Archive for november, 2016

Skuld og lojalitet

fredag, november 25th, 2016

TEATER

LATTERFNATTEN: I snøhola møter Sigurd mellom andre ei som kan hjelpe han med å sjå humoristisk på det meste. FOTO: ESPEN STORHAUG

LATTERFNATTEN: I snøhola møter Sigurd mellom andre ei som kan hjelpe han med å sjå humoristisk på det meste. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Snøhula»
Nord-Trøndelag Teater, Namsos Kulturhus
Av: Rasmus Rohde og Ane Aass
Musikk: Rasmus Rohde
Regi: Ane Aass
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Med: Kristoffer Hjulstad, Siri Gjære, Silje Lindberg og Tore B. Granås

Kva skjer når ein sjuåring for første gong må feire jul saman med berre ein av foreldra?

Lenge har norsk barneteater vore prega av ein ide om at det skal vere god moral og lukkeleg slutt, og ei fornekting av den røyndomen mange ungar opplever. Men noko er i ferd med å endrast. Denne månaden har Teater Innlandet spela ei oppsetjing av Robin Hood som handlar om maktovergrep og mishandling. Og måndag hadde Nord-Trøndelag Teater urpremiere på «Snøhula» av Ane Aass og Rasmus Rohde, ei dramatisering av kva som skjer når mor og far går frå kvarandre og sjuåringen ikkje lenger får feire jul med dei båe. Gradvis er den verkelege verda og sosialrealismen på veg inn i barneteateret, og når det blir gjort så dyktig som i desse to produksjonane, er det berre å helse fenomenet velkomen

Halvparten av norske ekteskap går i oppløysing, og å feire jul saman med berre ein av foreldra er røyndomen for store delar av barna i Norge. Slik er det for sju år gamle Sigurd (Kristoffer Hjulstad) som saman med storesystera Selma (Silje Lindberg) er på forskotsjulefeiring hjå faren (Tore B. Granås) før dei skal attende til julekveld med mora (Siri Gjære) og hennar familie. Dette skjer etter at foreldra med ein eufemisme har fortalt ungane at dei må ha ein «pause». Barna lurer sjølvsagt på kor lang ein pause er, før dei forstår at han er permanent. Så kjem dei vanlege reaksjonane som at Sigurd får skuldkjensle for skilsmålet, og at han slit med lojaliteten til båe foreldra. Dette er skildra med stor innsikt, og er lett å kjenne seg att i for dei fleste

Det teateret byr på, er med andre ord kjend stoff for temmeleg mange ungar. Men sjølv om dette er vanskeleg, vondt og ganske sårt, gjer Aass og Rohde det så varmt og poetisk, ja nesten litt humoristisk, at det blir ei framsyning til verkeleg å bli glad i. Sigurd vil sjølvsagt feire jul med båe foreldra, og søker tilflukt i ei snøhole han har laga. Gjermund Andresen har skapt eit vakkert og enkelt vinterlandskap laga av kvite klede som ein kan skyfle til sides, kaste snøball med, og ikkje minst lage snøhole av. I denne litt magiske snøhola møter Sigurd representantar for latter, tårer og sinne, og dei hjelper han til å sortere tankane. Opphaldet i hola representerer på mange vis vendepunktet for Sigurd, og dette kunne nok teateret ha dvela litt meir med, og også gitt dei tre kjenslerepresentantane, særleg «Tårepersa», noko meir rom. Men dette er bagatellar i elles nydeleg oppsetjing

Korleis det vidare går med Sigurd og den vesle familien hans, skal eg halde meg frå å fortelje, men trass i ein vanskeleg og vond tematikk utan mange lukkelege utgangar, er dette likevel blitt ei familieframsyning som kan setje deg i julestemning. Det skuldast for det første den fine vekslinga mellom det alvorlege og det barnlege leikne. Og så er det ikkje utan grunn at Rasmus Rohde har fått to spelemannsprisar for beste barneplate. Til «Snøhula» har han skrive og komponert ei rekkje vakre songar som ensemblet framfører med uvanleg god harmonisering, og slikt blir det stemning av

«Snøhula» skal nå turnere i båe Trøndelagsfylka, og blir vist i Trondheim rett før og etter jul.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 25. november 2016.)

 

Ikkje Guds son likevel

mandag, november 21st, 2016

TEATER

FEIL: Gud er faren, men barnet er likevel ikkje Guds son! FOTO: MARCO VILLABRILLE

FEIL: Gud er faren, men barnet er likevel ikkje Guds son! FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Juleevangeliet –
The Smash Hit Musical»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist og musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones Scenografi og kostyme: Olve Løseth
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Henriette Marø, Gunnar Eiriksson, Karl-Vidar Lende, Ingrid Bergstrøm, Ida Göranson, Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Jonas Fugevik Orstad, Jan Frostad og Ida Cecilie Klem

Mange hemningslause tilløp til humoristisk og absurd vri på juleevangeliet, men omfanget er også diverre alt for hemningslaust.

For tre år sia laga skodespelarane Mads Bones og Olve Løseth, komponisten Kyrre Havdal og dramaturgen Matilde Holdhus ein ekstremt surrealistisk parafrase over E.T.A. Hoffmanns kjende juleforteljing «Nøtteknekkeren». Året etter sette Bones, Løseth og Havdal opp «Slaget på Testiklestad» på Sverresborg Folkemuseum, eit absurd skråblikk på ferietidas spelfenomen, så dyktig og artig laga at alle spel etter dette står i fare for å bli bleike parodiar på seg sjølv. I haust har dei tre kreative bakmennene kasta skråblikket sitt på juleevangeliet. Berre fire evangelistar har fått plass i Bibelen, men historia veit å fortelje om fleire. Nå er det funne nok eit ukjend evangelium som i litt større grad enn Lukas, problematiserer spørsmålet om jomfrufødsel

Josef (Gunnar Eiriksson) og Maria (Henriette Marø) har nettopp forlova seg, samstundes med at Maria blir gjort gravid av Gud. Stykket opnar som ein forviklingskomedie av beste sort når Maria skal freiste å forklåre Josef kva som har skjedd. Og når ho endeleg har fått sagt det, står ho gråtande fram og fortel at ho ikkje hadde noka skuld og skal stå rakrygga i dette, nesten ordrett som Therese Johaugs pressekonferanse frå tidlegare i haust. Seansen var så dyktig laga, og så velspela at denne ouverturen ga oss von om ei fortsetjing som framsyninga diverre ikkje greidde å leve opp til

Med mye treffsikker humor, ei blanding av gamle populærmusikalske referansar og god nyskriven musikk, med store velkoreograferte songopptrinn, masse sjølvironisk metateater der inspisienten fekk ei uvanleg stor rolle, og med besøk av alt frå Märthas engleskole via «byrdene på marken» til eit utal andre, er for så vidt underhaldninga sikra. Og forviklingane held fram når Maria etter fødselen også får eit enormt forklaringsproblem for Gud. Med bakgrunn i originalhistoria, men med ei mengd nye vriar, er det duka for ei rekkje absurde situasjonar. Særleg er det dramaturgiske grepet med å nytte Märtha som både heste-, engle- og kongespesialist genialt. Men sjølv om kreativiteten er nesten grenselaus, er problemet at forfattarane har så alt for mye på hjarta og ikkje greier å avgrense seg. Der første akt stort sett er stram og god, renn andre akta ut i ei vareoppteljing meir enn god dramaturgi og blir i stor grad eit antiklimaks

Det er synd, for med ei kraftig innstramming, samt kanskje også eit eksternt regiblikk, har denne produksjonen i seg dei fleste elementa som skal til for å lage god religiøs satire.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2016.)

 

Kjønn og identitet

mandag, november 14th, 2016

TEATER

FAVORITT: Den unge Orlando blir adla av Elisabeth I før han som trettiåring meir enn seksti år seinare vaknar som kvinne. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

FAVORITT: Den unge Orlando blir adla av Elisabeth I før han som trettiåring meir enn seksti år seinare vaknar som kvinne. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Orlando»
Rogaland Teater, hovudscena
Av: Virginia Woolf
Omsett av Merete Alfsen
Dramatisert av Sigrid Strøm Reibo og Njål Helge Mjøs
Regi: Sigrid Strøm Reibo
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Videodesign: Boya Bøckman
Musikk: Simon Revholt
Koreografi: Oleg Glusjkov
Med: Nina Ellen Ødegård, Even Stormoen, Anders Dale, Øystein Martinsen og Kamilla Grønli Hartvig

Ei leiken og sjølvironisk framstilling av kjønn og identitet mot eit bakteppe av mange hundreårs kulturhistorie.

 

Virginia Woolfes roman frå 1928 om adelsmannen Orlando er tidlegare blitt både film, teater og opera. Nå har regissør Sigrid Strøm Reibo og dramaturg Njål Helge Mjøs laga ei heilt ny dramatisering for Rogaland Teater. Det er blitt ei leiken, uhøgtideleg, velspela og særs underhaldande framsyning som både tar vare på originalteksten og utviklar han vidare

Orlando (Nina Ellen Ødegård) er ein ung og sjarmerande engelskmann som blir ein av favorittane til Dronning Elisabeth I og adla. Han har diktarambisjonar, og vi følgjer han gjennom forelskingar, reiser og eit ikkje spesielt vellukka forfattarskap. Det litt spesielle ved Orlando er at han knapt eldast, og på slutten av 1600-talet, medan han sjølv berre er blitt tretti år, vaknar han ein dag som kvinne. Deretter følgjer vi Lady Orlando gjennom skiftande regime, moral og kulturar fram til i dag

Virginia Woolfs roman er i utgangspunktet ei historie om kjønn, identitet og seksualitet, og når Orlando heilt saumlaust går frå å vere mann til å bli kvinne, er det både fordi han heile tida framstår ganske androgyn, men også fordi kjønn blir sett meir på som kultur enn som biologi. Ettersom han som mann er vand med å ha kvinnelege kjærastar, held ho delvis fram med det også som kvinne, og fordi ho som tidlegare mann kjenner konvensjonane, går metamorfosen ganske smertefritt. Mantraet er at Orlando er den same heile tida, det er dei ytre forholda som  er forskjellige

Framsyninga er bygd opp som ein kronologisk biografi der Orlandos liv blir sett i relieff mot fleire hundreårs ulike kulturar, og der skodespelarane både spelar og kommenterer. Det er i seg sjølv ei spennande historie, men det som gjer denne produksjonen særleg vellukka, er den leikne og fullstendig uhøgtidelege haldninga han har til seg sjølv. Olav Myrtvedts sceneløysing er ei herleg blanding av tradisjonell scenografi og open rigg, noko som synleggjer det omskiftelege og som samstundes gir rom for dei mange illustrerande videoprojeksjonane til Boya Bøckman. Trygve Stakkeland sit synleg på scena som musikar og DJ og understrekar handlinga med alt frå klassisk til nyskriven musikk, og velkoreograferte danseinnslag med Erlend Auestad Danielsen og Cassandra Loo visualiserer handlinga på ei poetisk og uttrykksfull måte. På toppen av det heile får vi eit strålande ensemblespel solid leia av Nina Ellen Ødegård og godt følgd av mellom andre Øystein Martinsen som fleirkjønna friarar og Even Stormoen som dei mange ulike regentane. Ein velspela og uhøgtideleg leik med konvensjonar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. november 2016.)