Archive for november, 2017

Historia om historiene

lørdag, november 18th, 2017
HYBRIS: Hynkels ynkelege draum om verdsherredøme. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

HYBRIS: Hynkels ynkelege draum om verdsherredøme. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

TEATER

«Chaplin: Diktatoren»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Charlie Chaplin, Morten Joachim og Line Hofoss Holm
Regi: Morten Joachim
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Christina Lovery
Komponist: Anders Brunvær Hauge
Koreografi: Martha Standal
Med: Lars Funderud Johannessen, Helga Guren, Ragnhild Arnestad Mønness, Glenn André Kaada, Svein Solenes, Line Starheimsæter, Henrik Bjelland m.fl.

Gjennom historia om historiene greier Morten Joachim å gi ein ny dimensjon til Charlie Chaplins ikoniske film.

Med filmen «Diktatoren» frå 1940 våga Charlie Chaplin der dei fleste i underhaldningsindustrien sat musestille i båten, eller det som verre var. Spesielt med det bakteppet verda har opplevd dei siste åra, er det merkeleg at ingen har tatt tak i Chaplins legendariske film der han med humor og latterleggjering synte kor ynkeleg både Hitler og nazismen var. Men nå har Rogaland Teater, Line Hofoss Holm og Morten Joachim gjort noko med det, og onsdag var det premiere, ikkje på ein ny versjon, men ei oppsetjing der vi er med på settet under filminnspelinga. Med dette grepet får vi fleire dimensjonar, og langt betre forståing av den ikoniske filmen.

Vi følgjer Chaplins alter ego, den jødiske barberaren og hans kjærast Hannah, diktatoren Hynkel og hans løytnantar Herring og Garbitsch, men også Charlie Chaplin sjølv og hans Paulette Goddard under innspelinga. Med illusjonsbrot i beste Brecht-tradisjon, blir vi rivne opp frå handlinga og flytta frå dei to parallelle historiene i filmen og til røyndomen i studio. Det er eit særs godt regigrep der Joachim greier å fortelje mange historier på same tid, samstundes som han, utan å vere eksplisitt, lagar dyktig politisk teater. At dei ulike aktørane stadig blir intervjua på video og fortel sine historier off record, gir framsyninga ein journalistisk og dokumentarisk dimensjon som understrekar kor turbulent den politiske situasjonen var i 1940, også i USA.

Det er eit vågalt prosjekt regissør Morten Joachim har gitt seg ut på, for dei fleste har eit forhold til både Chaplin og «Diktatoren». Men Lars Funderud Johannessen er eit funn i dei tre hovudrollene som Hynkel, barberaren og Chaplin. Eitt er at han fysisk liknar, men langt viktigare er at han har ein detalj- og nyanserikdom i spelet som gjer at han er like overtydande i alle tre rollene. Premierepublikummet fekk ein liten ekstra konfekt då barberaren fekk barberskum i myggen til Hannah. Då var det «kutt» og to minutts pause, som det ville ha vore på settet, men medan myggen blei fiksa, fylte Johannessen og pianisten Anders Brunvær Hauge pausen med eit improvisert danseopptrinn som sjarmerte publikum i senk. Elegant og profesjonelt. Og med seg har Johannessen eit botnsolid og velinstruert ensemble der særleg Helga Guren i to så ulike roller som Chaplins Paulette og barberarens kjærast Hannah, er like overtydande, samstundes som ho skapar ein fin kontrast til dei tre hovudrollene.

Det er ikkje mye ein diktator fryktar meir enn humoren, og denne produksjonen er gjennomsyra av satire og komikk til minste detalj. Og jamvel om alle dei beste scenene frå filmen er med, er det også mye nytt. Men bak latterleggjeringa er det alvorlege bakteppet alltid like synleg. Scenografien til Arne Nøst er med sin naivistiske presentasjon av settet og kulissane i filmstudioet full av små humoristiske opplevingar, og det same gjeld koreografien til Martha Standal der dans, rørsle og kroppsspråk er utsøkt og fylt med komikk, toppa av ein herleg dans mellom Hynkel og Garbitsch (Glenn André Kaada).

Oppsetjinga er blitt ein hyllest til humoren som våpen, til ytringsfridomen og til eitt av filmhistorias største namn. Når barberaren i finalen blir forveksla med Hynkel og får halde si demokratiske og nærast pasifistiske tale, veit vi i dag at dette var Chaplin sjølv som nytta filmen som talarstol for draumen om demokrati og humanisme. Framleis blir det diverre med draumen.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 18. november 2017.)

Eit oppkome av idear og gags

lørdag, november 11th, 2017
KONGE: Mari Hauge Einbu er energisk, infam, humoristisk og overtydande som Herodes. FOTO: MARCO VILLABRILLE

KONGE: Mari Hauge Einbu er energisk, infam, humoristisk og overtydande som Kong Herodes. FOTO: MARCO VILLABRILLE

TEATER

«Juleevangeliet –
The Smash Hit Musical, volume II»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist og musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Songtekstar: Mads Bones
Regi: Mads Bones
Scenografi og kostyme: Olve Løseth
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Henriette Marø, Leo Magnus de la Nuez, Mari Hauge Einbu, Malin Skjolde, Ida Göransson, Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Andreas Humlekjær, Ida Cecilie Klem og John Yngvar Fearnley.

 

Framleis er det nok litt å gå på, men årets versjon av «Juleevangeliet» var eit langt steg i riktig retning samanlikna med fjorårets.

Etter kjempesuksess med både «Nøtteknekkeren» (der dei hadde hjelp av Matilde Holdhus) og tre elleville sesongar med spelparodien «Slaget på Testiklestad», sette skodespelarane Mads Bones og Olve Løseth saman med komponisten Kyrre Havdal i fjor opp «Juleevangeliet -The Smash Hit Musical» på Gamle Scene på Trøndelag Teater. Det var eit overflødigheitshorn med eit vell av innfall og gags, flott musikk og ditto songtekstar, men sleit etter mitt syn med at dei ikkje heilt greidde å styre seg, og at alt, – nesten absolutt alt, skulle med. Men publikum elska det, og laurdag var det duka for ny premiere på same musikal, volume II, og nå hadde ensemblet fått ta skrittet inn på fullformatet på hovudscena. Sjølv om lesta er den same, er det mye nytt, og eit langt skritt framover.

Som kjent er det fire evangelistar, og Lukas har fått æra for å stå for den endelege fortolkinga av kva som skjedde då Maria, som altså var jomfru, fekk ein son med Gud, og der kjærasten hennar, Josef, berre godtok det heile. Ikkje heilt enkelt å tru på, og om ikkje eit teater nokon gong skulle kaste eit skråblikk på ei slik historie, ville scenekunsten ikkje gjere jobben sin. Då Bones, Løseth og Havdal fekk hand om eit femte, gløymd evangelium; «Olveus evangelium» som i langt større grad problematiserer jomfrufødselen, var det klårt for å presentere juleevangeliet i ei litt annleis innpakning.

I byen Nazareth, som av ein eller annan grunn er til forveksling lik Kardemomme by, har Josef (Leo Magnus de la Nuez) og Maria (Henriette Marø) nettopp forlova seg, men samstundes blir Maria gravid med Gud, eller «smelt på tjukken av Gud» som det heiter i ein av dei beste og mest elleville songinnslaga. Korleis skal Maria forklåre dette for Josef? Det er sjølvsagt ingen enkel sak, men når ho omsider gråtande har fått det ut, fortel ho på Therese Johaugs dalsbygd-dialekt at ho skal stå rakrygga i stormen. Ho legg til at ho spurde Gud fleire gonger om det var nokon fare med den kremen han ville ho skulle ha i seg, men han sa den var heilt trygg. Og sjå no kva som skjedde! Poenget var kanskje meir overraskande i fjor då Johaugsaka var ferskare, men nå har dei fått med seg meir, og tek dopingsaka/inseminasjonen heilt ut i det som framleis er eitt av framsyningas høgdepunkt.

Historia er ikkje så nøye på korkje kronologi eller geografi, men blir etter kvart ei ellevill og litt surrealistisk forteljing der Bibelens mange personar og dyr opptrer i godt kompaniskap med kjende menneske og situasjonar frå vår eiga tid. Det er sjølvironi og masse metateater, og med dei mange dagsaktuelle kommentarane, vil eg tru at framsyninga endrar seg frå dag til dag. Ettersom ho tar opp i seg ferske saker som oktoberbarn og indianarkostyme, kan ein ikkje melde denne oppsetjinga som ein vanleg fiks ferdig musikal, men meir som sin eigen sjanger i spennet mellom revy, politisk satire og syngespel. Her finn ho seg godt til rette, og sjølv om det framleis sikkert kunne ha vore stramma inn meir, er dramaturgien langt betre enn i fjor, og humoren ikkje like klein.

For her boblar det over av gags, tull og tøys, sylkvass politisk satire, treffsikker humor, og eit utal populærkulturelle referansar der det neppe er mogeleg å få med seg alle, men der det nok å ta av for både dei som er opptekne av Lothepus på eine sida, og spesielle særtrekk ved skodespelarutdanninga i Nord-Trøndelag på andre sida. Og alt er pakka vakkert inn i særs fengande musikk skrive av Kyrre Havdal som også er kapellmeister. At framsyninga har tatt steget inn på hovudscena, har gitt rom for store og forbausande godt koreograferte dansenummer der Martha Standals koreografi løftar framsyninga mange hakk.

Som vi veit, var det ikkje plass til Josef og Maria i herberget, men så dukkar Märtha (Ida Göransson) og hesten hennar uventa opp og byr på rom i ein stall. Märtha har spesialkompetanse på både stall, kongebarn og ikkje minst englar, så her er det duka for mye moro. Og når det syner seg at Jesusbarnet er ei jente, har Märtha også kompetanse på det området, for er det noko ho veit, så er det at jenter ikkje kan arve trona. Maria på si side får eit enormt forklåringsproblem overfor Gud når det syner seg at Jesus har innovertiss, men har lese seg til i skrifta at ein kan fornekte Vårherre tre gonger, så ho held tett i det lengste. Som lesaren forstår er her dei mest bisarre forviklingar, alt med juleevangeliet som bakteppe, men med hausten 2017 som den vel så viktige referansen. Slikt kan det bli mye humor av, og meir blir det etter fødselen då det kjem ei endelaus rekkje av besøkande til stallen. I fjor blei dette nærast som ei lang vareoppteljing, men sjølv om ikkje alle gjestane er like gode, er både dramaturgi og presentasjon stramma inn mange hakk. Og den politiske brodden er langt kvassare.

Olve Løseth, som nok er opphavet til «Olveus evangelium», er framifrå som både forteljar, herold og ikkje minst som erkeengelen Gabriel. Mads Bones, som spelar eit utal ulike roller, har også regien, og der han i fjor nok mista litt av oversikta, har han i år langt betre kontroll, og gjort mye god personinstruksjon. Elles kan det sjå ut til at ensemblet har fått relativt fritt leide til å herje litt som dei vil, slik det er naudsynt i ei framsyning som kan endre seg frå dag til dag. Og det greier dei heilt utmerka. Men den som verkeleg løftar årets produksjon samanlikna med fjorårets, er Mari Hauge Einbu som gjer ei energisk, infam, humoristisk og overtydande tolking av Herodes, den lett paranoide og eigentlege kongen i denne historia.

«Juleevangeliet – The Smash Hit Musical, volume II» er eit oppkome av idear, god, men også litt klein humor, ein passe porsjon bad taste, mye kvass politisk satire, ganske uskuldig herjing med religiøse dogme, framleis litt uferdig, men først og fremst god underhaldning.

Ver deg sjølv

mandag, november 6th, 2017
FARVEL: Gjennom eit fyrverkeri av dans, musikk, lys og kostyme tar vi avskil med stereotypiane. FOTO: CHRISANDER BRUN

FARVEL: Gjennom eit fyrverkeri av dans, musikk, lys og kostyme tar vi avskil med stereotypiane. FOTO: CHRISANDER BRUN

TEATER

«Goodbye Kitty»

Barneteatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Rebekka/Huy
Regi: Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo
Komponist: Rakel Nystabakk
Scenografi, lysdesign og kostyme: Chrisander Brun
Med: Ellen Andreassen, Magnus Myhr, Lars August Jørgensen og Rakel Nystabakk

Kor fargerik og spennande verda er når folk får vere som dei er.

Ikkje på noko tidspunkt i livet er vi vel meir sårbare og usikre enn i dei ofte litt vonde åra i overgangen mellom barn og ungdom. Plutseleg tar kroppen til å oppføre seg annleis, det er viktige og formative år som legg grunnlag for identitet på alle område, og jamvel om ingen er A4, kjennest det på denne tida viktig å vere nettopp det. Barneteatret Vårt i Ålesund tek barn og ungdom på alvor, og har dei siste åra produsert den eine nyskapande og eksperimentelle framsyninga etter den andre. I ein samproduksjon med Rebekka/Huy har dei nå laga ei oppsetjing som er eit lite oppgjer med vanetenkinga, kjønnsroller og identitet, og som i staden er ein hyllest til mangfaldet. Oppmodinga er at det normale først og fremst må vere å vere seg sjølv.

Målgruppa er barn og ungdom frå 8 til 12, og gjennom langvarig arbeid med innspel frå ulike representantar for denne gruppa, har Rebekka/Huy arbeidd fram ein multimedial produksjon som er meir å sjå på som ei sanseleg oppleving enn ei vanleg teateroppsetjing. Presentasjonen er, som tittelen indikerer, eit farvel. Forma er ein avskilsfest med dans og høg musikalsk temperatur der publikum sit på golvet og framsyninga skjer både framom, bak og midt i blant oss. Slik blir vi inviterte inn i festen der vi skal vere med på å seie farvel til kjønnsstereotypiar, tvangstankar om rosa og lyseblått og mye meir. Gjennom eit fyrverkeri av ei framsyning får vi finne ut at folk får vere som dei vil, og det gjeld også oss sjølve.

Dette høyrdest då særs politisk korrekt ut, kan ein innvende, men det spennande er at det er nettopp det det ikkje er. Rett nok er det eit par monologar som, utan å vere særleg insisterande,  gir oss framsyningas credo, men presentasjonen er ingen peikefinger, men tvert om ei audiovisuell og særs sanseleg reise gjennom masse populærkulturelle referansar som er lett gjenkjennelege for målgruppa. Gjennom kreativ bruk av presentasjonsforma og språket til mye av den kulturen vi skal ta avskil med, blir vi tekne med inn i eit opplevingsunivers der publikum får høve til å tolke og forstå akkurat som dei sjølve vil. Og det er nettopp denne opninga for dei tolkingar du sjølv måtte ha, som gjer framsyninga så spesiell og vellukka. Gjennom særs dyktig lysdesign, ein enkel men likevel mangfaldig og kreativ scenografi, flotte kostyme, musikk som nesten er suggererande, song og ikkje minst energisk og særs ekspressiv dans, får dei fire på scena formidla ei sanseleg opplevingsreise og ein fargerikdom som gir rom for mye refleksjon.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. november 2017.)