TEATER

«En sporvogn til begjær»
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Tennessee Williams
Omsett av Torstein Bugge Høverstad
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist/lyddesign: Eskild Johansen Næss
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Ingunn Beate Strige Øyen, Emma Caroline Deichmann, Trond-Ove Skrødal, Jo Saberniak, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Thomas Jensen Takyi
Ikkje så mykje dyrisk begjær, men i staden ein smertefull kamp for å overleve.
Då Tennessee Williams skreiv dramaet «En sporvogn til begjær» i 1947 handla det, i tillegg til det openberre begjæret, også om psykiatri, seksuelle overgrep, vald i nære relasjonar, homofili, og meir til. For åtti år sia var mykje av dette tabubelagd. Slik er det ikkje i same grad i dag, og kanskje er tematikken difor i ferd med å bli litt utdatert. Etter å ha sett Kjersti Haugens særs vellukka versjon på Trøndelag Teater, ser eg likevel at det med litt anna vinkling er mogeleg å gi ny aktualitet til dette dramaet som framleis blir rekna som noko av det fremste i amerikansk samtidsdramatikk.
Vi er i det franske kvarter i New Orleans i det kummerlege husværet til Stella og Stanley Kowalski. Så dukkar Stellas eldre syster, Blanche DuBois uventa opp med alt ho eig i ein koffert. Men når historia hennar blir avdekka lag for lag, syner det seg at ho har langt meir bagasje enn det som er i kofferten. Blanche er lærar, fallert overklasse og har sett foreldrearven over styr, men har framleis ei viss klassisk danning Trass i at ho både er noko alkoholisert, oppsagt som lærar på grunn av eit forhold til ein elev, og nok også har freista å livnære seg som prostituert, lever ho på ei livsløgn og held hardnakka på ein fasade det er lite att av. Ho foraktar dei enkle kåra hjå Stella og Stanley, og ikkje minst Stanleys manglande kultur og framfuse veremåte. Samstundes blir det eit begjær og langt meir enn berre ein flørt mellom dei to. Blanche blir etter kvart nådelaust avkledd, og fallet hennar er totalt.
I dei fleste oppsetjingar eg har sett, blir det lagt stor vekt på realisme og begjæret, eller den dyriske attråa. Kjersti Haugen har valt ei heilt anna tilnærming, og det er det som gjer denne framsyninga så vellukka. Her er det surrealisme, symbolikk med sjølve døden som bakspelar og eit neddempa og lite utagerande spel. I Katrin Bombes scenografi er vi ikkje i ein heim, men i eit landskap kor som helst, og med ein transparent bakvegg som gir plass til illustrerande skuggebilde. Kostyma er tidlause, med unnatak av Blanche som framstår nesten androgyn i klede som ei vellukka forretningskvinne meir enn ein sørstatsaristokrat. Og når skodespelarane rett som det er bryt med handlinga i absurde song- og danseinnslag, understrekar det også symbolikken meir enn realisme.
Stanley og Blanche er i manus truleg rundt 30 år gamle, og Stella litt yngre. Eg var difor overraska over castinga, for både Ingunn Beate Strige Øyen som Blanche og Trond-Ove Skrødal som Stanley er i siste halvpart av 50-åra. Korleis skulle den dampande attråa bli formidla av så vaksne aktørar? Men så synte det seg at det var heilt greitt. For der dramaet til vanleg blir vist med dyrisk begjær og open og realistisk vald, har Haugen dempa det heile. Rett nok er her både vald og valdtekt, men ikkje så ope og direkte. Og slik blir mykje av den meir utdaterte tematikken lagt litt til sides, medan det er Blanches fortvila og desperate kamp for å vinne over sin eigen smerte og for å overleve i desse ekstreme omstenda som blir det viktigaste. Og her lukkast Haugen til fulle.
Ingunn Beate Strige Øyen kler av Blanche lag for lag, varsamt og overtydande. Ho syner oss ei kvinne heilt på randa i ei umenneskeleg og eksistensiell krise. Noko er sjølvforskyldt, men etter kvart ser vi at Blanche også er produkt av omstenda. Øyen spelar lågmælt og innlevande, og formidlar livsløgnaren på eit smertefullt vis som gir både forståing og medkjensle, trass i den i utgangspunktet heilt outrerte personen Blanche er. Det er ikkje så mykje macho att i den Stanley som Trond-Ove Skrødal presenterer. I staden for den brutale bølla vi er vande med å sjå, gir han oss ein langt meir neddempa person, og eit heilt menneske. Han som kjenner at kulturen hans blir trakka på og forakta, og som difor ikkje blir den klisjeen han ofte blir framstilt som. Emma Caroline Deichmann som Stella står med ein fot i kvar leir, og på like lågmælt og subtilt vis får ho fram dei to sidene, den friviljuge motsette klassereisa og ikkje minst brubyggjaren. Og Jo Saberniak kompletterer bildet med ei finstemt tolking av den sympatiske og først litt naive Mitch som bringar eit snev av håp inn i livet til Blanche, før også han ser teikninga.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. april 2025.)