Archive for oktober, 2011

Skogens sjel

onsdag, oktober 26th, 2011

TEATER

TAIGAPORTEN: Når det står eit Taigaskilt i Elverum, kan ein like gjerne seie at barskogbeltet startar der. FOTO: NONcompany

KAZAK: ekspedisjonen
Av NONcompany
Framført av: Lise Risom Olsen, Lena Lundsten Buchacz, Hans Skogen, Eirik Blekesaune og Morten Pettersen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

På sporet av skogens sjel, magi og indre løyndom. 

Taigaen, verdas største samanhengande barskogbelte, som i røynda strekk seg frå Norge i vest, gjennom Sverige, Finland og Sibir heilt til Stillehavet i aust, for så å halde fram gjennom Alaska, Canada og til Newfoundland, er som alle skogar full av magi og mytar, og slik sett ei kjelde til dikting og fantasi. Det bergensbaserte teaterkompaniet NONcompany har sett seg føre å utforske skogen for å finne fram til sjel og eigenart, og har gjort det gjennom eit humoristisk, multimedialt og lettare kvasivitskapleg sosialantropologisk prosjekt som laurdag hadde urpremiere på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim, og som denne veka blir spela på teaterfestivalen Meteor i Bergen.

I ei merkeleg blanding av reiseskildring, dokumentarteater, performance og litt til, har kompaniet gått tilsynelatande vitskapleg til verks, og lagt ut på ei firevekers research-reise der dei freistar å finne ut av skogens sjel, utforske kva taigaen gjer med folk, og korleis ein, uakta av tre ulike kontinent, likevel kan finne store likskapstrekk ved både menneska og naturen. Heilt etterretteleg er det ikkje, og alt i starten forstår vi at forholdet til vitskap og fakta er sjarmerande omtrentleg. Taigaen blir til vanleg rekna å starte i Pasvik i Finnmark, men når ein i kompaniet er frå Elverum, og det tilliks er ein butikk med Taiganamnet same stad, blir utgangspunktet også der før det ber austover gjennom nesten fire veker.

Presentasjonen er episodisk, lett naivistisk med innslag av både video, overhead, musikk, små tablå og ulike andre presentasjonsmåtar, og heile tida med Lise Risom Olsen som vår myndige guide.

I form kan dette likne mye på Verdensteatret, men er i innhald meir episk og litt lettare tilgjengeleg. Gjennom ei reise der vi er usikre på om det er stereotypiar og fordommar eller sosialantropologiske funn vi får del i, fortel kompaniet om kva skogen gjer med folka som bur og ferdast der, og freistar å prove at både folk og natur har mange sams trekk sjølv om det er tusenvis av kilometer som skil. Kor overtydd eg er om at det er sanninga om Taigaen eg har fått etter ei times reiseskildring og dokuteater, veit eg ikkje, og kompaniet er sjølv tydelege på at det er mogeleg vi ikkje ser skogen for berre trær, (!)  men uakta kor etterretteleg dette er eller ikkje, er det likevel særs godt fortalt og formidla. Det er ei herleg blanding av forteljar- og formidlingsteknikkar, presentert på eit leikent og sjarmerande naivistisk vis. Urpremieren laurdag bar litt preg av at framsyninga ikkje var heilt ferdig, for det er mye teknikk som skal klaffe, og kompaniet spelar utan tryggingsnett så alle lyte blir særs synlege, men dette er heilt sikkert noko som vil gå seg til.

Produksjonen er første del av ein trilogi, og sjølv om denne meldaren først og fremst lét seg underhalde og kanskje ikkje fann så alt for mye djupare meining i det han såg, er han likevel meir enn spent på kva dei to neste produksjonane vil fortelje.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 25. oktober 2011)

Å tenke lokalt

onsdag, oktober 12th, 2011
BYVISE: Trondheim er ein trasig plass heilt til ein opplever alternativet. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

REVY

IMITI
Av: Forfattarkollegiet
Instruktør: Trond Lie
Koreografi: Kathrine Chi
Scenografi: Adeline Søreide og Snorre Foss Westman
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Storsalen

Revyen er best når han greier å lage uventa vri på kjende omgrep som å tenke globalt og handle lokalt. 

I fjor var Studentersamfundet i Trondhjem 100 år, og året før feira ein at studentane hadde vore herrar i eige hus i 80 år. Ikkje noko av dette hadde vore mogeleg utan den økonomiske dugnaden som heiter UKA. Annakvart år sia 1917 har det vore arrangert UKE, ein biennale som har vakse seg til å bli landets største kulturarrangement med tallause seminar og konsertar, fem teaterproduksjonar, og ein god porsjon fest. Rundt 1400 studentar let studia ligge i tre veker og jobbar dugnad for å sikre det raude, runde huset ved Elgeseter bru økonomi til å kunne drivast i to nye år. Motoren i arrangementet er revyen, og han har ofte stått for både fornying og noko av det beste i norsk revyhistorie.

Det er mye tradisjon knytt til UKA. Berre UKE-namnet er ei sak for seg. Det skal helst ha tre stavingar og minst tre tydingar. Årets namn, IMITI, har alt dette. I tillegg til det openberre om imitering, er det ein harselas med alle dei som meiner at alt var betre ”i mi tid”, og samstundes eit hint til dagens studentar om at dei også berre har si tid. For denne meldaren, som har sett nitten UKE-revyar, er namnet såleis ei viktig påminning. Men i UKA ligg så mye historie, at det likevel er uråd å sjå revyen isolert frå den tradisjonen han er ein del av. Dei beste revyane har hatt ei god blanding av alvor og tull der ein har tatt opp aktuelle tema frå verdssituasjonen til det lokale og heilt studentikose, og der skarpe skråblikk med politisk brodd har veksla med det elleville og laussleppte. Alt pakka inn i relativt profesjonell framføring.

Etter mange gode revyar på åtti- og nittitalet, blei fleire av revyane etter årtusenskiftet så sjølvsentrerte at ein skulle tru studentane levde i eit vakuum avgrensa av studentbyane, universitetet og  Studentersamfundet. Revyen ”Skabaré” for to år sia var eit positivt steg attende til blandinga av ablegøyer og god samfunnssatire. IMITI har lite av dette, og er i hovudsak opptatt av trendar, lokale forhold og skråblikk på trivialitetar. Norge er i krig, det har vore ein arabisk vår, polisen smeltar, og terroråtaket i sommar har gjort noko vesentleg med dei fleste av oss. Alt dette er fråverande i denne revyen. Det får vere forfattarkollegiets val, og det er sjølvsagt umogeleg å lage noko morosamt om 22. juli, men ein kunne i alle fall vente at innslaga blei ”vaska” og vurdert opp mot det som skjedde og vårt framleis særs ferske kollektive minne. Ein sketsj om gravferda til ein ungdom som kom bort for to månader sia, var så umusikalsk og smaklaus at ein kan lure på kor forfattarkollegiet har vore i det siste. Eg har også vanskar med å sjå det komiske i blandinga av Anne Frank, SS og ein omn, og spør meg om dette er uttrykk for ein meir kynisk og kald humor, eller berre ein pinleg mangel på dømmekraft.

UKE-revyen skal ha både ei Trondheimsvise og ei drikkevise. Byvisa, som handla om at Trondheim var for ille heilt til ein flytta til Fosen som var endå verre, får neppe eit liv etter dette, men drikkevisa synte kor godt resultatet kan bli når ein tek eit kjend omgrep og gir det nytt innhald. Det som kjenneteiknar dei andre høgdepunkta i revyen er ein tilsvarande leik med det uventa. Ei mollstemd vise om den trulause studenten var ein lågmælt og vakker hyllest til Studentersamfundet. Ein enkel og litt naiv monolog om Bergen, og ein særs velkoreografert sketsj om menn og matlaging synte båe kor lite som skal til når timinga er perfekt og framføringa tilsvarande. Og sams for dei båe var sluttpoeng som verkeleg satt. Mange av dei øvrige innslaga blei uforløyste fordi dei mangla den avsluttande snerten sjølv om dei både var artige, hadde gode poeng og var vel framført. Og motsett var det med ein ganske fordomsfull og pinleg samesketsj som hadde god punchline, men mangla resten!

Sceneløysinga var enkel og utan annan scenografi enn boksar som gjekk opp og ned av scenegolvet. Det fungerte utmerka, og likeeins plasseringa av eit halvvegs synleg og særs dyktig orkester på eit galleri på bakscena. Revyen blei spela i høgt tempo med raske og saumlause sceneskift, og han er relativt godt koreografert. Ensemblet på ni er gjennomgåande både gode skodespelarar og songarar. Særleg i nokre av monologane fekk vi presentert framifrå prestasjonar med god timing.

Sjølv om bypremieren laurdag hadde ein del tekniske problem, er det meste ved framføringa særs godt teknisk gjennomført. I form er denne revyen såleis utmerka, men innhaldet står diverre noko attende både tema- og tekstmessig.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 11. oktober 2011)

 

Vindauge mot verda

mandag, oktober 10th, 2011

TEATER

SMERTE: To ulike lagnadar og sjukdomsbilde. Smertefullt men samstundes vakkert. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

Ser deg blekne
Av: Forfattarkollegiet for nattframsyninga
Instruktør: Hedda S. Rui
Scenografi: Miriam Stefanie Christ
Kostyme: Laila Nygreen
Komponist: Christian A. Eriksen
Med: Sunneva Minken, Andreas Oddnes Dahle, Siriann Petronella Berdal, Kjell-Roger
Lange og Mina Rype Stokke
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus

Ei nattframsyning som er attende ved gamle høgder, og som formidlar stemningar og lagnadar på eit imponerande innsiktsfullt vis.

I 1995 gav nyskapinga ”Nattforestillinga” det teaterinteresserte publikummet i Trondheim hakeslepp med oppsettinga ”Vi kjente ham i grunnen ganske godt”. Bak produksjonen stod fleire som i ettertid har gjort gode profesjonelle teaterkarrierar, og framleis står den oppsettinga i mitt eige minne som noko av det beste eg har sett på ei scene. Suksessen gav sjølvsagt meirsmak for SIT, men det var ikkje alltid like lett å hoppe etter han du veit, og nattframsyningane har i ettertid hatt ganske vekslande kvalitet. Men det skal dei ha at ambisjonsnivået alltid har vore høgt, og det er tydeleg at det er i nattframsyninga SIT ønsker å lage teater med stor T. Godt er det difor å kunne melde at nå er internteatret på rett veg att. Og vel så det!

Nattframsyninga er ofte eit litt svart teater med psykologisk tilsnitt og gjerne mange og djupe botnar. Det kan fort bli teatralt, og har ofte vore det. Denne produksjonen, ”Ser deg blekne”, er så avgjort både dyster og med psykologisk tilsnitt, men milevis frå å vere teatral. Vi møter fem personar som alle er pasientar på ein relativt open psykiatrisk institusjon. Dei har alle sine historier og diagnosar, og sakte, – særs sakte, blir vi presentert for bakgrunnen til kvar einskild. I løpet av berre ein dryg time greier dei fem å la oss kome under huda på dei, få innblikk i bakgrunn, sjukdom, håp og ikkje minst håpløyse, og i interaksjonen mellom dei blir dei både kvarandre sine terapeutar og problem. Gjennom eit utruleg mangefasettert persongalleri til berre å dreie seg om fem personar, og der SIT har femna både truverdige og ganske så ulike lagnadar og sjukdomshistorier, blir vi presentert for ein særs utvungen, tekstrik og naturleg dialog som lag for lag avdekkar kva for bagasje dei fem har å stri med. ”- Går det bra med deg?” er det stadig tilbakevendande spørsmålet dei stiller kvarandre, og sjølv om svaret i hovudsak er gitt, er dette likevel ikkje noko føreseieleg stykke der alt er berre svart. Sårt og vart, men også ganske smertefullt er kanskje meir dekkande.

Den vesle intimscena Knaus er sparsommeleg utstyrt scenografisk. Fire svarte boksar og fem stolar, effektiv bruk av lyssetting, og ikkje minst eit vindauge er det heile, men det er også heilt tilstrekkeleg. Vindauget er sentralt plassert, og utanfor ser vi eit fjordlandskap som tydeleg signaliserer eit ope landskap der ute i motsetnad til det innestengde rommet her inne, og der vêret utanfor skiftar dramatisk med ulik lyssetting i takt med sinnsstemningane inne. Det er enkelt, og særs verknadsfullt. Effektfull og stemningsskapande er også den nyskrivne musikken som av alle stader er innspela i ei kyrkje med særs god akustikk!

SIT skal ha ros for å ha gjort grundig research. For ein som heldigvis ikkje har detaljkunnskap om slike forhold, verkar det heile å vere temmeleg autentisk. Samstundes er alt formidla relativt lågmælt der mimikk, kroppsspråk og indikasjon er vel så viktig som den fortalde historia. Her er det verkeleg ”show them, don’t tell them”, og akkurat det er ikkje anna enn imponerande når det faktisk gjeld både manus og framføring. Det er i tillegg uvanleg god personinstruksjon. Ein ting er at skodespelarane får til ein utvungen dialog, men all den smerta eg les i andleta og kroppsspråket til aktørane, er atskillig meir enn ein kan vente frå amatørar. Både i tekstgrunnlaget, ensemblespelet og i dei individuelle prestasjonane er dette ein produksjon som kan måle seg med det meste.

 

Gamle ikkje eldst likevel?

søndag, oktober 9th, 2011

TEATER

KONDIS: Bestefaren har ikkje ork til å halde ut når barnebarnet vil leike sisten. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

Seniorskvadronen
Av: Elisabeth Sødahl, Ane T. Justvik, Stein Olav Josephsen, Ida
Arnesen og Bjørn Grimsbo
Instruktør: Ane Tresselt Justvik
Scenografi: Tori Klakegg Mæhlum
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Teltet på fengselstomta

Barneteater som er artig og oppfinnsamt, men kanskje ikkje mest for barn?

Heilt frå 1977 har UKA også sett opp barneteater, med eit unnatak i 2003 som førde til ”folkekrav” og ny produksjon i 2005. Oppsettingane har vore av vekslande kvalitet, og sjølv om eg for seks år sia fann barneteatret langt artigare enn revyen, er nok barneframsyninga ein atskillig mindre ambisiøs produksjon.

Årets framsyning er ein humoristisk vri på besteforeldregenerasjonen. Alt er ikkje som det ser ut til, og det som er tilsynelatande kjend, kan ofte vere noko heilt anna. Besteforeldra representerer fristaden for barn, men problemet er at dei ofte ikkje har kondis til å halde ut dei mange og krevjande barneleikane. Slik er det med pensjonisten Wexel som slit med å henge med når det spretne barnebarnet Erta vil leike sisten. Som nyslått pensjonist får Wexel ein sjølvhjelpsgåve frå Staten, ei gåve beståande av alle dei remedia vi forbind med stereotypiane ved å bli gamal. Gåstol, gebiss, kamferdrops og mye meir. Wexel fell fort inn i rolla si, inntil han får kontakt med to andre eldre som saman utgjer Seniorskvadronen, ei hemmeleg gruppe som ryddar opp når det trengs, og med direkte line til statsministaren. Å vere gamal er berre eit spel for galleriet, for her er det ækksjen! Inn i dette menasjeriet dukkar sjølvsagt vondskapen opp, personifisert ved ein mefistoliknande person som heiter Knokkelbrekk. Han stel krona til kongen, og det vil gjere han til eineherskar som kan truge den ålmenne orden, og sjølvsagt gjere barndomen til eit helvete. Så blir det oppgåva til Seniorskvadronen å ordne opp.

Eit leikent og dyktig, men tidvis litt overspela ensemble får fram mange artige vriar om mytane rundt det å vere gamal, og ei enkel, men særs effektfull scenografisk løysing gjer at dei mange sceneskifta går unna velsynkronisert og i rekordtempo. Men dramaturgisk har produksjonen ein del store problem. Eg er uviss på kva dette eigentleg handlar om. Eg vil tru det skal vere oppgjeret med vondskapen og Knokkelbrekk, men den historia blir berre ei lita bisak, og vegen dit lang og alt for omstendeleg. Slik blir Knokkelbrekk berre ei orsaking for å kunne lage tull og tøys om dei gamle.

Det leikne skråblikket på stereotypiane ved pensjonisttilveret er ganske intelligent, og her er mye artig. I alle fall for dei vaksne. Men eg lurer litt på kven studentane eigentleg har som målgruppe, for eg veit ikkje om ungane i like stor grad forstår harselasen med fordommane våre.

Du og eg er kvardagslivets ekspertar

tirsdag, oktober 4th, 2011

DOKUTEATER

Call Cutta in a Box
Av Rimini Protokoll
Trøndelag Teater og Teaterhuset Avant Garden

Kolkata: Eit callsenter 11 000 km unna er i røynda ein arbeidsplass,
men i fiksjonen ei scene, eller? FOTO: RIMINI PROTOKOLL

Di scene: På denne ”scena” i Trondheim spelar du sjølv
den eine hovudrolla. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Gjennom ein halvtimes telefonsamtale blir eg ikkje berre kjend med ein framand, men også litt betre kjend med meg sjølv.

Den tyske teatergruppa Rimini Protokoll har spesialisert seg på dokumentarisk teater. I beste Shakespearetradisjon der verda er ei scene og kvar ein må spele si rolle, set dei opp produksjonar der det dei kallar ”kvardagslivets ekspertar”, med andre ord du, eg og alle andre, er aktørane. Gruppa gjesta Trondheim under scenekunstfestivalen ”Bastard” i fjor, og i samband med at NTNU arrangerer India-veke i desse dagar er gruppa nå attende med ein produksjon som er både særs eksklusiv og fullstendig interaktiv. I staden for å kjøpe billett til framsyninga, må ein gjere avtale om eit møte, og i eit relativt vanleg kontorbygg midt i  Trondheim sentrum blir  publikum, eller kvar einskild deltakar/aktør ført inn på eit heilt ordinært cellekontor. Åleine i rommet ser eg meg rundt, registrerer vanleg kontorutrusting og lite som skulle tyde på  teater. (Så feil kan ein ta.) Eg ventar eit minutt eller to, og så ringer ein telefon. På tråden har eg Sandip frå eit callsenter i Kolkata (Calcutta) i India. Ettersom eg har ein avtale, veit han kven eg er, og trass i meir enn 10 000 km avstand, har han uventa stor detaljkunnskap om rommet og bygget eg er i. Så startar ein samtale som sjølv om han er triviell og kvardagsleg og i stor grad handlar om alt og inkje, likevel ofte tar ganske overraskande vendingar. Kvar ”framsyning” er sjølvsagt heilt unik ettersom dette er hundre prosent interaktivt teater. Likevel er ho forbløffande stramt regissert, for ikkje å snakke om dei kompliserte scenografiske og tekniske løysingane. Eg skal halde meg langt frå å røpe kva som skjer i løpet av den dryge halvtimen eg kommuniserer med Sandip, men det er i alle fall særs langt frå nokon vanleg samtale, og  når denne meldaren, som er ein temmeleg tilbakehalden person, midtvegs i samtalen, og ganske frivillig syng ein song for indaren i den andre enden, fortel det i alle fall meg at praten gjorde noko med meg.

Så kan ein seie at å sette opp slike telefonsamtalar mellom to framande var då ein artig gimmick, men kva så? Rimini Protokoll har nok eit heilt anna program enn å produsere gimmicks. Framsyninga skjer i ei merkeleg blanding av fiksjon og røyndom, og set lys på korleis vi reagerer på det uventa og ikkje alltid like regisserte. Tradisjonelt teater er i alt for stor grad ein einvegs kommunikasjon mellom scene og eit danna publikum, som rett nok kan le, gråte eller applaudere, men som helst ikkje skal overta spelet. Kanskje med eit heiderleg unnatak for barneteater. Rimini Protokoll slepp dette heilt laus og utforskar kva som skjer når vi, kvardagslivets ekspertar, tek over scena. I tillegg kjem det spesielle med bruken av eit indisk callsenter. Det er så langt frå eit tilfeldig val du kan kome. I ei globalisert verd der telekommunikasjon gjer at du kan arbeide kor som helst berre du er på nett, blir meir og meir arbeid outsourca til land i tredje verda. Innafor IT og kommunikasjon er India etter kvart blitt ein stormakt, og både europeiske og amerikanske selskap nyttar i stor mon indisk arbeidskraft – i India – til programmering, support, sal osb. Kven er desse folka? Kva gjer distansen med oss? Korleis er det å kommunisere med nokon du korkje ser eller kjenner, og som har ein heilt annan jobbmessig situasjon, kulturell bakgrunn og you name it? I løpet av relativt kort tid blir Sandip atskillig meir enn eit namn og ei røyst med den stundom litt vanskelege indisk-engelske aksenten. Eg veit nå korleis han ser ut, i kva for bygg han jobbar, og eg har kortet hans med adresse og telefonnummer. Kanskje eg skal sende han ein e-post?

( Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3.oktober 2011)