Archive for desember, 2021

ÅRETS FRAMSYNINGAR 2021

mandag, desember 27th, 2021

Teateråret 2021 har vore prega av pandemi og streik, og mange produksjonar er kansellerte eller utsett til seinare. Klassekampens meldarar gjer i dagens avis opp status. Sjølv om det ikkje er blitt like mange framsyningar som før, har avisa meldt til saman rundt 50 framsyningar. Ettersom teaterstenginga råka Oslo hardast, og eg freistar å dekkje resten av landet, har eg skrive heile 29 av desse meldingane. I tillegg har eg også skrive 11 meldingar for andre eller berre på bloggen.

Dei to framsyningane eg har trekt fram ved årets slutt er «Driv» av Cirka Teater og mange fleire, ei framsyning som var like mykje ein installasjon eller eit multimedialt kunstverk, og som både var ei feiring av Trondheim Kammermusikkfestivals 25-årsjubileum (eit år på etterskot) og at landet opna opp att (ei stakka stund) i haust.

Musikalane har ikkje den høgaste kred’en innafor scenekunsten. Difor er det godt å kunne trekkje fram ein representant for denne sjangeren som var så mykje meir. Nordland Teaters største satsting nokon sinne var ei oppsetjing av den svenske musikalen «Så som i himmelen», kjend frå filmen med same namn. Men det vesle regionteateret greidde å tilføre historia fleire nye dimensjonar og gjorde henne til noko langt meir enn ei sentimental tåreperse.

ÅRETS FRAMSYNING #1

«Driv»
Cirka Teater mfl. Nedre Elvehavn, Trondheim
Regi: Anne Marit Sæther, Gilles Berger og Espen Dekko

Cirka Teater sprenger stadig nye grenser. Til Trondheim Kammermusikkfestivals 25-årsjubileum gjekk dei saman med komponisten Ståle Storløkken, vokalgruppa Trondheim Voices, to trommeslagarar, ei rekkje dansarar, og Luftforsvarets Musikkorps, og laga noko av det mest sanselege, spektakulære og storslåtte eg har opplevd. Med magisk lyssetting og scenografi, og i 40 cm djupt vatn i den gamle tørrdokka på Trondhjems Mekaniske Verksted, ga dei oss ei visuell og musikalsk oppleving av det heilt sjeldne.

ÅRETS FRAMSYNING #2

«Så som i himmelen»
Nordland Teater, Mo i Rana
Regi: Morten Borgersen

I sin største og mest påkosta produksjon nokon sinne, greidde Nordland Teater å tilføre musikalen «Så som i himmelen» fleire nye dimensjonar og gjorde oppsetjinga til langt meir enn ei sentimental tåreperse. I Milja Salovaaras imponerande fleksible scenografi, og i Morten Borgersens regi og gode personinstruksjon fekk vi eit uvanleg samspelt og energisk ensemble, solide rolletolkingar, formidable songprestasjonar, og alt toppa av ein forrykande debut frå Karoline Dons som motoren i framsyninga.

ÅRETS FRAMSYNING – HEIDRANDE OMTALE:

Avisa gir ikkje plass til meir enn to framsyningar frå kvar av meldarane, men eg kunne tenkje meg å ta fram tre til. Eg lenker dei til meldingane eg i si tid skreiv i avisa og/eller på bloggen, så om de klikkar på namnet til framsyninga, kan de sjølve lese meir om dei på bloggen min.

«Utvik senior«
Regi: Nina Wester
Det dreier seg om «Utvik senior» av Nina Wester i samarbeid med Rimfrost Produksjoner og Hålogaland Teater, eit stykke framifrå doku-teater om stormaktspolitikk og forteiing, og korleis det har gått ut over heilt sakeslause fiskarar.

«Vástádus eana – The answer is land»
Regi: Elle Sofe Sara
På opninga av Festspela i Nord-Norge fekk eg høve til å sjå Elle Sofe Saras «Vástádus eana», ei sanseleg oppleving av dans, joik, lys og musikk. Eg plar vegre meg når det gjeld å skrive om dans, men her gjorde eg eit unnatak.

«Vi er krigere«
Regi: Trine Wiggen
Og i haust var eg på eit lite grendehus utanfor Fredrikstad og såg urpremiera på Monica Isakstuens «Vi er krigere» i Trine Wiggens særs varsame regi, og i ein scenografi som ga oss ein uvanleg autentisitet.

Historias største cover up

lørdag, desember 11th, 2021

TEATER

OPENBERRINGA: Engelen Gaybriel (Olve Løseth) fortel Maria (Tiril Heide-Steen) at Gud har smelt henne på tjukka. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Juleevangeliet – The smash (s)hit musical»
Nye Hjorten Teater, Trondheim Spektrum, sal F
Av: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal
Manus: Mads Bones og Olve Løseth
Songtekstar: Mads Bones
Musikk: Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Koreografi: Martha Standal
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Scenografi: Gjermund Andresen og Malin Helland
Kostyme: Christina Lovery
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Lyddesign: Oliver Løding, Ronny Wikmark og Jan Magne Høines
Med: Lisa Tønne, Tiril Heide-Steen, Mads Bones, Olve Løseth, Emil Olafsson, Tor Ivar Hagen, Petter Aagaard, Øyvind Brandtzæg, Christine Gaski, Martha Standal, Samantha Fox mfl.

Ei forrykande og enormt imponerande første akt blir diverre kontrastert av ei andre akt som ikkje held same høge standard.

For fem år sia sette den uvanleg kreative trioen Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal opp ein satirisk musikalversjon av juleevangeliet, basert på ein hittil ukjend femte evangelist. Scena var Gamle scene på Trøndelag Teater og trass i ei framsyning med openberre manglar, var suksessen så enorm at framsyninga blei skriven om, aktualisert og justert og sett opp att på hovudscena på same teater året etter. Rett før pandemien kom, skipa folka bak musikalen eit nytt teater dei kalla Det Nye Teater i ein gamal vulkaniseringshall på Lade i Trondheim. Men då smittevernregimet kort tid etter sette ein effektiv stoppar for fysisk teater, synte dei tre at dei har kreative evner også på andre område, og til jul i fjor sette dei opp ein livestrøyma digitalversjon som var den desidert beste «kaffierstatninga» eg har sett under pandemien. Så fekk Trondheim ein kulturell mesen av dei heilt sjeldne. Reitanfamilien har gått inn med store beløp og skipa Nye Hjorten Teater som om eit par år skal flytte inn i heilt nye teaterlokale midt i sentrum, og der skal det spelast musikalar, komediar, familieframsyningar og klassiske drama. Nytilsett teatersjef heiter Mads Bones, og som vi veit er korkje Bones, Løseth eller Havdal av dei som sit og ventar på at ting skal skje. Som opningsframsyning på Nye Hjorten Teater set dei opp ein heilt nyskriven versjon av Juleevangeliet, denne gongen med undertittelen «The smash (s)hit musical». Og medan vi ventar på nye teaterlokale i Apotekerveita, leiger dei like godt byens nye storstove, Trondheim Spektrum. Og , for så vidt litt symptomatisk for handlinga i stykket, – etter ein særs omstendeleg innleiing kan eg endeleg kome til ei melding av fredagens premiere.

Oppsettet er i hovudsak som dei føregåande produksjonane, men innhaldet er forandra på vesentlege punkt, og i realiteten fekk publikum ei ny framsyning. Historia tek på ekstremt uhøgtideleg vis, og ganske fritt etter minnet, utgangspunkt i Bibelens forteljing om Josef, Maria og Jesusbarnet slik vi alle kjenner det frå Lukasevangeliets kapittel 2. Men der Lukas fortel om den kyske Maria som føder Guds barn, får vi her ein litt annan vri på forteljinga, og truleg ein langt meir realistisk forklåring av fenomenet «jomfrufødsel». Josef (Lisa Tønne) er 67 år, og av tante Sodoma (Mads Bones) er han sett til å passe på den fjorten år gamle niesa hennar, Maria (Tiril Heide-Steen). Når Josef introduserer Maria for alkoholen, går det som det må, og jenta blir gravid. Straffa for slik utukt er steining, så kva skal stakkars Josef gjere? Han engasjerer kompisen (Olve Løseth) som kler seg ut som engelen Gaybriel og kjem til Maria om natta som ein utsending frå Gud, og fortel at ho skal føde Guds son. Gudfryktig og naiv som fjortenåringen er, trur ho på historia, og slik startar verdshistorias største cover up, ein bløff som etter kvart blir grunnlaget for ein verdsomfemnande religion. Alle, med eit mogeleg unnatak for tante Sodoma, let seg overtyde. Kong Herodes (Øyvind Brandtzæg) får nyss om kongssonen som skal bli født, og ønsker ingen rivalar, korkje til kong Herodes, eller Øyvind Brandtzæg, eller andre han gestaltar, – for i denne framsyninga er det tjukke, særs tjukke lag av metateater. Så når Josef og Maria dreg til Betlehem for å skrive seg inn i manntalet, nyttar kongen alle middel for å få tak i dei og barnet.

KUNNGJERING: Alle skal skrive seg inn i manntal, opplese frå kamelryggen

Så kjem dei som kjent til Betlehem, men der er det stinn brakke og rave party i herberget, så dei gir opp og legg seg til for å døy før dei blir redda av ei prinsesse til hest (Christine Gaski). Ho er ganske alternativ, ser englar og kallar hesten sin for Durex (say no more…). Ho tek dei med til stallen sin der det blir både fødsel og besøk av hyrdar og vise menn, før Herodes dukkar opp for å ta livet av barnet. Men så syner det seg at kongssonen likevel ikkje er heilt skapt for å bli konge, ein situasjon om arvefølgje som prinsessa kan alt om. Og barnet blir spart. Midt oppi det heile dukkar verkelege (?) erkeenglar opp og øydelegg dekkhistoria til Josef ved å bekrefte henne. (!) Som eit endeleg og stadfestande punktum kjem Gud (Samantha Fox) ridande inn til ein forrykande finale.

På vegen gjennom denne historia, som er vill nok i seg sjølv, er vi innom alt mogeleg anna. Tematisk og musikalsk låner dei hemningslaust frå «West Side Story» til «Folk og røvere i Kardemomme by» med mellomlandingar både her og der, mellom anna i Namsos og ulike utgåver av trønder-rocken. Det er som sagt haugevis av metalag i framsyninga, og dei kommenterer både seg sjølve og si eiga samtid. Det er mengder av dagsaktuelle og gode politiske kommentarar fint fletta inn som ein heilt naturleg del av historia, og det er ordspel, gags og populærkulturelle referansar så det held. Slik er framsyninga eit einaste stort overflødigheitshorn, og publikum elskar det.

Den scenografiske løysinga i sal F er ikkje enkel. Publikum sit rundt scena på alle fire sider, og skodespelarane må alltid spele med ryggen mot delar av publikum. Men Gjermund Andresen og Malin Helland har løyst dette glimrande, særleg i første akt, og med synkrone og kjappe sceneskift som aldri skapar unødige brot, og med den fantastiske lyssettinga til Ingrid Skanke Høsøien blir det trylla fram romdanningar og ei rekkje ulike situasjonar og tablå. Det er eit stort ensemble på ei lita scene, og likevel ei mengd spektakulære danseinnslag. Det er berre nokre få profesjonelle dansarar med, men Martha Standal har gjort ein formidabel koreografi som får dansenummera til å bli både synkrone og storslåtte. Dei rundt tjue aktørane på scena spelar ei mengd ulike roller, og det er mange og raske skift. Med Christina Loverys mange fargerike og flotte kostyme, verkar det som eit tre gongar så stort ensemble. Musikken til Kyrre Havdal, framført md skikkeleg trøkk under leiing av kapellmeister Åsmund Flaten, er fengande, songbar, og under song- og dansenummera sit trampeklappen i salen laust.

Lisa Tønne er berande i rolla som Josef. Ho har perfeksjonert tolkinga, er overtydande, kvass i replikken og tidvis infam. Tiril Heide-Steen er kontrasten som den fjortenårige novisa som kanskje ikkje er så dydig likevel? I denne oppsetjinga er ho den einaste som er tilnærma normal, og det formidlar ho på sikkert vis. Dei andre rollene er like elleville som dei er galne, men i god personinstruksjon frå Bones og Løseth godtek vi dei likevel, og vil gjerne ha meir.

GUD: Eller What did the Fox say?

Opninga tek pusten frå oss, og i første akt sit eg og klyp meg i arma, for det er så stramt, forrykande, så fullt av energi, så gode danse- og songnummer, så saumlaust og synkront og så samspela at dette verkeleg er musikal av aller beste klasse. Når gags, vitsar og poeng kjem som mitraljøseeld, og den plumpaste humoren frå tidlegare er luka ut, tenkjer eg at nå. – nå er dei endeleg heilt framme, og at dette blir verkeleg bra. Men så blir andre akta diverre ein dramaturgisk nedtur der det er lengre mellom poenga, alt for mange gamle og ikkje så gode vitsar, ikkje på langt nær så spektakulære og flotte song- og danseopptrinn. Mot finalen der det blir ganske uklårt kor farskapet ligg, og der det blir mange artige tankar om tvil og tru, og ikkje minst om kjønnsroller og det androgyne, tek det heile seg opp og endar til slutt i ei openberring av ein finale med Samantha Fox som Gud. Det siste nok meir som ein gag og gimmick enn som ein naudsynt del av oppsetjinga.

«Juleevangeliet – The smash (s)hit musical» kjem ikkje heilt i mål. Første akt er imponerande på alle vis, men dei greidde ikkje følgje opp i andre akta. Potensialet er der, så om dei kjem attende til neste år eller ved eit seinare høve med ein musikal der dei har vore like kreative og kresne med andre akt som med første, kan dei ha laga noko riktig stort.

Ei kunstnarsjel

mandag, desember 6th, 2021

TEATER

TUKT: Etter kvart blir frustrasjonen over Elling (Jon Lockert Rohde) dominerande for Alli (Emma Caroline Deichmann). FOTO: OLE EKKER

«Allis sønn»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Magnhild Haalke
Dramatisert av: Anne Birgitte Holtan
Regi: Fredrik Longva og Bård Lie Thorbjørnsen
Scenografi og kostyme: Både Lie Thorbjørnsen
Komponist: Hans Magnus Ryan
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Jon Lockert Rohde, Emma Caroline Deichmann, Ingrid Bergstrøm, Emil Olafsson og Trond-Ove Skrødal

Ei litt for tydeleg og omstendeleg skildring av ein gut ingen forstår seg på.

Då romanen «Allis sønn» av Magnhild Haalke (1885-1984) kom ut i 1935, var det ein heilt sensasjonell forfattardebut. Med uvanleg psykologisk innsikt leverte ho eit eksepsjonelt godt portrett av ein gut som ikkje blir sett og forstått av dei rundt seg. I fjor ga Aschehoug ut romanen på nytt, og i ei dramatisering av Anne Birgitte Holtan og i regi av Fredrik Longva og Bård Lie Thorbjørnsen var det laurdag urpremiere på Trøndelag Teater.

Ettersom «Allis sønn» er ei nesten sjokkerande lesaroppleving, tung og dyster, men på same tid så innsiktsfull, var eg ganske spent på om teateret ville klare å få fram den spesielle atmosfæren i boka. Diverre lukkast det berre delvis.

Magnhild Haalke var frå Vikna på Namdalskysten, og historia om Elling, Allis son, er lagt til ei lita øy der det bur to familiar. Alli (Emma Caroline Deichmann) bur saman med sonen Elling (Jon Lockert Rohde) og svigerforeldra (Ingrid Bergstrøm og Trond-Ove Skrødal), medan mannen hennar, Estil (Emil Olafsson), er til sjøs og berre heime kvart sjuande år. Historia tar til når Elling er fem år, og vi følgjer denne vesle familien gjennom Ellings møte med faren to år seinare då systera Tone blei til, og fram til det nærmar seg konfirmasjonsalder og neste møte med faren.

Elling er ein annleis gut, truleg ei kunstnarsjel. Han ser og diktar, er fremmeleg, men vil ikkje innordne seg. I staden for dei keisame orda på skulen, vil han fylle boka si med det han diktar sjølv. Alli er sjølvsagt glad i sonen, men ho lever på svigerforeldras nåde, og der er det ikkje mykje kjærleik for å seie det forsiktig. Slik blir ho riven mellom sonen og svigerforeldra der det etter kvart meir og meir blir frustrasjonen over sonens mange innfall som får dominere. Det er ingen som ser og forstår Elling og hans spesielle gåver, med eit lite unnatak for læraren hans. Utan at eg skal røpe handlinga, så går det som det må.

GOLDT: Eit dystert kystlandskap der vekstvilkåra ikkje er spesielt gode, heller ikkje for menneska. FOTO: OLE EKKER

Hovudscena er ein black box der Bård Lie Thorbjørnsen har laga eit enkelt kystlandskap, nake og svart der vekstvilkåra er openbert elendige, også for menneska. Det er dystert, og dei er fanga i ein evig runddans det er umogeleg å kome ut av. Alle aktørane er synlege på scena heile tida. Tre av dei spelar ei rekkje roller som dei går saumlaust ut og inn av med berre enkle endringar i påkleding. Vi godtek utan vidare både dette og at den femårige venen til Elling er ein stor mann med fullskjegg. Men der scenografien er stilisert og illustrerande og på fint vis let oss dikte oss inn i livet på øya, er dramatisering og regi langt frå like vellukka. I staden for å konsentrere seg om nokre viktige scener, er det meste frå boka med og i ei litt for tydeleg presentasjonsform som gnir det inn med tung symbolikk og dyster bakgrunnsmusikk av Hans Magnus Ryan. Resultatet er blitt både for langt, og for omstendeleg.

Der regi og dramatisering inviterer til for lite innleving, byr derimot aktørane på atskilleg meir variasjon. Emma Deichmann balanserer godt den vanskelege rolla som Alli med skifting mellom sinne, avmakt og morskjærleik. Og Jon Lockert Rohde gir oss ei eksepsjonelt god rolletolking. Han er ein godt bygd vaksen mann, men likevel trur eg på han både som den fem år gamle Elling og heile løpet til han er fjorten. Frå første entré gir han oss mimikk, fakter, augekast og veremåte med ein imponerande nyanserikdom.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. desember 2021.)

Mykje klokskap

mandag, desember 6th, 2021

TEATER

INGA HELTEROLLE: Verdsdramatikken er skriven for tenorar, og barytonar kan i beste fall spele skurken same kor god stemme dei har. FOTO: TERJE VISNES

«Vinterreise»
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Av og med Hallbjørn Rønning og Jarl Strømdal
Regi: Jon Lockert Rohde

Ei lågmælt, upretensiøs og unnseleg lita framsyning som likevel har alt som skal til for å lage godt teater.

Hallbjørn Rønning takkar av etter meir enn 50 år som skodespelar der heile 46 av dei har vore ved Trøndelag Teater, og det gjer han med klokskap og stor forteljar- og formidlingsglede. Til varsam regi av Jon Lockert Rohde, og saman med gitaristen Jarl Strømdal, har Rønning laga ei stillfarande oppsetjing der han ser på kunstens vilkår under ulike regime, samstundes som han med mykje humor byr på seg sjølv. Som Elfriede Jelineks «Vinterreise» som nå går på Det Norske Teatret, har han tatt utgangspunkt i Franz Schuberts verk «Winterreise» til eit dikt av Wilhelm Müller, men der sluttar også likskapen.

Utan annan scenografi enn to stolar og eit bord med bøker der titlane fortel litt om kva dette skal handle om, tek Rønning og Strømdal oss med på ei lang reise. Dei startar med bokbåla til Goebbels på 30-talet for så å gå til mellomalderens pavemakt og redsla for både Dante og det trykte ord. Deretter konsentrerer dei seg om Schuberts samtidige, den austerrikske fyrst Metternich og hans nitide arbeid for å sikre staten full kontroll, også over tankane. Men som Rønning seier, – idear og tankar brenn ikkje.

Dette alvorlege og dystre bakteppet kontrasterer Rønning elegant med sjølvironiske anekdotar frå eigen karriere. Hallbjørn Rønning har ein klangfull og god barytonstemme, noko publikum ofte har fått gle seg over. Men verdsdramatikken er ikkje skriven for barytonar. Førsteelskarane er tenorar, og i staden for helterollene blei Rønning som oftast skurken. Lenge vurderte han å skifte stemmeleie, men slo seg etter kvart til ro med at han i alle fall slapp å døy slik helten ofte gjer.

Hallbjørn Rønning har alltid hatt særleg sans for det tyske, og koketterer med at det var der dei laga dei beste motorsyklane. Men utvalet av songane og musikken han presenterer syner at det nok meir er Heines, Goethes og Schillers Tyskland han hentar inspirasjon frå. Lågmælt og med framifrå akkompagnement av gitaristen Jarl Strømdal gir han oss døme på alt frå Die Lorelei» av Heinrich Heine, som Rønning meiner er verdas første popsong, via Wilhelm Müller, og til Tom Jones. (!) Teater kan vere politisk, musikalsk, underhaldande, lærerikt og ikkje minst overraskande. Denne vesle unnselege framsyninga hadde faktisk det meste.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. desember 2021.)

Rett og slett stor scenekunst

søndag, desember 5th, 2021

TEATER

HUMØR: Julebordet medan det ennå er god stemning. FOTO: ERIK JOHANSEN

«Alle tiders julebord»
Trøndelag Teater, gamle scene
Av: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard og Nora Evensen
Regi: Nora Evensen
Med: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard, Gunhild Hjertaas, Kathrine Strugstad og Kriss Stemland

Klassisk tragedie på sitt aller beste, og presentert i ei form som gjer det til folkeeige.

Det er openbert fleire måtar å skape stor scenekunst på. Det får vi tydeleg presentert på Trøndelag Teaters gamle scene i desse dagar. God dramatikk blir ikkje berre skriven av dramatikaren i si skrivestove eller av eit kollektiv på ei scene. Den kan også utvikle seg og bli foredla over år. I 1998 var det vesle teaterkompaniet «Adamseplene» (Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard og Klaus Sonstad) med som eit artig innslag i eit større førjulsprosjekt som heitte «Ramp i julelyset». «Adamseplene» blei etter kvart historie, og Nilsen og Nergaard, for ikkje å snakke om publikum, fann etter tre år ut at julebordsinnslaget var etla til noko langt større. Så laga dei to den ganske rølpete førjulskabareten «Alle tiders julebord». I nokre år blei han spela på Theatercafeen og Gamle scene på Trøndelag Teater før han fekk eit ambulerande tilvære på utestadar i Trondheim. Nå er framsyninga attende som gjestespel på Trøndelag Teater, og med regihjelp av Nora Evensen og sikker foredling frå herrane Nilsen og Nergaard, har framsyninga vakse frå å vere ein anekdotisk førjulspotpurri til å bli eit komplett, og ikkje minst særs godt stykke teater. Sjølv har eg sett dei fleste av oppsetjingane sia 1999, og har hatt gleda av å følgje med på utviklinga.

Opplegget er like enkelt som det er genialt. Alle har vi vore på julebord, ein fest med høge forventingar, men som ofte kan bli både rotbløyte, oppgjer med sjefen, frustrasjonsseminar og langt frå den hyggelege ouverturen til julehøgtida som institusjonen eigentleg skal vere. Ved å presentere eit lite julebord i det endå mindre, men etter kvart marknadsleiande nisjefirmaet Lager & Angeros, kan Ivar Nergaard og Hans Petter Nilsen portrettere og kommentere samtida, tidsanda, aktuelle politiske tema og ikkje minst menneskesinnet på eit både underhaldande og attkjenneleg vis. Kjell Rune Fjøstoft (Ivar Nergaard) er administrerande direktør og Svein Berg (Hans Petter Nilsen) er lagersjef i dette vesle firmaet som har spesialisert seg på sal av dobørstar. Og etter all uvissa, heimesitjinga og trøystespisinga under pandemien har dobesøka auka, og Lager & Angeros har opplevd ein eventyrleg salsauke. Så i år er det ekstra grunn til å feire. Som vanleg har dei kosta på seg musikk der Kriss Stemland på piano og Kathrine Strugstad på vokal presenterer amerikanske julesvisker i tradisjonen frå Nat King Cole til Frank Sinatra. Og Gunhild Hjertaas i serveringa syter for mat og rikeleg med drikke.

Gjennom åra er dei to typane utvikla og foredla. Fjøstoft er ein temmeleg ekkel sunnmøring med det han i alle fall trur sjølv, er litt meir intelligens og kulturell kapital enn den andre. Men når alkoholinntaket aukar, blir det ikkje mykje att av den klassiske danninga, og historiene og vitsane hans, for ikkje å snakke om påfunna, blir berre plumpare og plumpare. Og bak den tidvis ganske skråsikre fasaden skjuler det seg ein tragisk og temmeleg ynkeleg fyr. Svein Berg, derimot, har kanskje ikkje all verdas intellekt, og han har ikkje forstand på metaforar. Men han har til gjengjeld ein sosialdemokratisk ryggmargsrefleks som gjer at han veit akkurat når det er nok. Der Fjøstoft freistar å halde på ein viss fasade, ligg kjenslelivet til Svein Berg tjukt utanpå han. Og sjølv om Berg også er einsleg og djupt tragisk, er han likevel ein person til å bli verkeleg glad i. Gjennom alle desse åra har Nergaard og Nilsen fått reindyrke dei to til den reine perfeksjonisme, og det er heilt fantastiske personportrett dei gir oss.

Humoren deira er dryg, men ikkje verre enn det som kan vere vanleg i slike lag, og eg har dei to mistenkt for innimellom nærast å teste ut kva som er publikums tolegrense for når det ikkje lenger er artig. I dagens krenkeregime, kan sikkert mange meine at mykje av det som blir presentert er langt over streken. Men førebels er reaksjonane gode fordi dei fleste forstår kva som ligg bak, og at dette ikkje eigentleg er bad taste-humor, men i staden skarp harselas med nettopp den typen humor.

Til Lager & Angeros sitt vesle julebord er det altså også leigd inn musikk, men den blir stadig avbroten av alle innfalla til dei to gjestane og Strugstad og Stemland får ikkje fullført så mange av songane. Det er sjølvsagt ganske kleint, og etter kvart når det også ei tolegrense. Det gjer det også for den myndige serveringsdama Gunhild Hjertaas som til slutt set skapet ettertrykkeleg på plass. Men før det har ho levert ein herleg parodi på menyjåleriet som har tatt fullstendig overhand på ein del spisestader. I staden for å få nyte maten og taffelet i fred, blir gjestane stadige avbrotne av lange kåseri om stuttreist fermentert ditt og datt frå kua Guro på Frosta eller geita Heidrun i Meldal.

Hovudsettinga i «Alle tiders julebord» er stort sett den same frå år til år, men drøset ved bordet endrar seg med samtida. I år var det sjølvsagt både pandemi og stortingsval som blei kommentert og debattert. I tillegg til mykje anna. Personleg fann eg også dialogen betre og meir flytande enn nokon gong. Han var mindre episodisk og langt meir naturleg enn det eg har opplevd tidlegare.

Hans Petter Nilsen og Ivar Nergaard kan etter kvart desse to rollene ut og inn, og dei leverer i røynda karakterspel av verkeleg høg klasse. Gunhild Hjertaas er trygg og myndig i rolla som serveringsdame. Kathrine Strugstads stemmeprakt og skodespelarerfaring, til solid tonefølgje frå Kriss Stemland, gir akkurat den julestemninga eit julebord bør ha. Tidlegare har ensemblet gitt publikum den same julestemninga med ein finale som eit kraftig brot der dei to festdeltakarane og Hjertaas trer ut av rollene og blir med musikarane på framføring av The Pogues ikoniske julesong «Fairytale of New York» i ei framifrå omsetjing dei har gjort sjølve. Men i år har dei laga ein langt meir elegant overgang der den same songen blir ein naturleg og integrert del av framsyninga og ein nydeleg illustrasjon på dei to forhutla menneska vi er blitt presenterte for.

Eg starta denne meldinga med at det var mange måtar å skape stor scenekunst på. Hans Petter Nilsen og Ivar Nergaard har gjennom to tiår slipt og foredla dette stoffet, og med hjelp av Nora Evensen har dei nå skapt eit komplett og ikkje minst særs godt stykke norsk scenekunst. Publikum elskar det dei får servert, og alt er utseld. Men dei som trur at dette berre er uhøgtideleg og artig førjulshumor, må gjerne tru det. Men det er milevis frå sanninga. I røynda er dei vitne til eit stykke klassisk tragedie med alle tragediens ingrediensar. «Alle tiders julebord» er, tru det eller ei, blitt eit komplett stykke teater som kan måle seg med det meste av norsk scenekunst.