Archive for november, 2012

Tek barn på alvor

tirsdag, november 27th, 2012

TEATER

HAKKING: Dvergspetten Kix (Live Strugstad) blir liten mot flaggspett og svartspett. FOTO: ANDREA HAUGERUD HOVIK

Du skal få høre fuglesang
Av Teater Fot
Idé og regi: Lise Hovik
Koreografi: Line Strøm
Musikk: EnEnEn; Tor Haugerud, Eirik Hegdal og Michael Francis Duch
Scenografi: Ingrid Becker
Med: Andreas Medbøe Thoresen, Janne Brit Rustad og Live Strugstad
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Blir spela fram til 12. desember.

Teater for barn kan vere både eksperimentelt, interaktivt og særs opplevingsrikt, og det finst knapt noka nedre aldersgrense.

Lise Hovik er dramapedagog og har gjennom gruppa Teater Fot vore spesielt opptatt av teater for dei aller yngste. I 2008 laga ho den grensesprengande framsyninga «De Røde Skoene«. Det var ei sanseleg, poetisk og særs leiken oppsetting der Hovik synte at det går an å lage intelligent og opplevingsrikt teater også for ungar som er berre eitt til to år gamle. Over same lest har ho nå produsert ein teatertrilogi for dei minste med utgangspunkt i ornitologien. Dei tre framsyningane på dryge halvtimen kvar hadde urpremiere på Trøndelag Teater laurdag, og nok ein gong syner Hovik at teater for barn kan vere både eksperimentelt, interaktivt og særs opplevingsrikt, og ho bryt dramatisk med den barneteatertradisjonen vi i desse førjulstider står midt oppe i.

Dei tre framsyningane heiter «Spurv» (0-2 år), «Nattergal» (3-5 år) og «Hakkespett» (6-9 år). Sams for dei er at dei tek utgangspunkt i fuglane dei er oppkalla etter, at dei er særs musikalske og visuelle, og at dei tek målgruppa si på høgste alvor. Men der sluttar òg likskapen. «Spurv» var ei leiken og interaktiv danseframsyning der koreografert rørsle og enkel dans synte oss sporven, den kanskje mest kjende småfuglen vår, frå klekking og den første famlande utforskinga av den store verda, til mating og nyfiken leik. Etter kvart var ungane i publikum like mye med på leiken og utforskinga som skodespelarane, og til tider var det ganske mange framsyningar i sving på ein gong. Det fantastiske var at dei i så stor grad drog i same retning.

«Nattergal» var ei meir poetisk, episk og tekstbasert historie, bygd på eit eventyr av H.C. Andersen der den bortskjemde prinsessa aldri fekk nok, og til slutt ønska seg ein nattergal. Men fuglen slutta sjølvsagt å synge når han kom i fangenskap, og den kanskje vel tydelege moralen var at både prinsessa og nattergalen først blei frie når dei kom vekk frå slott og bur.

I «Hakkespett» tok Hovik oss attende til dansen og det meir ekspressive. Slik som menneska, hakkar også spettane på kvarandre. Gjennom dans, mime og fuglespråk fekk vi oppleve venskap, utestenging, mobbing, – og forsoning. Det var vakkert framført og trass i utfallet og openberr moral, langt frå moralistisk.

Hovik har eit velinstruert ensemble men likevel med stor individuell fridom ettersom så mye av dette er interaktivt og ein aldri heilt veit kva som vil skje. Dansaren Live Strugstad og skodespelarane Andreas Medbøe Thoresen og Janne Brit Rustad utfyller kvarandre, og har tydeleg studert ornitologien for å få fram dei rette fugleartane. Like viktig som dei tre aktørane, er det musikalske bakteppet. Tre uvanleg dyktige jazzmusikarar syner oss at det som kan vere vanskeleg tilgjengeleg musikk for uvande vaksne, er heilt naturlege lydar for ungar. Tor Haugerud på ulike slagverk, Eirik Hegdal på saksofon og Michael Francis Duch på kontrabass lagde musikk og lydkulisser som ein integrert del av framsyningane. Særleg kom dette fram i «Spurv» som var ei sansemessig totaloppleving, ei vakker og poetisk framsyning der alt kan skje.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. november 2012.)

Å vere utanfor

onsdag, november 21st, 2012

TEATER

UTANFOR: Vampyren Eli, ein metafor for dei som står utanfor. FOTO: ESPEN STORHAUG/BANJO MEDIA

La den rette komme inn
Basert på roman av John Ajvide Lindquist
Omsett av Ketil Kolstad
Regi og dramatisering: Jakob Hultcrantz Hansson
Scenografi og kostyme: Fridjon Rafnsson
Musikk: Markus Hultcrantz
Lysdesign: Lars Lunder
Med: Nina Åkerlund, Hanne Gjerstad Henrichsen, Rune Temte, Hanne Brincker Fjerdingstad, Lavrans Haga og Espen Mauno.
Nord-Trøndelag Teater, Dampsaga Kulturhus, Steinkjer
På turné i Nord-Trøndelag fram til 14/12.

Ein sosialrealistisk vampyrhistorie frå svensk drabantbykulde, varmt og vakkert om det stygge og groteske.

Den svenske forfattaren John Ajvide Lindquist debuterte i 2004 med boka «La den rette komme inn», noko så uvanleg som ein sosialrealistisk vampyrroman. Boka blei ein suksess, fekk raskt kultstatus, og er alt filmatisert to gongar, ein svensk versjon frå 2008, og ein amerikansk frå 2010. For to år sia blei historia dramatisert for scena og urframført på Uppsala Stadsteater. Og basert på produksjonen i Uppsala hadde Nord-Trøndelag Teater torsdag  norgespremiere i Steinkjer.

Lindquist har skrive ei historie med mange lag, og flust med metaforar for dei som vil sjå. Utgangspunktet er ei ganske vanleg urban setting der det går ein ritualmordar laus og spreier ei uhygge både scenografi, lyssetting og effektar formidlar på utsøkt vis. Tolvåringen Oskar (Hanne Gjerstad Henrichsen), som blir brutalt mobba og mishandla, men som ikkje vågar å seie noko til mora, blir fasinert av mordaren og drapa. Kanskje med bakgrunn i Oskars eigne ønske om hemn? Så treff han den jamgamle jenta Eli (Nina Åkerlund), og eit sårt og spesielt venskap utviklar seg. Eli er også på utsida ettersom ho faktisk er vampyr og eigentleg 200 år gamal. Og i samspelet mellom desse to plaga og forhutla menneska byr oppsettinga på ein del særs varme og velspela scener. Nina Åkerlunds rolletolking som vampyrjenta var så overtydande at det var ei heil lita teaterframsyning i seg sjølv.

I «La den rette komme inn» er det mange parallelle historier som fungerer både saman og kvar for seg. Ein kriminal, litt urban sosialrealisme og ei vampyrhistorie, i tillegg til ungdommeleg kjærleik. Og sams for dei alle er problemet med å stå utanfor. Jakob Hultcrantz Hansson, som hadde ansvar for både  dramatisering og regi i Uppsala, er henta inn som instruktør. Han har laga ei særs vakker framsyning i tydinga det stygges estetikk, med ein utsøkt scenografi som skapar dei naudsynte rom og sceneskift og som samstundes set den litt mørke og dystre stemninga, og i tillegg nydeleg musikk og diskret, men effektfull lyssetting. Det er sjølvsagt ikkje vampyrar og ritualmord utan blod, men Hansson har halde seg frå fråtsing i effektar, og i staden presentert dei så nøkternt og kresent at det gjer verknaden ekstra sterk.

Men så heftar det likevel diverre eit stort minus ved framsyninga. Eg har korkje lese romanen eller sett filmen, og det skal heller ikkje vere ein føresetnad for å sjå teater. Slik historia blei presentert i sceneversjonen, var ho delvis uforståeleg, og i alle fall tok det alt for lang tid før eg skjøna kva det eigentleg handla om. Mye blei faktisk ikkje klårt før eg las meg opp på innhaldet etter framsyninga. Romanen og filmen har kultstatus og sine trufaste fans og følgjarar, men for alle oss andre mangla det diverre mye på det narrative. Det er synd, for denne framsyninga har elles det meste som skal til for å nå eit stort publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 20. november 2012) 

Djevelsk allianse

torsdag, november 8th, 2012

TEATER

TIL HELVETE: Fausts kjøpslåing med djevelen fører sjølvsagt rett i undergangen. FOTO: KRISTINN GUDLAUGSSON

Faust for kids
Konsept: Hildur Kristinsdottir og Matilde Holdhus
Etter Faust av Johann Wolfgang von Goethe
Regi: Hildur Kristinsdottir
Scenografi: Petter Alstad og Bård Vaag Stangnes
Med: Maria Dommersnes Ramvi, Anders Høgli og Tora Nilsen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Ei grenseoverskridande framsyning som syner at teater for barn ikkje treng å vere så pedagogisk, moralsk og ikkje minst lettfatteleg som vi er vande med å tru.

På 50- og 60-talet fanst det eit magasin som heitte «Illustrerte klassikere», og som i røynda var eit teikneseriehefte som populariserte kjende verk frå verdslitteraturen og gjorde dei tilgjengelege for folk flest. Då eg for mange år sia gjekk på skule i USA, fanst det hefte vi kunne kjøpe som ga enkle synopsis av dei mest omfattande og kompliserte verk slik at vi ikkje skulle trenge å lese originalen. For alt eg i mi naive vankunne veit, er slikt tilgjengeleg framleis og kanskje også på norsk. Mange kunne nok tenke seg slike lettvinte løysingar for å auke sin klassiske kapital utan for stor innsats, men sams for desse prosjekta er at ein like gjerne kunne kalle dei klassikarar for dummies. Dei er i beste fall resymé, og formidlar lite av kjensler, nyansar, idear og alt det underteksten i eit drama eller ein roman inneheld.

Bak denne temmeleg omstendelege innleiinga ligg eit forsøk på å forklåre lesaren kva «Faust for kids» ikkje er. Prosjektgruppa bak det som skal bli trilogien «Klassikere for kids» har langt høgare ambisjonar enn å lage resymé av den litterære kanon. Og dei er motige nok til ikkje berre å komprimere Goethes Faust ned til knappe tre kvarter, men også å gi han ei form som gjer han presentabel og truleg også fattbar for ungar ned til ti år. Det er dristig, ukonvensjonelt, og temmeleg imponerande, og om ikkje resultatet av første presentasjon var heilt vellukka på alle område, skal folka bak likevel ha enorm kred for forsøket og vilja. Eg gler meg til det som kjem.

Faust er ein vitskapsmann som ikkje er heilt ung lenger. Han les alle bøkene i verda, men di meir han les, di meir innser han kor lite han veit. Dette er diverre ganske kjend stoff også for alle oss som berre har lese brøkdelen av det Faust har konsumert. For å bøte på problemet, går han inn i ein allianse med djevelen sjølv der Faust for det første skal bli ung att, og i tillegg få meir kunnskap og oppleve kjærleiken. Til gjengjeld gir han Mefisto sjela si i pant. Som dei fleste veit, er det alltid ein Catch 22 ved slike alliansar, og det går, – ja nettopp, – til helvete  for vår mann. Slik er stenografiversjonen av Faust, og innhaldsmessig er ikkje «Faust for kids» mye lenger enn dette. Men ved godt spel, utsøkt miming, lyd- og rekvisitteffektar, og ved å ta seg særs god tid, uakta at det faktisk går ganske fort, greier det vesle ensemblet likevel å formidle stemningar, uhygge, det litt skumle, og ikkje minst dei større eksistensielle spørsmåla på eit vis som tar godt vare på originalen.

Det er fantastisk å sjå eit prosjekt som vågar å presentere noko tilsynelatande vanskeleg og utilgjengeleg i ei tapping som gjer det forståeleg for ungar ned til ti år utan at det blir tabloid, fordummande, eller overpedagogisk. Her var moralsk og pedagogisk hakkebakkelirumlarum fullstendig fråverande, og eg trur aldri eg har sett ei framsyning for barn som har hatt så stor tillit til publikummet sitt. Framleis er det sjølvsagt mye ein ikkje får med seg, og oppsettinga har ikkje heilt funne forma, men dette var meir enn godt nok til at eg gler meg til framhaldet, og er spent på kva som blir det neste.

Ureint farvatn

søndag, november 4th, 2012

TEATER

UREINT: Det er mye ureint farvatn i den store, norske oljereisa, og Angola er neppe noko unnatak. FOTO: STEFAN SCHRÖDER

 Ship o’hoi!
– en sjøreise fra Odalen til Angola
Av: Pia Maria Roll i samarbeid med Terje Nordby
Regi: Pia Maria Roll og Hooman Sharifi
Scenografi: Stefan Schröder
Video: Sabina Holth-Jacobsson
Med: Terje Nordby, Magdi Alandulesi, Janne Heltberg, Nigel Krishna Iyer og Trond Peter Stamsø Munch
Produsert av: Trøndelag Teater, Dramatikkens Hus og Black Box Teater
Studioscena, Trøndelag Teater

Oljevenetyret har gjort Noreg til verdas rikaste land. Er det for ubehageleg å sjå kva som skjuler seg bak rikdommen?

I dag blei Raftoprisen delt ut til den nigerianske miljøforkjemparen Nnimmo Bassey. Han har fått prisen for sitt mangeårige arbeid mot skadeverknadane av oljeutvinninga i Nigeria. I eit intervju med Bergens Tidende har han kritisert både Statoil og norsk oljepolitikk. Hadde Pia Maria Roll fått det som ho ville, trur eg ho gjerne hadde sett Nnimmo Bassey som del av oppsettinga «Ship o’hoi» som i går hadde Trondheimspremiere på Studioscena på Trøndelag Teater.

Eg har hatt gleda av å sjå dei tre siste produksjonane til Pia Maria Roll; «The street scene», «Over Evne III» og nå «Ship o’hoi», og alle har dei gjort noko med meg. Sams for dei er også at då eg fekk sjå dei i Trondheim, var dei alt melde i Klassekampen etter framsyning i Oslo. Med det var det ikkje noko meir å melde for meg. Men nå må eg berre ta bladet frå munnen likevel. «The street scene» er ei spooky framsyning som eg framleis, tre år etter at eg såg ho, ikkje får heilt ut av kroppen. Ho trefte noko i meg som blir for personleg til at eg skal skrive om det her og nå, men i alle fall var det eit heilt annleis teater enn eg var vand med, og noko så utrendy som eit politisk teater som ville noko og hadde ein agenda. «Over Evne III» følgde i same gate, og med ein utsøkt bruk av relativt vanlege folk som hadde ei sterk historie som fortente både ei scene og eit publikum.

Nå er Roll attende med eit retrospektivt blikk på det som er blitt heile nasjonens kollektive lykkepille, og som vi difor helst ikkje snakkar så høgt om. Det er olja som har gjort dette landet så uforskamma rikt, og det er på høg tid at nokon minner oss på kva for etiske og økonomiske krumspring dette har kosta.

Oljeeventyret starta med Phillipsfunnet i desember 1969, og utover syttitalet spratt plattformene opp utan korkje særleg diskusjon eller offentleg innsyn. Det var Texas og Clondyke for å bruke terminologi frå oljas «heimland», og vill vest med omsyn til arbeidsmiljø og tryggleik. Den 22. april 1977 skjedde det som ikkje kunne skje, vi fekk Bravo-utblåsinga, ei ukontrollert utblåsing det tok heile åtte dagar å stoppe. Med ei timing  teaterfolk berre kan drøyme om, hadde det nystarta Tramteatret urpremiere på oljemusikalen «Deep sea thriller» på Chateau Neuf berre tre dagar etter at utblåsinga tok til. Som ein overtyre til «Ship o’hoi» fortel Terje Nordby, tekstforfattar og sentral i Tramteatret, om dette før vi alle benkar oss for å ta del i den store, norske oljereisa gjennom farvatn som er ganske ureine, men som vi heile tida blir fortald ikkje er farlege.

Vi er ombord på supertankaren MT Neptun som saman med 180 000 tonn råolje tek oss frå Norskehavet, via Nordsjøen, Den engelske kanal, Biscaya, Libya, Midt-Austen, Suez, rundt Kapp og til Angola. Det er særs turbulente farvatn i dobbel tyding, men besetninga roar oss med at det ikkje er farleg. Skipet er solid, stort og tungt (som Statoil?), men det som i fysikken kallast inertia, på norsk treigheit, gjer at ein ikkje kan endre kurs i ei handvending. Metaforane til Statoil, Hydro og norsk oljepolitikk er mange for dei som vil sjå, og etter kvart kjem også historier som gjer at det ikkje er mye tvil om kva vi dagleg gjer oss blinde for.

I båe dei to føregåande produksjonane til Roll har ho nytta vanlege menneske som har ei eller fleire historier å fortelje. Slik også denne gongen. Skodespelaren Trond Peter Stamsø Munch er ein forteljar og styrmann som leiar oss gjennom farvatna, medan kollegaen Janne Heltberg fortel den naive historia til ein norsk biletkunstnar som var godtruande nok til å bli med på eit kunstprosjekt i Aserbadsjan, eit gjennomkorrupt og utfattig land, der ho ganske raskt forstod at ho ikkje hadde noko å gjere. Dei to andre deltakarane er revisoren, og etterkvart korrupsjonsjegeren, Nigel Krishna Iyer, som også var med i «Over Evne III», og den libyske Magdi Alandulesi. Iyer syner oss med økonomens nøkterne språk korleis enorme summar blir overførte frå Hydro og Statoil til det som tilsynelatande kan vere greitt nok, men som syner seg å vere private konti i ulike skatteparadis. Olja smørar bokstaveleg tala verdas mest korrupte og bestialske regime. Det nøkterne og økonomisk upersonlege blir atskillig sterkare når Magdi Alandulesi på lågmælt vis og utan nokon dramaturgisk hjelp fortel si ekstremt sterke historie frå eit liv på solsida i Libya, som klassekamerat av ein av Ghaddafis søner, til fengsling, tortur, flukt og redsle. Det var utruleg stutt avstand mellom hovudkvarteret til norsk oljeindustri i Tripoli, Ghaddafis bustad, Alandulesis heim og huset der han blei torturert.

Etter langvarig manøvrering kjem MT Neptun fram til Angola der mye av framtida truleg ligg for norsk oljeindustri, men der korrupsjonen også er motsett proporsjonal med ytringsfridom og demokrati. Og der sluttar framsyninga med ei oppmoding om å gå på Youtube og sjå rapparar som med fare for eige liv fortel om situasjonen i dette vestafrikanske landet som skal vere med på å trygge pensjonsfond og ytterlegare velstand for oss vanlege, sakeslause nordmenn i åra som kjem. Det smaka ikkje godt!

Oljeindustrien er verdas største økonomi, og er gjennomkorrupt. Olja gir smurning (i dobbel tyding og vel så det) til mange av dei mest korrupte regima i verda, og norsk oljeøkonomi er i høgste grad del av kalaset. Pia Maria Roll fortel oss dette som vi kanskje alt veit, men helst ikkje vil vete. Det er sterkt, det er politisk, og det er sjølvsagt einsidig. Difor kan ein innvende at Roll har laga dokuteater utan motførestellingar. Eg har ikkje slike innvendingar. Tida er overmogen for eit oppgjer med oljekapitalen. Det er 101 år sia amerikansk høgsterett tvang Standard Oil til å dele seg opp i fleire selskap, men etter det har dei fleste regjeringar latt oljeindustrien vere i fred, og i realiteten få diktere verda. Både i eit demokratisk, økonomisk og etterkvart ikkje minst i eit miljøpolitisk perspektiv, er det på tide å gjere noko. Giske blir i dag kritisert for at han blandar seg inn i styringa av statsselskapa i for stor grad. Eg trur Roll meiner han er alt for passiv.