Archive for mars, 2016

Farleg kunnskap?

tirsdag, mars 15th, 2016

TEATER

LOOKALIKES: Er dette Einstein, eller berre ein som latar som? FOTO: ESPEN STORHAUG

LOOKALIKES: Er dette Einstein, eller berre ein som latar som? FOTO: ESPEN STORHAUG

«Fysikerne»
Nord-Trøndelag Teater, Verdal
Av: Friedrich Dürrenmatt
Regi: Arvid Ones
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Ole Christian Gullvåg, Lars Jacobsen, Daniel Karlsson, Jorunn Kjellsby, Tore B. Granås og Siri Schnell Juvik

Ein overspela komedie med sterke politiske undertonar, men som brukar alt for lang tid på å kome til poenga.

 

Då den tysk-sveitsiske dramatikaren Friedrich Dürrenmatt skreiv «Fysikerne» i 1962, var det med Cubakrise, kald krig og atomtrugsmål som bakteppe. Stykket er ein absurd komedie med særs alvorlege undertonar om moralske imperativ, og om vitskapens, og spesielt fysikaranes, ansvar for bomba og menneskas framtid. Sjølv om vi kanskje er på veg inn att i ein kald krig, og atomtrusselen framleis er til stades, har nok mye av tematikken likevel gått frå denne komedien på dryge femti år, i alle fall slik han blir presentert på Nord-Trøndelag Teater.

Vi er på ein privat psykiatrisk institusjon oppe i den sveitsiske fjellheimen der tre fysikarar er innlagde, Möbius som har direkte kontakt med Kong Salomo, ein som påstår han er Albert Einstein, og ein som hevdar å vere Sir Isac Newton, men som vedgår at han i røynda er Einstein. I denne institusjonen, leia av ein tilsvarande gal psykiater, blir pleiarane myrda ein etter ein, og stykket tar til som ein litt absurd kriminalkomedie. Det er uråd å vite kven som er kven, og kven som er gal og ikkje, og plottet er ganske kaotisk. Det er vanskeleg å forstå kva dette dreier seg om og framføringa er i tillegg temmeleg overspela.

I andre akt syner det seg at ikkje noko er som vi trur, og at dette i realiteten dreier seg om fysikarar som sjølve forstår at dei kan vere livsfarlege menneske med den kunnskapen dei har, og at det difor er tryggast å gå i friviljug eksil, eller asyl. Med andre ord at det er kunnskapen som er farleg, og ikkje bruken av han.

Gjermund Andresen har laga ein velfungerande scenografi som gir rikeleg høve til dei mange sceneskifta. Men regien til Arvid Ones er ikkje like vellukka. Framsyninga brukar alt for lang tid på å kome til poenga, og på vegen dit er ho skjemma av for mye overspel sjølv om Ole Christian Gullvåg er ganske overtydande som Möbius. Oppsettinga er heller ikkje spesielt humoristisk. Ein komedie skal vel vere artig sjølv om han har dystre undertonar?

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 15. mars 2016.)

Undring og fantasi

mandag, mars 14th, 2016

TEATER

FLYG: Klara (Hilde Stensland) tar oss med på ei reise i undring, fantasi og litt redsle. FOTO: TINA DITLEFSEN, NORDLAND TEATER

FLYG: Klara (Hilde Stensland) tar oss med på ei reise i undring, fantasi og litt redsle. FOTO: TINA DITLEFSEN, NORDLAND TEATER

«Kant»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Agneta Elers-Jarleman, basert på Jon Fosses roman
Regi og bearbeiding: Ingvild Marie Lien
Scenografi, lysdesign, video og kostyme: Anastasia Isachsen
Musikk: Gunnar Edander, Sissel Brean Hovind og Frode Fridtjofsen
Med: Hilde Stensland og Brage Bang

Ei vakker og poetisk reise inn i eit undringas landskap.

 

Aldri er vi meir grunnleggjande filosofiske enn som barn. Vi undrar oss, stiller vanskelege og eksistensielle spørsmål, og lar fantasien råde. Slik er det også med Klara (Hilde Stensland). Ho er sju år, bur saman med faren, medan den kreftsjuke mora er på sjukehuset for truleg aldri å kome heimatt. Klara skal leggje seg, men er redd for kjemper, og for at ho sjølv kanskje berre er ein draum i hovudet til kjempa. Samstundes har ho høyrt at verdsrommet er uendeleg, og undrar seg over at universet er slik når alle andre kjente former, som senga og bordet har ein ende, eller ein kant. I naborommet sit faren (Brage Bang) og les filosofiske tekstar av nettopp Kant. Rundt dette vesle ordspelet har Fosse og Elers-Jarleman laga ei lita filosofisk undringsreise, poetisk og særs vakkert framført. Målgruppa er Klaras eigne, frå fem år og oppover, men forholdet til faren, og bakteppet med den døyande mora, gjer dette så universelt at vaksne har like stort utbytte av framsyninga.

Vi er i soverommet til Klara, ho skal leggje seg, men ser både kjemper, mora og ikkje minst universet. Med stor innleving i den barnlege fantasien gir Hilde Stensland oss ei litt redd, men først og fremst undrande lita jente som sjølvsagt gjer alt anna enn å sovne, og som til slutt må få faren på banen for å svare på spørsmåla sine. Det kan han berre delvis, og det gir framsyninga ein ekstra dimensjon at også vaksne er usikre og til og med litt redde av og til.

Scenografien er Klaras soverom, tilsynelatande enkel, men golvet er ein sinnrik stjernehimmel full av galaksar, og nydeleg videobruk gjer veggane til projeksjonar av skumle kjemper, mora og universet. Eit vakkert, litt repeterande lydbilde gir i tillegg inntrykk av det uendelege, og er med på å understreke det poetiske i framsyninga.

I Ingvild Marie Liens regi er det lagt vekk på fantasi, fabulering og spørsmål, og utan dei store dramaturgiske grepa. Dei minste i salen sleit nok litt med konsentrasjonen, men mye humor samt Hilde Stensland særs intense, og sterkt fysiske spel vog i stor grad opp for dette.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. mars 2016.)

Ei tunn historie

onsdag, mars 9th, 2016

TEATER

STORSLÅTT: Flott scenografi og dyktig framføring, men inga historie å fortelje. FOTO: KIM RAMBERGHAUG

STORSLÅTT: Flott scenografi og dyktig framføring, men inga historie å fortelje. FOTO: KIM RAMBERGHAUG

«Vår! en musikalsk fantasi»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Regissør og ensemble
Regi og koreografi: Erlend Samnøen
Scenografi og kostyme: Signe Becker
Videodesign: Marte Vold
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Med: Ingrid Bergstrøm, Tor-Ivar Hagen, Helle Ottesen m. fl.

Påkosta og storslagent, men på kunstnarleg sparebluss

Trøndelag Teater har tradisjon for å spele vår musikal, og det har vore mye likt og ulikt. Men dei siste åra har dette betra seg. Både importerte Broadwaysuksessar og heimelaga produksjonar er presentert så profesjonelt og overtydande at Trøndelag Teater for lengst har utfordra Det Norske Teatret som landets fremste musikalscene. Årets produksjon er i så måte eit stort kunstnarleg kvileskjær. I staden for ein ny musikal, har teatret tatt for seg ulike songnummer frå eit femtentals tidlegare produksjonar. Musikalsk og spelemessig er dette topp, men historia dei har freista å sy det saman med, held ikkje mål. Ein rein konsertversjon hadde vore betre.

Det opnar rett nok særs lovande med Helle Ottesen, teatrets og musikalanes sjuande mor i huset, som roleg, ekstremt roleg, stavrar rundt på scena i openberr undring over kva som har skjedd med teatret. Smakfulle videoprojeksjonar på halvtransparente draperi med flashbacks til musikalnummer dannar bakteppet før det syner seg at settinga ikkje er musikalen, men premierefesten etterpå. Vårmusikalane er ein hyllest til våren, livet, sola, kåtskap, båtpuss og utepils, men her blir det ein premierefest som endar i eit dårleg nachspiel. Historia er rett og slett inga historie, og Helle Ottesens rolle, som kunne ha vore spennande å gjere meir ut av, blir berre små tablå i ei elles ganske intern metaframsyning der korkje humor eller andre poeng er dyrka fullt ut.

Det er synd at teatret ikkje har arbeidd meir med det narrative, for det øvrige er særs godt gjennomført. I ei scenografisk løysing som veks seg meir og meir omfattande har Signe Becker laga ei stil- og smakfull ytre ramme, og under særs kyndig musikalsk leiing av Åsmund Flaten gir det dyktige orkesteret utmerka tonefølgje til dei mange song- og dansenumra som blir framført av kompetente aktørar på alle nivå, men der særleg dei mest komplette musikalartistane, Helle Ottesen, Tor-Ivar Hagen og Ingrid Bergstrøm får briljere.

Om historia var tunn, var her likevel tilløp til fine innslag, som ein artig intern kamp mellom to Annie get your gun-artistar, og ein versjon av «Å, e kjenne en kar» der Bør Børson fekk velje mellom eit utal kvinnelege beilarar. Men tilløp er ikkje nok, og sjølv om dette var både underhaldande og godt framført, burde det ha vore arbeidd meir med det narrative.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. mars 2016.)