Archive for mai, 2021

Klokskap er så mangt

mandag, mai 31st, 2021

TEATER

ULIK KLOKSKAP: I denne vakre og velspela scena mellom brørne Rasmus og Jacob får vi dokumentert at klokskap kan vere så mangt. Og i bakgrunnen lurar kjærasten Lisbet. FOTO: JON-PETTER THORSEN

«Erasmus Montanus»
Kilden Teater, Kristiansand
Av: Ludvig Holberg
Regi: Henrik Rafaelsen
Scenografi og kostyme: Kaja Haven
Komponist: Olav Waastad
Lysdesign: Martin Myrvold
Lyddesign: Kristian Bronebakk
Med: Khalid Mahamoud, Lars Funderud Johannessen, Fredrik Høstaker, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Jamel Nemer, Giert Werring, Ann Ingrid Fuglestveit, Lars Emil Nielsen og Anders Hardeland

Mange gode tilløp og idear, men regissøren vågar ikkje ta dei heilt ut.

Med dei siste åras framvekst av forakt for kunnskap og såkalla «alternativ sanning», samstundes som elititismen sit laust blant ein del leiarar, er det neppe tilfeldig at både Kilden Teater i Kristiansand og Den Nationale Scene i Bergen set opp «Erasmus Montanus» denne våren. Meir tilfeldig er det at båe framsyningane blir melde i same utgåve av Klassekampen. Handlingsresymeet er godt presentert i meldinga frå DNS, så her skal eg konsentrere meg om regival og framføring i Kildens oppsetjing.

Ludvig Holbergs satiriske oppgjer med menneskeleg dårskap og vankunne vil neppe bli uaktuelt med det første, og bør stadig presenterast for nye generasjonar. Med ei litt tidlaus tilnærming der kostyma er ei blanding av blondeskjorter og gummistøvlar, har regissør Henrik Rafaelsen og scenograf Kaja Haven på vellukka vis understreka det ålmenne i teksten. Erasmus er ein bondeson frå traktene rundt Kristiansand, men studerer i 1700-talets København. Regissøren skal også ha ros for å stole på publikum og ikkje falle for freistinga å syne kor mange parallellar det er til dagen i dag. Men så følgjer eg han ikkje heilt.

Teksten inviterer til overspel, men her går det aldri langt nok eller ut i det heilt absurde. Etter kvart tek framsyninga meir og meir preg av surrealisme, både i det androgyne kjønnsvirvaret i castinga, i scenografien, og i ein minioperette til god musikk av Olav Waastad. Men oppsetjinga greier likevel ikkje heilt å bestemme seg, for i hovudsak er spelet likevel ganske rett fram og realistisk. Då får ein heller ikkje utløyst den heilt store humoren.

Det opnar noko langdrygt, og det er først når Fredrik Høstaker som Lisbet, den sprengkåte kjærasten til Erasmus, kjem på scena at det tar til å svinge. Og endå betre blir det når broren til Erasmus, Jacob (Lars Funderud Johannessen) dukkar opp. Funderud Johannessen får på eit stillferdig vis fram eit enormt register, frå vare kjensler til stor humor, og her representerer han det sunne folkevitet som står i sterk kontrast til både vankunna og den sprenglærde studenten. Khalid Mahamoud gir oss Erasmus som ein livsfjern og arrogant elitist, og både språk, påklednad og utsjånad understrekar kor annleis han er. Det er i samspelet mellom desse tre, særleg i ei særs vakker scene i 2. akt, at vi får eit bilde av kva denne framsyninga kunne ha blitt om regien hadde vore litt meir dristig og konsekvent.

«Erasmus Montanus» har turnert i Agder i mai, og var nå komen «heim» til Kilden der han skulle spele halvanna veke til. Men medan eg såg framsyninga fredag, vedtok formannskapet i Kristiansand å stenge og avlyse alt i fjorten dagar, så dette blei diverre siste framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. mai 2021.)