Archive for april, 2018

Total underkasting

mandag, april 9th, 2018

TEATER

RØYK: Ikkje kremasjonsrøyk, men eit lik som tek ein sigar. FOTO: OLE EKKER

«Meteoren»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Friedrich Dürrenmatt
Omsett av: Jens Bjørneboe
Regi: Angelina Josephina Stojčevska
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Stine Fevik, Vetle Bergan, Isak Holmen Sørensen, Ida Cecilie Klem, Leo Magnus de la Nuez og Ingrid Bergstrøm

Når livet er meiningslaust, er det berre ein utveg, men tilværet kan òg vere seigliva.

«Kapitulasjon er det vakraste ordet i det tyske språket.» Med denne opningssetninga i tysk voiceover og i norsk omsetjing på skjerm, set regissør Angelina Stojčevska både eit støkk i salen, og ein standard for framføringa av Friedrich Dürrenmatts «Meteoren» på Trøndelag Teater. For «kapitulasjon» tyder langt meir enn det openberre. Her er det snakk om total underkasting, eller hovudpersonens lengt etter å få døy; den endelege frigjeringa.

«Meteoren» (1966) av Friedrich Dürrenmatt (1921 – 2000) er ikkje spela så ofte, men likevel interessant av di det er det mest sjølvbiografiske han har skrive. Og som mye av produksjonen hans, er det ein eksistensiell og svart tragedie kledd i farsens formspråk. Hovudpersonen Wolfgang Schwitter (Stine Fevik) er ein suksessrik forfattar og nobelprisvinnar. Men kunstnarlivet er tomt, nå vil han døy, men får det ikkje til. To gongar har han greidd det, men vakna opp att. Samstundes opplever han at folk rundt han, menneske som klamrar seg til livet, etter kvart fell frå.

Men før Stojčevska set i gong den eigentlege handlinga, gir ho oss ein nærare halvtimelang intro, ein slags utmattingskrig der ho både presenterer tematikken og utfordrar publikums lojalitet og tolmod. Først ved tysk opplesing av «Kapitulation» av Dirk von Lowtzow, før alle dei seks aktørane kastar seg inn i ein heftig fridans, monotont, repeterande, utmattande, og som livet, – i røynda ganske tomt.

Så er stemninga sett, og opningsscena er Schwitter som feiar inn i atelieret der han budde førti år tidlegare. Her vil han døy, uakta kva dagens leigebuarar og andre måtte meine. Det blir ein lang reise med møte med eit utal folk og stereotypiar framført akkurat passe overspela og med raske og gode sceneskift. For hovudpersonen er alt, også livet, ein trivialitet eller eit reint tidsfordriv. Det meste er overflate, og han kjedar seg til daude, utan å få til den endelege sortien. Det er mye situasjonskomikk, gode onelinerar, og framifrå spel av dei seks i ensemblet der castinga er gjort i suveren forakt for kjønn. Dei fleste er ganske androgyne, og sjølv om dette tidvis er litt forvirrande, utfordrar det også fordommane våre. Det gjer godt.

Scenografien til Katrin Bombe har omskapt Gamle scene fullstendig. Bladgull og rød fløyel er erstatta med blå filt, ein catwalk tvers gjennom salen gjer det mogeleg med den monotone og repeterande runddansen, og saman med relativt diskret rekvisittbruk, ganske karikerte kostyme og den fine lyssettinga til Eivind Myren har ho skapt gode fysiske rammer for handlinga.

«Meteoren» er ei særs ambisiøs og utfordrande oppsetjing, men er blitt berre delvis vellukka. Ho er framleis litt uferdig, og kunne ha vore stramma inn ein god del. Men samstundes skal både teateret og Angelina Stojčevska ha honnør for å satse så friskt og dristig.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. april 2018.)