TEATER
Black Warrior
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Tekst og koreografi: Lisa Östberg og Kim Hiorthøy
Musikk: Kim Hiorthøy
Med: Lisa Östberg og Kim Hiorthøy
Sakte og naivistisk metateater, humoristisk, og med ein undertekst som gjer at ettersmaken held seg uvanleg lenge.
Vi trudde vi skulle på ei teaterframsyning, eller ein performance med litt koreografi, laga av multikunstnarane Kim Hiorthøy og Lisa Östberg. Men så synte det seg at vi hamna på spanskkurs i staden. Og då kurset diverre blei avlyst på grunn av ei uventa hending på parkeringsplassen, måtte Hiorthøy/Östberg gjere det beste ut av det, og så blei det performance likevel. Eller kanskje det er meir korrekt å kalle det ei slags rettleiing om korleis ein lagar performance. Forvirra? Ja, men akkurat så absurd, underfundig, uventa og humoristisk er det universet desse to koreografane tar oss inn i. Og om du ikkje skjønar bæret, så er det merkelege at det faktisk blir meir og meir forståeleg etter kvart.
Kim Hiorthøy er illustratør og musikar, og har etter kvart tatt utdanning som koreograf. Lisa Östberg er koreograf, dansar, forfattar og regissør. Med ei slik uvanleg multibakgrunn i bagasjen gjesta denne norsk/svenske duoen oss for eitt år sia med framsyninga «YOU», ein slags parafrase over BBC’s David Attenborough, ei oppsetting som gjekk for fulle hus både i Trondheim og Oslo. Nå er dei attende med ein ny produksjon som hadde norgespremiere på Avant Garden i Trondheim på fredag. Som førre gong, har dei tatt utgangspunkt i populærkulturelle referansar, spesielt 70-talsfilmen «All the President’s Men», og i tillegg noko så uvanleg som den påstått nærast ikoniske blyanten «Black Warrior».
På sitt lågmælte og særs naivistiske vis, og ved å nytte ei rekkje ulike presentasjonsmåtar, utforskar dei to med stor grad av pedagogisk metode kva som skal til for å lage ein performance. Dei presenterer element for element, boltrar seg i ord og omgrep som idé, situasjon, pause og undertekst berre for å nemne nokre, og avsluttar symptomatisk nok med «forventningar». Det er særs sakte teater, eit slags roleg samtaleteater med masse humor, tilsynelatande ufrivillig i sin absurde naivitet. Særleg var problematiseringa av omgrepet «intermission» (pause) nesten hysterisk artig.
Framsyninga går delvis i loop, tar opp att seg sjølv, men i ny innpakking, og er full av digresjonar. Eigentleg er heile produksjonen ein einaste stor digresjon. Dei mister tråden, rotar seg ut på viddene, men på eit merkeleg vis kjem dei alltid attende til brukarrettleiinga si, og slik blir framsyninga ein illustrasjon på seg sjølv. Og jamvel om det kanskje ikkje blei spanskkurs, så synte det seg etter kvart at det i alle fall blei ei form for språkkurs, ei spennande og underhaldande utforsking av ord og omgrep og alt vi tar for gitt, men som kanskje kan ha mye anna innhald og eit utal andre tolkingar enn vi først tenker.
«Black Warrior» blir vist på festivalen Oktoberdans i Bergen denne veka før framsyninga i starten av november skal til dansefestivalen Barents i Hammerfest.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. oktober 2014.)