Archive for september, 2017

Mørkets forbanning

lørdag, september 30th, 2017

TEATER

TOMGANG: Tosemda gjer at samtala etter kvart går på tomgang. FOTO: MARIUS FISKUM

TOMGANG: Tosemda gjer at samtala etter kvart går på tomgang. FOTO: MARIUS FISKUM

«Sønnen»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Jon Fosse
Til nordnorsk av: Ragnar Olsen
Regi, scenografi og kostyme: Sølvi Edvardsen
Lysdesign: Ola Bråten
Lyddesign: Kolbjørn Lyslo
Med: Jørn Fuller-Gee, Ketil Høegh, Kristian Fr. Figenschow og Guri Johnson

Etter ei nydeleg opningsscene verkar det som regissøren ikkje lenger har tillit til teksten.

Hålogaland Teater har ikkje sett opp Jon Fosse tidlegare, og debuterer nå med «Sonen» frå 1997. I Ragnar Olsens sikre omsetjing til eit munnleg og naturleg nordnorsk, er tittelen blitt «Sønnen».

Eit godt vakse ektepar (Ketil Høegh og Guri Johnson) bur på ein liten plass der det berre er dei sjølve og ein drikkfeldig nabo (Kristian Fr. Figenschow) att. Alle andre har anten flytta eller døydd. Det er seinhaustes og tomt i alle husa. Ikkje eingong gatelys har dei. I den kvardagslege, stadig repeterande og tilsynelatande inkjeseiande samtala mellom dei to, er mørket eit hyppig tilbakevendande tema. Etter kvart får vi også vete at paret har ein son dei korkje har sett eller høyrt frå på lange tider. I følgje naboen skal han sitje i fengsel, men det vil dei to helst ikkje tru på. Tidsfordrivet deira er små rituelle syssel, tomgangsprat og å sjå ut i mørket Og når rutebussen kjem, ser dei at ikkje berre naboen går av, men også ein til. Han liknar, men det kan då ikkje vere?

Jo, så er det sonen (Jørn Fuller-Gee) som kjem på uventa besøk. Og like etter kjem også naboen. Då han held fram med å påstå at sonen har sete inne, og sonen let seg provosere av dette, utviklar det seg etter kvart til eit intenst lite drama som endar ganske tragisk.

«Sønnen» er eit stykke om fråflytting og einsemd, om mørke både reelt og i menneskesinnet, og om vanskeleg og manglande kommunikasjon. Framsyninga opnar særs lovande med eit finstemd samspel mellom Høegh og Johnson der dei let Fosses tekst få henge i lufta og gjere jobben, tek seg gode pausar, og skildrar dei to med ein varme og ei innleving som er imponerande. Eit gamalt ektepar som fullfører setningane for kvarandre, så vart og ekte formidla, og i tillegg med ein god porsjon humor.

Men så verkar det som regissør Sølvi Edvardsen ikkje lenger vågar å lite heilt på Fosses tekst. Edvardsen, med bakgrunn som biletkunstnar og koreograf, har ansvar for både regi, scenografi og kostyme. Ho har skapt eit stilisert og symboltungt scenerom som med fordel kunne ha vore gjort enklare. Det blir diverre ein god del effektar som stel merksemd frå tekst og handling. Og son og nabo har ikkje fått dei naudsynte nyansane å spele på, men blir altfor tydelege. Fosses tekst treng ikkje slik ekstra forklåring. Og når handlinga ofte blir avbrote av stilisert dans for ytterlegare å detaljtolke teksten, blir det i meste laget. Ketil Høegh og Guri Johnson synte oss i opningsscena kor god Fosses tekst er når han får stå på eigne bein.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 30. september 2017.)

La livsløgna leve

mandag, september 25th, 2017
FAMILIEIDYLL?: Kven har rett til å øydeleggje denne idyllen, uakta kor falsk han er? FOTO: BENGT WANSELIUS

FAMILIEIDYLL?: Kven har rett til å øydeleggje denne idyllen, uakta kor falsk han er? FOTO: BENGT WANSELIUS

TEATER

«Vildanden»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Regi: Runar Hodne
Scenografi: Serge von Arx
Kostyme: Nina von Arx
Lysdesign: Andreas Fuchs
Med: Kathrine Thorborg Johansen, Andreas Stoltenberg Granerud, Stine Fevik, Karl-Vidar Lende, Trond-Ove Skrødal, Christian Ruud Kallum, Trond Peter Stamsø Munch, Janne Kokkin, Andreas Humlekjær, John Yngvar Fearnley og Olve Løseth

Velspela, på same tid vond og humoristisk og ei Hedvig-tolking det vil gå gjetord om, men likevel ei oppsetjing som ikkje kjem heilt i mål.

Det er trongt for Hjalmar Ekdal (Andreas Stoltenberg Granerud) som trettande mann til bords og openbert ein ikkje heilt velkomen gjest i middagsselskapet hjå grosserar Werle (Trond Peter Stamsø Munch). Og det er gjort påtrengjande fysisk trongt i Serge von Arx’ symboltunge scenografi der skodespelarane i opningsscena av «Vildanden» på Trøndelag Teater balanserer heilt ute på scenekanten. Med denne særs tydelege symbolikken kombinert med ein uvanleg laussloppen humoristisk tilnærming, set regissør Runar Hodne standarden for ei oppsetjing som er tydeleg, velspela og tidvis full av komikk, men som likevel ikkje får det heilt til.

Hjalmars barndomsvenn Gregers Werle (Karl-Vidar Lende) er komen heim etter mange års fråvær og utan nokon form for empati eller djupare forståing for dei han invaderer, stormar han inn i livet deira med sitt krav om den ideale fordring og utlufting. Ein liten småbyidyll tufta på løgn og forteiing blir brutalt broten opp med dramatiske følgjer.
Regissør Runar Hodne er relativt teksttru, men har likevel greidd å komprimere det heile ned til berre ei akt på snaue to timar. Dette trass i at han let framsyninga både dvele og ta seg god tid, eit grep som gir fine rom for innsikt og betre forståing, og som gjer nokre av dei vonde scenene og konfrontasjonane endå vondare. Men prisen er at vi mister litt av den møysommelege oppbygginga av intrigen. I Ibsens tekstar blir løyndomane avdekte gradvis og lag for lag. Slik også i «Vildanden» der det, trass i mange små tekstlege hint, tar lang tid før det går opp for både Hjalmar Ekdal, og publikum, kva for løgn livet hans er tufta på. I denne oppsetjinga kjem indikasjonane både tidlegare og tydelegare, og framsyninga mister såleis den viktige dramaturgiske stigninga, eller gradvise demaskeringa som Ibsen var så god til å få fram.

Gregers Werle, den eigentlege hovudpersonen i «Vildanden», er tematisk i slekt med både Brand og Thomas Stockmann, og blir ofte framstilt som den litt nyansefattige skurken, – i motsetning til Dr. Relling (Christian Ruud Kallum) som den pragmatiske helten. Runar Hodnes regi og tolking følgjer i stor grad denne tradisjonen. Gregers er framfus og direkte og ofte særs konfronterande, men så komprimert som denne framsyninga er, blir mange av utbrota hans ganske umotiverte og ikkje alltid like forståelege. Karl-Vidar Lende tolkar rolla godt, men kunne med fordel ha fått litt fleire nyansar å spele på.

Trass i desse innvendingane, er «Vildanden» likevel blitt ei framsyning med mange openberre kvalitetar. Som til dømes den humoristiske tilnærminga og eit tidvis stilisert spel med stor grad av mime som stundom blir små komiske gags. Det tette samspelet mellom Hodnes regi og von Arx’ scenografi er også viktig. Serge von Arx har vald ein lagvis og ganske open sceneløysing der vi heile tida får eit innblikk i kva som skjer bak kulissane. Bokstaveleg talt. Og i den gitterforma scenografien blir den Ekdalske heimen både open og luftig, og på same tid eit fengsel, alt avhengig av auga som ser, og slik sett ei god visualisering av tematikken i framsyninga.

Men det eg først og fremst vil hugse frå denne oppsetjinga av «Vildanden» er det tette og intense spelet til dei tre ofra for Gregers’ blindskap. Andreas Stoltenberg Granerud er ein naiv og enkel livsløgnar det er lett å tru på. Trass i at Stine Fevik ikkje gjer så mye av seg som Gina Ekdal, formidlar ho ei særs nærverande og nesten påtrengjande smerte som er så diskret, men likevel tydeleg. Og så er det Kathrine Thorborg Johansen som gir oss ei Hedvig vi verkelegkan leve oss inn i. På eit overtydande vis spelar ho den naive og uskuldsreine ungjenta på terskelen til å bli vaksen, så sårbar og så uforståande til det som skjer. Det var ei av dei sterkaste Hedvig-tolkingane eg har sett, og nesten åleine grunn til å sjå denne framsyninga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. september 2017.)

 

Om å bry seg.

mandag, september 25th, 2017
ETIKK: Gjennom ein intelligent monolog, tidvis heilt asynkron dans, og med hjelp av ein ghetto blaster presenterer Nicola Gunn oss for store etiske val. FOTO: GREGORY LORENZUTTI

ETIKK: Gjennom ein intelligent monolog, tidvis heilt asynkron dans, og med hjelp av ein ghetto blaster presenterer Nicola Gunn oss for store etiske val. FOTO: GREGORY LORENZUTTI

TEATER/DANS

«Piece for Person and Ghetto Blaster»
Teaterhuset Avant Garden, Olavshallen, lille sal
Av og med: Nicola Gunn
Koreografi: Jo Lloyd
Musikk og lyddesign: Kelly Ryall
AV-design: Martyn Coutts
Lysdesign: Niklas Pajanti

Intelligent, ekspressivt og overraskande om i kor stor grad ein skal bry seg.

Ei kvinne frå eit anna land er ute og joggar i byen Gent i Belgia. Så får ho auge på ein familiefar som morar seg med å kaste stein ut i ein kanal medan dei to mindreårige barna hans ser på. Etter nærare ettersyn ser ho at han kastar på ei and som ligg og rugar. Ho tek til motmæle, og mannen skjeller henne ut, det heile blir ampert og aggressivt før ho dreg heim og skriv om det på Facebook. Dette, som er sjølvopplevd, er utgangspunktet for den australske dansaren og teaterkunstnaren Nicola Gunn si framsyning «Piece for Person and Ghetto Blaster».
Produksjonen hennar har hausta fagnad over heile verda, og i helga var det norgespremiere i samband med Bastardfestivalen i Trondheim.

Sjølv kom eg til framsyninga rett frå premiere på «Vildanden» av Henrik Ibsen på Trøndelag Teater, og det var vanskeleg å ikkje sjå likskapen mellom dei to produksjonane. Eitt er at det dreier seg om ei and, men det viktige spørsmålet er i kor stor grad det er rett å intervenere i andre folks liv. Skal du bry deg? Det siste kan bli eksistensielt, og i Nicola Gunns framsyning, er det akkurat det det blir.

Åleine på scena med berre ein ghetto blaster som rekvisitt fortel ho historia på eit omstendeleg vis fylt av digresjonar og ulike assosiasjonar slik mange forteljingar har ein tendens til å bli. Samstundes kommenterer og utfyller ho historia med dans og koreografert rørsle som både kan vere illustrerande, men like ofte heilt kontrært til det ho fortel. Historia hennar er omstendeleg, intelligent og humoristisk, og dansen likeins, sjølv om han langt frå er synkron med det ho fortel. Ei historie om å stå opp for det som er moralsk rett, blir etter mye om og men, populærkulturelle digresjonar, lange utgreiingar, og mye humor, dissekert og på eit uventa vis plukka frå kvarandre. På vegen dit utfordrar ho publikum, kjem stadig med overraskande vendingar og reflekterer over kvardagsfilosofi og større eksistensielle problem. Gjennom ein dryg time med ein intelligent monolog og ein stort sett asynkron, men likevel intens og levande dans, held ho oss trollbundne før finalen som både er ei visuell oppleving og ganske uventa.

Framsyninga skal visast på Black Box i Oslo 4. og 5. oktober, og på Teatergarasjen BIT i Bergen 7. og 8. oktober. Denne produksjonen er ei gåve til publikum.

Møteplassen

fredag, september 22nd, 2017
SKILJE: Det tydelege skiljet mellom scene og sal kan gå i oppløysing. FOTO: YANIV COHEN

SKILJE: Det tydelege skiljet mellom scene og sal kan gå i oppløysing. FOTO: YANIV COHEN

TEATER

«Vive la Phrance»
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av: Spreafico Eckly
Regi: Andrea Spreafico
Scenografi: Gens – Association libérale d’architecture
Musikk: Matteo Fargion
Dans: Mate Meszaros
Tekst: Robert M. Johanson

Ei underhaldande og upretensiøs utforsking av teateret, – og livet.

At teateret kan spegle livet, og at det også er ein møteplass, er godt kjend. Men det er sjeldan vi får det så tydeleg manifestert som i «Vive la Phrance» som hadde urpremiere på Teaterhuset Avant Garden onsdag i samband med opninga av den internasjonale scenekunstfestivalen Bastard. Den Bergensbaserte performanceduoen Spreafico Eckly tar for seg teaterkunsten, – og livet, gjennom utforsking av tre parametrar og deira åtte ulike kombinasjonar. Dei tre er improvisasjon eller regi, passivt eller deltakande publikum og opne eller lukka rom. Settinga er eit serveringslokale der vi sit ved langbord og har ein usynleg vegg mellom oss og scena, og der handlinga skjer med og utan publikum, på scena eller i salen, og i improvisert eller regissert form.

Det heile kunne ha blitt ei litt omstendeleg akademisk øving for her er korkje noko narrativ eller særleg stram dramaturgi, men når det likevel blir både ganske fornøyeleg og stundom også gir deg noko å tenke på, er det først og fremst på grunn av den leikne og uhøgtidelege forma, og ikkje minst presentasjonen til dei tre på scena. Matteo Fargion trakterer pianoet i tillegg til litt spel og kommentarar, Mate Meszaros gir oss ekspressiv og uttrykksfull dans i spennet frå slåssing via ungarsk folkedans til Svanesjøen. Og så er det Robert M. Johanson som bind det heile saman, trygt, profesjonelt, og så avslappa. Mange vil hugse han frå Nature Theater of Oklahoma, der han gjesta Norge med «No Dice» og «Romeo og Juliet». Johanson tar oss pedagogisk med på å setje saman ein tredimensjonal orienteringsreiskap, vidare til teikning av kyr, og så mye anna som eg skal halde meg frå å røpe ettersom det vil øydeleggje mye av opplevinga denne framsyninga vil gi deg.

Sidan ein av parametrane som blir utforska er passiv tilskodar eller deltaking, er dette interaktivt teater der publikum i stor grad må ta del. Personleg er eg ikkje spesielt glad i å bli dregen opp på scena, men det seier ganske mye om denne framsyninga at eg i ettertid angrar på at eg ikkje var meir aktivt med. For her gjorde deltakinga teateret til ein spennande møteplass.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 22. september 2017.)

På havets botn

mandag, september 18th, 2017
BERGA: Havfrua reddar prinsen frå å drukne. FOTO: ARILD MOEN

BERGA: Havfrua reddar prinsen frå å drukne. FOTO: ARILD MOEN

TEATER

«Den lille havfruen»
Barneteatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Etter eit eventyr av H.C. Andersen
Dramatisert av: Mike Kenny
Omsett av: Morten W. Krogstad
Regi: Linn Meyer Kongshavn
Scenografi og kostyme: Marianne Stranger
Komponist: Thomas Kongshavn
Lysdesign: Jonas PA Fuglseth
Med: Sofia Knudsen Estifanos og Dagfinn Tutturen

Vakkert, varmt og visuelt om kjærleik og dårskap.

Barneteatret Vårt i Ålesund går stadig nye vegar for å lage nyskapande teater for barn og ungdom. H.C. Andersens «Den lille havfruen» er rett nok eit kjent eventyr, og slik sett eit trygt val. Men presentasjonen i ei slags metaform er dristig ettersom målgruppa er frå fire år og oppover, og ein veit at evna til abstrakt tenking ikkje er så utvikla for dei minste. Men det fungerte til fulle.

To venner, Rukkel (Sofia Knudsen Estifanos) og Ballast (Dagfinn Tutturen), skal lage teater og startar med å fortelje oss kven dei er og kva dei skal gjere. Det er Rukkel som er sjefen, medan Ballast i starten er sjarmerande overivrig etter å spele teater og tidvis overtek heile scena. Slik set dei ein humoristisk forteljarstandard. I store trekk følgjer oppsetjinga eventyret der havfrua reddar ein prins frå å drukne, forelskar seg i han, men må gi opp den vakre røysta si for å få føter og bli som menneska. Prinsen hugsar berre stemma hennar, men ikkje resten og finn ei anna kvinne å gifte seg med. Og så blir den ulukkelege havfrua til havskum. Ei trist historie om draumar og dårskap, men også ei vakker kjærleikshistorie, og det er dette Barneteatret Vårt har lagt mest vekt på.

Framføringa er i tre lag. Delvis er det eit episk forteljarteater der dei to fortel kva som skjer. Deretter går dei inn i rollene og spelar ut ulike tablå, for så stadig å bryte av det heile der dei igjen blir Rukkel og Ballast som kranglar om form og framføring. Vekslinga er saumlaus og synkron. Det verkar heller ikkje som ungane i salen hadde noko problem med å følgje dei mange skifta. Det skuldast i stor grad Estifanos og Tutturen som er særs inderlege og ekte i alle dei rollene dei spelar, og som er flinke til å lytte og vende seg til det unge publikummet. I ei så saktegåande og lyrisk framsyning, er det vanskeleg å fange merksemda til salen heile tida, men i hovudsak gjekk det veldig bra.

Scena er omskapt til ein opplevingsrik tareskog på havets botn, men det spesielle er at scenografien, og alle rekvisittar og kostyme er lagde av plast. Med tanke på kvalen som dreiv i land på Sotra tidlegare i år, blir dette ein ekstra dimensjon om nettopp menneskeleg dårskap.
Og det særleg fordi plasten er så nærverande utan å bli nemnt med eitt ord i framsyninga. Ingen moralsk peikefinger, du får tenke sjølv.

Med dei velfungerande lydkulissene til Thomas Kongshavn, den effektfulle lysdesignen til Jonas PA Fuglseth og det sjarmerande spelet til Estifanos og Tutturen er «Den lille havfruen» blitt ei poetisk, varm og vakker framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. september 2017.)

Overspela og karikert

torsdag, september 14th, 2017
TEATER

 OVERLESSA: Scenografien seier litt om korleis denne framsyninga er blitt. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL


OVERLESSA: Scenografien seier litt om korleis denne framsyninga er blitt. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«En folkefiende»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Bearbeiding: Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostyme: Sven Haraldsson
Komponist: Erik Hedin
Med: Cato Skimten Storengen, Ragnhild Arnestad Mønness, Glenn André Kaada, Ole Christoffer Ertvaag, Lars Funderud Johannessen, Alexandra Gjerpen, Svein Solenes og Marko Kanic

Karikerte roller, klein humor og alt for mange historier som skal forteljast.

Det er ikkje lenger kontroversielt å modernisere klassikarane, og mye av innhaldet og intrigen i Henrik Ibsens «En folkefiende» er såpass lite truverdig i dag, at ei fornying kan vere på sin plass. Men du må ha ei meining og ein idé bak, og det er det vanskeleg å sjå at Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag har hatt med bearbeidinga for Rogaland Teater.

Kurbadet i Ibsens småby er her blitt eit lukrativt asylmottak. Byens lege, Tomas Stockmann, finn ut at grunnvatn og jordsmonnet ved mottaket er forgifta, og opptrer som ein samfunnsansvarleg varslar, men møter motstand frå broren Peter, som er byens ordførar og styreleiar i mottaket, og etter kvart også frå den såkalla frie pressa og mye av ålmenta. Så langt er alt vel og i Ibsens and. «En folkefiende» var mellom anna eit stykke om både miljøvern og varslarar lenge før fenomena var særleg kjende, og det ganske spesielle med historia er at Tomas Stockmann etter kvart slett ikkje er ein rakrygga sanningssøkjande helt, men i staden blir ein gal elitist. Kjersti Horn presenterer dramaet som ein komedie, og har skapt dei mest overspela og outrerte figurar der Stockmann har ein au pair han tafsar på, ein polsk tømrarvenn som opptrer som geriljasoldat, og der dottera er ein talentlaus slampoet. Ikkje noko av dette er spesielt morosamt, det er forvirrande og tar merksemda bort frå tematikken, og det gir heller ikkje denne meldaren nokon ny innsikt.

Scenografien til Sven Haraldsson med eit hus som på dreiescena kan sjåast frå både inn- og utsida, og samstundes vekslande bruk av videoprojeksjonar, er relativt velfungerande. Men dei alt for mange og lange sceneskifta der huset dreier rundt og rundt nesten i det uendelege, er ikkje like vellukka. I Kjersti Horns regi er dei fleste rollene blitt sin eigen motsetnad,  overtydelege og karikerte, og tidvis meir patetiske enn komiske. Cato Skimten Storengen spelar ein ekstremt energisk Dr. Stockmann, men har fått ei rolle som aldri blir særleg truverdig. Glenn André Kaada er nok meir overtydande som broren Peter, men har også fått alt for mye dårleg komikk å presentere. Den einaste rolla som både har alvoret og komikken i ein forståeleg og god miks, er boktrykkar Aslaksen, dyktig framført av Lars Funderud Johannessen. I eit par av konfrontasjonane mellom brørne Tomas og Peter gnistrar det også, men det greier ikkje å vege opp for ei elles ganske mislukka nytolking av «En folkefiende».

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 14. september 2017.)

Alt kan brukast opp att

mandag, september 11th, 2017

TEATER

EGGERØYRE: Alt kan brukast, og her er det pisking av egg drive av ein forbrenningsmotor. FOTO: HARALD ØREN

EGGERØYRE: Alt kan brukast, og her er det pisking av egg drive av ein forbrenningsmotor. FOTO: HARALD ØREN

«Garage»
Cirka Teater og Turnéteatret i Trøndelag, Black Box
Av: Cirka Teater
Regi: Espen Dekko
Scenografi: Gilles Berger
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Komponist: Martin Smith
Med: Paal Viken Bakke og Gilles Berger

 

Ei humoristisk reise inn i mekanikkens magiske verd, og ikkje utan overraskande vendingar.

Laurdag var det høgtideleg opning av det nye teaterhuset til Turnéteatret i Trøndelag (tidlegare Nord-Trøndelag Teater), sentralt plassert i Verdal. Teateret hadde to opningsframsyningar, og den første var også ein urpremiere i samarbeid med Cirka Teater i Trondheim. Dette kompaniet har gjennom ein dryg mannsalder utmerka seg med fysiske og særs visuelle produksjonar, og Gilles Berger har ofte vist seg som reine trollmannen på sinnrik scenografi. Det passa også spesielt godt å velje Cirka Teater og Berger til opningsframsyninga, ettersom den kunstnarlege utsmykkinga av nybygget var eit bokstaveleg talt grensesprengjande kunstverk signert nettopp Gilles Berger.

Og det er nettopp det grensesprengjande og magiske som Berger er ein ekspert på. Til opninga av Gardermoen flyplass laga han ei framsyning der tyngdekrafta blei oppheva og koffertar flaug gjennom lufta. Jamvel om vi veit at han lurar oss, likar i alle fall eg å bli lurt når det skjer på dette viset.

I «Garage» spelar Berger sjølv, og ettersom det er mye mekanikk som skal fungere, er nok det lurt. Med seg har han Paal Viken Bakke, og dei er to uvanleg leikne og kreative mekanikarar. Dei held til i ein garasje eller eit lager av alt mogeleg gamalt mekanisk skrot. Som ein Espen Oskeladd går dei på oppdagingsferd i rotet, finn eitt og anna, og er like entusiastiske same kva dei kjem over. I ei framsyning utan dialog tek dei oss med inn i gjenbrukens og mekanikkens verd der det meste kan nyttast, og til alt anna enn det var tiltenkt, og der ei høne, nokre egg, gamle motorar, pressluft, gassbrennarar og conveyorband kan by på både lun humor og store overraskingar.

Regissør Espen Dekko lar dei to ta seg god tid, og det er befriande å oppleve ei humoristisk oppsetjing som stoppar opp og dveler slik at vi kan nyte alle detaljane i staden for å haste vidare frå poeng til poeng. Framsyninga er ein hyllest til undringa og kreativiteten der inga oppgåve er for lita til å bli løyst omstendeleg og grundig. Dei to utfyller kvarandre godt, og jamvel om her ikkje er dialog, er kommunikasjonen mellom dei likevel tydeleg.

Med så mye mekanikk kan det meste gå gale, og gjer det også. Eller? Gilles Berger er ein luring som likar å lage uforklårleg magi. Denne gongen byr han også på lureri og overraskingar utan at eg skal røpe kva det er, men på premieren fekk han uventa hjelp som gjorde at det ei stund var uråd å vite kven som lurte kven. I mekanikkens fascinerande verd kan alt skje, og i denne poetiske framsyninga som passar for alle dei som framleis har barnets undring i seg, er det meste mogeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. september 2017.)

Vennskapets kunst

søndag, september 10th, 2017
TEATER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

«Kunst»
Turnéteatret i Trøndelag, Hovudscena
Av: Yasmina Reza
Omsett av: Christine Amadou
Regi og bearbeiding: Maren E. Bjørseth
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Musikk: Torgny Amdam
Med: Tore B. Granås, Terje Ranes og Hans Petter Nilsen

Små handlingar kan av og til verke meir provoserande enn ein skulle tru.

«Kunst» av den franske dramatikaren Yasmina Reza er ein uvanleg tett og intelligent tekst om kor lite som skal til for å setje gamalt vennskap på stor prøve. Frå det blei skrive i 1994 har det blitt sett opp over heile verda, og hausta stor fagnad og vunne mange prisar. Med utgangspunkt i fransk middelklassesnobberi er det eit humoristisk lite kammerspel som har langt fleire botnar enn den fysiske handlinga skulle tyde på.

I eit relativt lukka rom, minimalistisk utsyrt av Olav Myrtvedt, der alle aktørane er til stades heile tida, og der vi ved hjelp av lys- og lyddesign vekslar mellom dei ulike tablåa, får tre gamle kompisar sett vennskapet sitt på stor prøve av ei tilsynelatande liten og ubetydeleg handling. Simen (Terje Ranes) er hudlege, fråskilt, har både kulturell og økonomisk kapital og har omsider kjøpt eit måleri han i lang tid har hatt lyst på. Det er eit stort kvitt lerret med nokre nesten usynlege kvite striper på, og det kosta ein halv million. Forventningsfull som ein unge på julaftan vil han vise fram bildet til kameratane. Men Magnus (Tore B. Granås), ein langt meir nytteorientert ingeniør, let seg ikkje blende. Tvert om. Han kallar bildet noko drit, blir provosert over at hans beste venn har ein så stor personlegdomsbrest at han kan gjere noko så idiotisk, og så er vi i gong. Yngve (Hans Petter Nilsen), den tredje av vennane, opphaveleg ein speloppmakar, men i dag langt meir tragisk, er meir forsonande, og trass i at han sjølv har ein kunstsmak som tenderar mest mot elg i solnedgang, freistar han å sjå kvalitetar i bildet, og det verkar endå meir provoserande på Magnus.

Det som i utgangspunktet er ein diskusjon mellom tre ganske ulike mennesketypar om kunst, kvalitet og keisarens nye klede, tar etter kvart heilt av og blir ein eksistensiell prøve på vennskapen deira gjennom vondsinna åtak der alt gamalt slagg og usemje etter kvart kjem opp i dagen. Yasmina Reza har skrive ein tekst som bør vere gjenkjenneleg for dei fleste og med eit utal dramaturgiske vendingar som gjer at intensiteten blir halden oppe heile tida. At ho som kvinne har greidd å skildre mannleg vennskap og dialog så autentisk og ekte, er imponerande.

«Kunst» er først og fremst ein strålande tekst, og ein uvanleg god dialog, eit stykke som ikkje inviterer til dei store scenografiske eller regimessige grepa. Kor vellukka oppsetjingane blir, er for det meste avhengig av ensemblespelet til dei tre på scena. Olav Myrtvedt har vore tru mot dette konseptet og laga ein minimalistisk scenografi der det er openbert at dette er teater og ikkje røyndom, og saman med lysdesignen til Erik Brenne Torsethaugen og musikken til Torgny Amdam har han laga lett fattelege sceneskift utan å måtte ommøblere.

Jamvel om både tekst og tematikk er ganske ålmenn, er det ikkje til å kome frå at stykket er henta frå eit fransk middelklassemiljø. Regissør (og stjørdaling) Maren E. Bjørseth har gjort denne produksjonen noko meir inant med referansar til Trøndelag og lokale fenomen, samt nokre diskrete, men utsøkte metagrep. Det har vore gode val som gjer framsyninga langt meir tilpassa turneliv i nordfylket. Og med tre aktørar som alle får nytte sin uforfalska trønderdialekt, blir handlinga tettare på og meir autentisk enn det litt meir intellektuelle, franske titteskapet teksten kan invitere til. Og der finalen i tekstgrunnlaget blir eit lite antiklimaks med ein nesten moralistisk epilog, har Bjørseth laga ei poetisk og vakker avslutning som gir framsyninga ein ekstra dimensjon.

Dei tre på scena kosar seg tydeleg, er fortrulege med teksten og typane og leverer eit tett og solid kammer- og ensemblespel. Det er mye tekst, og ein verbal pingpong som set store krav til timing og presisjon, og alt dette fungerer til fulle. Og om eg skal få framheve noko i eit generelt velspela og godt framført stykke, må det vere monologane til Hans Petter Nilsen der han får synt at den tidlegare suksessen han hadde med monologane til Dario Fo ikkje var ei tilfeldigheit. Dei munnrappe einetalane hans var små konfektar som sette både kameratane og oss i salen heilt ut.

«Kunst» er den første eigenproduserte framsyninga til Turnéteatret i Trøndelag etter namneskiftet og opninga av nytt teaterhus. Oppsetjinga er ei gåve til publikum, og eit lovande frampeik om kva Turnéteatret kan bli for scenekunsten i det nye storfylket.

Leikent og kreativt

fredag, september 8th, 2017
TEATER

ALTER EGO: Aurora eller Don Quijote? Vivi Sunde gir liv til dei båe. FOTO: TINGH KOMMUNIKASJON AS

ALTER EGO: Aurora eller Don Quijote? Vivi Sunde gir liv til dei båe. FOTO: TINGH KOMMUNIKASJON AS

«Radio Don Quijote»
Teatret Vårt, Molde, Hovudscena
Av: Tormod Carlsen og ensemblet (fritt etter Cervantes)
Regi: Tormod Carlsen
Scenografi: Thomas Bjørnager
Med: Vivi Sunde, Bjørnar Lisether Teigen. Lars Melsæter Rydjord, Johanna Mørck, Sara Fellman og Hugo Mikal Skår

Ein oppfinnsam og humoristisk hyllest til litteraturen og «verdas beste roman».

I samband med Bjørnsonfestivalen i Molde set Teatret Vårt opp ein hyllest til romankunsten, fantasien og kjærleiken, ein artig og intelligent parafrase over Miguel de Cervantes’ «Don Quijote». I eit særs provisorisk studio har nokre entusiastar gjenopna FM-bandet med radiostasjonen «Kulturprogrammet dypdykk». Som publikum får vi utlevert hovudtelefonar og kvar vår FM-mottakar, vi set oss på bakscena og blir etter kvart vitne til ei radiosending av dei sjeldne. Programleiaren Aurora (Vivi Sunde) er ei kvinne som elskar litteraturen og fascinasjonen ved å skape seg indre bilde gjennom lesinga. Slik Don Quijote har forlese seg på riddarromanar, har Aurora nok forlese seg på Cervantes. Ho er ei idealistisk og litt naiv kvinne i godt vaksen alder, og saman med den langt meir jordnære og pragmatiske teknikaren hennar, Jan Tore (Bjørnar Lisether Teigen), blir ho etter kvart meir og meir ein moderne Don Quijote, medan han blir hennar væpnar, Sancho Pansa.

Dei to har sett seg føre å lage radioteater av den gamle romanen, og som dei moderne og liberale menneska dei er, har dei også med seg ei ungdomsavdeling (Lars Melsæter Rydjord og Johanna Mørck) som har ei langt meir rocka tilnærming til litteraturen. Dei er heller ikkje alltid dei representantar for ungdomen som den idealistiske Aurora ser for seg. Med ganske stor patos, enorm entusiasme og litt hjelpelaus amatørisme freistar Aurora å gjere Cervantes’ verk tilgjengeleg for lyttarane. Vi på vår side får ikkje berre høyre radiosendinga, men også sjå produksjon av lydkulisser og alt anna som skjer i og rundt eit studio der radioteateret på kaotisk vis blir avbrote av songinnslag, intervju og innringarar, og der etter kvart alt fell heilt frå kvarandre i Thomas Bjørnagers velfungerande scenografi.

Oppi det heile står Aurora fjellstøtt som ein Don Quijote med klokkartru på det edle prosjektet sitt. Det er blitt ei metaframsyning med uendeleg mange lag, der instruktør og ensemble har leika seg fram til eit utal komiske og gode tablå. Som ein lesar av romanen får både medynk og kjærleik til Don Quijote, får vi same haldning til den entusiastiske, men så hjelpelause Aurora i hennar kamp mot dagens vindmøller. Det skuldast i stor grad Vivi Sunde som på imponerande vis fyller denne rolla ned til minste detalj.

«Radio Don Quijote» er velspela, eksperimentelt og nyskapande, leikent og kreativt, og sjølv om dramaturgien tidvis haltar litt, og ein nok kunne ha vore litt meir kresen på kva som skulle med, er det blitt ei både underhaldande og intelligent framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 8. september 2017.)

Bak kulissane

mandag, september 4th, 2017
TEATER

NEI!: Ein fortvila instruktør med eit ensemble der alt går gale. FOTO: OLE EKKER Premiere på Hovedscenen 2. september 2017 Regi: Øyvind Osmo Eriksen / Øyvind Brandtzæg  Scenografi og kostymer: Katrin Bombe Lysdesign: Eivind Myren Medvirkende:  Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Karl-Vidar Lende, Ida Cecilie Klem, Kenneth Homstad / Øyvind Brandtzæg, Stine Fevik, Olve Løseth, Vetle Bergan / Ole Christian Gullvåg og Janne Kokkin

NEI, NEI, NEI!: Ein fortvila instruktør med eit ensemble der alt går gale. FOTO: OLE EKKER

«Panikk i kulissene»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Michael Frayn
Omsett av Svein Sturla Hungnes
Regi: Øyvind Osmo Eriksen og Øyvind Brandtzæg
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Karl-Vidar Lende, Ida Cecilie Klem, Kenneth Homstad, Stine Fevik, Olve Løseth, Vetle Bergan og Janne Kokkin.

Strålande og presist ensemblespel, men ingen god tekst.

 

Då den britiske dramatikaren Michael Frayn på 70-talet såg ein farse frå bakscena, fekk han ideen til å skrive om livet bak kulissane og alt som kan gå gale. Metakomedien «Noises Off» hadde urpremiere i 1982 og har hausta prisar og kritikarros. I helga var det premiere på «Panikk i kulissene» på Trøndelag Teater. Stykket må ikkje forvekslast med Riksteatrets «Kollaps i kulissene» sjølv om både tittel og tematikk liknar.

Gjennom tre akter blir vi vitne til eit lite teaterkompanis freistnad på å setje opp ein komedie. Det tar til med generalprøve natta før premieren, og vi får sjå ein regissør utan kontroll, og eit ensemble med drikkfeldige aktørar og problem med å hugse tekst, og der intrigar, sjalusi og indre motseiingar er langt heftigare enn i den oppsettinga dei skal framføre. Ein komedie om ein komedie, og ei historie der alt ikkje berre kan gå gale, men faktisk gjer det. I andre akt er vi på bakscena under premieren, og i epilogen i tredje akt får vi sjå at stykket tre månader seinare slett ikkje har gått seg til, – tvert om.

Oppsettinga er sjølvsagt full av situasjonskomikk, og for teaterfolk er nok det meste ganske kjend stoff sjølv om det til vanleg heldigvis ikkje oppstår så mange problem på ein gong. Men humor er ei alvorleg sak, og ikkje alltid lett å få til. For denne typen komedie handlar det særs mye om timing der folk går ut og inn av dører i eit forrykande tempo. Alt dette meistrar ensemblet til fulle. Men trass i den internasjonale suksessen «Noises Off» har hatt, er det ikkje nokon spesielt god tekst, og det blir tydeleg i denne framsyninga. Det er så openbert at alle dei kleine og komiske situasjonane er konstruerte at dei mistar spontanitet og dermed overraskinga og den siste ekstra brodden.

Når dette likevel tidvis blir ganske underhaldande, er det fordi det er eit strålande og imponerande presist ensemblespel i alle ledd. Det er krevjande roller, høgt tempo, presise skift og framifrå spel. Etter ei litt langdryg første akt, tar det meir av, og det var særleg underhaldande då vi i andre akt fekk oppleve framsyninga frå den kaotiske bakscena. Her var det også tilløp til nydeleg koreografert slapstickhumor som vi gjerne kunne ha sett meir av.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. september 2017)