Archive for august, 2011

Svart hav

lørdag, august 27th, 2011

TEATER

Helg
Av Torvald Sund
Regi: Liv Hege Nylund
Scenografi og kostyme: Martin Linde
Musikk: Henning Sommerro
Med: Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren

Bildet: 
AVSTAND: Fysisk nærvær greier berre delvis å kompensere for manglande kommunikasjon. FOTO: GT NERGAARD

Om kommunikasjonens tronge kår i eit kystsamfunn på randen av enorme strukturendringar.

Trøndelag Teater opnar haustsesongen med ein urpremiere. Torvald Sund har ein mangfaldig produksjon bak seg, og har skrive både dramatikk og romanar. Mest kjend er han kanskje for oppveksthistoriene om Guten og onkel Oskar. Denne gongen går han i Bojers fotspor og skriv om ein kystfamilie frå den tida då silda forsvann. Bjørn (Hallbjørn Rønning) er notbas, truleg ein av dei beste, og ein skikkeleg hardhaus. Han nektar å tru at livsgrunnlaget er i ferd med å forsvinne, og han skal finne att silda. Heime går Margit (Wenche Strømdahl) med langt meir realisme og innsikt, og forstår at noko må gjerast. Vi er på midten av sekstitalet med konservative kystsamfunn og godt inngrodde kjønnsroller, men rett framfor enorme strukturendringar, kvinne- og ungdomsopprør. Margit gjer noko så uskuldig som å freiste å ta realskulen gjennom korrespondansekurs. Helga før ho skal levere siste brevet kjem Bjørn heim frå eit ganske mislukka fiske, og dette som skulle vere ei hyggeleg familiestund, blir i staden ei framsyning av kommunikasjonens særs skrinne kår. 

Torvald Sund er frå Råkvåg på Fosen, og slik kjenner han både kysten, kulturen, folka og historia godt. Fortellinga hans er full av tidsriktige anekdotar og tablå. Det er ei brytningstid både samfunnsmessig og på dei meir private plana, og vi blir presentert for omveltingar som heilt tydeleg var ganske brutale for dei som stod midt oppe i dei. Integrert i dette tidsbildet frå strukturendringane på sekstitalet, får vi den meir ålmenne problematikken om kor vanskeleg det er å prate saman, og spesielt om kjenslene våre. I Liv Hege Nylunds regi er dette presentert nesten som eit fortellarteater der ekteparet Bjørn og Margit er vel så mye fortellarstemmer som verkelege aktørar. Det fører sjølvsagt til at det meste blir fortald, og det blir lite att til indikasjonens kunst. Dermed blir framsyninga også ganske føreseieleg. Regivalet til Nylund har i tillegg store dramaturgiske problem. Sjølv om det blir atskillig meir dramatisk mot slutten, går det stort sett på det jamne utan spesielle høgdepunkt. Det er trist, for i teksten ligg det kimar til mange uforløyste tablå.

Hallbjørn Rønning og Wenche Strømdahl gir truverd til dette relativt typiske ekteparet, og sjølv om det tidvis er noko overspela, får dei stort sett godt fram det ganske desperate i situasjonen. Men regien gir dei ikkje nok rom til å få utvikla rollene slik dei hadde fortent. Ein særs enkel, temmeleg inkjeseiande og nesten fråverande scenografi gjer at dei to aktørane heller ikkje får det fysiske rommet spelet krev. ”Helg” er eit samarbeid mellom Trøndelag Teater, Nord-Trøndelag Teater og Teatret Vårt, og etter ein stutt speleperiode i Trondheim, skal oppsettinga på turné i både Nord Trøndelag og Møre og Romsdal.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 26. august 2011)