Archive for oktober, 2017

Aldri gi opp

lørdag, oktober 7th, 2017
HU, HEI!: Slik ser det ut når Danel og Ane rasar av stad med hest og karjol. FOTO: ESPEN STORHAUG

HU, HEI!: Slik ser det ut når Danel og Ane rasar av stad med hest og karjol. FOTO: ESPEN STORHAUG

TEATER

«På tvert»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av: Olav Duun
Dramatisering og regi: Otto Homlung
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Musikk: Asgeir Skrove
Med: Evy Kasseth Røsten og Paul-Ottar Haga

Eit intenst, velspela, og forsiktig dramatisert forteljarteater som yter Duuns historie og hans unike menneskelege innsikt full rettvise.

Etter at Dag Solstad for to år sia, i det som nærast var eit litterært drap, hevda at Olav Duun for han var framand og likegyldig, har nok Turnéteatret i Trøndelag (fram til i sommar Nord-Trøndelag Teater) kjent eit visst ansvar for å halde oppe interessa for denne nord-trønderske forfattaren som i mellomkrigstida var allemannslesnad på line med Sigrid Undset, Knut Hamsun og Johan Falkberget. Eg har sett ein del forsøk på dramatisering av romanane hans, men har førebels funne bøkene og forteljarstemma langt meir interessant. Nå har Otto Homlung tatt for seg ein av dei første romanane til Duun, «På tvert» frå 1909, og dramatisert og iscenesett den nærast som forteljarteater. Torsdag var det urpremiere i det nye teaterbygget i Verdal, og denne framsyninga var langt meir vellukka både med tanke på å yte Duuns menneskeinnsikt rettferd og med å få fram den gode forteljinga.

Mange av dei første romanane til Duun er frampeik om det han skulle skrive seinare, som i romanserien «Juvikfolke», og slik er det også med «På tvert». Boka handlar om Danel, som vi følgjer frå tidlege gutedagar og vidare gjennom heile livsløpet. Danel er litt annleis med eit høgrebein som står på tvert, men som truleg plagar han meir mentalt enn fysisk. Han er ein stabeis som må stå opp mot bygdedyr og jante, som aldri gir opp, og som greier seg forbausande bra på dei fleste hald, men ikkje i kjærleiken. Med solid innsikt i menneskesinnet målar Duun med brei pensel og fargerik palett ut historia om Danel og den håplause kjærleiken hans til Ane.

På ei tilnærma naken scene med berre hjelp av illustrerande musikk av Asgeir Skrove og diskré lysdesign av Simen Høy Aasheim, gir Otto Homlung oss eit forsiktig dramatisert forteljarteater. Berre to aktørar, Paul-Ottar Haga og Evy Kasseth Røsten, og ikkje ein einaste rekvisitt. Dei to vekslar saumlaust på å fortelje og å spele, og gjennom forteljarrøysta introduserer dei oss for ulike tablå som er varsamt dramatisert. Med denne nennsame tilnærminga, og ikkje minst finstemt samspel mellom Røsten og Haga der mimikk ofte er viktigare enn fysisk spel, greier dei å formidle både historia og dei mangefasetterte menneskeskildringane. Framsyninga varar berre ein dryg time, og kunne fort ha blitt eit dramatisert resymé. Men Homlung har greidd å få fram den gode historia, halde dramaturgien oppe, og gjennom ein del ganske intense tablå gjere at denne meldaren (og kanskje fleire med meg?) får lyst til å finne attende til Olav Duuns univers. For dette var korkje framandt eller likegyldig.

(Meldinga stod i Klasse4kampen laurdag den 7. oktober 2017.)

Nyanserikt og velspela

mandag, oktober 2nd, 2017
TITTESKAP: Aktørane blir sjølve skjøre glasfigurar i Nia Damerells heilt minimalistiske scenografi. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

TITTESKAP: Aktørane blir sjølve skjøre glasfigurar i Nia Damerells heilt minimalistiske scenografi. FOTO: JOHANNES LAUKELAND FESTER SUNDE

TEATER
«Glassmenasjeriet»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Tennessee Williams
Omsett av: Inger Hagerup
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenografi og kostyme: Nia Damerell
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Jan Magne Høynes
Med: Ragne Grande, Anne Krigsvoll, Vetle Bergan og Jon Lockert Rohde

Teksttru, reindyrka, minimalistisk og med ein imponerande nyanserikdom i detaljane.

– Hovudproblemet ditt er at du manglar sjølvtillit, seier den «kjekke unge mannen» Jim O’Connor (Jon Lockert Rohde) til den blyge Laura Wingfield (Ragne Grande) i «Glassmenasjeriet» på Trøndelag Teater. Men det manglar så avgjort ikkje på sjølvtillit hjå folka bak denne oppsetjinga. Eg har knapt sett ei teaterframsyning med større fallhøgde med tanke på regi, scenografi og spel. Det er så vågalt, og kunne ha havarert fullstendig. Men med suveren tillit til Tennessee Williams’ tekst, sine eigne idear, og ikkje minst til publikum, lukkast dei eitt hundre prosent. Denne framsyninga er teater på sitt aller, aller beste.

«Glassmenasjeriet», eit særs sjølvbiografisk drama, var Tennessee Williams’ gjennombrot som dramatikar, og er i ettertid blitt eitt av verdas mest spela teaterstykke. I retrospekt, ti år etter, ser forfattarens alter ego, Tom (Vetle Bergan) attende på sin eigen dysfunksjonelle familie i USA i depresjonens 1930-tal. Faren har forlate heimen, og attende er den monomane og sjølvopptatte mora, Amanda (Anne Krigsvoll), Tom sjølv, som arbeider på eit skolager, skriv dikt i løynd og ønsker seg vekk, og Laura som er like skjør som dei glasfigurane ho samlar på. Prosjektet er å få Laura gift, og ein dag ser det nesten ut til å lukkast.

Mot eit tydeleg bakteppe av den politiske og økonomiske situasjonen på trettitalet, ikkje heilt ulik dagens USA, gir regissør Johannes Holmen Dahl oss innsikt i tre nærast desperate og desillusjonerte menneske, fanga i sin eigen lagnad. Saman med scenograf Nia Damerell har han vald ei heilt minimalistisk tilnærming der Williams’ tekst kombinert med stillferdig, saktegåande, men uvanleg nyanserikt spel held oss trollbundne i nesten tre timar.

På ei naken scene i scena der golv, vegg og himling går i eitt, blir aktørane sjølve slike glasfigurar som Laura samlar på.   Dei einaste rekvisittane er ein platespelar, ei eske med glasfigurar og ein karaffel. Og det er meir enn nok. For her er det tekst og spel som gjeld. Skodespelarane er lågmælte, tar seg god tid, lange pausar og replikkane får henge i lufta og dirre. Den einaste ytre staffasjen er diskret lysdesign av Eivind Myren og like nennsam lyddesign av Jan Magne Høynes. Resten er dialog og alt det usagte i eit framifrå og heilt eineståande ensemblespel toppa av ei så intens og sårbar Laura at eg finn ikkje ord. Med ein klår ide, vilje til gjennomføring, litt humor og ekstremt stram regi tek oss Johannes Holmen Dahl oss inn i det inste av desse tragiske og desperate menneska.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. oktober 2017.)