Archive for desember, 2015

Ungt om tungt

tirsdag, desember 15th, 2015

TEATER

BUSKIS: Suffragetter og sjenerte bondejenter i herleg og ellevill komedie . FOTO: JOHANNES SUNDE

BUSKIS: Suffragetter og sjenerte bondejenter i herleg og ellevill komedie . FOTO: JOHANNES SUNDE

Unge dramatikere 2015
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Av Thale Henriette Kummeneje, Amanda O. Storaunet, Daria Osipova Østerlie, Anna-Laila Danielsen, Pernille Undrum Fathi og Ingvild Tiller Naustan
Regi: Rita Abrahamsen og Vera Krohn Svaleng
Scenografi og kostyme: Marie Steen Löwendahl og Jenny Hilmo Teig
Med: Jan Frostad, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Henriette Marø, Ingvild Meland, Mads Bones og Kenneth Homstad

Mye eksistensielt frå ungdomen, men humoren trumfa det meste.

For fjerde år på rad har Trøndelag Teater i samarbeid med Kjernehuset og Rita Abrahamsen invitert unge skrivelystne mellom 13 og 19 år til å sende inn dramatekstar. Rundt tjue kom inn, og blant dei er seks jenter valde ut til, gjennom workshops og kyndig rettleiing, å arbeide fram sju små einaktarar av rundt eit kvarters varigheit kvar. Fredag var det urpremiere i teaterkjellaren med profesjonelle aktørar i alle ledd.

Som tidlegare år, er dei unge opptekne av det eksistensielle og dei store, tunge spørsmåla. Og ambisjonsnivået er høgt. Enkle forteljingar om fjortiskjærleik, fotball og dataspel er totalt fråverande. Denne gongen var det særleg vekt på mellommenneskelege relasjonar og den vanskelege kommunikasjonen.

Når vi får presentert stutte einaktarar skrivne av relativt urøynd ungdom mellom 16 og 19, er sjølvsagt kvaliteten ujamn, men likevel forbløffande høg. Det starta særs lovande med «Tomt» av Thale Henriette Kummeneje, berre seksten år, men med tolv års fartstid i Teaterlaget i BUL Nidaros. Det var ein intelligent og velskriven dialog mellom far og dotter om fråver og omsorgssvikt, og som var eit lærestykke i dyktig og uventa dramaturgi med ein overraskande finale. Det same gode dramaturgiske grepet hadde Pernille Undrum Fathi (16) også nytta i den kanskje mest eksperimentelle teksten; «Det som er og ikke er». I den andre teksten til Kummeneje, «Dagen jeg ble frisk», synte ho nok eit døme på levande og innsiktsfull dialog, denne gongen mellom to brør. I «Ødelagt ark» av Amanda O. Storaunet (19) fekk vi eit godt oppgjer med konformitet, A4 og skjønnheitshysteri. Og «Uten» av Daria Osipova Østerlie (19) var ei ganske mørk og annleis kjærleikshistorie med mange lag, særs godt framført av Kenneth Homstad.

Det var som sagt mye eksistensielt og mellommenneskeleg som blei presentert, men det som var mest vellukka, var to særs humoristiske, men likevel heilt ulike tekstar. «Spørsmålstegn» av Anna-Laila Danielsen (19) var ein innsiktsfull parafrase over teatret, ei metaframsyning skrive og framført med mye klokskap. Og så blei finalen, «Forbudt kjærlighet» av Ingvild Tiller Naustan (17) det store høgdepunktet. Ei skikkeleg buskishistorie om eit norsk landsens familiedrama frå langt tilbake i tid, full av absurd humor. Og i tillegg glitrande framført av mellom andre Henriette Marø og Mads Bones.

«Unge dramatikere» har nok ein gong vist seg å vere eit framifrå tiltak for å få fram underskogen. Det er håp for norsk dramatikk.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. januar 2015.)

Ei desperat handling

lørdag, desember 5th, 2015

TEATER

DESPERASJON: Kva skjer når dei næraste, også di eiga mor, sviktar? FOTO:  SOGN OG FJORDANE TEATER

DESPERASJON: Kva skjer når dei næraste, også di eiga mor, sviktar? FOTO: SOGN OG FJORDANE TEATER

«Fjordmann»
Sogn og Fjordane Teater, Sogndal Kulturhus
Av: Stig Amdam
Regi: Stig Amdam
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Med: Stian Isaksen, Lars Sørbø, Katrine Lunde Mackenzie og Gunhild Hjertaas

Eit sterkt og velspela psykososialt drama, men neppe særleg eigna til å forstå terrorhandlingar.

Kva er det som får tilsynelatande veltilpassa unge menn til å gå til så avskyelege terrorhandlingar som dei vi har opplevd dei siste åra? Dramatikaren og skodespelaren Stig Amdam er blant dei mange som har stilt seg dette spørsmålet. Med oppsetjinga ”Fjordmann”, som han sjølv både har skrive og regissert, freistar han å forstå, men ikkje forsvare. Av den litt spekulative tittelen som er nesten identisk med pseudonymet til bloggaren Peder Nøstvold Jensen, og ikkje minst eit utal lite tilfeldige likskapar med Breiviks oppvekst og bakgrunn, er det skapt eit bilde av at dette skulle dreie seg om 22. juli. Det er heilt feil. Sogn og Fjordane Teaters oppsetjing har korkje religiøse eller særleg sterke politiske overtonar. I staden er det eit tidvis særs sterkt psykososialt drama om ein gut som har vore offer for omsorgssvikt.

Mads Trodal (Stian Isaksen) er ein 21 år gamal arbeidslaus mann som bur saman med mora på eit lite småbruk ein avsidesliggjande stad ved fjorden. Einaste nabo er eit asylmottak. Mads ligg rett nok under for konspirasjonsteoriar om at Bilderberggruppa styrer verda, men han er empatisk, har enorm omsorg for mora som openbert er sjuk, er opptatt av sjølvberging og økologisk landbruk, og har ikkje noko i mot asylsøkjarane i nabolaget. Det er mora (Katrine Lunde Mackenzie) som er rasisten. Faren (Lars Sørbø) er ein avdanka rockemusikar med framtida bak seg, ein sjølvopptatt faen som aldri har stilt opp for sonen. Den fjerde personen er barndomsvenninna Lise (Gunhild Hjertaas), den einaste normale, og den som kunne ha blitt eit haldepunkt i livet til Mads. Gjennom ulike samspelstablå mellom desse fire, deira eigne  versjonar av historia, og diverse videoopptak, får vi i retrospekt presentert kva som skjedde fram til Mads til slutt sette fyr på asylmottaket og drap ti personar inklusive seg sjølv.

Som freistnad på å forstå ein terrorist, er dette ganske mislukka. Historia til Mads har for store logiske brester til å bli truverdig. Når han som offer for konspirasjonsteoriar insisterer på å kutte ut mobil og ikkje nytte betalingskort eller leggje att andre elektroniske spor, blir det heilt uforståeleg at han samstundes skal ha lagt ut mye av teoriane sine på nett. Og når han sjølv meiner at berre tre prosent av asylsøkjarane er jihadistar, blir eit vilkårleg mordbrannåtak på eit asylmottak heller ikkje til å forstå som ei gjennomtenkt politisk handling.

I staden for ein politisk forkvakla ungdom, ser eg den gradvise utviklinga av Mads frå ein fortvila gut som greier å halde lokk på frustrasjonane sine,  til det i ei rekkje intense og særs velspela konfrontasjonar med foreldra renn over for han. Og i avmakta går han til desperate skritt. Det er jo også ein forklaringsmodell, men neppe særleg dekkjande for terrorhandlingar frå kvite, unge menn. Som eit portrett av ein desperat ung mann er framsyninga derimot tidvis glimrande. Regien er stram, og dramaturgien særs god. Den lett stiliserte scenografien til Åse Hegrenes gir godt spelerom for alle dei ulike tablåa samstundes som han illustrerar det ganske nedslitne småbruket. Spelet til dei fire er framifrå, intenst og energisk, og det formeleg gnistrar av dei mange heftige konfrontasjonane.  Eit særs velspela og godt psykologisk drama, men inga forklåring på terrorisme.

 (Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 5. desember 2015.)