Archive for august, 2017

Å gi seg på topp

tirsdag, august 1st, 2017

TEATER

GI SEG PÅ TOPP: Hora frå Kvam tar det litt for bokstaveleg at ein bør gi seg på topp. FOTO: AMUND GRIMSTAD

GI SEG PÅ TOPP: Hora frå Kvam tar det litt for bokstaveleg at ein bør gi seg på topp. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Slaget på Testiklestad»
Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg
Av Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist/musikalsk ansvarleg: Kyrre Havdal
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Kristine Welde Tranås, Karl Vidar Lende, Ole Christian Gullvåg, Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Jon Lockert Rohde, Per-Theodor Paulsen, Martha Standal, Ida Göransson, Josefine Frida Pettersen, Arnulf Haga m. fl.

 

Etter fire sesongar med ein parodi som er langt betre enn originalane, gir entusiastane bak produksjonen seg. Og på line med mye av tematikk og innhald denne gongen, gir dei seg verkeleg på topp. For bakom lurar døden.

For tre år sia sette fire galne folk, Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth, saman med eit femtitals entusiastiske skodespelarar i ei god blanding av proffe og amatørar, opp eit halsbrekkande prosjekt på Sverresborg i Trondheim. Midt i tjukkaste spel-land, og også midt i spelsesongen i starten av august, utfordra dei heile speltradisjonen ved å  presentere ein ellevill harselas over temaet. Det kunne ha blitt totalt havari, men  lukkast på grunn av uvanleg god og intelligent tekst, uhøgtideleg og sjølvironisk humor, til tider så vulgær at det halve kunne vere nok, men likevel gjort med ei slik fingertippkjensle at sjølv dei mest pripne blant oss måtte gi seg over. Flott musikk, gode songtekstar, og ein dramaturgi der du ikkje får mye høve til å ta deg inn mellom kvar latterkule og eit utal overraskande vendingar.

Normalt, og spesielt fordi dette var ein parodi på heile spelkulturen der ein set opp det same år etter år, burde dei ha gitt seg med den eine produksjonen i 2014. Men med fare for at dei etter kvart kunne bli ein parodi på parodien, heldt dei fram. Og dei har lukkast. Det skuldast i hovudsak at dei fire bakmennene aldri har kvild på laurbæra, men laga nye produksjonar kvart år. Rammeverket er det same. Kong Sverre er lyst i bann av paven, har sett seg lei på heile kristendomen og har difor sett seg føre å avkristne landet. Det endelege slaget må sjølvsagt stå på historisk grunn på Stiklestad, og på vegen «Te Stiklestad» kjem han til garden Ful, nabogarden til Innful, der gardsfolket freistar å stoppe kongen. Men ein veit aldri kven andre som kjem til gards, og i alle dei nyskrivne og dagsaktuelle sakene som blir skrivne inn i handlinga, ligg mye av årsaka til at suksessen har vore formidabel og publikumstilstrøyminga utan grenser.

Som i tidlegare meldingar skal eg ikkje trøytte lesarane med meir omfattande resymé, men i staden lenke til meldinga av den første oppsettinga i 2014 http://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/, den andre i 2015 http://amund.info/2015/08/slaget-pa-testiklestad2/, og den tredje i 2016 http://amund.info/2016/08/slaget-pa-testiklestad3/. Det eg har skrive i desse tre meldingane står seg framleis. Her skal eg i staden seie litt om kva som er nytt i år.

Det er alltid spennande kven som er suffløren, og denne gongen er det Christian Ruud Kallum som ikkje står attende for dei tidlegare med omsyn til sjølvhevding og manglande forståing for kva han held på med. I programmet fortel dei at alle spel må bli meir heidensk med åra, og inviterer til noko meir dunkelt og dystert når det dreg seg til finale. Og i dette ligg også dei største endringane. Oppi all den lausslopne og hysterisk morosame humoren har dei denne gongen invitert inn både skamkjensla og døden, personifisert med Hora frå Kvam (eller Noora frå Skam om du vil) spela av Josefine Frida Pettersen og Døden sjølv spela av den alltid like opplagte Karl-Vidar Lende. Ettersom dette er metateater på eit nivå andre teater berre kan drøyme om, er det uråd å vite om det er Hora, Noora eller Josefine vi møter, og når ho, kven ho nå måtte vere, vil gi seg på topp, og gjer det på eit vis Døden berre kan applaudere, får vi midt oppi all humoren inn ein undertekst og ein dimensjon som blir sjølvforklarande for dei som vil sjå litt alvor bak alt det lausslopne. Det er dyktig gjort, og syner at bak all den elleville humoren og ablegøyene ligg det ei djupne og kanskje eit teaterpolitisk credo.

Sommaren har gitt oss ein agurkdebatt om spelkulturen og den kunstnarlege kvaliteten på nokre av spela. Teatervitaren og kritikaren Julie Rongved Amundsen held på med ein grundig kritisk  gjennomgang av spelkulturen, og har i eit par medieoppslag ytra at det er mye som er pompøst og sjølvhøgtideleg i ein del av spela. For den som har sett ein god del spel, er ikkje denne utsegna særleg kontroversiell. Amundsen har også sagt mye anna, men i agurkdebattar vil ein gjerne dyrke konfliktane, og slik har det vore i sommar. Dette er sjølvsagt midt i blinken for denne produksjonen, og både tittelen på framsyninga, og mye av innhaldet er jo ein harselas både med «Spelet om heilag Olav» og ikkje minst Arnulf Haga som for mange står som ein av dei fremste museumsvaktarane av speltradisjonen generelt, og Stiklestadspelet spesielt. Bytingen, eller utburden som han blir kalla på Stiklestad, får på Sverresborg namnet Barnulf Haga, og i ein av dei vakraste songane i oppsettinga der Tyra Trillrunddotter (Mari Hauge Einbu) syng om sonen som blei sett ut, dansar ungane med masker med andletet til Arnulf Haga. Slik sett var det eit scoop at produksjonen i år fekk nettopp Arnulf Haga til å spele seg sjølv som den verkelege kongen i strid med både kong Sverre og innhaldet i oppsettinga. Særs sporty av Haga var det også å stille opp, men akkurat denne seansen kunne dei nok ha gjort meir ut av.

Eg har tidlegare skrive at så lenge forfattarane er like flinke til å vere tidsaktuelle, er det mogeleg å halde på i det uendelege. Det tener dei likevel til ære at dei, i ein tydeleg, men venleg kritikk av speltradisjonen, gir seg på topp. Men om det ikkje blir fleire Testiklestadslag, vil eg tru at dei fire bak produksjonen har mye anna i ermet. Det er tusenvis av blodfans der ute som vil ha meir. Det må ikkje vere Testiklestad, og det må ikkje vere spel. Det held lenge at det er godt, folkeleg kvalitetsteater, og med desse fire produksjonane har Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth. synt at det er akkurat det dei er i stand til.