Archive for mai, 2022

Illusjonar og undring

mandag, mai 30th, 2022

TEATER

REDDANDE ENGEL: Det kakerlakken trudde var ein engel, viste seg å vere ein nattsvermar, men reddande var han lell. FOTO: MALEJO

«Kakerlakken med den stygge frakken»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Martine Grande
Dramatisert av: Kristoffer Blindheim Grønskag
Regi: Johannes Holmen Dahl
Illustrasjonar: Martine Grande
Komponist: Trygve Nielsen
Animasjonar: Håvard Strand og Torjus Førre Erfjord
Med: Ragne Grande

Ei unnseleg lita framsyning med mange og overraskande lag.

I 2013 debuterte Martine Grande som forfattar med den illustrerte barneboka «Kakerlakken med den stygge frakken…og hovudet fullt av triste tankar». Grande er både forfattar og animatør, og ho gjorde etter kort tid også animasjonsfilm av boka. Saman med systera, skodespelaren Ragne Grande, fann ho i 2015 ut at ho i tillegg ville lage teater av historia, Kristoffer Blindheim Grønskag fekk ansvaret for dramatisering, og i regi av Johannes Holmen Dahl, og med mange andre gode hjelparar blei det teater i 2015. I ein samproduksjon med Trøndelag Teater, er nå framsyninga tatt opp att, og onsdag var det premiere for eit entusiastisk og særs deltakande publikum.

Scenografien er enkel, ein stor kvit skjerm og eit par skap på sida av den opne og elles ganske nake scena. Ragne Grande ønsker velkommen, og tar til å fortelje at ho nå skal blande fantastiske farge. Ho kjem raskt i tale med publikum og etablerer på rekordtid ein kontakt med, og eit engasjement hjå dei unge som det er lenge sia eg har sett make til. Nennsamt opnar ho malingsspann for å blande farger, men så syner det seg at malinga er noko vi berre må innbille oss. Slik gir ho på pedagogisk vis innføring i ein del av det som er teaterets magi. Men når ho så kastar den fiktive malinga på skjermen, blir den på magisk vis fargelagt, og det dukkar opp vakre fargerike landskap.

Alt dette er berre ein introduksjon til den eigentlege historia der Ragne Grande er ein kakerlakk som elskar sol, sommar og varme, og som blir trist av dei andre årstidene. Betre blir det ikkje av at ho har ein grøn frakk ho meiner er ganske stygg, og at ho blir mobba og hundsa av dei andre insekta.

Korleis det går, skal eg ikkje røpe, men denne vesle sviska av ei teaterframsyning på berre dryge halvtimen, har mange lag og historier. I botn ligg det tunge tema som utanforskap og mobbing, men i det ytre er framsyninga ein uvanleg opplevingsrik leik med farger og teikningar. Og det er eit imponerande synkront samspel mellom Grande, det animerte og playback av fem ulike forteljarstemmer. Spesielt dyktig er det når ho syng trestemt med to av dei. Grande har det unge publikummet i si hole hand, og spelar aktivt på deira deltaking. Etter ei imponerande opning, mister framsyning midtvegs litt intensitet, men tek seg godt opp att mot finalen. «Kakerlakken med den stygge frakken» er ei multimedial og særs opplevingsrik framsyning, Ho er vakker, underhaldande, og ikkje minst full av overraskingar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. mai 2022.)

Bacon eller boyband

mandag, mai 23rd, 2022

TEATER

FANGA: Å vere eller ikkje vere, eller å bli bacon eller boyband, – det er spørsmålet. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Tre griser og en ulv»
Teatret Vårt, Molde, Taket
Skrive og regissert av: Bjørnar Lisether Teigen
Musikk: Erik Teigen
Med: Jon Vegar Hovdal, Olavus Frostad Udbye, Ingrid Myhre Løvik og Bjørnar Lisether Teigen

Upretensiøst og leikent, og slikt blir stundom ganske god underhaldning.

Med eit ambisiøst program har Teatret Vårt i heile vårsesongen feira sine første femti år. Fredag var det stor fest med ei potpurri-framsyning frå gamalt repertoar, ei oppsetjing som stod i jubileets og nostalgiens teikn. Og laurdag var det urpremiere på ei barneteaterframsyning som var ein leik med teatermetaforar. I duskregn på teatertaket fekk vi sjå eit sjarmerande lite stykke som var ein parafrase over eventyret om dei tre små grisane og ulven, men også ein humoristisk kommentar til både populærkultur, hybris, kjønnsroller og mykje meir.

Bjørnar Lisether Teigen, ein av veteranane ved teateret, har skrive og regissert det heile. Utgangspunktet er det gamle eventyret der dei tre grisesyskena, Gunnar Gris (Olavus Frostad Udbye), Edel Gris (Ingrid Myhre Løvik) og yngstemann, Grismann (Bjørnar Lisether Teigen) nå har flytta heimanfrå. Taket på teateret syner seg å vere ein fin plass å bu. Gjennom eit vell av metaforar og språkleg leik som nok er mynta mest på dei vaksne og teaterkunnige, får vi presentert dei tre. Gunnar er den intellektuelle lyrikaren som har «Grease» som favorittfilm, Edel er hemmeleg forelska i Gisle Wink, og den yngste spelar fotball og elskar grisetaklingar. Slik er dei openberre metaforane, medan lenkene til Shakespeare og Ibsen er meir for dei innvigde.

Medan dei tre søv, kjem ulven Vidar Wolf (Jon Vegard Hovdal) fram. Han luktar gris, men som ein ulv med eit enormt ego, og som ein middels dansebandstjerne, er han også opptatt av å få seg eit band og gjere rockesuksess.

Naturen og instinkta går sin gang og ulven går på grisejakt. Det tar si tid for ulven er ikkje av dei mest intelligente, medan grisane, trass i sjarmerande naivitet, er ganske oppfinnsame. Men fysikk og rå makt gjer sjølvsagt at grisane til slutt blir fanga. Så syner det seg at dårskapen og ønsket om å bli stjerne er større enn svolten, og då ulven høyrer kor gode grisane er til å syngje, får mat vere mat. Han konverterer til vegetarianar og let dei tre bli boybandet sitt. Det vil seie, – Edel er jo ikkje gut, så då blir det med eitt ein artig kjønnskonflikt, og ikkje eit spørsmål om darwinisme og naturens gang.

Etter ein rekordstutt prøveperiode har dei fire på scena leika seg fram til ei kjempesjarmerande og fullstendig upretensiøs framsyning. Mykje kunne ha vore stramma inn, og det er ikkje stor dramatikk, men det har heller aldri vore meininga. Når fire gode skodespelarar leikar seg på scena, frir til publikum, morar seg med metaforar og populærkulturelle referansar, og stadig lagar litt uventa vriar, blir det god underhaldning. Det er av og til meir enn tilstrekkeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. mai 2022.)

Vi har alle vårt.

onsdag, mai 18th, 2022

TEATER

LAGNAD: Kanskje kan dei finne kvarandre, for alle har dei løynd bagasje FOTO: MAGNUS SKREDE

«MEGAMEGA»
The Krumple og Teater Innlandet, Tynset kulturhus
Av: The Krumple
Regi: Vincent Vernerie og ensemblet
Scenografi og kostyme: The Krumple
Koreografisk bistand: Catherine Béziex
Med: Vincent Vernerie, Oda Kirkebø Nyfløtt, David Tholander, Léna Rondé og Maja Bekken.

Livet er ikkje lineært, og brått kan det skje ting som snur rundt på alt.

Misunn ingen det skin av lykke han eig, for du kjenner ikkje hans løynde sorger, heiter det i eit gamalt ordtak. Slik tenker eg etter å ha sett «MEGAMEGA», ei uvanleg assosiasjonsrik framsyning som er ein samproduksjon mellom the Krumple og Teater Innlandet. I eit fysisk og leikent teaterspråk med fullt av overraskingar gir dei oss på illustrerande og opplevingsrikt vis fem heilt kvardagslege lagnadar som bør vere til å kjenne seg att i for dei fleste.

The Krumple er eit lite og litt lauseleg samansett teaterkompani grunnlagt i 2013 etter avslutta teaterutdanning i Paris. Dei seks som starta det heile er frå USA, Frankrike, Danmark og Norge, og har laga sju produksjonar samstundes som dei også har sett av tid til eigne ting. Geografi, logistikk, – og pandemi, har gjort at dei også har nytta seg av andre samarbeidspartnarar. Aktørane har ulike spesialfelt som trylling, figurteater, dans og song, og det gjer at dei, trass i at dei er få, kan nytte mange forskjellige språk og uttrykksmåtar, noko vi fekk tydeleg prov på i «MEGAMEGA».

Oppsetjinga er spekka med symbolikk, og det er uråd å få med seg alt. Men det er nok heller ikkje meininga, for her er det så rikt med assosiasjonar og opplevingar, at du eigentleg berre kan lene deg attende og ta med deg det som treff deg og la resten vere. I tillegg er dette ei framsyning der ettersmaken er uvanleg stor, og der inntrykka dukkar opp lenge etter teppefall.

Scenografien er tilsynelatande enkel og illuderer eit brettspel som kan vere eit bilde på eit langt frå lineært liv. Plutseleg kan noko skje som endrar alt, eller som i brettspelterminologien får deg til å vende tilbake til start. Og det er dette «MEGAMEGA» (eit anagram for GameGame) handlar om. I opninga kjem dei fem aktørane, kledde i nøytrale spelgevant, men i ulike farger, hoppande inn på brettet, og tar til å flytte seg fram rute for rute. Etter kvart endrar dei seg frå spelbrikker til fem ulike personar med kvar sin lagnad, – og bør å bere. Det er han som har falle litt utanfor samfunnet Vincent Vernerie), kirurgen som aldri får fred (Maja Bekken), den gamle dama som forbannar alt og alle og særleg elektriske ståsyklar (Léna Rondé), ho som er skadd og som blir trakka på (Oda Kirkebø Nyfløtt) og kvardagsfilosofen med eit løynd traume eg skal halde meg frå å avsløre (David Tholander).

Oppsetjinga er bygd opp av ei mengd tablå med mange og godt synkroniserte sceneskift der vi saumlaust glir mellom dei fem, og litt interaksjon mellom dei. Ikkje alle rollene er like tydelege, og i den grad vi kan snakke om lyte eller traume, er dei kanskje ikkje av dei mest dramatiske. Men også små brot kan bli eksistensielle avhengig av korleis du taklar dei. Og at nokre av dei kan vere ganske trivielle, gjer også at dei er lette å kjenne seg att i.

Ekspressivt og nesten utan ord gir the Krumple oss ei velspela og underhaldande, og stadig overraskande framsyning om heilt eksistensielle spørsmål. Det er vakkert, humoristisk, det er visuelt, og blir framført til illustrerande og fine musikkval frå Mozart til Daniel Herskedal

Dei ulike spesialitetane til dei fem blir nytta godt og effektivt, som i song, koreografi, og ikkje minst i David Tholanders magi. På eit naivistisk og stillfarande vis gir han oss eit vell av overraskingar, og finalen der han auser av bagasjen sin som frå ei Sareptas krukke, er både sår og vakker. Og når brettspelet til slutt nærast reiser seg og blir noko heilt anna, er det ei avslutning som gir publikum mangt å tenke på lenge etter teppefall.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 18. mai 2022.)

Eit ja til det kontrære

tirsdag, mai 3rd, 2022

TEATER

PREHUMAN: Som i eit stadium mellom dyr og menneske møter vi sjefen (Isak Holmen Sørensen) og Bartleby (Mira Dyrnes Askelund). FOTO: ALETTE SCHEI RØRVIK

«Bartleby»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Herman Melville
Omsetjing, dramatisering og regi: Espen Klouman Høiner
Scenografi, lys og kostyme: Signe Becker
Komponist, lyddesign: Camilla Vatne Barratt-Due
Med: Mira Dyrnes Askelund, Jon Lockert Rohde og Isak Holmen Sørensen

Når det rasjonelle blir altomfemnande, er det stundom godt å stoppe opp ved det kontrære.

Den amerikanske forfattaren Herman Melville (1819-1891) er mest kjend for den ikoniske og omfangsrike romanen «Moby Dick». Men blant entusiastar er han også kjend for den vesle novella «Bartleby» frå 1853. Det er ei gåtefull forteljing som i alle år har forundra og fascinert lesarane. For to år sia blei ho, uavhengig av kvarandre, dramatisert for både Teatret Vårt i Molde og Trøndelag Teater. Oppsetjinga i Molde, som var langt frå vellukka, rokk så vidt å bli spela før pandemien, medan Espen Klouman Høiners versjon for Trøndelag Teater har vore utsett heile fire gongar. I helga var det endeleg premiere, og han var det vel verd å vente på, for dette var ei heilstøypt og framifrå oppsetjing til både å undre seg over og å bli fascinert av.

I tida før kopimaskinane fanst, blei kopiering utført av nitide kopistar som sørga for rett avskrift. På eit advokatkontor i New York har ein velmeinande sjef tilsett dei to kopistane Turkey og Nippers, båe litt spesielle, men som på sitt vis utfyller kvarandre. Arbeidsmengda blir etter kvart så stor at advokaten må tilsetje ein til, og det blir den unge, stillferdige og arbeidsame Bartleby. Det tar til svært lovande, men når sjefen etter nokre dagar gir Bartleby ei ny oppgåve, svarar han med ei mild, men fast røyst at han vil føretrekke å la vere. Og slik held det fram. Same kva han blir sett til, er svaret det same. Novella er advokatens fullstendig prosaiske beretning om denne kopisten som han på eine sida kjenner for, og gjerne vil forstå, men som han til slutt vel å seie opp. Bartleby held fram med sitt prosjekt til han til slutt også føretrekker å ikkje ta til seg føde.

Espen Klouman Høiner har sjølv omsett, dramatisert og regissert framsyninga. I eit tett samarbeid med scenograf og kostymedesignar Signe Becker og komponisten og lyddesignaren Camilla Vatne Barratt-Due har han skapt eit nærast prehumant univers der aktørane er ein mellomting mellom dyr og menneske, ute av både tid og rom. Jon Lockert Rohde og Isak Holmen Sørensen spelar saman rolla som advokaten og forteljaren, og Mira Dyrnes Askelund er Bartleby. Høiner har stor tillit til både tekst, skodespelarar og publikum, og let dei tre ta seg særs god tid, med lange omstendelege pausar, og med brot med nærast sakral korsong som kunne gi assosiasjonar til mellomaldersk kyrkjemusikk. Barratt-Dues lyddesign vekslar saumlaust mellom vindliknande lydkulisser og vakker musikk. Og scenografien er ei rekkje svart/kvite draperi som ved hjelp av ein lysrigg etter kvart gir ei fin romdanning før alt går til inkje og forsvinn i eit hol. Omsetjinga, forteljinga og ikkje minst framføringa er i eit nøkternt og kjenslelaust, men likevel undrande språk, og same kva som skjer på scena, har dei tre steinandlet.

Forteljinga er like surrealistisk som ho er spennande, og framføringa byggjer hundre prosent oppunder dette. Ho er enormt symboltung, og på same vis som det er uråd å bli klok på Bartleby er det mykje av symbolikken eg heller ikkje forstår. Men det gjer ikkje noko, for her er nok av høve til å tolke og assosiere, og her er ikkje noko ferdigtogge, men heilt opp til publikums eiga tolking. Men i botn ligg det grunnleggjande at i ei verd der konsensus nærast kan bli opphøgd til religion, er det stundom ikkje berre godt, men heilt naudsynt å bli møtt av litt motstand.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 3. mai 2022.)

Best for dei innvigde

mandag, mai 2nd, 2022

TEATER

SJARMØR: Den botnfalske Nino (Emil Rodrigo Jørgensen), greier å forføre båe venninnene, først Lila (Hanne Mathisen Haga, og seinare Elena (Julia Bache-Wiig). FOTO: KNUT ÅSERUD

«Min briljante venninne»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Elena Ferrante
Dramatisert av: April de Angelis
Regi: Trine Wiggen
Scenografi: Ingrid Tønder
Kostyme: Anette Werenskiold
Videodesign: Jonatan Sundstrøm
Komponist: Espen Mauno
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Lysdesign: Lauri Lundahl
Med: Julia Bache-Wiig, Hanne Mathisen Haga, Guri Johnsen, Iver Innset, Emil Rodrigo Jørgensen, Kristoffer Anker Gustavsen, Kine Helene Kvalvik Eliassen, Kristine Henriksen, Alexander Rindestu, Kristian Fredrik Figenschow, Margrét Vilhjálmsdóttir, Christina Sleipnes, Kim Jøran Olsen, Andre Vik, Frederic Molund og Ann Mari Nordengen.

Det er openbert ikkje alle romanar som eignar seg for å bli dramatiserte.

Elena Ferrantes fire voluminøse band om dei to venninnene Elena Greco og Lila Cerullo, har begeistra ei heil verd av lesarar. Elena og Lila veks opp i etterkrigstidas Italia, i ein arbeidarbydel i Napoli prega av klassekamp, kvinneundertrykking, sosiale skilnadar og den lokale mafiaen. Vi følgjer dei to jentene frå skulestart i 1952 fram til Lila forsvinn i 2010. Det er ein uvanleg breitt anlagd sosial roman med eit stort og fargerikt persongalleri, og der ingrediensane er kjærleik, intrigar, maktkamp, gryande feminisme, klassereiser og ikkje minst eit vennskap som blir sett på store prøver.

Den britiske dramatikaren April de Angelis har dramatisert bøkene for teater, og Oslo Nye Teater hadde norgespremiere hausten 2019. Nå har Hålogaland Teater slått på stortromma, nytta nesten heile ensemblet sitt og laga ein seks timars framsyning i fire aktar inkludert servering av to-rettars italiensk middag og vin i pausane. I Trine Wiggens regi går dei seks timane raskt, men det er ikkje dermed sagt at oppsetjinga yter romanen fullstendig rettvise.

For å skape illusjon av både Napoli, heimar og arbeidsplassar, har Ingrid Tønder laga ein stilisert scenografi der ho nyttar heile det opne scenerommet, og der det berre er nokre møbelgrupper som kan skape ulike settingar. I tillegg er det ei mengd mobile draperi. Dei blir også nytta til gode videoprojeksjonar der vi både kjem nærare på skodespelarane, og der det frå bakscena er mogeleg å skape inntrykk av meir spesielle situasjonar. Samspelet mellom den opne scenografien og videobruken fungerer i hovudsak godt sjølv om det nok manglar litt på miljøskildringa. Noko av dette blir kompensert med Anette Werenskiolds tidsriktige kostyme.

Trine Wiggens regi fortel historia delvis i retrospekt og samstundes lineært gjennom seksti år. Eit særs godt grep er å la Guri Johnsen vere den gamle Elena som både fortel og kommenterer det som skjer. Johnsen er ein framifrå skodespelar, og i hennar rolege, attendeskodande betraktningar får vi eit lite gløtt av det episke som har gjort desse bøkene så populære. Fine brot og sceneskift blir det også med nydeleg italiensk song.

Dei to venninnene Elena og Lila blir spela av Julia Bache-Wiig og Hanne Mathisen Haga. Dei gir solide tolkingar i store, tekstrike roller og med eit spenn i alder frå skulestart til godt vaksne. Men det manglar nok litt for å forstå innhaldet i vennskapet til dei to. Med unnatak av ei sterk fabrikkscene i tredje akt, blir forholdet mellom dei meir skildra enn spela.

Bøkene er på fleire tusen sider, og det er ei så mangefasettert og samanvove historie at det er vanskeleg å kutte utan å miste vesentlege ingrediensar. Det er framsyningas store problem. Når så mykje skal med, blir det episodisk og fragmentarisk, og berre nokre få gongar får aktørane høve til å dvele og utdjupe slik at vi kjem under huda på dei og historia. Det er heile sju familiar som skal presenterast, persongalleriet blir for stort, og når seksten aktørar skal spele nærare femti roller utan kostymeskift, blir det vanskeleg å henge med, jamvel for oss som har lese bøkene. Dette blir kompensert med ein del overspel som meir karikerer enn portretterer personane det gjeld. Unnataket her er Iver Innset som gir oss ei overtydande og truverdig tolking av den kyniske, mafiøse og sleske Michele Solara.

Hålogaland Teater satsar stort, og for dei innvigde som har lese bøkene og kanskje sett HBO-serien, kan dette vere eit hyggeleg gjensyn. Som teater står det nok ikkje heilt på eigne bein.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. mai 2022.)