Archive for juni, 2011

Hjertevarmt på Munkholmen

lørdag, juni 18th, 2011

OLIVER! 
Av Lionel Bart
Omsett av Klaus Hagerup
Regi og koreografi: Ingrid Kummeneje
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Berit Haltvik With
Musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik
Produsert og framført av Teaterlaget i BUL Nidaros
Tårnet på Munkholmen, Trondheim

Bildet:
MATLAUSE: Fattigheimsbarna har ikkje mye mat på tallerkane.  FOTO: GEORG VESTERHUS

Ei oppsetting til å bli i godt humør av.

Det er 28. gongen teaterlaget i BUL, Nidaros set opp sommarteater på Munkholmen, og tredje gong at Oliver! står på plakaten. Eg har vore så heldig å ha sett nesten alle produksjonane, og uakta om spelet kan vere ujamt, blir eg alltid i godt humør av å sjå desse oppsettingane. Denne var ikkje noko unnatak i så måte, snarare tvert om. Ei hjertevarm framsyning med einskildopptrinn som kan provosere tårekanalane, og med song- og dansenummer som er forbausande godt framført.

 Charles Dickens’ historie om den foreldrelause Oliver Twist og det småkriminelle miljøet blant Londons fattigaste, er truleg så godt kjend at eg kan halde meg frå eit resymé. Lionel Barts musikalversjon er relativt tru mot Dickens, og det er altså allereie  tredje gongen BUL set han opp. Produksjonane, med dryge ti års mellomrom,  har vore ganske ulike. For eit ensemble som ikkje har all verdas stemmeprakt, og som i tillegg skal slite med tårnakustikken på Munkholmen, neppe laga for å sette opp musikalar, er det eit enormt framsteg at dei nå nyttar mygg. Det gjorde at songen denne gongen kom atskillig betre til sin rett.

Det er Ingrid Kummeneje som i år har ansvaret for både regi og koreografi. Ho er ein veteran i BUL-miljøet, men det er første sjølvstendige regioppgåva hennar for teaterlaget. Det kom ho særs godt frå. Tårnet på Munkholmen set enorme grensar for scenografi og scenisk utfalding, og eit stykke som dette, med mange scener og store opptrinn, er ikkje lett å få stappa inn i tårnet. Men ho greier det godt. Sceneskifta er mange, og vi må ha litt fantasi for å følge med, men ikkje meir enn at dette går særs bra. Og koreografien og masseopptrinna hennar er rett og slett ganske imponerande.

Ensemblet er stort og aktørane unge av alder. Men mange av dei er likevel relativt røynde skodespelarar. Robin von Bargen som spela Oliver er ganske fersk, men kjem godt frå debuten. Han framstiller ein litt naiv, stille og nesten underspela Oliver, ein som openbert ikkje høyrer til i miljøet, og som verkar særs forundra over omgjevnadane. Og så blir han nydeleg kontrastert av ein som verkeleg høyrer til, Randin Mikael Kummeneje, som spelar Luringen med enorm autoritet og minst like mye sjarm. Teaterlaget i BUL er ein stor dugnadsgjeng, men denne produksjonen var nesten som eit lite familieføretak. Mor Kummeneje med regien, og tre blad av neste generasjon på scena. Og alle tre gav oss flotte og varme soloprestasjonar. Om mye er forskjellig i dei tre oppsettingane BUL har hatt av Oliver!, er likevel eitt det same. Magnus Lie Hetland har vore med i dei alle. Denne gongen spela han herr Buldre i ei i dobbel tyding særs omfangsrik rolle.

Det er sjølvsagt ganske ulikt nivå på amatørane i BUL, og det songlege kan nokre gongar bli i svakaste laget. Med mygg blei songnumra denne gongen riktig så bra, men det gode resultatet skuldast også ein dyktig musikarkvartett og særs god lydkøyring. Og så må eg få framheve kostyma. Berit Haltvik With og Teateratelier Design har gjort ein kostymejobb som er noko av det beste eg har sett i BUL.

Dickens’ fortelling om Oliver var i si tid eit sterkt samfunnskritisk dokument. I musikalversjonen til Lionel Bart forsvinn ein del av den kritiske brodden, og i denne produksjonen er det heller ikkje så veldig mye att av den. Rett nok er det litt skummelt av og til, men i hovudsak er dette blitt ei humoristisk, hyggeleg og ganske ufarleg oppsetting.  Det er greitt nok, og for den som vil hygge seg med dei unge entusiastane i BUL, er Munkholmen staden ut denne månaden. 
Amund Grimstad