TEATER

«Elsk meg i plenum»
Nye Hjorten Teater, hovudscena
Av: Lisa Tønne og Bones/Havdal/Løseth
Regi: Mads Bones
Scenografi og kostyme: Olve Løseth
Musikk: Kyrre Havdal
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Orkester: Morten Berger Stai, Aksel Bakken, Tore Thorvaldsen Sandbakken og Kyrre Havdal
Med: Lisa Tønne
Dei beste komikarane er ofte dei såraste, og slik er det når Lisa Tønne lettar litt på sløret om eige liv.
Trass i at ho likar å provosere og ofte er særs tøff i trynet med ein humor som er både direkte og tidvis ganske dryg, er Lisa Tønne likevel blitt ein folkekjær standupartist. I heimbyen Trondheim har ho også vunne eit stort publikum gjennom tre elleville produksjonar av trioen som etter kvart starta Nye Hjorten Teater. Nå har dei same tre, Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal, invitert Tønne til å lage sommarteater om seg sjølv, og laurdag var det premiere på «Elsk meg i plenum» på hovudscena på Nye Hjorten Teater.
Lisa Tønne er ikkje nokon A4-person. Tvert om. Gjennom ulike intervju har ho fortald litt om det mangslungne livet sitt, men i denne forrykande og dyktig framførte soloframsyninga får vi ein sjølvbiografi i ei blanding av det heilt såre og den rake motseiinga. Og gjennom ganske nådelaus personleg refleksjon kjem ho også fram til kvifor ho er blitt som ho er blitt.
Lisa Tønne blei født som Forozan Sadeghi Naser i Iran i 1977. Berre nokre dagar gamal blir ho plassert i ei korg og forlate utanfor ein barneheim i Teheran. Fem månader seinare blir ho adoptert og henta til Trondheim der ho veks opp på Nardo. Seksten år gamal flyttar ho heimanfrå, og etter nokre år på folkehøgskular og Bårdar akademiet debuterer ho som standupkomikar i 1999. Og resten er historie. Det vil seie, – det er ikkje heilt rett. I vaksen alder blir ho smitta av ein hest på eit vis ikkje nokon person er blitt før. Ho kolliderer med eit badekar(!). Og ein i utgangspunktet ufarleg operasjon for å fjerne ein svulst i hovudet, resulterer i at ho blir lam i halve andletet. Ikkje akkurat A-4, og nok stoff til fleire romanar.
I Olve Løseths enkle scenografi forma som ei bru som kan symbolisere kva Tønne har gått frå og til, og der eine sia er jenterommet på Nardo, fortel ho si eiga historie. Ho tar til i Teheran våren 1978, på ei tid då sjahens makt er på hell og prestestyret er i ferd med å ta over. Dit kjem ekteparet Eirik og Annelise Tønne frå Trondheim for å hente eit adoptivbarn. Lite visste dei at regimeskiftet i Iran førte til stopp i adopsjon til ikkje-muslimske familiar. Men dei to trøndarane nektar å gi seg så lett, og i ei både hysterisk morosam, men også sterk og rørande historie, fortel Tønne korleis dei, mot alle odds, til slutt fekk med seg vesle Forozan som det ikkje var så farleg med, for ho var sjukeleg, underernært og skulle likevel døy.
Med god regihjelp av Mads Bones nyttar Lisa Tønne standupkomikarens mange verktøy for å krydre historiene. Den neste bolken, er om liv og oppvekst i Trondheim. Og den fremmelege Lisa kan ikkje ha vore noko enkelt barn, korkje for foreldre, venner eller lærarar. For dei mange kreative, men ofte heilt outrerte påfunna hennar, går Emil i Lønneberget ein særs høg gang. Heile livet har ho ønska å provosere, og eg skal halde meg frå å øydeleggje opplevinga ved å avsløra nokre av påfunna. Men oppi alt dette, gir ho oss også innblikk i dagboka si, ungjentekjensler og trettenåringens lyriske åre med det som ikkje akkurat er barnerim. Etter kvart blir denne delen av framsyninga meir standup med refleksjonar om dette og hint, enn om livet til Tønne.
Men så kjem ho til avslutninga der ho set det heile i perspektiv. Det blir sårt, nådelaust og eit vondt vitnesbyrd om kor formative dei første månadane i livet er. På eit roleg og ettertenksamt vis, heilt annleis enn resten av framsyninga, fortel Tønne at det var først då ho fekk barn sjølv at ho forstod kor viktig hennar fem første månadar utan kroppskontakt med andre menneske har vore. Det er ein særs sterk finale der ho på eit vis konkluderer med at den tøffe Lisa er som ho er fordi ho mista fem viktige månadar med kjærleik. Det har ført til eit kontrært liv der ho kompenserer med å gjere seg vanskeleg å elske. Det er mogeleg det er vanskeleg å elske Lisa Tønne, men det er særs lett å like henne. Og spesielt når ho byr så på seg sjølv som i denne oppsetjinga. Trass i ei noko omstendeleg forteljing om likt og ulikt frå oppveksten der ho nok kunne ha vore litt meir kresen i val av anekdotar og sidesprang, har ho greidd å lage ei tett, intens og fartsfylt framsyning heilt utan kvileskjær. Godt innpakka i ei endelaus rekkje av ellevill humor, overraskande og ganske outrerte historier og stadige små provokasjonar er «Elsk meg i plenum» eit gripande vitnesbyrd om kjærleik, omsorg og det å bli elska, og der Lisa Tønne på overtydande vis syner oss den korte avstanden mellom lått og gråt, og at det bak god humor ofte ligg mykje sårheit.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. juli 2025.)