentleg ikkje har hatt anna enn uvenner heile sitt liv.

Dei tre på scena leverer eit intenst og ganske fysisk kammerspel av høg klasse. Det er ei ordrik framsyning der Strindbergs gode og innsiktsfulle tekst får kome til full rett. Aktørane tek seg tidvis lange pausar som fungerer understrekande på det som blir sagt, og som gjer det endå meir ubehageleg for oss i salen. Øyvind Brandtzæg er overtydande i det som etter kvart syner seg som den svært mangefasetterte Edgar der han vekslar mellom arrogant dritsekk, ynkeleg dødssjuk og nesten elegant humorist. Ole Christian Gullvåg er gjesten Kurt som utløyser det meste og som er fullstendig ubudd på kva han ramlar opp i. Avdempa og truverdig får han fram dei to sidene som katalysator for dei verste konfliktane og samstundes å bli ein ufriviljug deltakar i dramaet. Madeleine B. Nilsen har spela i mykje fri- og bakgardsteater, og gjort solide rolletolkingar i fleire år. Men dette er første gongen ho får ei hovudrolle på eit institusjonsteater. Og det gjer ho med glans. Med små fakter, imponerande nyanserikdom og eit rikt register får ho fram eit vell av ulike sider ved Alice. «Dødsdansen» er i Fredrik Longvas gode regi blitt ei innsiktsfull og velspela oppsetjing, eit intenst og fengslande drama.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. november 2019.)

Ein vanleg dag i butikken?

lørdag, oktober 19th, 2019

TEATER

HEFTIG: Scener frå ein daglegvarebutikk. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Feilvare»
Rema 1000, Bakklandet, Trondheim
Av Liavaag/Lindberg
Manus og regi: Ingrid Liavaag
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Lyddesign: Yvonne Stenberg
Teknikar: Leik Raknes Finne
Med: Petra Casale, Oda Aunan, Cecilie Solberg og Silje Lindberg

Ei heilt annleis og krevjande teaterframsyning som verkeleg lukkast med det ho sette seg føre.

Verda er ei scene, og du ser spel og teater same kor du er. Ikkje alt er like regissert og fortetta, men om du nyttar augo, kan du oppleve dramatikk der du minst ventar det. Dette har det vesle teaterkompaniet Liavaag/Lindberg tatt utgangspunkt i, og i noko så prosaisk som ein heilt vanleg daglegvareforretning set dei nå opp eit teaterstykke medan butikken går som om inkje var skjedd, tilsette jobbar i kasser og reolar og kundane kjem og går. Det er blitt ei særs spennande teateroppleving der du som publikum fort kjenner ubehaget som ufriviljug kikkar.

Prosjektet heiter «Feilvare», og alle som handlar, om det er daglegvare eller anna, veit at slikt førekjem i varierande grad. I matbutikkane er det stadig spørsmål om utgått dato, og som kundar er det ofte vi granskar varene meir inngåande enn godt er, som når vi klemmer på frukt og grønt. Men feilvare kan vere så mangt. Kva med oss sjølve, og menneskeleg «feilvare», folk som ikkje passar heilt inn, er utgått på dato, ikkje ser like freshe ut som andre eller som har meir løynde lyte og skavankar? Er vi like tøffe med slik «feilvare» som med det vi skal ha med heim til matbordet? Er det rom for menneskeleg feilvare i eit kresent sorteringssamfunn som vårt? Greier vi å akseptere både eigne og andre sine lyte? Slike spørsmål er det Liavaag/Lindberg utforskar i denne produksjonen, og i stor grad må eg seie dei lukkast.

I butikklokala til Rema 1000 på Bakklandet i Trondheim, ein vanleg fredagskveld i åttetida, er vi tjue litt uvanlege kundar som blir utstyrte med høyretelefonar. Så godt vi kan (og det er ganske dårleg) freistar vi å mingle og gå i eitt med butikkens vanlege kundar og tilsette. Silje Lindberg (eine halvparten av kompaniet) er vår guide. Kledd i Rema-klede ter ho seg som ein vanleg tilsett, fortel om butikkjedas filosofi og verdigrunnlag, ryddar i reolane og flyttar på pallar. Det er mye bakgrunnsstøy, voice over og forskjellig å høyre i starten. Men så, gradvis oppdagar vi at tre av kundane ikkje er heilt som andre. Ei (Oda Aunan) tastar til sonen sin, pratar høgt, og blir etter kvart den pratsame litt kleine personen som absolutt skal fortelje deg om korleis ho har det som alkoholikar og narkoman. Medan dei to andre (Petra Casale og Cecilie Solberg) er eit par som er langt meir lågmælte, men som likevel har vanskar med å skjule at dei i røynda ikkje har det så godt, at dei går i terapi og at forholdet er på brestepunktet. Alt skjer gradvis, forsiktig og byggjer seg opp dramaturgisk til det til slutt går hardt ut over både gele, corn flakes og tørkerullar. Den stakkars butikktilsette freistar å rydde opp og roe dei tre. Sjølve høyrer vi dialog og tankar på høyretelefonane, medan butikkens vanlege kundar forstår lite av det heile, og nokre blir ufriviljug med på spelet nettopp ved å late som dei ikkje ser kva som går føre seg. Eit ekstra gjestespel fekk vi på premieren då ein uinnvigd Securitas-vakt fekk det for seg at ho burde gripe inn.

For oss som publikum blir dette ei heilt spesiell type framsyning fordi vi er tilskodarar, og ikkje minst kikkarar, på same tid som vi, om vi vil eller ikkje, blir del av framsyninga. Det ubehagelege ved å bli tilskodar til slikt ein helst ikkje vil bli del av, samstundes som vi blir kikkarar, for det er jo nettopp det som er meininga, gjer at det stundom er godt å ta ein tur bortom nokre mindre dramatiske reolar. På mange vis minner denne framsyninga meg om ein del av produksjonane til Goksøyr & Martens både ved bruk av høyretelefonar, men også kikkardimensjonen som gjer at teateropplevinga også blir fylt av ubehag, til tider ganske sterkt. Og det er flott at det gjer noko med deg når du ser teater. Det er vel i grunnen meininga.

Det er sjølvsagt vanskeleg å instruere ei slik framsyning. Det er mykje teknikk som skal klaffe, og du veit aldri kva publikum, vanlege kundar eller eventuelt ivrige Securitas-vakter kan finne på. Difor må det vere rom for improvisasjon. Eg var imponert over kor synkront Ingrid Liavaag har fått det til å gå, og kor god personinstruksjonen var. Dei fire på «scena» var forbausande truverdige og tilforlatelege fram til maskene tok til å falle, og sjølv då gjekk metamorfosen på eit vis der handlinga gradvis bygde seg opp dramaturgisk, og der dei avdekka seg sjølve lag for lag. Det vi var vitne til skjer sjølvsagt ikkje kvar dag i ein vanleg daglegvarebutikk, men det kunne ha gjort det, og eg trudde på det eg så.

Eg skal halde meg frå å seie korleis det gjekk, og kva dei tre kundane som ikkje hadde det så godt etter kvart fann på. Eg skal i staden konkludere med at dette var ei ganske annleis teateroppleving, tidvis langt meir krevjande enn å sitje framfor eit titteskap, men at kompaniet med denne måten å lage ei stadsspesifikk framsyning i høg grad har lukkast med det dei sette seg føre. Fram til måndag skal framsyninga visast på Rema Bakklandet før ho etter det skal til Rema-butikkar i Verdal, Inderøy og Steinkjer.

Minne frå krigen

mandag, oktober 14th, 2019

TEATER

DRAUMEN: Krigens draumar blir sjeldan røyndom, same kor nær ein kjem. FOTO: ERIKA HEBBERT

«Narvik»
Nordland Teater, Stormen kulturhus, Bodø
Av Lizzie Nunnery
Omsett av Ragnar Olsen
Musikk: Vidar Norheim og Martin Heslop
Regi: Kim Sørensen
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Christine Guldbrandsen, Sondre Krogtoft Larsen, Kristian Winther og musikarane Johannes Winther Farstad og Kari Nesdal Sandnes

Ei vakker og poetisk framsyning om korleis krigen og omstenda rundt han kan øydeleggje det meste.

Frå oppveksten av hadde den britiske dramatikaren og musikaren Lizzie Nunnery høyrd bestefaren fortelje fragment av historier frå si tid som radiotelegrafist i den britiske flåten under andre verdskrigen. Og stadig kom han attende til Narvik. For lenger sør i Europa er Narvik framleis eit omgrep, og langt meir enn ein by i Norge. Dette var den første staden Hitler gjekk på eit nederlag i andre verdskrigen, og mange allierte soldatar har sterke minne frå kampane i Ofoten.

Med dette som bakgrunn, men elles ganske fritt, skreiv Nunnery musikkteateret «Narvik» i 2015, og for ei dryg veke sia hadde Nordland Teater norgespremiere i Narvik. Det er blitt ei sterk, visuell og vakker historie om kjærleik, overleving og kva krigen gjer med menneska. I Gjermund Andresens symboltunge og spektakulære scenografi, eit rammeverk som minner om spanta til eit skipsskrog, men som også gir rom for mykje meir, rullar Kim Sørensen ut historia til fiskaren og sjømannen Jim frå Liverpool. I livets siste fase fell han, slår hovudet og kallar fram dei løynde minna frå krigsåra. Vi tek til ein førkrigssommar då Jim (Sondre Krogtoft Larsen) er i Oslo og forelskar seg i norske Else (Christine Guldbrandsen), og vi får del i brevvekslinga og dei fiktive samtalane som følgjer. Så kjem krigen, og Jim er på veg til Narvik som radiotelegrafist saman med Kenny (Kristian Winther). Narvik blir berre eit bakteppe, for i det vidare følgjer vi dei to i konvoiar mellom England og Murmansk, torpedering, frykta, draumane og diskusjonane om meininga med det heile. To særs ulike personar utviklar eit underleg og motsetnadsfylt kameratskap slik det må bli i eit så tett lagnadsfellesskap, vakkert portrettert av dei to. Når krigen omsider er over, er Jim med i flotiljen som bringer den norske kronprinsen heim til Oslo, og draumen om å treffe att Else endar i det motsette.

Nunnery har fått ektemannen Vidar Norheim og Martin Heslop til å skrive musikk til stykket. Med solid framføring av dei tre aktørane på scena, og med hjelp av dei to musikarane Johannes Winter Farstad og Kari Nesdal Sandnes, gir songane ein ekstra lyrisk dimensjon til innhaldet. Spelet er framifrå, og sjølv om historia er litt vanskeleg å kome inn i, og avslutninga er vel melodramatisk, er Kim Sørensens «Narvik» blitt ei visuell og poetisk framsyning om krigens innestengde redsler, ei overtydande historie om overleving, kjærleik, kameratskap, draumar og korleis omstenda kan øydeleggje alt.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. oktober 2019.)