Archive for desember, 2014

Det gode mennesket frå Vingrom

tirsdag, desember 9th, 2014

EKTE: Jan Erik Berntsen syng jula inn og tek samstundes eit verdig avskil med sitt store publikum. FOTO: LASSE BERRE

TEATER

 

JEB-SHOW
Trøndelag Teater, Gamle scene
Regi og konsept: Mads Bones
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Med: Jan Erik Berntsen, Hallbjørn Rønning, Ingrid Bergstrøm, Mads Bones, Su’udah Berntsen og ulike gjestar frå kveld til kveld.

Dette er korkje teater, show eller glatt underhaldning, men ein skodespelar som kler seg nådelaust naken og raust byr på seg sjølv og livet sitt.

For femti år sia kom ein ung mann frå Vingrom til Trondheim for å lære å bli skodespelar. Dette var i teatersjef Victor Husebys tid då det ennå var slik at ein ved einskilde teater kunne «gå i læra» for å bli scenekunstnar. Jan Erik Berntsen var ein framifrå songar, hadde utsjånaden med seg, og etter kvart blei han også ein utmerka skodespelar. Med unntak av nokre gjestespel her og der og eit fire års sjølvpålagt eksil på Bali, har han blitt på Trøndelag Teater der han har medverka i meir enn 130 produksjonar. Julaftan blir han 70 år, og etter femti år i Thalias teneste takkar han nå av med sitt eige førjulsshow; «JEB-SHOW» på Gamle scene der han har fylt så mange ulike roller opp gjennom åra.

For den som har levd ei stund, og har sett TV heilt attende i svart/kvitt-tida, vil kanskje namnet «JEB-SHOW» vekkje minner. I 1970 hadde Berntsen sitt eige show på NRK i beste sendetid der han saman med ulike gjestar song og underhaldt nasjonen der vi benka oss rundt fjernsynet for å sjå kva statskanalen kunne by på laurdag kveld. Mange av innslaga frå 44 år attende ligg nå ute på YouTube, og kan vekkje gode og nostalgiske minne for nokon og ein kvar. https://www.youtube.com/watch?v=DY_myTbejYg

Nå har altså teatersjefen gitt han høvet til å ta eit verdig avskil med sitt store og lojale publikum, og saman med mannen sin og tre gode kollegaer har Berntsen laga eit lite førjulsshow som ei blanding av talkshow og rein juleunderhaldning. I Mads Bones’ regi er dette blitt ei merkeleg og temmeleg sjangeroverskridande framsyning som er korkje det eine eller andre, og som knapt nok er spesielt godt teater, men som likevel er så ekte, så inderleg, og ikkje minst så raust at det berre er å gi seg over. I ein underleg miks får vi presentert video-opptak av den unge sjarmørsongaren avløyst av den noko eldre, men framleis spill levande og like velsyngande Berntsen, kora og supplert av Mads Bones, Ingrid Bergstrøm og Hallbjørn Rønning, av smalltalk i sofaen leia av ein Mads Bones som syner talent også som talkshow-vert, av ulike julesongsviskar, salmar og etter kvart av eit særs ope, raust og nesten privat intervju med jubilanten der han utan blygsel fortel om ganske skilsetjande episodar i livet sitt. Og særleg om korleis det som skulle bli ein eittårs flukt til Bali, blei fire år med både privat og storpolitisk dramatikk som nok var langt alvorlegare enn det han har formidla på noka scene. Djupt personleg, men altså utan å bli privat, kanskje nettopp fordi Jan Erik Berntsen er så hundre prosent ekte, let han oss få sjå inn i og bakom skodespelaren, og kler seg nådelaust naken. 

Jan Erik Berntsen har alltid vore ein framifrå songar, og fekk altså berre 26 år gamal eige show på NRK. I årets framsyning fortel han at det resulterte i brev frå Lillebil Ibsen om at han burde kome seg unna dette showet fordi popmusikken  kunne øydeleggje for skodespelarkarrieren hans.  Og litt sanning var det nok i dette. For Berntsen har alltid vore sett på som songar, enterteinar og musikalartist, og i mindre grad som karakterskodespelar. Men for oss som har fått følgje han gjennom mange av desse åra, for mitt vedkomande frå «Skeiv» i 1980 fram til «Bedrag» av Pinter i fjor, veit vi at her er det ein dyktig og allsidig skodespelar med eit langt større register enn som så. Men kanskje først og fremst er det ein stor og raus ensemblespelar, ein som spelar for laget, og som gir av seg sjølv for å gjere andre gode.

I røynda var det dette «JEB-SHOW» handla om. Det var kollegaers og gode veners hyllest av ein scenekunstnar som etter 44 år endeleg får sitt eige show igjen. Og i ei førjulstid der mange artistar promoterer seg sjølv med overflatiske kyrkjekonsertar og eg veit ikkje kva, var det godt å bli invitert inn i noko ekte. For i Jan Erik Berntsens avskilshow var det ikkje berre populærmusikk og glatt underhaldning, men ekte og inderleg vare frå ein varm og god skodespelar. Frå det gode mennesket frå Vingrom.

 

Hamlet på nytt?

onsdag, desember 3rd, 2014

Foto: Stig Håvard Dirdal

TEATERÅRET 2014

(Det er mange teateroppsettingar som eg ser så lenge etter premieren at det blir for seint å melde dei i avisa, og eg har heller ikkje kapasitet til å skrive i bloggen om alt eg ser. Då er det godt å ha spalta «Julekalenderen» mot slutten av året der eg kan rette opp dei aller største unnlatingssyndene, og få skrive litt om det som har vore blant høgdepunkta i året som nå går mot slutten. Denne gongen er det Rogaland Teater som hadde fortent litt meir merksemd tidlegare i haust.)


Det er ikkje utenkeleg at Shakespeare skreiv ganske godt. 

Det året som nå går mot slutten har, som alle andre år, sine jubileum. Eitt av dei som ikkje er så veldig påakta blant folk flest, er Shakespearejubileet. I vår var det 450 år sia verdas største dramatikar blei født. Kanskje ikkje det rundaste talet, men likevel nok til at mange norske teater har nytta høvet til å sette opp stykka hans. Og jamvel om Nordland Teater har presentert ei framifrå oppsetting av «Stormen» i ei like framifrå gjendikting av Ragnar Olsen, er det først og fremst «Hamlet» som gjeld i jubileumsåret. Kor mange tusen gongar dette dramaet er sett opp på ulike scener verda over, er uråd å vete, men eg tar neppe munnen for full om eg påstår at det til ei kvar tid, heile året gjennom, blir spela «Hamlet» på ei eller anna scene rundt om i verda. Dei fleste regissørar og skodespelarar vil i løpet av karrieren ha presentert dette stykket opptil fleire gongar, og rolla som prins Hamlet er framleis blant det beste å ha på cv-en. 

Når det går femten på dusinet av Hamlet-produksjonar, er det sjølvsagt naturleg at ein dissekerer, snur opp ned, vrir og vrengjer og leiter etter noko ingen andre har sett eller funne. For det kan fort bli litt traust å spele stykket slik «alle andre» gjer og har gjort det. I løpet av jubileumsåret har eg sjølv sett tre oppsettingar av «Hamlet» med ganske ulik tilnærming. På Teatret vårt i Molde ville truleg regissør Uwe Cramer syne kor ålmenn og tids- og kjønnsnøytral problematikken er, og valde å nytte ein kvinneleg Hamlet. Valborg Frøysnes gjorde ein strålande rolletolking, men eg er ikkje viss på at framsyninga ga meg så mye nytt. 

På Det Norske Teatret gjekk regissør Peer Perez Øian eitt skritt lenger og valde ikkje berre ein kvinneleg Hamlet, men også ein mannleg Ofelia. Marie Blokhus var framifrå som Hamlet, men heller ikkje denne oppsettinga ga meg noka ny forståing. 

I ein situasjon der alle skal finne på noko nytt og annleis, kan det difor vere befriande å sjå at den som stoler på sprengkrafta i Shakespeares tekst, faktisk er den som oppnår mest. Kjersti Horn sette opp «Hamlet» på Rogaland Teater i haust i full tillit til teksten. Her var sjølvsagt regigrep av ulike slag, men ingen såkalla fikse idear eller spesielt nyskapande vriar. Men med stram og god regi, særs godt ensemblespel og ein heilt fabelaktig Torbjørn Eriksen i hovudrolla, var dette den klåraste og beste Hamlet-oppsettinga eg nokon gong har sett. Eg skal halde meg langt frå å nytte daglegvareslagord om det enkle, for dette er slett ikkje enkelt. Det er faktisk særs komplisert å lage noko som verkar openbert og enkelt. Derimot har det aldri vore lettare for meg som publikummar å fatte kva oppsettinga dreidde seg om. Eg har sett eit utal oppsettingar av «Hamlet», men aldri ei som var så teksttru, og på same tid så forståeleg, innsiktsfull og god.  

Kanskje er det så enkelt som at Kjersti Horn har funne ut at Shakespeares tekst toler å stå på eigne bein, og at han faktisk var ein ganske god forfattar?

(Denne teksten stod i Klassekampens spalte «Julekalenderen» onsdag den 3. desember 2014)