Archive for september, 2016

Ufordrageleg sjarmtroll

mandag, september 19th, 2016

TEATER

BARNEVAKT: Scena der barnevakta Frøken Boch freistar å få kontroll er situasjonskomikk på sitt beste. FOTO: OLE EKKER

BARNEVAKT: Scena der barnevakta Frøken Boch freistar å få kontroll er situasjonskomikk på sitt beste. FOTO: OLE EKKER

«Karlsson på taket»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Astrid Lindgren
Dramatisert av: Staffan Götestam og Anders Berglund
Musikk: Georg Riedel
Omsett av: Vera Krohn Svaleng
Regi: Ivar Tindberg
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Med: Marianne Meløy, Olve Løseth, Ingrid Bergstrøm, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Hans Petter Nilsen, Karl-Vidar Lende, Ole Christian Gullvåg og Siri Schnell Juvik

«Karlsson på taket» er henta fram frå gløymselen, og slik han blir presentert på Trøndelag Teater, var det på tide.

Lillebror er snart åtte, bur saman med mora og to eldre søsken, og har eit altomfemnande ynskje om ein hund. Det får han ikkje, og alle andre, og særleg dei vaksne, blir då sjølvsagt veldig dumme. Ingen er så einsam som Lillebror. Før det med eitt flyg inn ein passe tjukk mann i sin beste alder, ein fyr med propell på ryggen og ved namn Karlsson. Ved sida av tidvis å vere ganske ufordrageleg, syner han seg også å vere verdas beste venn og ein artig skrue det blir mye gøy med. Astrid Lindgren skreiv fire bøker om Karlsson mellom 1955 og 1972. Sjølv er eg så gamal at det er Pippi, Mio og Karlsson som var min barndoms møte med Lindgrens univers, men seinare har Emil, Brørne Løvehjarte, Ronja og fleire andre overtatt hegemoniet, og Karlsson er ikkje lenger blant dei mest populære. Ei av filmatiseringane har nok også gjort sitt, for i den var han så usympatisk at han gjekk tapt for nesten ein heil generasjon.

Nå har Trøndelag Teater fått han ned att frå taket, og for meg og alle andre som har vore barn og hugsar korleis det var, er han i Marianne Meløys tolking blitt berre litt ufordrageleg, men mest av alt eit kjempestort sjarmtroll. Lillebror (Olve Løseth) er nok noko skeptisk til den ganske sjølvopptekne og framfusne Karlsson, men blir fort venn med han. Verre er det at ingen trur han når han fortel om Karlsson, og i denne frustrasjonen ligg mye av kjernen og alvoret i den elles særs så humoristiske handlinga. – Vi veit det jo, for vi har jo sjølve sett det, men så er det ingen som trur oss! Ein treng ikkje hugse barndomen for å ha hatt slike opplevingar.

I Ivar Tindbergs tette sitkom-regi og Gjermund Andresens effektfulle femtitalsscenografi med fin bruk av dreiescena blir vi raskt dregne inn i det heilt realistiske eventyruniverset til Lillebror og Karlsson. Løseth og Meløy er overtydande, og vi har ikkje vanskar med å tru på dei og fortvilinga ved sjølve ikkje å bli trudd. Båe har store komiske talent dei spelar godt på. I første akt er ein del av situasjonskomikken litt anstrengt og uforløyst, men det tar heilt av etter pause når barnevakta, Frøken Bock, (Karl-Vidar Lende) entrar scena og timinga blir perfekt. Då blir det hysterisk morosamt. «Karlsson på taket» er ei fornøyeleg og passe alvorleg framsyning for alle som er, eller har vore barn.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 19. september 2016.)

Livet i retrospekt

mandag, september 5th, 2016

TEATER

LAG PÅ LAG: Ei avdekking av menneskesinnet bokstaveleg talt lag på lag. FOTO: OLE EKKER

LAG PÅ LAG: Ei avdekking av menneskesinnet bokstaveleg talt lag på lag. FOTO: OLE EKKER

«Begynnelser»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Carl Frode Tiller, Motorpsycho og De Utvalgte
Manus: Carl Frode Tiller
Regi: Kari Holtan
Musikk: Motorpsycho
Scenografi og videodesign: Boya Bøckman
Lysdesign: Tommy Geving
Med: Kenneth Homstad, Hildegunn Eggen, Janne Kokkin, Henriette Marø, Torbjørn Davidsen og Ask Aune Wold/Iver Heie Schive

Ei uvanleg sterk og sanseleg teateroppleving.

Trøndelag Teater har sett saman eit kunstnarmøte av det heilt sjeldne når dei har fått Carl Frode Tiller til å skrive manus, teaterkompaniet De Utvalgte til å stå for regi, scenografi og videodesign, rockebandet Motorpsycho til å komponere og framføre musikken, medan teateret sjølv held scene og dei fleste av skodespelarane. Og nærast for å understreke alle kontrastane, vel dei å setje dette ganske eksperimentelle stykket opp blant plysjen og gulldekorasjonane på Gamle Scene. Resultatet er blitt ei sterk og uvanleg sanseleg framsyning.

«Begynnelser» tar til med slutten der vi via ein intens og levande video blir vitne til at hovudpersonen Terje (Kenneth Homstad) køyrer seg i hel. Det er ein ouverture der lag på lag med videoprojeksjonar på semitransparente draperi saman med mektig og nærast suggererande musikk frå Motorpsycho tar oss gjennom opptakt og dødsaugneblink, ein brøkdel av eit sekund der Terjes liv passerer revy. Gjennom denne omfangsrike og ganske lange innleiinga der video og musikk bokstaveleg set tonen, blir vi etter kvart ført inn på scena der mora (Hildegunn Eggen) og systera Anita (Janne Kokkin) våkar over Terje, og trass i alvoret og sorga ikkje greier å fri seg frå triviell krangel og verbale finter. Framsyninga er Terjes liv i retrospekt gjennom arbeid, ekteskap, barndom og tilhøvet til skule og foreldre. Og mye anna. Det er presentert i ei saumlaus blanding av realisme og surrealisme. Vi blir vitne til ei rekkje tablå, og val Terje har gjort, ikkje som ei forteljing, men som små skisser av heilt daglegdags kvardagsliv som saman med alle sanseinntrykka etter kvart gir oss eit ganske utfyllande bilde.

Tillers manus er vidareutvikla og jobba fram gjennom prøvetida, og slik er det også med musikken. Motorpsycho (Bent Sæther, Hans Magnus Ryan og Pål Brekkås/Tos Nieuwenhiuzen) står sjølve på scena og har lova at ikkje to av dei 38 framsyningane skal bli like. For musikarane er det nok litt uvand å berre vere illustrerande og kommenterande, men dei kjem særs bra frå oppgåva, og bidreg vesentleg til det gode resultatet.

Carl Frode Tiller har gjennom forfattarskapen synt stor innsikt i menneskesinnet, om alt vi gjer som vi eigentleg ikkje vil, og om daglegdags mangel på kommunikasjon. «Eg vil ikkje vere sånn,» seier mora, samstundes som ho heile tida søker mot nettopp å «vere sånn». Det er ein ganske dystopisk liten familie vi møter, men likevel ikkje så langt frå det vi alle har erfart i våre eigne liv. Tiller er ein ekspert på det litt triste, men balanserer presentasjonen gjennom mye subtil humor.

De Utvalgte er eit scenekunstkompani som stadig går nye vegar, og som har utmerka seg med å kombinere mange ulike kunst- og uttrykksformer. I denne produksjonen syner dei verkeleg kva dei er gode for både med omsyn til regi, scenografi og videodesign. Gjennom Kari Holtans litt stiliserte regi og Boya Bøckmans scenografi og eineståande videoprojeksjonar greier dei å sy heilt ulike kunstnarlege uttrykk saman til ein imponerande einskap. Saman med det suggererande lydbildet til Motorpsycho og framifrå spel av fire av Trøndelag Teaters beste skodespelarar, har dei greidd å gå inn i og visualisere dei inste kjenslene i Carl Frode Tillers heilt vanlege personar. Det kan tidvis vere litt dvelande, og med kraftig musikk var det ikkje alltid like lett å høyre kva skodespelarane sa. Men det er ikkje så viktig, for dette er først og fremst ei sanseleg teateroppleving der det berre er å lene seg attende og bli med inn i Tillers mange menneskesinn.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. september 2016.)