Archive for juli, 2019

Kven var det som sveik?

lørdag, juli 27th, 2019

TEATER

STUTT: Indiana og Ingvalds kortvarige lukke som nygifte før han fer til Amerika for aldri meir å kome att. FOTO: PETTER SKAR

«Bjørnørfolket»
Bessaker, Roan
Av Helena Wik
Regi: Helena Wik
Komponist og songtekstar: Gunhild Hjertaas
Kapellmeister: Håvard Flatjord Netland
Scenografi: Runa Dahler Sandø
Kostyme: Sunniva Hårstad
Kor: Bjørnørkoret dirigert av Kaja Lid
Med: Julie Moe Sandø, Knut Erik Engemoen, Emilie Mordal, Tormod Gjersvold m.fl.

Ei historie som i røynda er langt meir spennande enn den som blir fortald.

I løpet av eit snautt hundreår fram til 1920 utvandra 800 000 nordmenn til USA. I den gamle storkommunen Bjørnør, som omfatta Stoksund og kommunane Roan og Osen på Nord-Fosen, emigrerte rundt halvparten av befolkninga. Den unge regissøren Helena Wik, sjølv frå Roan, har med utgangspunkt i verkelege hendingar i eiga slekt og kvilande noko på skildringane i Sigurd Brattgjerds fem bands bygdebok («Bjørnørfolket») frå 1993, skrive eit teaterstykke om temaet. I samband med den årlege fiskefestivalen i Roan, var det torsdag i førre veke urpremiere på songspelet «Bjørnørfolket» på ei mobil flytebrygge på hamna i Bessaker.

Framsyninga opnar med at ein fjern slektning, Jennifer Wick, kjem attende frå USA for å vitje plassen der oldefaren hennar budde fram til han utvandra i 1913. Den historia Jennifer fortel syner seg raskt å ikkje vere heilt i tråd med oppfatninga folket i Bessaker har om kva som skjedde for meir enn hundre år sia. Og med dette som bakteppe går Helena Wik attende til 1913 og tar til med å nøste opp det som i starten framstår som ei historie om armod og kjærleik, men som etter kvart går over til ei forteljing om svik og bedrag. Og i bakgrunnen ligg ei skilsetjande ulukke som vi gradvis får meir og meir innsyn i.

Vi er på hamna i Bessaker der det er ei krambu, og eit postkontor. Den vakre ungjenta Indiana Angen (Julie Moe Sandø), dotter av fyrvaktaren (Tormod Gjersvold), har forelska seg under sin stand i Ingvald Vik (Knut Erik Engemoen), ein person med eit litt dårleg rykte etter ei ulukke som vi aldri heilt får vite omfanget av. Anna, som er systera hans (Emilie Mordal), har på si side forelska seg i Sivert Småvikan (Andreas Tronga), men på grunn av før nemnde ulukke som openbert råka Siverts familie, når ho ikkje fram. Framsyninga nyttar mye tid på å få fram miljøskildringa frå det vesle kystsamfunnet, kjærleikens relativt håplause vilkår og draumen om eit betre liv i Amerika der alt er så stort. I Bjørnør er det store barnekull, lite med arbeid og vilkåra for å gifte seg og setje bu for dei utan odel, er heller skrale.

Så går det som det ofte gjer, Indiana blir gravid, ho og Ingvald giftar seg og han dreg til Amerika nokre månadar for å skaffe midlar til å kjøpe jord. Men Ingvald kjem aldri attende, og i Bessaker sit den svikne Indiana att med dottera Inga. Det ho ikkje veit er at Ingvald oppfattar seg like lurt, og at syndaren som har øydelagd det heile er Anna, syster hans.

Dette er ei i hovudsak sann historie som kunne ha vore spennande om ho var blitt godt nok fortald. Men Helena Wik nyttar for mye tid på innleiing og miljøskildring, let oss aldri heilt forstå kva den skilsetjande ulukka gjekk ut på, og når ho kjem til punktet der intrigen blir avslørt, går det så fort at det er vanskeleg å fatte alt. Strammare og betre dramaturgi hadde gjort historia langt meir interessant. Når det er sagt, er her likevel mye å gle seg over. Regigrepa er stort sett gode, og personinstruksjonen er utmerka. Dei profesjonelle i dei berande rollene gjer solide tolkingar, og dei mange lokale statistane er også imponerande gode. Særleg var songprestasjonane utan unnatak framifrå. Det som verkeleg løftar framsyninga, er dei mange nyskrivne songane som i hovudsak er komponert og forfatta av Gunhild Hjertaas. Ho syner eit spesielt talent for å lage særs melodiøse songar som ein tek seg i å nynne på undervegs.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 27. juli 2019.)