Archive for desember, 2012

Levde liv

lørdag, desember 8th, 2012

DANS

EKTE VARE: Kanskje ikkje gratie og teknisk briljans, men definitivt levde liv. FOTO: LENA KNUTLI

Patina
Idé og koreografi: Arne Fagerholt
Med: Seniordansen, Orkanger
Trøndelag Teater, Studioscena

Lite teknisk briljans, men levde liv og koreografert autentisitet.

Dans er ikkje berre tåspiss-sko og piruettar. Dans er koreografert rørsle. Det syner Arne Fagerholt oss til fulle på Studioscena på Trøndelag Teater eit par veker framover. Etter ein eventyrleg karriere som dansar, koreograf, og også skodespelar, har Fagerholt flytta heim til Orkdal der han nå er kulturleiar. For eit drygt år sia såg han Seniordansarane øve i Kulturhuset, og fekk ideen til ei framsyning med godt vaksne damer. Etter eit års øving var det premiere på Orkanger i september, nå gjestar produksjonen Trøndelag Teater, og til sommaren blir det gjestespel i Operaen i Bjørvika.

«Patina» heiter framsyninga, og det står for å eldast med ynde. Her er 24 kvinner i alderen 65 til 87 år, alle med levde liv og sine historier, og fullstendig uretusjerte. I dette og i opparbeidd livsvisdom ligg det vakre, meiner Fagerholt, og det freistar han å vise gjennom ei framsyning bygd opp av ulike tablå som syner oss ein koreografert livsfrise, generasjonars gong, kjærleik, draumar og tap. Det tar til med tretten år gamle Sara Marie Syrstad som med barnets undring og leik hoppar paradis og gjer enkle dansetrinn før damene kjem inn i kvite underkjolar. Ei litt famlande opning der det er mange problem med synkroniseringa, men likevel gratie og verdigheit så det held. Etter kvart kler damene på seg, og gjennom ei rekke tablå får vi presentert livets mange fasettar frå krig og okkupasjon til tap, lengt, gråt over sorg og glede,  og sjølvsagt også til kjærleiken. Tonefølgjet er alt frå norske 50-talssvisker via Gluck, Chopin og Satie til Pat Boone. I denne blandinga av likt og ulikt syner damene oss livet både frå fram- og baksida. Ikkje alt er like vellukka, men framsyninga er på sitt sterkaste når ho freistar å fortelje ei historie. Det var til dømes imponerande å sjå kor mye smerte og innleving ei kvinne åleine med ein stol greidde å formidle. Og sjølvsagt er det sjarmerande når damene flørtar hemningslaust med publikum og endåtil byr på hoftevrikk!

Finalen blir eit gjensyn med opningsdansen og den unge Syrstad, og syner oss at livet er ein syklus. Ringen er slutta. Arne Fagerholt har vist at dans ikkje treng å vere virtuositet og teknisk briljans, men like mye innleving og velkoreografert rørsle. Alt er ikkje like bra, men det framsyninga manglar i det tekniske, tek ho mangfaldig att i sjarm og ikkje minst autentisitet. Dette er ekte vare!

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 8. desember 2012.)

Fairytale of Trondheim

tirsdag, desember 4th, 2012

TEATER

STEMNING: Stor stemning, men ho søkk med nivået i glaset. FOTO: ERIK JOHANSEN

Alle tiders julebord
Av og med Adamseplene
Regi: Adamseplene og Nora Evensen
Med: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard, Olve Løseth, Esther Buchmann, Ole Jonas Storli og Kjersti Tveterås Trøndelag Teater, Gamle scene

Eit sosiologisk djupdykk i fenomenet julebord, ei reise i fordommar, førjulsfyll, humor og tristesse, og i ei vakker musikalsk innpakking.

Det går mot jul, forventingane er store, og det gjeld ikkje berre blant dei minste. Den institusjonen vi kallar julebord, får elles ganske nøkterne menneske til å ta fram sider dei færraste av oss visste vi hadde, og det som skal vere eit hyggeleg samvær mellom gode kollegaer, kan ofte ende i reine frustrasjonsseminar. Dette merkelege fenomenet har lenge ropa etter eit sosiologisk djupdykk, og på Trøndelag Teater får du fram til jul ein både humoristisk og trist presentasjon av eit julebord som kanskje ikkje er heilt typisk. Eller?

For  rundt femten år sia dukka gruppa «Adamseplene» opp. Den bestod av Klaus J. Sonstad, Ivar Nergaard og Hans Petter Nilsen, og dei sette skråblikk på mannsrolla og synte oss menn som menstruerte og som kravde å få vere hormonelle. I 1999 tok gruppa tak i julebordet som fenomen, og blant andre gjestar på Blue Garden fekk vi sjå eit lite tremannsfirma som skulle ete og drikke opp overskotet sitt. Det utvikla seg til eit musikalsk, humoristisk  og relativt rølpete show med mye fyllehumor.

Adamseplene har etter dette gått kvar sine vegar, men Nilsen og Nergaard har halde fast ved julebordet, vidareutvikla konseptet, blitt tatt inn i varmen på Trøndelag Teater, og annakvart år gitt oss ei nyskriven oppsetting der vi møter den vesle dobørsteverksemda Lager & Angeros og firmaets to tilsette. Kjell Rune Fjøstoft (Ivar Nergaard) er administrerande direktør, glatt sunnmøring med ein ørliten kulturell kapital, men langt mindre enn han sjølv trur, og med ufordragelege meiningar når alkoholen får han på glid. Og det er Svein Berg (Hans Petter Nilsen), lagersjef og ein heilt vanleg mann som slit med metaforane, er noko stakkarsleg, men kanskje både difor, og fordi vi alle kan kjenne oss att i han, eit menneske til å bli skikkeleg glad i. Frå å vere overflatisk førjulsmoro og fyllehumor, har dette over år fått utvikle seg til å bli noko langt meir. I utgangspunktet er det framleis først og fremst god underhaldning, komplettert med kjend julemusikk i tradisjonen frå Frank Sinatra til Nat King Cole. Men dei to i Lager & Angeros er også blitt komplette og interessante personar som det er spennande å sjå baksida av. I tillegg har Nergaard og Nilsen laga ei intelligent utforsking av kva publikum kan tole av bad taste. Vi kan le av det meste, men det går alltid ei grense. Denne gongen har dei med seg ein homofil kelner (Olve Løseth), ein blind pianist (Ole Jonas Storli) og ein jødisk singer/songwriter (Esther Buchmann), og her ligg det sjølvsagt duka for å boltre seg i fordommar om homsar, jødar og blinde. Noko er harmlaus moro, men anna er berre ekkelt og motbydeleg, og det toppa seg i ei fråsegn frå Fjøstoft som fekk det til å bli fullstendig stille i salen.

Om teksten er ny, er ramma den same som før.  Dei to skal ete, drikke og hygge seg, det er ein kelner som dei plagar livet av, og det er nokre dyktige musikarar som freistar å spreie julestemning. I år dukka også Kjersti Tveterås, «Farmen-Siwi», opp. Ho hadde vore på TV og hatt sine five minutes of fame, og opplevde tomromet etterpå. Slik tek oppsettinga opp kvardagsfenomen og kommenterer dei både med skråblikk og humor, og denne gongen var det også både referansar til, og syrleg kritikk av Trøndelag Teater.

Dei siste juleborda har Adamseplene halde i Teaterkafeen på teatret. Salongen gav autentisitet ved at vi satt ved kafébord og var alle i same båt. Dyktige musikarar underheldt medan ufine avbrot og kommentarar øydela mye av stemninga. Settinga var til å kjenne seg att i. Men suksessen har vore formidabel, det har vore utselde hus, og i år har teatret difor flytta julebordet inn på Gamle Scene der det sjølvsagt er plass til fleire, men der alt for mye har gått tapt på vegen. Vi blir publikum i staden for ufrivillige deltakarar, Adamseplene får problem med å forklåre settinga, og intimiteten blir borte. I tillegg forsvinn mye av underteksten, tvisynet og tristessen kjem ikkje så godt fram som før, og frå å vere heile menneske som vi kan forstå og nesten bli glad i, blir Fjøstoft og Berg nå i langt større grad nokon vi berre ler av, og ristar på hovudet over. Det er framleis god underhaldning, men diverre ikkje så veldig mye meir. Men finalen står støtt der alle går ut av rollene sine og framfører «Fairytale of New York» i ei glitrande omsetting til trøndersk av Klaus J. Sonstad og Hans Petter Nilsen, ein song som summerar opp både julas draumar og jævelskap.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. desember 2012)