Archive for januar, 2020

Kopisten som sa nei

tirsdag, januar 28th, 2020

TEATER

HELST IKKJE: I dette som skal førestille eit advokatkontor, vel Bartleby (Lars Melsæter Rydjord) å seie at han helst ikkje vil gjere det han blir sett til. FOTO: TINGH

«Bartleby»
Teatret Vårt, Molde
Av Herman Melville
Dramatisering og regi: Jonas Corell Petersen
Scenografi: Jonas Corell Petersen og Øyvind Wangensteen
Lyddesign: Olav Waastad
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Lars Melsæter Rydjord, Olav Waastad, Thea Lambrechts Vaulen og Patrick Stenseth

Ei uforståeleg, men likevel fascinerande historie som blir presentert endå meir uforståeleg.

Den amerikanske forfattaren Herman Melville (1819-1891) er etter kvart blitt verdsberømt for den store romanklassikaren «Moby Dick» frå 1851. Men Melville hausta ikkje så stor fagnad medan han levde, og etter eit titals romanar, gav han opp og tok jobb som tollinspektør i New York. Først tretti år etter at han døydde oppnådde han den ikoniske statusen han har i dag. Ved sida av «Moby Dick» er det først og fremst ei novelle som står att i arven frå han. I 1853 publiserte Melville novella «Bartleby», ei forteljing som har fascinert og forundra lesarar i alle år etter. Ho er omsett til norsk, men er tidlegare ikkje dramatisert. Nå har to norske teater, uavhengig av og uvitande om kvarandre, dramatisert historia. Først ute er Teatret Vårt i Molde som med Jonas Corell Petersens dramatisering og regi hadde urpremiere laurdag.

«Bartleby» er ei surrealistisk historie, skriven lenge før nokon visste kva surrealisme var. Før kopimaskina var oppfunnen, blei dokument kopierte for hand av kopistar. På eit advokatkontor i New York har den velmeinande sjefen (Olav Waastad) tilsett dei to kopistane Nippers (Thea Lambrechts Vaulen) og Turkey (Patrick Stenseth). Dei er ganske eksentriske, og for å få presserande arbeid utført, og for å balansere dei to assistentane, tilset sjefen etter kvart også Bartleby (Lars Melsæter Rydjord). Det er vellukka ei stund, men når Bartleby ein dag blir sett til nye avskrifter, seier han roleg og lakonisk at han føretrekker å la vere. Og same kva han etter dette blir sett til, svarar han like eins, at han er lei for det, men helst ikkje vil.

Sjefen ønsker ikkje konflikt og freistar å gi Bartleby nye oppgåver, men haldninga er den same. Og ikkje nok med det. Bartleby buset seg på kontoret, og då advokatfirmaet etter ei tid vel å flytte til nye lokale, blir han buande att før han til slutt blir sett i fengsel. Sjefen besøker han og betalar for å sikre at Bartleby får nok mat, berre for å finne han død av svolt nokre dagar seinare ettersom han føretrekte å ikkje ete.

Novella er like fascinerande som ho er uforståeleg. Det er ei heilt surrealistisk historie som Melville fortel nøkternt og realistisk. Jonas Corell Petersen har vald den motsette tilnærminga og laga ei oppsetjing som er absurd og surrealistisk både i form og innhald. Scenerommet er ope og nesten nake, berre med tre pinnestolar og eit førtitals taukveilar på golvet, i tillegg til at det heng om lag like mange kraftige tau ned frå taket. Denne scenografien skal på eitt eller anna vis illudere advokatkontoret i 1800-talets New York City. Det heile startar med ei uforklårleg lokking og herjing bakom scena der vi berre høyrer lyden før sjefen og Nippers kjem inn, og etter kvart også Turkey. Dei to kopistane resiterer forretningsavtaler og juridiske dokument i både forståelege og heilt absurde vendingar medan dei spinn og sklir rundt på golvet som nyfødde kalvar. Det blir mykje situasjonskomikk, men etter kvart blir det heile ganske overspela og anstrengt. Det er mogeleg den omstendelege introen skal syne meiningsløysa i kopistens liv, sisyfosarbeidet som aldri tek slutt, men eg må medgje at dette er ei særs velmeint tolking av noko som var langdrygt og ganske uforståeleg sjølv om det tidvis var komisk.

Om lag midtvegs i forteljinga gjer Bartleby sin entré, og då blir det litt meir meining. Medan dei tre andre er outrerte og ganske overspela, er Lars Melsæter Rydjord nøktern og har ein heilt realistisk spelestil. Det blir ein kraftig kontrast til dei andre, og sjølv om opponeringa hans mot alt han blir sett til, er absurd og heilt irrasjonell, gjer den saklege spelestilen at han likevel framstår som normaliteten i motsetnad til galskapen til dei normale. Om dette er meininga frå regissørens side, veit eg ikkje, for her var i det heile ganske mykje som ikkje var til å forstå.

Oppsetjinga «Bartleby» er kanskje tenkt som ein absurd kommentar til seg sjølv, men den relativt uforståelege historia blir gjort så overtydeleg at ho blir endå vanskelegare å fatte.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 28. januar 2020.).

Mingling på scena

lørdag, januar 25th, 2020

TEATER

SOSIALT: Uvanleg hyggjeleg på scena når ein er i godt (nabo)lag. FOTO: ISTVAN MIRAG

«NODES: Naboskap»
Rosendal Teater, Sal 1
Kunstnarleg leiar: Helle Siljeholm
Tekst og gjennomføring: Tobias Liljedahl, Martin Palmer, Helle Siljeholm, Hilde Pytowski og Kai Johnsen
Scenografi: Ibrahim Abdulkader og Helle Siljeholm
Lysdesign: Tobias Leira
Lyddesign: Ivar Djurhuus

Reflekterande og kvardagsfilosofisk, men med ein utflytande og utydeleg finale.

Etter 34 år i små og kummerlege lokale i Midtbyen i Trondheim, flytta Teaterhuset Avant Garden i fjor ut av sentrum og til det gamle, ærverdige Rosendal Teater i arbeidarbydelen Lademoen. Der er produksjons-, øvings og visningslokala både større og fleire, og det var openbert at teaterhuset ikkje lenger berre kunne vere eit programmerande teater for alternativ scenekunst. Å fylle eit lite kulturpalass i ein bydel i vekst, og med ei stolt og lang historie, men som også kunne vere truga av gentrifisering, er ikkje berre enkelt. Teaterhuset måtte tenke nytt for å fylle rolla også som bydelsteater og sosialt og kulturelt treffpunkt. Som avslutningsframsyning i det gamle teaterhuset, laga Helle Siljeholm med fleire ein gedigen happening i desember 2018. «NODES: Avant fini» tok opp kva Avant Garden hadde vore, og kva det kunne bli.

I haust blei teaterhuset gjenopna under det nye namnet «Rosendal Teater», og om opningssesongen skal vere retningsgivande for kor teateret går, ser det lyst ut. Eit vell av ulike framsyningar, månadleg barneteater, og ein kafé som så langt er blitt ein suksess, lovar godt. Men kva med naboskapet? Helle Siljeholm og samarbeidspartnarane hennar har følgd opp «NODES: Avant fini» og laga sesong to som heiter «NODES: Naboskap», og torsdag var det urpremiere med mange av bidragsytarane frå bydelen til stades i salen. Produksjonsteamet har intervjua rundt femti lamonittar i ulik alder om historia, om framtida, om kva dei er opptekne av, om naboskap på både mikro- og makronivå, og om mykje anna. Det er blitt ei sjarmerande og interessant oppsetjing som diverre etter kvart rann litt ut i sosial mingling på scena, hyggjeleg nok, men utan noka retning.

På teaterets hovudscene, som i starten er ein black box, blir vi inviterte inn til ein spennande scenografi som kan minne om både bydelen og mange fine byrom. Vi samlar oss rundt ulike bymøbel og benkar, og frå rundt eit dusin høgtalarar får vi presentert utdrag av dei femti intervjua som er gjort. Her er lærerike historier frå ein stolt og ærerik arbeidarbydel, her er draumar, kvardagsfilosofering og kloke refleksjonar om det meste. Vi ruslar frå historie til historie, og tillét oss også ein passiar med sidemannen i ny og ne.

Så blir salen rigga om, seteradene kjem på plass, og vi blir tilskodarar ei lita stund. Men så blir det fyra opp grill, ei vogn med glas og drikke blir trilla inn, vi entrar scena nok ein gong, og det heile held fram som eit langvarig hageselskap der vi hyggjer oss med grillmat og drikke medan praten går. Slik endar det heile som ein slags kommentar til kva godt naboskap kan vere. Det blei ein ganske føreseieleg finale, triveleg nok, men utan særleg retning og i litt for stor kontrast til alle dei spennande refleksjonane i starten av oppsetjinga.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 25. januar 2020.)

Sviket i Getsemane hage

mandag, januar 20th, 2020

TEATER

STILLEBEN: Det siste måltid framstilt som ein humoristisk kommentar til Leonardo da Vincis «Nattverden». FOTO: OLE EKKER

«Jesus Christ Superstar»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice
Omsett av Ola E. Bø
Regi: Ronny Danielsson
Musikalsk leiing og arrangement: Åsmund Flaten
Scenografi: Martin Chocholoušek
Koreografi: Roger Lybeck
Kostyme: Annsofi Nyberg
Lysdesign: Mikael Kratt
Lyddesign: Siril Gaare
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Silje Lundblad, Ole Christian Gullvåg, Øyvind Brandtzæg, Hans Petter Nilsen, Trond-Ove Skrødal, Ida Göransson m.fl.

Ein modernisert versjon der Jesus omsider får bli hovudperson i si eiga historie.

Jesu lidingshistorie, forholdet til disiplane, og ikkje minst til Maria Magdalena og Judas Iskariot, er ei av verdshistorias mest kjende forteljingar. Og med Tim Rice og Andrew Lloyd Webbers femti år gamle rockeopera, «Jesus Christ Superstar», er ho også blitt ein del av underhaldningsindustrien. I all dramatisert framstilling av denne lagnadstunge veka i Jerusalem, har den mest interessante rolla likevel ikkje vore Jesus. Sjølv om han er verdshistorias mest kjende sonoffer, er han from, snill og god, og vanskeleg å framstille som spesielt komplisert og motsetnadsfylt. Då er det annleis med Judas. Han elska Jesus, men det var førehandsbestemt at han skulle svike sin meister. Gjorde han ikkje det, ville han i staden svike verdshistoria. Hadde han eit val? Kva slags umenneskeleg lagnad var dette? Difor er Judas ofte blitt hovudpersonen i historia om Jesu siste dagar. Men ikkje slik i Trøndelag Teaters moderniserte versjon av rockeoperaen der Olve Løseth gir ei djuptgripande og framifrå tolking av kor sårbar også Jesus var.

Til å regissere oppsetjinga har Trøndelag Teater henta inn Ronny Danielsson som tidlegare har hatt stor suksess med musikalar på same scena. Med unnatak av det musikalske, har han tatt med sitt eige kunstnarlege team, og det har resultert i ei uvanleg komplett framsyning der alle element dreg i same retning. Ein god del vellukka modernisering er det også blitt. Ei stund syntest eg det blei vel mykje gull, glitter og fjør, inntil eg forstod at dette også var ein beisk og treffsikker kommentar til dagens hemningslause idoldyrking.

Åsmund Flaten har arrangert musikken, og laga eit langt råare og mindre melodiøst uttrykk, noko som kler oppsetjinga. Det heile startar med at Skjalg M. Raaen dreg nokre heftige og sugande gitar-riff, og bokstaveleg set tonen, før det held fram med enorm energi og utan eit einaste daudpunkt. Eit veldrilla og samkøyrd ensemble på vel tjue personar dansar, syng og spelar med imponerande presisjon og med eit utal saumlause rolle- og kostymeskift. Kostyma til Annsofi Nyberg er tydelege, mangefasetterte, og frå vår tid. Koreografien til Roger Lybeck sørger for synkrone, spektakulære og godt integrerte danseopptrinn. Og samspelet mellom scenograf Martin Chocholoušek og lysdesignar Mikael Kratt er førebiletleg. Ein stilisert og relativt symmetrisk scenografi med eit sinnrikt mobilt horisontalplan gir gode rom for alt frå det siste måltid, via masseopptrinn til krossfestinga, for ikkje å seie eit hysterisk poolparty hjå kong Herodes. Og med ei imponerande lyssetting greier Mikael Kratt å skape ei mengd rom og situasjonar inne i scenografien.

Og midt i det heile er det trekløveret alt dreier seg om. Maria Magdalena, den «falne» kvinna som elskar Jesus, og som er den einaste som ikkje fornektar han, er tydeleg tolka av Silje Lundblad som med stor stemmeprakt gir oss nokre av dei vakraste og mest lyriske songinnslaga. Mads Bones er Judas som også elskar sin herre, men som altså har fått eit umenneskeleg historisk oppdrag. Eit umogeleg dilemma som blir tolka overtydande, sårt og med stor innleving. Men denne gongen er det Jesus det først og fremst handlar om. Olve Løseth gjer ein formidabel og imponerande tolking der han ved å ta i bruk heile sitt omfattande register, også det songlege, syner oss tvilen og tvisynet, og vrengjer fram det sårbare og dermed det djupt menneskelege ved Jesus.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. januar 2020.)

Om makt og maktesløyse

mandag, januar 20th, 2020

TEATER

MAKT: Skal ein søkje makt for å ta ansvar, eller for å halde på makta? FOTO: ARNE HAUGE

«Makt – an amateur night at Capitol Hill»
Rosendal Teater
Av NONcompany
Tekst: Lise Risom Olsen
Regi: Christoph Buchegger
Videodesign: Phillip Hohenwarter
Video og lyd: Brynjar Vik
Lys og lyd: Sune Schjelderup
Med: Lise Risom Olsen

Ei drøfting av makt og maktesløyse som diverre blei alt for omfattande.

Rosendal Teater i Trondheim opna sesongen med ein urpremiere fredag. NONcompany har tidlegare gjesta teaterhuset med «Kazak», ein trilogi om og rundt skogen i ulike delar av verda. Nå har dei laga ein produksjon som drøftar demokratiets problem, makt og avmakt, og med klimakrisa som spesielt bakteppe. Det er eit særs ambisiøst prosjekt der det er gjort mykje og grundig research. Kva er i ferd med å skje i ei verd som i utgangspunktet er meir fredeleg og framgangsrik enn nokon sinne, men der menneska samstundes vel seg inkompetente leiarar som køyrer det heile til helvete på første klasse? Alle søkjer makt, men ingen vil ta ansvar. Politikarane er sjølvopptekne populistar, og blant folk flest er det avmakta som rår.

Åleine på scena med berre ein talarstol, ein lenestol og nokre videoskjermar, tar Lise Risom Olsen oss med på ei tekstrik reise der ho filosoferer over ei rekkje ulike tema. Ho legg fram statistikk og overtydande døme, og drøftar mogelege løysingar på elendet der ho mellom anna også stiller spørsmål ved om demokratiet eigentleg er den luraste styreforma. Med ei veksling mellom eigne monologar, presentasjon av faktiske hendingar, framføring av politikarparodiar, opptak av kjende statsmannstalar og resitering frå William Shakespeares «Macbeth» freistar ho å belyse maktas innhald og problem.

«Makt – an amateur night at Capitol Hill» er diverre blitt eit alt for omfattande prosjekt. Det som kunne ha blitt eit spennande skråblikk på makt og avmakt, som når Risom Olsen i ein liten sekvens går i diskusjon med tre videoutgåver av seg sjølv, er i staden blitt ei temmeleg utmattande framsyning der det ikkje er skild mellom viktig og uviktig, og der alt skal med. Framsyninga verkar uferdig, dramaturgien er ganske monoton, og i mykje slår NONcompany inn opne dører.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. januar 2020.)

Ei musikalsk gåve

mandag, januar 13th, 2020

TEATER

PÅ FILETEN: Jentan på fileten kan både danse og drøyme. FOTO: BJØRN LEIRVIK

«Ei hand å holde i»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av Stig Bang
Etter songar av Trygve Hoff
Tilarbeiding og regi: Erik Schøyen
Musikalske arrangement: Håvard Lund
Scenografi: Eirik B. Torsethaugen og Erik Schøyen
Koreografi: Belinda Braza
Musikalsk leiar: Tor-Petter Aanes
Med: Richard Olsen, Emilie Tverbak, Linda Mathisen, Julie Sofie Reite, Stein Elvestad, Kristoffer Hjulstad, Marte Hansen, Mona Jacobsen og Sven Henriksen.

Ei upretensiøs og sjarmerande reise i viseskatten etter Trygve Hoff.

Nordland Teater fyller 40 år, og feirar det med ein hyllest til landsdelens store visediktar, Trygve Hoff (1938-1987) som trass i at han døydde alt for ung, har lagt att ein rikhaldig, og ikkje minst særs populær viseskatt. Stig Bang har samla ei rekkje både kjende og mindre kjende songar, sett dei saman, og med minimalt med verbale innslag, laga ein kabaret utan noka eigentleg forteljing. I Erik Schøyens tilarbeiding og varsame regi er det i staden blitt ein kjærleiksfylt reise i landsdelen og alle dei vanlege menneska som Hoff skildra så innsiktsfullt og varmt.

Schøyen tek oss 40 år attende til tida då Nordland Teater blei skipa der vi med bakgrunn i Trygve Hoffs viser får ei rekkje tidsriktige tablå frå det mangefasetterte folkelivet i landsdelen. Det er kamp mot utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget og eit ungt par etablerer seg medan eit anna går frå kvarandre. Og her er sjølvsagt heile menasjeriet til Trygve Hoff, – både «jentan på fileten», sesongarbeidarar, dei som går langs brøytekanten, drøymarane, dei elskande i snøen og alle dei andre folka som «e så bra». I staden for å lage ein potpurri av musikalske svisker, har Håvard Lund gitt nokre av dei mest kjende songane nye og langt sårare eller mollstemde arrangement.

Sjølv om tekstane er framifrå og Hoffs viser står på eigne bein, sakna eg etter kvart ein tydelegare raud tråd, eller freistnad på eit narrativ. Men trass i dette, er det likevel blitt ei sjarmerande og upretensiøs framsyning der eit samkøyrd ensemble med overtydande songprestasjonar gir Nordlands teaterpublikum ei varmande førtiårsgåve.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. januar 2020.)