Archive for november, 2022

Alle rituala våre

onsdag, november 23rd, 2022

TEATER

OFRING: Det kvardagslege omgrepet syndebukk viser i røynda til ei rituell offerhandling. FOTO: ATLE AURAN

«So Far So Good»
Rosendal Teater
Av: Hestnes/ Popović
Regi: Freya Sif Hestnes
Scenografi: Hestnes/ Popović og Daniel Fogh
Kostyme: Astrid Sønderskov Andersen
Lyddesign: Daniel Fogh
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Marina Popović og Anders Tougaard

Stillferdig og med bruk av sinnrik teknologi tek Hestnes/ Popović oss med på ei sanseleg og audiovisuell historieforteljing.

I tidlegare framsyningar har kunstnarduoen Hestnes/Popović arbeidd med dei nære, familiære forteljingane for å syne at også dei er politiske, og korleis det er dei som til saman blir den store felles historia vår. Slik er også utgangspunktet i den siste produksjonen deira, «So Far So Good», som hadde urpremiere på Rosendal Teater i helga. Hestnes/ Popović er for tida huskunstnarar ved Husets Teater i København, og framsyninga er ein co-produksjon mellom Husets Teater og Rosendal Teater i Trondheim, og med Andrea Skotland som produsent og dramaturg.

Den norsk-bosniske skodespelaren Marina Popović tek avslappa i mot oss og fortel at sjølv om nokre av oss kjem åleine, skal vi i kveld vere del av noko saman. Før ho, som i tidlegare produksjonar, viser til talemåtar og nedervde, gode råd frå bestemora. Sjølv om dei fleste av oss korkje er overtruiske eller spesielt religiøse, omgir vi oss med eit hav av ritual, ofte utan å tenkje over det, eller å vite kvifor vi gjer som vi gjer. Som til dømes å skåle. Popović syner oss at alt har både ein bakgrunn og eit innhald, og i denne framsyninga, som etter kvart blir meir og meir som ein audiovisuell installasjon, blir vi med på ei utforsking av omen, jartegn og andre varsel som vi sjølvsagt ikkje trur på, men som likevel er med på å forme kvardagen vår. Og vi blir presenterte for ulike offerritual som ein nyttar til å verje seg mot det som måtte kome. For ein kan jo aldri vite. Og etter kvart får vi også høve til å delta, og å ta ut eventuell aggresjon mot ei tretønne.

Scenografien denne gongen er eit kunstverk i seg sjølv. Den andre halvparten av kunstnarduoen er den danske scenografen og biletkunstnaren Freya Sif Hestnes. Frå snorloftet heng det sju store og tunne galvaniserte stålplater. Eitt er at desse enkle panela er forbausande vakre i seg sjølve, men ved hjelp av sinnrik bruk av mikrofonar og høgtalarar er dei også i stand til å generere, ikkje berre lyd, men faktisk musikk. Slik gjekk framsyninga gradvis over frå det dokumentariske til å bli ein opplevingsrik og sterkt sanseleg audiovisuell installasjon der scenografi og lyd smelta saman på eit intrikat vis. Lyddesignen til Daniel Fogh, baud på fullt av musikalske små overraskingar. Ikkje sia Cirka Teaters prisvinnande framsyning «Hundre hemmeligheter» på Trøndelag Teater i 2014 har eg opplevd noko liknande. Vi veit alle at det er spenningar i ei metallplate, og at plata kan gi frå seg lyd når ho blir bøygd. Men at det kan bli vakker musikk av det, og truleg komponert og ikkje berre randomisert lyd, var like overraskande som det var imponerande.

Eg veit ikkje om eg heilt forstod logikken i overgangen frå alle dei små forteljingane om ulike rituelle handlingar vi gjer utan å tenkje over det, og til den musikalske utforskinga av scenografien. Men stundom skal ein ikkje forstå, men berre nyte, sanse og oppleve. Og det var det rikeleg høve til i «So Far So Good».

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 23. november 2022.)

Livets mange val

mandag, november 21st, 2022

TEATER

NEDERLAGET: Ein fortvila ung forsvarsadvokat (Emil Olafsson) må innsjå at kampen mot dødsstraff ikkje nådde fram. FOTO: JOHANNES L F SUNDE

«De ti bud»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Basert på «Dekalog» av Krzysztof Kieślowski
Dramatisering: Koen Tachlet
Omsetjing: Øyvind Berg
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi: Olav Myrtvedt og Norunn Standal
Kostyme: Anette Werenskiold
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Alf Lund Godbolt
Koreografi: Ida Wigdel
Med: Sarah Francesca Brænne, Janne Kokkin, Emil Olafsson, Hans Petter Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Trond-Ove Skrødal og Fabian Heidelberg Lunde

Ei tidvis særs god, men litt ujamn framsyning som blir for stutt til å yte alle episodane rettferd.

Dagleg må menneska ta val, dei fleste trivielle, men nokre av dei heilt eksistensielle. For å rettleie oss har alle samfunn laga lover og reglar, og i vår kultur er nok dei ti boda, slik Moses skal ha fått av Gud, dei mest grunnleggjande. I 1989 laga den polske regissøren Krzysztof Kieślowski (1941 – 1996) TV-serien «Dekalog», som i ti episodar av rundt 50 minutt, tok opp moralske og etiske spørsmål med bakgrunn i kvart av dei ti boda. I ei stor bustadblokk i Warszawa møter vi ulike menneske som må ta skilsetjande val. Sjølv om episodane tok utgangspunkt i boda, var problemstillingane knytte meir til ålmenn etikk enn til tru. Det gjorde at serien blei ein stor suksess, også blant ikkje-truande.

Basert på «Dekalog» har den belgiske dramaturgen Koen Tachlet laga ein sceneversjon, og i Maren E. Bjørseths regi var det norgespremiere på Trøndelag Teater torsdag. Kieślowskis meir enn åtte timars film er komprimert ned til to framsyningar på godt under to timar kvar der du anten kan sjå dei kvar for seg eller som ei maratonframsyning med pause.

Olav Myrtvedt og Norunn Standal har ved hjelp av ti mobile modular laga ein scenografi som sinnrikt og på effektivt vis både er bustadblokka i Warszawa, og alle dei andre plassane vi er innom. For å skape naudsynte brot mellom dei fem boda i kvar akt, har Ida Wigdel laga ein enkel koreografi der absurd dans fungerer både som humoristisk overgang og som kommentar til at menneska er statistar i kvarandre sine liv, alt til vakker musikk av Alf Lund Godbolt. Når berre sju aktørar skal spele drygt femti roller på langt under halve tida av TV-serien, er det uråd å få med alt, og dette er i hovudsak løyst ved ei blanding av eit forteljande kor, og at aktørane går ut og inn av rollene og kommenterer seg sjølve. Scenetilvisingar blir fortalde, ofte i humoristisk og absurd kontrast til det vi faktisk ser. Slik blir det skapt ein distanse som kler framsyninga. Sjølv om det berre er sju aktørar, er rollene tydeleg og skifta gode. Det er godt ensemblespel, og særleg overtydande var Sarah Francesca Brænne i si første rolle på Trøndelag Teater, spesielt som den jødiske flyktningen Elzbieta og som kikkarofferet Magda. Scena der ho nærast forfører Tomek (Emil Olafsson), guten som står for stalkinga, er eit høgdepunkt.

Det er for omfattande å skrive om alle dei ti episodane, og presentasjonen av dei er noko ujamn. Vi får overmotet der realisten har slik klokkartru på vitskap og reknemåtar at det fører til at sonen dør. Det er eit forhold mellom far og dotter som kan bli incestuøst. Det er ho som blir plaga av og avslører ein kikkar, og det er ikkje minst eit sterkt oppgjer med polsk rettargong og dødsstraff. I alle episodane kjem ein til eit vendepunkt der det viktige valet må bli tatt. I hovudsak blir dette formidla levande og godt, og aktørane og vala deira er truverdige. Men eit par av episodane blir for stutte, blir fortald meir enn spela, og missar mykje av nyansane i originalen. Særleg gjeld det for bodet om ikkje å stele.

For ein som for seksti år sia måtte pugge dei ti boda, og som tretti år seinare såg «Dekalog», dukkar det opp mange spørsmål, også om dei vala Tachlet og Bjørseth har gjort. Sjølv om bibelen fortel om steintavler, er ikkje boda «hogde i stein», for innhald og rekkefølgje er faktisk ganske forskjellig i ulike kulturar. Kieślowskis film følgjer boda slik vi kjenner dei, men har bytt om på rekkefølgja av dei to siste. Som avslutning på alle dei eksistensielle og vanskelege vala, nøkternt formidla, blir finalen hans ein slags oppsummerande og kontrasterande svart komedie. I sceneversjonen blir dramaturgien endra ved at komedien kjem som eit malapropos i niande episode, og eg spør meg sjølv kva som gjer den norske bibelforståinga viktigare enn god dramaturgi.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2022.)

Apologet eller provokasjon

mandag, november 21st, 2022

TEATER

KAFFI OG AK-47: Osama bin Laden (Thomas Bye) byr på ein ganske provoserande miks etter kvart. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

«Bin Laden: The One Man Show»
Haugesund Teater
Av: Tyrrell Jones og Sam Redway
Omsetjing: Kjetil Falkum
Regi: Tyrrell Jones
Med: Thomas Bye

Eit enkelt forteljarteater som verkeleg set publikums oppfatning av rett og gale på prøve.

Eg må vedgå at eg var ganske skeptisk då eg drog til Haugesund for å sjå «Bin Laden: The One Man Show». Kunne det vere fornuft i å lage teater om ein islamsk fundamentalist som meir enn nokon er ansvarleg for tusenvis av uskuldige ofre i ulike terroraksjonar? Kva ville teateret, dramatikar og regissør med dette? Stykket er skrive av dei to britane Tyrrell Jones og Sam Redway og hadde urpremiere i 2013 med Jones som regissør og Redway i hovudrolla. Seinare har dei turnert verda rundt, og vunne fleire prisar. Og i Haugesund var det framleis Tyrrell Jones som var regissør, men med Thomas Bye som bin Laden.

Når vi kjem inn i salen blir vi møtt av ein smilande Thomas Bye som helsar vennleg og byr på kaffi og peparkaker. Medan vi ventar på dei siste publikummarane stiller Bye oss nokre enkle spørsmål om kva vi meiner om regjering, styresmakter og demokratiet i landet. Folk er openbert ikkje berre nøgde. Så kva kan ein gjere med det? Bye presenterer seg så som Abu og fortel at denne kvelden skal handle om korleis ein kan endre verda til det betre. På avslappa og pedagogisk vis fortel han med flip-over og stor innleving si eiga livshistorie frå tidleg ungdom, kjærleik, giftemål og om sonen og eit ganske vanleg tilvære som ung og rik muslim i Saudi Arabia. Han tar til å studere, og der møter han ein viktig læremeister. Samstundes kjem revolusjonen i Iran der folk korkje vil sjå til aust eller vest, men skape sin eigen muslimske veg. Rett etter kjem den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan. Med økonomisk hjelp og solid våpenstøtte frå USA dreg Abu til Afghanistan for å kjempe ein rettvis krig mot okkupantane. Han byggjer sitt eige verdsomfemnande nettverk, og er med på å nedkjempe den sovjetiske okkupasjonsmakta. Bye er overtydande som forteljar og nyttar seg på humoristisk og uvanleg godt vis av publikum medan vi følgjer Abus utvikling, Iraks invasjon av Kuwait, det han oppfattar som sviket til Saudi Arabia og USA, og til slutt hans gradvise radikalisering.

Abu er karismatisk og tillitvekkjande og vi får fort sympati for både han og kampen hans, samstundes som vi kjenner på motviljen, for Abu er eit anna namn for Osama bin Laden. Etter kvart som grenser blir flytta og mannen blir meir terroristisk, skjer det brot, og vi mistar også sympatien. Men når og kvifor skjer det?

Framsyninga er skrive som ein provokasjon for å utfordre publikum, våre fordommar og tilvante meiningar, men også for å finne ut kor langt ein god skodespelar kan drive oss, og kva som gjer at sympatien til slutt forsvinn. Ein viktig del av denne framsyninga er eit ettersnakk, som ein debriefing der vi får dele opplevingar, sympati og forakt. Og då er det interessante at vendepunktet for publikum skjer på heilt ulike tidspunkt, og kan vere forskjellig frå dag til dag. Slik syner denne framsyninga oss kva teaterets dramaturgi og spel kan gjere med oss, samstundes som det byr på eit anna blikk og understrekar at kritisk tenking er viktig. Det gjorde godt å bli provosert.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2022.)

Svart humor på sitt beste

fredag, november 18th, 2022

TEATER

MINEFELT: Franziska (Mareike Wang) hamnar i eit drabeleg oppgjer mellom ekteparet Sibylla (Mari Strand Ferstad) og Daniel (Svein Solenes). FOTO: MARIE VON KROGH

«Eks»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Marius von Mayenburg
Omsett av: Øyvind Berg
Regi: Øystein Martinsen
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Med: Svein Solenes, Mari Strand Ferstad og Mareike Wang

Intenst, svart og humoristisk ensemblespel.

I seriemonogamiets tidsalder er det ikkje uvanleg at ein må forhalde seg til ulike eksar. Det er temaet i Marius von Mayenburgs «Eks» som hadde premiere på Rogaland Teater 10. november. Daniel (Svein Solenes) og Sibylle (Mari Strand Ferstad) er eit vellukka mellomklassepar i førtiåra. Han er arkitekt, ho er lege, og dei bur i eit designarhusvære, framifrå illustrert gjennom Gjermund Andresens smakfulle scenografi med interiør som neppe er av det billegaste. Ein hektisk kvardag med to små born gjer at dei båe har sett karrieredraumane litt på vent. Eller kanskje var ambisjonane høgare enn talent og kunnskap tilsa? For her handlar det nok ein gong om den borgarlege livsløgna, men i ei langt meir moderne tapping enn Henrik Ibsens.

DESIGNARHUSVÆRE: Lutter borgarleg idyll? FOTO: MARIE VON KROGH

Daniel og Sibylla er tilsynelatande veltilpassa, og samtalen ein sein kveld etter at ungane har gått til ro dreier seg om utveksling av sarkasmar, humoristiske små stikk som ein intellektuell leik. I Øyvind Bergs særs gode omsetjing har han boltra seg i metaforar og mogeleg dobbeltyding der Sibylla, til Daniels fortviling, på meir og meir perfid vis mistolkar dei språklege bilda hans. Som ein ouverture får vi ein underhaldande verbal pingpong som dei fleste med erfaring frå eit parforhold kan kjenne seg att i.

Men så kjem brotet. Franziska, Daniels eks (Mareike Wang), ringer og fortel at ho har gått frå sambuaren og spør om å få overnatte. Daniel avslår, men når han fortel det til Sibylla, framstår ho som den storsinna og tolerante som ikkje forstår kvifor han sa nei. Når Franziska likevel dukkar opp, blir realiteten ein heilt annan for Sibylla.

HELVETE LAUS: Eksen trampar inn med skoa på. FOTO: MARIE VON KROGH

Rogaland Teater har tidlegare sett opp to av von Mayenburgs drama, «Perpleks» og «Pang!», og Øystein Martinsen spela i båe. Når han nå debuterer som regissør, er det tydeleg at dette er ein dramatikar han er godt kjend med. For regien av dette nesten to timars intense kammerspelet er stram og utan daudpunkt. I ei god dramaturgisk oppbygging avkler Martinsen den sjølvtilfredse borgarlege idyllen lag for lag. Dei tre rollefigurane er ganske ulike, men likevel lett attkjennelege for dei fleste. Sibylla er den som er mest avgjerande for konflikten, men dei ber alle ved til bålet. Og når kjenslene blir utfordra, er det ikkje grenser for kor vonde vi kan vere med kvarandre og kva elles danna menneske kan finne på å seie. Mari Strand Ferstad blottlegg bokstaveleg talt dei undertrykte kjenslene til Sibylla når ho gradvis går frå å vere den tolerante til å bli ein ufordrageleg åndssnobb. Svein Solenes syner ein Daniel som er riven mellom fysiske kjensler og ambisjonane om sosial klatring. Og Mareike Wang, som den litt meir stillfarande og ikkje så høgt utdanna Franziska, bringer inn klasseperspektivet, og gjer det med ein finstemd mimikk, augekast og stor detaljrikdom. Tre særs gode skodespelarar gir oss i «Eks» ei både trist og humoristisk framsyning i eit underhaldande og intenst ensemblespel av aller høgste klasse.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 18. november 2022.)

Langdrygt og fragmentarisk

lørdag, november 12th, 2022

TEATER

GOLDT: I dette landskapet, som ikkje akkurat liknar ein frodig hage, får vi presentert eit samfunn og ei samfunnsklasse i fullstendig oppløysing. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Kirsebærhagen»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Anton Tsjekhov
Omsett av: Kjell Helgheim
Regi: Ole Anders Tandberg
Scenografi: Sven Haraldsson
Kostyme: Maria Gebers
Komponist: Joel Sahlin
Lysdesign: Karl Oskar Sørdal
Med: Nina Ellen Ødegård, Espen Reboli Bjerke, Anders Dale, Jon Lockert Rohde, Anna Ladegaard, Ingrid Rusten, Marianne Holter, Per Tofte, Matias Kuoppala, Christian Greger Strøm og Elg Elgesem

Eit mislukka forsøk på postmodernistisk dekonstruksjon.

Anton Tsjekhovs siste drama, «Kirsebærhagen», hadde premiere like før han døydde i 1904 og berre eitt år før den første revolusjonen i Russland. Nye idear er i emning, det gamle er i ferd med å gå under, men aristokratiet, personifisert ved godseigaren Ljubov Ranevskaja (Nina Ellen Ødegård), ser ikkje signala og held fram med eit øydselt liv som om alt var ved det gamle. Ho er i botnlaus gjeld og godset hennar skal på tvangsauksjon. Forslaget frå oppkomlingen Aleksejevitsj (Espen Reboli Bjerke) om å redde stumpane ved å selje den enorme kirsebærhagen til tomter for sommarhus, blir blankt avvist, og reisa til helvete held fram på første klasse. Til og med dei som forstår situasjonen og ser framover, er karikerte, pompøse og utan realisme. Det er ein slags sorgmunter dystopi over det heile, og med tydeleg frampeik til dagens situasjon.

I Rogaland Teaters oppsetjing er det lett å forstå kva regissør Ole Anders Tandberg har hatt som berande idé. Han vil vise eit samfunn i ferd med å gå i oppløysing, då som nå. Og i tillegg ser det ut til at han også vil dekonstruere Tsjekhov og hans drama. Både gjennom regi, og ikkje minst Sven Haraldssons scenografi, er det tydelege parallellar til 1980-talets postmodernisme der alt var like gyldig, og sanninga hadde mista truverd. Scenografien er ei stor ope scene med ein bakvegg og nokre steinar, alt utan referanse til stykkets innhald. I dette golde landskapet kjem dei livstrøytte menneska og leverer sine replikkar og utsegner meir enn dei snakkar med og til kvarandre, og det i eit tidvis ganske absurd univers. Mot slutten blir symbolikken vel tydeleg når det kjem fullt lys på scena og scenearbeidarar tar til å rydde kulisser medan spelet går som før.

Det er eit talrikt ensemble og mange roller og forteljingar å halde greie på. Skodespelarane gjer gode rolletolkingar innafor dei rammene dei er gitt. Spesielt gjeld det Nina Ellen Ødegård som den livstrøytte og fullstendig urealistiske godseigaren. Men regien legg i liten grad opp til interaksjon. Replikkane blir ofte sagt ut i lause lufta, tablåa er fragmentariske, framsyninga blir lite samanhengande, og ikkje minst noko langdryg.

Stykket er skrive som ein komedie, og framsyninga har mykje god og heilt surrealistisk humor. Ein del absurde song- og musikkinnslag, spesielt der godseigarens bror (Jon Lockert Rohde) verkeleg får vist stemmeprakta si, var kjærkomne brot trass i at dei kunne verke noko umotiverte.

Intensjonane til både regissør og scenograf er openberre, men dei lukkast diverre ikkje i forsetta sine. Hadde eg ikkje sett fleire tidlegare oppsetjingar av «Kirsebærhagen» ville eg ha trudd at dette var ein svak tekst. Det er han ikkje.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 12. november 2022.)

Finst det nåde?

onsdag, november 9th, 2022

TEATER

I SAME BÅT?: Eit møte mellom Gustav Kappfjell (Bernt Bjørn) og ungjenta Stefi (Katja Brita Lindeberg), avdekker traume frå femti år tilbake. FOTO: BJØRN LEIRVIK

«Kappe land»
Nordland Teater, Falstadsenteret
Av: Ketil Kolstad
Regi: Hanne Brincker
Scenografi og kostyme: Anna Widén
Komponist: Frode Fjellheim
Lysdesign: Johan Haugen
Med: Bernt Bjørn, Katja Brita Lindeberg, Kristoffer Hjulstad og Lucas Sørensen Junger

Intenst og tett om ein alt for lite kjend del av krigshistoria

I samband med dei allierte sine planar om å invadere Helgelandskysten og dele Norge i to, blei det i 1941-42 sett i land og lagra mykje våpen, mellom anna på garden Tangen ved Majavatn i Grane kommune. Der låg også eit lite lag frå kompani Linge. Men tyskarane kom på sporet, og den 6. september 1942 blei dei ei trefning der tre tyske soldatar blei skotne og ein drukna. Reichskommissar Terboven var rasande, og ei vekes tid etter blei ei mengd menn frå Grane og nabokommunane arresterte. Det blei innført unntakstilstand i Trøndelag og Grane, og frå 7. til 9. oktober blei 24 helgelendingar og 10 leiande menn frå Trøndelag avretta i Falstadskogen utanfor Levanger etter summarisk standrett.

Nordland Teater markerer 80-årsminnet etter dei falne og «Majavatn-affæren» med ei teaterframsyning som hadde premiere på Majavatn fredag, og som eg sjølv såg på Falstadsenteret dagen etter, i den same gymsalen der standrettane blei haldne for 80 år sia.

Ketil Kolstad har skrive eit drama der han let eit augevitne sjå attende på dei dramatiske dagane 50 år etter. Gustav Kappfjell (1913 – 1999) var gardbrukar, reineigar, lyrikar og joikar, og ein sentral person i den sør-samiske kulturen. Han blei uforvarande vitne til trefninga, blei arrestert og sat inne to månader før han blei slept fri. Kolstad let den fiktive tyske ungjenta Stefi (Katja Brita Lindeberg) gå av toget på Majavatn hausten 1992, på dagen 50 år etter trefninga. Der møter ho heilt tilfeldig Gustav Kappfjell (Bernt Bjørn). I denne forteljinga er det ein del litt spesielle premiss ein berre må godta, men gjer ein det, blir resten av framsyninga ein einaste stor og intens cliffhanger der Kolstad avdekker historia lag for lag. Og han syner at trauma som følgjer, kan gå i arv og gjelde både for offer og okkupant. Stefi viser seg å vere meir enn ein tilfeldig turist, og gjennom hennar møte med Gustav får vi sjå hendingane i 1942 i retrospekt med både den unge Gustav (Lucas Sørensen Junger) og SS-offiseren som leia arrestasjonane og standretten (Kristoffer Hjulstad).

I Hanne Brinckers stramme regi, med Frode Fjellheims musikk, bygd på Kappfjells joik, og i Anna Widéns enkle, men illustrerande scenografi blir det eit velspela og ekstremt intenst drama der den konkrete historia sjølvsagt er sentral, men også spørsmålet om traume, forsoning og nåde. Og sentralt står Bernt Bjørns stillferdige, men overtydande rolletolking der han gir oss innblikk i ei av dei mest dramatiske hendingane i norsk krigshistorie, og ikkje minst den samiske delen av den.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 9. november 2022.)

Ein god plass å vere

onsdag, november 2nd, 2022

OPPLEVING

EIT GODT ROM: Her var det berre å slappe av og nyte tilværet. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Saturns Platz»
Rosendal Teater, K-U-K
Av: Wild at Art
Konsept, kunstnarleg leiing m.m. Siri Gjære og Ann-Cathrin Hertling
Scenografi: Terje Aursøy
Lyddesign: Tor Breivik
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Alf Hulbækmo, Mattis Kleppen, Tor Haugerud, Live Maria Roggen, Sunniva Skjøstad Hovde, Jørgen Stoltz, Marte Huke, Tor Ivar Hagen, Andrea Samplamieri, Victor Wilhelmsen, Ann-Cathrin Hertling og Siri Gjære

Det som skulle bli eit lite besøk på noko eg ikkje visste heilt kva var, viste seg å bli ei openberring, og ei lise det var vanskeleg å kome seg frå.

Nokon gongar er det slik at eg ikkje anar kva eg skal skrive, men eg må berre skrive det likevel. Slik er det nå etter at eg i ettermiddag, ein mørk og regntung novemberkveld, lét meg overtale til å stikke innom K-U-K i Kjøpmannsgata rett etter ein lang arbeidsdag. Produksjonsselskapet Wild at Art har snart halde på i ti år, men har diverre gått under radaren min sjølv om eg kjenner fleire av aktørane både frå Trondheim Voices, konsertar, teater og anna. For to år sia, midt under pandemien, sette dei opp «Saturns Hage», som eg altså ikkje såg (eller opplevde er vel rettare å seie), og som det eg fekk med meg i ettermiddag er ei oppfølging og eit framhald av.

Eg visste som sagt særs lite om dette prosjektet på førehand, men ettersom det ikkje er ei «framsyning», men «noko» som startar klokka 13.00 kvar dag, og berre går og går fram til seine kvelden, og det i tillegg er gratis, stakk eg som sagt innom etter arbeid i dag. Eg heldt på å ikkje kome meg derifrå.

Etter å ha signert ein gjesteprotokoll og blitt tilbydd eit eple av ei særs hyggeleg vertinne, gjekk eg gjennom nokre forheng, og kom ut i ein stor kunsthall. Der var det eit tjue-trettitals menneske, eit hav av madrassar, campingstolar, puter og hengekøyer, ulik musikkrigg over heile lokalet samt masse ting og tang, og i hjørnet ein av Kjell Erik Killi-Olsens vortemenn. Om lag midt i rommet stod ei kvinne og song ein meir enn lågmælt song med ubestemmeleg tekst.

Eg fann meg ein stol, sette meg ned, og blei raskt tilbydd ein liten rett av varme eple, og etter kvart også ein kopp god og søt te. Og eg fann meg raskt til rette. Gradvis auka intensiteten på songen, fleire kom til både på vokal og instrument, og mange av dei eg trudde var publikum, tok etter kvart fram eit instrument, eller greip ein mikrofon og tok del i songen. Sjølv seig eg ned i stolen og berre naut tilværet.

Dette i utgangspunktet store og sjellause roterommet, der nokre sat avslappa og koste seg, andre la seg til på madrassane med lukka auge og lét draumane fare, medan ei mor vogga dotter si i ei hengekøye, – det synte seg å vere eit fantastisk godt rom å vere i. Musikk, song og diktlesing kom og gjekk med små avbrot og andre gongar samanhengande. Alt var så avslappa og i utgangspunktet improvisert. Men sjølv med så dyktige musikarar og songarar, trur eg nok at det ligg litt grunnleggjande regi i botn sjølv om dei færraste, om nokon, visste kva som ville bli det neste. Musikalsk var det ei mangefasettert og uvanleg fordomsfri reise der utvalet spente frå Erik Byes «Hildringstimen», Alf Prøysens «Så seile vi på Mjøsa» og ein særs roleg versjon av Grethe Kauslands «Teddyen Min» og til langt heftigare og rocka musikk. Og dette var berre på den vesle tida eg var der. Alt framført av enormt dyktige musikarar og songarar. Og innimellom las Marte Huke frå det eg vil tru er eigne tekstar.

Å kome inn i dette lokalet til K-U-K i kveld var som å lausrive seg frå alt, slappe av, senke skuldrene, la tankane fare og nyte, musikk, song, lyrikk og tilværet. Når eg kika rundt på dei andre i lokalet, var det smil i dei fleste andleta og alle hadde ei så avslappa haldning at ein utanforståande nok kunne lure på kva vi hadde røykt.

Etter det som skulle vere ein stutt visitt, greidde eg motviljug å lausrive meg etter to og ein halv time, berre for å love meg sjølv at eg nok kjem attende ein av dagane som kjem. Slik lise for sjela, og gratis attpåtil, er ikkje kvardagskost. Fram til og med sundag kan du, heilt gratis, droppe innom stort sett når du vil på ettermiddag og kveld. Ei åtvaring til slutt: Besøket kan vere sterkt vanedannande.