Archive for april, 2020

Teater for vår tid

onsdag, april 8th, 2020

TEATER

MANGE SCENER: Med godt redigerte splittbilde frå minst fem ulike scener, er dette så langt blitt eit særs spennande prosjekt. SKJERMDUMP, HAUGESUND TEATER

«En beretning om blindhet»
Haugesund Teater, YouTube
Basert på ein roman av José Saramago
Dramatisert av: Kristofer Grønskag
Regi: Lars August Jørgensen og ensemblet.
Redigering: Lars August Jørgensen
Med: Morten Joachim, Ane Skumsvoll, Henrik Bjelland, Rikke Westerlund Lie, Marina Popovic og Lars August Jørgensen

Medan mange teater permitterer dei tilsette, syner Haugesund Teater at det er mogeleg å skape scenekunst også i dagens situasjon.

For to månader sia hadde Haugesund Teater urpremiere på dramatiseringa av romanen «En beretning om blindhet» av den portugisiske forfattaren og nobelprisvinnaren José Saramago (1922-2010). I dagens situasjon er boka blitt meir aktuell enn nokon sinne. Ho fortel om ein pandemi som gjer at så godt som alle etter kvart mistar synet. Styresmaktene blir desperate og internerer dei blinde utan noka form for pleie eller tilsyn. Soldatar med skarpladde gevær vaktar på dei internerte, og skulle dei trakke over grenser dei ikkje kan sjå, blir dei skotne.

Det viktige i forteljinga, er ikkje først og fremst dei konkrete problema dei blinde opplever som manglande mat og hygiene, men at verdiar som demokrati og menneskeverd ikkje er like botnsolide som vi trudde. Styresmakter og mange blinde handlar i desperasjon, og det blir mykje motbydeleg vald og kortsiktig vinningskriminalitet. Men Saramago har også lagt inn ein god del humor og ei særs optimistisk ending. Og han let oss følgje ei lita gruppe som greier å tvihalde på menneskeverd og rettvise, og som slik syner at det sjølv i ekstremt vanskelege situasjonar er mogeleg å halde etiske og moralske faner høgt.

Haugesund Teaters oppsetjing i februar var ikkje heilt vellukka, mellom anna fordi ho ikkje fekk til balansen mellom forfallet og det sjølvdestruktive på eine sida, og humoren og metablikket på den andre. Nå er den produksjonen historie. Men i staden for å stenge og permittere, har teateret funne det rett å lage ei framsyning for dagens situasjon, og dramatisert Saramago på nytt for eit digitalt format. Det er blitt ein føljetong der ingen veit kor mange episodar det vil bli, og der dei to første ligg ute for alle å sjå. Eg må vedgå at eg er meir enn skeptisk til såkalla strøyming av teater. Det eg har sett til nå, er ikkje teater, men i beste fall dokumentasjon av ei framsyning. Difor var det med stor skepsis eg såg nettversjonen av «En beretning om blindhet». Men der tok eg feil, for dette var noko heilt anna. Det var korkje fjernsynsteater eller filma teater, men eit sjølvstendig kunstnarleg verk som står på eigne bein.

Skodespelarane sit i kvar sin heim, utan kostyme eller annan scenografi. Men ettersom dei nå i større grad har reindyrka forteljarteateret, skråblikket og metaforma, er det så langt blitt meir vellukka enn sceneversjonen. Det er meir leikent, og ikkje på langt nær så dystopisk. Dei fem vekslar på å fortelje og spele dei mange ulike rollene. Utsjånad, kjønn og alder er lite vesentleg, og faktisk ei eiga kjelde til mykje humor. Framsyninga blir vist ved ei rekkje splittbilde som er fikst og godt klippa og redigert av skodespelaren Lars August Jørgensen som saman med ensemblet let regien bli til undervegs. Det er oppfinnsamt og særs underhaldande.

Ettersom det til nå berre er produsert to episodar på om lag ti minutt kvar, er det uråd å vite korleis dei vil løyse scenografi og spel når det kjem til den meir dramatiske delen av forteljinga. Slik sett er dette også ei nokså uvanleg teatermelding, der ho i realiteten er skriven midt i første akt. Men ikkje noko er som før, så eg let det passere. Dei to episodane som til nå er produsert, syner at nydramatiseringa Haugesund Teater har gjort av «En beretning om blindhet», er blitt ei beretning om eit teater med klårsyn i ei vanskeleg tid.

(Episodane kan du finne på teaterets heimeside, eller på YouTube ved å søkje på stykkets tittel.)

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 8. april 2020.)