Archive for oktober, 2012

Magisk surrealisme

tirsdag, oktober 16th, 2012

ENGLAR?: I Jo Strømgrens univers er englane ganske spraglet. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

Jubileet
Av Jo Strømgren
Regi, koreografi, scenografi og kostyme: Jo Strømgren
Med: Janne Kokkin, Kingsford Siayor, Herbert Nordrum, Marianne Meløy, Trond-Ove Skrødal, Hildegunn Eggen og Martha Standal
Trøndelag Teater, Gamle scene.

Ein leiken, surrealistisk, laussloppen og velspela komedie med store visuelle kvalitetar.

Trøndelag Teater er 75 år, og feirar seg sjølv og restaureringa av den snart 200-årige Gamle scene med ein urpremiere skriven, koreografert og regissert av Trondheims eigen Jo Strømgren. I 2010 sette han opp «Pseudonymet» på Trøndelag Teater, ein kjempesuksess då produksjonen omsider var premiereklar etter to langvarige utsettingar, mellom anna på grunn av at skodespelaren Janne Kokkin brakk beinet i prøveperioden. Som førre gong vel Strømgren først ut ensemblet, og deretter skriv han rollene for castinga si. Då set ein ikkje inn ein understudy på premieredagen. Jubileumsframsyninga på Gamle scene blei på mange vis eit metastykke om teatrets indre liv og samstundes ein parafrase over lagnaden til «Pseudonymet». Det er intelligent og artig gjort, men med mye internhumor der låtten fort kan sitte lausare hjå dei som har sitt daglege virke i Thalias teneste.

Det er jubileum og premiereklårt på teatret. Fanny (Janne Kokkin), ensemblets diva (ikkje berre av kunstnarlege grunnar!) vaknar opp etter generalprøva, litt for mange Campari, og ein kraftig bilkollisjon, – ikkje i baronens seng, men på sjukehuset. Ille tilreidd og med brot i det meste, konstaterer ho tilfreds at nå blir det utsett premiere, berre for å innsjå det generasjonar av folk har oppdaga før ho: kyrkjegardane våre, og for så vidt også sjukehusa, er fulle av uunnverlege menneske! Dramaturgen (Herbert Nordrum) tek grep på premieredagen, ensemblets skårunge, Maria, har på eiga hand lært seg heile rolla til Fanny. Og ikkje nok med det. Ho er også i stand til å danse slik at mye av den strokne koreografien nå kan bli tatt inn att. Dei fleste vil vel kunne kjenne seg att i Fannys manglande entusiasme ved å sjå seg forbigått av ungdomen.

Men i Strømgrens univers er det fleire tema enn som så. Både sjukehuset og teatret er karikerte og overspela for å skape den naudsynte absurditeten, men ikkje heilt utan snev av sanning. Gamle stereotypiar og fordommar får her nye liv, men på eit vis som latterleggjer dei i staden for å sementere. På teatret syner det seg å vere fleire intrigar i garderobane enn på scena, og på sjukehuset er teieplikt og empati kanskje ikkje det første som renn ein i hu når vi møter den sjølvmedvetne og eigenrådige pleiaren Mari (Hildegunn Eggen) som så absolutt ikkje let seg blende av ein tilfeldig teaterdiva. Inn i dette Strømbergske surrealistiske menasjeriet får vi òg ein aborterande medpasient (Marianne Meløy), mannen hennar (Trond-Ove Skrødal) og teatrets unge sivilarbeidar og Fannys vesle tidsfordriv (Kingsford Siayor). Etter kvart som Strømgren nøstar opp intrigen, syner det seg at alt heng saman med alt, og kanskje vel så det, jamvel om han også stundom leikar seg med å føre publikum bak lyset ved å legge ut blindspor som vi let oss lure av. Verda er så openbert ei scene der vi alle spelar roller, det tilsynelatande er ikkje sanning, og bak englefasadar er ikkje alt like vakkert.

Bakteppet i «Jubileet» er heilt spesielt. Denne gongen er koreografien blitt ein særs integrert del av oppsettinga. Til eit treffsikkert utval musikk med Nina Simone, er bakscena fylt av dans og koreografert rørsle, først og fremst av Martha Standal som visualiserer kjensler og absurditetar vakkert og humoristisk, og etter kvart med tidvis temmeleg surrealistisk dansefølge frå resten av ensemblet.

«Jubileet» er ein laussloppen, absurd og leiken komedie som i tillegg har store visuelle kvalitetar. Intrigen er komplisert, men likevel enkel. Strømgren kunne nok ha stramma inn nokre av scenene ein del, men med eit ensemblespel av høgste klasse, og med overspel akkurat på grensa, blir timinga likevel meir enn god nok. Trøndelag Teaters jubileumsfeiring har fått ei særs verdig markering!

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. oktober 2012.)

Regissert røyndom

tirsdag, oktober 9th, 2012

TEATER

KUNST?: Er kjærleiken ein kunst, eller kan ein lage kunst av kjærleiken? FOTO: FOTO.SAMFUNDET.NO

The Shape of Things
Av: Neil LaBute
Omsett av: Trond-Atle Farestveit
Regi: Mina Rype Stokke
Scenografi: Lina Linnea Aspen og Marie Riiser Haugerud
Kostymedesign: Marthe Sofie Øhra
Med: Emma Sigridsdatter Jones, Petter Rossvoll, Kjell-Roger Lange og Rosilin Varughese
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Knaus, Studentersamfundet i Trondhjem

Finst det etiske reglar også for kunsten, og går det grenser for kor langt du kan sette i scene eit anna menneskes liv?

Den amerikanske dramatikaren og filmregissøren Neil LaBute (f. 1963) har hausta mye ære for både filmar og drama, men etter det eg kan sjå er det stort sett berre filmane hans som er viste i Norge. «The Mercy Seat» var eitt av dei første amerikanske drama som omhandla 11/9, og det blei framført som lesestykke av Oslo Internasjonale Teater i 2011, men sett bort frå dette, ser det ikkje ut til at LaBute er blitt framført på andre norske scener, i alle fall så langt ein kan sjå på eit vanleg nettsøk. Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har nå hatt norgespremiere på «The Shape of Things», og oppsettinga gav absolutt meirsmak. Vakkert er det ikkje, men desto meir engasjerande, slik eg forstår at det meste av LaButes dramatikk er.

Adam (Petter Rossvoll) er ein relativt vanleg og anonym litteraturstudent, rett nok med ein del av fagidiotens nerdetrekk, men ikkje verre enn dei fleste. Han sper på studiefinansieringa med to bijobbar, der den eine er på eit kunstgalleri. Dit kjem kunststudenten Evelyn (Emma Sigridsdatter Jones) ein dag. Ho er ein helt annan type enn Adam, atskillig meir rett på, og ikkje så reint lite provoserande. Ein spennande, litt aparte, og temmeleg keitet samtale finn stad, og søt musikk oppstår. LaBute lar oss følgje utviklinga i det heftige og etterkvart stormfylte forholdet mellom Evelyn og Adam, og syner oss korleis Adam gradvis endrar seg, får av seg bilringane, fiksar sveisen, kjøper seg betre klede, får meir sjølvtillit og alt i alt ser ut til å bli ein ganske likandes kar. Dei to vennene Phillip (Kjell-Roger Lange) og Jenny (Rosilin Varughese) er ikkje udelt begeistra for korkje Evelyn eller utviklinga til Adam, og vi blir vitne til fleire direkte og ganske ubehagelege konfrontasjonar.

Som tittelen meir enn antyder, er det ikkje nødvendigvis slik at alt er som det artar seg. Utan å røpe for mye, tar handlinga til slutt ein ganske dramatisk og uventa vending, og frå å vere eit artig og intelligent kammerspel med mye god tekst, får vi med eitt kasta på oss ganske store etiske spørsmål rundt kunstens autonomi frå etikk og vanleg folkeskikk. Problemstillingane frå debatten om Knausgårds utlevering av slekt og venner fortonar seg som ein flau vind samanlikna med dette. Det er provoserande, men samstundes presentert på eit vis som ikkje gjer det heilt eintydig å konkludere. Om dette blir kryptisk, får de gå og sjå sjølve. Meir vil eg ikkje røpe.

Teksten er omsett til eit relativt munnleg norsk av Trond-Atle Farestveit, og dialogen fell i hovudsak ganske naturleg. Det er mye tekst, mange sceneskift, og sparsamt med scenografi å hjelpe seg med. Dei fire på scena leverer solide og gode rolletolkingar, og særleg imponerer Emma Sigridsdatter Jones i rolla som Evelyn.  Instruktøren Mina Rype Stokke har laga eit tett og intenst kammerspel, men har ikkje heilt fått til dei særs gradvise overgangane frå hyggelege samtalar til open konflikt. Her manglar det noko på nyanseringa, og stemningsskifta kjem litt for brått, men i det store og heile blir dette ein bagatell i ein elles velprodusert framsyning som slett ikkje er av dei enklaste å sette opp.