Archive for mai, 2016

Hedda i fleire lag

mandag, mai 30th, 2016

TEATER

JANUSANDLET: Den sjølvsikre Hedda brenn opp Eilert Løvborgs manus, medan undermedvitet hennar ikkje er like viss. FOTO: GT NERGAARD

JANUSANDLET: Den sjølvsikre Hedda brenn opp Eilert Løvborgs manus, medan undermedvitet hennar ikkje er like viss. FOTO: GT NERGAARD

«Hedda Gabler»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi, kostyme og videodesign: Bård Lie Thorbjørnsen
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Stine Fevik, Christian Ruud Kallum, Endre Hellestveit, Silje Storstein og Andreas Stoltenberg Granerud

Kjersti Haugen tek oss saumlaust frå Henrik Ibsen til Milan Kundera gjennom denne produksjonen av «Hedda Gabler».

 

Regissør Kjersti Haugen, som ved fleire tidlegare høve har synt seg som ein dyktig Ibsentolkar, har i denne oppsetjinga av «Hedda Gabler» gått relativt drastisk til verks både med omsyn til tidskoloritt, omfang og ikkje minst tematikk. Reinskore og strippa for alt utanomsnakk har ho i forbausande grad greidd å nå inn til kjernen og kva som til slutt fører til at Hedda i rein desperasjon fell for eige grep medan ho freistar å leve seg gjennom den uuthaldelege keisemda i tilværet.

Hedda (Stine Fevik), i eitt og alt vand med å få det akkurat som ho vil, har nyleg inngått eit fornuftsekteskap med den relativt middelmåtige Jørgen Tesman (Christian Ruud Kallum), eit val ho ganske raskt forstår var fundamentalt feil. Ho er kei av det meste, og trur livet er eit spel og eit tidsfordriv der ho kan handtere andre menneske som marionettar ho kynisk kan setje opp mot kvarandre. Husvennen Assessor Brack (Andreas Stoltenberg Granerud) og den turrlagde og litt mystiske Eilert Løvborg (Endre Hellestveit) representerer båe løyndomar ho leikar seg med bak mannens rygg, og den naive og uskuldsreine Thea Elvsted (Silje Storstein) blir fort eit offer for Heddas løgner. Slik kan ein forstå Hedda Gabler som ei livstrøytt overklassekvinne, ein intrigant som fordriv tida med å øydeleggje for menneska rundt seg, før ho til slutt mister kontrollen og tek sitt eige liv.

Men det er ikkje så eintydig i Kjersti Haugens tolking. I «Hedda Gabler» tek Ibsen opp undermedvitet lenge før dette var ein psykologisk term, og utan at det så ofte kjem tydeleg fram på scena. Gjennom eit tett og særs godt samarbeid med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen og lysdesignar Eivind Myren, greier Haugen i denne produksjonen å presentere Heddas ytre sjølvsikre skal slik ho framstår på scena, og samstundes undermedvitet, hennar tankar og tvil gjennom videoprojeksjonar i bakgrunnen. På det viset får Thorbjørnsen og Haugen synt oss ei langt meir mangefasettert Hedda. Tolkinga av «Hedda Gabler» er frå Ibsens hand relativt ope, og ettersom presentasjonen av undermedvitet hennar heller ikkje gir spesielt eintydige svar, blir situasjonen i denne produksjonen endå meir ope, og av den grunn langt meir interessant. Gjennom samspelet med scenografi, video og lys blir det for det første ein særs visuell oppsetjing, men også ei framsyning som verkeleg kan gi mat til tanke og refleksjon.

Stine Fevik er overtydande i rolla som Hedda der vi kan følgje henne frå den sjølvsikre intriganten til ho forsvinn inn i desperasjonen. Ho har fått eit utal strengar å spele på, og gjer det til fulle. Med dei fire andre er det færre nyansar, og alt for lite utvikling. Når vi til dømes får vite at Eilert Løvborg har skote seg og høgst truleg vil døy, går det knapt inn på dei, og det er business as usual før nokon rekk å sørgje. Det er sjølvsagt mogeleg at dette er eit medvite regigrep frå Haugens side for å syne at her er alle marionettar og statistar i Heddas livstrøytte spel, men i så fall fungerer det ikkje heilt.

«Hedda Gabler» på Trøndelag Teater er i større grad enn vanleg ei reise inn i menneskesinnets irrgangar, og er ei oppsetjing som gjennom det visuelle og den særeigne scenografien, opnar for eit utal nye tolkingar

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. mai 2016)