TEATER
«Tvillingenes dagbok»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Agota Kristof
Dramatisert av De Onderneming
Omsett av Eve Marie Lund
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Komponist: Torgny Amdam
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Christian Ruud Kallum, Jon Lockert Rohde, Hildegunn Eggen, Mari Hauge Einbu og Trond-Ove Skrødal
Nøkternt. naivistisk og med ein kjøleg distanse som paradoksalt nok gjer det heile ubehageleg nært.
Krigens redsler og kva dei gjer med menneska er skildra av mange. Dei fleste er forteljingar som ope viser, og stundom boltrar seg i, det gruvsame. Eit brot med denne krigsestetikken kom med den sovjetiske filmen «Gå og se» av Elem Klimov i 1985 der vi følgjer ein 15 år gamal gut under andre verdskrigen, men gjer det gjennom å sjå nærbilde av andletet hans og slik oppleve korleis han i løpet av krigen blir ein gamal mann. Litt av den same vinklinga har den ungarsk-sveitsiske forfattaren Agota Kristof (1935 – 2011) nytta då ho i 1986 gav ut «Tvillingenes dagbok» (Le grand cahier), første del av ein trilogi ho vann ein stor lesarskare for. Kristof var opphaveleg ungarar, men flykta i samband med oppstanden i 1956, og levde resten av livet i sveitsisk eksil. Som ung jente opplevde ho andre verdskrigen, først med nazistane, og deretter den sovjetiske «frigjeringa», og med dette som bakteppe skreiv ho romanen om dei to tvillingane og korleis krigen forma dei, ei historie så universell at ho kan vere frå kor som helst.
To omlag tretten år gamle gutar (Christian Ruud Kallum og Jon Lockert Rohde) blir under krigen tatt med frå storbyen og til bestemora (Hildegunn Eggen) som bur i ein liten grenselandsby ute på landet. Faren deira (Trond-Ove Skrødal) er ved fronten, og mora (Mari Hauge Einbu) ser seg ikkje råd til å ha gutane heime med krigshandlingar og matmangel. Bestemor og dotter har av ganske openberre årsaker ikkje hatt kontakt på år og dag, og bestemora, som korkje kan lese eller skrive og ikkje har noko særleg kjensleregister, lever av å selje grønsaker og kallast «heksa» på folkemunne. Motviljug tek ho i mot gutane som frå dag ein må tilpasse seg ein ganske annleis røyndom enn den dei kjem frå. Dette blir skildra gjennom dagboka dei skriv, og framsyninga er nærast eit illustrert forteljarteater der dei heilt nøkternt, sakleg og fullstendig blotta for kjensler fortel, eller les, frå dagboka si. Dei to, som alltid omtalar seg som «vi», må lage seg overlevingsstrategiar. Dei fjernar dei gode orda frå vokabularet sitt, stålset seg ved ulike sjølvpinande handlingar, og blir etter kvart uttrykkslause, kyniske maskinar som kan tole alt. Samstundes har dei framleis i seg mye av den barnlege leiken, nyfikna og den litt naive haldninga som er typisk for alderen. Omgivnadane er bestemora som set dei i arbeid, hundsar dei og kallar dei horungar og drittungar, og landsbyens innbyggjarar som stort sett er valdelege eller pedofile, med unnatak av «Hareskåret» ei litt eldre jente dei får ein del sympati og kjensler for.
I Maren E. Bjørseths særs tette og stramme regi er dette blitt akkurat så vondt som det skal vere samstundes som ho har greidd å behalde ein god porsjon humor gjennom den naivistiske presentasjonsmåten. Det heilt synkrone og minimalistiske spelet til Kallum og Rohde er særs overtydande. Fullstendig nøkternt og utan å syne sorg, avsky eller andre kjensler, naivt, klinisk og nake fortel dei om det som skjer rundt dei med ein kjøleg distanse som paradoksalt nok gjer hendingane uuthaldeleg nære og sterke.
«Tvillingenes dagbok» er den tyske scenografen Katrin Bombes første oppdrag i Norge. Hand i hanske med regissør har ho skapt eit reint og stilisert univers i skarp kontrast til det som faktisk skjer, og slik får også ho understreka jævelskapen ved ein like stor og kjøleg distanse til han. Enkle, symboltunge sceneeffektar blir flytta rundt av aktørane og skapar rom for dei mange tablåa.
Med Syria og bilde frå Aleppo i bakhovudet, er «Tvillingenes dagbok» ei oppsetjing som er nesten påtrengande aktuell. Det er eit modig val av Trøndelag Teater å nytte det store formatet på hovudscena til å presentere ei så tankevekkjande framstilling av korleis krig ganske effektivt gjer menneska til heilt inhumane vesen. Dette er teater på sitt beste.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den31. oktober 2016.)