Archive for juni, 2013

Folk vil bli lurt

lørdag, juni 15th, 2013

TEATER

FARGERIKT: Kostymeavdelinga ber halve oppsettinga denne gongen, som her med dei fargerike litleputtane og Dorothys magiske sko. FOTO: ARILD HAUGEN

TROLLMANNEN FRÅ OZ
Av L. Frank Baum
Bearbeiding, regi og koreografi: Marita Rødset
Scenografi: Frank Audun Kvamtrø
Lysdesign: Lars Kristian Mathisen
Kostyme: Silje Botten
Musikk: Øyvind Jo Heimdal Eik
Produsert og framført av Teaterlaget i BUL Nidaros
Tårnet på Munkholmen, Trondheim

Ei sjarmerande oppsetting som særleg imponerar med flotte kostyme og god koreografi.

Det blir ikkje verkeleg sommar for meg før eg har vore på Munkholmen og sett Teaterlaget i BUL si årvisse sommarframsyning. I snart ein mannsalder har dei unge entusiastane gitt oss sjarmerande innblikk i teaterverdas rike kanon. I år er det den drygt hundreårige klassikaren «Trollmannen frå Oz» som er tilrettelagd, instruert og ikkje minst koreografert av Marita Rødset. Ho har regissert fleire av desse sommaroppsettingane, og kjenner godt teaterlagets svake og sterke sider. I eit ensemble på tjue der snittalderen ikkje er spesielt høg, får alle prøve seg, og vel så det. Med klokkartru på at alle har noko å fare med berre dei får litt rettleiing, har ho skapt ei eventyrleg framsyning som sjølvsagt er sjarmerande, men også ganske spektakulær og velkoreografert.

Historia om Dorothy, den svoltne hunden hennar, fugleskrømtet utan hjerne, blikkmannen utan hjarte, og løva utan mot er godt kjend, særleg frå filmen frå 1939 der Judy Garland song «Over the Rainbow» inn i alle hjarte. Det er ei eventyrhistorie full av undring og oppleving, med trollmenn og heksar, vonde og gode figurar, og med mange tolkingslag for den som vil ha meir enn berre underhaldning. Hovudpersonen Dorothy blir spela av Nadia Marie Kummeneje, ei etter kvart særs røynd teaterjente som har full kontroll på rolla si. Lågmælt, undrande og nesten underspela får ho fram ei ungjente dei fleste kan kjenne att. Songane sit godt, og særleg er tolkinga av «Over the Rainbow» vakker og full av innleving. Men Kummeneje og Rødset gir god plass til dei øvrige i ensemblet. Særleg vellukka i år er alle masseopptrinna med opp til tolv aktørar om gongen i fantasifulle og fargerike kostyme, og koreografert akkurat så vanskeleg at dei fleste får det til. Litleputtane og apekattane var små vakre tablå i seg sjølv.

Tårnet på Munkholmen er ei scenografisk utfordring. Denne gongen er det vald ei relativt nake løysing med få rekvisittar. Sjølv om det var mye fin og kompenserande lyssetting, kunne nok scenografen ha gitt oss litt meir for å skape dei naudsynte illusjonane. Men så har kostymeavdelinga tatt det tifalls att. Saman med fin lysdesign gjer dei mange ulike og imponerande kostyma at det likevel går greitt å leve seg inn i draumeverda.

Spelet blir presentert som ei vandring fram til trollmannen der unge forteljarar pedagogisk og forståeleg guidar oss frå tablå til tablå. I bakgrunnen er alltid den vonde Heksa frå vest, infamt spela av Gro Hellesnes, men sjølv ho er aldri farlegare enn at dette berre blir passe skummelt, – akkurat slik det skal vere.

Folk vil bli lurt, seier trollmannen i ein finale som nok blei litt overraskande for dei som ikkje har sett dette før. Verda vil bli lurt, teater er ein illusjon, og slik kan «Trollmannen frå Oz», i tillegg til å vere god og litt skummel underhaldning, også seie noko om både oss sjølve, og ikkje minst teatrets sjel. Og når teaterlaget i BUL gjer det så sjarmerande som dette, er det berre å gle seg til neste år.