Archive for august, 2022

Leiting på mange plan

onsdag, august 31st, 2022

TEATER

FLYTANDE: Der alt flyt, kan det meste skje, og det gjer det også i dette oppkomet av ei teaterframsyning. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Forbuden Fukt – den lille havfruen Arild»
Teater Innlandet, Hamar.
Av: Ivar Furre Aam
Regi: Ivar Furre Aam
Scenografi og kostyme: Helena Zaïda Schaber
Lyddesign: Michael Dahlen
Lysdesign: Markus Tarasenko Fadum
Med: Julie Bjørnebye, Sofie Huijs, Stian Isaksen, Tom Styve og Anne Guri Tvedt

Ei fabulerande og leiken framsyning om lengt og leiting, og mykje meir, visuell og velspela, men kanskje meir til å oppleve enn å forstå.

Teater Innlandet har eit prosjekt dei kallar TI Lab som i følgje dei sjølve er eit kreativt kokeri der alt kan skje. Ensemble, dramatikar og regissør får relativt fritt spelerom, og ein produksjon under denne «lab»-vignetten er meir ei kunstnarleg utforsking enn ei fiks ferdig framsyning. Her er det lov å floppe, for dette er ikkje akkurat teater med tryggingsnett. Førre veke var det urpremiere på Ivar Furre Aams «Forbuden Fukt», og sjølv om fallhøgda var stor, faktisk heilt til «havsens botn», blei dette etter kvart ei fascinerande, underhaldande og ikkje minst velspela framsyning, – og absolutt til ettertanke.

Etter avslutta skodespelarutdanning for ti år sia, har Ivar Furre Aam arbeidd i mange ulike produksjonar, mellom anna fleire av Lisa Lie sine. Men så tok han i tillegg regiutdanning på KHiO der han var ferdig i fjor, og med «Forbuden Fukt» på Teater Innlandet, debuterer han nå også som dramatikar.

Aam er ein søkjande scenekunstnar, og i «Forbuden fukt» er det slik at både hovudpersonen Arild, og framsyninga leitar etter seg sjølv. For vi snakkar sjølvsagt om den pågåande diskusjonen om identitet og kjønnsforståing, men utan å bli korkje påståeleg eller moralistisk. For dette er først og fremst ei særs leiken framsyning som boltrar seg i heile scenekunstens ulike verkemiddel, metaforar, språklege blomar, brot så det held og ikkje minst så mykje metateater at det tidvis er uråd å vite om dette er spel eller røyndom.

Eg skal halde meg frå å gi noko resymé, for her er ei mengd ulike forteljingar og endå fleire tolkingshøve. Men eg må medgi at eit lite stykke uti framsyninga sat eg og lurte på kva i all verda dette handla om. Men så gradvis blei eg fanga av dei universa eg blei presentert for, og etter nesten to og ein halv time utan pause, skulle eg gjerne ha sett det ein gong til. I botn, og det er bokstaveleg, for vi er på «havsens botn», langt nede i djupet (i hovudsak ein metafor) der ulike skapningar held til. Blant dei er også havfrua Arild (Stian Isaksen) som er full av lengt og uvisse. Han veit ikkje kven ho er, og kva hen er etla til. Der alt berre flyt lengtar han etter noko anna, men ho veit ikkje etter kva.

Med dette som utgangspunkt har Aam, med god hjelp av scenografien og kostyma til Helena Zaïda Schaber, laga ein visuell og fabulerande framsyning full av innfall, brot, ulike scener og leik med teaterkonvensjonar. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Aam tidlegare har arbeidd mykje med Lisa Lie, men han utviklar hennar univers langt vidare. Det er blitt eit oppkome av ei framsyning, eit overflødigheitshorn der du etter kvart neppe forstår mykje, men likevel blir riven med av alt det fascinerande. I TI Lab-prosjektet til Teater Innlandet, er det stort sett det same ensemblet som går att, og eg vil tru at deira røynsle med ei slik teaterform er avgjerande for at dette blei så vellukka. Dei fem på scena, Julie Bjørnebye, Sofie Huijs, Stian Isaksen, Tom Styve og Anne Guri Tvedt, leverer formidabelt ensemblespel, og det er openbert at dette ikkje berre er noko dei er fortrulege med, men også har fullt eigarskap til og står inne for.

(Ei litt amputert utgåve av denne meldinga, og med ei ganske misvisande overskrift, stod i Klassekampen onsdag den 31. august 2022.)

Tråden frå Molde til Dhaka

mandag, august 29th, 2022

TEATER

BRUK OG KAST: Som ein Atacama-ørken i miniatyr er scena der Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal tek oss med frå Molde i 1935 til Bangladesh og Chile. FOTO: TINGH

«Den som henger i en tråd»
Teatret Vårt, Molde
Basert på Nini Roll Ankers roman
Dramatisering og regi: Toril Solvang
Scenografi og kostyme: Marcus Olson
Komponist: Sandra Kolstad
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal

Ei visuell og vakker, men litt for fragmentarisk framsyning som trekk sterke trådar frå gårsdagens Molde til ørkenen i Chile og fabrikkar i Bangladesh.

Teatret Vårt i Molde held fram med 50-årsfeiringa si, og nå med ei oppsetjing basert på bysbarnet Nini Roll Ankers store sosiale roman, «Den som henger i en tråd», frå 1935. Boka handlar om Karna frå Molde som jobbar på ein av dei mange tekstilfabrikkane i området, og om korleis ho gjennom dårlege arbeidsforhold, låg løn og undertrykking både som arbeidar og kvinne går gjennom ei politisk oppvakning og fagorganiserer seg. I dag er det ikkje mykje konfeksjonsindustri att i Norge, men det finst Karna’er overalt i verda, som i Indonesia, Thailand, India og Kina der arbeidstilhøva nok er verre enn dei var i Molde for 90 år sia. Dei billege kleda frå fabrikkar med underbetalte arbeidarar har i tillegg ført til ein bruk-og-kast-mentalitet som gjer at tekstilindustrien er blitt ein av verstingane med tanke på miljø og forureining med rundt 10 % av verdas CO2-utslepp.

Med utgangspunkt i Molde i 1935, Karna, og venninna hennar Rakel, har dramatikar og regissør Toril Solvang laga eit teaterstykke der ho tek oss med til landa eg nemnde, og ikkje minst til Savar utanfor Dhaka i Bangladesh der ein åtte etasjar høg tekstilfabrikk kollapsa for ni år sia og meir enn 1100 døydde. Og vi blir også med til Atacama-ørkenen i det nordlege Chile der 40 000 tonn brukte moteklede årleg blir deponert med alvorlege konsekvensar for miljøet, ikkje berre i Chile men for heile verda.

Scenografien til Marcus Olson er heilt avgjerande for denne oppsetjinga. Scena er fylt av utrangerte klede frå Fretex, og i dette fargerike berget av tekstilar dukkar dei tre skodespelarane Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik og Kjersti Botn Sandal opp. Sjølve iført eit hav av klede er dei både forteljarar, ulike versjonar av Karna og ein del andre personar medan dei hoppar ganske saumlaust ut og inn av roller og fram og attende i tid. Med seg har dei eit flott og stemningsskapande lydbilde, nokre gongar nesten suggererande nyskriven musikk av Sandra Kolstad.

Dei tre på scena er fortrulege med stoffet, spelar godt i hop, og med enkle middel gjer dei at vi forstår om dei er ei abortsøkjande jente i Molde for nitti år sia eller offer for storspekulantar i Bangladesh i dag. I løpet av berre 80 minutt greier dei å sveipe innom både det historiske bakteppet frå Nini Roll Ankers roman, situasjonen for dagens syersker, fagorganisering, utbytting, kvinneundertrykking, abort og i tillegg kampen for natur og miljø. Og her ligg to problem som gjer at framsyninga diverre ikkje kjem heilt i land. Ho blir litt anekdotisk ved at det er så mykje ein skal innom på stutt tid utan at ein kjem skikkeleg under huda på situasjonen i dei ulike tablåa. Eit særs godt songnummer mot slutten syner kva dette kunne ha blitt om dei hadde fått like god tid til dvele ved innhaldet i fleire av scenene. Og med så sterkt og klårt innhald som det Toril Solvang her presenterer, treng ho heller ikkje å gni det inn med proklamasjonar og knytte never. Den før nemnde songen, lågmælt og illustrerande, og mange av tablåa, for ikkje å seie heile framsyninga, er ei meir enn sterk nok knyttneve i seg sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. august 2022.)

Ny vri på Olavsmyten

lørdag, august 20th, 2022

TEATER

INGEN UTBURD: Rane (Terje Brevik) sørger for at Olav (Eine Grøtte Fosshaug) ikkje blir sett ut. FOTO: ØYVIND MALUM, CAMERAT AS

«Olav den Heldige – Ranes hemmelighet»
De Heldige og Stygdalsnemnda, Spelamfiet Stiklestad
Av: Patrik Asplund Stenseth og Sjur Marqvardsen
Komponist: Andreas Humlekjær
Regi: Martine Tufvesson Lundberg
Scenografi og lysdesign: Eilif Fjeld Teisbo
Kostyme: Anette Werenskiold
Arrangør/medkomponist: Håvard Gressum Antonsen
Lyddesign: Thomas Hammer
Koreografi: Amalie Eggen
Med: Eine Grøtte Fosshaug, Adelheid Svedjan Hynne, Patrik Asplund Stenseth, Philip Bøckmann, Jan Sælid, Heidi Ruud Ellingsen, Kenneth Engen, Terje Brevik, Benedicte Søreng, Lavrans Haga, Sanne Kvitnes mfl.

Eit respektlaust og kreativt oppkome av ei framsyning trass i nokre problem med sjølve forteljinga.

Olavsmyten om «Norges evige konge», Olav Haraldson eller Olav Digre som han også blei kalla, er i hovudsak knytt til slaget på Stiklestad der han fall. Det var ei hending som er blitt sett på som den endelege stadfestinga av kristninga av Norge, og der ettertida kanoniserte han og ga han tilnamnet «den heilage». Mindre kjent er det at han tidleg i si kongsgjerning grunnla byen Borg, som nå heiter Sarpsborg. Det har ført til at sarpingane også kjenner eigarskap til denne kongen, og produksjonsselskapet De heldige har i fleire år sett opp utandørsframsyninga «Olav den Heldige» i Sarpsborg. Nå har dei laga det eg vil tru er ei ny oppsetjing, «Olav den Heldige – Ranes hemmelighet», som er første del av en trilogi. Urpremieren var i Sarpsborg i juli, men i samarbeid med Stygdalsnemnda og Stiklestad nasjonale kultursenter, er framsyninga nå komen «heim», og fredag var det nypremiere i spelamfiet på Stiklestad.

Med bakgrunn i Snorre, norrøn mytologi og andre historiske kjelder, men med meir enn tilstrekkeleg distanse til dei, har forfattarane Patrik Asplund Stenseth og Sjur Marqvardsen skrive ei historie om Olavs unge år og korleis han etter kvart slo dei gamle æsa. Det er temmeleg fritt etter minnet, og fullt av humoristiske gags, men med klåre parallellar, ikkje berre til historia om Olav Digre, men også, antikken, Bibelen og Jesu yngre år.

Namneseremoni: Eitt av mange velkoreograferte masseopptrinn. FOTO: ØYVIND MALUM, CAMERAT AS

Vi er på slutten av 900-talet, og det skal vere namneseremoni for den nyfødde kongssonen Olav. Far hans, Harald, døydde medan Åsta (Sanne Kvitnes) var gravid, og stefaren Sigurd (Lavrans Haga) og Åsta bur seg på eit skikkeleg lag. Men om natta får den vise Rane (Terje Brevik) eit syn om at Olav skal bli ein leiar for folket sitt inn i ei ny tid. Men ikkje utan motstand, for profetien vil ikkje bli oppfylt om dei gamle gudane greier å ta livet av guten. Her er parallellane til Herodes og Jesus meir enn openberre, og Olav blir ikkje berre den seinare heilage, men nærast som ein Kristus-figur. Odin (Jan Sælid) finn sjølvsagt ut av dette, og saman med Tor (Patrik Asplund Stenseth), Loke (Philip Bøckmann), Frøya (Heidi Ruud Ellingsen) og Heimdal (Kenneth Engen) legg han planar for å få guten drepen. Tor blir send ut for å lage eit ekstremt torevêr under namneseremonien, og det fører til at Sigurd meiner Olav fører med seg ulykke, og vil difor setje han ut for å døy. Og her er parallellen til «Spelet om Heilag Olav» like openberr, eit spel som handlar meir om utburd enn om helgenkongen. Så blir det nok ein mytisk parallell, denne gongen som i Sofokles’ drama om Ødipus, at nokon forbarmar seg. Åsta og Rane konspirerer, og Olav (Eine Grøtte Fosshaug) veks opp i løynd hjå den vise Rane utan omgang med andre, og utan å vite kven han er.

Så langt er dette både spennande og særs kreativt, og med referansar både hit og dit. Men så verkar det som forfattarane har gått litt tom for idear når det gjeld sjølve forteljinga, for resten er diverre blitt noko hoppande der tablåa kjem hulter til bulter, og ikkje alltid like motivert. I den grad det er kreativt, er det fordi det er krydra med artige gags, påfunn, populærkulturelle referansar og ein god porsjon metateater. Det blir sjølvsagt tidvis særs underhaldande, men tablåa blir diverre meir frittståande publikumsfrieri enn ei samanhengande historie. Utan å røpe for mykje følger vi Olav til han 12 år gamal flyktar til Danmark, let seg kristne, og så kjem heim for å slå ned både Midgardsormen, den gamle åsatrua, og for å forsone seg med mor og stefar.

Spelamfiet på Stiklestad egnar seg godt til framsyninga. Amfiet er litt ombygd, og med gode scenografiske element, og ikkje minst den flotte lyssettinga til Eilif Fjeld Teisbo, blir det laga fine rom og situasjonar. Saman med dei mange kreative og synkrone lydeffektane til Thomas Hammer, får vi mange nesten magiske tablå.

SJARMERANDE: Jotnen Loke og gudane Tor, Frøya og Heimdal, er meir sjarmerande enn skumle og vonde. FOTO: ØYVIND MALUM, CAMERAT AS

Dette er ei familieframsyning for alle frå fem år og oppover, og ho er tidvis humoristisk sjølvironisk om det at det også er mindreårige blant publikum. Dei gode figurane er sjølvsagt gode, men dei vonde er ikkje så ille når det kjem til stykket dei heller. Dei gamle gudane er meir komiske enn vondsinna, og Tor med hammaren er eigentleg ein pingle som ikkje greier å gjere slik Odin vil. Rolletolkinga til Patrik Asplund Stenseth er ei lita framsyning i framsyninga, og gjer Tor særs sjarmerande, og faktisk til å kjenne seg att i for mange. Eine Grøtte Fosshaug er berre 12 år gamal, men spelar likevel Olav både overtydande og truverdig. Han er energisk, hundre prosent til stades, og har, trass ung alder, eit overraskande rikt register.

Regissør Martine Tufvesson Lundberg har, saman med regiassistent Vilde Johannessen, gjort eit særs bra arbeid med å instruere dei nærare tretti unge statistane, og slik skapt mange mektige tablå. Og koreografen Amalie Eggen har fått dei til å opptre imponerande synkront. Regien slit litt med at sceneskifta er mange og ikkje alltid like logiske.

Dette er eit musikkspel, og musikken til Andreas Humlekjær er litt ujamn. Nokre songar er vakre og små perler, medan andre ikkje er like melodiøse, og difor vanskelege å synge for dei minst rutinerte. Men Heidi Ruud Ellingsen som Frøya gjer maksimalt ut av sine ganske forrykande songnummer. Eg må også nemne at Ola Wist Holmen har gjort ein dugande jobb med musikalsk innstudering av koringa som både er rein, klokkeklår og mektig.

I snart sytti år har det ekstremt pompøse, og temmeleg innhaldslause «Spelet om Heilag Olav» fått rå grunnen på Stiklestad. Trass i nokre manglar ved sjølve forteljinga, var det difor befriande å sjå denne kontrasten, «Olav den Heldige – Ranes hemmelighet», ei underhaldande framsyning og ein respektlaus og oppfinnsam måte å formidle gamal historie på.

Kampen om fossen

mandag, august 15th, 2022

TEATER

TRUGSMÅL: Lensmannen (Dag Ringstad) les opprørsparagrafen for Tone (Karianna Sommerro) og aksjonistane og trugar med fengsel i fleire år. FOTO: BJØRN MAGNE ØVERÅS

«Spelet om Mardøla»
Mardøla teaterlag, Eikesdal
Tekst: Svein Sæter
Musikk: Lars Ramsøy-Halle
Regi: Nils Golberg Mulvik
Musikalsk leiing: André Gussiås og Øystein Sandbukt
Scenografi: Carsten Andersen
Lysdesign: Agnethe Tellefsen
Koreografi: Hege Lauritzen
Orkester: Øystein Sandbukt, André Gussiås, Britt Elise Skram, Einar K. Fuglerud, Jo Inge Nes og Ivar Sandbukt
Med: Marit Synnøve Berg, Karianna Sommerro, Odd Arne Halaas, Emma Torine Ulateig Austigard, Mathias Melsæter Rydjord, Gunnar Børset mfl.

Kampen for å verne Mardalsfossen i 1970 var skilsetjande for både naturvernet og sivil ulydnad, og har nå endeleg fått eit verdig minne gjennom «Spelet om Mardøla».

Mardalsfossen ved Eikesdalsvatnet i Møre og Romsdal er ein fleirtrinns foss med totalt fall på over 700 meter, og eit spektakulært og ynda turistmål. Men også eit enormt kraftpotensial. I 1947 blei Aursjøbassenget i fjellet mellom Eikesdalen og Lesja demt opp. Ti år seinare vedtok Stortinget «takrenneprosjektet» som ville ta endå meir vatn frå Aura. Samstundes sa Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE) at nå var tolegrensa nådd, og at Mardalsfossen ikkje burde byggast ut. Bygdefolket i Eikesdalen og Eresfjord trudde fossen var berga, men slik blei det ikkje. NVE søkte i 1966 om utbygging, og trass i manglande vedtak, blei det starta bygging av anleggsveg i 1969. Sommaren 1970 vedtok Stortinget (mot berre åtte røyster) å tørrleggje fossen og føre vatnet til Romsdalen.

I slutten av juli 1970 var protestaksjonen i gang. Bygdefolk og tilreisande aksjonistar etablerte ein teltleir i Sandgrovbotn, og hindra anleggsmaskinane i å kome fram. Under klok rettleiing frå økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng (1934 – 2014), vedtok dei ei ikkjevaldsline der dei søkte kommunikasjon og ikkje konfrontasjon. Men folk i nabokommunen Rauma, som ville få kraftverket, ville det annleis. Dei væpna seg, og det gjekk mot det som kunne ha blitt eit valdeleg oppgjer. Aksjonistane valde å avslutte blokaden, men flytta leiren til ein annan plass. I slutten av august 1970 var det heile over, og ikoniske bilde av Kvaløy og andre som blei bore bort av politiet fekk medieoppslag over heile verda.

Mardøla-aksjonen var den første store naturvernkampen i Norge, og sette den etiske standarden for all slags sivil ulydnad. Slaget blei tapt, men krigen blei på mange vis vunne, for to år etter fekk Norge verdas første miljøverndepartement, og i 1986 vedtok Stortinget ein samla plan for forvalting av vassdraga i landet.

I 1972 blei det laga ein dokumentarfilm om denne skilsetjande aksjonen, men det har mangla ei skikkeleg lokal markering. I 2019 blei Mardøla Teaterlag skipa, forfattar og komponist blei engasjert, og torsdag var det urpremiere på musikalen «Spelet om Mardøla».

Med aksjonen som bakteppe har Svein Sæter skrive eit manus som held seg tett til dei faktiske hendingane, men som elles er fiksjon. Med eitt unnatak. Sigmund Kvaløy (Gunnar Børset) er sjølvsagt ein sentral rollefigur. Vi er på garden Mardalsbøen, ved foten av Mardalsfossen. Her bur tre generasjonar, «Bæste» (Marit Synnøve Berg), sonen hennar Peder (Odd Arne Halaas) og dei to døtrene hans, Kari (Emma Torine Ulateig Austigard) og storesystera Tone (Karianna Sommerro). Gjennom denne vesle grunneigarfamilien, og spesielt odelsjenta Tone, får vi på illustrerande vis rulla ut både forhistoria og heile dramaet. Konflikten med folka i Rauma får Sæter fram ved å la Tone bli kjærast med Tore (Mathias Melsæter Rydjord) som er son av maskinentreprenøren for anlegget.

MAGISK: Ballett for to gravemaskinar og ei fosseprinsesse. FOTO: BJØRN MAGNE ØVERÅS

I første akt er vi på garden og får presentert det som skjedde fram til utbyggingsvedtaket, medan vi etter pause er i teltleiren i Sandgrovbotn. Carsten Andersen har stort sett latt småbruket og naturen vere scenografi, og med lyssettinga til Agnethe Tellefsen blir det skapt både fine rom og situasjonar. Særleg vellukka er Fosseprinsessa (Pia Lauritzen), ei slags hulder som skapar stemningar med ekspressiv dans ved foten av fossen. Og starten av andre akt er magisk når vi får ein velkoreografert ballett med to gravemaskinar (!) og ei fosseprinsesse.

Sæters tekst er full av lun humor og får godt fram både historia og konfliktane. Musikken til Lars Ramsøy-Halle er framifrå, melodiøs og til å synge med i. Og med eit dugande orkester og god korsong blir det mange mektige tablå. Spelet til dei sentrale aktørane er solid og truverdig, og Karianna Sommerro syner nok ein gong at ho er ein musikalartist av dei sjeldne.

TO GENERASJONAR: Odelsjenta Tone (Karianna Sommerro) og «Bæste» (Marit Synnøve Berg). FOTO: BJØRN MAGNE ØVERÅS

Det har vore stutt prøvetid, det er mange statistar og eit enormt dugnadsprosjekt for ein plass med få fastbuande. Regien til Nils Golberg Mulvik er nok difor ikkje heilt i mål. Sjølvsagt manglar det ein del på personinstruksjon av dei mange statistane, men det er også litt problem med dramaturgien der det nok er mogeleg å stramme inn ein god del. For det er å håpe at dette spelet blir sett opp att om eit år eller to. Historia er viktig, og kampen for naturen er diverre langt frå over.

(Ei litt amputert utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. august 2022.)

Framifrå folkekomedie

mandag, august 1st, 2022

TEATER

MASKEPI?: Er det hat eller elskov mellom Beatrice (Madeleine B. Nilsen) og Benedick (Jon Vegard Hovdal)? FOTO: KRISS STEMLAND

«Myttjy alo fer itjnå»
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim
Av: William Shakespeare
Omsett av: Hans Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist: Øyvind Jo Heimdal Eik
Orkester: Øyvind Jo Heimdal Eik, Markus Wisth Edvardsen og Gaute Skrove
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Maske og parykk: Leo Thörn
Med: Madeleine B. Nilsen, Jon Vegard Hovdal, Haakon M.A. Smestad, David Stakston, Emma Bones, Marianne Meløy, Kathrine Strugstad, Bendik S. Nordgaard, Kristoffer Hjulstad, Ståle Kvarme Tørring, Terje Ranes, Silje Botten, Stian Hovland Pedersen og Ragnhild Lila Risnes mfl.

Dette er folkekomedie på aller høgste nivå.

Rabarbrateateret i Trondheim har vore aktivt sia 2010, men det var først då dei tok til å setje opp William Shakespeares folkekomediar i ein bakgard på Bakklandet i Trondheim, og i særs kreativ omsetjing til sparbudialekt, at det heile tok av. I år har dei tatt for seg «Much Ado About Nothing», som i Hans Magnus Ystgaards nærast geniale omsetjing heiter «Myttjy alo fer itjnå». Og om dei føregåande produksjonane har vore vellukka, så tek denne prisen.

Vi er i Messina på Sicilia der fyrsten Don Pedro (Haakon M.A. Smestad) er komen heim frå eit ærerikt felttog. Det er duka for bryllaup mellom den unge adelsmannen Claudio (David Stakston) og Hero (Emma Bones), dotter til guvernøren (Terje Ranes). Medan alle ventar på den store festen, freistar fyrsten å kople Claudios ven Benedick (Jon Vegard Hovdal) med Heros kusine Beatrice (Madeleine B. Nilsen), båe innbitne motstandarar av ekteskap, og endå meir av kvarandre. Dei utvekslar utskjellingar med så stor eleganse at vi ganske raskt forstår at det eigentleg dreier seg om kurtise. Men Shakespeare har alltid forviklingar på lur, og fyrstens bror (Ståle Kvarme Tørring), set i scene eit opptrinn som gjer at Claudio trur Hero er utru og har seg med fleire. Så blir det «myttjy alo», og ein intrige som er lettare å forstå enn å forklåre. Men ved hjelp av nokre som har sett kva som eigentleg skjedde, og ein nydikta figur, Buskis (Marianne Meløy), løyser alt seg til slutt.

Det er eit stort persongalleri, og sjølv om det er komplikasjonane rundt bryllaupet til Claudio og Hero som er den viktigaste intrigen, er det likevel Benedick og Beatrice, dei to som flørtar med skjellsord, som er motoren i framsyninga. Invektiva dei serverer kvarandre kjem som frå to mitraljøser, metaforane og dei språklege blomane er mange, og ein skal følgje godt med for å få med seg alt. Madeleine B. Nilsen blei i 2020 høgst fortent Heddanominert, men det ho gjer i Rabarbraparken overgår alt ho tidlegare har gjort. Ho spelar med stort tempo, er høgt og lågt, og syner eit enormt register og ein imponerande nyanserikdom. Motspelaren Jon Vegard Hovdal står ikkje mykje attende, og gjer også den beste framføringa eg har sett av han så langt. Dei andre rolletolkingane er alle overtydande og gode, og det er lite att av den litt sjarmerande amatørismen vi har fått i tidlegare produksjonar.

Hans Magnus Ystgaards omsetjing er full av språkblomar og metaforar, og gjer teksten både forståeleg og hysterisk artig. I den nye rolla «Buskis» (som eg oppfattar som ein halvbror av og vidareutvikling av Shakespeares Dogberry, men som dei sjølve seier er Dogberry, men berre med nytt namn) har Ystgaard gitt språklege lissepasningar til Marianne Meløy som svarar med å lage ein stor komedie i komedien. Øyvind Brandtzægs regi, og ikkje minst personinstruksjon, er imponerande. Rabarbraparken er inga enkel scene, men skifta er presise og raske, tempoet er høgt, og det er framifrå spel frå alle aktørane. Intrigen er klår og tydeleg, og det er ei framsyning til å le seg i hel av, nærast utan daudpunkt. Samstundes ligg Shakespeares milde kritikk av menneskeleg vondskap og dårskap der som ein undertone heile tida.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 1. august 2022. I denne bloggteksten har eg lagt til ei presisering om forholdet mellom figuren «Buskis» og Shakespeares Dogberry.)