Archive for oktober, 2015

Bak gardina

lørdag, oktober 24th, 2015

LØYND: Frå sin løynde plass bak gardina har Bjørg full kontroll over nabolaget. Eller? FOTO: SIV HILDE MEEN

TEATER  

I vår familie kan vi snakke om alt
Nord-Trøndelag Teater, Stiklestad
Av Rasmus Rohde
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Hildegunn Eggen

Monolog om å sjå og bry seg, framført intenst og gripande..

Bjørg og Tormod er eit mellomaldrande ektepar som har sine løynde rom slik det er med dei fleste av oss. For deira del er det skamma og sjølvbebreidinga som er den store elefanten i rommet. I nabohuset flyttar det inn eit yngre par med to barn, Iver på berre nokre få år, og Emma som så vidt er blitt tenåring. Frå plassen sin bak gardina held Bjørg oversikt over det meste i det vesle nabolaget, og også dei nye naboane. Ho oppdagar raskt at ikkje alt er som det skal, og at Emma slit med anoreksi. Gjennom ungjenta får ho flashbacks til si eiga dotter og hennar lagnad. Men kva gjer ei nabokjerring? Bryr ho seg, eller ser ho ein annan veg? Bjørg bryr seg, og om det var så lurt, skal eg ikkje røpe her, men at det ikkje er uproblematisk å blande seg inn i naboens familieliv, kan neppe vere noka overrasking.

Rasmus Rohde er kjend mellom anna frå bandet Rasmus og Verdens Beste Band som i si tid hausta to spelemannsprisar (Kyssing e hæsli og Puppan te pappa), men også frå å ha skrive manus og musikk til fleire teateroppsetjingar. I både teater- og musikkproduksjonane ser vi tydeleg at han har eit skarpt og godt blikk for kva som rører seg blant barn og ungdom. Nå har han skrive eit stykke om å sjå og å bry seg, om verdien av å bli sett og tatt på alvor og om anoreksi. Sjølv om bakteppet er ungdomens problem med skrantande sjølvbilde og ekstreme krav til kropp og utsjånad, tar Rohde likevel steget opp til i vel så stor grad å beskrive kva som rører seg bak dei ulike familiefasadane i det som etter kvart blir eit ganske intenst psykologisk drama. Det er mange gode og treffande observasjonar, men Rohde kunne nok ha vore meir kresen i det tekstlege der klisjeane stundom sit vel laust.

I utgangspunktet er denne oppsetjinga ein monolog der Hildegunn Eggen spelar nabokjerringa Bjørg som fortel og avdekkar lag for lag av historia. Dette gjer ho som ei forteljing til dotter si. Men i tillegg spelar Eggen også alle dei andre i nabolaget, eit titals menneske samt ein hund, og saumlaust hoppar ho fram og attende mellom vaksne og barn, kvinner og menn. Ho tar seg god tid, dvelar der det er naudsynt, og etter ei litt nølande opning stig intensiteten raskt. Hildegunn Eggen er ein heilt spesiell formidlar med ei særeiga utstråling, og sjølv om historia tidvis er noko føreseieleg, greier ho å halde publikum i eit solid grep utan noko daudpunkt. Det er inderleg og stundom ganske gripande. Kjersti Haugen har hatt regien. Den er minimalistisk, men med særs god personinstruksjon. Minimalistisk er også scenografien til Jenny Hilmo Teig. Ho har tidlegare hatt ansvar for mye kostymedesign, men eg trur dette er debuten som scenograf. Den var særs vellukka. Eit vindauge, to gardiner, og meir treng ein ikkje. Så enkelt og effektfullt kan det gjerast.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 24. oktober 2015.) 

Fiksjon eller verkeleg?

søndag, oktober 18th, 2015

FRIDOMEN: Der oppe er kan hende fridomen. FOTO: INGUN A. MÆHLUM

TEATER

«Dager under»
Ein co-produksjon av Ferske scener, Hålogaland Teater og Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš
Hålogaland Teater, Scene øst
Av Arne Lygre

Regi: Kristin Bjørn
Scenografi og kostyme: Marcus Olson
Lysdesign: Tobias Leira
Lyddesign: Amund Sjølie Sveen
Med: Bernt Bjørn, Mary Sarre, Kristine Myhre Tunheim og Kristoffer Veiersted

Kven er det som definerer skilnaden på hjelp og overgrep?

Arne Lygre er for lengst ein stor og veletablert dramatikar ute, først og fremst i Europa. Å bli profet i eige land har tatt langt meir tid, men nå er det mye som tyder på at muren er broten. I vår sette Den Nationale Scene i Bergen opp «Ingenting av meg», den første produksjonen deira av bysbarnet Lygre, og seks år etter publisering var det norgespremiere på «Dager under» på Trøndelag Teater i fjor haust. Nå har også Hålogaland Teater (i samarbeid med Ferske scener og Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš) sett opp dette dystre dramaet som etter at teksten blei publisert i 2008 er innhenta av røyndomen og blitt langt meir verkeleg enn Lygre truleg såg for seg.

«Dager under» handlar om den velmeinande, men samstundes ganske forstokka «eigar» som har sitt eige filantropiske prosjekt for, om ikkje å redde verda, så i alle fall å redde einskildpersonar. Menneske av ulike slag, stort sett kvinner og utstøytte, blir henta inn til husværet hans der han har ein lydisolert kjellar kor han held kvinnene fanga for å hjelpe dei ut av det han ser som problemet deira. Kva det er, er litt uklårt både for oss og «eigar». I ettertid kan ein lese inn både Fritzl og Breivik i dette dramaet, og her er også parallellar til Stockholmsyndromet og saka med bortføringa av Patty Hearst på syttitalet. Det første offeret hans, «kvinne» har etter kvart identifisert seg så mye med det skakkøyrde prosjektet hans at ein skulle tru prosjektet var vellukka. Vi kjem inn når han tar inn «jente» og etter kvart også ein gut, «Peter», og alt tar til å rakne.

Arne Lygre nyttar eit særeige scenespråk som går føre seg på to nivå der mye av teksten også er ei scenetilvising. Skodespelarane både spelar rollene sine, og seier kva dei skal gjere, utan alltid å gjere det. Det er eit forteljarperspektiv som gir dramaet fleire nivå, og som både kan verke forvirrande og samstundes gi rom for fleire tolkingar. Og her går ein også ut og inn av kva som er røyndom og ikkje. I opningsscena seier «kvinne»: «I denne historien er virkeligheten langt unna.» før ho held fram: «Og likevel. I denne historien er alt virkelig». Og det er akkurat i dette spennet mellom røyndom og fiksjon at dette dramaet er så fascinerande. Og det er også her Kristin Bjørns regi er mest vellukka.

Scenografien illuderer ein betongbunker med ei trapp opp til det som kan vere fridomen. Samstundes får vi inntrykk av å vere i husværet til «eigar» og at bunkeren er under oss. Slik spelar også scenografien opp under dette uklåre og litt forvirrande. Men uhygga hjå «eigar» er ikkje til å ta feil av. Ved hjelp av eit åttitals basshøgtalarar som publikum sit på, kjenner vi heilt fysisk og særs tydeleg ubehaget i settinga. Dette er i høgste grad realistisk, men sjølv om spelet også er formidla i ei særs realistisk form, endrar ting seg gradvis slik at vi etter kvart blir litt usikre fordi, som «kvinne» indikerte i opningsscena,  røyndomen er langt unna, og kanskje skjer alt på scena i ei draumeverd. Dette er både ei sterk side ved manuset, og godt tatt vare på i regien.

Spelet startar særs avslappa, men blir ganske raskt meir intenst. Bernt Bjørn som «eigar» er den avslappa psykopaten med klokkartru på sitt eige prosjekt, og saman med Mary Sarre som «kvinne» blir det eit ganske tett og forbausande forståeleg spel. At alle aktørane også spelar ganske direkte på publikum og set augo nådelaust i oss, forsterkar det fysiske ubehaget i oppsetjinga.

«Dager under» i Kristin Bjørns regi er ein særs dystopisk og svart produksjon som gjennom effektfull bruk av lyd understrekar handlinga og byggjer opp både under spørsmålet om skilnaden på hjelp og overgrep, og om dette er fiksjon eller røyndom. Mi viktigaste innvending er at framsyninga har nokre dramaturgisk problem ved at ho nok flatar litt ut etter kvart og mister ein del av den fengslande intensiteten frå første halvdel. 

Off- eller online?

mandag, oktober 5th, 2015

SPELEGLEDE: Mange velkoreograferte innslag i ein revy der andre akta tok heilt av. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

REVY

«Lurifax »
UKA-15, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet
Regi: Andreas Ven Langø og Erik Bauck Bårdstu
Koreografi: Susanne Othilie Gulbrandsen
Kapellmeister: Erik André Jakobsen
Scenografi og kostyme: Kulissegjengen og Kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Teknologikritisk og velspela revy der høgdepunkta kjem i andre akt.

 

«La’kke byen få ro, men la den få merke det er en studenterby!» syng ein så det ljomar i storsalen i Studentersamfundet i Trondhjem, og i tre veker framover er det akkurat det som skjer. Det er UKA, Norges desidert største kulturfestival med meir enn 1700 friviljuge, eit utal seminar- og kulturtilbod, to nyskrivne teaterframsyningar og rikeleg høve for studentane til å feste og feire seg sjølve. I ein hundreårig tradisjon har dette vore måten å finansiere drifta av Studentersamfundet, og motoren i det heile er UKE-revyen som hadde urpremiere i helga. Berre avbrote av krigsåra har det vore spela revy annakvart år sia 1913, og utallege er dei mange revyvisene som er blitt udøydelege for eit langt større publikum enn Trondheimsstudentane.

UKE-revyane er tradisjon, men gir også rom for nyskaping, og nokre revyar har faktisk vore trendsetjande. Ein god revy skal ha ein fin miks av alvor og skjemt, formidla med gjøglarglede og overskot, og slik føyer denne revyen seg absolutt inn i rekkja. UKE-namnet er viktig. Det skal gjerne ha tre stavingar og også tre tydingar. Årets namn, «Lurifax», fyller kriteria, men for å forstå det fullt ut, må ein sjå revyen. Namnet er blitt ein sivilisasjonskritisk raud tråd som stadig kjem attende i små innslag. Ein grøn disk overvakar scena. Det er Lurifax, ein syntese av GPS, Google, 3D-skrivar og alle andre tekniske hjelpemiddel som etter kvart har gjort menneska temmeleg dysfunksjonelle og kunnskapslause. Vi får eit lite maskinstormarsk opprør, humoristisk og hjelpelaust, før ein salomonisk finale tar teknologien attende bit for bit. Slik set studentane søkeljos på si eiga samtid. Det er relativt fikst gjort og bind revyen effektivt saman.

Ein UKE-revy skal tradisjonelt ha både ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Drikkevisa denne gongen får neppe evig liv, men byvisa er ein vakker og litt melankolsk song om å måtte forlate ein by du er blitt så glad i. Alt i revyen er sjølvlaga og nyskrive. Melodiane er gjennomgåande gode, og nokre særs fengande. Forfattarkollegiet har ikkje vore like heldige med alt. I første akt var det nok litt for mange uforløyste sketsjar. Best er dei på tull og tøys og ellevill harselering, medan storpolitisk satire blir føreseieleg og overspela. Men etter pause tek det heilt av då det eine høgdepunktet avløysar det andre. Eit spesielt fenomen i Trondheim der handelsstanden stadig vekk arrangerer «toilldag» med tulleprisar på einskilde varer, fekk passet påskrive med eit fengande, artig og særs godt framført danse- og songnummer. Og då vi alle trudde at her var kveldens høgdepunkt, tok neste nummer oss fullstendig ned på jorda med ei migrasjonsvise som gjorde at tårene sat laust og som sette flyktningsituasjonen i eit historisk perspektiv. Ein særs god tekst, ein uvanleg vakker melodi og framført sårt, inderleg og ekte.

«Lurifax» er ein velregissert revy, framført i høgt tempo og med presise sceneskift. Teknisk er det briljant og kan måle seg med det meste. Skodespelarane er samspela og stort sett trygge i rollene, og fleire av danseinnslaga er imponerande. Men første akt har eit forbetringspotensial.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. oktober 2015.)

 

Ei reise i rommet

søndag, oktober 4th, 2015

KRUSEDULLAR: Bestefar er ikkje som før, og teiknar berre uforståelege krusedullar. Eller er det kanskje eit kart? FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMUNDET

TEATER 

Cirka absolutt nesten krusedull
Barneteateret, UKA 15, Intimen, Elgesetergate 21
Av: Studentersamfundets Interne Teater (SIT) – Benedikte Pernille Bakkeby Øverli, Aleksander Vognild Burkow, Hanna Malene Lindberg og Vilde Traagstad
Regi: Marlene Lindtner
Komponist: Birgit Djupedal
Kapellmeister: Hans Ystanes
Scenografi: Anne May Viddal
Kostyme: Marte Lorentze Tiller
Med: Lars Jorde, Berit Hartwedt, Trond J. Stavås, Emilie Marie Løddesøl, Tharald Stray og Simon Dai.

Ei leiken og utforskande, men ganske vanskeleg tilgjengeleg barneframsyning.

Sia UKA-77 er det i tillegg til revyen også spela barneteater under UKA. Barneteateret har alltid vore nyskriven dramatikk, og nokre gongar har denne framsyninga vore av det beste som er presentert under UKA. Slik var det diverre ikkje denne gongen.

Tale er 8 år og bur saman med foreldra sine og bestefaren. I haustferien kjem fettaren hennar, Karl, på besøk. Bestefaren har vore ei inspirasjonskjelde for dei to, og introdusert dei til verdsrommet, galaksar satelittar og svarte hol. Han er eit orakel som alltid har rett. Men noko er blitt annleis med bestefar, dei får ikkje lenger kontakt, og han teiknar berre inkjeseiande krusedullar og seier meiningslause ting. Dei to unge tar med seg eitt av bestefarens krusedullark, freistar å tolke det som eit kart, og frå køyesenga dreg dei ut på ei reise i verdsrommet.

Der ute er det opplevingar så det held. Dei møter eit skip, nei ikkje eit romskip, men eit piratskip drive av promp med tre «prompiratar» som er særs opphengde i ord på p, og som ikkje blir til særleg hjelp, snarare tvert om. Etterkvart møter dei også ulike dyr og vesen som dei freistar å få i tale, forstå og til å tolke kartet til bestefaren. Det er ei lang og opplevingsrik reise, tidvis ganske underhaldande og med mange artige innslag. Etter mye formålslaus leiting i det store rommet endar reisa til slutt i eit svart hol og med det oppvakning i den langt tryggare køyesenga deira.

Framsyninga er akkompagnert av eit utal vakre og særs godt framførte songar. SIT skal ha ære for å skape nytt og alternativt barneteater, men denne gongen har dei nok feilrekna publikum. At mange ungar er opptekne av verdsrommet og det uendelege, at dei kan og forstår mye om kosmos og stjernebilde veit vi, og dei største vil sikkert kunne vere med på ein god del av reisa til Tale og Karl. Men metaforane og terminologien er nok meir innretta på eit vakse publikum. Eg trur til dømes ikkje så mange ungar veit korleis sosialantropologar ter seg, om dei i det heile veit kva ein antropolog er. Slik blir kodane for kompliserte og historia vanskeleg å forstå om du ikkje har lese programheftet på førehand der heile forteljinga er presentert. Det er synd, for ideen er god sjølv om forteljinga i seg sjølv kanskje er litt uforløyst.

(Barneteateret blir spela på Intimen i Elgesetergate 21 (inngang frå Klæbuveien) nesten kvar ettermiddag fram til 25. oktober.)

Den gode saka

lørdag, oktober 3rd, 2015

BØKER: Ikkje eit bibliotek, men ein framtidig dokumentasjon for den gode, - og store, saka. Eller? FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMUNDET

TEATER

Badet i solskinn
Nattforestillinga, UKA 15, Intimen, Elgesetergate 21
Av: Studentersamfundets Interne Teater – Thor Mikkel Nordahl, Erlend Thorin Kirkevold, Marte Sophie Johannessen
Regi: Kaja Waagen
Komponist: Bård Linga
Scenografi: Kristian Ormhaug
Kostyme: Anne Marit Rørholt Vigerust
Med: Dina Riis Kallman, Thea Harnes André, Marlene Nøvik Stavrum, Rune Halsen Sagvolden, Karete Jacobsen Meland og Kristian Aarvåg Kvam

Eit politisk og psykologisk drama om seks menneske som kjempar for ei god sak.

Trondheimsstudentane har spela revy sia 1913, det vil seie frå før UKA tok til, og barneteater sia UKA-77. Men det var i 1995, under UKA «Skjer-mer-@» at den verkelege kunstnarlege nyvinninga såg dagens lys. Under kyndig leiing og framført av folk som i dag er veletablerte i norsk scenekunst, fekk vi presentert noko som blei kalla «nattforestillinga», både fordi ho blei spela seint på kvelden, men også fordi ho var ganske mørk i uttykket. Framsyninga blei ein slik formidabel suksess at ho umiddelbart blei tradisjon, og i år feirar Studentersamfundets Interne Teater (SIT) 20-årsjubileum med produksjonen «Badet i solskinn».

Den første nattframsyninga skapte sin eigen sjanger, ein slags théâtre noir» om vi skulle låne terminologi frå filmverda. Opp gjennom åra har det vore presentert kammerspel, krim og mye forskjellig, men sams er det innovative, at studentane vågar å tenke nytt og utforskande. Fallhøgda blir då også tilsvarande, og med det ganske ulike resultat. Slik må det vere. For å lage noko godt, må du få lov å floppe innimellom.

Årets framsyning har ein tittel som tyder på at SIT har forlate det mørke, men eg vil nok tru namnet er meint ironisk, for tematisk og på alle vis føyer denne produksjonen seg godt inn i arven frå dei tidlegare. Scena er for lengst flytta ut frå det alt for tronge biblioteket i Samfundet, men er likevel på mange vis kome heimatt. I ein nedlagd bilverkstad i Elgesetergate er det rigga ei scene der scenografien er umiskjenneleg som eit bibliotek med nærare femti hyllemeter bøker. Men dette syner seg å vere alt anna enn ein utlånsplass for ålmenta. Vi møter seks eidsvorne menneske som i løynd samlar bøker, truleg i stor fare for å bli oppdaga av «dei» eller «systemet» som er ulike omskrivingar av styresmaktene. SIT har vald ein dramaturgi der dei verkeleg skrellar lauken lag for lag, og det tar lang tid før vi forstår så mye, om vi i det heile nokon sinne gjer det.

Vi er openbert i eit samfunn i slekt med både Orwells og Bradburys dystopiske og ikoniske romanar. Dei seks i biblioteket er menneske som trur på ei stor og god sak, og som har sett seg føre å kjempe for denne saka uavhengig av kva det måtte koste dei personleg. Men i alle slike grupper er det sterkare og svakare ledd, det er tvil og det er underliggjande konfliktar og skjulte agendaer. Alt dette får vi sakte, men sikkert avdekt i eit tidvis ganske intenst kammerspel. Eg skal ikkje røpe korleis det går, også fordi ei av dei viktigaste innvendingane mine mot framsyninga, er at ho nok blir for kryptisk, det tar litt for lang tid å kome inn i plottet, og vi skjønar det nok ikkje heilt når alt er over, heller.

Forfattarkollegiet har tatt tak i både det politiske i å kjempe for ei god sak, i sivil ulydnad, men også i dei underliggjande psykologiske forholda som oppstår i alle grupper. Skal den gode saka trumfe alt? Også heilt personlege og eksistensielle forhold? Kva slags maktkonstellasjonar er det som utviklar seg i slike subgrupper, og korleis kan det nyttast maktpolitisk at det meste må vere hemmeleg? For å skape godt drama, må det i tillegg sjølvsagt også vere med ein porsjon av både kjærleik og svik. Innhaldsmessig og dramaturgisk er det gjort mye godt arbeid, men for oss i salen blir det altså tidvis litt lite fattbart. Spel og personinstruksjon er gjennomgåande ganske bra, men er av og til skjemma av unødvendig overspel. Det gjeld ikkje for Dina Riis Kallman som hadde eit imponerande naturleg nærvær grensande mot det nesten underspelande. Og så må eg få nemne at Bård Linga har skrive musikk som både er ei særs god og stemningsskapande lydkulisse og på same tid effektfullt byggjer opp under dramaturgien.

«Badet i solskinn» føyer seg godt inn i tradisjonen som er skapt gjennom tjue år med nattframsyningar. Eg har nok sett betre, og kanskje først og fremst tydelegare oppsetjingar tidlegare, men SIT skal framleis ha honnør for å våge å eksperimentere og gå nye vegar både formalt og innhaldsmessig.

(Nattframsyninga blir spela på Intimen i Elgesetergate 21 (inngang frå Klæbuveien) nesten kvar kveld fram til 25. oktober.)